1 minute read

Puls Kommunikasjon og samhandling (helseservicefag) NYN (9788211044242)

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 helseservicefag etter fagfornyinga.

Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og tre lærebøker som følgjer programfaga: → Yrkesliv i helseservicefag → Kommunikasjon og samhandling → Helse- og sjukdomslære

I lærebøkene møter elevane lettlesne og ryddige verk. Eit illustrert persongalleri følgjer dei gjennom boka og gjer det faglege aktuelt og praksisnært.

Puls Kommunikasjon og samhandling tek sikte på å utvikle elevane sine ferdigheiter i å kommunisere og samhandle profesjonelt med menneske med ulik bakgrunn, alder og livssituasjon. Elevane lærer nyttige strategiar for konflikt-, stress- og krisehandtering. Boka har også som mål å øve opp evna til å reflektere over yrkesetiske dilemma og eigne relasjonsferdigheiter i møte med kundar, pasientar, brukarar og pårørande.

Læreboka har ordforklaringar, omgrepsregister, oppsummeringar og et breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.

This article is from: