Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 48

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte Sogn Næring hadde strategiplanar som gjekk i treårsbolkar. Då planperioden 20142017 var avslutta, vart det i 2018 sett i gang ein prosess for ein ny handlingsplan. Administrasjonen la opp til ein relativt omfattande planprosess, der både kommunar og næringsliv skulle bli involverte. Dei ynskte også at nytt strategidokument skulle ta omsyn til at selskapet kunne få ei anna rolle ved etablering av nye Sogndal kommune, og at den nye strategien skulle reflektera dette, sjølv om det enno ikkje var klart korleis kommunen ville organisera næringsarbeidet. Styret gav aksept for å hyra inn ekstern, profesjonell hjelp til dette arbeidet. Den vart likevel ikkje meir ekstern enn at det vart gjort avtale med konsulentselskapet Grow, ved ein av initiativtakarane til Sogn Næring og første styreleiaren, Atle Stalheim. Opphavleg var det tanken at strategiarbeidet skulle gå føre seg og bli avslutta i 2018, men på grunn av arbeidet å etablera den nye Sogndal kommune, og enn så lenge eit uavklara spørsmål om kva rolle Sogn Næring skulle ha i den nye kommunen, vart det arbeidd med strategien gjennom heile 2019. Ikkje før 1. april 2020 vart den nye strategien for perioden 2020 – 25 vedteken. I startfasen av arbeidet vart det gjort framlegg om å endra namnet på selskapet til «Brui», noko som vart applaudert av dei lokale kommunikasjonsbyråa Gasta og Dropla. I følgje dei kunne samhandlinga mellom offentleg og privat sektor bli betre om ein gjekk vekk frå namnet «næring», og i tillegg meinte dei det ville vera smart å gå vekk frå eit geografisk namn med ein ny kommunestruktur på trappene. Det ville lettare «gje folk i alle tre kommunar eit eigarskap til prosjekta». Det er ikkje utan vidare lett å skjøna grunngjevinga for desse konklusjonane, men i alle fall gjorde styret for Sogn Næring hausten 2018 vedtak om å føreslå for generalforsamlinga i 2019 å gjennomføre namnebyte i selskapet. Noko slikt framlegg kom likevel ikkje, det vart stilt kring namnebytet. Torgeir Skålid var ikkje tilhengar av å kalla selskapet for «Brui», og – som vi veit – Sogn Næring heiter stadig Sogn Næring. Strategiarbeidet i selskapet vart nøye kopla saman med nye Sogndal kommune sitt strategiarbeid for samfunns- og næringsutvikling. Den nye kommunelova som kom i 2018 gjorde kommunane si rolle som samfunnsutviklarar tydlegare enn før. Lova slo fast at ei av kommunane sine hovudfunksjonar skulle vera å «drive samfunnsutvikling til beste for innbyggerne». I mars 2019 vedtok fellesnemnda for den nye kommunen om at kommunen skulle driva «eit heilskapleg samfunns- og næringsutviklingsarbeid forankra i kommunen sitt planverk, og særskilt i ein strategisk plan for samfunns- og næringsutvikling». Fellesnemnda vedtok at hovudprinsippet i nye Sogndal kommune skulle vera at samfunnsutviklingsarbeidet vart etablert i den kommunale organisasjonen, og det næringsretta utviklingsarbeidet i Sogn Næring. I vedtaket heitte det vidare: • Sogn Næring og nye Sogndal kommune skal etablere eit tett samarbeid, med faste møtepunkt og god informasjonsflyt mellom organisasjonane • Sogn Næring sitt arbeid skal vere tydeleg forankra i definerte handlingsplanar og mandat som føl bestillinga frå nye Sogndal kommune

48


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.