Regionalplan for museum

Page 1

Musea i samfunnet Regional plan for museum 2011-2015

Kortversjon. Du finn fullversjon av dokumentet pĂĽ www.hordaland.no/Publikasjonar

Foto: Bjørn Arve Lunde, Sunnhordaland museum

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 1


2 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Me treng kunnskap om fortida – og blikk for framtida! Hordaland er eit rikt og variert museumsfylke, med om lag hundre museum av ulike slag og ulike storleikar. Desse representerer ein stor verdi i samfunnet, og skal spela ei viktig rolle i den vidare utviklinga i fylket. Me skal byggja samfunnet på kunnskap, og musea er viktige kunnskapsbasar som forvaltar store gjenstandssamlingar og høg kompetanse innan mange fagfelt. I mottoet Musea i samfunnet er viktigaste bodskapen at kunnskapen i musea må gjerast tilgjengeleg for folk, og takast i bruk i forminga av samfunnet.

Det er viktig at musea får spela si rolle som kunnskapsinstitusjonar på fleire ulike vis. Musea skal vera innhaldsrike skattkammer der publikum kan oppsøkja kunnskap og opplevingar. Samstundes skal musea vera pågåande aktørar, som set dagsorden, tek aktivt del i omgjevnadene og stiller utfordrande spørsmål.

Den fundamentale grunntanken om at musea er til for alle, må heile tida vera i fokus slik at den utoverretta verksemda til musea vert tilgjengeleg og inkluderande for alle samfunnsgrupper. Å gje born og unge gode og inspirerande museumsopplevingar, er ei uvurderleg investering for framtida.

Hordaland fylkeskommune ønskjer å styrkja musea som sentrale medspelarar i den ­regionale utviklinga. I eit dynamisk samspel med andre samfunnsaktørar skal musea ta ein nøkkelposisjon i lokalsamfunna, og bidra til kunnskap, vekst og glede.

Lukke til! Tom-Christer Nilsen Fylkesordførar

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 3


SAMFUNNSOPPDRAGET Kva rolle skal musea ha? Eit museum er ein permanent institusjon, ikkje basert på profitt, som skal tena ­samfunnet og utviklinga av samfunnet og vera ope for ­publikum; som samlar inn, ­bevarer/konserverer, forskar i, formidlar og stiller ut materielle og immaterielle vitnes­byrd om menneska og deira omgjevnader med studie-, utdannings- og ­underhaldningssiktemål. (Den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM) Selve samfunnsrollen eller samfunnsoppdraget for museene ­ligger i å utvikle og formidle kunnskap om menneskers forståelse av og samhandling med sine omgivelser. (Stortingsmeldinga Framtidas ­museum) Å gjere tydeleg musea sitt samfunnsoppdrag, er den raude tråden i Hordaland fylkes­ kommune sin regionale plan for museum 2011-2015.

Klatring i røyrgata til Tyssedal kraftanlegg ­­ (Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum).

Foto: Hordaland fylkeskommune

4 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Musea inn i samfunnet Samfunnet inn i musea Å ha tolkingsnøklar til fortida gjev makt, og med det følgjer ansvar for musea til å ta del i den kritiske offentlegheita med spørsmål om fortid, samtid og framtid. Musea er til for alle. Kunnskapen må gjerast tilgjengeleg og vere premiss for forminga av samfunnet. Gode samlingar er eit fundament for god formidling, og eit grunnlag for musea sin kritiske dialog med samfunnet. Ein føresetnad for høg standard i både samlingsforvalting og formidling, er forsking og kunnskapsutvikling. Menneska som arbeider i musea er dei som skal få dette til å fungere, og er den viktigaste ressursen når samfunns­ oppdraget skal utførast.

1 2

1 KunstLab (KODE - Kunstmuseene i Bergen). Foto: Dag Fosse

2 Fly på utstilling, Herdla museum (Museum Vest). Foto: Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 5


MÅL HOVUDMÅL I HORDALAND FYLKESKOMMUNE SIN MUSEUMSPOLITIKK:

Musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og ­organisasjonar, og vera ­profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid. Museumsplanen er i tråd med statens m ­ useum­spolitikk. Samtidig gjev regionale og lokale behov og forhold grunnlag for tilpassing av eigne mål og tiltak. Fylkeskommunen må i sterkare grad nytta musea som tydelege partnarar for den regionale utviklinga. Planen er bygd opp om kjerneområda fornying, forvaltning, forsking og ­kunnskaps­­utvikling, formidling.

6 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Fornying

Det bør vere eit sentralt fokus i kvart museum å engasjere seg i ­samfunnet ikring. Eit slikt engasjement synleggjer musea, gjev større publikum og eigeninntekter. Ei utfordring for musea er å få nok midlar til drift og ­investeringar. Eit viktig mål i planen er såleis at musea skal ha ein økonomi som set dei i stand til å kunne utføre ­samfunnsoppdraget sitt.

Forvaltning

Det må kome eit auka fokus på samlingane til musea, og ei sterkare prioritering av arbeidet med den immaterielle kulturarven og samtidsdokumentasjon.

Forsking og kunnskapsutvikling

Musea skal vere kunnskapsbaserte. Dei skal drive med ­forsking og kunnskapsutvikling.

Formidling

Kunnskapen skal kome samfunnet til del, den skal formidlast. Eit viktig satsingsområde er nettbasert formidling.

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 7


NI KONSOLIDERTE MUSEUM Hordaland fylkeskommune si museumssatsing skal i hovudsak skje gjennom dei ni konsoliderte musea. BARONIET ROSENDAL BERGENS SJØFARTSMUSEUM BYMUSEET I BERGEN HARDANGER OG VOSS MUSEUM KODE - KUNSTMUSEENE I BERGEN MUSEUM VEST MUSEUMSSENTERET I HORDALAND NORSK VASSKRAFT - OG INDUSTRISTADMUSEUM SUNNHORDLAND MUSEUM

8 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Tal frå 2011 viser at dei konsoliderte musea f­ orvaltar om lag: 500 kulturhistoriske bygningar

150 fartøy

Foto: Gunnar Furre, Museum Vest

Foto: Peter Helland-Hansen, Hardanger Fartøyvernsenter

650 000 gjenstandar og fotografi

200 nye utstillingar kvart år

Foto: Elisabeth Emmerhoff, Hardanger og Voss museum

Foto: David Aasen Sandved, Hordaland fylkeskommune

650 000 menneske besøkjer musea

I Hordaland er det også mange lokale ­museum og ­samlingar som ikkje er ein del av konsoliderte ­einingar. Desse har i utgangs­­­punk­­ tet­tre alternativ for­organisering: Kommunen/private driv museet/samlinga. ­ ommunen betalar eit regionalt ansvars­ K museum for å ta eit ­museumsfagleg ansvar. Museet vert teke inn i eit ­konsolidert ­museum.

Foto: Håkon Brattespe, Hardanger og Voss museum

Ordninga med regionale ansvarsmuseum er fylkeskommunen si hovudsatsing i høve kommunale og private samlingar. Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 9


Med utgangspunkt i historia og ­samfunnsutviklinga er det fire tema musea i Hordaland framover må ta mål av seg å fronta særskilt, både i nasjonal og ­inter­nasjonal samanheng: Kystkultur

Industri

Kunst

Immateriell kulturarv

S/J Mathilde tilhøyrer Hardanger Fartøy­ vernsenter. Mathilde vert mellom anna brukt til museumstokt og leirskuletokt. Foto: Olav Bjørkum, Hardanger ­Fartøyvernsenter

10 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


KYSTKULTUR

1 2

Kyst og hav er ein sentral dimensjon ved Noreg, og kystkulturen er eit av dei mest markante ­trekka ved Hordaland, samtidig som det også har ein inter­nasjonal karakter. Det er vedteken politikk i ­Hordaland fylkes­ kommune at arbeid med kystkultur og fartøyvern skal prioriterast. Styrkinga av dette fagfeltet må ­følgjast opp av kommunane. Museum Vest har i dag nasjonalt nettverksansvar for fagområdet fiskeri og kystkultur, og har slik ei sentral nasjonal rolle. Musea i Hordaland skal ha ei klar leiarrolle nasjonalt når det gjeld dokumentasjon, formidling og forsking på kystkultur, maritim industriutvikling og fartøyvern.

1 Kystkultur i samtid.

Foto: Swinsto 101/wikipedia

2 Frå Austevoll.

Foto: David Aasen Sandved, Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 11


INDUSTRI Med den rolla Hordaland har hatt og har i norsk kraftproduksjon og industrireising, er det gitt at dette er eit fagområde som musea i Hordaland bør ha eit særskilt ansvar for. Dette er også utprega internasjonal historie. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum forvaltar det freda kraftanlegget Tysso I i ­Tyssedal. ­Museet har kraft og industri som sine tema, og er eitt av to hovudmuseum­ i NVE si museumsordning. Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter (Museums­senteret i Hordaland) er også eit nasjonalt hovud­museum innan sitt felt.

Fleire andre museum i fylket fortel indu­ strihistorie. ­Sunnhordland har det siste ­hundreåret opplevd ei rivande maritim indus­trihistorie innan den mekaniske skips- og oljeindustrien. På dette feltet ligg store ­oppgåver innan dokumentasjon og formidling. Nyare industriutvikling peikar på at heilskapen i feltet må styrkast i musea. Fylkes­kommunen sin museums­politikk skal sørgje for å løfte desse museums­ tiltaka ytter­legare, i samarbeid med staten og kommunane.

