
6 minute read
Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?
• Det skal etablerast ein samanhengande struktur for utviklingsmiljø i heile den nye kommunen, med utgangspunkt i FUS på Campus, Skaparstova i Balestrand,
Vitensenteret på Kaupanger og Leikanger Næringshage • Ein stiller seg positiv til prosessen med å overføre den private eigarskapen i
Sogn Næring til ei næringsforeining som har representasjon frå heile den nye kommunen.
Dette vedtaket la dei viktigaste premissane på plass for selskapet sitt eige strategiarbeid. Det var heilt i tråd med konklusjonane i Sogn Næring sin rapport frå 2017, og fall nok i svært god jord hjå leiing og styre i selskapet.
Det fall ikkje i like god jord hjå samfunnsdebattanten og balestrendingen Johs. B. Thue. I Sogn Avis 23. mai 2019 fyrte han av ei breiside mot Sogn Næring og selskapet si tiltenkte rolle i den nye kommunen. Hans tolking av det som hadde skjedd var at Sogn Næring AS no var tiltenkt ei monopolrolle i utviklingsarbeidet i «nye» Sogndal kommune, og at selskapet hadde sikra seg denne rolla «på ein halvfrekk måte gjennom eit utgreiingsprosjekt frå 2017». Denne utgreiinga hadde dei selt inn i det politiske miljøet «og fått fullstendig gjennomslag, utan ein einaste kritisk tanke».
Han frykta at Sogn Næring ville bli ein reiskap for snevre handelsinteresser i Sogndal – «Krambu-Fjøra» - som han kalla det, og stilte det retoriske spørsmålet «Kan ideen og vedtaket om Sogn Næring AS, med slike snevre eigar-interesser, og som monopolisert utviklingsaktør i heile kommunen, frå Tusviki til Årøysvingane, gå i lengda?».
Han følgde opp med eit nytt innlegg 5. juni: «Rolleblandingsrøra må på bana». Her var hovudpoenget at «Utan særleg debatt har Sogn Næring AS, sprekkeferdig av kommersielle særinteresser, overtatt forvaltninga av dei offentlege næringsfonda i Sogndal og på Leikanger.»
Det er vel ikkje å undrast over at spørsmål kring rollar og eigarinteresser no dukka opp. Dei hadde også vore lufta tidlegare i Sogn Avis, av Georg Arnestad i mai 2017. Han trekte fram «driftige og utolmodige» Yngve Hallén, den lengstsitjande styremedlemen i Sogn Næring, den «idérike og kreative» Torgeir Skålid og «den pågåande sunnmøringen» Per-Odd Grevsnes. Han konstaterte at desse tre fylte «fleire av dei vesentlege posisjonane i og for den moderne utviklinga av Sogndal.» Han kalla dei «ektefødde born av Fosshaugane Campus». Innlegget hans var positivt vinkla, men slo fast at «i 2017 er makta også meir enn nokon gong plassert på Campus.» Alle tre hadde, eller hadde hatt, sentrale rollar i Sogn Næring. Dette var noko av bakteppet for Johs B. Thue sin skepsis til selskapet og til det godt synlege «campus-miljøet».
Thue sitt utspel vart følgd opp av avisa. 11 juni vart ordførarane i Sogndal og Leikanger, Jarle Aarvoll og Jon Håkon Odd, utfordra, og dei forsvarte begge fellesnemnda si avgjerd om å la Sogn Næring ta hand om det bedriftsretta næringsarbeidet i nyekommunen.
Jarle Aarvoll var klar på at næringsselskapet hadde gjeve svært gode resultat i Sogndal: «– Me har hatt ei svært positiv utvikling, og fleire av etablerarane seier dei ikkje hadde fått dette til utan hjelpa Sogn Næring har bidrege med.»
sogn avis • Torsdag 23. mai 2019 nn Debatt nn 9
forklaringsproblem: Johs B. Thue (innfelt) meiner at fleire politikarar i dagens Sogndal har forklaringsproblem om tilknyting til Fosshaugane Campus-miljøet.
Eigarskap og særinteresser i Sogn Næring AS. Kan Leikanger og Balestrand vera med på dette?
Folk spør meg kva som skjer i Sogndal Ap. Det blir skrive avisinnlegg om det same, seinast poengtert og stilsikkert av Trine Nylehn her i avisa. Eg kjenner ikkje Trine Nylehn og anar heller ikkje kva som skjer i Sogndal Ap, men veit av røynsle at det sjeldan oppstår røyk utan eld. Difor tok eg i bruk ein journalistisk metode for å sjå på nokre Sogndals-selskap.
Desse var: Kunnskapsparken Sogn og Fjordane AS, Sogn Næring AS, Sogndal Skisenter Eigedom AS, Sogndal Fotball AS, Sogndal Utviklingsselskap AS, Hangaren AS, FUS Sogndal AS. Fleire kunne ha blitt sett på.
Konklusjonen må vera at koplingar mellom selskap og personar i desse selskapa krev ei forklaring, elles blir det ikkje stilt. Forklaringar må aktørane sjølve koma med, sjølvsagt. Desse aktørane har både næringsroller og politiske roller.
Etter kvart stogga eg mest opp med det kommersielle selskapet Sogn Næring AS, som er tiltenkt ei monopolrolle i utviklingsarbeidet i «nye» Sogndal kommune. Denne monopolrolla har selskapet sjølv tatt initiativ til å sikra seg på ein halvfrekk måte gjennom eit utgreiingsprosjekt frå 2017. Denne utgreiinga betalte selskapet sjølv, heiter det i årsmeldinga. Monopolstatus har dei så selt inn i det politiske miljøet og fått fullstendig gjennomslag, utan ein einaste kritisk tanke.
Kven eig Sogn Næring AS? Dei tre største aksjonærane i selskapet er Sogndal kommune, Sogndal Fotball AS og Sogningen Storsenter AS. Desse tre aktørane rår til saman over 70 prosent av aksjane og kontrollerer såleis i praksis selskapet. Sidan Sogn Næring AS i framtida skal driva utviklingsarbeid i bygdene i nye Sogndal, føreset det høg parts- og stadsnøytralitet.
Er Sogndal Fotball AS og eit handelshus i Fjøra, objektive, nøytrale? Sjølvsagt ikkje. Heimesida til Sogn Næring AS opplyser dessutan at eit nytt selskap med røter i KrambuFjøra snart skal nyorganisera seg ved at dei andre private aksjonærane i Sogn Næring AS, med ein eigarpost på 30 prosent, skal samlast under ein paraply. Det nye fellesnamnet på paraplyorganisasjonen skal vera Sogndal Næringsforening (KrambuFjøra), som Sogn Næring AS, av alle subjektive roller, utfører sekretariatsfunksjonar for i dag.
Kan ideen og vedtaket om Sogn Næring AS, med slike snevre eigar- interesser, og som monopolisert utviklingsaktør i heile kommunen, frå Tusviki til Årøysvingane, gå i lengda? Offentlege oppdrag over ein viss storleik skal etter norske og internasjonale reglar/lover lysast ut på tilbod. På ein privatisert marknad, og truleg med ein godt løynd rammeavtale der Sogn Nærings AS får monopol-status, kan snøgt alle bli taparar på grunn av mangel på korrektiv til oppdragspris.
Betre blir ikkje saka av den snevre eigarkrinsen i Sogn Næring AS, lokaliserte til Campus/ KrambuFjøra. Eitt anna uklart forhold: Sogn Næring AS eig 33,3 prosent av aksjane i Hangaren AS, som nyss forsynte seg grådig av statlege fellesmidlar til den nye kommunen. Desse midlane til subsidiar av flyreiser for primært offentlege tilsette og klimaforskarar har Balestrand null nytte av på grunn av ferjefrekvens, elendige vegar. Kan såleis eit monopolisert tiltaks-selskap i ein kommune ha eigarpostar i andre selskap, driva aktiv, politisk lobbyverksemd for sitt eige, del-eigde selskap?
Hangaren Sogndal AS skal ha plass til fly på Haukåsen. Denne plassen kan snøgt bli fortrengd av rom for bukkar og havresekker.
Oppsummert: Fleire sentrale politikarar i «gamle» Sogndal kommune har i beste fall eit forklaringsproblem på den røyken og elden som går ut frå Campus i dag og inn i Sogndal Ap, og som nedfeller seg i ein rykteflaum utan sidestykke. Tre toppkandidatar til kommunevallistene (Ap, Sp, Venstre) kjem frå Campus-miljøet. Med bakgrunn i den stads-subjektive eigarstrukturen i Sogn Næring AS må sjølvsagt næringsinteressene Balestrand og Leikanger, for si eiga framtid si skuld, organisera seg annleis enn gjennom det snevre Fotball- og Krambu-Fjøra selskapet Sogn Næring AS. Avgrensa særinteresser kan vera ok, men ikkje der ein kommune kjøper monopol-tenester.
Sogn Næring AS si verksemd er dessutan sentralisering av arbeidsplassar til Sogndal, stikk i strid med intensjonane om at administrasjonen i den nye kommunen skal vera på Leikanger. Allment næringsarbeid i ein kommune er administrasjon. Skal denne intensjonen no undergravast av sær- og maktinteresser i Sogndal sentrum?
Johs B. Thue Balestrand