Hesteog dyrefag
vg1 naturbruk Nynorsk
Kapittel 1
Jobbar i heste-
draumejobben
dyrebransjen
oversikt over jobbane
du dette?
Kapittel 2
Domestisering
si utvikling
og hund
evolusjon
og naturleg seleksjon
du dette?
Kapittel 3
hunde- og katterasar
hos hest
Rasegrupper hos hund
over katterasane
du dette?
4
Kapittel 6
Kapittel 7
Kapittel 8
Kapittel 10
Stell av katt
Katt
Dagleg stell
Utstyr til katten
Katten si ernæring
Helseproblem
Kan du dette?
Kapittel 11 Stell av små pattedyr
Ilder.............................................................
Marsvin
Hamster
Rotte
Kanin
Chinchilla
Kan du dette?
Kapittel 12
Stell av reptil, fugl og fisk 161 Kongepyton 161 Kornsnok 164 Leopardgekko
Papegøyar 169 Brevduer
Ferskvassfisk til akvariebruk
Kan du dette?
Kapittel 13
Trening av hest
Miljøtrening
Oppsett av treningsøkt
Longering
Mønstring
Riding på tur og i terreng............................ 194
Dressur
Taumkøyring
196
205
207 Trening av unghest
Køyring med hest og vogn
209 Kan du dette?
Kapittel 14
Trening av hund
213
214 Hunden lèt seg styre av påskjøning
Læringa og innlæringa til hunden
214 Kva gjer du om hunden gjer «feil»?
Hunden sine signal
Innlæring av ulike kommandoar
217
219
221
Aktivisering og ro – fem om dagen
Trening for ro og kvile
Vanlege hundesportar i Noreg
Hund i arbeid
Kan du dette?
Stikkord
Biletliste
231
225 Utviklingsfasane til hunden
234
Jobbar i heste- og dyrebransjen
I dei siste femti åra har vi sett ein framveksande dyreog hesteindustri som i dag byr på ei rekkje jobbmoglegheiter. I dette kapittelet skal vi sjå på dei ulike yrka og lære meir om kva fordelar og ulemper dei enkelte har.
Finn draumejobben din
Før i tida hadde hesten ei viktig rolle i kvardagen til folk flest, både i landbruket, under transport og i militærvesenet. Også andre husdyr har vore uvurderlege opp gjennom historia.
Mange drøymer om å jobbe med dyr, og dersom du er ein av dei som finn arbeid innan bransjen, og får brukt det du har lært i heste- og dyrefaget, har du ein variert kvardag å sjå fram til. Men på same tid er heste- og dyrebransjen kjend for lange arbeidsdagar og ofte låg løn. Ein må ha tydelege mål og god økonomisk sans, og ikkje minst leggje ned ein stor arbeids innsats for å lukkast. Arbeidsforholda kan altså vere krevjande, men du har også mange fantastiske opplevingar og mykje glede i vente.
Før vi går nærare inn på dei mange jobbane som finst, skal vi sjå litt på utdanningsløpa. Som elev kan du gå ut i lære etter vg2, anten i hestefag eller i dyrefag. Lærlingar jobbar i ei bedrift i to år, der dei får opplæring i reelle arbeidssituasjonar. Dette gir
både arbeidserfaring og tid til å byggje opp dei ferdigheitene som trengst.
Som lærling har du krav på meir opplæring enn ein vanleg tilsett, og det er gode støtteordningar for lærlingar i Noreg. Du kan også velje å ta påbygg etter lærlingperioden for å få studie kompetanse, og arbeidserfaring gir eit godt grunnlag for høgare utdanning på høgskule eller universitet.
Dei som tek yrkesfag på vg2, og som ønskjer generell studiekompetanse, kan ta tredjeåret på påbygg for å kvalifisere seg til høgskule. Du byrjar då som regel med ei bachelorgrad, men det går også an å ta årsstudium i alle moglege tema.
Etter at du har teke ei bachelorgrad (svarar til 3 år), kan du ta mastergrad (2 år). Blant fordelane er at høgare utdanning kan gi høgare løn, og mange yrke krev høgare utdanning. At det kan vere dyrt å studere, er ei av ulempene. Sjølv om du ikkje betaler skulepengar dersom du er norsk statsborgar, må du likevel betale buutgifter.Tre unghestar ser over gjerdet på eit stutteri i Belgia.
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagEin hovslagar raspar hoven slik at han passar betre saman med skoen.
Ei oversikt over jobbane
Jobbane i heste- og dyrebransjen er som nemnt varierte. Det knyter seg også fordelar og ulemper ved dei enkelte jobbane, og i lista nedanfor har vi peika på dei viktigaste:
→ Hovslagar: Ein hovslagar steller hovane til hesten og set på sko om det er nødvendig. Hestar skal skoast omtrent kvar 8. veke. Hovslagarar er ofte til hjelp for veterinæren når det er skade i hoven.
–
Fordelar: godt betalt og arbeidstid som du sjølv kan regulere Ulemper: tungt arbeid
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagRideinstruktørar treng stødige, trygge hestar til nybyrjarar. Dessutan får du og kundane oppleve det beste av norsk natur når de rir ut på tur.
→ Ridelærar: Ridelærarar eller trenarar underviser ryttarar på ulike nivå. Dei gjer ein spesielt viktig jobb med rekruttering på nybyrjarnivå, då dei aller fleste ryttarar startar ride karrieren sin på ein rideskule.
Fordelar: givande kvardag, kan styre eiga arbeidstid og kombinere med annan jobb
Ulemper: kan ta mykje tid og gi låg løn
→ Tilbydar innanfor hesteturisme: Å utforske nye stader på hesteryggen er for mange ein opplevingsrik måte å bruke ferien på. Å tilby slike tenester er ein spennande jobb med mange nye menneske og opplevingar.
Fordelar: annleis kvardag, vere ute i naturen
Ulemper: ulikt kunnskapsnivå hos ryttarane, noko som krev stødige og trygge hestar
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagLanghåra hundar treng ekstra stell. Hundefrisørar må ha kunnskap om mange ulike hunderasar. Her er ein keeshond.
→ Medarbeidar i dyrebutikk: Det er stor marknad for dyreprodukt, og stadig fleire startar opp slike bedrifter. Dei fleste slår seg saman med ei kjede av butikkar som sam arbeider om marknadsføring og utval.
Fordelar: føreseieleg arbeidstid og kvardag – Ulemper: kan vere dårleg betalt
→ Hundefrisør: Hundefrisørar kan hjelpe hundar som krev spesielt pelsstell eller kloklipp. Nokre hundefrisørar jobbar sjølvstendig, medan andre samarbeider med veterinær klinikkar eller dyrebutikkar.
Fordelar: handterer mange ulike hundar Ulemper: må finne trygge og gode måtar å handtere hundar på som har hatt dårlege erfaringar under stell av hår og klør
→ Veterinær: Veterinærar hjelper eigarar med regelmessige og akutte helsetenester. Oppgåvene inkluderer å diag nostisere og behandle lidingar, sjekke at drektigheit går utan komplikasjonar, og gi eigarar råd om ernæring.
–
Fordelar: kan vere god løn, og mange dyreeigarar har stor tillit til veterinærar
Ulemper: lang arbeidstid, krevjande utdanning og utfordrande psykisk arbeid
→ Dyrepleiar: I ein dyreklinikk jobbar det fleire enn berre veterinærar. Dyrepleiarar assisterer veterinærar med å ta seg av dyra før og etter behandling. Dei jobbar også med å ta imot kundar og gjere anna arbeid i klinikken.
Fordelar: noko kortare utdanning enn veterinærar, fleire stillingar
Ulemper: kan vere psykisk krevjande
→ Hundetrenar: Stadig fleire skaffar seg hund, men mange opplever problem som dukkar opp undervegs. På ulike stadium i livet til hunden hjelper hundetrenarar til med trening, som å trene på å gå fint i band, meistre kloklipp og vere roleg når folk kjem på besøk.
Fordelar: kan velje eiga arbeidstid
Ulemper: kan vere krevjande å jobbe med kundar som ikkje gjer heimeleksene sine
→ Dyreassisterte intervensjonar – terapiriding eller terapi hundtrenar: Det er stort behov for dyr som er trena til å hjelpe folk som slit psykisk eller fysisk. Dyr kan trenast opp til å føre synshemma, gi kos og selskap til eldre, hjel pe rørslehemma med å kome seg i aktivitet, og mykje meir.
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagSurikat frå Afrika. Ein dyrefotograf kan spesialisere seg på portrett, foto av ville dyr osb.
Dyr kan til og med trenast opp til å varsle om epilepsianfall før dei kjem.
Fordelar: givande jobb som endrar liv Ulemper: kan vere krevjande arbeid og som regel lågt lønt eller frivillig arbeid med mindre du ordnar ein god avtale
→ Dyrefotograf: Ein kan få ei bra biinntekt ved å dyrke liden skapen for fotografi. Det er stor etterspurnad etter gode foto av dyr. Nokre fotografar er spesialiserte på stemne foto, andre tek portrettbilete og somme set søkjelys på villmarksfoto. Dei aller fleste tek foto digitalt. Difor blir det tilrådd å bruke tid på å lære etterarbeid i ulike program varer i tillegg til å kjenne funksjonane til kameraet.
Fordelar: fleksibel arbeidstid og kreativt og spennande arbeid
Ulemper: dyrt utstyr krev ofte gode stader for å foto grafere, vanskeleg å finne ei god timeløn
→ Fôrspesialist: Firma som sel heste- og dyrefôr, nyttar seg av utdanna konsulentar for å rettleie om produksjon og utval. Nokre firma held kurs og opplæring av kundar i fôringsteori, og det er ofte private oppdrag der eigarar spør om råd. Mange universitet gir studentar moglegheit til å fokusere på fôringslære under utdanninga, slik at dei er meir kvalifiserte til å jobbe som fôrspesialistar.
Fordelar: ofte god løn og føreseieleg arbeidstid Ulemper: kan vere lite kontakt med dyr
→ Ridande politi: Det finst berre ein politistall i Noreg. Ridande politi kjem seg lettare fram i tronge gater, og hestane skaper ein god relasjon til menneske i gata. Du må kvalifisere deg som politi før du kan søkje deg inn på politistallen.
Fordelar: får rideundervisning med jamne mellomrom og jobbar med ein hest over lengre tid Ulemper: stor konkurranse om plassane, krav om politiutdanning
Rideinstruktørar underviser kundar på eigne hestar eller på rideskulehestar. Slike hestar er dyre å skaffe og halde ved like.
→ Fysioterapeut: Dyr kan slite med kroppsplager som dei ikkje får kommunisert til eigarane sine. Fysioterapeutar jobbar med mange ulike verktøy for å behandle i sam arbeid med veterinærar, hovslagarar og saltilpassarar. Fysioterapeutar kan nytte ulike tilnærmingar, til dømes massasje, akupunktur, laser- og ultralydbehandling.
Fordelar: godt betalt, eiga arbeidstid
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagSalmakarar jobbar med lêr til hundehalsband, hesteutstyr, bilinteriør og mykje anna.
Sauene på denne besøksgarden har det reint og godt i fjøset.
Ulemper: kan vere lange avstandar frå kunde til kunde, dyrt utstyr
→ Salmakar: Det finst ingen store aktørar som produserer salar i Noreg, men det er mange som jobbar med lêr. Ein salmakar lagar selar, hovudlag, halsband, vesker og anna av lêr. Salmakarar reparerer også utstyr. Du treng ikkje veldig mange reiskapar for å kome i gang, men du må kjøpe inn forbruksvarer som lêr og metallvarer.
Fordelar: treng ikkje mykje plass og utstyr for å kome i gang
Ulemper: det krevst mykje trening å lage bra utstyr
→ Saltilpassar: Hesteryggen er eit kjenslevart område i kon stant endring. Salen må liggje optimalt for å fordele vekta av ryttaren og unngå press på ryggrada. Saltilpassing burde skje minst ein gong i året, og då av ein kvalifisert saltilpassar. Saltilpassarar treng grunnleggjande opplæring i salmaking, men lagar sjeldan salar sjølve.
Fordelar: stor etterspurnad for denne tenesta, god betaling
Ulemper: må ha ein del salar på lager, og det kan vere lange reiser mellom kundar
→ Tilbydar av Inn på tunet: Mange menneske har i dag eit veldig fjernt forhold til dyr og matproduksjon. Inn på tunet er ei ordning der folk kan besøkje gardar for å lære meir om denne prosessen. Ordninga gir støtte til gardar som tilbyr dette. For mange bønder er det lite lønsamt å drive gard, og då kan ei ekstra inntekt vere avgjerande for vidare drift.
Fordelar: ekstra inntekt til garden
Ulemper: må leggje til rette for besøk
→ Dyrepassar: I dyrehagar er det dyrepassarar som tek seg av dagleg stell av dyra. Mange dyrepassarar har høgare utdanning i zoologi (læra om dyr). Med høgare utdan ning kan du få ei avgjerande rolle i dyrehagen og ha meir innverknad på korleis dyra lever, og sørgje for god dyre velferd.
– Fordelar: jobbe direkte med dyr i felten Ulemper: kan vere lågtlønt arbeid og lange arbeids dagar
Ein dyrepassar jobbar med stell av dyr, men har også ei rolle som trenar. Dyr blir trena til å samarbeide i dagleg stell og framsyning for besøkjande i dyrehagen.
→ Hundeførar: Hundeførarar jobbar profesjonelt med hundar til ulike føremål. Hundeførarar finst mellom anna i toll vesenet, forsvaret og politiet. Hundane blir som regel brukte til ulike typar søk, til dømes etter narkotika, sprengstoff, menneske som har utført ei kriminell handling, eller menneske som har gått seg vill.
Fordelar: jobbe med hund kvar dag, variert kvardag
– Ulemper: krev ofte at du er i beredskap og kan jobbe i krevjande situasjonar med hunden
→ Forskar på dyrehald: Det finst forsking på alle moglege område av dyrehald. Forskarar på dyrehald har teke ei mastergrad eller høgare. Då forskar ein på dyreåtferd, fysiologi, avl eller ernæring, for å nemne noko. Forskarar jobbar i samarbeid med universitet og bruker tida på å undervise høgskulestudentar og gi ut vitskaplege journalar som dokumenterer forskinga deira.
–
Fordelar: arbeid ute i felten og anna tilsvarande meiningsfylt arbeid
Ulemper: lang arbeidstid, variabel løn basert på støtte
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagKan du dette?
1 Korleis kan du utdanne deg til å bli ridande politi?
2 Kva pleier salmakarar i Noreg å lage?
3 Nemn nokre av jobbane i heste- og dyrebransjen som kan slite på kroppen, men der du tener godt.
4 Kva er skilnaden mellom ein hundetrenar og ein hundeførar?
5 Kva er skilnaden mellom ein høgskule og ein vidaregåande skule?
6 Nemn eit døme på ein jobb i heste- og dyrebransjen der du kan bruke mykje tid utandørs.
7 Kva kan vere ulempene med å jobbe som veterinær?
8 Kor mange år tek vanlegvis ei bachelorgrad?
Naturbruk Kapittel 1 Jobbar i heste- og dyrebransjen Heste- og dyrefagDomestisering og evolusjon
Domestisering er ein langsiktig prosess der dyr og plantar gjennom avl blir tilpassa eit menneskeskapt miljø. Prosessen endrar artar slik at domestiserte dyr skil seg frå dei ville artsfrendane sine. Menneska domestiserte til dømes hestar for berre ca. 6 000 år sidan. Dimed har vi ikkje greidd å avle bort dei naturlege behova og instinkta dyra har. Det må vi ta omsyn til når vi planlegg dyrehald og trening.
Hesten si utvikling
Hestar, hundar og kattar stammar frå ein felles slektning, men gjekk i tre heilt ulike retningar. Ved å forstå hovudtrekka i utvik linga deira kan vi lettare skjøne kvifor dei et, ser ut og oppfører seg som dei gjer.
Afrikansk villhund er ein utryddings truga art som er i slekt med hundar. Under jakt er flokken avhengig av godt samarbeid for å lukkast.
Dyra vi reknar som starten på utviklinga av hesten, blir kalla Eohippus. Dei var på storleik med ein rev, budde i tett regnskog og hadde 4–5 tær på kvar fot. Det var truleg klimaendringar som gradvis sletta ut regnskogen og erstatta han med gras. Eohippus måtte tilpasse seg, og individ som var betre eigna til livet på steppene, overlevde. Til sist døydde Eohippus ut då individa som var betre tilpassa steppelivet, hadde danna ein heilt ny hesteart. Denne forma for utvikling blir kalla evolusjon
Przewalskihesten er ein art som skil seg frå hestearten. Han har kort man og mørke bein.
Etter over 50 millionar år har vi no ein hest som er heilt ulik Eohippus. Det er funne mange artar i form av fossil som vitnar om endringane hesten måtte gjennom for å bli det han er i dag. Han fekk større kropp og sterkare tenner og etter kvart mange færre tær. Eohippus hadde nemleg 4–5 tær på kvar fot, til liks med slektningen han deler med hunden og katten.
Før siste istid, som starta for ca. 30 000 år sidan, fanst det mange ulike artar av hest over heile verda. Hesten døydde ut i Nord-Amerika for ca. 10 000 år sidan, og i Europa overlevde berre ein hestetype, også kalla genus Equus. Det er fire artar i genus Equus: hest, przewalskihest, sebra og esel. Sebra og esel har igjen mange underartar kvar. Berre hesten og ein underart av esel er domestiserte. Mange av dei ville hesteartane er utryddingstruga.
Spanjolane tok med seg hestar igjen då dei kom til «den nye verda». Mustangen er ein etterkomar av desse domesti serte hestane. Mange hesterasar som er kjende som villhestar, er eigentleg forvilla hestar. Desse har busett seg i ville område og klarer seg utan hjelp frå menneske sjølv om dei framleis er domestiserte. Det ville vore lettare å temme ein mustang enn ein sebra, fordi mustangen har tusenvis av år med domestisering som gjer han mindre aggressiv og flinkare til å respondere på «hjelparar», det vil seie signal som ryttaren gir til hesten.
Hestane er flokkdyr og fluktdyr. Dei har overlevd ved å leve i flokk og varsle kvarandre om fare. Hestar har ikkje horn eller tjukk hud til vern; dei er utvikla for å springe frå faren. Desse eigenskapane påverkar åtferda til hesten sjølv i dag. Hestar og esel høyrer til dei upartåa hovdyra. Det er ei gruppe som omfattar dyr med tær i oddetal, og inneheld hestedyra, tapirane og nashorna. Det er ein annan, mykje større dyreorden: dei partåa. Denne omfattar hjortedyr, sjiraffar, gaseller, sauer, kyr og mange andre.
Alle hesteartar har kastanjar, som er restar frå det som tidlegare var tær. Nokre hestar har også teikn til striper på beina og kroppen.
Tameselet stammar frå villesel og har mange rasar. Det finst også mange ville artar som er i slekt med esel, men ikkje er same art. Kiang er den største og kjem frå Tibet. Det finst også halvesel. Halvesla er likevel ikkje det same som muldyr, men er kalla halvesel fordi dei liknar på både hest og esel. Muldyr er krysning mellom hest og esel. Dei fleste villesla er i dag utryddingstruga. Underarten Equus africanus, som tamesel stammar frå, er også utryddingstruga.
Ingen av dagens tre underartar, altså vanleg sebra (Equus quagga), fjellsebra (Equus zebra) og grevysebra (Equus grevyi), er
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagTamesel stammar frå afrikansk villesel. Tamesel finst i mange ulike rasar og storleikar.
domestiserte. Vanleg sebra er mest utbreidd og er nær truga. Den vanlege sebraen held til i store flokkar på savannen. Grevysebra er den største arten. Kvaggaen (Equus quagga quagga) er ein art som menneska utrydda gjennom jakt for hundrevis av år sidan.
Grevysebra er den største sebra arten. Dei har tynne striper og store øyre. Vanleg sebra er kjenneteikna av dei breie stripene og mørk mule. Han migrerer i store flokkar saman med gnu.
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagAmurleopard er ein kritisk utryddingstruga katteart frå Panthera-familien.
Katt og hund
Katten si utvikling og domestisering
Ville kattedyr deler vi inn i mange mindre genus, mellom anna i Panthera, Acinonyx, Lynx, Caracal og Felis. Panthera er dei store, brølande kattedyra som løve, leopard og tiger. Acinonyx har berre éin medlem, og det er geparden. Geparden brøler ikkje og har hatt ei heilt spesiell utvikling for å kunne springe fort. I Noreg har vi eit genus når det gjeld villkattar, og det er Lynx, som gaupene høyrer til.
Serval er ein katteart frå Afrika som veg rundt 15 kilo. Den lange kroppen og beina gir han eit enormt sprang som eignar seg til jakt på gnagarar og fuglar.
Felis catus, eller det vi til vanleg kallar «huskatt», stammar frå afrikansk villkatt (Felis lybica). Desse er ikkje så ulike tamme kattar, med same kroppsform og avteikn som ein stripa, korthåra katt. Dette er fordi katten vart domestisert så seint som for 10 000–12 000 år sidan.
Domestiserte kattar liknar difor mykje på dei ville forfedrane sine i utsjånad og åtferd. Det finst i dag framleis villkattar i Europa, som europeisk villkatt (Felis silvestris). Dei liknar veldig på tamme kattar, men er altså ein annan art.
Kattar er truleg domestisert fleire gonger: i Søraust-Asia og i Egypt. Dette skjedde i samband med at menneska byrja å dyrke og lagre korn. Kattar heldt seg i nærleiken av folk for å ete mus, som vart tiltrekte av desse kornlagera. Hundar vart avla til å gjere ulike jobbar, medan katten stort sett har som rolle å jakte på mus og rotter.
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagSumatratigeren kjem frå Indonesia, der han er nesten utrydda. Denne tigeren er kjend for å ha mykje lang pels rundt kjeven.
Kattar fekk meir og meir status. I det gamle Egypt, der til dømes gudinna Bastet var ein katt, var katten blant dei heilagste dyra. Det blir sagt at om ein katt døydde, måtte heile familien barbere augebryna som eit symbol på sorg.
Denne 5000 år gamle sigerstavla, som tilhøyrde kong Narmer, fortel om kor heilage kattedyra var. Sjå særleg den midtre figuren med dei lange, slangeaktige halsane. I Egypts tidlege fase var mennesket sitt forhold til dyra verkeleg veldig annleis enn det det er i dag, noko denne tavla viser.
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagGaupe (lynx lynx) er den einaste ville kattearten i Noreg. Det finst fire gaupeartar i verda.
Kattar spreidde seg seinare i Europa, noko vi ser på gamle romerske måleri. Utover i mellomalderen fekk mange eit dårleg forhold til kattane; mellom anna meinte fleire pavar at kattane var knytte til vonde krefter. Difor vart det avliva mange kattar på forferdeleg vis, heilt lovleg. Kattar vart også kopla til djevelen og hekser, og folk gav kattane skulda for svartedauden, og endå fleire vart drepne.
Etter mange generasjonar greidde katten likevel å snike seg inn i hjartet på europearane òg. Organisert katteavl vart stort på 1800-talet, og organisasjonar for ulike katterasar byrja å dukke opp i England og USA. I dag finst det mange ulike katterasar, men berre 10 % av kattane våre er reinrasa. Dei fleste klarer seg like fint i stova som ute i det fri som forvilla kattar.
Hunden si utvikling og domestisering
Hunden (Canis familiaris) og ulven (Canis lupus) stammar frå ein felles art. Dei vart til to ulike artar for ca. 20 000–41 000 år sidan, om vi skal tru ny forsking. Hunden spreidde seg og delte seg etter kvart i to retningar. Slik har hunden altså endra seg monaleg frå det dyret han og ulven stammar frå.
