festspela.no #festspela
1
Helsing frå ministeren Gratulerer med 25-årsjubileet!
Gaute Øvereng (foto: Aasen-tunet, Sigbjørn Denton Mork)
Velkomen til Festspela Tabua finst framleis i vår tid, men på andre område enn tidlegare. Med Tabu som tema ønsker vi å sette lys på det usagte og korleis ein kan nærme seg dei unemnelege sanningane. Vi har invitert forfattarar som skriv om det vi ikkje snakkar om og fagpersonar som kan utdjupe kva tabua gjer med oss i dag.
dersgrupper. Utøvarar frå seks til 60+ vil vise fram mangfaldet i den nynorske skriftkulturen på 16 ulike arenaer i Volda og Ørsta. Språket står i sentrum og opplevingane i kø, frå nærkontakt med litteraturen, samtalar til ettertanke og musikk og kunstnarlege opplevingar som løfter deg ut av kvardagen.
Vi er stolte over å kunne presentere eit festspelprogram som går både i breidda og i djupna, med noko for alle al-
Festspeldiktar Lars Mæhle har ein imponerande produksjon og har vore ein fryd å samarbeide med i planlegginga av
Utgivar: Nynorsk kultursentrum Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no festspela.no aasentunet.no
Redaksjonen: Kjerstin Gjengedal Monika Haanes Waagan Gaute Øvereng Produksjon: Thomas Lewe design
Vel møtt! Gaute Øvereng
Fylkesordførar Jon Aasen (foto: MR Fylke)
Det er igjen klart for Dei nynorske festspela. Som alltid er det eit rikhaldig og variert program. Det vert kunst, konsertar, litteratur og foredrag. I tillegg vert det som vanleg framsyningar for born og unge. Slik vert det også i år gode kulturopplevingar for
Utgangspunktet i 1990 kunne ha skapt avstand og motvilje. I staden har festivalen kombinert stødig og profesjonell drift med entusiastiske frivillige og gjester som seier dei vil kome att – og gjer det. Meir enn noko anna fortel det kvifor Dei nynorske festspela så vitalt rundar 25 år. Takk for jobben og gratulerer med jubileet!
Linda Hofstad Helleland kulturminister
alle. Temaet i år er Tabu. Det kan vere eit vanskeleg og sensitivt tema. Det som er tabu, skal helst ikkje omtalast. Festspela er difor modige når dei i år vel dette som tema og ser på korleis det både kan halde oss tilbake og provosere oss. Temaet er svært aktuelt. Sjølv om
vi lever i ei liberal tid, vert våre oppfatningar utfordra dagleg på kva som er rett og gale. Eg ynskjer dykk lukke til med eit spennande program! Jon Aasen fylkesordførar Møre og Romsdal
Velkomne til Ørsta og Volda! Det er ei stor glede for ordførarane i Volda og Ørsta å ønskje alle velkomne til kommu-
nane våre i samband med Dei nynorske festspela. Vi er heldige som lever i opne og trygge
lokalsamfunn, men også her er det framleis ting det er vanskeleg å snakke om. Festspela tek opp fleire viktige saker med årets tema, Tabu, og vi trur det vil opne for mange gode diskusjonar både på scenene og mellom festspelpublikummet.
Trykk: Sunnmørsposten/ Polaris Trykk Ålesund Opplag 28 000, av dette 22 000 som innstikk i Sunnmørsposten 15. juni og 5000 som innstikk i Møre-Nytt 24. juni Stein Aam (foto: Charlotte K. Kvistad) og Jørgen Amdam (foto: Volda kommune)
2
Festivalar er blitt til frå mange slags utgangspunkt. Å skape ein festival ut frå eit sterkt ønske om å endre sitt eige nærmiljø er av det meir dristige slaget. Samstundes var arbeidet i gang for å utvikle det som blei Ivar Aasen-tunet frå 2000. Med dette som si eiga hovudscene har Nynorsk kultursentrum stilt seg undrande til mangt og gitt sine svar på mykje. Kunsten og slike kulturinstitusjonar gjer det lettare å forstå kva tabu handlar om.
Linda C. Hofstad Helleland (foto: Thomas Haugersveen)
Helsing frå fylkesordføraren
Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Laila Walseth Lid
årets festspelprogram. Årets program ber også tydeleg preg av at det er ein barne- og ungdomsbokforfattar som er festspeldiktar. 25 år etter at dei første Festspela blei sparka i gang av engasjerte voldingar og ørstingar, er dei som representerer framtida viktigare enn nokon gong.
Dei nynorske festspela tok til ved at eit tabu blei brote. I eit foredrag hausten 1990 tok seinare professor Arne Apelseth til orde for å arrangere ein nynorskfestival i Ørsta og Volda. Vi må lufte ut den språklege og kulturelle husmannsånda på Sunnmøre, sa han. Eit år etter var han sjølv med i den festspelnemnda som skulle lage program til Nynorsk Festspelveke 1992.
Dei nynorske festspela 2017
Vi ønskjer frivillige, arrangørar, artistar og publikum hjarteleg velkomne til Dei nynorske festspela 2017!
Stein Aam ordførar Ørsta kommune Jørgen Amdam ordførar Volda kommune
Stein Torleif Bjella (foto: Signe Fuglesteg Luksengard), Ingunn Thon (foto: Pernille Blåfjell Walvik), Per Magnus Finnanger Sandsmark (foto: Jo Straube)
Opning med statsråd og etterretningssjef I år blir Dei nynorske festspela høgtideleg opna av den einaste nynorskbrukaren i regjeringa. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er den første statsråden som kjem frå Volda. No tek han turen tilbake for å halde opningstalen på Dei nynorske festspela. – Frå første dag som landbruks- og matminister sette Dale ein språkleg standard for bruk av nynorsk i departementet. Nettopp Landbruks- og matdepar-
tementet har over tid vore blant dei betre i bruk av nynorsk, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. På opningshøgtida tidleg torsdag kveld møter publikum årets festspeldiktar, Lars Mæhle, for første gong. Teksten han skal lese, er det ingen som har høyrt før. Det blir også opplesing av debutant Ingunn Thon. Mange kjenner henne alt som dokkespelar på NRK Super. No har ho skrive bok om Ollis som får familielivet snudd oppned når kjærasten til mamma flyttar
inn, og ho får ein liten bror. Det fører Ollis inn i ei spennande jakt etter far sin, som ho ikkje har sett sidan ho var lita. Eit fast innslag på opningshøgtida er utdelinga av prisen Årets nynorskbrukar. I år går den til sjefen for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde. Han får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet.» Musikar og songdiktar Stein Torleif Bjella vil
framføre ein song under opningshøgtida. Han held konsert i Uteamfiet seinare same kveld. Det heile blir leidd av redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Allkunne. Torsdag 29. juni 18.00–19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 200 / student, ungdom 150
Jon Georg Dale (foto: Torbjørn Tandberg)
3
Utforskar i alle retningar – Eg er nok blitt ein meir samfunnsengasjert forfattar enn eg trudde eg kom til å bli, seier Lars Mæhle.
Noko må skje
Bøkene hans har dessutan utvikla seg på andre måtar. Kapitla er blitt fleire. Avsnitta kortare. Det kjem av at kamFestspeldiktaren sit med kaffi- pen om merksemda til lesarakoppen på ærverdige Stortor- ne hardnar til. vets Gjæstgiveri i Oslo sentrum, – Eg merkar at lesarar som han har valt fordi det skal blir lettare distraherte enn vere ein uhipp stad, med lågt før. Same kva ein skriv, er det støynivå på dagtid. Han legg til: viktig å halde på interessa hos – Eg trudde eg kom til å skri- lesaren. Er lesarane vaksne, ve om psykologi og relasjonar kan det som held på interessa, vere språkleg eller intellektuell mellom menneske. kvalitet. Hos yngre lesarar må Rasisme og klimaendringar det helst skje noko. Og rett skal vere rett, det gjer Han merkar det på seg han. Men samstundes hand- sjølv òg: Det er så mykje enlar bøkene hans om tema klare å gripe etter mobilen, som psykiatri, rasisme, korleis som gir stimuli der og då. Ei samfunnet behandla taterane, bok krev meir innsats. Les ein og klimaendringar. – Eg tyk- meldingar av bøkene hans, er kjer eg må skrive om det som «spennande» eit ord som går er viktig. Elles er det jo ingen att, og det er ikkje tilfeldig. – Eg tykkjer mange opevits, seier han. Sidan debutboka i 2002, rerer med eit kunstig skilje Keeperen til Tunisia, som sei- mellom kunstlitteratur og nare vart filmatisert under spenningslitteratur. Etter mi tittelen Keeper’n til Liverpool, meining er det absolutt moghar Mæhle skrive så man- leg å skrive kunstnarleg interge bøker at det nesten er eit essant spenningslitteratur. Eg under at han ikkje er blitt veit jo ikkje alltid om eg skriv festspeldiktar før no. – Kor spennande nok, men ein lærer lenge har du tenkt at no må nokre triks etter kvart. det snart vere min tur? Han ler. – Det har eg faktisk ik- Mæhle er ein forfattar som kje tenkt på. Eg samarbeidde sjekkar inn hos målgruppa med Aasen-tunet om eit bar- med jamne mellomrom. Då neteaterstykke nyleg. I det et- han tok til å skrive bøkene terpåkloke lyset kan jo det ha om detektivane Leon og Live vore ein test frå deira side. og dei uforklarlege tinga som Teaterframsyninga, «Luri- skjer i Kråkeslottet barnehavar og det hemmelege skrinet», ge, prøvde han ut tekstane i som òg blir å sjå under Fest- barnehagen som ungane hans spela, er eitt av mange ekspe- hadde gått i. Han les dessutan riment han har gitt seg i kast mykje for borna sine på ni og med gjennom åra. Variasjon elleve. Dermed ser han kva er kanskje det fremste kjenne- som fenger dei og ikkje. merket til festspeldiktaren av året. Akkurat då ein fekk put- Sunndal som bakteppe ta han trygt i barnebok-båsen, Barnehagekrimserien er elles kom fantasyromanen Landet skriven på bokmål. Mæhle under isen. Den vart det sto- nyttar begge språka, men re gjennombrotet. Så følgde byrja forfattarlivet som bokei samling kjærleiksnoveller målsforfattar. Og som refusert for vaksne. Og krim. Så tea- forfattar. ter, inkludert songtekstar. Til – Eg skreiv sju–åtte mahausten kjem han med ei lett- nus på bokmål, som vart refules-bok, basert på ei sann histo- serte. Så bytta eg til nynorsk og rie om den gongen han trudde kom gjennom med ein gong. han berga katten til den ferie- Det var noko som klikka på rande naboen frå å svelte i hel, plass. Eg trur rett og slett eg men i staden kidnappa ein vilt skriv betre på nynorsk enn på framand katt. – Eg får av og til bokmål, seier han. høyre at eg burde velje noko og Nynorsken har han med seg frå oppveksten på Sunnreindyrke det, seier han. – Det ligg ikkje for meg. dalsøra. Der har han òg plasDet spennande ved å skrive, er sert fleire av forteljingane sine. å kunne utforske. Han tykkjer det er vanskeleg
4
Dei nynorske festspela 2017
å skrive truverdig om Oslo. I Sunndal, derimot, kjenner han reaksjonsmønstera til folk. – Dessutan er eg fascinert av staden. Ein arbeidarstad med éi hjørnesteinsbedrift, som mange stader på Vestlandet. Men også eit komplekst samfunn med ingeniørar, lærarar og mange moglege konfliktar. Ein kraftkommune med mykje pengar, svømmehall, god fotballbane og sterk kultursatsing. Men også eit ganske røft miljø der det har vore mykje mobbing. Det var lett å kjenne seg innanfor, men òg lett å kjenne seg utanfor. Om det finst ein raud tråd i den varierte forfattarskapen, må det vere nettopp utanforskap, meiner han. – Nesten alt eg skriv, handlar på eitt eller anna nivå om folk som kjenner seg utanfor. Det trur eg alle kan kjenne seg att i, same kor populær ein er, og så er det jo også alltid nokre som heilt objektivt er meir utanfor enn andre. Slitsamt å vere ung
For to år sidan kom han med ungdomsromanen Bouvetøya 2052, ein dystopi der Noreg er blitt ein totalitær stat i klørne på oljenæringa, og verda er heilt forandra som følge av
klimaendringane. Bouvetøya i Sør-Atlanteren er blitt kalla den mest avsides øya i verda, og er under norsk suverenitet. I boka blir fem ungdommar
som byrjar å skrive fordi dei er innovervende og treng ein kanal å uttrykke seg gjennom. I byrjinga såg han ikkje for seg at han ein dag skulle trivast
Festspeldiktarar 2010-16 2010 Rønnaug Kleiva 2011 Bjørn Sortland 2012 Arne Moslåtten 2013 Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård Botheim og Sigrid Sørumgård Botheim 2014 Agnes Ravatn 2015 Gunnhild Øyehaug 2016 Ruth Lillegraven
sende dit i ein konkurranse på liv og død. Når han er rundt på skular og snakkar om boka, merkar han at ungdommane generelt ikkje er veldig engasjerte i klimaendringane. – Det varierer sjølvsagt. Men dei er ein del av det psykiateren Finn Skårderud kallar prestasjons- og presentasjonssamfunnet. Dei bruker så mykje energi på å sjå innover i seg sjølve, på å vere opptekne av korleis dei framstår. Det er ikkje ei skulding frå mi side. Eg sympatiserer med dei. Det gjer jo vondt å måtte vere så oppteken av det, peikar han på. Sjølv tilhøyrde han lenge den kategorien forfattarar
med å snakke i forsamlingar. Det har endra seg, etter ei lang rekke skulebesøk og foredrag. Heldigvis, kan ein seie, for programmet under Festspela gir ikkje mykje rom for å trekke seg tilbake. – Å vere festspeldiktar er eit artig oppdrag fordi eg får gjere ting som er litt annleis. Som å finne på ein festivalrett. Og skrive tekst til festspelkruset. Går det skeis med bøkene, kan eg kanskje livnære meg som krus-skribent! Av Kjerstin Gjengedal
Her møter du festspeldiktaren Torsdag 29. juni 18.00 – 19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Rett etter Opningshøgtida går vi samla ut til Ivar Aasen-bautaen Gamletunet, Ivar Aasen-tunet. Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Fredag 30. juni 09.00 – 09.45 Volda stadion Knoterud FK møter Volda 14.00 – 14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktaren 19.30 – 20.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Jag är Supermann Laurdag 1. juli 15.00 – 15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Den stille flokken 17.00 – 17.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B for barndom Søndag 2. juli 16.00 – 17.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2017 Takk til festspeldiktaren
Festspeldiktaren har stått for manus, tekstar og bøker til desse arrangementa: Kven drap presten i Valle? Volda bygdetun, torsdag, fredag, laurdag, søndag 12.00–15.00 Lurivar og det hemmelege skrinet Salen, Ivar Aasen-tunet, laurdag Tonen i kvardagen Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet, fredag Festsprell: På Barneboktua Høgetua ved Ivar Aasen-tunet, søndag
Lars Mæhle →→Fødd 6. januar 1971 på Sunndalsøra i Møre og Romsdal, bur i Oslo. →→Studerte litteraturvitskap og religionshistorie ved Universitetet i Oslo, har arbeidd som forlagsredaktør i Gyldendal og er no forfattar på heiltid. →→Debuterte i 2002 med boka Keeperen til Tunisia. →→Har skrive ei rekkje barnebøker, mellom anna seriar om fotballklubben Knoterud FK, om detektivane Siri og Max, og bøkene om Harry og Ivar. →→Skriv også romanar og noveller for ungdom og vaksne, og har skrive tre krimbøker om psykologen Ina Grieg. →→Har fått ei rekke prisar, mellom anna Uprisen, Fabelprisen og Kulturdepartementets litteraturpris, alle for fantasyromanen Landet under isen. →→Fleire av forteljingane hans hentar inspirasjon frå heimstaden Sunndalsøra. →→Er festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2017
Lars Mæhle (foto: Kjerstin Gjengedal)
5
Songar for heile familien Fredag tonar dei nyaste nynorske barnesongane i Uteamfiet i Aasen-tunet, sunge av unge talent frå kulturskulane på Søre Sunnmøre. Tonen i kvardagen er tittelen på familiekonserten i Uteamfiet fredag. Den opplevinga er eit kulturelt fellesløft. Festspeldiktar Lars Mæhle er blitt utfordra til å skrive eit knippe heilt nye songar til konserten. Sju nye songtekstar blei det, og dei har fått sine melodiar av komponisten og jazzsongaren Beate Lech. Mæhle fortel at det å få høyre resultatet på scena, er noko av det han gler seg aller mest til under Festspela. – Mange trur det er enkelt å skrive songtekstar, men då
skulle dei prøve sjølv!, seier han. Mæhle fortel at oppdraget har vore veldig artig, og veldig vanskeleg. – Rytmen må vere rett, med eit visst tal taktslag på kvar verseline. Eg måtte bygge opp eit rytmesystem og prøve tusen forskjellige tekstvariantar for å få det til å stemme, seier han. Songane blir framførte av elevar frå lokale kulturskular: Tira Mathilde Hole Grimstad, Hareid, Christine Grace Moltu, Herøy, Andrine Strandbø og Marikken Knotten, Sande, Madelen Rimstad, Vanylven, Ilja Elisabeth Bech, Volda, Dagny Sofie Giljarhus Linge, Ulstein og Linnea Masdal, Ørsta, og musikalsk leiar er Karin
Eckhoff Holsvik frå Vanylven. Ho er pianist, og nokon såg henne kanskje bak pianoet på Julemorgen på NRK sist julaftan. På scena i Aasen-tunet har ho med seg eit lokalt band. Publikum får også høyre andre kjende og mindre kjende nye nynorske barnesongar, og kanskje blir det sjanse til å synge med her og der. Det heile blir leia av forfattaren Maria Parr.
av tradisjonelle songar som dei nytta. Her som elles i landet brukte dei ofte tekstar av Ivar Aasen, fortel Hovland.
– Desse songane er noko som er mitt eige, som høyrer heime her. Eg meiner det speglar ein av Aasens grunnleggande verdiar: At din eigen arv er god nok, peikar han på.
Fredag 30. juni 18.00–19.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Tonen i kvardagen. Familiekonsert Kr 200 / barn, student, ungdom 100
Karin Eckhoff Holsvik (foto: FotoNor)
Frå Midtausten til Ørsta Festspela blir avslutta med Tabu og tuba, eit samarbeidsprosjekt mellom Aasen-tunet og jazztubaist Daniel Herskedal. Han har nyleg kome med plata The Roc, inspirert av musikalske tradisjonar han er blitt kjend med på reiser i Palestina, Syria og Libanon. Herskedal har med seg eit lite band, og musikken blir framført attåt opplesing av sensurerte tekstar frå Midtausten. Det blir ei festspelavslutning
både til avveksling og ettertanke. Jazztubaisten Daniel Herskedal utmerker seg på den europeiske jazzscena med sitt varme, melodiske og kraftfulle tubaspel. Adjektiv som «mirakuløst» og «magisk» sit laust, og på konsertane sine gir han publikum heilt nye idear om kva lyd som faktisk kan bu i ein tuba. Med seg på scena har han Eyolf Dale på piano og Ken-
neth Ekornes på trommer. Stemnetalaren i år er redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten. Relling Berg har sett sitt preg på Sunnmørsposten gjennom fleire tiår, og i 2007 blei ho den første kvinnelege sjefsredaktøren i avisa. Under Aasen-stemnet viser Øystein Hovland fram ein heilt spesiell lokal musikkarv. – I gammal bryllaupstradisjon hadde kjøkemeistrane ved bryllaupsfestar eit repertoar
Hanna Relling Berg (pressefoto), Øystein Hovland (foto: Anna Gjendem), Daniel Herskedal (foto: Knut Bry)
6
Dei nynorske festspela 2017
Morfar hans, Peder P. I. Vatne, kunne ein del slike songar frå Vatne i Åmdalen, der han vaks opp. – Han var ikkje kjøkemeister, men hadde lett for å lære melodiar. Før han døydde, gav han dei vidare til meg, seier Hovland. I Uteamfiet framfører han to tradisjonelle bryllaupssongar med tekstar av Aasen.
Søndag 2. juli 16.00–17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2017 Kr 200 / honnør 150 / ungdom, barn 100
Bjellas sorgmuntre univers I år er det Stein Torleif Bjella som held første utekonserten med si heilt spesielle blanding av komikk og tragedie, framført på rotekte hallingdialekt. Visesongar og songdiktar Stein Torleif Bjella har alt laga fire album. Det har vist seg at nasjonen har eit stort, umetta behov for god-melankolske songar om vanlege folk som strir med vanlege problem og ikkje har så lett for å snakke om dei. Bjella er frå Ål i Hallingdal og tok meldarane med storm alt med det første al-
bumet med køntri-inspirert viserock på dialekt. Han fekk Edvard-prisen for tekstane på det førre albumet, Heim for å døy, og i 2015 blei han jamvel heidra med «Pris for god offentleg målbruk» av Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Bjella meiner sjølv at nynorsken er ideell for hallingar, for då kan dei skrive som dei snakkar.
ver å finne ut av kjærleiken og livet elles, men som blir hindra på ulike vis. Det er så mange gode historier i Bjella sine tekstar at Det Norske Teatret tidlegare i år laga ei musikkteaterframsyning basert på persongalleriet frå songane hans.
Torsdag 29. juni 21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Stein Torleif Bjella Kr 350 i amfiet / 325 / ungdom 250 / barn 200
Då Bjella sist gjesta Festspela, i 2012, hadde han nettopp gitt ut plata Vonde visu. Den nye plata hans, som I songane sine får Bjella fram kom i fjor haust, har tittelen eit heilt særmerkt univers, Gode liv. Kva det inneber, befolka av rollefigurar som kan du høyre i Uteamfiet nokon kvar har møtt ein el- torsdag. ler annan gong, dei som prø-
Stein Torleif Bjella (foto: Signe Fuglesteg Luksengard)
7
La deg gli inn i Daniel Kvammens såre, oppstemte åttitalspop.
Laurdag 1. juli 21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Daniel Kvammen Kr 350 i Uteamfiet / 325 / student, ungdom 250 / barn 150
Daniel Kvammen slo igjennom med eit brak for to år sidan. Då kunne ein knapt skru på radioen utan å høyre singelen Du fortenar ein som meg. I år kom han med sitt andre album, Vektlaus, ei samling fengande popsongar med tekstar om kjærleik og det å miste nokon.
Laurdagskveld med Daniel Kvammen
Kvammen syng på Geilo-dialekt og vart i starten samanlikna med andre visekunstnarar frå Hallingdal, spesielt Stein Torleif Bjella frå Ål. Raskt viste Kvammen at han har sitt eige uttrykk og er meir poprockar enn visesongar. Dialektbruken hans er medviten nok til at han opererer under namnet Yung Språkteigen på Twitter. Å synge på norsk var likevel ikkje eit val han har teke, men noko som utvikla seg over tid, ifølge han sjølv. – Eg er glad for å vere med i ei rørsle som fremjar dialektar. Eg er blitt meir medviten om at eg spelar ei rolle i språkdebatten når songane mine blir lagt merke til, sa han til Dagsavisen då han gav ut dei første singlane sine. Vektlaus er inspirert av dansemusikk frå 1980- og 90-talet med vekt på spenninga mellom melankoli og energi og har fått strålande kritikkar. Dermed ligg alt til rette for ei stor musikalsk oppleving i Uteamfiet denne laurdagen.
Daniel Kvammen (foto: Ingrid Pop)
8
Dei nynorske festspela 2017
Landro møter festspeldiktaren Han liker stramme rammer og tydelege målgrupper. Fredag fortel festspeldiktar Lars Mæhle om skrivinga si i samtale med Jan H. Landro. – Når ein forfattar har ein så allsidig produksjon bak seg som Mæhle, gjeld det å få fram breidda, seier tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende, Jan H. Landro. Like sidan 2003 har han hatt programposten «Litteratur med Landro» på Dei nynorske festspela. I år blir utfordringa å velje, for Mæhle har skrive alt frå barnebokseriar til noveller og vaksenkrim. Arbeidsmetoden hans er at han alltid har ulike prosjekt på gang så han ikkje skal gå tom. – Eg tek ofte til med å setje rammer for meg sjølv. Då eg
skreiv novellesamlinga Korea, bestemte eg at eg ville ha sju noveller, der den sjuande skulle vere like lang som dei seks andre til saman. Rammer driv assosiasjonar og opnar for fantasien, fortel han. For nokre veker sidan sat Landro heime og fråtsa i Mæhle-bøker. – Det er ein forfattarskap som eg gler meg både til å dykke ned i og snakke om, seier Landro. Han stiller aldri til slike samtalar utan å ha lese alt. Fredag 30. juni 14.00–14.45 Salen, Aasen-tunet Litteratur med Landro Festspeldiktaren Lars Mæhle i samtale med Jan H. Landro Kr 150 / honnør 100 / student, ungdom 70
Lars Mæhle (foto: Kjerstin Gjengedal) og Jan Landro (foto: Jan M. Lillebø)
Kaffi, skjemt og alvor Ingen festspel utan den faste programposten Kaffi, bokstaveleg talt. I år spenner opplesingane frå djupt alvor til uhøgtidleg skjemt. Hanna har rømt frå tukthuset i Christiania. No kjem ho til ein avsides gard på Finnskogen der det viser seg at dei treng hjelp i huset. Det dei tre karane som bur på garden ikkje veit, er at Hanna er av reisande slekt. Etter som tida går, får Hanna og yngste son i huset eit godt auge til kvarandre, men fordommar, frykt og sjalusi trugar med å kome i vegen for kjærleiken deira. Finne ly er forfattar og historikar Aina Basso sin andre roman der taterane si historie dannar bakteppet. Forteljinga om Hanna er dikta, men Basso har gått grundig til verks med studiar i dei historiske kjeldene og skapt ei forteljing der alt som skjer, kunne ha skjedd. Fredag les ho frå Finne ly på Fru Svendsen i
Krigen frå kjøkenvindauget
Ørsta. På same tid les forfattar og journalist Anders Totland frå den nyaste boka si i kantina hos Furene AS i Volda. Boka heiter Så lenge ingen ser oss. – Den første boka mi, Engel i snøen, handla om sjukdom og død. Denne gongen er temaet overgrep i nære relasjonar. Det passar godt med festspeltemaet Tabu, meiner Totland. Han tykkjer det er spennande å utfordre seg sjølv som forfattar til å skrive om vanskelege tema. – Sjølv lever eg eit veldig problemfritt liv. Som journalist kjem eg i snakk med mange som ikkje har det like godt, og eg tykkjer det er viktig å oppsøke dei vanskelege områda, seier han. Fredag les forfattar og tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg frå den nye boka si, Parlamenturisme, på Det Grøne Treet i Volda. Boka inne-
Historia om krigen er ikkje ferdig fortalt, meiner forfattar og journalist Ingunn Røyset. Røyset er aktuell med si tredje bok med handling frå andre verdskrigen i Noreg. Dei to første var romanar og handla om ei jente som reiser frå dagens Noreg og tilbake til den tida då hennar eiga mormor var lita.
Ingunn Røyset (foto: privat)
Den nyaste boka, Brevet frå krigen, bygger på ei verkeleg historie. Det er ei skildring av kvardagslivet til Jorun Emilie Holm under den tyske okkupasjonen. Ho var 12 år og budde i Oslo då krigen braut ut. Alle dei tre bøkene tek utgangspunkt i krigskvardagen til barn og unge.
held historier frå komitéreiser og andre utflukter som folkevalde har teke til eksotiske reisemål, langt vekk frå vrange veljarar og slitsame journalistar. I følge forlaget er alt i boka autentisk, om enn noko utbrodert, og anonymiseringa lagt på eit absolutt minimum. Fredag 30. juni 12.00–12.30 Kantina, Furene AS, Volda Kaffi, bokstaveleg talt. Forfattar Anders Totland Gratis 12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt. Forfattar Aina Basso Kr 70 / ungdom 50 Laurdag 1. juli 14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt. Stortingshumor med Hallgrim Berg. Kr 70
Fredag les og fortel Røyset om boka, først på Volda omsorgssenter, seinare på BakkOla-marka i Ørsta. Det blir ei lesestund i kåseriform, med vekt på tilbakeblikk og gjenkjenning. – Ved å leve oss inn i det som skjedde i Noreg for lenge sidan, kan vi lære noko om korleis det er å leve i krig i dag, seier Røyset. Fredag 30. juni 11.00–11.45 Volda omsorgssenter 13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta Brevet frå krigen Gratis
9
Når kulturen blir tabu
Lenge vart taterar i Noreg utsette for systematiske overgrep i statleg regi. I Salen laurdag ettermiddag samtalar forfattarane Lars Mæhle og Aina Basso om denne vonde delen av historia. Den stille flokken er tittelen på den nyaste krimromanen til festspeldiktaren Lars Mæhle. Boka kom ut i vår, og delar av handlinga er lagt til Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre. Der blei norske taterfamiliar internerte for å lære seg «den bufaste kulturen», som styresmaktene kalla det, med trugsmål om at borna ville bli tekne frå dei om dei ikkje var lydige. – Svanviken låg ikkje langt frå Sunndal der eg voks opp, og var i drift fram til 1989. Likevel hadde eg inga aning om kva som skjedde der, fortel Mæhle. Aina Basso er utdanna historikar. Ho har brukt taterane si historie som grunnlag for to romanar, Fange 59. Taterpige og Finne Ly. Begge handlar om konfliktar som oppstår i møte mellom kulturen til «dei reisande» og fastbuande nordmenn. Samtaleleiar er folkloristen og forfattaren Thor Gotaas. Han har studert og mellom anna skrive fleire bøker om taterar og «loffarar», og om korleis haldningane til dei har endra seg over tid. Laurdag 1. juli 15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Den stille flokken Kr 150 / honnør 100 / student, ungdom 70
Aina Basso (foto: Tove K. Breistein, Samlaget)
10
Dei nynorske festspela 2017
Jørgen Norheim (foto: Linda Cartridge)
I Stalins skugge I den nyaste romanen sin tek Jørgen Norheim for seg tabu-prega samanhengar mellom politikk og familiehistorie. I fjor kom forfattaren og historikaren Jørgen Norheim med boka Aldri redd for mørkets makt. Det er ei sterk og klokt skriven historie om korleis stalinismen kasta skuggar over ein norsk familie gjennom fleire slektsledd. Hovudpersonen reiser til Russland for å leite etter bestefaren, som var kommunist og forsvann der i mellomkrigstida. I Salen fortel Norheim om boka i samtale med kritikar og redaktør Sindre Hovdenakk. – Det er interessant å sjå kva som er lov å snakke om i ein familie, når politikken påverkar familiehistoria på den måten vi ser her, seier Hovdenakk.
Norheim har nytta mange historiske detaljar i forteljinga. Bestefaren til hovudpersonen er ingeniør og melder seg til å bygge det sovjetiske idealsamfunnet, men forsvinn til slutt i ein Gulag-leir. – Både i Russland og i mange miljø er det tabu knytt til den offisielle historieframstillinga av desse store, sovjetiske byggeprosjekta. Sovjetsamveldet ville ikkje innrømme at dei nytta tvangsarbeid, og mange av arbeidarane, også ingeniørar, forsvann på same måten som i boka, seier Hovdenakk. Laurdag 1. juli 18.00–18.45 Salen, Aasen-tunet Gamle tabu, nye romansider Kr 150 / honnør 100 / student, ungdom 70
Jan Olav Fretland (foto: Samlaget)
Alternativ språkhistorie Kva språk ville vi hatt i Noreg dersom arbeidet til Ivar Aasen hadde falle på steingrunn? – Det kunne jo ha gått heilt gale. Det manglar ikkje på språkreformatorar som aldri oppnådde noko som helst, seier dosent Jan Olav Fretland ved Høgskulen på Vestlandet. I år er det han som held det prestisjetunge Ivar Aasen-minneforedraget. Han vil prøve å sette Aasens arbeid i eit historisk perspektiv, iblanda litt alternativ historiespe-
kulering og sideblikk mot utlandet. – Det andre ytterpunktet er at det kunne gått som i Finland, der det dialektbaserte skriftspråket blei fleirtalsspråk, medan finlandssvensk blir brukt av eit mindretal, tilsvarande nynorsk hos oss. Noko anna er korleis det faktisk har gått. Der spriker meiningane. Somme hevdar at fleire hadde brukt nynorsk viss ein hadde lagt meir vekt på eit normert nynorsk tale-
mål i staden for at dialektane er det munnlege uttrykket for nynorsk. Andre meiner det er for mykje ulyst og tvang knytt til det å bruke nynorsk, og at alt ville gått betre med større språkleg valfridom. – I foredraget vil eg gi mi eiga vurdering av dagens situasjon. Til sist ser eg litt på framtida. Peikar alle piler berre nedover? spør Fretland og røper at det meiner han ikkje. – Det skjer faktisk ein del spennande på nynorskområdet i dag. Eg kjem til å bruke døme både frå Noreg og frå andre land i Europa. Fredag 30. juni 10.00–10.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: Korleis kunne det ha gått? Kr 120 / ungdom 70
Dagboka som fristad
Øystein Hide (foto: Siri Flatlandsmo, Avisa Hordaland)
Både Ivar Aasen og Olav H. Hauge skreiv dagbok frå dei var i tenåra. Kva for tabu-prega tema kan lesarane finne der? – Når Ivar Aasen skreiv noko han ville halde skjult for andre, skreiv han på engelsk, fortel doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda, Øystein Hide. Han forskar på den nynorske dagboktradisjonen, konkretisert ved dagbøkene
til Aasen, Hauge og Arne Garborg. Tabu har også ei anna tyding i denne samanhengen. – Hauge var oppvaksen med tanken på at det å publisere var noko nær eit tabu. Når ein publiserer, kjem kritikarane, og dei drep skapartrongen, frykta han. I starten skreiv difor Hauge mykje dagbok, og lite annan sakprosa.
Laurdag 1. juli 14.00–14.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Tabu i den nynorske dagboktradisjonen Kr 120 / student, ungdom 70
11
Romanfigurar vi gjerne skulle kjent
Sverre Tusvik (foto: Tove K. Breistein) og Jan H. Landro (foto: Jan M. Lillebø)
Kven er favorittfiguren din i norsk skjønnlitteratur? Laurdag kan du høyre om interessante, men dessverre oppdikta personlegdomar på Møre folkehøgskule. Litteraturvitar og tidlegare kulturredaktør i Bergens Ti-
dende, Jan H. Landro, har lenge vore fast deltakar på Festspela med forfattarsamtalane sine. I år er Landro invitert til å snakke om si eiga bok som kjem i august, ei samling portrett av meir enn 80 rollefigurar i norsk skjønnlitteratur. – I boka finst rollefigurar
frå heile den nynorske litterære gullrekka, seier Landro. – Ein av mine desiderte favorittar er Tusten i Vesaas’ Fuglane, medan ein annan sterk karakter er bonden Enok Hove i boka Fred av Arne Garborg. Hove strir med religiøse grubleri og tek til slutt livet sitt.
Meistermøte om barnelitteratur Korleis skrive godt for barn og unge? Lars Mæhle og Maria Parr samtalar om fallgruvene og dei gode skrivegrepa i Salen laurdag ettermiddag. Festspeldiktar Lars Mæhle skriv for alle aldersgrupper,
men har nok gjort mest av seg som barne- og ungdomsbokforfattar. Han snakkar ofte om kva forfattarar kan gjere for å skrive spennande bøker. – Emnet og historia må engasjere, seier han. Bøkene til Mæhle er
svært ulike, men mange av dei handlar om folk som kjenner seg utanfor. Det er noko ein forfattar kan gjere mykje med, fortel han. – Når nokon kjenner seg framand i verda, er det lett for lesaren å heie på dei. Då kan
Marit Kaldhol (foto: Øyvind Eide), Lars Mæhle (foto: Tove K. Breistein) og Maria Parr (foto: Agnete Brun)
12
Dei nynorske festspela 2017
Dette gjorde også Garborgs far då sonen var 19 år. Det er ikkje berre hovudpersonar som vert portretterte i boka. – Av og til viser bipersonen seg som ein mykje viktigare rollefigur enn hovudpersonen. Til dømes trur eg knapt nokon hugsar hovudpersonen i Nordeg tilfredsstille lesaren ved å la personen få det betre, eller eg kan gjere det motsette og la noko forferdeleg skje, peikar han på. Maria Parr har skrive bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, som begge er blitt svært populære. Ho meiner det er viktig at barn kan kjenne seg att i det dei les. – Derfor er det eit stort poeng at vi skal halde oss med ein rik og mangslungen litteratur for barn og unge, som speglar dei ulike erfaringane dei har, seier ho. – Mange har sine sterkaste lesaropplevin-
ahl Griegs Ung må verden ennu være. Der har eg valt meg ut bipersonen Kira Dimitrovna, ein raudglødande kommunist og ein mykje meir interessant person, seier Landro. Sjølv om han har hatt fleire mannlege enn kvinnelege forfattarar å velje frå, har han sikta mot ein representativ kjønnsbalanse når han har valt rollefigurar. – Det har vore morosamt å oppdage at forfattarar som eg hugsar blei mishandla i norsktimane på gymnaset, faktisk har mykje å by på, seier han. På Møre folkehøgskule samtalar Landro med tidlegare sjefredaktør Sverre Tusvik i Samlaget. Laurdag 1. juli 11.00–11.45 Møre folkehøgskule Frå Nora til Tora Kr 150 / student, ungdom 100
gar i unge år, så barn fortener gode bøker. Samtaleleiar er Marit Kaldhol, sjølv aktuell med ungdomsboka Z for sorry. Kaldhol skriv både poesi og prosa for barn og unge og har fått fleire prisar for bøkene sine. Laurdag 1. juli 17.00–17.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B for barndom Kr 150 / honnør 100 / student, ungdom 70
Å vere vaksen er så mangt. Ein samtale om å ta ansvar for samliv og barn blir balansert med tekstar av «pønkens gudmor» på nynorsk.
Å navigere i vaksenlivet Journalisten Anne Gunn Hal vorsen er ikkje den einaste som har ønskt seg ei brukar�rettleiing for livet. Til forskjell frå dei fleste gjorde ho noko med det. Halvorsen sette av eit år til å finne svara ho var ute etter, og resultatet blei boka Livet og korleis leve det, som kom ut tidlegare i år. – Eg såg at eg hadde skaffa meg ansvar for mykje som eg kunne lite om, seier ho. Ho trur at mange kjenner det på same måten, spesielt i hennar eiga aldersgruppe, 30-40-åringane. – Brått oppdagar du at du har mykje å miste, og då blir
du redd, særleg om du ikkje er van med å miste noko, som er situasjonen for mange i Noreg. Eg høyrde ein gong medisinprofessoren Ingvard Wilhelmsen seie at det er vanleg at folk utviklar helseangst når dei får barn. Då blir det brått svært viktig ikkje å døy. I Salen fredag samtalar Halvorsen om boka med journalist Heidi Fagna. Etter samtalen blir scena teken over av «pønkens gudmor» Patti Smith, eller rettare sagt av orda hennar. Artisten og songskrivaren Kari Harneshaug har bak seg fleire plater med eigen musikk, men har også
fordjupa seg i tekstane til Patti Smith. Saman med gitarist Karl Gøsta Klaseie har ho laga nye tolkingar av Smith sine songar på nynorsk. Tekstane er omsette av Agnes Ravatn, Ragnar Hovland og Brit Bildøen. Bildøen har også omsett to bøker av Smith til nynorsk, og vil lese smakebitar frå livet hennar denne ettermiddagen. Fredag 30. juni 16.30–17.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Livet og korleis leve det Kr 200 / honnør 150 / student, ungdom 100
Kari Harneshaug (foto: Christina Undrum Andersen)
13
Ny bok frå Maria Parr!
Tilbake til KnertMathilde Ein av godbitane i festspelprogrammet blir servert laurdag. Då får publikum høyre Maria Parr med den nye boka hennar, Keeperen og havet, som kjem ut på seinsommaren. Det er ei storhending som mange har sett fram til. Sjølv ville forfattaren bruke den tida ho trong for å bli klar til å skrive meir frå universet ho skapte i debutboka Vaffelhjarte. Keeperen og havet er ei bok
Maria Parr (foto: Agnete Brun)
om at ting forandrar seg, og korleis ein kan hanskast med det. – Den nye boka er ei annleis og sjølvstendig bok om dei same folka, fortel Parr. Etter at ho skreiv Vaffelhjarte, har andre vore med på å utvide universet hennar gjennom tv-serien med same namn, musikk og teaterstykke. – Alle desse uttrykka har gjort verda i boka rikare for meg òg, og dei syng med når eg skriv,
fortel ho. I Keeperen og havet er hovudpersonane blitt nokre år eldre enn første gongen Maria Parr dikta dei inn i verda. Arrangementet på Ørsta folkebibliotek høver difor best for barn i alderen 8–12 år. Laurdag 1. juli 11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek Festsprell: Keeperen og havet Kr 50
Lurivar og biletbøkene Kva har kunstmålaren i det hemmelege skrinet som han passar så godt på? Det er tunkatten Lurivar veldig nyfiken på, og han pønskar ut ein lur plan for å få tak i skrinet. Kva som er oppi, får alle greie på når musikkteaterstykket Lu-
rivar og det hemmelege skrinet blir spelt på scena i Salen laurdag. Kunstmålaren er veldig glad i illustrasjonane i dei biletbøkene som Lurivar har med seg. Ikkje berre det, han kan lage nye illustrasjonar òg, så lett som berre det. Saman
Lurivar og kunstmålaren (foto: Humberset FOTO)
14
Dei nynorske festspela 2017
med borna leikar Lurivar og kunstmålaren med ord, bilete og musikk om einannan. Festspeldiktar Lars Mæhle har skrive forteljinga om Lurivar og kunstmålaren. Han har også skrive songane i framsyninga, og songaren
og komponisten Beate Lech frå Volda har laga musikken. Det er skodespelar og songar Lykke Kristine Moen som spelar Lurivar. Kunstmålaren blir spelt av Vegar Hoel, som både er skodespelar og biletkunstnar.
Laurdag 1. juli 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Lurivar og det hemmelege skrinet Kr 70 / F 200
Knoteruds siste sjanse
Kven drap presten i Valle (Foto: Norsk Folkemuseum, Haakon Harriss)
Finn mordaren! Det er ein morgon i 1579, midt i den urolege reformasjonstida. I Valle i Setesdal døyr soknepresten utanfor kyrkja. Kven står bak? I Volda bygdetun kan du vere med på å løyse gåta, laga av festspeldiktar Lars Mæhle. Her må små og store detektivar leite opp spor rundt om på museet. Spora leier fram til motivet for prestedrapet, våpenet som blei brukt, og ikkje minst den skuldige – om du greier å pusle alt rett saman. Lars Mæhle har laga mange krimgåter for detektivar i alle aldrar. Han har skrive om mystiske hendingar i Kråkeslottet barnehage, om krimteamet Siri og Max for barn i barneskulealder, og førebels tre vaksenkrimbøker med psykologen Ina Grieg i hovud-
rolla. Soga om prestedrapet er basert på ei sann historie. Krim-mysteriet om presten i Valle blir sett opp kvar dag under Festspela, i samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum. Torsdag 29. juni 12.00–15.00 Fredag 30. juni 12.00–15.00 Laurdag 1. juli 12.00–15.00 Søndag 2. juli 12.00–15.00 Volda bygdetun Kven drap presten i Valle? Kr 70 / familie 200
Knoterud FK gutar 9 år er det dårlegaste laget i Østfold, ligg sist på tabellen og har aldri vunne ein kamp. Men er det ein grunn til å gi opp? Nei! Her er det berre å sjå fram mot neste kamp. Festspeldiktar Lars Mæhle har skrive ni bøker om Knoterud FK og deira kamp for tilværet. Bøkene følger dei gjennom ein sesong, full av nederlag, men òg eventyr og moro. – Det skulle kome ti bøker i serien, og eg tenkte verkeleg at Knoterud FK skulle få vinne ein kamp i bok nummer ti. Men dessverre vart det stogg etter berre ni bøker, forklarer Mæhle. Derfor har Knoterud enno ikkje vunne. Det kan derimot endre seg fredag morgon. Etter at Lars Mæhle har lese og fortalt om Knoterud, blir det arrangert fotballkamp for deltakarane på fotballfritidsordninga til VTI Fotball. Når Volda møter Knoterud FK, får vi sjå kven som stikk av med sigeren, utan kampfiksing. Fredag 30. juni 09.00–09.45 Volda stadion Festsprell: Knoterud FK møter Volda Gratis
Harry og Ivar på Barneboktua
Harry og Ivar, bokomslag
Du kjenner kanskje Harry og Ivar? Dei er to sære typar i sin beste alder, og dei bur i eit gammalt tømmerhus i utkanten av byen i lag med hunden Kåre Albert. Ivar er still og snill, medan Harry er nokså bråkete og ikkje alltid like lur, men så blir det heller aldri kjedeleg der han er. Det er festspeldiktar Lars Mæhle som har skrive bøkene om Harry og Ivar og dei utru-
lege påfunna deira, og Per Dybvig har laga illustrasjonane. Bøkene passar for barn frå om lag fem år, og søndag blir det høgtlesing om Harry og Ivar på Høgetua ved Aasen-tunet. Søndag 2. juli 13.00–13.30 Høgetua ved Ivar Aasen-tunet Festsprell: På Barneboktua Gratis
Ragne Grande (pressefoto)
Den triste Kakerlakken Den vesle Kakerlakken er lykkeleg når det er sommar. Men så kjem hausten, sola blir borte og tomheita kjem smygande og stel glede og farge. Då blir Kakerlakken redd – redd for å blø og redd for å døy, men på same tid redd for å leve. Det er animatør og illustratør Martine Grande, som bur i Volda, som har laga boka om Kakerlakken. Ho har sjølv sagt at depresjon og triste tankar hos barn er eitt av dei siste tabua i samfunnet vårt. Kakerlakken kjenner seg åleine med frykta og dei triste vintertankane sine, men så møter ho nokon som lærer henne at det
finst lyspunkt om vinteren òg. I Uteamfiet i Aasen-tunet fredag fortel skodespelar Ragne Grande historia om Kakerlakken og venen hennar. Etter forteljestunda blir det aktivitetar for barna. Arrangementet høver for barn i alderen 3-6 år. Fredag 30. juni 11.00–12.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet 11.00–11.30 Festsprell: Kakerlakken med den stygge frakken 11.30–12.30 Aktivitetar Kr 50
15
Nordmenn får aldri nok av språk-kuriosa. Søndag ettermiddag kjem Linda Eide og Sjur Hjeltnes for å gi festspelgjestene nye språklege aha-opplevingar. Våren 2017 gjorde folkeopplysar Eide og pianist-humorist Hjeltnes furore med å tulle med språk og musikk på NRK 2, då i lag med språkprofessor Gunnstein Akselberg. I lang tid hadde Eide og Akselberg då invitert til språkfest kvar månad på Litteraturhuset i Bergen, og der blei det rift om billettane. Eide er utdanna radiojournalist med ei sterk interesse for språk. Ho har sagt at vi i Noreg er privilegerte med mange «rare» dialektar. Dialektane er med på halde oss språkleg på tå hev, seier ho.
Sjur Hjeltnes og Linda Eide (pressefoto)
16
Dei nynorske festspela 2017
Språkmoro med Eide og Hjeltnes I Eides språksjov tok dei opp viktige spørsmål som korleis ein kan forstå den kompliserte danske teljemåten, kor lang tid det vil ta før skj-lyden heilt har utkonkurrert kj-lyden, og kan vi «please» slutte å seie «utfordring», og heller få tilbake «problem» - slik at vi kan få gjort noko med dei? Dei takla også det kanskje vanskelegaste av alle norske språkfenomen, nemleg: Kva tid heiter det i, og kva tid heiter det på? Dei som følgde med, veit no at det – sjølvsagt – heiter på Dale i Vaksdal, men i Dale i Fjaler. For to år sidan gjesta vossingane Eide og Hjeltnes Festspela med ei framsyning om alle dei viktige tinga som har forma Noreg etter at Grunnlova blei skriven, men som aldri fekk plass i historiebøkene.
Det gode med språk som kjelde til moro er at det aldri tek slutt. Siste festspeldagen fyller Linda Eide og Sjur Hjeltnes scena i Salen med ordbok, piano og overraskande språkfaktum. For full sal – så ikkje bli ein av dei som ikkje får plass. Søndag 2. juli 14.30–15.40 Salen, Ivar Aasen-tunet Språkmoro Kr 300/ student, ungdom 200 / barn 150
Liknar Noreg på Kviterussland? Really? Det meiner den nederlandske språkjournalisten Gaston Dorren. Fredag er han i Aasen-tunet og forklarer seg. Utgangspunktet hans er dette: I berre to europeiske statar bruker ulike grupper to varietetar av same språket av grunnar som kan kallast ideologiske. Det eine landet er Kviterussland med russisk og kviterussisk. Det andre landet er Noreg med bokmål og nynorsk. Gaston Dorren er ein skrivande hollendar, ein lingvist og over snittet språkkunnig journalist. Han snakkar seks språk og les ti andre,
Gaston Dorren (foto: Hedy Vermeer)
norsk medrekna. Det har sett han i stand til å skrive medrivande bøker om språk. Der andre er togspottar eller flyspottar, er han – ein språkspottar? Nei, det blir feil, men undertittelen på boka Lingo frå 2013 er «A language spotter’s guide to Europe»». Etter 61 kapittel har han vore gjennom det heile, skrive om norsk som det demokratiske språket, islandsk som eit språk frose i tid, serbokroatisk som fire språk med null goodwill, slovensk som fjell av dialektar, og engelsk som det globale hovudverket. (Her dankar nynorsk ut både bokmål og engelsk i doble tydingar.)
