• •
Det skal etablerast ein samanhengande struktur for utviklingsmiljø i heile den nye kommunen, med utgangspunkt i FUS på Campus, Skaparstova i Balestrand, Vitensenteret på Kaupanger og Leikanger Næringshage Ein stiller seg positiv til prosessen med å overføre den private eigarskapen i Sogn Næring til ei næringsforeining som har representasjon frå heile den nye kommunen.
Dette vedtaket la dei viktigaste premissane på plass for selskapet sitt eige strategiarbeid. Det var heilt i tråd med konklusjonane i Sogn Næring sin rapport frå 2017, og fall nok i svært god jord hjå leiing og styre i selskapet.
Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?
49
SOGN NÆRING 2007 - 2022
Det fall ikkje i like god jord hjå samfunnsdebattanten og balestrendingen Johs. B. Thue. I Sogn Avis 23. mai 2019 fyrte han av ei breiside mot Sogn Næring og selskapet si tiltenkte rolle i den nye kommunen. Hans tolking av det som hadde skjedd var at Sogn Næring AS no var tiltenkt ei monopolrolle i utviklingsarbeidet i «nye» Sogndal kommune, og at selskapet hadde sikra seg denne rolla «på ein halvfrekk måte gjennom eit utgreiingsprosjekt frå 2017». Denne utgreiinga hadde dei selt inn i det politiske miljøet «og fått fullstendig gjennomslag, utan ein einaste kritisk tanke». Han frykta at Sogn Næring ville bli ein reiskap for snevre handelsinteresser i Sogndal – «Krambu-Fjøra» - som han kalla det, og stilte det retoriske spørsmålet «Kan ideen og vedtaket om Sogn Næring AS, med slike snevre eigar-interesser, og som monopolisert utviklingsaktør i heile kommunen, frå Tusviki til Årøysvingane, gå i lengda?». Han følgde opp med eit nytt innlegg 5. juni: «Rolleblandingsrøra må på bana». Her var hovudpoenget at «Utan særleg debatt har Sogn Næring AS, sprekkeferdig av kommersielle særinteresser, overtatt forvaltninga av dei offentlege næringsfonda i Sogndal og på Leikanger.» Det er vel ikkje å undrast over at spørsmål kring rollar og eigarinteresser no dukka opp. Dei hadde også vore lufta tidlegare i Sogn Avis, av Georg Arnestad i mai 2017. Han trekte fram «driftige og utolmodige» Yngve Hallén, den lengstsitjande styremedlemen i Sogn Næring, den «idérike og kreative» Torgeir Skålid og «den pågåande sunnmøringen» Per-Odd Grevsnes. Han konstaterte at desse tre fylte «fleire av dei vesentlege posisjonane i og for den moderne utviklinga av Sogndal.» Han kalla dei «ektefødde born av Fosshaugane Campus». Innlegget hans var positivt vinkla, men slo fast at «i 2017 er makta også meir enn nokon gong plassert på Campus.» Alle tre hadde, eller hadde hatt, sentrale rollar i Sogn Næring. Dette var noko av bakteppet for Johs B. Thue sin skepsis til selskapet og til det godt synlege «campus-miljøet». Thue sitt utspel vart følgd opp av avisa. 11 juni vart ordførarane i Sogndal og Leikanger, Jarle Aarvoll og Jon Håkon Odd, utfordra, og dei forsvarte begge fellesnemnda si avgjerd om å la Sogn Næring ta hand om det bedriftsretta næringsarbeidet i nyekommunen. Jarle Aarvoll var klar på at næringsselskapet hadde gjeve svært gode resultat i Sogndal: «– Me har hatt ei svært positiv utvikling, og fleire av etablerarane seier dei ikkje hadde fått dette til utan hjelpa Sogn Næring har bidrege med.»