Festtale i bokform

Page 1

70 책r Astrid



Om å verte 70 år

Kan ikkje sei eg gler meg til å verta 70, men da e heilt klart betre enn alternativet. - Astrid


Fins ikkje kjedeleg

“

Astrid er frisk og kreativ og har god sans for fargar. Er flink med kundar som kjem til gartneriet. Ho har ofte sterke meiningar og fins ikkje kjedeleg.

Jostein - ektemann



Om livet

“

Om livet vart slik eg hadde tenkt?

Nei, det er umuleg ĂĽ seia sidan eg ikkje har tenkt so mykje pĂĽ korleis livet skulle verta. Eg la aldri nokre plana, livet vart no det det vart. - Astrid




Levande

“

Mor er alltid tilstades i notida. Ho brukar ikkje mykje tid i det som ligg bak, eller langt framme. Ho er her og no og veldig tilstades med alt sitt og heile seg. Ho tek seg sjølv lite høgtidleg. Veldig frigjerande for oss som er rundt henne.

Britt - dotter



Om barndommen

“

Eg hadde det bra. Me hadde det mykje kjekt. Arbeid var der alltid om me hadde fri eller om det var etter skuletid. Det plaga oss ikkje. - Astrid


Høg EQ

I møte med fagpersona og offentlege etatar er det lett å kjenne seg lita. Astrid har ei eiga evne til å kommunisere med slike folk og endå få dei til å le. Ho skaper god stemning og slike møte glir lettare for alle partar. Dette fekk me ofte erfare desse siste åra då mor vår var sjuk og vart skipa mellom ulike etatar og institusjonar. Arnhild - syster




Slagferdig

Astrid er veldig slagferdig. Ho har alltid ein god kommentar på lur og er veldig flink å sjå det humoristiske i situasjonar. Å treffa spikaren på hovudet er ein av henna sterke sider.

Bjørg - syster


Om ungdomstida

Eg reiste te Hardanger som taus i ‘61, kom heimatt og var heime med tvillingbrørne mine i ‘62, i ‘63 for eg til Modalen som budeia og det var det. - Astrid



Sterk i stormen

Mor er både modig og sterk i dei store tinga. Ho er ei klippe for alle i høg sjø. I lett bris derimot kan det fort røyne på, og det er gjerne dei små tinga som set henne utav spel.

Sveinung - Son




Forretningstalent

Det ho bestemmer seg for går ho heilhjarta inn for. Så er ho nøysom med eit stort forretningstalent ” Berit - venn



Om skule

Eg likte alltid å gå på skulen. Etter framhaldskulen ville eg vidare på realskulen, men det let seg ikkje gjera. Eg trur eg hadde likt det om eg hadde fått lov. - Astrid


Oppdatert

Astrid er kreativ, flink, uredd, snill og pliktoppfyllande, er oppdatert på nytt, både innen arbeid og data. Ho gjer også alltid sitt beste.

Jorunn - svigersyster




Arbeidsom

Kvar gong me er på besøk so arbeider Bestemor med blomstrane sine. Til og med når ho kjem på besøk hjå oss, ryddar og plukkar ho i blomstrane våre

Hannah - dotterdotter


Om livet i Modalen

Dei 50 åra eg har budd i Modalen kan delast i tre. Fyrst åra som småbornsmor og bondekone, so som veverska og mor til ungdomar på veg ut i verda. Til slutt åra med drivhusa og gartneriet. - Astrid



Sjølvironisk

Astrid er morosam og har ein stor dose sjølvironi. Det er mykje lått og løye med henne.

Trygve - svigerson




Verdas beste

Farmor er ei fantastisk dame, som har stilt opp for meg og familien heile livet. Ho kan virka litt streng, men lærer mykje ifrå seg. Ho er ein av dei få personane eg kan krangla skikkelig om politikk med, og le av da etterpå. Med andre ord verdens beste farmor!

Chris Benjamin - soneson


Gavmild og snill

Eg syns at ho Bestemor er både gavmild og snill. Ho let oss arbeide på garden om somrane og tek seg godt av oss og gjev oss god løn. Jakob - dotterson




Om gartneriet

Det var då me starta med gartneriet eg fyrst vart kjend med folk her i dalen. Det har vore kjekke år og då me fekk Modalsprisen for deltakinga vår i lokalsamfunnet kjendes det fint at me hadde sett spor og utgjort ein forskjell med arbeidet vårt. - Astrid



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.