Så det var ikkje til å unngå: Gaston Dorren måtte inviterast. Han veit kvar han kjem. «Don’t worry, I will not send the audience up in arms,” skreiv han i april. The lecture is given in English. Fredag 30. juni 12.30–13.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Verda den vide: Belarus and Norway only An irreverent outsider’s eye at Norway’s linguistic situation Språkforskar og forfattar Gaston Dorren Kr 120 / ungdom 70
Det dei ikkje skriv om Skjønnlitteraturen kan vere staden for det vonde og vanskelege. Korleis handterer norske forfattarar dystre emne?
ettermiddag fortel Walgermo både om sin eigen forfattarskap og om korleis vanskelege tema har vore skildra – eller ikkje – i samtidslitteraturen.
– I dag er det ikkje lenger noko tabu å skrive om død for barn, meiner forfattar og kritikar Alf Kjetil Walgermo.
– Eg vil dra nokre historiske linjer, ta nedslag i enkelte forfattarskapar, sjå på kva det har vore vanskeleg å skrive om, og korleis forfattarane har gjort det, fortel han.
Gjennom bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster har han alt mykje røynsle med å skildre vanskelege tema som sjukdom og død for barn og ung-
Utdeling av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 For første gong er utdelinga av Nynorsk barnelitteraturpris lagt til Dei nynorske festspela. Det er Noregs Mållag som deler ut prisen, som i år går til forfattar Anders Totland med boka Engel i snøen, gitt ut på Gyldendal forlag. Juryen skriv mellom anna i grunngivinga: “Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor.”
Anders Totland (foto: Marius Knutsen)
dom. Kjære søster handla også om korleis folk handterer sorg i den digitale tidsalderen, der profilen til nokon på sosiale medium kan leve vidare lenge etter at vedkomande er borte. Kva emne som er tabu, endrar seg med tida. I Salen fredag
Fredag 30. juni 15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Berre sjukdom og død – om tabu og livsalvor i samtidslitteraturen Kr 120 / student, ungdom 70 Alf Kjetil Walgermo (foto: Tone Leksbø)
17
Dei nynorske festspela 2017 Torsdag 29. juni
10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen Dagleg leiar Gaute Øvereng, Ivar Aasen-tunet Gratis 12.00–15.00 Volda bygdetun Festsprell: Kven drap presten i Valle? av Lars Mæhle. Krimgåte for små og store detektivar I samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum Kr 70 / F 200
Fredag 30. juni
09.00–09.45 Volda stadion Festsprell: Knoterud FK møter Volda Lars Mæhle les frå bøkene om Knoterud FK. I samarbeid med VTI Fotball Gratis
11.30–12.15 Salen, Aasen-tunet Medietimen Utdeling av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter Gratis 12.00–12.30 Kantina, Furene AS, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Forfattar Anders Totland les frå «Så lenge ingen ser oss» Gratis 12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Forfattar Aina Basso les frå «Finne ly» Kr 70 / U 50
16.30 Kunsthuset, Ørsta Gro Mukta Holter: På ukjende stiar Opning. Kunstnaren er til stades Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag Gratis
12.30–13.15 Salen, Aasen-tunet Verda den vide: Belarus and Norway only An irreverent outsider’s eye at Norway’s linguistic situation. Språkforskar og forfattar Gaston Dorren Kr 120 / U 70
Lars Mæhle (foto: Aasen-tunet)
13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta Brevet frå krigen Forfattar Ingunn Røyset Gratis
10.00–10.45 Salen, Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: Korleis kunne det ha gått Dosent Jan Olav Fretland, Høgskulen på Vestlandet Kr 120 / U 70
14.00–14.45 Salen, Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktaren Lars Mæhle i samtale med Jan H. Landro Kr 150 / H 100 / S U 70
11.00–11.45 Volda omsorgssenter Brevet frå krigen Forfattar Ingunn Røyset I samarbeid med Volda kommune Gratis
15.00–15.45 Salen, Aasen-tunet Berre sjukdom og død – om tabu og livsalvor i samtidslitteraturen Forfattar, journalist og litteraturkritikar Alf Kjetil Walgermo Kr 120 / S U 70
Ingunn Røyset (foto: privat)
Alf Kjetil Walgermo (foto: Tone Leksbø)
21.00–22.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Stein Torleif Bjella Konsert Kr 350 i amfiet / 325 / U 250 / B 200
11.00–12.30 Uteamfiet, Aasen-tunet 11.00–11.30 Festsprell: Kakerlakken med den stygge frakken Forteljestund med skodespelar Ragne Grande, basert på boka «Kakerlakken med den stygge frakken … » av Martine Grande 11.30–12.30 Aktivitetar Høver best for barn 3–6 år Kr 50
16.30–17.45 Salen, Aasen-tunet Livet og korleis leve det Forfattar Anne Gunn Halvorsen i samtale med Heidi Fagna. Musikk: Patti Smith på nynorsk. Kari Harneshaug, song, Karl Klaseie, song, Brit Bildøen, lesing. Nynorske songtekstar av: Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn Kr 200 / H 150 / S U 100
Møre folkehøgskule, Ørsta 23.00–01.00 Målbar 23.15–23.45 Halvseint med Hallgrim Kvifor ler vi? Frodige døme frå fleire humorsjangrar. Hallgrim Berg Kr 100
12.00–15.00 Volda bygdetun Festsprell: Kven drap presten i Valle? av Lars Mæhle. Krimgåte for små og store detektivar I samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum Kr 70 / F 200
18.00–19.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Tonen i kvardagen Familiekonsert. Karin Eckhoff Holsvik med band og lokale unge solistar. Programleiar: Maria Parr I samarbeid med kulturskulane på Søre Sunnmøre Kr 200 / B S U 100
Gro Mukta Holter (foto: R. Hartvig)
17.00 Kunstgata i Ørsta Offisiell opning ved ordførar Stein Aam Gratis 18.00–19.00 Salen, Aasen-tunet Opningshøgtid Festspeldiktar Lars Mæhle framfører ein nyskriven tekst. Opningstale ved landbruksminister Jon Georg Dale. Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar 2017. Ingunn Thon, Stein Torleif Bjella. Programleiar: Per Magnus Finnanger Sandsmark Kr 200 / S U 150 Rett etter Opningshøgtida Gamletunet, Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Festspeldiktar Lars Mæhle les og kransar Ivar Aasen-bautaen Gratis 20.00–20.30 Salen, Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde i samtale med Heidi Fagna Kr 150 / S U 70
18
Dei nynorske festspela 2017
19.30–20.15 Salen, Aasen-tunet Jag är Supermann Litterær konsert med Lars Mæhle og musikar Øystein Sandbukt Kr 200 / H 150/ S U 100
11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek Festsprell: Keeperen og havet Forfattar Maria Parr. Høver best for barn 8–12 år I samarbeid med Nynorsksenteret Kr 50
21.00–21.45 Salen, Aasen-tunet Blondt i blondt Tom Roger Aadland syng Dylan på nynorsk Kr 250 / H S U 200 / B 150
12.00–15.00 Volda bygdetun Festsprell: Kven drap presten i Valle? av Lars Mæhle. Krimgåte for små og store detektivar I samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum Kr 70 / F 200
Søndag 2. juli
11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri Preike ved generalsekretær Olav Fykse Tveit i Kyrkjenes Verdsråd. Framføring av tidlegare uomsette Luther-salmar på nynorsk. Omsetjar: Arve Brunvoll Arrangør: Ørsta sokneråd i samarbeid med Volda sokneråd
13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet Festsprell: Lurivar og det hemmelege skrinet Lykke Kristine Moen og Vegar Hoel Kr 70 / F 200 14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt: Parlamenturismen Stortingshumor med Hallgrim Berg Kr 70 Tom Roger Aadland (foto: Arash Taheri)
22.00–22.45 Salen, Aasen-tunet B.R.U.S. Olav Hove og Arild Torvund Olsen Kr 100 23.00 Det Grøne Treet, Volda Kviss med Allkunne.no Redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, Allkunne.no Kr 50 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar
Laurdag 1. juli
10.00 Kunsthuset, Ørsta Fotokurs for ungdom Tonje Sætre Indrearne Kr 100 10.30 Gågata, Ørsta sentrum Festspelfrukost Arrangør: Butikkane i gågata
14.00–14.30 Salen, Aasen-tunet Tabu i den nynorske dagboktradisjonen Doktorgradsstipendiat Øystein Hide Kr 120 / S U 70
12.00–15.00 Volda bygdetun Festsprell: Kven drap presten i Valle? av Lars Mæhle. Krimgåte for små og store detektivar I samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum Kr 70 / F 200
15.00–15.45 Salen, Aasen-tunet Den stille flokken Lars Mæhle og forfattar Aina Basso i samtale med Thor Gotaas Kr 150 / H 100 / S U 70
12.00–17.00 Kafeen og Jostein Nerbøvik-plassen, Aasen-tunet Kyrkjekaffi og søndagskafé
17.00–17.45 Salen, Aasen-tunet B for barndom Maria Parr og Lars Mæhle om barne- og ungdomslitteratur. Samtaleleiar Marit O. Kaldhol Kr 150 / H 100 / S U 70 18.00–18.45 Salen, Aasen-tunet Gamle tabu, nye romansider Forfattar Jørgen Norheim i samtale med Sindre Hovdenakk Kr 150 / H 100 / S U 70 19.30–20.30 Propellhallen kulturarena, Volda Kimen Ei konsertant prosessframføring av operaen Kimen Arrangør: Magnar Åm Kr 200
11.00 Volda sentrum Festspelfrukost Arrangør: Volda næringsforum og Frivilligsentralen i Volda 11.00–11.45 Møre folkehøgskule Frå Nora til Tora Forfattar Jan H. Landro i samtale med Sverre Tusvik om Ibsens Nora, Wassmos Tora og andre fiktive personar i norsk litteratur Kr 150 / S U 100
J. H. Landro, S. Tusvik (foto: Lillebø, Breistein)
Olav Fykse Tveit (foto: Nikos KosmidisWCC)
13.00–13.30 Høgetua ved Aasen-tunet Festsprell: På Barneboktua Høgtlesing frå bøkene om Harry og Ivar av Lars Mæhle Gratis Uteamfiet, Aasen-tunet 13.00–14.00 På kyrkjebakken 13.00 «Ein skulde mest tru det var ein Ivar Aasen» Martin Luther og dei språklege følgjene av reformasjonen. Førsteamanuensis Per Halse, Høgskulen i Volda 13.30 Heilagt og drygt. Bibelen og det forbodne Forfattar og litteraturkritikar Alf Kjetil Walgermo Gratis 14.30–15.40 Salen, Aasen-tunet Språkmoro Linda Eide og Sjur Hjeltnes tullar med språk Kr 300 / S U 200 / B 150 16.00–17.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Aasen-stemnet 2017 Stemnetale ved Hanna Relling Berg. Øystein Hovland syng Ivar Aasen-tekstar til lokale tonar Tabu og tuba Daniel Herskedal, tuba, Eyolf Dale, piano, Kenneth Ekornes, trommer, Rune Børø, lyd. Sensurerte tekstar frå Midtausten Kr 200 / H 150 / U B 100
Magnar Åm (foto: Aasen-tunet)
21.00–22.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Daniel Kvammen Konsert Kr 350 i Uteamfiet / 325 / S U 250 / B 150 Møre folkehøgskule, Ørsta 23.00–02.00 Målbar 23.15–23.45 Microbandet Kjersti Døssland, Yamaha-synth og song, Brit Aksnes, gitar og song Kr 150/ S U 100
Daniel Herskedal (foto: Knut Bry)
19
Generalløytnant Morten Haga Lunde er Årets nynorskbrukar 2017 fordi han brydde seg og stilte krav. Styret i Nynorsk kultursentrum hadde 38 kandidatar å velje mellom og markerte med denne prisvinnaren at mållova gjeld også i løyndarland. Det er 17. gong prisen blir delt ut. Sjefen for Etterretningstenesta får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet.», seier styret i grunngivinga si. – Eg må få takke for ei overraskande og særs ærerik pristildeling, seier Morten Haga Lunde (56) frå Os. – I eit langt yrkesliv i Forsvaret har eg vore utsett for ulike språkpåverknader i ulike område av landet. Det har alltid vore viktig for meg å halde på identiteten min ved å nytte mitt eige talespråk. Etter kvart som
20
Dei nynorske festspela 2017
Generalen stilte krav – og vann eg har fått leiande stillingar i Forsvaret, har eg også lagt vinn på å nytte nynorsk i offentleg kommunikasjon. Under opningshøgtida deler nestleiar Grete Riise ut prisen på 100 000 kroner. Då fortel Lunde kva han gjer med den summen. Seinare same kvelden samtalar prisvinnaren med journalist Heidi Fagna, på ein sivil arena som er uvand for han, med perspektiv som ein journalist sjeldan få høve til å handtere. Torsdag 29. juni 20.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde i samtale med Heidi Fagna. Kr 150 / student og ungdom 70
Prisvinnarar 2012–2016 2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise 2013 Filosofen Gunnar Skirbekk 2014 Artistane Aasmund og Odd Nordstoga 2015 Kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg 2016 Omsetjaren Martine Rørstad Sand
Generalløytnant Morten Haga Lunde (foto: Olav Tangen Standal, Forsvaret)
21
Vesaas-roman i operaform Laurdag blir det førpremiere på utdrag frå ein opera bygd på Vesaas-romanen Kimen. Komponist Magnar Åm held på å skrive operaen Kimen, basert på romanen av Tarjei Vesaas med same namn frå 1940. Operaen er først klar til framføring neste år, men Festspela byd på ein konsertversjon med nokre av satsane og ariane. Tidlegare har Åm skrive Vesaas-operaen Is-slottet. Det
gav meirsmak, fortel han. – I språket til Vesaas ligg det så mykje usagt mellom linjene. Det kler godt min måte å skrive musikk på, musikken kan seie mykje av det Vesaas teier om. Kimen er ein kammeropera, skriven for eit lite ensemble. Med i Propellhallen i Volda er musikarar frå Telemark Kammerorkester – som har bestilt musikken – under leiing av Lars-Erik ter Jung, og dei er supplerte med lokale musikarar. Songsolistar blir
Åse Malene Lauvsnes Oddekalv, Ingeborg Fangel Mo og Hjalmar Eiksund. Dramaturg Oda Radoor er librettist. – Propellhallen gir ein katedralsk klang og er også tenkt brukt til den fulle operaoppsetjinga når den tid kjem, seier Åm. Laurdag 1. juli 19.30–20.30 Propellhallen kulturarena, Volda Kimen Kr 200
Sunndal i ord og tonar Festspeldiktarens heimstad har gitt inspirasjon til eit musikalsk og litterært kvardagsdrama. Novellesamlinga Jag är Supermann av festspeldiktar
Handlinga i novellene i Jag är Supermann er lagt til Sunn-
Tabu i platehistoria Det er blitt tradisjon under Festspela at ein fredagskvelden hentar fram snadder frå den nynorske vinylhistoria. Denne gongen er det musikk som i si tid nesten kunne ha blitt forboden.
