1 minute read

To heimebaner

Morten Svartveit er kanskje best kjend som Varg-sjef Espen Eide i Heimebane der replikkane går på klingande sunnmørsdialekt.

Me stilte han nokre spørsmål om skodespelarkarriera, den populære serien og hans eiga heimebane - Voss.

Foto: Erika Hebbert

Viss du ikkje hadde blitt skodespelar, kva hadde du vore då?

Å, det er jo mykje kjekt ein kan driva med, men profesjonell fotballspelar, konditor eller hotelleigar var draumen i oppveksten. Men eg trur nok eg hadde vore jurist i dag. Eg var godt i gang med jusstudiet i Bergen og likte det godt då eg hoppa av og byrja på teaterskule.

Kvifor trur du Heimebane har blitt så populær?

Fyrst og fremst fordi det er veldig godt skrive av serieskapar Johan Fasting. Situasjonane er gode og karakterane er av kjøt og blod. Eg trur også at me traff godt med tidspunktet for serien. Tematikken var, og er, brennaktuell samstundes som eg trur at mange syntest det var godt at ein kunne samlast og sjå noko saman, heile familien. Men ingenting er tilfeldig, det er særs dyktige folk i heile produksjonen.

This article is from: