65CDB4692E0E4493B331B277966A7074

Page 1

Lars Eskeland Helge Væringsaasen Det var i Elverum ein solskinsdag tidleg på hausten 1892. Eg hadde nyleg teke til med arbeidet på lærarskulen som O. A. Eftestøl hadde reist der. Saman med nokre andre stod eg attmed Torp-steinen framfor Folkvang. Hitetter vegen til Leiret kom det ein eldre mann gåande med lette stig. Han hadde neverkont på ryggen som ein skogsarbeidar, og til skogs skulde han visst òg, etter heile bunaden å døma. Eg var ikkje forviten i vanleg meining, trur eg. Men denne mannen måtte eg sjå vel på. Stor og velvaksen var han, reint som ein hovdingskapnad, med eit sterkt reinskore andlit og ein levande blenk i dei blide augo. Det brune skjegget var ein grand gråna. Han sa nokre venlege ord til oss, med same han fór framum. «Kven er det?» spurde eg. «Det er Helge Væringsaasen», var det ein som svara. Ja so. Då var det ikkje underleg at han hadde so god ei koma. Andlitet og heile mannen feste seg med ein gong i minnet so lysande klårt. Helge Væringsaasen! Kva var det som gjorde dette namnet so vent? Det var som eit lite tonestykke. Eg gjorde ingen ting til å verta kjend med han. Men det gjekk av seg sjølv, for han hadde alltid eit venleg ord når me møttest. «Ja no synest De full’ her er kaldt», sa han ein dag det var -29° og sno frå Glomma. Jau, eg kunde ikkje anna segja. Då laut eg herda meg, sa han. Ein Elverums-sokning tala ikkje um kulde fyrr det kom ned i -40°. Og ein fekk ikkje verta sur um det vart endå meir, sa han, og smilte som dette var reint hugnadsamt å tenkja på. Han tala jamnast heller lågt, med snøgge råkande ordelag, og småstansa og kremta innimillom. Sværande morosam og alltid sermerkt i samtalen. Men det ljose godlyndet hans gjorde det so trygt ikring han. Han fór ikkje ofte med å tala for ålmenta. Men det hende då. Han tala ein gong på Kristiansfjell festning 17de mai. Eg hev aldri høyrt ein 17de-mai-tale som hev fest seg so vel i minnet mitt. Det var for kongen han vilde tala, sa han, og stansa og kremta so smått. Alle letta på øyro, for det var ingen som venta på noko slikt. Me trong sårt ein høgreist og sterk førar i striden vår, dersom me skulde vinna so stort som me ynskte og få so god ei framtid som den 17de mai hadde lova oss. Me måtte då vera glade og takksame for di me hadde ein konge til folkeførar. Unions-kongen var det vel best svenskane fekk ha åleine. Leve diktarkongen vår, leve Bjørnstjerne Bjørnson. Medan me ropte hurra, stod han ei stund og såg framfor seg som mot ei solrenning, so ljos og ven. II I dei gamle sogone våre står det at Øysterdalen låg noko avsides lenge, og utanfor folkeskikken. Det var nybygder som lov og god sed ikkje fekk tak i so fort. Det ser ut til at dette varde ved heller lenge. I seinare tider hev det vore mykje onnorleis, og i sume ting hev desse bygdene vore lenger framme enn dei fleste andre; for reinsleg husstell hev dei vore namngjetne. I folkelivet hev det vore både godt og vondt der som andre stader. Sume lyte hev vore lette å sjå, t.d. drykk og sedløysa. Mykje vondt hev det gjort at skilnaden millom rik og fatig hev vore so stor.

1


I eit stykke um Eivind Torp skreiv Sven Moren for mange år sidan ymist um Elverums-bygdene som tvillaust galdt like mykje alle storbygdene i Øysterdalen. Det var ikkje so rart med åndslivet der fyre midten av det nittande hundrad-året, segjer han. Vankunna og ulivnad treivst vel. Leiret skulde no liksom vera hovudstaden i Elverum då som no. Men det var ikkje so mykje godt som kom derifrå. Grunnsetmarknaden um vinteren og eksisen um sumaren gjorde sitt til å få folk saman. Men desse samkomone vart til vesal hjelp for all god sed. Og då det vart stor skoghandel og timberdrift i dalen og pengane fløymde so altfor flust, vart det ikkje betre. Livet då vil kasta sine skuggar langt inn i framtidi, segjer Moren. «Det var ikkje sjeldan at ein hest vart ihelkøyrd, eller at kaksen som kom frå gilde og sat og småsov i breidsleden, valt og braut av eit bein, eller at ein storbonde som kom frå byen med ei fyllt pengebok, vart påteken av myrke ukjende menn, som både kunde slå og stikka. Dei gamle store trei som stod og skygde over alle vegar, hev vore vitne til mangt eit basketak i dei stille brennkalde vinternætene.» Men det kom betre tider. Ikkje so at det vart ei ålmenn folkevakning til eit høgre liv. Men det var nokre gutar som var tidleg uppe og tidleg ute og såg etter daglysingi. Den fremste og frægaste av deim var Helge Væringsaasen. Han var ein sann øysterdøl av det gode slaget som veks seg yver mengdi, so som dei to gjæve brørne Olav Haraldsson møtte då han kom til dalen. «Øysterdalen er som øysterdølen,» skriv Garborg i Kolbotnbrev: «Me fær no sjå då.» Det er ikkje Vestlands-fjell med bråstup og himlande ville tindar. Allting er fint og rundt og stødt og godt underbygt. Det hev aldri hast, skvett aldri til med bråe tiltak eller store sprang. Men smått som det gjeng, veks landet seg stort med tidi. Ås byggjer seg upp yver ås og vord yver vord. Er det so til slutt eit godt breidt grunnlag som ser ut til å kunna stå ei stund, so kanskje tek det til å muna seg upp i høgdi. Og finn det då på å kvessa seg til tind, so vert det tindar som kjem i geografien.» Med Helge Væringsaasen kveste ætti hans seg til tind. Ho var lenge um det. Men det vart ein tind som heile folket fekk sjå. III Helge hadde gamalt øysterdalsblod i ådrane. Han er av ei bonde-ætt frå Åmot, Alme-ætti, som dei kann fylgja like uppi slutten på 1400-talet. Oldefar hans, Ole Helgesen Alme, kjøpte garden Væringsaasen i Nordskogbygda i Elverum og busette seg der i 1758. Frå han hev det kome ei sterk og vidgreint ætt, som hev vorte til stor framhjelp og æra for bygdi, ja for heile landet. Korkje han eller sonen, Helge, drog seg til nokon nemnande rikdom. Men det kom seg mest av dei låke tidene. Helge var ein framifrå dugleg mann. Han dyrka garden vel upp og tok til med skoghandel. So lyfter ætti seg upp for ålvor med sønene hans. Dei vart store skogeigarar, vidgjetne for dugleiken sin og vel vyrde. Ein av dei yngste i den store systkinflokken var Per; Peder Wæringsaasen skreiv han seg. Det synte seg snart at han åtte meir enn nokon annan av alt som sermerkte ætti: styrke og helsa, gløggskap og forretningsskyn. Han tok til med tvo tome hender å kalla. Men han vart snart ein velstandsmann. Alt då han var 30 år gamal, kjøpte han ein ven og god gard som heitte Bekk, nedmed Glomma i Leiret. Der budde han i mange år. Men i 1850 flytte han til Korsbakken noko lenger uppe. Han kjøpte mykje skog i Elverum og andre stader, og var med i store og vågsame tiltak både her i landet og i Sverike. Han vart ein av dei fremste førarane og sterkaste straumsetjarane i det økonomiske liv på heile Austlandet. Det gjekk lenge vel. Men etter gode uppgangstider kom det eit veldigt atterslag i midten av 60-åri, med den eine dundrande fallitten etter den andre. Etter sjølvsyn og sjølvrøynsla hev Jonas Lie gjeve ei meisterleg

