©Foto: Roger Ellingsen / Statens vegvesen
6
Kulturlandskap ved fylkesveg 44
.
NASJONAL TURISTVEG JÆREN - høg himmel, vid horisont og endelaust hav, eit evig skiftande ver og lys, milevis av sandstrender og sanddyner avløyst av rullestein og lakseelvar. Dette er Noreg sitt matfat med intensivt jordbruk i eit flatt, vidstrakt og velstelt kulturlandskap i eit område med mildt heilårsklima. Kysten langs Jæren ligg open mot havet og har frå gammalt av vore rekna som ein av dei farlegaste langs norskekysten. Den store utbygginga av Jærfyra tok til på midten av
1800-tallet. Oppgåva var å leia båttrafikken på Nordsjøhavet trygt forbi Jærkysten i hardt ver, mørke og skodde. I løpet av åra blei det bygt ei rekke nye fyr, med fyret på Kvassheim som stod ferdig i 1912 som det siste.
spanande opplevingar av hav og historie. Jæren er med sine vel 1000 km2 det største låglandsområdet i Noreg og landskapet endar i lange sandstrender som kan gi den vegfarande avveksling på bilturen.
Avstikkar ned til fyret på Kvassheim og andre kulturminne, rullesteinar og sanddyner gir
Nasjonal turistveg Jæren går mellom Ogna og Bore og er 41 kilometer lang.