MATAUK & GORTTO

Page 1

MATAUK & GORTTO NOKRE FUGLAR OG FUGLENAMN

STORFJORD SPRÅKSENTER


MATAUK & GORTTO NOKRE FUGLAR OG FUGLENAMN FRÅ OMRÅDET VÅRT SOAMES LOTTIT JA LODDENAMAHUSAT MIN GUOVLLUS MUUTAAMPI LINTU JA LINTUNIMI MEILLÄ KÄSIN

FØRSTE OPPLAG 2011 UTGITT AV STORFJORD SPRÅKSENTER Storfjord kommune · Rådhuset · 9046 OTEREN Tlf: 77 21 28 00 · Fax: 77 21 28 01 post@storfjord.kommune.no · www.storfjord.kommune.no www.spraaksenter.no

STORFJORD KOMMUNE 2011


INNHALD:

Smålom Storlom Sangsvane Grågås Brunnakke Krikkand Stokkand Stjertand Toppand Bergand Ærfugl Havelle Laksand Kongeørn Tjeld Heilo Brushane Storspove

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18

19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36

Gråmåke Rødnebbterne Alkekonge Lundefugl Gauk Dvergspett Sandsvale Linerle Fossekall Blåstrupe Nøtteskrike Skjære Kråke Ramn Stare Kjøttmeis Dompap Snøsporv

design.no

Grafisk formgiving: Colibri design Trykk: Lundblad Media AS, Tromsø Papir innmat: 200gr. G-print. Papir omslag: Trucard 280gr.


KUNSTNARANE BAK FUGLEUTSTILLINGA 2 klasse 2009-2010 Skibotn skole Lærar: Liv Johansen Oskar Rask Brox Sigrid Kristine Båhl John Aage Hamnvik Lars Seppola Haugan Tommy Jakobsen

Ramona-Isabell Johnsen Joachim Nordahl Johnsen Rikke Sivertsen Kvalberg Kristian Garfjell Lambela Sivert Finnstø Østeggen

2 klasse 2010-2011 Skibotn skole Lærar: Caroline Soini Farham Akbariparast Alise Soini Bruvold Matin Feizi Maiken Garfjell Marie Synnøve Isaksen Nikolas Jacobsen Fagerli Kristine Koht

Niilo Mattila Maja Nikolaisen David Pedersen Brage Stenseth Ottar Storaas Joakim Sørensen Dan O. Teklizghai

2 klasse 2009-2010 Hatteng skole Lærar: Rune Utby Iben Bech Tanja-Celin Berntsen Ayla Nathalie Engvoll Thomas Tillnes Fagerhaug Anders Johansen Lockert Jonas Solås Lockert

Beate Moldstad Emilie Myrhaug Kristin Nystad Anja Helen Angell Rognli Jacob Andreas Seppola


FØREORD Storfjord språksenter er svært stolte av å kunne lansere denne lille fugleboka. Fuglenamna i denne fugleboka er presenterte på norsk, latin, nordsamisk, finsk og kvensk. Det overordna målet med prosjektet er å dokumentere og distribuere lokale fuglenamn på samisk og kvensk. Fuglar med lokale samiske og kvenske namn har ein naturligvis hatt eit forhold til i våres område. Definisjonen på dette våres område er riktignok ganske breidt, og strekk seg i kvart fall frå havet til Karesuando-området. Det er 36 fuglearter som er presenterte i denne boka. Vi har valt å vektleggje dei fuglane vi har hatt fleirspråkleg namnedokumentasjon på. Vi har også tatt med fugleartar som vi veit lokalbefolkninga har eit spesielt forhold til. Alle fuglebileta i denne fugleboka er måla av elevar i 2. klasse i Storfjord. Første fugleprosjekt vart gjennomført i mai 2010 i 2.klasse på Skibotn skole. I 2011 gjennomførte vi fugleprosjektet på ved både Skibotn skole og Hatteng skole. Det er altså tre ulike elevgrupper som har deltatt og bidratt. Forhåpentleg har fugleprosjektet auka kunnskapen og medvitet om fuglane våre og artsnavna deira. Takk til kontaktlærarane Liv Johansen, Caroline Soini og Rune Utby for velvilje og samarbeid, og ei stor takk til dei fantastiske kunstnarane som har laget bileta. Takk også til Ivar Johnsen for korrektur og kommentarar.

Storfjord språksenter ved Sven Mannela og Silja Skjelnes-Mattila


FOR Å BRUKE BOKA Vi ønsker med denne fugleboka, i tillegg til å dele fleirspråkleg fuglenamnmateriale og herlege artsbilete med deg, også fortelje litt om lokal kulturhistorie. I denne fugleboka er artane presentert med tre ulike symbol. MATAUK-FUGL Desse fuglane åt vi før i tida. Dette skal ikke forståast som ei oppfordring til å koke og tyggje. GORTTO-FUGL Svært mange fuglar blir forbunde med overtru. Dei kan varsle vér eller komme med varsel om sjukdom og ulykker. Dei vi har hørt historier om, har vi merkt med dette ikonet. BØLA-FUGL Desse fuglane meiner vi at du skal vere litt forsiktig med. Dei kan kanskje vere spesielt hissige reirvaktarar eller vere litt nebbete. For så vidt oppfordrar vi alle til å vere snille og greie mot fuglane våre. I slutten av boka har vi nokre blanke sider. Her kan du teikne inn nye fuglar og skrive inn fuglenamn som du høyrer og lærer. De som sit med kunnskap om lokale fuglenamn eller historier knytte til fuglar, vert oppfordra på det varmaste å ta kontakt med Storfjord språksenter.


1

Kunstnar: Marie Synnøve Isaksen · Skibotn skole · April 2011

SMÅLOM

Gavia stellata

SAMISK: GÁHKKOR KVENSK/FINSK: KAAKKURI

VISSTE DU AT Lomfuglene har veldig harde nebb, hardare enn stål, sa ein før i tida. Nebba vart faktisk brukte som pilspissar. Smålommen kan også late som han er daud. Dersom du er så uheldig og får ein smålom for eksempel i fiskegarn, så skal du nærme deg veldig varsamt.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


2

Kunstnar: Maiken Garfjell · Skibotn skole · April 2011

STORLOM

Gavia arctica

SAMISK: DOVTTA KVENSK: TOHTAJA FINSK: KUIKKA

VISSTE DU AT I tillegg til at nebbet til storlommen ble brukt til pilspisser, lagde man også tobakksposer av den flotte fjærdrakta. I tillegg til at skinnposen var staselig, hindret den også at tobakken tørket ut.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


3

Kunstnar: Maja Nikolaisen · Skibotn skole · April 2011

SANGSVANE

Cygnus cygnus

SAMISK: NJUKCA KVENSK: JOUKHAINEN FINSK: LAULUJOUTSEN

VISSTE DU AT Svanene er kjende for å vere tru kjærestar, eller monogame som vi kallar dei. Dersom ei svane mister partnaren sin, så sørgjer ho i årevis. Det er mye overtru knytt til svanene. Det er sagt at den som drep ei svane, vil bli ramma av alvorlege ulykker.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


4

Kunstnar: Farham Akbariparast · Skibotn skole · April 2011

GRÅGÅS

Anser anser

SAMISK: RÁNESCUONJÁ KVENSK: ISOHANHI FINSK: MERIHANHI

VISSTE DU AT I tillegg til at grågås var god mat, visste ein også å utnytte egga til mat og dun til å lage puter.

MATAUK

GORTTO

BØLA


5

Kunstnar: Nikolas Jacobsen Fagerli · Skibotn skole · April 2011

BRUNNAKKE

Anas penelope

SAMISK: SNÁRTTAL KVENSK/FINSK: HAAPANA

VISSTE DU AT Før i tida var det vanleg å jakte på brunnakke. Men brunnakka vart ikkje rekna for å vere ein særleg god matfugl. Kjøttet er nemleg svært magert.

MATAUK

GORTTO

BØLA


6

Kunstnar: Kristine Koht · Skibotn skole · April 2011

KRIKKAND

Anas crecca

SAMISK: CIKSA KVENSK/FINSK: TAVI

VISSTE DU AT Krikkanda er den minste av andefuglane våre. Det latinske og det norske namnet har ho fått av at ho lagar ein krikke-lyd.

MATAUK

GORTTO

BØLA


7

Kunstnar: Niilo Mattila · Skibotn skole · April 2011

STOKKAND

Anas platyrhynchos

SAMISK: DUORŠU KVENSK: PUNASUORSA FINSK: SINISORSA

VISSTE DU AT Stokkanda har vore og er kanskje den viktigaste andefuglen vi jaktar på. Det kvenske navnet punasuorsa ’raudand’ speglar den raudbrune fjærdrakta til hofuglen. Det finske namnet sinisorsa ’blåand’ har fått namnet sitt frå hetta til hannfuglen.

MATAUK

GORTTO

BØLA


8

Kunstnar: Dan O.Teklizghai · Skibotn skole · April 2011

STJERTAND

Anas acuta

SAMISK: VUOJAŠ KVENSK: TÄISUORSA FINSK: JOUHISORSA

VISSTE DU AT Det kvenske navnet tyder direkte omsatt ’luseand’. Stjertanda har rett nok ikkje lus, men vart ansett å vere den absolutt dårlegaste mataukefuglen. Kjøttet er endå magrare enn hos brunnakka.

MATAUK

GORTTO

BØLA


9

Kunstnar: Brage Stenseth · Skibotn skole · April 2011

TOPPAND

Aythya fuligula

SAMISK: VUOKTAFIEHTA KVENSK: KÄRRÖSORTTI FINSK: TUKKASOTKA

VISSTE DU AT Toppanda er ein dyktig dykkar og ho har ein utruleg reaksjonsevne. Det er sagt at toppanda faktisk klarer å dykke unna skudda frå jegaren.

MATAUK

GORTTO

BØLA


10

Kunstnar: Joakim Sørensen · Skibotn skole · April 2011

BERGAND

Aythya marila

SAMISK: STUORRAFIEHTA KVENSK: ISOSORTTI FINSK: LAPASOTKA

VISSTE DU AT Berganda er ein hissig fugl, og ho er slettes ikkje glad i revar. Både revar og revefarga hundar kan vente seg eit angrep frå berganda dersom dei kjem for nærme.

MATAUK

GORTTO

BØLA


11

Kunstnar: Sigrid Kristine Båhl · Skibotn skole · Mai 2010

ÆRFUGL/EA/E-KALL

Somateria mollissima

SAMISK: ÁKTA/HÁVDA KVENSK: AUTTI / LIKKA FINSK: HAAHKA

VISSTE DU AT Ærfuglen har vore ei viktig kjelde for både egg og dun. Duna var svært verdifu(g)l og ettertrakta av kongelege i heile Europa. Fordi duna var så viktig, passa ein svært godt på ærfuglane. Det var nærmast ei dødssynd å skyte dei.

MATAUK

GORTTO

BØLA


12

Kunstnar: David Pedersen · Skibotn skole · April 2011

HAVELLE

Clangula hyemalis

SAMISK: HANNÁ KVENSK/FINSK: ALLI

VISSTE DU AT Havella har ein utruleg vakker song. Når dei er i store flokkar, kan dei høyrast som eit kor som syng. Det er laga fleire joikar som tar utgangspunkt i lyden frå havella. Både det samiske og det kvenske/finske namnet hermer lyden til fuglen.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


13

Kunstnar: Kristin Nystad · Hatteng skole · Mai 2011

LAKSAND

Mergus Merganser

SAMISK: GUSSAGOALSI KVENSK: LEHMÄKOSKELO FINSK: ISOKOSKELO

VISSTE DU AT Laksanda har ikke vore ein populær matfugl i det heile tatt. Laksanda et fisk og dermed smakar ho som fisk også.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


14

Kunstnar: Christian Aleksander Johansen · Hatteng skole · Mai 2011

KONGEØRN

Aquilia chrysaetos

SAMISK: GOASKIN KVENSK: KOTKA FINSK: MAAKOTKA

VISSTE DU AT Alle kjenner vel den majestiske, enorme kongeørna. Ho er glad i all slags kjøtt, og ho et gjerne reinsdyr, sau og hare. Før i tida jakta ein på ørn, og vengene til ørna vart brukte til støvkostar.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