For tredje gong er det platesamlar Arild Torvund Olsen og allmennlærar Olav Hove, også i Utakt på NRK P1, som presenterer musikken. I år tek dei festspeltemaet tabu inn i platerillene. – Det var mykje ein for berre få tiår sidan ikkje skulle gjere med musikk, seier Olsen, og nemner rabalderet då Dizzie Tunes gav ut ei latinoinspirert nytolking av Grieg-songar med tekstar av Vinje og Garborg.
Magnar Åm (foto: Aasen-tunet, Laila Walseth Lid)
Lars Mæhle kom ut tidlegare i år. I tittelnovella har Bjørn og Eskil fått nyss i at det er komen ei svensk jente til staden. Ei svensk jente! Dei greier å leite henne opp, og alle tre dreg ned til elva for å bade. Men ingenting går som dei har tenkt, og det går opp for Bjørn kor lite han eigentleg kan vite om menneska kring seg.
Olav Hove og Arild Torvund Olsen (pressefoto)
dal, heimplassen til Mæhle. Det same gjeld Korea. Noveller om kjærleik, Mæhle si første bok for vaksne som kom ut i 2011. Det passa han godt å ty til dette stoffet då han i fjor blei utfordra til å skrive eit teaterstykke knytt til Sunndal. Framsyninga er hovudsakleg basert på tittelnovellene frå dei to bøkene og blei til i samarbeid med Teatret Vårt og dei fire Møremusikarane i Fjord og Fjell, som laga musikken.
I Salen fredag kveld får publikum ein litterær konsertversjon av stykket. Lars Mæhle les sjølv frå dei to novellesamlingane, og med seg har han Fjord og Fjell-gitarist Øystein Sandbukt med bakgrunn frå rock og folkemusikk. – Øystein er også frå Sunndal, og eg hugsar han som litt av ei rockestjerne då eg voks opp, seier Mæhle. Naturen i Sunndal spelar ei viktig rolle i tekstane. – Felles
Lars Mæhle (foto: Aasen-tunet, Anders Aanes), bokomslag ”Jag är Supermann”, Øystein Sandbukt (foto: Bjørn-Owe Holmberg)
22
Dei nynorske festspela 2017
Grieg-fondet forlangte at styresmaktene stoppa utgivinga. Heldigvis for ettertida kom styresmaktene fram til at, sjølv om plata var klart krenkande for både Grieg, Garborg og Vinje, så var gjennomføringa så dårleg at plata neppe ville «bli tatt tilstrekkelig alvorlig til å kunne ha skadevirkninger.» – Dessutan blir Ivar Medaas med, som alltid. Der finst det tabu både i tekst og musikk vi kan spele på, seier Olsen. Fredag 30. juni 22.00–22.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B.R.U.S. Kr 100
nemnaren er unge menneske som har det vanskeleg med kjærleiken og naturkreftene, avslører Mæhle. Fredag 30. juni 19.30–20.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Jag är Supermann Kr 200 / honnør 150 / student, ungdom 100
Om Dylan var norsk Bob Dylan-albumet Blonde on Blonde er eit av hans aller beste. Fredag framfører Tom Roger Aadland sin versjon av albumet, på nynorsk. Haugesundaren og rockepoeten Aadland gav ut sin nynorske versjon av det klassiske Dylan-albumet Blondt i blondt frå 1966 i fjor. Albumet blei kåra til årets album av NRK P1 Norsk på norsk. Visenettstaden Viser.no kasta ein seksar på terningen og skreiv at Aadlands respekt for opphavsmannen Dylan gjer plata til noko utanom det vanlege.
norsk. Den andre soloplata hans, som kom ut i 2009, var ei nyinnspeling av Dylan-albumet Blood on the tracks, som i Aadlands versjon blei til Blod på spora. Då som no trekte musikkmeldarane fram dei utsøkte gjendiktingane. Om Blondt i blondt skreiv Fredrik Wandrup i Dagbladet at dei avanserte tekstane er gjendikta med utruleg fin hand, så uanstrengt at ein skulle tru nynorsk var Dylans morsmål.
Mellom dei to Dylan-verka har Aadland spelt inn tre eigne album med originalsongar på norsk. Musikken hans spenner frå folk til energisk Det er ikkje første gong Aad- rock, med ein nær og sterk land gjendiktar Dylan til vokal. Han var dessutan
tekstforfattar på det nyaste albumet til Hellbillies, Søvnlaus, som kom ut i fjor. Det er ein musikar med sitt eige uttrykk og full kontroll på språk og akkordar som går på scena i Salen fredag kveld. Fredag 30. juni 21.00–21.45 Salen, Aasen-tunet Blondt i blondt Kr 250 / honnør, student, ungdom 200 / barn 150
Tom Roger Aadland (foto: Arash Taheri)
23
2 703 462 314 978 76 549 654 51
x
Selde eksemplar av Nynorsk ordliste sidan 1938. x
Aviser som kvart år blir trykte på nynorsk.
Elevar med nynorsk som hovudmål. x
Nynorskbøker som kjem ut i løpet av eit år.
Kommunar som gjev norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk.
Vi treng arbeidslystne menneske med smittande godt humør uansett vêr
0
Frivillig på Festspela?
Redaksjonelle artiklar som var skrivne
Dei nynorske festspela er ein fest mykje takka vere frivillig innsats. Vi ønskjer oss endå fleire på laget og håper du har lyst til å oppleve Festspela både frå innsida og utsida. Vi får avgjerande hjelp med stort og smått, og du får eit minne for livet. Du treng ikkje å ha festivalerfaring frå før, arbeidsoppgåvene er ulike, og her er heilt sikkert noko som høver for deg. Meir informasjon får du på telefon 70 04 75 70 eller admin@aasentunet.no Informasjon og påmeldingsskjema:
festspela.no
på nynorsk i Dagbladet i 2016.
Noregs Mållag har 12 000 medlemer og er bygd opp av lokallag, fylkeslag og eit sentralt styre. Det er 190 lokallag spreidde over heile landet. Utan Mållaget vil nynorsk få mindre plass i skulen og det offentlege rommet. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon, og det gjev viktige inntekter til målarbeidet. Vi vil gjerne ha deg med på laget! Du kan bli medlem ved å senda ei tekstmelding med ordet NYNORSK til 2490. Det kostar kr 200 over mobilrekninga. Då er du medlem ut året. Du kan også melda deg inn via www.nm.no. Hugs at vi også har rabatt ved hustandsmedlemskap. x
tal frå 2014. frå ottar grepstad: språkfakta 2015
www.nm.no
24
Dei nynorske festspela 2017
Annonser 1/5
Journalistpris til Jens Kihl og Guri Kulås
Guri Kulas og Jens Kihl (foto: Christopher Olssøn)
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i år til Guri Kulås og Jens Kihl i Klassekampen. Dei deler prisen på 50 000 kroner. Guri Kulås er filmmeldar og har arbeidd 20 år i avisa. Jens Kihl er politisk jour-
nalist og byrja i Klassekampen hausten 2013. – Vi lyt få takke Bjørgulv Braanen. Vi er så heldige å ha ein redaktør som ser på nynorsk som eit naturleg nyheitsspråk. Vi har heile vegen stått fritt i val av målform og jamvel blitt oppmuntra til å bruke nynorsk i det daglege
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2012–15 2012 Katrine Sele, Firda, og Hilde Sandvik, Bergens Tidende 2013 Christian Wiik Gjerde, NRK Super 2014 Ingunn Solheim, NRK 2015 Jan Zahl, Stavanger Aftenblad 2016 Jon Hustad, Dag og Tid
arbeidet vårt. Den fridomen set eg stor pris på, seier Guri Kulås. Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjev òg litt ros til avisa. – Klassekampen aukar opplaget, samstundes som avisa har vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk. Om Guri Kulås seier juryen at ho kombinerer eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. – Jens Kihl på sitt beste er ein gullpenn med stort overskot, meiner juryen. Der sit Håkon Haugsbø, Agnes Ravatn og Svend Arne Vee. Sjå heile grunngjevinga på www.nynorskmediesenter.no Nynorsk mediesenter Fredag 30. juni 11.30–12.15 Salen, Aasen-tunet Medietimen Gratis
Gudsteneste under open himmel Som kvart år før inviterer sokneråda i Ørsta og Volda til festspelgudsteneste i Uteamfiet i Aasen-tunet søndag. I år er det generalsekretær Olav Fykse Tveit i Kyrkjenes Verdsråd som held preika. Det kyrkjelege verdsrådet samlar ein halv milliard menneske frå hundrevis av kyrkjesamfunn verda over. Olav Fykse Tveit har vore generalsekretær sidan 2009, og i åra etterpå har organisasjonen arbeidd med tema som fred, menneske på flukt og klimaendringar. Til 500-årsjubileet for reformasjonen har salmediktar og teolog Arve Brunvoll omsett fleire Luther-salmar til nynorsk som ikkje har vore gjendikta før. Dei blir framførte av kyrkjelyden under gudstenesta. Etter gudstenesta blir det sal av kyrkjekaffi og noko godt å bite i.
Olav Fykse Tveit (foto: Nikos Kosmidis WCC)
Søndag 2. juli 11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri
Per Halse (foto: Nynorsk kultursentrum)
Bibelen som døropnar Går ein norsk språk og kultur nærmare etter i saumane, endar ein gjerne ved Bibelen. I Uteamfiet søndag kan du høyre meir om desse samanhengane. I år er det 500 år sidan Martin Luther utløyste reformasjonen i dei tyske fyrstedømma. Det fekk store følger for kyrkjeliv og politikk, men òg for språk, mange stader i verda. – Ein vesentleg del av det Luther gjorde, var å ta i bruk folkespråket i kyrkja. Bibelomsetjinga hans var grunnlaget for utforminga av det tyske språket, seier Per Halse ved Høgskulen i Volda, som er første talar på kyrkjebakken i Aasen-tunet. I 1517 var Noreg i union med Danmark, og det gamle norske skriftspråket var alt pressa ut av dansk. Medan Danmark, Sverige og Island alle fekk bibelomsetjingar på sine eigne språk gjennom reformasjonen, blei det ikkje slik i Noreg. – Dei som fleire hundre år seinare arbeidde for å få Bibelen og andre religiøse tekstar på landsmål, såg på det som ein forseinka reformasjon, seier Halse.
