1/2009
nytt frå ivar aasen-tunet 11. ÅRGANGEN
USA har no ein afroamerikansk president. Når tilset då Schibsted ein avisredaktør som skriv leiarane på nynorsk og sluttar med å omsetje nynorskreportasjar i Bergens Tidende til bokmål før dei kjem på trykk i Oslo?
DEN BLÅ KVELDEN Ivar Aasen-tunet opna 2009 med ein blå kveld i uteamfiet torsdag 22. januar. Terje Isungset sat på is, spelte på is, slo på is, ropte i is – Lena Nymark la til song. Instrumenta rann bort i dei få varmegradene, blei ustemde, og musikarane måtte avslutte før dei hadde tenkt. Det viktigaste ligg att: skjøre minne om den blå klangen av frost. JENSEN & LUNDEN Eva Jensen og Eldrid Lunden. Det er det dei svarar, Olaug Nilssen og mange andre nynorskskrivande diktarar når dei blir spurde om kollegaer som dei ser opp til eller har lært spesielt mykje av. Søndag 8. mars møtest desse to litterære veteranane til samtale og lesing i Aasen-tunet. Det skal bli litt av ein time.
paus? sjølvsagt Det er mange år sidan spørsmålet kom frå Ole Paus: Kunne han få halde konsert i Aasen-tunet? Sjølvsagt, her skal alle ordkunstnarar kjenne seg heime. Det gjeld berre å finne rette høvet. Laurdag 14. februar feirar vi difor kjærleiken med stor dobbelkonsert. Først Ole Paus, så Ole Paus og Kjell Inge Torgersen saman i songen ”Fugl av fred”, før Torgersen tek over. Han har nyleg gitt ut plata Gnist, og to dagar etter denne konserten kjem Paus synger Paus. Dette er mykje, men ikkje alt. Før konserten serverer kafeen russisk kjærleiksgryte og valentinkake. Som dei ville ha sagt der Torgersen kjem frå: ”Herrlighet!”
MORS OG FARS SPRÅK Jonsokkvelden i 2005 var festspelpublikummet vårt dei første som fekk høyre Edvard Hoem lese frå Mors og fars historie. Seinare har skarar av lesarar og lyttarar gledd seg over denne uvanlege boka. Søndag 22. februar gjestar Hoem Aasen-tunet på ny, no for å snakke om mors og fars språk. Slik markerer vi den internasjonale morsmålsdagen 2009. PRINSEN OG REVEN Det var ein gong ein prins som reiste ut i verda for å finne seg vener. Den vesle prinsen, historia av Antoine de SaintExupéry, er blitt fortald på mange måtar. No har Sogn og Fjordane Teater laga sceneframsyning. Småbarnsforeldre og alle andre med sans for kvalitet kan berre gle seg til å dra til Aasen-tunet søndag 1. mars. Som reven seier i stykket: ”Ein kan berre sjå rett med hjartet.”
I va r A a s e n - t u n e t F E B RUA r – A P R I L SØNDAG 8. FEBRUAR 17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Historia i historiene
LAURDAG 14. FEBRUAR 21.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Herrlighet!
SØNDAG 22. FEBRUAR 17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Mors og fars språk Foredrag av Edvard Hoem i høve Den internasjonale morsmålsdagen 21.2.
ONSDAG 4. MARS 20.00 Studenthuset Rokken, Volda Dr. Munks popkviss
Kr 120
SØNDAG 1. MARS 15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Den vesle prinsen
Forfattaren Jørgen Norheim les frå romanen Adjutanten, og fortel om forfattarskapen sin. I samarbeid med Det Norske Samlaget Kr 100
LAURDAG 14. FEBRUAR 19.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Russisk kjærleiksgryte med bondepoteter og gode grønsaker Valentinkake og god kaffi Kr 235 Førehandstinging seinast tysdag 10.2.
Dobbelkonsert med Ole Paus og Kjell Inge Torgersen
Ragnar Hovland spør og spør og legg på masse musikk
Kr 320
SØNDAG 15. FEBRUAR 13.00–17.00 Ivar Aasen-tunet Brukt på nytt Verkstad med forfattaren av boka Brukt på nytt, Kathrine Gregersen 14.00 Salen Slik får brukte klede ny bruk og gamle klede nytt liv
I samarbeid med Det Norske Samlaget og lokale organisasjonar Kr 75
Desse forfattarane som no får sine år på rad og rekkje, sette få spor i Aasens liv. Henrik Ibsen snakka han med i eit selskap 23. februar 1859 og ein kald oktoberdag i 1885. Knut Hamsun noterte han seg ikkje i det heile. Bjørnson møtte han i selskap, på tur eller privat i alt fem gonger. Aasen gjekk mykje i teater, men Ibsen-stykke såg han berre eit par av. Derimot kjøpte han sommaren 1893 Punch’s Lomme-Ibsen for éi krone.
I samarbeid med Studenthuset Rokken Kr 50 / studentar gratis
Teaterframsyning bygd på Antoine de Saint-Exupéry si verdskjende historie. Høver særleg godt for barn frå 5 år og oppover Med Gro Marie Svidal, Ulf-Arne Johannessen og Tom Karlsrud Frå Sogn og Fjordane Teater Kr 80 barn / 160 vaksen
TORSDAG 5. MARS 20.00 Kaffikari, Ulsteinvik Dr. Munks popkviss I samarbeid med Kaffikari Kr 50
FREDAG 6. MARS 20.00 Expeditionen, Nordfjordeid Dr. Munks popkviss I samarbeid med Nordfjord Hotell Kr 50
AASEN-TUNET LANDET RUNDT I fjor gjesta Ivar Aasen-tunet 34 kommunar med arrangement eller utstillingar. Det blir mange i år også. Våren 2009 er vi på plass i desse 16 kommunane: Askvoll, Aurland, Eid, Gaular, Haram, Hareid, Herøy, Jølster, Lærdal, Oslo, Sande, Sula, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta Fleire kan kome til.
Du kom inn til meg på Gjestestova med ROUGE på lippone. Tarjei Vesaas, brev til Halldis Moren 7.11.1932
Hugs du kom med raudlakkerte neglar, og so var vel innstillingi di um kva som hev verd, i den same leidi. Men du jagar etter falske verdiar, Halldis. Tarjei Vesaas, brev til Halldis Moren 20.1.1934 etter første turen hennar til Vinje i desember 1933
Suget etter å treffe kollegaer og vener hadde auka gjennom krigsåra, det var så mykje å ta att, og lysta på å koma med i fagleg samvær, festar og reiser voks. Ho gjorde seg klår; ho kjøpte pels! Ei heilt ny, svart kalveskinnskåpe til 650 kroner. Tarjei fekk seia kva han ville, ho hadde sine eigne pengar. Olav Vesaas, Å vera i livet, 2007
RAUDLAKKERT Foto: Ragnar H. Albertsen
Plansje frå temautstillinga om Halldis Moren Vesaas
Foto Ragnar Albertsen
1977 Mads Wiel Nygaards legat
Hovudsponsorar
LAURDAG 7. OG SØNDAG 8. MARS Ivar Aasen-tunet Skriveverkstad Med forfattaren Odveig Klyve I samarbeid med Norsk forfattersentrum Gratis. Påmelding.
Forfattar Astor Furseth fortel
I samarbeid med Det Norske Samlaget Kr 100
MÅNDAG 23. MARS 11.00–15.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Reidar Djupedals verk
SØNDAG 8. MARS 15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet 25 år kvinneliv i litteraturen
VÅRSPELA 2009 TYSDAG 31. MARS 10.00 Det Norske Teatret, Oslo Slik blir Festspela 2009 Open pressekonferanse
Direktør Ottar Grepstad og festspeldiktar Tove Bakke
Program kjem på www.aasentunet.no Kr 75
ONSDAG 1. – FREDAG 3. APRIL Dei nynorske festspela ut i skulane For elevar på Sunnmøre og i Nordfjord Dei aktuelle skulane får tilsendt tilbod
10.00 Ivar Aasen-tunet Slik blir Festspela 2009 Open pressekonferanse
Programansvarleg Åshild Widerøe
Ope seminar om språk- og kulturforskaren Reidar Djupedal Eva Jensen, debut 1984, les og samtalar med Eldrid Lunden
I samarbeid med Ivar Aasen-instituttet Kr 100
SØNDAG 22. MARS 15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Dommedagsfjellet – Tafjordulykka 75 år etter
I samarbeid med Ivar Aasen-instituttet Lunsj kr 150, seminar gratis
TORSDAG 26. MARS 19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Baksida av Stortinget Politisk rådgivar Morten Søberg fortel frå boka som blir lansert same veka. I samarbeid med Det Norske Samlaget Kr 50
49 BARNESONGAR TIL FRI BRUK Lurivars nettsongbok blir berre større og større. No kan publikum velje mellom 49 barnesongar. 20 av desse er publiserte for første gong på tunkatten.no. Der ligg tekstar og lydfiler til fri bruk takka vere sjenerøse forfattarar og komponistar. Dei avgiftene som må betalast, tek vi oss av. Ikkje rart fleire og fleire bruker songane.
19.00–19.45 Ivar Aasen-tunet Innsats Festspela 2009! Vel møtt til alle som vil vere frivillige under Dei nynorske festspela 24. – 28. juni. 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Vårspel med gamle og nye festspelutøvarar Med festspeldiktar Tove Bakke og fleire
Or gjesteboka i Aasen-tunet An amazing presentation and wonderful introduction to Nynorsk. Elizabeth Johannsen, student Tacoma Lutheran University, 22. januar 2009 Praktfullt bygg og flotte utstillingar! Ole Danbolt Mjøs og Geir Lundestad, 11. september 2008
Festspeldiktar Tove Bakke
PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84 Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar
Utgivar: Nynorsk kultursentrum redaktør: Ottar Grepstad
nye billigbøker frå samlaget
KERAMIKK TIL SALS. NO! Den som stikk innom nettbutikken på aasentunet.no og ser at keramikk av Rolf Vatn er til sals, gjer lurt i å handle der og då. Krusa, fata, lysestakane, muggane – alt han leverer, og han leverer mykje, fyk ut like fort som vi får det inn. Alt har litt av Aasens handskrift i seg, og toler oppvaskmaskin.
REIDAR DJUPEDALS VERK Eitt av storverka til språk- og kulturforskaren Reidar Djupedal (1924–89) var å redigere og kommentere Ivar Aasens brev og dagbøker. I mars blir dette eineståande stoffet publisert i nyredigert form på aasentunet.no. Vi feirar i lag med Ivar Aasen-instituttet og har invitert fagfolk frå heile landet til å snakke om Djupedals verk. fosse på FESTSPELa Noregs mest spelte nolevande dramatikar, Jon Fosse, fyller 50 år i 2009. Journalisten Cecilie N. Seiness skriv bok om forfattaren, og under Dei nynorske festspela i juni møtast dei til samtale i Ivar Aasentunet. Fosse og Seiness.
olav h. hauge
Dikt i umsetjing kr 129,-
r a g na r h o v la n d
Under snøen kr 129,-
Ivar Aasen-tunet er ope heile året
Ivar Aasens stokk. Foto: Ragnar H. Albertsen
Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er
st e i n v e r sto
Ho blei borte i trappene kr 129,-
st e p h e n wa lto n
Skaff deg eit liv! Om biografi kr 179,-