2


skildring av alt dette i «Et Samliv». Peder Wæringsaasen var inne i hardaste straumkvervlane. Men han kunde snu seg i vanskane, som ein ovkar greider seg i verste fløytingi. Rett som han står på timberhaugen, ber det ut i stridstraumen med brak og dunder, skumskavlane velter seg yver han og tek han med seg. Det er ingi bergingsvon. Men so dukkar han upp lenger nede, og står snart på timberhaugen som fyrr. Eg skal nemna noko av det viktigaste Peder Wæringsaasen dreiv med. Han var med og reiste Aadals Bruk, eit av dei største forretningstiltaki på Austlandet, med mekanisk verkstad, spikerfabrikk, ljåsmida, støypeverk o.m. Fyrst åtte han ein fjordepart og sidan helvti av heile bruket. Saman med nokre andre kjøpte han store skogar i Løyten, Åmot, Rendalen og Våler og Åsnes. Han var stødt anten fyrstemann eller ein av fyrstemennene i samdriftsstyret. Attåt det var han rekneskapsførar i dei fire største samlagi, og rekneskapen var alltid i mynstergod skikk. Han var tillitsmann og timbermerkjar for firmaet Petterson & Co. på Moss. Samstundes med alt dette dreiv han handel med jordbruksvaror, jarnvaror o.a., og hadde stor umsetnad. Det var som alt arbeid berre var ein leik for han. Byrdi syntest aldri verta tung nok for slik ein kjemperygg. Han fór til Sverike og var med og grunnlagde Tunadals Aktiebolag; det vart snart eit av dei største svenske trelastsamlagi. Peder Wæringsaasen åtte sjuandeparten i dette hopehavet og hadde ettersyn med rekneskapen. Heime i bygdi fekk han det eine tillitsyrke etter det andre, og greidde seg like vel ifrå alt i hop. Han var yverformyndar, og han var lenge med i direksjonen for Elverum Sparebank, som han hadde vore med og grunnlagt. Han vart 75 år gamal, og døydde i 1880. I fyrstningi av 1860-åri lét han dei fleste eigedomane frå seg til Helge, sonen; han var einberning. På han høver det som Vinje syng um Storegut: Men sist av den største bylgja vert fødd frå rulling so breid og rund den brotsjø som velter med kvite foss og slær seg på sanden sund. IV Helge Væringsaasen vart fødd på Bekk 8de oktober 1836. Han fekk ei upplæring som etter måten var god, på ein privatskule som kaptein Næser hadde i Elverum. Las gjorde han mykje, serleg soga, og det var som han aldri vart trøytt av å sanka seg kunnskap. Det synte seg tidleg kva to der var i han på andre måtar òg. Alt då han var liten gut, fekk han stygg til rusdrykk. Han såg so ofte fulle folk, og det var ikkje sjeldan at ein nærskyldingen han kom drukken til Korsbakken og bar seg som ein galning. Helge totte det var syrgjeleg at folk kunde fara so ille med seg sjølv og gjera det so leidt for andre. Han tala med mori um det, og lova seg sjølv og henne at han aldri skulde smaka rusdrykk. Og den lovnaden heldt han heile livet. Kaffi drakk han heller ikkje, og ikkje bruka han tobakk. Merkeleg snart vakna han til umtanke for andre, og til godhug for folk og fedraland. Med ein gong kom han då inn i framtidsstraumen i åndslivet vårt, og fekk ein livskveik som

