11 minute read
HØGARE UTDANNING
from Våren 2021
helse- og sosialfag | ISBN: 9788234001864 PRIS CA. KR 399,- | UTG. FEBRUAR ISBN 978-82-34001-86-4 e-bok | ISBN: 9788234001871
PRIS KR 339,- | UTG. FEBRUAR
9788234001864
9 788234 001864
magne eikås (f. 1959) er dosent ved institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal. Eikås er utdanna statsvitar og er medforfattar av boka Organisert velferd, som kom ut i 2016.
svein tuastad (f. 1962) er førsteamanuensis ved institutt for sosialfag, Universitetet i Stavanger. Tuastad er utdanna statsvitar og har mellom anna skrive boka Fridom, likskap og gullkort (2009) og vore medredaktør av boka Barneomsorg på norsk (2017).
MAGNE EIKÅS OG SVEIN TUASTAD
SOSIALPOLITIKK PÅ NORSK VELFERDSTENESTENE, FORVALTNINGA OG DET POLITISKE SYSTEMET
I internasjonale samanlikningar har dei norske velferdsordningane høg ranking. Samstundes indikerer NAVskandalen i 2020 og dommar mot barnevernet i menneskerettsdomstolen at det finst utfordringar også innanfor «den norske modellen».
I denne boka gir forfattarane ei brei innføring i norsk sosialpolitikk: korleis velferdstenestene er organiserte, og dei sidene ved det politiske systemet som ein treng å kjenne til i sosialt arbeid.
Ved å samle sosialpolitikk og stats og kommunalkunnskap i éi framstilling viser forfattarane korleis sosialpolitikk, politiske vedtak og forvaltning pregar kvardagen i sosialt arbeid.
Boka rettar seg særleg mot bachelorstudentar i barnevern, vernepleie og sosialt arbeid og har innarbeidd dei nye føringane for sosialpolitikk som ligg i nye nasjonale retningslinjer frå 2019 for barnevernpedagog, sosionom og vernepleiarutdanninga.
HALLGEIR ELSTAD OG PER HALSE
NORSK KRISTENDOMSHISTORIE
Var det Olav den heilage eller Hans Nielsen Hauge som kristna Noreg, og i kva grad pregar kristendommen det moderne norske samfunnet i dag? Dette er nokre av spørsmåla denne boka er med og gir svar på.
I boka gir forfattarane ei samanhengande framstilling av kristendommen si historie i Noreg frå kristningsperioden og fram til vår eiga tid. I framstillinga viser dei at kyrkje og kristendom aldri har verka i eit vakuum. religionvitskap | ISBN: 9788234005039 Kristne forteljingar og førestillingar har PRIS KR 429,- | UTG. FEBRUAR ISBN 978-82-34005-03-9 påverka og vorte påverka av kultur og samfunn e-bok | ISBN: 9788234005046 lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Forfattarane PRIS KR 359,- | UTG. FEBRUAR set den religiøse utviklinga inn i ein brei samfunnskontekst og ser også utviklinga i Noreg på bakgrunn av allmenne utviklingsdrag i Norden og Europa elles.
Målgruppa er studentar i religionshistorie, teologi og KRLE, men boka er skriven slik at også allment historieinteresserte lesarar skal ha nytte og glede av henne.
9788234005039
9 788234 005039
hallgeir elstad (f. 1964) er professor i kyrkjehistorie ved det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Elstad tok doktorgraden på ei avhandling om vekkingsprestane i Den norske kyrkja og har publisert ei rekkje fagartiklar og bøker innanfor kyrkjehistorie.
per halse (f. 1957) er professor i KRLE ved Høgskulen i Volda. Halse disputerte med ei avhandling om framveksten av nynorsk som kyrkjespråk og har publisert fleire fagartiklar og bøker, mellom anna ein biografi om Peter Hognestad.
Norunn Askeland Bente Aamotsbakken Arnfinn Åslund
ESSAYET
Ein veg til kreativ fagskriving
norsk | ISBN: 9788234004971 ISBN 978-82-34004-97-1
PRIS CA KR 329,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234004988
PRIS CA KR 279,- | UTG. MARS
9788234004971
9 788234 004971 norunn askeland (f. 1951) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg.
bente aamotsbakken (f. 1948) er professor emeritus i tekstforsking ved Universitetet i SøraustNoreg.
arnfinn åslund (f. 1959) er førsteamanuensis i norsk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg.
ESSAYET – EIN VEG TIL KREATIV FAGSKRIVING
Å skrive essay er eit av emna i norskfaget etter Fagfornyinga 2020. Men kva er eit essay, og korleis kan ein arbeide med det i grunnskule, vidaregåande skule og i høgare utdanning?
I den historiske delen av boka drøftar forfattarane korleis dei kjente klassiske essayistane, frå den romerske filosofen Seneca, via renessansens Michel de Montaigne og Francis Bacon til våre eigne Ludvig Holberg, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg, har prega essayet. Opp mot vår eiga tid drøftar forfattarane korleis den framveksande pressa, både avisene og tidsskrifta, skapar gode vilkår for essayet og legg til rette for eit mangfald av essayistiske skrivemåtar.
Boka tek også for seg essaytypar og essayistiske skrivemåtar, essayet og det kunstnarlege, essayet og det dialogiske, og ikkje minst, essayet som språkleg forskingsstasjon. I tillegg er det eit kapittel om essayet i den digitale notida, og eit kapittel om kva lærebøkene fortel og ikkje fortel om essayet. Alle kapitla har tips til skriveøvingar og råd for den som vil lære å skrive essayistisk.
MARI NYGÅRD
GRAMMATIKK OG GRAMMATIKKDIDAKTIKK
I norskfaget er kunnskap om norsk språkstruktur og grammatisk omgrepsapparat grunnleggjande. Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Korleis kan ein leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål slik at grammatikkundervisninga blir spennande?
Denne boka inneheld både grammatikk og grammatikkdidaktikk. Det mest sentrale er å gi ei grunnleggjande innføring i faget grammatikk. Forfattaran legg vekt på innlæring norsk | ISBN: 9788252194432 av grammatisk terminologi og analysemåtar, PRIS CA. KR 379,- | UTG. MARS ISBN 978-82-52194-43-2 og drøftar i tillegg korleis ein kan nærme seg e-bok | ISBN: 9788234003103 dette emnet saman med eleven sjølv. PRIS CA KR 319,- | UTG. MARS
9788252194432
9 788252 194432
mari nygård (f. 1976) er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved institutt for lærarutdanning ved NTNU. Ho er særleg opptatt av grammatikk, språklæring og den første skriveopplæringa.
helse- og sosialfag | ISBN: 9788252194760 ISBN 978-82-52194-76-0
PRIS CA. KR 329,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234002069
PRIS KR 279,- | UTG. MARS
9788252194760
9 788252 194760 ann-iren høgalmen (f. 1965) er høgskulelektor i sosialt arbeid ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.
erlend walseth (f. 1980) er stipendiat ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.
kjartan leer-salvesen (f. 1975) er professor i etikk ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.
einar aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.
ANN-IREN HØGALMEN, KJARTAN LEER-SALVESEN, ERLEND WALSETH OG EINAR AADLAND
PROFESJONSETIKK I SOSIALFAGLEG PRAKSIS
Det finst mange kryssande krav og forventningar til profesjonsutøvarar i sosialfagleg praksis, anten dei jobbar i barnevern, på eit NAVkontor eller i andre roller. Denne boka handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best mogleg handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg.
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.
Andre del av boka går inn på typiske etiske utfordringar ein kan møte i sosialfagleg praksis. Her blir klassiske dilemma knytte til prioritering, brukarmedverknad og verdikollisjonar behandla, men også nyare utfordringar som aktiveringstankegangen, behandlingspakkar og standardiserte brukarløp. Gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennande eksempel frå praksis der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. Forskingsetikk blir behandla i eit eige kapittel til slutt i boka.
DAG JENSSEN
VITSKAPSTEORI I SOSIALT ARBEID
Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap om verda. Når det gjeld profesjonar som barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar, byggjer dei i stor grad på vitskap, men rommar også andre kunnskapstypar.
I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggjande føresetnadene for kunnskap i sosialt arbeid. Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i sosialt arbeid drøftar han kva som er legitime verdiar i forskinga, og kva for verdiar som må haldast utanom.
helse- og sosialfag | ISBN: 9788234002045 Forfattaren tar vidare for seg vitskapsteoretiske PRIS CA. KR 369,- | UTG. MARS ISBN 978-82-34002-04-5 tema som er relevante for sosialt arbeid. e-bok | ISBN: 9788234002052 Det gjeld forskjellar og slektskap mellom PRIS KR 309,- | UTG. MARS ulike former for tolkande vitskap og naturalisme, inklusive evidensbasert praksis. Avslutningsvis blir forklaring av handling og ulike teoriar om grunntrekk i den sosiale verda drøfta.
9788234002045
9 788234 002045
dag jenssen er førsteamanuensis ved institutt for sosialfag ved OsloMet – storbyuniversitetet.
norsk | ISBN: 9788234003325 ISBN 978-82-34003-32-5
PRIS CA KR 299,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234003332
PRIS CA KR 249,- | UTG. MARS
9788234003325
9 788234 003325 maja michelsen (f. 1979) er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Østfold, der ho underviser i grunnskulelærarutdanninga.
MAJA MICHELSEN
BARNS FRITIDSTEKSTAR
Barns fritidstekstar handlar om dei tekstane ungar liker å lese, skape og delta i på fritida, som tekstar i dagbøker, bloggar og på sosiale medium. Fritidstekstar er ein annan sjanger enn dei elevane skriv på skolen, ved at dei er knytt til heimen eller andre plassar der barn lever det private dagleglivet sitt. Fritidstekstar er dessutan tekstar barn engasjerer seg i på eiga hand, og som det derfor kan vere særleg motiverande for dei å skrive.
Formålet med boka er å seie noko om den tekstkompetansen barn får i kvardagen når dei nyttar tekstar av ulike slag, til dømes når dei spelar spel, skriv meldingar på mobilen og deltek på sosiale medium, og når dei nyttar skrift og teikning. Grunnomgrep som tekst og multimodalitet blir forklarte på ein enkel måte og med mange eksempel. Forfattaren kjem inn på tekstpraksis og bruk og barnekulturen i vår tid, og boka inneheld ein eigen del om korleis ein skal analysere dei ulike tekstane barn lagar på fritida, og korleis ein kan bruke kunnskapen om barns fritidstekstar til å støtte utviklinga av tekstkompetansen på skolen. Boka er skriven for studentar i lærarutdanningane.
HJALMAR EIKSUND, GUDRUN KLØVE JUUHL OG KRISTIN KIBSGAARD SJØHELLE
NYNORSKDIDAKTIKK
Denne boka rettar seg mot lærarstudentar og lærarar som ønskjer å få betre innsikt i korleis dei kan arbeide med nynorskopplæring frå barnetrinn og ut vidaregåande trinn. Kva er god nynorskopplæring? Korleis bør denne innrettast for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål? Formålet med boka er å presentere forskingsbaserte måtar å arbeide med nynorskdidaktikk på.
Boka tar omsyn til den særskilde opplæringssituasjonen elevar med nynorsk som hovudmål og som sidemål står i. Ho er praksisnær og tar føre seg eit breitt spekter av tema innanfor norskfaget, som til dømes den nynorske språksituasjonen, nynorsk barneog ungdomslitteratur, skrivestrategiar og utfordringar i møte med nynorsk rettskriving, nynorsk i fagtekstar og i medietekstar.
fagbok | ISBN: 9788234003288 ISBN 978-82-34003-28-8
PRIS CA KR 329,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234003295
PRIS CA KR 279,- | UTG. MAI
9788234003288
9 788234 003288 kristin kibsgaard sjøhelle (f. 1972) er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda.
gudrun kløve juuhl (f. 1979) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda.
hjalmar eiksund (f. 1972) er høgskulelektor og stipendiat ved Høgskulen i Volda.
SJÅ VERDA FRÅ EIN ANNAN STAD.
I ei verd full av kjappe nyhende er det frigjerande å kunne lese tankar som er tenkte heilt ut. Tidsskriftet Syn og Segn gir deg tekstar av våre beste etablerte forfattarar og morgondagens store namn innanfor dei fleste samfunnsområde og forskingsfelt – på herleg nynorsk.
Med eit abonnement på Syn og Segn får du litt pause og påfyll i kvardagen – og gjer deg litt klokare for kvart nummer.
synogsegn.no facebook.com/synogsegn Instagram: @tidsskriftet_synogsegn
SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET 432 SIDER SAKPROSA KVART ÅR BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR
Tove K Breistein.................................... s. 8, 40, 55 Marie Sjøvold........................................................s. 9 Thomas A ....................................................s. 10, 32 Øyvind Eide .......................................................s. 11 Luca Camosi.......................................................s. 13
Oda Berby............................................ s. 14, 15, 22 Per Eide................................................................s. 16
Rolf M Aagard.............................................s. 17, 49 Kate Mount.........................................................s. 18
Geir Mogen.........................................................s. 19 Heidi Furre ..................................................s. 21, 54 Gry Traasen........................................................s. 23 Nille Leander......................................................s. 24
Tom A Kolstad...................................................s. 29
Fin Serck-Hansen .............................................s. 30
Bent R. Synnevåg..............................................s. 31 Sara Berntsen..............................................s. 36, 38 Bernt Are Iversen, Firda .................................s. 37 Britt Myhrvold ..................................................s. 39 Steinar Rorgemoen ..........................................s. 41 Lene Sørøy Neverdal .......................................s. 42 Arne Flatin .........................................................s. 43
Maria Gossé........................................................s. 44
Ragne Grande ....................................................s. 48 Lars Aurtande....................................................s. 49
Kristianne Marøy..............................................s. 52 Hilde Wormdahl ..............................................s. 50
Benedikte Skarvik............................................s. 51
FØLG OSS PÅ:
twitter.com/samlaget facebook.com/samlaget instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no
Foto: Josefine Kjærstad
KONTAKT OSS
Anne Liv Tresselt Sals- og marknadssjef M: 90 56 13 22 a.tresselt@samlaget.no
Karin Helgøy Kommunikasjonssjef M: 97 01 98 65 k.helgoy@samlaget.no
Ragnhild Akselberg Tonheim Marknadskoordinator Kundeservice M: 90 12 43 25 r.tonheim@samlaget.no
Katerina Futsæter Vik Sals- og marknadskonsulent M: 93 05 77 23 k.vik@samlaget.no
Mari Reinholt Aas Sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker M: 92 08 11 56 m.aas@samlaget.no