15

Kunstnar: Oskar Rask Brox · Skibotn skole · Mai 2010

TJELD

Haematopus ostralegus

SAMISK: CAGAN KVENSK: SAKANA FINSK: MERIHARAKKA

VISSTE DU AT Tjelden er ein hissig eggvoktar. Historier frå gamle dagar fortel om barn som tok på seg kjelar eller kasserollar på hodet før dei gjekk og erta tjelden. Det er ikkje lurt.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


16

Kunstnar: Anders Johansen Lockert · Hatteng skole · Mai 2011

HEILO

Pluvialis apricaria

SAMISK: BIŽUS KVENSK/FINSK: KAPUSTARINTA

VISSTE DU AT Heiloen høyrest nesten litt trist ut. Kanskje det er grunnen til at ein før i tida meinte heiloen kom med sørgjelege nyheiter.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


17

Kunstnar: Tomas Tillnes Fagerhaug · Hatteng skole · Mai 2011

BRUSHANE

Philomachus pugnax

SAMISK: RÁVGOŠ KVENSK: SUOKULAINEN FINSK: SUOKUKKO

VISSTE DU AT Brushanen heiter brushane fordi han bruser seg opp når han skal sjekke opp damer. Brushanane har veldig forskjellig utsjånad, og dei kunne få namn etter kva slags menneske dei likna på: ein kunne vere prest, ein annan for eksempel ein klokkar.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


18

Kunstnar: Matin Feizi · Skibotn skole · April 2011

STORSPOVE

Numenius arquata

SAMISK: GUHKKESNJUNNI KVENSK: KUOVI FINSK: ISOKUOVI

VISSTE DU AT Storspove har både ein spesiell utsjånad og ein spesiell song. Det samiske namnet guhkkesnjunni tyder ein-med-veldiglang-nase. Det finske og det kvenske namnet kuovi speglar lyden til fuglen.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


19

Kunstnar: Alise Soini Bruvold · Skibotn skole · April 2011

GRÅMÅKE / MÅSE

Larus argentatus

SAMISK: SKÁVLI KVENSK: KAJAVA FINSK: HARMAALOKKI

VISSTE DU AT Egga frå gråmåsen har i heile nordområdet vore ei særs viktig mat-og inntektskjelde. Gråmåsen er også den vanlegaste måsearten langs kysten. Dersom nokon seier at du et som måsen, bør du skjerpe deg. Gråmåsen svelgjer maten sin utan å tygge.

MATAUK

GORTTO

BØLA


20

Kunstnar: Ottar Storaas · Skibotn skole · April 2011

RØDNEBBTERNE SAMISK: CEARRET

Sterna paradisea

KVENSK: TIRRO FINSK: LAPINTIIRA

VISSTE DU AT

Rødnebbterna er kjend for at ho flyg utrulege lange reiser. I tillegg lever ho lenge. Det er sagt at rødnebbterna tilbakelegg ei reise tilsvarande 3 gonger tur/retur til månen i løpet av levealderen sin. Dersom du synest at tjelden er skummel, så bør du i alle fall passe deg for terna. Ein hissigare eggvoktar kan vere vanskeleg å finne.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


21

Kunstnar: Anja Helen Angell Rognli · Hatteng skole · Mai 2011

ALKEKONGE

Alle alle

SAMISK: HÁLKAGONAGAS KVENSK/FINSK: PIKKURUOKKI

VISSTE DU AT På Svalbard kaller dei alkekongane for tromsøværingar. Dette fordi at alkekongane held seg samla i grupper og er særs bråkete og høglydte.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


22

Kunstnar: Ayla Nathalie Engvoll · Hatteng skole · Mai 2011

LUNDEFUGL

Fratercula arctica

SAMISK: BOVTTÁŠ KVENSK/FINSK: LUNNI

VISSTE DU AT Lundefuglen blir også kalla for sjøpapegøye. Både fordi han har eit stort fargerikt papegøyenebb og fordi han er svært glad i å prate.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


23

Kunstnar: Kristian Garfjell Lambela · Skibotn skole · Mai 2010

GAUK

Cuculus canorus

SAMISK: GIEHKA KVENSK/FINSK: KÄKI

VISSTE DU AT

Gauken brukast den dag i dag som vérprofet. Ein sier for eksempel at dersom gauken gjel første gong på våren mens skogen framleis er svart, så får ein ein dårleg sommar. Det å sjå gjøken derimot, var i alle fall før i tida forbunde med ulykke og sjukdomsvarsel. Ein gauk i hagen var noe ein ikkje ville sjå.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


24

Kunstnar: Iben Bech · Hatteng skole · Mai 2011

DVERGSPETT

Dendrocopos minor

SAMISK: UCHACÁIHNI KVENSK/FINSK: PIKKUTIKKA

VISSTE DU AT Dvergspetten sin bustad er populær på fuglane sin bustadmarknad. Holer som dvergspetten har flytt frå, får fort nye bebuarar i meisene eller fluesnapparane.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


25

Kunstnar: Jonas Solås Lockert · Hatteng skole · Mai 2011

SANDSVALE

Riparia riparia

SAMISK: DERPMOŠ KVENSK/FINSK: TÖRMÄPÄÄSKY

VISSTE DU AT Sandsvalene grav ut reir i grustak og sandbankar. Det kan verke som om det blir mindre og mindre av sandsvalene. Det vert fortald at det var masse sandsvaler i vårt område for berre 30 år tilbake i tida. I dag reknast dei som sjeldne sommargjester.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


26

Kunstnar: Rikke Sivertsen Kvalberg · Skibotn skole · Mai 2010

LINERLE

Motacilla alba

SAMISK: BEŠTOR / BEŠTOS KVENSK/ FINSK: VÄSTÄRÄKKI

VISSTE DU AT Linerla er ein ”sommarfugl”. Et finsk og kvensk ordtak seier at når linerla kjem, så er det berre eit par dagar igjen til sommaren er her.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


27

Kunstnar: Emilie Myrhaug · Hatteng skole · Mai 2011

FOSSEKALL

Cinclus cinclus

SAMISK: GUOIKKÁRIT KVENSK: KOSKIHARAKKA FINSK: KOSKIKARA

VISSTE DU AT Det er sagt at den som kan fange ein fossekall med hendene, vil bli løna med rikdom.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


28

Kunstnar: Jacob Andreas Seppola · Hatteng skole · Mai 2011

BLÅSTRUPE

Luscinia svecica

SAMISK: GIELLAVEALGU KVENSK/FINSK: SINIRINTA

VISSTE DU AT Blåstrupen er flink til å herme etter forskjellige lyder. Det er fortalt historier om folk som har vorte lurt av blåstrupa når dei har leita etter sauer. Blåstrupa er nemleg flink til å herme lyden etter sauebjølla.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


29

Kunstnar: Tanja-Celin Berntsen · Hatteng skole · Mai 2011

NØTTESKRIKE

Garrulus glandarius

SAMISK: LÁTTEGUOVSSAT FINSK: NÄRHI

VISSTE DU AT Nøtteskrika er ein ganske ny fugl i området vårt. Den fanst ikkje før i tida, og difor har vi heller ikkje eit kvensk namn på denne.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


30

Kunstnar: Tommy Jacobsen · Skibotn skole · Mai 2010

SKJÆRE /SJUR/SJURA

Pica pica

SAMISK: SKIRE KVENSK/FINSK: HARAKKA

VISSTE DU AT Ein skal halde sjura som sin ven, for dersom sjura blir sint på deg, så lagar ho problem for deg. To sjurer på eit gjerde som pratar saman, varslar (sladrande) besøk. Sjurene samlast gjerne til ”sjureting” to gonger i året. Der sladrer dei om alt som har skjedd sidan sist.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


31

Kunstnar: Beate Moldstad · Hatteng skole · Mai 2011

KRÅKE

Corvus cornix

SAMISK: VUORAŽAS KVENSK/FINSK: VARIS

VISSTE DU AT Kråka er ein veldig intelligent fugl. Viss du prøver å gøyme noko snask for ei kråke, så kan ho bruke dei mest finurlege måtar til å få tak i det ho vil ha.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


