1 minute read

Fiske og akvakultur NYN

Fiske og akvakultur er ein del av ein serie på seks bøker for Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget og dekker læreplanen i felles programfag for Vg1.

Boka er tredelt, der del I gir deg basiskunnskap om det fysiske miljø i havet og det maritime økosystemet. Del II tar for seg akvakultur og gir innsyn i både sjøbasert og landbasert oppdrett. I del III er temaet fiskeri, der bl.a. kunnskap om fartøy, fangstreiskapar, navigasjon og viktige fiske­ og fangstartar går inn.

Boka har arbeidsoppgåver knytte til ulike sider av praktisk fiskeri og akvakultur. Ho er rikt illustrert, og teksten er lett å lese.

Serien består av seks bøker: → Fiske og akvakultur → Landbruk → Skogbruk → Husdyr → Dyrefag og hestefag → Naturbasert næringsaktivitet

Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og forslag til aktivitetar.

This article is from: