5 minute read
Marcus Thomsen side
Kan ta noregsrekorden kva tid som helst
Noregsrekorden i kulestøt er så gammal at han nærmar seg verneverdig. Marcus Thomsen snakkar sjølvsikkert om at han er klar til å ta han.
TEKST: KNUT LANGELAND
- I dag eller i morgon. Eg kan ta han kva tid som helst, seier 24-åringen om Lars Arvid Nilsens 21,22 frå 1986, tolv år før Thomsen vart fødd.
Ikkje at han har det travelt. Kulestøytarar har det med å nærma seg toppen først når dei passerer 30. Slik sett ligg Marcus Thomsen godt framfor skjema. Berre 13 små centimeter skil mellom persen og rekorden …
Nordmann meir enn vossing
Har du godt språkøyre, kan du ta han på dialekten. At han er oppvaksen på Voss. Men sidan 2012, då Marcus var 14 og familien flytta til Danmark, der far hans skulle ta vidareutdanning, har han knapt vore attende til heimbygda. Ikkje eingong på besøk, bortsett frå ein gong i 2016. Seks år i Århus gjorde han like god i dansk som i vossadialekt. - Eg er sjølvsagt stolt over Voss. Alle bør vera stolte over heimplassen sin. Men eg reknar meg meir som nordmann enn som vossing, seier lysluggen. Det var i Danmark friidrettskarrieren tok til. Det finst ingen openberre friidrettsgener i familien, og det var heilt på eige initiativ at 14-åringen tok kontakt med den lokale friidrettsklubben, Århus 1900, og fann fram til kuleringen.
Auka med ti meter på eitt år
Talentet synte seg ikkje med det same.
- I den første konkurransen eg deltok i, etter to månader med trening, kasta eg 8,72 meter.
Så eksploderte det. På eitt år betra han persen med ti meter. Ein gneist for kule var tent.
- Det er kult å sjå korleis ei blanding av styrke og teknikk kan få ei kule på 7,26 kilo til flyga frå kroppen. Langt av garde, seier Thomsen. Han har ein draum om ein dag å gjera øvinga folkekjær, på same viset som Eivind Henriksen gjorde med slegga i OL i Tokyo i 2021.
- Eg trur bestemt at det kan skje, og eg ser det for meg. Det vanskelegaste er å koma til ein finale i ein meisterskap. Hamnar du først i finalen, kan alt skje.
Kule på heiltid
Marcus Thomsen veit ikkje når, men han kjenner seg trygg på at han kjem til å ta medalje internasjonalt i kule. Han hadde ikkje trent tolv økter i veka om han ikkje hadde hatt trua. Sidan 2017 har han vore knytt til kastgruppa til den islandske suksesstrenaren Vesteinn Hafsteinsson. Han har base i Växjö i Sverige. Sidan 2017 har han også vore kulekastar på heiltid. I byrjinga med sponsorstøtte frå mor og far. Etter kvart har det late seg gjera ved hjelp av pengar frå forbund, klubb og sponsorar.
Etter fleire år i Tjalve, har Thomsen nyleg bytta til NornaSalhus. Det er mykje fordi familien har flytta attende til Vestlandet.
- Når eg er heime frå Växjö, vil eg ha basen min i Bergen. Det lettar kvardagen min. Dessutan følte eg at eg trengte ei endring, seier Thomsen om klubbskiftet.
Den beste innesesongen nokon gong
Han har bak seg ein god treningsvinter, og innesesongen er den beste han har hatt nokon gong. Det gjer han optimistisk framfor Trond Mohn Games og resten av sesongen.
- Eg kjem til Fana stadion for å kasta så langt som eg kan. Pers og noregsrekord hadde vore kjekt. Å ta kvalifiseringskravet til VM (21,10) også. Men di lenger ein kastar, di tøffare blir det å setja nye rekordar, konstaterer 24-åringen, som har 21,09 innandørs (2021) og 21,03 ute (2020) som sine bestenoteringar.
Marcus Thomsen
KULE MENN:
I kule for menn har vi en lokal utøver på internasjonalt nivå. Marcus Thomsen, Norna-Salhus har støtt kulen hele 21,09. I vinter ble det 20,87 innendørs. Marcus vil få hard konkurranse av flere. Kanskje først og fremst fra Portugisiske Tsanko Amaudov som har en pers på 21,56. Men alle de seks utøverne holder godt internasjonalt nivå, der tre har mer enn 20 meter, og de øvrige ligger like oppunder. Nok en god øvelse i Trond Mohn Games. Banerekorden på Fana Stadion kan fort ryke.
Rekord
Norsk rekord;
Deltager
Lars Arvid Nilsen,
Banerekord:
Tomasz Majewski Trond Mohn Games rek.: Wictor Patersson
Deltagere:
Marcus Thomsen, Norna-SalhusNOR 21.09 (2021) Riccardo Ferrara ITA 19.80 (2021) Valetin Moll GER 20.20 (2021) Tsanko Arnaudov POR 21.56 (2017) Mohamed Tolo KSA 19.60 (2022) John Kelly IRL 18.83 (2022) Wictor Petterson SWE 21.15 (2020)
Klubb Resultat Årstall
Uredd 21,22 POL 20,63 SWE 19.71
KING OSCAR STØTTER FRIIDRETTEN I VEST
Håvard Bentdal Ingvaldsen
300 METER MENN:
I 2021 var vi så heldige å ha Karsten Warholm i Trond Mohn Games. Han satte Norsk rekord med tiden 32,49. I år kommer TMG litt for tidlig, så Karsten skal debutere på Bislet Games en uke senere. Men i en avis kunne vi nylig lese, at om det føltes riktig, løp han kanskje et løp tidligere. Da har vi kan hende et lite håp om hans deltagelse i Trond Mohn Games i år også. Men kommer han må han løpe styggfort. For det kommer løpere som har både 44-45 og 46-tallet på 400m. Mest spennende av de Norske, er 20-åringen Henrik Bentdal fra Moelven, som satte Norsk juniorrekord på 400m i fjor med den sterke tiden 45,94. Lokalt har vi mange meget lovende unge løpere som også skal få plass. Skal vi få med alle de gode løperne som har vist interesse, vil det bli en A og en B-finale for menn.
Deltagere:
Andreas Bakketun Gular NOR 33.85 (2021) Fredrik Øvereng Overhalla NOR 33.62 (2021) Gustav Nielsen DEN 45.93 (2021 – 400m) Alex Haydock-Wilson GBR 45.57 (2021 – 400m) Bastian Aurstad Steinkjer fik NOR 47.17 (2021 – 400m) Håvard Bentdal Ingvaldsen,Moelven NOR 45.94 (2021 – 400m) Rabah Yousif GBR 44.54 (2015 – 400m) Danylenko Danylo UKR 46.04 (2021 – 400m) Fredrik Gullachsen Norna-Salhus NOR 47.58 (2020 – 400m) Herman Ellingsen Gneist NOR 34.02 (2021) Thomas Strønstad Løseth Gneist NOR 47.65 (2021 – 400m) Filip Bøe Gular NOR
Rekord
Norsk rekord: Banerekord:
Deltager
Karsten Warholm Karsten Warholm Trond Mohn Ganes rek.: Karsten Warholm
Klubb Resultat Årstall
Dimna 32,49 2021 Dimna 32,49 2021 Dimna 32,49 2021