32

Kunstnar: John Aage Hamnvik · Skibotn skole · Mai 2010

RAMN

Corvus corax

SAMISK: RUOVDDAGAS / GARANAS KVENSK/FINSK: KORPPI

VISSTE DU AT Ramna likar seg i høgda. Ramna byggjer reiret sitt slik at det skal vere umogleg for folk og rev å komme seg til reiret . Han får ungar svært tidleg på året, og når dei andre fuglane får klekt sine egg, så står ramnefamilien klar til å forsyne seg.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


33

Kunstnar: Lars Seppola Haugan · Skibotn skole · Mai 2010

STÆR

Sturnus vulgaris

SAMISK: STÁRRA KVENSK/FINSK: KOTTARAINEN

VISSTE DU AT Staren er kjend for å vere dyktig til å herme lydar. Staren slit i dag med å finne naturlege reirplassar, så dersom du vil hjelpe staren, kan du lage fuglekasse til han.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


34

Kunstnar: Joachim Nordahl Johnsen · Skibotn skole · Mai 2010

KJØTTMEIS

Parus major

SAMISK: BUOIDEGACCET/ BUOIDECIZÁŠ KVENSK/FINSK: TALITIAINEN

VISSTE DU AT Kjøttmeisen er nok den vanlegaste gjesten på fuglebrettet og han elskar solsikkefrø. Kjøttmeisene er eigentleg nokre kranglefantar og jagar bort andre fuglar frå fuglebrettet. Dei med den kraftigaste stripa på brystet er dei tøffaste.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


35

Kunstnar: Sivert Finnstø Østeggen · Skibotn skole · Mai 2010

DOMPAP

Pyrrhula pyrrhula

SAMISK: RUKSESRUOIVIL KVENSK: TUOMAHERRA FINSK: PUNATULKKU

VISSTE DU AT Dompapen er slettest ingen dum fugl. Dompaphannen er av det romantiske slaget, og gir gåver til sin utkåra når han er på friarføter.

MATA A UK

GORTTO

BØLA


36

Kunstnar: Ramona-Isabell Johnsen · Skibotn skole · Mai 2010

SNØSPORV/TITTING

Plectrophenax nivalis

SAMISK:ÁLBBI/BULMMOT KVENSK:PULMUKAINEN FINSK:PULMUNEN

VISSTE DU AT Den lille tittingen har vore ein delikatesse og han var ein kjærkommen matvare når han kom i flokkar på vårparten. Men ein måtte fange tittingen på ettermiddagen for da var den bittelittegranne feitare enn på morgonkvisten.

MATAUK

GORTTO

BØLA


37

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


38

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


39

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


40

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


41

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


42

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


43

Kunstnar: FUGLENAMN: Latinsk namn:

SAMISK:

VISSTE DU AT

KVENSK:

FINSK:

Kuriositet eller observasjon:

MATA A UK

GORTTO

BØLA


MATAUK & GORTTO NOKRE FUGLAR OG FUGLENAMN Matauk og gortto er ei lita fuglebok utgitt av Storfjord kommune. Vi ønsker med denne boka å distribuere lokale fuglenamn på samisk og kvensk. Boka formidlar og viktig kulturhistorisk kunnskap om fugleartane våre samstundes som vi får vist fram fantastiske, lokalproduserte illustrasjonar. Alle bileta i denne fugleboka er teikna av elevar i 2. klasse.

VISSTE DU AT

Den mest innhaldsrike ornitologiske faglitteratur som er utgitt i dette århundre. Dei unge kunstnarane som har illustrert tekstane har skapt fuglar med eit fargespel som får vanlege plansjemålarar til å bleikne. Fuglene er så naturtru at dei nesten flyg ut av boka når du åpner ho. Fugleboka med sine supre illustrasjonar er er innertiar for alle aldersgrupper. Artikkeltekstane i boka treff alle typar lesarar på ein fantastisk sikker måte. Ein garantert suksess under juletreet i år! Rasmus Engstad pensjonist, hobbypolitikar og tidlegare campingplasseigar

STORFJORD SPRÅKSENTER Storfjord kommune · Rådhuset · 9046 OTEREN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.