1 minute read

Ordriket Lesebok 2B NYN (2.utgave)(9788211035684)

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 2B I lesebøkene på 2. trinn følger vi Ina og Sam på jakt etter ein tjuv som har vore på ferde på skolen deira. Undervegs i jakta oppstår situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval.

Kvart kapittel presenterer eit tekstutval i forskjellige sjangrar og med ulik vanskegrad. Tekstane blir presentert i to nivå, og kvar tekst er rikt illustrert. Dette gir alle elevar moglegheit til å kunne delta på eigne premissar. Tekstane i leseboka er henta frå både den nyaste barnelitteraturen og frå kjende klassikarar.

Leseboka finst også i digital utgåve.

Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 2B.

Les meir på fagbokforlaget.no

This article is from: