Festspelsymra 2009/1

Page 1

FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2009

ONSDAG 24. JUNI

24 25 26 27 28

ET, DRIKK OG VER GLADE God mat og drikk høyrer med på ein festival. Under Dei nynorske festspela får kjøkkenleiaren i Aasentunet, Milan Ilic, utfalde seg fritt og serverer velsmakande store og små rettar frå det vesle kjøkkenet. Fast post på programmet er festspeldiktarens livrett, i år med internasjonalt tilsnitt, sjølvsagt. Tove Bakke har eit heilt spesielt forhold til den marokkanske retten couscous, og festspelpublikummet får smake kvifor. FESTSPELKAKA f.v. John Vinge, Bjørn Holm, Åsmund Reistad, Aasmund Nordstoga, Daniel Sandén-Warg og Jørund Fluge Samuelsen

SOMMARLETTE TONAR FRÅ NORDSTOGA Det er mykje kjekt å finne på jonsokkvelden. Aasmund Nordstoga og musikarane hans brukte kvelden til å øve i peisestova på Møre folkehøgskule, noko dei såg ut til å vere svært godt nøgde med. Spelegleda var på topp og musikken flaut i lett dansetakt. Det lovar godt for opningskonserten for Dei nynorske festspela. I kveld dreg Nordstoga med seg musikarane til Aasen-tunet der dei skal fylle uteamfiet med sine lette og glade folketonar. Songane kjem hovudsakleg frå CD-en Ein visefugg som kom ut i vår. På Ein visefugg har Nordstoga og produsentane John Vinge og Jørund Fluge Samuelsen samla gamle folkeviser og gitt dei nytt liv, samstundes som dei tek sjangeren på alvor. – Mange av tekstane handlar om fargerike personar, nokre er reine skjemteviser og nokre er kjærleikssongar, seier Nordstoga. Han vil også syngje nokre slåttestev og seier han kan slumpe til å syngje litt Aasmund Olavsson Vinje. – Det er vanskeleg å kome utanom der som eg bur, seier mjølkebonden på vinjegarden. Det svinga veldig bra av musikarane på øvinga. – Eg har med nokre reinhekla popmusikarar i bandet, seier Nordstoga med adresse til Fluge Samuelsen og Vinge frå Trang fødsel. – Det blir likevel veldig bra gamaldans, ler han

I år serverer kjøkkenet i Aasen-tunet også ei eiga festspelkake, spesiallaga av tunassistent og konditor Siri Beate Velle. Festspelkaka er ei nydeleg konfektkake med smak av lime, og ho er toppa med grønfargen som går igjen i festspelmateriellet og på festspel-t-skjorta i år.

FRUKOST I TUNET MED VIKTIGE ORD Språk er nøkkelen til ein annan kultur. Dårleg språkkunnskap blir fort ein barriere for bedrifter som ønskjer å etablere gode kunderelasjonar over landegrensene. Sigrid Louise Gundersen har vore utvekslingsstudent i Belgia, Frankrike, Japan og Island, og har skrive masterFoto: Odd-Steinar Tøllefsen/TV3 oppgåve om språkleiing. Torsdag morgon deler ho sine erfaringar på frukostarrangementet i Aasen-tunet. Dette er eit ypparleg høve til å gjere noko sosialt saman med arbeidskolleger og i tillegg få mykje matnyttig erfaringsutveksling. Dei litterære godbitane får de på kjøpet når Brit Bildøen kjem for å lese korte utdrag frå tekstar ho har omsett frå andre språk.

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD


FESTSPELA I DAG – ONSDAG

Foto: Tove K. Breistein

Marie Desplechin

Foto: Mariann Tvete, Nationen

Foto: Stian Andersen

Tove Bakkes favorittrett

Opningshøgtid

Fosse i eit rom

Stor opningskonsert: Aasmund Nordstoga

Musikk og litteratur på fleire språk Kr 150

Salsutstilling av Eva Laila Hilsen i høve Jon Fosses 50-årsjubileum Utstillinga står til og med 15. august

17.00–24.00 Kafeen, Aasen-tunet Couscous Royal Kr 240

19.00 Salen, Aasen-tunet

FÅ BILLETTAR ATT

20.30 Galleriet, Aasen-tunet

Du får kjøpt favorittretten til Tove Bakke kvar dag under Festspela.

21.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Folkelege viser med snert og brodd i teksten, og fine melodiar. Musikk frå CD-en Ein visefugg Kr 250 /200

FESTSPELA I MORGON – TORSDAG

Stian Omenås og Inger Bakke

Foto: Tove K. Breistein

Foto: Oliver Heisch

Frå null til tull

Kaffi, bokstaveleg talt

Arve Henriksen: Ellivan

BokkeReidars Blues Band

Stemningsfull jazzkonsert og plateslepp med Arve Henriksen, Jan Bang, Terje Isungset og Karl Seglem. Kr 200

Svingande blå tonar med det mest røynde bluesbandet i Noreg. Kr 200

10.30 Utescena, Aasen-tunet Ord- og musikkleikande konsert med Inger Bakke, Stian Omenås og Audun Skorgen. Musikk til dikt av Marit Kaldhol Kr 50 / familie 150

11.30 Kafé Fru Svendsen, Ørsta Brit Bildøen les frå boka Litterær salong som kom tidlegare i år. Kr 50

20.00 Salen, Aasen-tunet

22.00 Uteamfiet, Aasen-tunet

Billettar og meir informasjon på www.aasentunet.no. Du får også kjøpt billettar på Narvesen. HOVUDSPONSORAR


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.