Førde Framover - visjon, mål og verdiar

Page 1

førde framover

Førde framover | MÅL og VERDIAR


Visjon for Førde

– ei drivkraft med menneska i sentrum

– ei grunnleggande tenking om Førde framover og som gir retning for dei vala vi tek for oss og byen vår.

Førde Framover er eit dugnadsprosjekt som starta våren 2008 og avslutta hausten 2010. Målet var å sette fokus på det som styrkar og utviklar Førde. Prosjektet vart leia av Anne Mette Hjelle med gruppeleiarane John Helge Lunde, Svein Arne Skuggen Hoff og Margunn Masdal. Medlemmer Torhild Hvidsten, Bente Walaker, Grethe Øren, Tore Dvergsdal, Rahimollah Jurmy, Leif Arne Åsen, Mariann Njøsen, Helene Vie, Magne Faleide, Grete Marøy Sellevoll, Astrid Wittersø, Tom Farsund og Frode Hovland.


Mål og verdiar Mål: • Førde skal ha ein årleg vekst i folketalet på 1,5 prosent • Tal innbyggjarar med innvandrarbakgrunn skal i 2020 minst vere på landssnittet «Det er menneske både i tal og humankapital som vil vere avgjerande for om Førde lukkast i sitt prosjekt om å bli ein by for framtida.»

Kjerneverdiar i Førde sin personlegdom: • Miljømedviten • Kulturell • Verdi- og nyskapande • Inkluderande

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 3


Foto: Oskar Andersen

Mål | Utdanning • Førde skal kvart år, som i dag, vere i landstoppen når det gjeld kvalitet på barnehagar og skular • I 2020 skal Førde ha 1000 heiltidsstudieplassar innan høgare utdanning


«I Førde vil vi også vere med på «det beste laget», gå på den beste skulen, lære av dei fremste, osb. Omgrepet «dei beste» er ikkje berre knytt til den som har den beste kompetansen, anten den er formell eller erfaringsbasert. Det er også folk med engasjement, talent, karisma eller særskilde eigenskapar.»

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 5


Foto: Finn Ove Njøsen | Helse Førde


Mål | Arbeid | 2020 • Førde skal ha 5 prosentpoeng fleire arbeidsplassar med høgare utdanning enn landssnittet • Førde skal ha eit sterkt fokus på å skape helserelaterte arbeidsplassar • Førde skal, som i dag, vere i landstoppen på handel • Førde skal ha eit attraktivt finansmiljø «I Førde vil vi vekse. Det er ein ambisjon, ein vilje og ein retning. Arbeid er eit omgrep som fortel om kva for krefter og vitalitet som kan føre Førde framover, både for den som gir, tek eller utviklar arbeid.»

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 7


Foto: Malgorzata Kurylowicz


Mål | Identitet | 2020 • Førde skal ha etablert noko som gjer byen positivt kjent i Norge og i utlandet • Førde skal, som i dag, vere kjent som ein by med eit breitt kultur og idrettstilbod for alle aldersgrupper • Førde skal ha innbyggjarar som er over landssnittet miljømedviten. Talet miljøsertifiserte verksemder og institusjonar i Førde skal ligge over landssnittet «Førde sin identitet skal utløyse positive mentale bilete og kjensler hos både førdianaren og andre som vitjar byen vår. På sin måte skal byen framstå som vennleg, vakker, vital. Førde som møteplass - Ser deg i Førde – er brukt om Førde i snart ein generasjon og er stadig like aktuell. Førdefestivalen, Nynorsken, Torsheim og Anga/Jølstra er gode døme på markørar som inngår som brikke i ein Førdeidentitet.»

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 9


Foto: Ă˜yvind Lyslo


Mål | Trivsel | 2020 • 90 % av innbyggjarane skal tilrå sine venner og kjende å flytte til Førde • Innbyggarane i Førde skal ha god helse, målt ved levealder. Levealder skal vere 1,5 år høgare enn snittet i Norge • Førde skal bli framheva positivt for si estetiske utforming basert på den tida staden er bygd opp i • Det skal vere bygd ny veg gjennom Førde og noverande vegsystem skal vere forbetra. Vi har bilfrie møteplassar og det er lagt godt til rette for mjuke trafikantar

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 11


Foto: Anne-Mette Hjelle


Verdi | Personlegdom Røter og vengjer er typisk for førdianaren. Svært mange har flytta til kommunen og har røter andre stader og vengjer som har ført dei vidare. Samhandling, samfunnsansvar og medborgarskap pregar kommunen.

«Ein førdianar har ei mangfaldig kulturell forankring og er inkluderande både menneskeleg og kulturelt. Eit Førde framover er prega av eit aktivt miljømedvit og evne og vilje til å skape noko nytt og verdibyggjande.»

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 13


Foto: Oskar Andersen

Verdi | Førdianaren


Vi må gjere som vi vil vere I Førde er vi inkluderande: Eg helsar gjerne på naboen og ønskjer nye velkomne i nabolaget. I Førde tenkjer vi miljø: I kommunen sin vekst og utvikling vel vi løysingar som tek vare på menneske, dyr, luft, jord, fjord og vatn. «Sykkelby Førde» er eit tiltak med fleire miljøaspekt, både for menneske og omgivnader. I Førde er vi kulturelle: Vi set eit variert og godt kulturliv høgt og ser på dugnad som ei drivkraft for å lukkast. I Førde er vi verdi- og nyskapande: Eg støttar lokalt næringsliv, unner andre suksess og hjelper i motgang. Vi er positive til kreativitet, pågangsmot og nyetableringar.

Førde Framover | iFørde | Mål og verdiar | 15


– er folk glade i byen sin – finn folk varierte og gode arbeidsplassar – meiner folk dei har gode vare- og tenestetilbod – er folk nær naturen i kommunen og brukar han, Førdehuset, kulturtilboda – elskar folk Oddvar Torsheim, Førde Volleyball og Førdefestivalen – tykkjer folk at det er enkelt å bu og komme seg til og frå, ein lettlevd by – tykkjer folk småby er bra Kjelde: Innbyggjarundersøkinga i 2008

«Dei som kjem til Førde møter ein lettlevd og vital småby. Eit godt nærmiljø, gode butilhøve, gode skular og eit rikt kulturliv står til disposisjon til alle som vil ha noko meir enn attraktive jobbtilbod.»

Ser deg iFørde

iFørde

Reklamebyrået Inform Media | www.inform-media.no

iFørde


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.