Tabu i Bibelen – Bibelen er full av tabu og grenseoverskridingar, heilt frå historia om den forbodne frukta i Edens hage. Det fortel forfattar og kritikar Alf Kjetil Walgermo, som etter sommaren kjem med boka Røff guide til Bibelen. I Uteamfiet snakkar han om ulike tabu i Bibelen. Han vil også kome inn på korleis Bibelen sjølv har vore tabu i ulike samanhengar. – For nokre tiår sidan var det nærmast tabu for ein del norske forfattarar å skrive litteratur som var i open dialog med Bibelen. Det har endra seg, og eg vil seie litt om korleis Bibelen i dag ligg open for alle, samtidig som han framleis har tabu knytt til seg, seier Walgermo.
Søndag 2. juli 13.00–14.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet På kyrkjebakken 13.00 «Ein skulde mest tru det var ein Ivar Aasen» Martin Luther og dei språklege følgjene av reformasjonen 13.30 Heilagt og drygt. Bibelen og det forbodne Gratis
25
Høgskulen i Volda Volda er kjent for eit godt studentmiljø og eit mangfald av lag og organisasjonar. Aktive og kreative studentar gir deg høgdepunkt som VEKA, Dokfilm, Animation Volda og X2 Festivalen. Høgskulen i Volda legg vekt på fleksible studieformer og har mange nett- og deltidsstudium.
HØGSKULEN I VOLDA TILBYR STUDIUM INNAN: • Administrasjon, planlegging og leiing • Estetiske fag, kunst- og musikkfag • Helse og sosialfag • Historie og religion • Idrett og friluftsliv • Lærarutdanning • Medie- og journalistfag • Språk og litteratur Vi har løpande opptak på mange av studia våre! www.hivolda.no
FOTO: MARIUS BECK DAHLE
Vi hjelper deg Skal du kjøpe bustad, pusse opp, eller flytte bustadlånet ditt? Vi hjelper deg med å ta dei rette vala undervegs, slik at du får eit bustadlån som passar deg og din situasjon. www.sparebanken.no
26
Dei nynorske festspela 2017
Lars Mæhle
Aina Basso
Olav H. Hauge
Her er òg eit midtpunkt Olav H. Hauge
Lars Mæhle, litteraturvitar og produktiv forfattar av bøker for barn og unge både på nynorsk og bokmål. Mæhle er festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2017.
ELLE mELLE Foto: Tove K. Breistein / Samlaget; Arash Taheri
Her er òg eit midtpunkt
Les meir på www.allkunne.no
Allkunne
Tom Roger Aadland
Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk. Alle tekstar er vurderte redaksjonelt og språkvaska. Les meir på www.allkunne.no
haugesenteret.no
Framtida.no og Startsida
er eit lokomotiv for nynorsk på nett. Les kva du kan gjera på Framtida.no!
!
27
Berte og Iver
DAG OG TID Prøv DAG OG TID
Ørsta kommune
www.volda.kommune.no
www.orsta.kommune.no
Tlf. 700 74 700 - bussmore@nettbuss.no
www.berteogiver.no
På Berte og Iver-sidene kan borna spele spel, leike og eksperimentere med rim, bokstavar, staving og ord og sjå animasjonsfilmar på nynorsk. Sidene fungerer både på datamaskin og på nettbrett.
- gratis! TV 2 får fotballmonopol i Noreg. | Side 8–9
Volda kommune
Vi køyrer for små og store grupper!
- den nynorske vekeavisa for kultur og politikk
fotball
Vi ønskjer festspeldiktar Lars Mæhle, utøvarar og publikum velkomne til Dei nynorske festspela 2017!
fri vekeavis for kultur og politikk
Sov godt hos oss under festspela!
Ta kontakt for eit godt tilbod! 700 13 000 q.ulstein@choice.no
a-avis kommentar
Dei norske rettane til Premier League, her ved Arsenal og Chelsea, nærmar seg no NRK-lisensen i samla verdi. Foto: NTB scanpix
Gebyra for privatisteksamen er tredobla. Det er urettvist: Privatskulane gjer arbeidet den offentlege skulen ikkje lenger tilbyd, skriv Kaj Skagen.
DAG OG TID miljø | side 4–5 Farleg støv. Luftureining frå vegtrafikk kan hemme den kognitive utviklinga til barn, syner ein ny studie frå Spania. ukraina | side 10–11 Stillstand. I Donbass har tida stått stille i mange år, skriv Andrej Kurkov. No må ho snart kome i gang att.
| side 2–3
nr. 11 13.–19. mars 2015 54. årgang kr 45,-
Funky frelse
NyNorskseNteret www.NyNorskseNteret.No
Dansar for Jesus: «Are you pumped?» ropar pastor Andreas Hasseløy frå scena. Pinsevenene i Intro vil nå dei som aldri går i kyrkja.
film | side 20–21
Svenskjävel er både underhaldning og moralsk peikefinger.
reportasje | side 22–24
Brit Aksnes
AS REGIONTEATRET I MØRE OG ROMSDAL
Bianca Kronlöf spelar Dino i Svenskjævel.
finland | side 13 Språk. Svensk skal vera obligatorisk språk i den finske skulen også i framtida, har den finske Riksdagen avgjort. litteratur | side 14–15
teatretvart.no
Hovding. Den store tyrkiske forfattaren Yasar Kemal døydde nyleg. Han var både landsfader og diktarhovding for Tyrkia. ISSN 0803-3340
9
11
Bilettekst Foto: Daniel Feidal, Intro
770803 334015
miljø
Glyfosat kan gje kreftfare, seier WHO. | side 8-9
fri vekeavis for kultur og politikk a-avis kommentar | side 12–13
Roundup og andre ugrasmiddel med glyfosat er enormt populære. No meiner WHO at glyfosat truleg er kreftframkallande. Foto: NTB scanpix
Kommunisme, fascisme, nazisme og islamisme samsvarar i målet om eit verdsomspennande rike styrt av ein ideologisk elite, skriv Kaj Skagen.
DAG OG TID
nr. 16 17.–23. april 2015 54. årgang kr 45,-
utanriks | side 10–11 Atomavtale. Iranarane let seg ikkje stogge av økonomiske sanksjonar. Det aukar presset på USA for å få til ein avtale. landbruk | side 14–15 Jord. 1600 bønder er drepne i Brasil dei siste tretti åra. Landet er eitt av få som ikkje har omfordelt jorda sidan kolonitida. essay | side 22–23
«Alt var jo her på Grønland; havet, fjellet, eventyret.» kim leine
Foto: privat
reportasje | side 26–28 Cowgirl. Korleis kan ein skrive om ranchlivet utan å verke blenda av romantikk? Tina Åmodt har vitja Wyoming. litteratur | side 16–17 Rastlaus sjel. – Har eg funne stilen min, så freistar eg å gå bort frå han, seier forfattaren Helle Helle. ISSN 0803-3340
9
Osloproppen kork: Stortinget har vedteke storstila utbygging av tog og motorveg inn til Oslo. Men i Oslo er det fullt, seier transportforskarane. Fleire hundre milliardar kan bli kasta vekk. politikk | side 4–5
16
Foto: Ståle Andersen / NTB scanpix
770803 334015
utanriks
Drakmen er på veg attende. | side 10–11
fri vekeavis for kultur og politikk a-avis kommentar
Hellas er tomme for euro. Eit pengepolitisk eksperiment utan like står for døra, skriv Jon Hustad. Foto: NTB scanpix
| side 11
Den britiske valordninga er utdatert. Ved siste parlamentsval gjekk over halvparten av røystene til kandidatar som ikkje vart valde, skriv Rune Kjempenes.
DAG OG TID Blar opp for Clinton
nr. 18 30. april–7. mai 2015 54. årgang kr 45,-
reportasje | side 8–9
Låste lagnader. Dei fleste syriske flyktningane i Jordan bur i private heimar. Dei får ikkje arbeidsløyve, og gjelda deira veks og veks. arbeidsliv | side 12–13
Brutalt. Gudmund Harildstad vart oppsagd etter 22 år ved Universitetet i Oslo. – Kynisk av UiO, meiner professor John Peter Collett. intervju | side 22–23
«Me drog oss ut av Afghanistan for tidleg.» Anne-Cathrine Riebnitzsky
gjevmildt: Når Bill og Hillary bed om pengar, seier Noreg ja. Norske regjeringar har i alt gjeve ein halv milliard kroner til prosjekta til Clinton-stiftinga. bistand | side 4–5
M EIR P Å NYNOR SK TIL FLEIR E
Tlf: 70 04 60 00 www.foraform.com
Anne-Cathrine Riebnitzsky er dansk forfattar og ekssoldat.
politikk | side 7 Syrisk gåve. Ap-vedtaket om å ta imot 10.000 syriske flyktningar er ei julegåve til regjeringa, meiner Carl I. Hagen. litteratur | side 18–19 Krigsroman. Dansk-norske Kim Leine kjem med roman frå den finske borgarkrigen. Danske meldarar er begeistra. ISSN 0803-3340
9
770803 334015
18
Bilettekst Hillary Clinton og utanriksminister Børge Brende på «Cookstoves Future Summit» i New York i fjor. Foto: NTB scanpix
Send SMS med kodeordet DT3V til 2007 og vent på svarmelding for å tinge tre gratis prøvenummer med automatisk stopp. Eller sjå www.dagogtid.no/DT3V
w w w. n p k . n o
NÆRINGSMIDDEL BYG G INDUSTRI TRANSPORT
www.vartdalplast.no - KUNDEN ALLTID FØRST -
28
Dei nynorske festspela 2017
Festspelkruset 2017 er til sals i Aasen-tunet og på handlenett.no
Edvard Munch
Microbandet (foto: Per Finne)
Senk skuldrene på Målbar Etter ein lang festspeldag med mange inntrykk og opplevingar er Målbar staden for laus prat og lett underhaldning. Som alltid er Målbar på Møre folkehøgskule open kvar kveld under Festspela. Torsdag blir baren gjesta av Hallgrim Berg, aktiv humorist, kulturist og mangeårig politikar. Han har skulda for fleire trykte samlingar av frekke forteljingar frå ulike norske miljø, der ikkje alle passar for sarte sjeler. I fjor fortalde han litt av det som aldri kjem i avisene når stortingsrepresentantane er utaskjers. Dei som vågar, kan få ein gjennomgang av humor i fleire sjangrar litt før midnatt denne kvelden. Fredag er det opp til fest-
spelgjestene sjølve å halde temperaturen oppe. Laurdag kveld tek Microbandet over Målbaren. Her blir det gjenhøyr med ulike klassikarar i synthversjon. – «Klassikarar» dekker i denne samanhengen alt frå Britney Spears til Vassendgutane, seier Brit Aksnes, som utgjer Microbandet saman med Kjersti Døssland. Ho presiserer at mottoet deira er «ingen forventningar». – Det er for å heilgardere oss. Vi er trass i alt ei forlagsdame og ein jurist som likar å vere musikarar på seine kveldar, så det er klart at vi ikkje kan ha forventningar hengande på oss. Men ingen kan vel seie at dei ikkje har lyst til å høyre Hellbillies i cha-chacha-takt? spør Aksnes.
Torsdag 29. juni 23.00–01.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.15-23.45 Halvseint med Hallgrim. Kvifor ler vi? Frodige døme frå fleire humorsjangrar Kr 100 Fredag 30. juni 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar Laurdag 1. juli 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.15-23.45 Microbandet Kr 150 / student, ungdom 100
ELLE mELLE Foto: Mutiara Karina, Flickr.com CC BY-NC-ND
Kviss frå Allkunne
Kviss med Allkunne – Du treng ikkje vere ekspert på noko for å bli med på kviss på Det Grøne Treet, forsikrar kvissmeister og redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i det nynorske nettleksikonet Allkunne.no. – Alle kjem til å synast at noko er lett og noko er vanskeleg. Han legg opp til ein variert pubkviss med låg terskel seint fredag kveld. Du kan stille med kvisslaget ditt, eller berre kome som du er og bli med på eit lag på staden.
