H E R テ郎 Ve l ko m e n t i l テク y r i ke t v e d s t o r h a v e t
visitfosnavaag.no
h e r øy ko m m u n e 01: Bruer knyter øyane saman 02: Herøy har eit rikt kulturliv
03: Kort veg mellom naturopplevingane
Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune midt i matfatet. Dei enorme ressursane i det fiskerike havet har alltid vore grunnlaget for busetnad, vekst og utvikling. Båten var og er ein sentral del av livet til dei knapt 9000 innbyggjarane, og ein stor del av Noregs fiskeri- og offshorereiarlag har adresse i kommunen. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande. Organisasjons- og kulturlivet blomstrar, med eit imponerande utval kor, korps, idrettslag, kulturskule, festivalar, sogespel, konsertar, lag og foreiningar av alle slag. I 2012 vart kommunen kåra til den beste ungdomskommunen i fylket. Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten. Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar.
Foto: Kay Åge Fugledal
01
02
Foto: Oddbjørn Monsen
03
F o s n avåg 04: Den naturlege hamna gir ly
05: Kaia er også kulturarena
Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge og sykkelutleige. Servicekontoret ved rådhuset er turistinformasjon i sentrum.
Foto: Kay Åge Fugledal
04
Foto: Stargate
05
runde 06: Goksøyra med sti til fuglefjellet
07: Gullmyntar frå Rundeskatten
Fuglefjellet på Runde er eit nasjonalt ikon og kjent langt utanfor landegrensene. Fjellet er lett å nå til fots, og også frå båt er det ei stor oppleving. Om våren og sommaren yrer det av liv i dei stupbratte fjellsidene, i lufta og på sjøen av lundefugl, havsuler, storjo, ulike måseartar, alke, lomvi og skarv. Over det heile patruljerer majestetiske havørner. Den som opplever sverminga til lundefuglen ein vår- eller sommarkveld gløymer det aldri! Fuglefjellet er sårbart og freda i hekketida. Besøkande må halde seg på stiane og ikkje uroe fuglane. Lokale båtførarar tek gjestar med på turar til fuglefjellet fleire gongar pr. dag i turistsesongen.
Foto: Stargate
06
Foto: Oddbjørn Monsen
07
r u n d e s k at t e n 8: Lundefuglen svermar om kvelden
I 1725 forliste det nederlandske handelsskipet «Akerendam» i Kvalnesbukta ved Runde i eit forrykande uver. Dei 200 menneska om bord omkom. Skipet var lasta med mellom anna 19 kister fulle av sølvog gullmyntar då det kom ut av kurs på vegen til Indonesia. Fem av kistene vart berga i tida etter forliset. Tragedien vart etter kvart gløymt, heilt til tre hobbydykkarar fann enorme mengder myntar på havbotnen i 1972. Rundeskatten inneheld meir enn 57 000 myntar og store mengder andre gjenstandar frå skipet. Mesteparten vart oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum i nesten 40 år. I 2011 henta Runde Miljøsenter skatten heim og laga utstillinga som fortel den spennande historia. Ved miljøsenteret kan du også sjå den premierte naturdokumentaren «Havets sølv», som fortel om ein av dei største biologiske prosessane i havet: Sildegytinga utanfor Mørekysten. Samspelet mellom havstraumar, vind, fisk og fugl forklarer kvifor Runde har Noregs tredje største fuglefjell og kvifor Herøy er mellom dei viktigaste fiskerikommunane i landet. Foto: Oddbjørn Monsen
08
n at u r o g h i s to r i e 09: Eldorado for dykkarar
10: Finn ro ved Herøy Kystmuseum
Over alt i Herøy er spektakulære naturopplevingar lett tilgjengelege, frå hav og fjøre til fjelltoppar med eventyrleg utsikt og merka turstiar. Indre delar av kommunen har skjergard, lune badeviker og lysløype i fjellet, i ytre finn du storhavet og fuglefjellet. På Skorpa lever ein flokk villgeiter, ein selkoloni held til på Grasøyane, og er du heldig får du også sjå spekkhoggarar på nært hald. Herøy kystmuseum fortel ikkje berre den interessante historia til den gamle handelsstaden, her er også kopien av Kvalsundfæringen utstilt. Den vart funne i lag med Kvalsundskipet i 1920 i ei myr på Kvalsund. Originalen er datert til ca. år 690 og er kjent som Noregs eldste rekonstruerte skip. Ein kopi av Kvalsundskipet er utstilt ved Sunnmøre museum i Ålesund. Fleire andre gamle handelsstader finst også i kommunen, frå tida då skipsleia var hovudvegen. Gravrøyser og runeskrifter vitnar om busetnad også i enno eldre tider. Herøy
kommune
er
eit
eldorado
for
fotturistar,
fotografar,
fugleinteresserte, padlarar, hobbyfiskarar både frå land og båt, sykkelturistar, badegjester, dykkarar og historieinteresserte. I Fosnavåg Foto: Per Eide
09
kan du leige syklar, og fleire stader tilbyr utleige av båt.
10
Foto: Mariann Skorpen Berge
10
o v e r n at t i n g 11: Gjestebrygge i sentrum
12: Runde fyr er turisthytte
Det er mykje å velje i for overnattingsgjester i Herøy, frå telt til hotell. I kommunen finst campingplassar med hytter og oppstillingsplass for bubilar, rorbuer med utleige av båt, ferieleilegheiter, gjestehus, rom til leige og gjestebrygger for tilreisande med båt. Runde fyr er den mest populære turisthytta til Aalesund-Sunnmøre turistforeining.
Foto: Oddbjørn Monsen
11
Foto: Sindre Nakken
12
F o s n avåg
⌘
13: Kort veg til alt i Herøy
Goksøyra G
RUNDE
HERØY
Meir informasjon om tilbod i Herøy
ULSTEIN
kommune finn du på: K Kvalsvik
www.heroy.kommune.no www.visitfosnavaag.no
REMØYA
NERLANDSØY Kvalsund
visitfosnavaag.no
LEINØYA Sande
Fosnavåg
Torvika
BE BERGSØYA
⌘
Flåvær ær
Herøy
K SANDE
K
Moltustranda Sandvika Tjørvåg Myrvåg
⌘
Leikong
Leikanger
Foto forside: Stargate
13