3


aldri slokna eller dovna, i den folkevåren som ovra seg med Henrik Wergeland, P. A. Munch, Ivar Aasen, Ole Vig, Bjørnson o.a. Han melde seg inn i Folkeupplysningslaget og las Folkevennen, som Ole Vig gav ut. Og Ivar Aasen gådde han med same han steig fram med målverki sine, ser det ut til, truleg tidlegare enn nokon annan norsk bonde, endå Helge berre var ungguten då. Me veit at han tok til å sanka ord og ordelag av bygdemålet sitt alt i 1850, og uppskriftene gav han Ivar Aasen. Dei kom då i kjennskap og venskap med einannan, og den venskapen varde livet ut. Det måtte vera underleg for Ivar Aasen å møtast med ein sovoren bondegut. For ei atterkjenning! Og for ein spådom! Væringsaasen vitja ofte Ivar Aasen, og Aasen var heime på Korsbakken òg. Ein gong han kom dertil, møtte han mor Væringsaasen uti gangen. Han spurde etter Helge, og ho bad han gå inn i stova; men det var ikkje so lett å få han til det. Ho gjekk då inn og sa til sonen at det stod ein liten pusling ut i gangen og spurde etter han. Ho hadde bede han gå inn. Men han var so brydd og bljug, at ho fekk han ikkje med seg. Helge skyna straks kva mann det var, og fekk han inn. Det var med ein uvanleg godhug og vyrdnad Væringsaasen tala um Ivar Aasen. Eit ord eller ei rettleiding av honom gøymde han på som ein stor eignalut. Og i kjærleiken sin til norsk mål og målreising var han like trufast som i alt anna. Mange av dei beste venene hans gav upp og fall ifrå. Men Væringsaasen stod like rak og veik aldri undan, ikkje eingong då Bjørnson lyfte merke for motmennene. Um han vart kjend med Vinje, veit eg ikkje. Men ein kann ikkje anna tru. Det var i minsto ei stor sorg for han då Vinje døydde og Dølen gjekk inn. Han var ihuga for å reisa eit nynorsk blad att. Professor Hannaas fortel at han og Aasen brevskiftest um det. «Men ingen visste å finna ein dugande bladstyrar. So leid det av nokre år; då skreiv Ivar Aasen at no var der komen ein mann til byen som heitte Arne Garborg. Han såg ut til å kunna verta eitkvart. Og då var det ikkje lenge fyrr dei hadde Fedraheimen. P. A. Munch vart ein god lærar for Væringsaasen. Folket vårt hadde lange og gode livsrøter, og krafti måtte koma att ein gong. Det var mykje um å gjera å halda minnet levande. Han trudde sterkt på lovnaden i det fjerde bodordet. Ein av sambygdingane hans heitte Lars Strand. Det var ein god mann, ein uvanleg mann. Han hadde vunne seg fram til stor lærdom på eigi hand, og fylgde vel med i mykje av det som ovra seg i tidi. Han og Væringsaasen vart gode vener, og dei kom i samarbeid. Då var det Væringsaasen tok til å samla inn ord av Elverums-målet, og det er ikkje utenkjeleg at det er Strand som hev størt han til det, og vist han til Ivar Aasen. Dei tvo mennene byrja sanka folkeminne og emna på ei Elverums-soga. Folket måtte læra å vyrda sine erveminne, totte dei. Dei arbeidde kvar for seg og møttest ein gong um vika til samråding. Ein som heitte Jon Koppang hjelpte og til. Men dei vann ikkje so langt som dei ynskte. Lars Strand var sjeli i dette arbeidet, og han døydde so altfor tidleg. Det var eit stort tap for heile bygdi. Væringsaasen syrgde mykje. Heile livet bar han på minnet um denne gjæve ungdomsvenen sin, og på gravi hans sette han ein bautastein. På ei vis heldt Væringsaasen fram med det arbeidet som han og Strand hadde teke til med. Han tok vare på alle gamle erveleivder som han berre kunde få tak i både frå Elverum og heile Øysterdalen, og samlingane hans voks stødt. Finne-Grønn segjer i Elverums-boki som nyleg er utkomi, at «Væringsaasen blev den første som viste bønderne hvad de besad av kulturhistorisk værdi inden og udenfor sin egen stuedør.» Dette er for mykje tilteke. Men det hev han rett i, at «han skyede ingen omkostninger for at fremme sit maal». Han verna Kristiansfjell festning og det som der var, so godt som det var gjerande, og han freda andre minnestader.

4


Det var ikkje berre gamalt frå bygdene han brydde seg um. Hugen hans var open og romleg. Styrken i gode minne kunde me ikkje vera forutan. Men me måtte ikkje forsøma å leva med i vår eigi tid, og all innestengjing var fårleg. Han var norsk so som Wergeland bad oss vera det, «norsk i malm og klang og præg og pryd, men under borgerkransen skuende fritt og vidt ut i verden». Frå ferdene sine både her i landet og i utlandet kom han heim med mangt og mykje, både gamalt og nytt, som han meinte det var rett å gøyma på, til glede og gagn for både no og seinare. Det vart til slutt eit heilt museum han hadde, eit folkemuseum fyrst og fremst. Men det vart noko meir òg. Han var sværande glad i kunst, og kjøpte både målarstykke og bilethoggarverk. Serleg sparde han aldri på pengane når han kunde hjelpa ein kunstnar som han var glad i. Soleis fekk han etter kvart ei stor og rik kunstsamling i den store Musébygningen som han sette upp på Korsbakken. Endå er ikkje det nemnt som kosta han mest både strev og pengar: boksamlingi. Han kjøpe heile boksamlingi etter professor Brandt. Ofte var han å sjå på dei store bokauksjonane både i Oslo og Kjøpenhamn, og det nytta ikkje å kappbjoda med han når det var noko han vilde ha. «Enhver der besøgte kjøbenhavnske antikvitets- og bogauktioner, hilste med et gjenkjendelsens nik hans kridhvide profethoved, naar det under auktionen kom til syne i nærheden af auktionarius,» skreiv dansk Politiken etter han var død. Um ein lærd mann i Millom-Europa som døydde for ikring 20 år sidan, stod det i bladi våre at han truleg hadde ei større boksamling enn nokon annan privatmann i Europa, ikring 50 000 band. Carl Nærup kom då med ei retting og sa at den norske bonden hadde ei boksamling på ikring 86 000 band. Denne veldige boksamlingi fekk òg rom i Musébygningen på Korsbakken. Tufti vart utskild frå garden og skyldsett for seg, og alt i hop, både hus og samlingar, vart testamentert til Elverum. Det er ein eigedom som ingi bygd i landet hev maken til. I fleire år hev dei no arbeidt med å skipa boksamlingi på ein god og tidhøveleg måte, og når det er gjort, vert ho opna for ålmenta. Nokre år heldt Væringsaasen eit par leserom med både bøker og blad opne for alle, og serleg tenkte han då på skuleungdomen. Kor beinsam han var med boklån, fortel professor Hannaas eit godt døme på: «Det var eit verk eg hadde mykje bruk for, Diplomatarium Norvegicum; men eg totte ikkje eg hadde råd til å kjøpa det. So gjekk eg til Væringsaasen og spurde um han åtte det. Nei, han hadde berre nokre av dei fyrste bandi. Nokre dagar etter møttest me utanfor Folkvang. «No er Diplomatariet på vegen hit,» sa han. Då hadde han kjøpt det, sidan han høyrde eg hadde bruk for det. Og det var ikkje mange dagane fyrr drengen hans kom køyrande med eit heilt boklass til meg. Det var Diplomatariet. Og sidan hadde eg det til låns so lenge eg var i Elverum.» V Det er ikkje råd til å likna Helge Væringsaasen saman med faren i forretningar og anna praktisk arbeid. Han var elles ikkje reint burte i slike ting. Saman med tvo systkinborn og tri verbrør og nokre andre gode menn i Elverum reiste han ei stor trelastforretning i Finnland, Hallakompaniet. Og han stjorna alt han hadde ervt etter far sin. Det gjekk godt; han styrde seg ikkje til neders, men auka midelen sin. Han vilde gjerne vera med å skapa liv og rørsla og få nyttigt arbeid i gang. Ein ting som Væringsaasen tenkte mykje på var å få ein god og rettvis skipnad for arbeidarane. Han vilde at dei skulde få ein lut av reinvinningi på drifti der det lét seg gjera, og soleis fekk han stelt det på Ådals Bruk. Arbeidarane var velnøgde; dei fekk upp til 300 kr i

5


umframfortenesta årleg. Og me kann vera visse um at eigarane heller vann enn tapte på denne skipnaden. Men dei andre styresmennene tenkte ikkje som Væringsaasen, og so gjorde dei det um inkje. Det var eit nederlag som Væringsaasen tok tungt. Han var viss um at det ikkje kunde verta ei trygg og god framtid for folket, utan me gjorde rett og skil imot alle. Han elska mennesket kvar det var, og alt ærleg yrke var like gjævt for han. Her kann det høva å fortelja ei liti soga. I fleire år hadde han ein gjætargut som heitte Nils Halvorsen og var frå ein av småplassane der i bygdi. Det var ein gild og påliteleg gut, og Væringsaasen var svært glad i han. So fekk guten hug til å fara til Amerika, og det var ikkje råd å få han avtald. Då han so fór, gav Væringsaasen han tusen kr i fire attlatne brev. Det fyrste brevet skulde han opna um bord i Amerika-båten, og det andre når dei kom til lands i Vesterheimen. Men pengane i hine brevi skulde han ikkje røra utan han vantreivst og vilde reisa heim att. Guten gav seg til i Amerika og kom seg vel fram. For nokre år sidan var han heime. Men han kom for seint til å helsa på den gjæve velgjerdsmannen sin. I 1868 fekk Væringsaasen skipa eit lag i Elverum som serleg skulde vera til hjelp for arbeidarane; Alfarheim Arbeidarsamfund heitte det. Dette laget gjorde mykje til å læra medlemene upp i sparsemd og helsesam levemåte. Dei hadde ofte gode møte i laget, og mange gjæve menn tala der: øysterdalsdiktaren N. R. Østgaard, folkelæraren Eilert Sundt, folkehøgskulemennene Herman Anker og Olaus Arvesen, Daniel Sæter og Viggo Ullmann, o.a. Med Eilert Sundt samrådde Væringsaasen seg mykje um den beste måten å skipa fatigstellet på, og um andre samfundsspursmål. VI Væringsaasen var mykje med i politikken på si vis. Men han lét seg ikkje velja til noko yrke eller umbod. Mange vilde havt han til stortingsmann. Men han visste ei god råd til å hindra det: han gjorde seg ikkje valfør. Han trådde ikkje etter slik æra, og han kjende seg sjølv so mykje, at han ikkje trudde han kunde gjera like for seg på Stortinget. Nei, han vilde berre vera med og skuva på so det gjekk rette leidi. Og skuva på og elda upp, det kunde han, anten han var midt i mengdi eller saman med førarane. Og rette leidi bar det til fridom og fullt sjølvstyre for fedralandet. På den vegen var der nokre lysande vitar som Væringsaasen elska, slike som Henrik Wergeland, Bjørnson og Johan Sverdrup. Tidlegare enn dei fleste skyna Helge Væringsaasen at det var mykje um å gjera for oss å få unionsmerket ut or flagget, so framt me skulde vinna frimanns vyrdnad og frimanns rett. Alt i 1877 tok han til å heisa reint flagg, tvo år fyrr det store flaggmøtet i Oslo, der Bjørnson og Berner tala og fekk ei kjenning av at det bles upp til storm, både mot og med. I desse strids-åri skipa Væringsaasen eit vinstrelag for Elverum, og nokre år seinare var han med og grunnlagde Norges Venstreforening (1884). Han kom med i fyrste styret; Johan Sverdrup var formann. Væringsaasen var svært glad i Sverdrup og hadde mykje umgjenge med han, og Sverdrup hadde den største tillit til Væringsaasen, og dei samrådde seg ofte. Det er hugsamt for nokon kvar å stå attmed ei storfura i stormen. Det gjev slik ro. Soleis tenkjer eg Sverdrup kjende det når Væringsaasen stor framfor han med den ljose smilen sin. Folkeføraren treng ofte meir studnad enn ein vanleg kjem på. Ein vårdag i 1880 kasta det Selmerske riksstyret tridje sanksjonsneittingi til Stortinget, i statsrådssaki. Men 9de juni svara Stortinget med å segja at saki var avgjord og vedtaket skulde gjelda for grunnlov. Imot unionskravet og høgrekravet um absolutt veto for kongen sette Stortinget full husbondsrett for det norske folket. Då fekk Væringsaasen støypt ein minnemedalje med biletet av Johan Sverdrup og namnet hans på den eine sida og på hi sida ordi «Den 7de juni 1880» med palmegreiner

6


ikring. Han gav medaljen til mange av deim som hadde vore med på dette vedtaket, i gull til Sverdrup og Steen, og i sylv til dei andre. Væringsaasen forma ein gong det norske kravet i unionsstriden soleis: «Vi ønsker fred, vil frihet og fordre selvstendighet.» Ja fred ville han. Og då Wollert Konow i Hordaland tok upp arbeidet for fred millom folki, var Væringsaasen buen til å hjelpa med same. Og i det fyrste norske freds-laget sat han saman med Konow i styret. Ein dag eg fór framum Korsbakken fyrste hausten eg var i Elverum, såg eg dei hadde heist eit flagg der som eg aldri hadde sét fyrr; reint norsk flagg med ei heller breid kvit borda ikring. Eg såg og høyrde sidan at Væringsaasen ofte brukte det flagget – fredsflagget kalla han det. Han vilde at fredsvenene i alle land skulde leggja ei sovori kvit borda um landsflagget sitt, og på den visi forkynna den allfolkelege brorskapstanken sin. Men kor fredshuga Væringsaasen var, so var han då stødt samd med Bjørnson i at «fred er ei det beste, men at man noget vil». Og Væringsaasen hadde mykje han vilde utan avslag. Når det galdt rett og æra for fedralandet, so var det ikkje mange som hadde heilare vilje enn han. Den 17de mai 1881 var ein stor dag for Noreg. Og Væringsaasen og nokre andre øysterdøler hjelpte til å gjera dagen so ugløymande som han vart. Wergelandsstatuen skulde avdukast, og Bjørnson var vald til å halda talen, som rimeleg var. Men høgrefolket i Oslo gjorde eit forfælande ståk for det, og dei som budde soleis til, at dei kunde sjå ut til statuen i Studentlunden, syntest dei måtte rulla gardinone ned den dagen, so dei kunde sleppa å sjå eit so sårande skodespel. Bjørnson hadde vore so sterkt med i den politiske striden, at han var uverdig til å tala i dette høvet. Dei gløymde at Wergeland òg hadde vore med i den politiske striden. Fedrane til desse vyrdelege sønene hadde ikkje vore gladare for det. Striden vart bitter både i bladi og manna millom. Dei heldt mest på å gløyma Wergeland i alt dette ståket. Då var det høveleg for bøndene å syna seg, meinte Helge Væringsaasen og Ole Møystad og nokre andre gjæve karar upp i Øysterdalen. Henrik Wergeland hadde kome til bøndene med all si tru og all sin kjærleik. No fekk bøndene koma til han. Og dei burde samla seg under det gamle norske kongsmerket. Ja soleis burde bøndene møtast med Henrik Wergeland ein slik dag. Den norske livsviljen frå alle tider skulde lysa yver deim når dei kom. Og mangmente måtte dei vera. Det gjekk som dei ynskte i alle måtar, ja betre enn nokon kunde drøymt um. Folk hadde samla seg i ovstor mengd, tett i tett burtigjenom Studentlunden. Det var grått i vêret, yverskya for det meste, og noko kaldhustre. Bjørnson steig fram, og lyfte åsyni som ei ørn når ho lettar seg til flukt. Folkemengdi skilde seg for eit veldigt fylgje som svinga fram til statuen, taktfast og greidt, men den store raudgule løvefana veivlande på høg stong i hendene på ein kjempekar, Ole Møystad frå Elverum. Og fremst under merket gjekk Helge Væringsaasen. Og som kom dei og kom, sterke menn og kvinnor med andlet som sa: Her er me, under gamalt norskt merke. Med same fylgjet nådde fram til statuen, skein soli fram og fuglane kvitra i trei. Det var klårt og varmt mest med same. Det glødde i Bjørnson der han stod, og den storlagde og fagre talen hans fekk ein varm glans som gjorde han til noko av det mest hugtakande som er høyrt her i landet. Hardare og hardare vart sjølvstendestriden, so han skok folket til merg og bein. Bjørnson var alltid i eldlina. Dei tala ei tid um å setja han fast, for majestets-brot. Kva hindra deim i det og endå verre ting som var i gjerdom? Bøndene.

7


Det fanst ikkje tvil um kvar dei stod. Bjørnson var òg viss um kvar bøndene var å finna. Han kjende deim. Og det store bondefylgjet som svinga inn til Wergelandsstatuen med det gamle norske merket veivlande i vêret og ljosleitte øysterdalsgubbar i fyreenden, det kunde han aldri gløyma. Kva var det han hadde sét? Framtidi for Noreg var det, trygg i trufaste hender. Tvo år leid. So skreiv han denne songen, til 17de mai 1883: Wergelands-statuen syttende maj togene hilste. Og som det siste, taktfast og langsomt, arm i arm mænnene, og kvinner med blommer, bønderne kommer, bønderne kommer. Østerdals-skogenes mægtigste høvding bar deres fane. Straks som vi ser den, over dens bloddug alle de tuseners tanker sig samle: den er vor gamle, den er vor gamle! Ænnu ej løven bar annet folks krone, ænnu ej dugen var dannebrogs-spaltet. FRÆMTIDEN så eg, den gang med fanen om Wergelands billed bønderne stilled, bønderne stilled. Mest av vort tab i de udrundne tider, mest av vor vinning og mest av vor længsel, mest av det hele: fortidens ansvar og fræmtidens ære bønderne bære, bønderne bære. Hårdt har de sonet hvad fordom blev syndet. Men de sig rejser! Nylig på tinge tog de et mans-tag, Nordlænding, Vestlænding, Oplænding, Trønder, alle de bønder, alle de bønder. Holder det vundne, fordi de vil vidre; HEL må vi have selvstændigheds-æren! Alle vi ved det: engang med blommende Wergelands-sommer bønderne kommer, bønderne kommer. Lenge stunda Væringsaasen etter at unionsstriden skulde enda slik han gjorde i 1905. Aldri hev vel noko bod floge snøggare utyver landet enn tidendi um 7de juni-vedtaket. 15 minuttar etter Stortinget hadde sagt sitt ord, fór flagget til topps hjå Væringsaasen; alle visste straks grunnen, og gleda var stor i Elverum som andre stader. Gubben på Korsbakken hadde venta og lengta og vona frå time til time, skynar me.

8


Då heile folket skulde segja ja eller nei til unionsløysingi, gjekk dei i stort høgtidsfylgje under reint flagg til røysteromet i Elverum, og Væringsaasen var fyregangsmann. Då røysta han òg. Det var fyrste gongen. Det var fredsflagget sitt han hadde heist 7de juni, og fred vona han på. Men då det tok til å sjå ymist ut, melde gubben seg til grensevakt. Han var sakte 69 år. Men det er ingen alder for ein øysterdøl som ferdast i skogen, og ledig og frisk var han. Og kor det no var eller ikkje: heime fekk ingen han til å sitja når fedralandet var i fåre. Med rifla i hand og neverkonten på rygg traska han burte på Terningmoen og øvde seg dag etter dag i lang tid. Som vel var, slapp den gamle fredsvenen å gå i krig. Um hausten gløymde dei fleste vinstremenn at dei i grunnen hadde vore republikanarar. Helge Væringsaasen gløymde det ikkje. VII Yver åren i daglegstova sette Væringsaasen dette verset støypt i malm: Fred og fagnad i bjarte eld lyser i stogu den myrke kveld. Bjart lyste elden og fred og fagnad var der i heimen hans. Endå han lika å ferdast, var han heimkjær all sin dag. Kona hans var av god Elverums-ætt. Berthe Rogstad var gjentenamnet hennar. Ho var greid og hjelpsam og god å koma til for alle, og ei gjæv og vyrdeleg husmor. Og borni unte vel i heimen. Det var ofte gjester på Korsbakken, både innbedne og sjølvbedne. Serleg hadde diktarar og kunstnarar ein unestad der. Sume var det smått for i pengevegen. Væringsaasen var ein god hjelpesmann for mang ein fatig idealist. På ei arbeidsframsyning i Elverum såg han ein gong eit utskore fuglebilete som han lika so godt. Han fekk vita at det var ein liten gut frå Sørskogbygda som hadde laga det. På timen fekk han tak i guten og baud han hjelp til å læra noko meir. Han vart ein god teiknar. Det var Hans Uthuslien. Best kjend er han vel for det fyrste gode bilete me hev av Ivar Aasen. Det var Væringsaasen som fekk han til å laga det, skynar ein. Ein av dei beste venene til Væringsaasen var Bjørnson. Det var ikkje alltid samde; men venskapen heldt kor som er. Væringsaasen var då òg ein av marskalkane i likferdi til Bjørnson, og Arvesen var den andre. Bjørnson var ikkje so sjeldan gjest på Korsbakken. Som alle veit, vilde han gjerne råda der han var, og lika ikkje nokor motsegn. På Korsbakken totte han dei åt for tidleg til middags. «Vi spiser alltid kl. seks på Aulestad,» sa han ein dag dei skulde til bords. «Ja her på Korsbakken held vi alltid middag klokka to,» sa Væringsaasen. Og til bords bar det. Brynjulv og Knut Bergslien var der ofte, serleg Knut. Han stellte mykje med gamle målarstykke, og måla nye òg. Han arbeidde noko med astronomi, til tidtrøyt, og Væringsaasen bygde eit lite observatorium åt han. Per Sivle var ein kjær gjest på Korsbakken. Væringsaasen var so glad i skaldskapen hans, og i Per sjølv òg. Nordhue heiter ei høgd med vid utsyn, 2 mil frå Leiret. Der står ein eldgamal varde. Ofte såg ein Væringsaasen på veg dertil med neverkonten på ryggen. Det var han som åtte Nordhue, og han hadde bygt seg hus ikkje langt ifrå varden. Ein gong var Per Sivle med han der uppe. Dei gjekk burt til varden og sette seg.

