4 minute read
Sand og snø
from FJALER NO!
På dugnad i Badevika ein sundags formiddag med snø på stranda, kva skal det vere godt for? Vi tok ein runde og snakka med nokon av dei som hadde møtt i opp i solskinet. Bortsett frå snøen og temperaturen kunne ein tru det var sommar, men det var det jo ikkje. Kva er det då som står på?
Linda Hovland og Marita Solheim frå styret i Badevika Vel fortel:
- Vi ventar ein båt med sand og må rydde vekk tare og tang og kvist og kvast. Første lette på snøen og så fjerne det som ikkje er sand. Til det trengs det mange armar og musklar.
Fortel litt om Badevika Vel! - Vi er ein laust uorganisert gjeng med eit styre og det er aldri problem å få folk til å stille på dugnad. Trur folk ser nytten i hjelpe til å rydde her, det er jo ein kjær samlingsplass om sommaren for mange – både unge og vaksne. Vi synes det er viktig at det ser fint ut her, difor tok vi initiativ til samle inn pengar og arrangere dugnader for plassen. Vi vil gjerne takke både Sparebankstiftinga Fjaler og Sogn og Fjordane, næringslivet og alle private for gåver. Utan hadde ikkje dette vore mogeleg. Kva har de skaffa med innsamla midlar? - Vi har finansiert nytt stupebrett, materiale til ny trapp og sand i fleire runder, trur dette vert 4. gongen. Sist det kom sandbåt, var i 2016. No kjem ca 120 kubikk på plass. Vi har mange planar på gang. No ventar vi på klarsignal frå kommunen for å få flåten som ligg her, ut på fjorden. Du kan forresten gje pengar via grasrotandelen eller vipps! Vipps 523929.
Tonje Maria Roos (14)
- Mamma sa eg eg skulle vere med, så eg hadde ikkje så mykje val. Men eg likar dette og eg ville gjerne. Det er kjekt å gjere ein innsats for bygda! Og så vert det fint her til sommaren.
Ailin Solheim Solvik (18)
- Mamma spurde meg fint og det var heilt greitt å vere med. Nokon må jo stille opp skal vi ha det fint her i Badevika.
Mats Systaddal (34) og Saga (9)
- Vi er med fordi viss vi vil ha ei fin strand, må alle bidra. Vi er med når det er dugnad og Saga plukkar plast heile året. – Og eg vil gjerne ha ein konsert her, det ville vere perfekt!
Badevika fungerer ved eit godt samarbeid mellom Fjaler kommune og Badevika Vel gjennom ein fellesavtale. Kommunen ved uteseksjonen og kulturkontoret stiller med praktisk hjelp som td fjerning av boss og ettersyn av toalettet og Vevang slår graset. Frivilligsentralen syter for frivillig innsats via enkelte frivillige/ volontørar og har ansvar for BUA-utleige av kano, kajakk og snart SUP-brett som er stasjonert i Naustet. Ansvar for Naustet er i samarbeid med Fjaler ungdomskule som i si tid sette det opp. Folk er elles flinke til å rydde opp etter seg.
Linda Hovland 11. april, heilårsbadar og eldsjel
Dugande og driftig
Ein dugnad skal vere ein felles innsats til alle sitt beste. Ordet stammar fra norrønt dugnaðr «hjelp, god gjerning, kraft», beslekta med norsk duge.
Vi ser det tydeleg når det er bruk for mange hender og du ikkje kan gjere oppgåva åleine. Men får du spørsmål eller beskjed om kva som skal gjerast, er det faktisk kjekt å kome saman og vere med på dugnad. Tenk etter, når var du med på dugnad sist? Eller skal du organisere ein dugnad eller delta denne våren på eit felles løft?
Badevika Vel er eit godt eksempel på kva ein kan få til med felles kraft. Nokon eldsjeler som motiverer til dugnad og i løpet av nokre timar er oppgåva med å rydde stranda utført. Båten med sand kom og no er stranda klar til bruk! Takka vere innsamla pengar frå private, næringsliv og sparebankstiftingar til felles glede for folk som vil bruke stranda. Du kan lese meir om Badevika i denne utgåva FjalerNO.
Spennande dagar, er det vår eller er det vinter igjen? Det gjeld berre å nyte den fine dagen og dra pusten og pust ut, så blir det nok (koronafri) vår!
Fjaler NO! April 2021
Utgjevar: Butikknemnda i Dale Marknadsansvarleg og redaksjon: Butikknemnda i Dale og kultureininga i Fjaler. Framside: På strand-dugnad i Badevika 11. april 2021: Ailin, Tonje, Saga, Sigurd, Ingeborg, Øyvind, Ainor, Heidi, Marita, Margrete, Mats, Solveig N og Kjetil på stranda, Linda (i vatnet), Solveig S, Roald, Elisabeth og Pamela på berget, Peter, Inger Johanne og Martha på stupebrettet. Foto: David Zadig. Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Grafisk utforming: Rein Design Annonsere i Fjaler NO! Kontakt: Elisabeth Boge Sande, tlf. 951 02 562 / elisabeth.boge@hotmail.com Innspel til redaksjonelt stoff: Kontakt Frivilligsentralen, Margrete Reisæter, tlf. 57 73 80 20 / mre@fjaler.kommune.no