Høgre: Museumssenteret i Hordaland, tekstilkonserveringsdelen, skal utviklast til eit nasjonalt konserveringssenter for tekstil. Her frå Salhus Tricotagefabrik (1859 - 1989). Foto: David Aasen Sandved, Hordaland fylkeskommune

Venstre: Sunnhordland ­museum er regionalt ­ansvarsmuseum med ­ fagleg ansvar for maritim industrihistorie i sitt område. Her frå Stord ­Maritime museum. Foto: Bjørn Arve Lunde, Sunnhordland museum

12 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 13


KUNST Med KODE - Kunstmuseene i Bergen som hovedaktør på området, er Hordaland langt framme når det gjeld å presentere interessant kunst frå ulike ­tidsperiodar. Baroniet Rosendal og Kabuso (Hardanger og Voss museum) er andre sterke aktørar. I eit nasjonalt perspektiv bør Hordaland ha ei stor rolle i forståinga av nasjonalromantikkens kunstnarar og i presentasjonen av samtidskunst. Hordaland fylkeskommune ønskjer å utvikle ein ­institusjonell infrastruktur for for­­­ midlinga av samtids­kunst i fylket. Her er det ønske­leg at KODE - Kunstmuseene

i Bergen tek leiarrolla. ­Samtidskunst kan vere ei brekkstong for å utvikle ­undringsog endrings­kompetanse i samfunnet, og ei styrking av feltet vil kunne bidra til auka innovasjon på andre samfunnsfelt. Museumsplanen legg vekt på at alle ­kunstuttrykk bør dekkast, og at den internasjonale dimensjonen skal vektleggjast. Dei nasjonale museumsnettverka vil vere eit ­nyttig fagleg supplement når det gjeld kunstformer som ligg utanfor det primære kompetanseområdet til dei ­konsoliderte musea.

Høgre: KODE - Kunstmuseene i Bergen skal styrkjast som tematisk ansvarsmuseum for felta biletkunst, arkitektur, ­design og komponist­ heimar. Frå Troldhaugen. Foto: Maria Tripodianos, KODE - Kunstmuseene i Bergen

Venstre: Kabuso (Hardanger og Voss museum) skal ha ei sentral rolle som arena for kunst og kunstformidling. Foto: Knut Markhus, ­Hardanger og Voss museum

14 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 15


IMMATERIELL KULTURARV Unesco-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven pålegg det norske samfunnet store forpliktingar i bevaring av immaterielle kulturuttrykk, og krav om å synleggjere og sikre respekt og anerkjenning for ikkje-materiell kultur. Immateriell kulturarv er i konvensjonen ­definert som praksis, framstillingar, ­uttrykk, gjenstandar, kulturgjenstandar og kulturelle rom som samfunnet, grupper og, i nokre tilfelle, enkeltpersonar anerkjenner som del av sin kulturarv. Kystkulturen er særs rik på denne typen kulturarv. Hordaland fylkeskommune har­­

gjennom støtte til og samarbeid med ­Hardanger fartøyvernsenter (Hardanger og Voss museum) og Oselvarverkstaden tatt vare på immateriell kunnskap knytt til det maritime. Hordaland har her vore nytenkjande, også i ein internasjonal målestokk. Handverkstradisjonar høyrer til den ­im­­­– materielle kulturarven, og det er ­viktig å både forvalte og utvikle desse ­tradi­sjonane. Hordaland fylkeskommune har etablert offensive satsingar, til dømes ­innan bygnings­ vern, folkemusikk og Economuseè. Musea er a ­ v­­gjerande for å utvikle dette vidare.

Høgre: Utvikling av kultur­ minnevern, bygningsvern og fartøyvern skal ha høg prioritet. Ordninga med bygningsvern­ konsulentar ved dei regionale ansvarsmusea er ei viktig fylkeskommunal og kommunal satsing. Foto: Arild Sætre, Museumssenteret i Hordaland

Venstre: Den formelle kompetansen innan immateriell kulturarv skal styrkast i musea. Foto: Voss Folkemuseum, Hardanger og Voss museum

16 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 17


NI PRIORITERTE TILTAK Finansiering - drift og investeringar Dei konsoliderte musea melder om eit stort samla ­behov for drifts- og investeringsmidlar. Ein tek sikte på å auke overføringane av driftsmidlar til musea frå budsjettåret 2012. Musea må på si side gå ­gjennom organisasjonane og verksemda for å

effektivisere og målretta drifta. Det må vurderast ytterlegare stordriftsfordelar gjennom administrative fellesløysingar. Organisasjonsutvikling vil vere ei viktig og kontinuerleg opp­gåve, og det er forventa at musea prioriterer dette innanfor dei auka driftsmidlane.

Dei konsoliderte musea i Hordaland har store utfordringar i å ta vare på dei kulturhistoriske bygga. Mølstertunet på Voss folke­museum (Hardanger og Voss museum) er eitt av mange museums­anlegg i Hordaland som er krevjande å drive. Foto: Erlend Hofstad, Hordaland fylkeskommune

18 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Styrking av regionale ansvarsmuseum

Regionale ansvarsmuseum:

Fem av dei konsoliderte musea er regionale ­ansvars­­­­­­­­museum. Ein stor del av musea i Hordaland vil ­gjennom planperioden framleis stå utanfor dei ­konsoliderte ­einingane. Desse skal no kunne søkje ­rett­leiing hjå ­regionale ­ansvarsmuseum.

Museum Vest - Askøy, Fjell, Sund, Øygarden Bymuseet i Bergen - Bergen, Fusa, Os, Samnanger Hardanger og Voss museum - Eidfjord, Granvin, ­Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik, Voss Museumssenteret i Hordaland - Austrheim, Fedje,

Hordaland fylkeskommune tar eit økonomisk ansvar, ­under føresetnad av at kommunar som mottar tenester frå regionalt ansvarsmuseum, er med i eit spleiselag.

Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy, ­Osterøy, Vaksdal Sunnhordland museum - Bømlo, Etne, Fitjar,

Satsinga er også svar på dei utfordringane som ­demografiske endringar i Hordaland fører med seg.

FEDJE

MASFJORDEN

AUSTRHEIM

­Kvinnherad, Stord, Sveio, Austevoll, Tysnes

MODALEN

VAKSDAL

RADØY LINDÅS

VOSS

MELAND ØYGARDEN

OSTERØY

GRANVIN

ASKØY

ULVIK

FJELL

BERGEN

OS

SUND

SAMNANGER

KVAM

EIDFJORD FUSA

JONDAL

ULLENSVANG

AUSTEVOLL TYSNES KVINNHERAD FITJAR

ODDA STORD

BØMLO

ETNE

Museum Vest Bymuseet i Bergen Hardanger og Voss museum Museumssenteret i Hordaland Sunnhordland museum

SVEIO

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 19


Styrking av tematiske ansvarsmuseum KODE - Kunstmuseene i Bergen, Norsk Vasskraft- og Industri­stadmuseum og Baroniet Rosendal skal ha ei rolle som tematiske ansvarsmuseum innan sine ­spesialområde, med eit fagleg ­ansvar for desse over heile fylket. Definering av kvart av musea sine ­tematiske ­oppgåver, og rolledeling mellom tema og geografi er ei vesentleg arbeids­ oppgåve i tiltaket. Dette må avklarast i eit ­samarbeid mellom Hordaland fylkes­ kommune, ­kommunar og dei tematiske ansvarsmusea.

KODE - Kunstmuseene i Bergen har sterk internasjonal kompe­tanse og skal i planperioden etablere ein ­regional navfunksjon innan feltet biletkunst, arkitektur, design og komponistheimar. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum skal halde fram arbeidet med å byggje kompetanse innan vass­kraft, industri og industristad. Baroniet Rosendal har ein stor aktivitet som kultur­operatør, som saman med det unike anlegget og ­kulturlandskapet gjer at dette er eit særmerkt museum.

Kraft- og industriutviklinga i Noreg på byrjinga av 1900-talet er godt dokumentert i Tyssedal kraftanlegg og industriverksemda i Odda . Foto: Harald Hognerud, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

20 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern Av 33 kommunar i Hordaland har berre Bergen eiga kulturminneavdeling (Byantikvaren). Dette gjev eit ­sår­­­bart kulturminnevern på lokalt nivå. Med betre kultur­minne­ kompetanse i kommunane kan feltet handterast og utviklast betre. Gjennom sitt ansvar på kulturminne- og museumsfeltet er fylkeskommunen i ei særstilling for å gjennomføre slik samordning. Musea i Hordaland har allereie ei sterk rolle i kulturminnevernet, og eit ­styrka samband med lokal forvaltning på kulturminnefeltet har mange føremonar. Ordninga med bygningsvernkonsulentar ved dei fem regionale ansvarsmusea skal vere eit satsingsområde. Musea skal i større grad retta sine ressursar utover, og ta ei sterkare samfunnsrolle. Det er eit viktig prinsipp i ordninga at musea skal vere ein kompetanseberar og ressurs, men dei skal ikkje ­utføre noko form for lovheimla forvalting. Dette ligg i ­offentlege organ. Kommunar og fylkeskommune ­hentar inn råd og rettleiing i enkeltsaker frå musea, og fattar lovheimla vedtak. Musea i Hordaland har store bygningssamlingar med høg kulturminneverdi, slik som Damsgård, Alvøen, ­Gamle Bergen, Agatunet og Havråtunet. Desse kan berre sikrast dersom museet har høg kultur­minne­kompetanse. Som offentleg tilgjengelege stader står musea i ei særstilling for å vise fram korleis det ­praktiske bygningsvernet kan utførast.

Interiør frå Gamle Bergen, Bymuseet i Bergen.

Foto: Ingrid Brandal Olsen, Hordaland fylkeskommune

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 21


Etablering av hardingfelesenter Med den sentrale rolla Hardanger har i høve harding­fela, har Hordaland eit ansvar for denne høgst ­levande delen av den immaterielle kulturarven. Det bør opp­rettast eit nasjonalt senter for hardingfela i Hardanger, med formid­ ling av den levande kunsten som føremål. ­Gjennom eit forprosjekt skal ein utgreie oppretting av eit slikt ­senter. Forprosjektet skal vurdere innhald, omfang og i kva grad senteret skal ha ei museums­fagleg for­ankring, eller om hovudvekta skal liggje på kunstutøving og ­tradering av kunnskap.