9


«Ja her må du ha høveleg emne til eit dikt,» sa Væringsaasen. So gjekk han, og lét Per Sitja att. Det livna i skalden, og «Varde» vart til, eit av dei største kvedi hans, eit av dei som seint eller aldri vil døy. Stundom vart Væringsaasen verande på Nordhue fleire dagar. Då kunde det ofte henda at han vilde ha eit bod heim um eit eller anna. Han hjelpte seg i so fall med eit slag optisk telegraf av store blanke blekkplator som han snudde og vende på ymis vis i solskinet. Dei kunde sjå glimtingi heim til Korsbakken, og der visste dei korleis desse løyndarteikni skulde tydast so det vart til ord og meining. Væringsaasen var årvak og ikkje kveldsvæv, so dagen vart lang for han. Han ferdast i skog og på bø, i fjøs og stall, og såg vel etter at alt som tilsyn trong, både hus og gard, både folk og fe. Ikkje alltid var han lett å finna for deim som skulde ha tak i han. Til rettleiding for kjenningane sine hadde han so sett ei mælestong utanfor døri. Var han til stades på garden, stod ho på vinstre sida av døri; var han ikkje heime, men ein stad ut i bygdi, stod ho på høgre sida; var han lenger av, men likevel i fylket, stod ho eit lite stykke frå døri. Men var han på langferd, stod ho lenger burt i tunet. Han fegnast når det grodde og voks ikring han, og hadde alltid eitkvart som han gjerne vilde setja i verk. Svært glad var han i å byggja, og han sette upp mange hus, altfor mange, totte sume; han vilde ha deim etter sitt eige hovud, og var ikkje alltid so heppen. Tunet på Korsbakken prydde han vent. Der sette han upp eit par verk i bronse av Torvaldsen, «Merkur» og «Gjætarguten», og sidan bystor av faren og sonen. VIII Då Væringsaasen kom noko upp i åri, laut han taka mot den eine tunge støyten etter den andre, og fekk mykje sorg å bera. Peer, einaste son hans, døydde i 1891, berre 11½ år gamal. Alle som kjende han, totte han var eit framifrå mannsemne, ven, godhjarta og gåverik. Det var eit tungt slag for alle i heimen, ikkje minst for faren. Han fekk Skeibrok til å laga ei broncebysta av sonen og sette henne i hagen, attmed hovudbygningen, og på sokkelen fekk han innrita noko av eit brev som Bjørnson sende då han fekk tidendi um at Peer var død: «Han så ut til å være like vel utrustet med intelligens som med karakter; der var så stort æmne i ham efter åsyn og skikkelse og væsen å dømme, at jeg sjeldan har set maken.» Attmed denne bysta sette Helge ei av far sin. Det var Brynjulv Bergslien som laga henne. Båe bystone er reint portrett-like, segjer folk, og gode kunstverk. I 1907 døydde dotteri Astrid av tæring, 30 år gamal. Det kom reint uventande; for ho var stødt so frisk å sjå til. I 1908 døydde kona ifrå han. Ho vart 68 år gamal. Tvo døtter hadde han att. Men dei var gifte, den eine i Oslo, den andre med godseigar Svenkerud i Elverum. Det hadde vorte tungsamt og stussleg på Korsbakken. Einsleg sat gubben att med alle sine minne. Dei freda han um på alle viser. Men det var so tungt å sjå frametter. Han tottest vera som eit avkvista tre. IX Men det dugde ikkje å stura og sitja gjerandslaus. Han fekk tenkja på framtidi like vel, og freista gjera ein grand for ungdomen: hjelpa han til å verta glad i noko som var verdt å vera glad i.

10


Fyrst og fremst galdt det um å få upp ein god folkehøgskule for Austlandsbygdene. Og so vilde han gjerne læra ungdomen å æra menn som folket burde minnast med takk. Difor sette han Torp-steinen og Strand-steinen. Og difor sette han Sivle-steinen på Nordhue. Det var sumaren 1908 han reiste denne steinen, og han vilde ha avdukingshøgtidi olsokleite, so Olavsminnet kunde auka glansen. Han fekk so Austmannalaget til å ha stemna på Nordhue og vera med i høgtidi. Det vart stort lærarskeid i Elverum nett då, og derifrå var dei mannjamt med. Det var sundag 26de juli. Til talar valde han ein av dei unge venene sine som han hadde best tru til og størst von um, Trysil-diktaren Sven Moren. Det samlast 1500 mann på Nordhue den dagen. Det var fint vêr, og utsynet frå varden var storfelt – utyver Elverum og Soløyr i sør, og vestover til Mjøsa og Heidmarksbygdene, med Skreyafjelli langt bak; austyver til Trysil-fjelli og andre grensefjell, og nordyver Øysterdalen til Tronfjell. I ein sterk og varm tale minte Moren um kva Sivle hadde vore og stødt måtte vera for Noreg. Heretter skulde den gamle varden heita Sivle-varden, sa han. Væringsaasen vilde det so. Det var ein ven stein. På den eine sida stod: Kva er det som bilar? Jau no maa de ut; for Varden lyser på Høgenut. Og gjev det aldri må verta sagt at landet ligg utan vardevakt. Og logar kje varden paa tind og nut, han logar i hjarta hjaa Noregs gut. Ja brenn du varde, du signade klaare, bjartare, høgre fyrr kvart eit aaret. Og på hi sida: Austlendingar samla her til Sivle-stemna sette Per Sivle dette minnet 26de juli 1908. Professor Hægstad tala um norsk målreising, og Matias Skard um Heilag Olav. Adjunkt Holter takka Væringsaasen for steinen og tilstellingi. Det vart ein minnerik dag. X

11


Det er nemnt fyrr at Væringsaasen ferdast ikkje so lite. Det var aldri berre moroferder. Alltid var det noko han vilde. Sume tider var det gode menn han vilde finna og rådføra seg med um eit eller anna. Stundom galdt det forretningar, og ofte var det lærdom og hugstyrkjing han søkte. Endå han var so rik, vilde han gjerne reisa billeg. Han vilde ikkje øyda pengar til fånyttes; for det var alltid råd til å få bruk for deim til det som godt var. Og so vilde han gjelda for det han var: ein norsk bonde. Det spurde han ein gong i Stockholm, på eit hotell: «Er inte herre godsegare?» Jau, det var sume som kalla han det òg. Men han vilde helst heita bonde, sa han. I Danmark hadde han mange gode vener. Han var ofte hjå Ludvig Schrøder i Askov og andre høgskulemenn. Alt i ungdomen var han i England, og sidan ferdast han i dei fleste europeiske land. I sitt eige land var han vel kjend. Og kvar han fór, tenkte han på kva som kunde gjerast til hjelp for deim som kjem etter oss. «Vestlandet kann verta dubbelt so rikt og ti gonger so fagert, berre de reiser skogen uppatt», sa han til ein ungdom derifrå. «De som unge er må gjera det.» Han fegnast for det arbeidet Bondeungdomslaget gjorde i Oslo, og var ofte saman med ungdomen der. Han lika seg aldri betre enn når han fekk vera millom gladvær norsklynd bondeungdom. Eit av dei siste åri han levde, høgtida han 17de mai i Oslo. Han var med frå dei kransa Bjørnson-gravi tidleg um morgonen og til Bondeungdomslaget slutta si samkoma kl. 2 um natti. Rett som det var, såg ein han inne på Kaffistova med ein tallerk graut framfor seg. Han brukte ein rein spartansk levemåte. Kjøt åt han sjeldan eller aldri. Han var mest alle sine dagar rein vegetar, ikkje av religiøse grunnar, men for di han kjende det var best for seg. Han hadde vore heller veikhelsa i ungdomen, so han hadde lote lært å vera var um seg. Då han hadde mist kona i 1908, vart han noko uroleg og svevnlaus, og han kjende at han vann ikkje sitja åleine på Korsbakken når vinteren stunda til. Og so tok han ut på ferd til Austerland. «Eg vil til Egypt å læra sova», sa han til ein av venene sine i Elverum. Men det som han lengta etter, var å sjå dei heilage stadene der Frelsaren hadde ferdast. Han baud professor Hannaas med seg, og det som eg fortel um denne ferdi, hev eg etter han (jolenummere av For Bygd og By 1914). Dei fór til Konstantinopel, so til Syria, og yver Libanon til Jerusalem. Derifrå fór dei til Egypt, og so til Hellas og Italia. Påskehelgi 1909 var dei i Rom. Den staute norske bonden med det gode lysande andlitet vart åtgådd alle stader. I Belgrad tok ei liti gjenta han for Sankt Klaus, jole-engelen. Han var ikkje redd å ferdast åleine i dei store byane eller andre stader, endå han ikkje kunde noko framandt mål. Og det var reint utruleg so mykje han fekk greida på av alle slag. I Aten gjekk han åleine ein heil dag, so dei vart ottefulle for han til slutt. Men seint um kvelden stod han smilande i matsalen, og hadde då mykje å fortelja både um folkelivet og um kunstverki han hadde sét. Si djupaste trøyst fann han i kristendomen. Til kvardags synte han det ikkje so vel fram. Men han var ikkje mindre ålvorleg for det. Hannaas fortel noko frå Palestina som eg vil taka med heilt: «Det var i Betlehem, i den eldgamle kyrkja som er bygd yver stallen der Jesus vart fødd. Me hadde fyrst gjenge saman frå rom til rom. So kom me ifrå einannan. Då eg hadde gjenge soleis lenge, tottest eg endeleg vera ferdig med kyrkja. Eg var alt komen til utgangen. Men det var noko som drog meg attende. Endå ein gong måtte eg ganga ned dei troppestigi til det vesle krubberomet, endå ein gong måtte eg skoda sylvstjerna og lesa innskrifti: Hic de virgine Maria Jesus Christus natus est. (Her er Jesus Kristus fødd av Maria