Hundefamilien omfattar dyr som prærieulv, afrikansk vill hund, dingo og dhole, men berre hunden er domestisert. Som vi har sett tidlegare, skaper domestisering endringar i genetikken, åtferda og den fysiske utsjånaden til dyret, noko som er spesielt tydeleg hos dagens hundar.
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagHunden stammar frå eit dyr som likna på ulven.
Russiske forskarar har undersøkt rolla som «tamheit» har for domestisering. Forskarane hadde ei stor gruppe med sølvrev, som også er i Canis-genuset. Berre dei som oppsøkte folk, vart det avla vidare på. Etter over 50 generasjonar fekk forskar ane utvikla ein populasjon med rev som logra med halen og kosa med menneske. Slik har vi no kanskje «domestisert» reven òg.
Som ein bieffekt har forskarane observert at tamme revar kunne få krøllete hale og hengjeøyre. Vi veit ikkje om desse trekka oppstod spontant, eller om dei vart favoriserte fram av forskarane, men det er ikkje tvil om at slike mutasjonar trekkjer folk til dyret og kan avlast vidare. Vi reknar med at ein liknande prosess skjedde med hundar då dei vart domestiserte, men då over eit mykje lengre tidsrom.
Hunden har endra seg mykje i løpet av domestiseringa. Han har til dømes større kapasitet til å fordøye stivelse, ei matkjelde som finst i større grad nær menneske som dyrkar korn. Dette tyder på at hundar har vore i tett kontakt med menneske lenge. Hundar har også vorte fysisk annleis, med annan pels og stor leik, og etter kvart ekstreme endringar i kroppsform. Vi har no svært mange hunderasar som aldri ville klart seg i ulveverda på grunn av korte bein, tynn pels eller kort snute.
Den viktigaste skilnaden er forholdet hunden har til menne ske. Forsking viser at menneskekontakt er viktigare for hundar enn det er for ulvar. Vi har avla «menneskets beste venn». Vi har lagt spesiell vekt på viljen hunden har til å jobbe saman med
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagAlaska husky er ein rase som blir brukt til trekkhundløp. Vi reknar med at dei tidlegaste hunderasane såg slik ut.
menneske. Dette blir godt synleg på hundar som border collie, som må jobbe tett med menneske for å fungere som gjetarhund. Dei er ofte ekstremt opptekne av menneska sine.
Diverre har tidene endra seg frå den gongen menneska levde og jobba saman med hundar i villmarka. I dag er mange hunde eigarar på jobb om dagen og rører seg ikkje like mykje som folk gjorde før. Dette kan by på problem for hundar, som kan bli understimulerte og einsame.
Kunstig og naturleg seleksjon
Domestiserte dyr er resultat av kunstig seleksjon, det vil seie avlsarbeid, utført av mennesket gjennom tusenvis av år. I naturen utviklar dyr seg gjennom naturleg seleksjon eller utval. Det er eit anna ord for evolusjon, som vi såg eit døme på for «urhesten» Eohippus på side 18. I naturen er det dei dyra som er best til å tilpasse seg det miljøet dei lever i, som overlever.
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagCorgien er delt i to rasar: welsh corgi cardigan og welsh corgi pembroke. Sistnemnde ser du her. Begge blir rekna til buskapsgjetarane.
Sjå side 33.
Domestiserte dyr møter andre krav som dei blir pålagde. Spesielle dyr som eignar seg til mennesket sine føremål og ønske, blir det så avla vidare på slik at dei får nye eigenskapar. Det kan vere kyr som vi har fått til å produsere stadig meir mjølk, hestar som spring raskare, eller hundar som blir sterkare eller stadig mindre i kroppen, med store, runde auge.
I mange tilfelle er eigenskapane vi ønskjer hos dyr, ikkje gunstig for eit liv i det fri. Hunderasen corgi har korte bein på grunn av ein mutasjon som oppstod under avlsarbeidet. Denne eigenskapen vart vald vidare av oss, men korte bein avgrensar eit rovdyr i villmarka. Når vi vel eigenskapar som er gunstige for oss menneske, må vi difor ta omsyn til etikken i avlsarbeidet.
Naturbruk Kapittel 2 Domestisering og evolusjon Heste- og dyrefagEin hingst er ein ukastrert hannhest, og ei hoppe er ein hest av hokjønn.
Etikk og avlsarbeid
Etikk er ei grein innanfor filosofi som dreier seg om handlingar og verknadene av dei, spesielt med omsyn til velferd hos andre menneske, men også dyr. Noko av det viktigaste er det etiske ansvaret vi har som oppdrettarar. Vi må tenkje nøye gjennom kva rett vi menneske har til å påverke dei naturlege mogleg heitene dyra får til å utfalde seg, til å ha god helse og til generelt å kunne overleve.
Som oppdrettarar av eit dyr har vi også eit ansvar for å avle friske dyr. Det betyr at vi må ha gode planar for avl som fremjar god helse. Dessutan må vi finne ein kjøpar som må kunne ta vare på dyret resten av livet.
Du treng ikkje lisens eller sertifisering for å drive med dyre oppdrett. Det er ikkje vanskeleg å setje ein hann og ei ho saman; naturen vil gå sin gang. Det som er vanskeleg, er å velje dei rette avlsdyra – utan å vite om dei kjem til å produsere gode avkom. Har du ei hoppe med dårleg rygg og ein hingst med god rygg, så er det ikkje slik at følet får gjennomsnittet av desse to. Sjølv om vi set saman to hestar med god rygg, kan vi få eit føl med dårleg rygg.
Kva vi gjer med individ som ikkje når måla i avlen, er ein stor diskusjon. Kinesisk nakenhund kan bli fødd med eller utan pels; i gamle dagar vart hundane med pels avliva for å halde oppe rasestandarden. Det å avlive friske hundar av kosmetiske grunnar er eit etisk problem. I dag er det lov å stille ut både den nakne og den pelskledde (powder puff) utgåva av rasen.
Eit anna etisk problem er dersom rasestandarden krev eit eksteriør, altså ein ytre utsjånad, som kan føre til helseproblem. Hundar med kort snute får ofte pusteproblem som krev opera sjon, og hundar kan få betennelse i hudfaldane i andletet. Dei spesielle rasetrekka som gjer nokre hundar veldig søte eller spesielle å sjå på, kan altså gi dårleg helse!
Vi kan også risikere helseplager hos dyr dersom vi berre avlar for å oppnå ein ønskt farge. Avlar vi to hestar med dobbelt overo-gen, vil 25 % av føla døy kort tid etter fødselen. Blue merle-genet hos hund kan også vere livstrugande dersom begge foreldredyra har dette genet. I desse døma blir eksteriør sett framfor helse. Oppdrettarar må difor gjere seg kjende med dei helseplagene som kan følgje med når eit dyr skal få ein spennande utsjånad.
Kan du dette?
1 Forklar korleis evolusjon går føre seg.
2 Kva synest du er den viktigaste rolla som den domestiserte katten har?
3 Gi døme på eigenskapar som kan avlast, men gi helseplager. Ta føre deg både hest, hund og katt.
4 Kva er skilnaden mellom temming og domestisering?
5 Kva dyr er seinast domestisert av katten, hunden og hesten?
6 Kor mange tær hadde forfedrane til hesten?
7 Kva katteartar lever vilt i Noreg?
8 Kva endra seg i fordøyingssystemet til hunden etter at han vart domestisert?
Naturbruk KapittelHeste- og dyrefag
Heste- og dyrefag er ein del av læreverket for vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget og dekkjer læreplanen i felles programfag for vg1.
Denne boka tek føre seg velferd, bruk og teknikk ved hald av hest, hund, katt og andre selskapsdyr. Ho inneheld også grunnleggjande kunnskap om dyrebiologi, åtferdslære og ernæring.
Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Serien består av seks bøker:
Fiske og akvakultur
Landbruk
Husdyr
Skogbruk
Heste- og dyrefag
→ Naturbasert næringsaktivitet
Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elevar og lærarar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og forslag til aktivitetar.