Etablering av senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda I Noreg er det i liten grad bevart arkiv etter større ­industri­­­­­­verksemder og industrimiljø, og det er få ­institusjonar som har kapasitet eller kompetanse til å ­bevare store industri­ arkiv. Det er grunnlag for eit ­nasjonalt senter for dette, og planen går inn for ­lokalisering i Odda. Verksemda må vere vitskapleg og ­forskingsbasert. Norsk Vasskraft- og Industristad­museum skal ha eit overordna ansvar for ­etablering og drift, og senteret skal gå inn som ein integrert del av det samordna nasjonale og regionale privatarkiv­ arbeidet.

Hardingfele.

Foto: Hordaland fylkeskommune

22 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Felles plan for ­samlingsforvaltinga Musea i Hordaland skal lage ein felles plan for samlings­­­­­­ forvaltinga, som omhandlar både innsamling og ­for­valting av eksisterande samlingar, inkludert kulturlandskap.­­Museum som er utanfor dei konsoliderte einingane bør også vere med. Tiltaket skal gje ei samla oversikt­ over samling­ane, ein må utvikle system og ­rutinar for samhandling, og få i stand ei tydeleg arbeidsdeling­ slik at samlingsforvaltinga­ vert meir rasjonell. Bevaringstenestene, Museums­senteret i Hordaland, skal ha ei koordinerande rolle.

Forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen og dei konsoliderte musea Forskingssamarbeid og samarbeidsprosjekt ­mellom Universitetet i Bergen/Universitetsmuseet i Bergen og dei ­konsoliderte musea må prioriterast. Forskinga skal sjåast i samanheng med innsamlingsplanar, og ha overføringsverdi mellom dei ulike fagmiljøa. Det ­regionale forskings­ fondet må innrettast slik at også musea kan søkje om ­forskingsmidlar her.

Musea i samfunnsdebatten Musea skal vere profilerte samfunnsaktørar, og ­medverke til kritisk refleksjon. Kunnskap og ­fortolkingar av fortida som musea sit på, vil ofte vere relevant ­info­r­masjon i samfunnsdebatten, og det er viktig at denne kjem fram, både i den allmenne debatten, men også som faktagrunnlag i offentleg forvalting. Musea skal setje dagsorden. Dette må implementerast i musea sine planar og strategiar, og ­konkretiserast i musea sine budsjettsøknader.

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 23


HANDLINGSPLAN Handlingsprogrammet skal gjennomførast innanfor rammene av kvart årsbudsjett, og skal rullerast kvart år.

FORNYING DELMÅL

MUSEA SKAL HA EIN ØKONOMI SOM SET DEI STAND TIL Å KUNNE UTFØRE SITT SAMFUNNSOPPDRAG.

TILTAK 1

Finansiering - drift og investeringar. Ein tek sikte på å auke overføringane av driftsmidlar frå budsjettåret 2012. Musea må gå gjennom organisasjonane og verksemda med tanke på å effektivisere og målrette drifta, og prioritere organisasjonsutvikling.

TILTAK 2

Kulturelt utviklingsprogram (KUP). Musea i Hordaland kan søkje om midlar ­gjennom KUP. Det føreset at ordninga vert styrka med eige finansiert programområde ­øyremerkt museumssektoren som oppfølging av handlingsplanen.

DELMÅL

MUSEA SKAL UTVIKLAST SOM SOLIDE ORGANISASJONAR SLIK AT DEI BEST MOGLEG KAN UTFØRE SITT SAMFUNNSOPPDRAG.

TILTAK 3

Museumsstrukturen - vurdering av vidare konsolideringar. På grunn av sine særstillingar skal Baroniet Rosendal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og Bergens Sjøfartsmuseum framleis vere eigne ­museumseiningar i planperioden.

TILTAK 4

Museum utanom dei konsoliderte musea - samarbeidsordningar. Enkelte mindre ­museum vil i planperioden kunne nå ein slik fagleg og økonomisk standard at dei kan gå i forhandlingar med eit konsolidert museum om å bli tekne inn her.

DELMÅL

MUSEUMSPOLITIKKEN SKAL FORANKRAST I REGIONALE TILHØVE. GJENNOM ­STYRKING AV REGIONALE ANSVARSMUSEUM OG TYDELEGGJERING AV DEN ­REGIONALE ROLLA, SKAL ALLE MUSEUMSVERKSEMDER I HORDALAND FÅ EIT FAGMILJØ Å HALDE SEG TIL. SOM EIN DEL AV DETTE, MÅ DET SKJE EI FORMALISERING OG STYRKING AV DET KOMMUNALE ENGASJEMENTET PÅ MUSEUMSOMRÅDET.

TILTAK 5

Styrking av regionale ansvarsmuseum. Fem av dei konsoliderte musea vert regionale ­ansvarsmuseum, og skal styrkjast slik at dei kan fylle denne rolla. Musea må vere i stand til å kombinere tematisk ansvar med regionale oppgåver.

24 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


TILTAK 6

TILTAK 7

Ivaretaking av frivillig sektor. Frivillige tiltak skal inngå i ei heilskapleg planlegging av ABM-sektoren basert på rollefordeling, og kunne opprette samarbeidsordningar med regionale og tematiske ansvarsmuseum. Styrking av Hordaland fylkeskommune si rolle overfor musea. For å kunne gje fylkeskommunen ei meir aktiv rolle i høve musea, vert det oppretta ei stilling som museumsrådgjevar. Det er etablert faste dialogmøte mellom musea og Hordaland fylkeskommune.

DELMÅL

FAGLEGE ANSVARSMUSEUM SKAL HA KLART DEFINERTE ROLLER ­­­­­­­ I MUSEUMSLANDSKAPET.

TILTAK 8

Styrking av tematiske ansvarsmuseum. KODE - Kunstmuseene i Bergen, Norsk Vasskraft- og ­Industristadmuseum og Baroniet Rosendal skal ha ei rolle som tematiske ansvarsmuseum innan sine spesialområde, og ha eit fagleg ansvar for desse over heile fylket.

TILTAK 9

Klargjering av Universitetsmuseet i Bergen si regionale rolle. Det bør skje ei ­bevisstgjering om at Universitetsmuseet i Bergen som regionalt kompetanse- og formidlingssentrum skal ha ei sentral rolle blant dei andre musea i fylket.

DELMÅL

DET SKAL STIMULERAST TIL SAMARBEID OG NYE TILTAK SOM KAN STYRKE DAGENS MUSEUMSARBEID NASJONALT OG INTERNASJONALT.

TILTAK 10

Museum får ansvar for formidling av verdsarv. Formidlingsansvar for verdsarvstaden Bryggen vert lagt til Bymuseet og Museum Vest, Vestnorsk fjordlandskap (Voss) til ­Hardanger og Voss museum, og Odda smelteverk/Tysso1 (om dette får verdsarvstatus) til Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

TILTAK 11

Vidareutvikling av økonomuseum (Economuseé). Trinn 2 i ENE-Economuseeprosjektet skal gjennomførast, og dei etablerte musea i fylket skal vere meir involverte i vidareføringa. Ein skal i samspel med museumssektoren finne modell for framtidig organisering.

TILTAK 12

Stimulere musea til å ta del i internasjonalt arbeid. Hordaland fylkeskommune vil ­tydeleggjere sin internasjonale strategi i samband med Regionalplan for kultur, og gå i dialog med ­musea om dette. Hordaland fylkeskommune vil ta initiativ til etablering av ei faggruppe for ­Vestlandet si internasjonale historie.

TILTAK 13

Etablering av nettverk for mellomalderklostera og pilgrimskyrkjene på Vestlandet. Det skal etablerast eit nettverk for mellomalderklostera og pilgrimskyrkjene på Vestlandet, der Sunnhordland museum vert ein sentral aktør.

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 25


FORVALTNING DELMÅL

MUSEA SKAL STYRKJAST I ARBEIDET MED KULTURMINNEVERN, BYGNINGSVERN OG FARTØYVERN.

TILTAK 14

Utvikling av kulturminnevern, bygningsvern og fartøyvern. Musea skal i større grad rette sine ressursar utover, og ta ei sterkare samfunnsrolle. Eksisterande ordning med bygningsvernkonsulentar skal styrkjast ved fem av dei konsoliderte musea.

DELMÅL

MUSEA SINE SAMLINGAR SKAL SIKRAST OG BEVARAST BEST MOGLEG OG GJERAST TILGJENGELEG FOR PUBLIKUM OG FOR FORSKING.

TILTAK 15

Utviding og utvikling av Bevaringstenestene, Museumssenteret i Hordaland. Talet på tilsette må aukast, og ein må ­arbeide for å utvide magasina. Tekstilkonserveringsdelen skal utviklast til å bli eit nasjonalt konserveringssenter for tekstil.

TILTAK 16

Utgreiing av nye fellestenester for bevaring og konservering av større gjenstandar. Eit forprosjekt skal utgreie kvar og korleis ei etablering av fellesmagasin for større gjenstandar bør skje, med utgangspunkt i at etablering skal skje i løpet av planperioden.

TILTAK 17

Utgreiing av nye fellestenester for fotografi. Gjennom eit forprosjekt skal det utgreiast etablering av ei fellesteneste for magasinering og konservering av fotografi.

TILTAK 18

Nye fellestenester for konservering av biletkunst og skulptur. KODE - Kunstmuseene i Bergen har sett i gang ­arbeid for å møte eigne behov for magasinering og konservering av biletkunst og skulptur. ­ Tiltaket bør ­etablerast som ei fellesteneste for musea i Hordaland.

TILTAK 19

Nye fellestenester for konservering av papir, digitalisering og bevaring av elektroniske data og elektronisk ­skapte arkiv. Bergen byarkiv får ansvar for å yte regionale fellestenester innanfor konservering av papirkunst, bøker og dokument.

TILTAK 20

Etablering av Senter for industriarkiv og industrihistorie i Odda. Norsk Vasskraft– og Industristadmuseum skal ha eit overordna ansvar for etablering og drift, og senteret skal gå inn som ein integrert del av det samordna nasjonale og regionale privatarkivarbeidet.

TILTAK 21

Registrering og formidling av arkiv. Det bør etablerast ein rammeavtale med Stiftelsen ASTA for musea i ­Hordaland. Alle musea må få tilgang til å registrere sine samlingar online i programvara ASTA.

TILTAK 22

Ordning og registrering av museumsbiblioteka. Det skal opprettast ein felles bibliotekkatalog for musea i ­Hordaland, og boksamlingane skal deretter ordnast og registrerast. Den fysiske ordninga og registreringa av samlingane på musea skal organiserast som prosjekt.

TILTAK 23

Forvaltning av kunstnarheimar. Det bør vere ei oppgåve for museum og abm-sektoren i samarbeid med eigar, å sikre og dokumentere kunstnarheimar i privat eige.

TILTAK 24

Sorenskrivargarden på Hesthamar.

26 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


TILTAK 25

Oppretting av eit nasjonalt jordskiftesenter. Det skal opprettast eit nasjonalt jordskiftesenter med ein sterk samfunnsmessig profil, lokalisert til Agatunet. Senteret skal vere eit bindeledd mellom museum (kulturlandskap og kulturhistorie), forvaltning og forsking.

TILTAK 26

Kulturlandskap. Kulturlandskap skal reknast som ein del av musea sine samlingar på line med bygningar og gjenstandar. Bevaring, dokumentasjon, forsking, skjøtsel og formidling av kulturlandskap skal få auka fokus i planperioden.

DELMÅL

FORVALTINGA AV SAMLINGANE KNYTTE TIL KRIGS-, OKKUPASJONS- OG FORSVARSHISTORIE SKAL STYRKAST, SAMAN MED AUKA FORSKING OG FORMIDLING INNAN FAGFELTET.

TILTAK 27

Krigs-, okkupasjons- og forsvarshistorie. Museum Vest har eit koordinerande ansvar for temaet krigs-, ­okkupasjons- og forsvarshistorie, og må styrkjast i høve til denne rolla, og til dei løft som må gjerast ved Herdla torpedobatteri, Fjell festning og Espeland fangeleir.

DELMÅL

MUSEA SKAL STYRKJE ARBEIDET MED SAMTIDA OG NYARE HISTORIE

TILTAK 28

Samtidsdokumentasjon og nyare historie. Det påkviler musea eit særleg ansvar å ­handtere den delen av ­historia som ein erfarer og tek del i.

DELMÅL

SAMLINGANE SKAL RYKKJE NÆRMARE PUBLIKUM

TILTAK 29

Utlån og deponi til kommunane. Universitetsmuseet i Bergen har ei stor mengd gjenstandar henta frå Hordaland og andre deler av Vestlandet. I tilfelle der faglege tilhøve talar for det, bør slike kunna lånast ut eller deponerast. Det er ønskjeleg at Universitetsmuseet i Bergen lagar ein formidlingsplan for dette.

TILTAK 30

Digitalt museum og interaktiv kommunikasjon med publikum. Arbeidet med digitalisering må prioriterast, og musea i Hordaland bør vere i fremste rekkje på feltet. IKT-kompetansen i musea må aukast, og musea må samarbeide om infrastruktur.

TILTAK 31

Utgreiing av nye fellestenester for IKT. Musea har meldt inn ønskje om å opprette ei fellesteneste innan IKT, og dette skal utgreiast i planperioden, i den form at ein lagar ein regional IKT-strategi.

DELMÅL

SAMLINGSFORVALTINGA VED MUSEA I HORDALAND MÅ KOORDINERAST, OG SOM EIN DEL AV DETTE MÅ DET SKJE EI PRIORITERING AV SAMLINGANE.

TILTAK 32

Felles plan for samlingsforvaltinga. Musea i Hordaland skal lage ein felles plan for samlingsforvaltinga, som omhandlar både innsamling og forvalting av eksisterande samlingar, inkludert kulturlandskap. Bevaringstenestene, MUHO, skal ha ei koordinerande rolle.

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 27


FORSKING OG KUNNSKAPSUTVIKLING DELMÅL

MUSEA SKAL STYRKJAST INNAN FORSKING OG KUNNSKAPSUTVIKLING, OG MÅ HA PLANVERKTØY SOM DEFINERER ARBEIDET

TILTAK 33

Plan for forsking og kunnskapsutvikling. Musea skal prioritere arbeid med forsking og kunnskapsutvikling, og utarbeide planar for desse oppgåvene. Desse må koordinerast innbyrdes, også med forskings­miljøa utanom musea.

DELMÅL

MUSEA SKAL AUKE FORSKINGSSAMARBEIDET, BÅDE I MUSEUMSNETTVERKET OG MELLOM MUSEA OG FORSKINGSMILJØ I KUNNSKAPSSEKTOREN

TILTAK 34

Forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen og dei konsoliderte musea. Forskingssamarbeid og ­samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen/Universitetsmuseet i Bergen og dei konsoliderte musea ­ må prioriterast.

TILTAK 35

Master- og doktorgradsstipend for bruk i musea. Hordaland fylkeskommune opprettar ein årleg pott på kr. 200.000 som skal fordelast på åtte studentar som utfører masteroppgåver innan forskingsprosjekt ved musea.

DELMÅL

FORSKING, KUNNSKAPSUTVIKLING OG FORMIDLING INNAN IMMATERIELL KULTURARV SKAL PRIORITERAST

TILTAK 36

Etablering av Hardingfelesenter. Gjennom eit forprosjekt skal ein utgreie etablering av eit hardingfelesenter i Hardanger, med bakgrunn i at Hordaland har eit spesielt ansvar for å ta vare på denne delen av den immaterielle kulturarven.

TILTAK 37

Kompetanseheving innan immateriell kunnskap. Den formelle kompetansen innan ­immateriell kulturarv skal styrkjast gjennom samarbeid mellom dei konsoliderte musea, og institusjonar som Vestnorsk kulturakademi, Norsk handverksutvikling og Høgskolen ­­­­i Bergen .

TILTAK 38

Mangfaldsperspektivet. Dokumentasjon og formidling av og til det fleirkulturelle samfunnet må vere ein ­integrert del av musea sitt virke, og takast inn i musea sitt planverktøy. Mangfaldsomgrepet inkluderer ulike ­aldersgrupper, by og land, ulike skriftkulturar m.m.

28 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


FORMIDLING DELMÅL

MUSEA SKAL NÅ PUBLIKUM MED KUNNSKAP OG OPPLEVING OG VERE TILGJENGELEG FOR ALLE.

TILTAK 39

Styrking av digital formidling. Satsinga på nettbasert formidling skal aukast. Hordaland fylkeskommune skal vurdere å øyremerke midlar i budsjettet til dette føremålet, og tildele midlar i høve til behov og planar som blir lagt fram i budsjettsøknadene frå musea.

TILTAK 40

Prosjekttilskot til basisutstillingar. Det er eit generelt behov for å oppgradere basisutstillingane ved musea. For å møte dette behovet skal Hordaland fylkeskommune vurdere å opprette ein eigen budsjettpost til dette føremålet.

TILTAK 41

Universell utforming. Musea må innrette seg etter påboda i diskriminerings- og tilgjengelegheitslova. Fylkeskommunen skal gjennom sin museumspolitikk stimulere til gjennomføring av tiltak for universell utforming.

DELMÅL

MUSEA SKAL VERE AKTUELLE, OG TA EI AKTIV ROLLE I SAMFUNNSDEBATTEN.

TILTAK 42

Musea i samfunnsdebatten. Musea skal løfte inn sin kunnskap og kompetanse i samfunnsdebatten, og setje dagsorden gjennom formidlingstiltak. Dette må implementerast i musea sine planar og strategiar, og konkretiserast i musea sine budsjettsøknader.

TILTAK 43

Fellestenester for publikumsutvikling. Ein skal vinne kunnskap om musea sitt publikum, både det ­eksisterande og det potensielle, med mål om at det også skal gje auka publikumsoppslutning. Norsk publikums­utvikling bør koplast inn i dette arbeidet.

TILTAK 44

Medverknad ved store jubileum. Musea bør vere kreative og aktive i planlegginga av prosjekt og arrangement­ i tilknyting til større jubileum. I planperioden er grunnlovsjubileet i 2014 den største av slike hendingar.

DELMÅL

MUSEA SKAL HA MÅLRETTA FORMIDLINGSTILTAK OG TILRETTELEGGING FOR ULIKE GRUPPER, MED VEKT PÅ BORN OG UNGE.

TILTAK 45

Den kulturelle skulesekken. Det skal opprettast ei faggruppe i DKS for formidling i museum, og denne skal vurdere tiltak og produksjonar innan feltet museum og kulturminne. Særleg skal musea få ei sterkare rolle som produsent av vandreutstillingar for DKS.

TILTAK 46

Musea og reiselivet. Musea og reiselivsfeltet må saman gå nærmare inn og utgreie musea som attraksjonar og reisemål. Musea må inn i planprosessen kring utarbeiding av Reiselivsplanen for Hordaland.

Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 29


Foto: Bymuseet i Bergen

30 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune 31


FULLVERSJON AV REGIONAL PLAN FOR MUSEUM 2011-2015: www.hordaland.no/Publikasjonar 32 Regional plan for museum 2011-2015 / Hordaland fylkeskommune


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.