12


møy.) Men då eg kom i troppi, stana eg, og drog meg stilt attende. Der låg Væringsaasen på kne framfor krubbesengi». Ein av venene hans i Elverum hev fortalt meg at han kom inn til Væringsaasen straks etter han var heimkomen frå jorsalferdi. Han sat radt åleine i det store romet. På lange hjellar var det upphengt ei mengd papir. Det var arkivet hans, som hadde lege i kjellaren medan han var burte; no skulde det upp i ljos og luft. På bordet låg preikeboki til J. Jansen uppslegi. Væringsaasen tok so til å fortelja um ferdi si og viste fram bilete og ymist anna som han hadde heim med seg, m.a. ein stol som var innlagd med perlemor i sæte og rygg. «Han er gjord i Jerusalem, og radt billeg er han ikkje,» sa Væringsaasen. So kom han med tvo fulle vassflaskor. «Det er vatn frå Jordan. Eg kom på det kunde vera gildt å ha, når ein etterkomar skal døypast,» sa han. XI Det var truleg Ole Vig som vekte kjærleiken til folkehøgskulen hjå Væringsaasen, med Folkevennen. Og so kom han å kalla i næmaste grannelaget til den fyrste folkehøgskulen i landet, då Anker og Arvesen reiste Sagatun. Han og dei vart vel kjende og gode vener, og han fekk dei til å tala i Elverum, i Arbeidarsamfundet, som fyrr er nemnt. Men han vilde gjerne ha ein folkehøgskule i bygdi. Sumaren 1872 reiste han til Danmark og samrådde seg med Grundtvig um ungdomsskulane. Den gamle kjempa var då heller veik, og døydde ikkje so lenge etter. Men då Væringsaasen fortalde at det gjekk vel med folkehøgskulen i Noreg, då ljosna det rukkute andlitet hans av ein god smil. Væringsaasen bar fram folkehøgskuletanken sin i Arbeidarsamfundet, og der størde dei til. Då var Eivind Torp komen til Elverum, ein lærar frå Løyten. Det var ein god skulemann, og ein gjæv kar. Væringsaasen fekk straks tillit til Torp, og fekk so han til å reisa ein ungdomsskule i bygdi, attåt ein barneskule. Torp fekk tvillaust full fridom til å skipa skulen so som han best skyna og makta, og Væringsaasen studde uppunder med midel. Det vart ein god skule. Elevane lærde mykje, og Torp gav deim ein sterk framstøyt til god vokster. Men brått stod skulen utan styrar ein dag i 1890. Torp døydde uventa i Oslo. Han var då stortingsmann. So måtte dei sjå seg um etter ein ny mann. Væringsaasen fann han snart. Nett den sumaren var det ein lærar som gjorde seg namngjeten med eit foredrag på ei norderlendsk lærarstemna i Kjøpenhamn. Det var O. A. Eftestøl. Han fekk då romet etter Torp. Tvo år seinare tok Eftestøl til med ein lærarskule, og arbeidde han upp med stor dugleik. Men det var ikkje greidt å halda ungdomsskulen uppe samstundes, so vart det slutt med den. Men folkehøgskulen som Væringsaasen hadde drøymt um og arbeidt for, vart det då i grunnen aldri noko av, ikkje heilt ut. Dette kunde han ikkje leggja ned. Han vilde bruka noko av rikdomen sin til bate for folket, og rett som det var, tala han um dette med nokre av dei yngre venene sine, Sven Moren, Magnus Hamlander og Olav Torp. Det var fyrst og fremst ein folkehøgskule han tenkte på. For 10–12 år sidan fekk eg ein dag ei helsing frå han som eg totte var meir enn merkeleg. Han spurde um eg kunde vitna for retten – um det vart naudsynt – at han var fullt vitug og normal, etter mitt kjennskap til han. Grunnen til at han sende meg ei slik helsing, skyna eg ikkje med same. Eg totte berre det var forunderleg sårt. Med ein gong sende eg sjølvsagt helsing tilbake, at det vitnemålet var det vandelaust å gjeva med heilom. Seinare fekk eg vita grunnen til denne spurnaden. Det var ein mann frå Ringsaker som hadde

13


testamentert um lag ein halv million kronor til heimbygdi si. Men det vart rettssak um testamentet, og avgjerdi hans vart gjord ugild: dei sa at han hadde ikkje sitt fulle vit. Denne hendingi hadde nok teke Væringsaasen hardt. Enn um det skulde gå soleis med han òg? Frampå fyresumaren 1917 skreiv han til meg og fortalde at han gjerne vilde reisa sin folkehøgskule for Austlandet i Elverum. Han bad meg koma og setja dette i verk for seg og styra skulen. Sjølv vilde han stå for heile kostnaden. Brevet kom reint uventa. Ikkje visste eg um at han etla seg til noko slikt då, og aller minst kunde eg drøyma um at han vilde visa meg so stor ei tillit. Alt i hop tok meg sterkt. Og kva skulde eg gjera? Det var mest ikkje råd å segja nei til noko slikt. Men vanskeleg var det å svara ja òg. På Voss hadde det vore eit slit som var meir enn tungt, både for kona mi og meg. Det vilde vera ei stor lisa å få det lettare. Men det var heller ikkje so beint å reisa frå arbeidet der då, av mange grunnar. Soleis såg me det båe. Og soleis måtte eg då svara. Eg lova elles å gjeva all den hjelp eg på nokon måte kunde. So bad Væringsaasen Sven Moren og meg til seg. Det var noko han vilde samråda seg med oss um. Lektor Olav Torp og bladstyrar Magnus Hamlander skulde vera med. Me møttest på Korsbakken 26de juli. Heile dagen vart me verande der, og eg er viss um at kvar ein av oss vil segja det same: det er ein av dei merkelegaste dagane i heile vårt liv. Væringsaasen var som uppyngd, mest som forklåra; det lyste av han. Glad var han, og skjemtefull og morosam. Og han var so venleg og kjærleg. Ein og annan gongen vart han so still, og såg ut for seg i drøymande langsyn. Um det som hende vil eg berre nemna at han gav ein million kronor til det norske folket, og sette Sven Moren og meg til å styra pengane og velja ettermennene våre i styret. Me bad han setja inn ein tridjemann som riket kunde velja, og soleis vart det. Me sa oss uføre til å skriva gåvebrevet, og bad han senda bod etter ein jurist. Det vilde han ikkje. «De lyt greida det,» sa han. Og so gjorde me det so godt me skyna. Sjølv forma han fråsegni um kva gåva skulde brukast til: «Et hovedformål for pengenes anvendelse skal være oprettelse av en folkehøiskole for Østlandet, liggende i Elverum. Elles skal pengene brukes til nasjonale, sociale, kulturelle og andre ideelle formål.» Fondet skulde heita Peer Væringsaasens Nasjonalfond, etter faren og sonen. Han ottast at Sparebanken vilde gjera vanskar, og vart svært velnøgd då alt gjekk lett og greidt i lås. Då eg var uppe og bad vel fara med han, sa han at eg måtte snart koma att. «Ja for eg vil gjeva meir,» sa han. «Eg vil gjeva til eit Ivar Aasens fond.» Dessverre vart ikkje det noko av. Men viljen og meiningi hans var det. XII Det var som han seig saman straks han hadde skipa alt til rettes med Nasjonalfondet. Han fekk då sjå at heile folket fegnast for gåva hans. Det gjekk ei vikes tid; so vart han noko klen. Han måtte til sengs, og låg 14 dagar. Torsdag 23de august slokna han fredeleg. I alle Norderlandi skreiv bladi vent um han, og her i landet var dei samde um at han hadde vore ein god son for Noreg, ein som aldri bør verta gløymd. Med stor høgtid vart so Helge Væringsaasen gravlagd tysdag 28de august. Han hadde bede um at det ingen minnetale måtte vera; men han vilde gjerne det skulde lyda eit kristeleg vitnemål. Presten Erichsen tala då ut frå ordet: «Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus». Frå Lars Eskeland: Bønder. Olaf Norlis forlag, Oslo 1925. Side 34–75. Prenta med løyve frå Marta Eskeland Tufte.

14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.