
1 minute read
Forord
Sogn Næring AS gav meg hausten 2021 i oppdrag å dokumentera hovudtrekk av selskapet si 15-årige historie. Dette er resultatet av arbeidet. Det er lagt vekt på å syna kva arbeidsoppgåver og utfordringar selskapet har hatt opp gjennom åra, og korleis Sogn Næring AS har utvikla og endra seg frå 2007 til 2022. Framstillinga er i hovudsak basert på skriftlege kjelder: Arkivmateriale frå Sogn Næring AS, Sogndal kommune og artiklar i Sogn Avis. I tillegg har eg hatt samtalar med sentrale aktørar. Oppdragsgjevaren har gitt meg frie hender i arbeidet. Det betyr at innhaldet og dei vurderingane og analysane som er gjort her fullt og heilt står for forfattaren si rekning.
Sogndal 23.03.2022 Aage Engesæter