1 minute read
Derfor bør du stemme Venstre
Vårt overordna mål er at Kinn kommune skal vere ein moderne kommune der unge vil bu. Hovudproblemet til Kinn er at kommunen vår ikkje er attraktiv nok for unge. Lukkast vi med å snu dette, så bli vi også ein god kommune å bu og leve i for alle.
Kinn kommune treng politikarar som vil arbeide saman for at kommunen skal lukkast. Gode idear må heiast fram, uavhengig av kven som kjem med dei. Kommunen vår er for liten til partipolitisk spel, og treng politikarar som vil og kan. Venstre har brukt tida vår dei siste fire åra på å utvikle Kinn. Vi er positive, men også konstruktivt kritiske når det trengst. I smått og stort har vi stått opp for det vi trur på, og vi har fått til mykje dei siste fire åra. Samstundes er det mykje vi hadde gjort annleis om vi hadde fått bestemme meir.