Du kjem langt med litt allmenndanning, men vil du vere på den sikre sida, kan du pugge alle dei 24 000 artiklane på Allkunne.no. Kanskje det iallfall er lurte å lese artikkelen «Noreg» av Gudleiv Forr. Fredag 30. juni 23.00 Det Grøne Treet, Volda Kviss med Allkunne.no Kr 50
Det største litterære museet i Noreg Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst. Det er rettesnora for arbeidet i Nynorsk kultursentrum, stiftinga som blei til for å drive Ivar Aasen-tunet og no er i tre fylke. Namnet er ei programerklæring. Nynorsk kultursentrum vil vise at Noreg er eit samfunn med fleire sentrum og er ein av svært få nasjonale kulturinstitusjonar utanfor hovudstaden. Det kan gi andre forteljingar enn dei velkjende
og uventa utvegar frå etablerte posisjonar. Truleg er Nynorsk kultursentrum den einaste kulturinstitusjonen i Norden med skriftkultur som vedtektsfesta hovudoppgåve. Med museum like frå 1898 var det nye Aasen-tunet i Ørsta det eldste språkmuseet i verda då nybygget blei opna i 2000. Hausten 2009 opna det redigerte oppslagsverket Allkunne.no. Frå 2011 er Hauge-senteret i Ulvik utvikla som dokumentasjons og
opplevingssenter for lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. I 2017 tok Nynorsk kultursentrum over ansvaret frå Vinje kommune for å etablere og drive Vinje-senteret for dikting og journalistikk. Det typiske litteratur- eller språkmuseet i verda fortel om den eine forfattaren eller språkforskaren. Nynorsk kultursentrum strekker i staden ein høgare himmel over eige arbeid – nynorsk skriftkultur, lyrikk i mange former, dik-
ting og journalistikk. Det gir medarbeidarane meir å tenke på og publikum meir å oppleve. Dei festivalane som avdelingane driv, er med og held himmelhøgda oppe. Aasen-tunet var noko anna utan Dei nynorske festspela, og Ulvik poesifestival er ein føresetnad for Hauge-senteret. Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 for å drive Aasen-tunet. No utgjer stiftinga det største språk- og litteratur-
museet i Noreg. 19 fast tilsette er på plass, og fleire blir det. Den beste ideen er enno ikkje tenkt, men kvar dag gjer dei alt dei kan for å vere til nytte for andre, uttrykt i klare slagord: Aasen-tunet – målet for alle Hauge-senteret – store opplevingar på små flater Vinje-senteret – forteljingane som vil bli med heim Allkunne – levande leksikon
29
Hawaii i kafeen, Yatzy i butikken Festspeldiktaren har valt Hawaiburger som festspelretten i år. Retten er inspirert av bøkene om Harry og Ivar. Kaféleiar Milan Iliĉ lovar ein matrik meny under Festspela med både linsesuppe, salatar og raudvinsbrasert høgrygg av okse. Festspelbutikken sel den nye festspelskjorta med sitatet «Ser eg ut som ein som likar å spele Yatzy?» frå Mæhles nye bok Jag är Supermann, og festspelkrus med ein spesialskriven tekst av festspeldiktaren, inspirert av festspeltemaet Tabu. Festspela får besøk av fleire forfattarar, og butikken tilbyr eit breitt utval bøker av desse. Ved arrangementa blir
det også høve til å få signerte eksemplar. – Vi satsar ekstra på bøker til barn og unge og vil ha gode festspeltilbod, seier butikkansvarleg Anders B. Kalvatn. Han har fleire nyheiter i butikkhyllene. Bokstøtta av Ivar Aasen har fått selskap av Olav H. Hauge og Aasmund Olavson Vinje. Alle er produserte av VikØrsta, som også har stått for grafisk utforming. Aasen-boksaren går aldri av moten og kjem i år i kvit utgåve både til dame og herre. Sitjeunderlaget i tova ull med ordtaket «Sælast er den som får sitja i ro» er like aktuelt om sommaren som om vinteren, og nytt parti er kome inn.
Festspellaget
Lars Mæhle og Milan Ilić (foto: Aasen-tunet, Anders Aanes)
Dei nynorske festspela gjer seg ikkje sjølv. Programansvarleg Monika Haanes Waagan leier arbeidet med å programmere
denne festivalen, og med seg på laget har ho heile staben i Ivar Aasen-tunet. Dette er berre nokre av dei blide fjesa du
vil møte på dei ulike arenaene på Festspela.
Programansvarleg Monika Haanes Waagan (bak), Oddny Nupen Aarflot, Siri Beate Gjerde, Anders Aanes, Liv Astrid Skåre Langnes, Gaute Øvereng, Laila Walseth Lid (foto: Aasen-tunet)
30
Dei nynorske festspela 2017
Magisk realisme i Kunsthuset
Gro Mukta Holter (foto: Ragnar Hartvig)
Gro Mukta Holter liker å skape rom som sjåarene kan fylle med eigne assosiasjonar. Første festspeldagen opnar kunstutstillinga «På ukjende stiar» av Gro Mukta Holter i Kunsthuset i Ørsta. – Mange av bilda mine spelar på minne,
fantasi og dagdraumar. Dessutan går jo alle menneske ofte på ukjende stiar gjennom livet – ein veit aldri kva som kjem, seier Holter. Ho arbeider med ulike teknikkar, og i Ørsta viser ho grafikk, måleri og teikningar. Mange av bilda er figurative
og gir assosiasjonar til draumar eller magiske landskap. Samstundes er den fysiske prosessen viktig for henne. – Eg har alltid vore handverkar og tykkjer det er viktig å ta vare på gamle handverkstradisjonar, seier Holter. Ho arbei-
der mellom anna mykje med litografi, også kalla steintrykk, der biletet blir teikna med feitt kritt på slipt kalkstein. Så blir steinen fukta, og når trykkfargen blir påført etterpå, fester han seg berre til område med feitt. – Så kan ein trykke bildet på papir, og vil ein ha fleire fargar, må ein trykke i fleire omgangar. Det er ein gammal og omstendeleg teknikk som eg har arbeidd med i mange år og liker godt, fortel ho. Utstillinga i Kunsthuset er arrangert av Volda og Ørsta kunstlag og blir vist til 15. juli. Torsdag 29. juni 16.30 Kunsthuset, Ørsta På ukjende stiar. Opning
Sannare enn røynda? Korleis skal ein forstå tilhøvet mellom litteraturen og røynda? Den nye temautstillinga frå Ivar Aasen-tunet i 2017 utforskar dette eldgamle temaet. Utstillinga opna 15. juni og kjem etter ein lang og utmattande debatt om «virkeleghetslitteratur», eit omgrep langt frå alle omfamnar. Tittelen spelar på baksideteksten frå Dalen Portland av Kjartan
Fløgstad: «Og det vi diktar opp / skal bli sannare enn røynsle». Karl Ove Knausgård er det nyaste kroneksempelet på korleis ein forfattar isceneset seg sjølv som subjekt i romanen. – Der er også jamleg debatt om bruk av faktiske personar som modellar for romanfigurar. Meiningane er sterke, og i fleire høve har folk meint at dei er blitt misbrukte i kunsten, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet.
Nokre forfattarar skil strengt mellom det skjønnlitterære universet og røynda utanfor. Andre vedgår gjerne at dei stundom bruker modellar. Ruth Lillegraven er ein av desse. I ein filminstallasjon i utstillinga kjem ho til orde saman med Berit Bjerke, modell for personen Birgit i diktverket Manilahallen. Innanfor den store historia om verdskrigar, svolt, folkevandringar blir det også dikta og gått lenger enn
kva faghistorikarar både kan og vil gjere. Edvard Hoem er døme på ein slik forfattar. – Ein kan ikkje lese ein historisk roman som ei attforteljing av faktiske hendingar. Det kan likevel vere vanskeleg for lesaren å finne skiljet mellom det som er faktabasert og det som er dikting i slike romanar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.
Lær portrett foto i Kunst huset
Tonje Sætre Indrearne
Ung og fotointeressert? Laurdag kan du lære grunnleggande portrettfoto i Kunsthuset i Ørsta sentrum. Ta med deg kamera og papirkopi av to portrettfoto du har teke og få innspel til kva som skal til for å ta gode portrettfoto. Kurshaldar er Tonje Sætre Indrearne. Ho er fotograf, blomsterdekoratør og lærar i design og handverk ved Ørsta vidaregåande skule. Indrearne har studert fotodokumentar og hatt fleire fotoutstillingar. Kurset legg vekt på motiv, og ikkje på utstyr og teknikk. Både mobilkamera og andre fotoapparat kan brukast. Kurset er tenkt til nybyrjarar frå 12 år og oppover «Først til mølla»-prinsippet gjeld, og påmelding skjer på festspela. no. Volda og Ørsta Kunstlag arrangerer kurset i samarbeid med Festspela. Laurdag 1. juli 10.00–15.00 Kunsthuset, Ørsta sentrum Fotokurs for ungdom Kr 100 Påmelding: festspela.no
Festspelfrukost i sentrum Laurdag blir det festspel frukost med noko attåt i både Ørsta og Volda. Torsdag opnar dessutan Kunstgata i Ørsta. Som i fjor blir Gågata i Ørsta sentrum ei kunstutstilling under Festspela. Kunstgata blir opna torsdag 29. juni kl. 17.00 av ordførar Stein Aam. Opninga blir markert med enkel servering og aktivitetar for barn, og alle barnehagane i Ørsta er inviterte. Kunstgata er også ramma for den tradisjonelle frukosten i sentrum laurdag 1. juli. Denne føremiddagen går frivilligsentralen og butikkane i Gågata saman om å dekke langbord og tilby morgonmat til meir eller mindre svoltne festspelgjester. Medan dei vaksne drikk kaffi, kan barna vere med på leikar og aktivi-
tetar, og Gågata får besøk av Labb og Line frå spareklubben i Sparebank1 Søre Sunnmøre. Kunstgata og festspelfrukosten er eit samarbeid mellom Ørsta Næringskontor, Ørsta frivilligsentral og handelsstanden i Gågata. I Volda sentrum blir det festspelfrukost laurdag føremiddag. Der står Volda Næringsforum og Volda frivilligsentral for matservering og overraskingar. Torsdag 29. juni 17.00 Kunstgata i Ørsta Offisiell opning Gratis Laurdag 1. juli 10.30 Gågata, Ørsta sentrum Festspelfrukost Laurdag 1. juli 11.00 Volda sentrum Festspelfrukost
Evy Innselset, Syver Nupen og Carl-Åge Henriksen, kunstgata i Ørsta (foto: Joachim Kroken Aasebø, Møre-Nytt)
31
Arrangementsstader
Ivar Aasen-tunet
Opningstider 1. juni–15. august Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utvida opningstider under Festspela (sjå midtside) Sjå sommarprogrammet på aasentunet.no 16. august–31. mai Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 Billettprisar Vaksne 100 Barn (6–16), student 50 Honnør 70 Grupper (min. 15 personar) per person 70 Familie (barn og inntil to vaksne) 220 Eigne prisar for skuleklassar, barnehagegrupper gratis
13
Billettar festspela.no / ebillett.no Telefon 70 04 75 70 Rabattar Ev. honnør, studentbillettar eller Kulturrabatt for ungdom er oppført spesielt. Festspelpass kr 1600 Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB! Også gjester med festspelpass må reservere plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, som Salen i Ivar Aasen-tunet.
2 3
8 5
7 1
4
Takk til tilskotsgivarar og sponsorar
6
12 10
9
Ørsta kommune
Ørsta 1. Ivar Aasen-statuen 2. Målbar, Møre Folkehøgskule 3. Festspelfrukost, Ørsta 4. Bakk-Ola-marka 5. Kunsthuset
Volda 6. Ørsta folkebibliotek 7. Volda omsorgssenter 8. Fru Svendsen kunst og kulturkafé 9. Det Grøne Treet, Volda
Ein
Parkering
under Festspela 32
ve
g
øy sk
rin
Dei nynorske festspela 2017
11
10. Festspelfrukost, Volda 11. Volda bygdetun 12. Volda stadion 13. Furene AS
Samarbeidspartnarar Amfi Ørsta · Bakk-Ola-marka, Ørsta · Bertel O. Steen avd. Volda Butikkane i gågata, Ørsta · Cappelen Damm · Det Grøne Treet Det Norske Samlaget · Frivilligsentralen i Volda Fru Svendsen kunst- og kulturkafé · Furene AS · Gyldendal Norsk Forlag Hotell Ivar Aasen · Høgskulen i Volda · Møre folkehøgskule Norsk Folkemuseum · Norsk Forfattersentrum NRK Nynorsk mediesenter · Nynorsksenteret · Propellhallen kulturarena · Spinneriet · Sunnmøre Museum / Volda bygdetun Kulturskulane på Søre Sunnmøre · Volda bil Volda Næringsforum · Volda og Ørsta kunstlag · Volda omsorgssenter · Volda sokneråd · Volda Fotball · Westre Bakeri Ørsta folkebibliotek · Ørsta Næringskontor · Ørsta sokneråd
g→
Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om
Volda kommune
parkering med gode naboar i nærområdet. Det vil vere parkeringsvakter i området under heile Festspela.
festspela.no #festspela