
2 minute read
Ta vare på sesongen – og framtida
from Samvirke 2 2023
Våren nærmar seg, og med det sesongen for livets under i mange delar av jordbruket. Jorda blir klargjort, dyr blir fødde og framtida skal på nytt skapast. Sjeldan er Felleskjøpet sin slogan, «Ta vare på jorda, dyra og framtida» meir tidsmessig gyldig enn nettopp no når årssyklusen startar for mange.
Vi har fått mange tilbakemeldingar om at vi må vere endå meir klare og på hogget i sesong, og at dei ulike områda i Felleskjøpet må jobbe betre saman i dei travlaste tidene for bonden. Vi har derfor sett i gang initiativet «Klar for sesong?» der landbruk, maskin og detaljhandel jobbar saman for å bli betre i vår- og haustsesongen. Entusiasmen er stor og eg håpar de ser eksempel på dette når de samhandlar med oss. Erfaringane kjem vi til å ta med oss for å bli endå betre framover.
Advertisement
Felleskjøpet sin nye strategi vart vedteken av styret i august i 2022. Det å bli endå betre i sesong er eit eksempel på det vi ønskjer meir av framover for å støtte opp under målet om å «vere bonden sin føretrekte leverandør av driftsmidlar over heile landet».
I strategien synleggjer vi og målet om «meir berekraftig jordbruk og matproduksjon» og at vi ønskjer å gjere berekraft til eit konkurransefortrinn for norsk landbruk.
Berekraft inkluderer økonomi, dyrevelferd og klima og miljø. Vi støttar fullt ut opp under Landbrukets klimaavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Leverer vi på denne kan vi unngå langt dyrare og meir krevjande alternativ for landbruket.
Berekraft er eit område med hardt debattklima. Motstandarane ser ut til å ha oversett eit vesentleg poeng; at både forbrukarar og politikarar i inn- og utland meiner at dette er viktig og riktig, og er i ferd med å ta det inn i lovverket. Då må vi søke moglegheitene og ikkje kjempe ein kamp som alt er tapt.
Lat oss bruke energien på å søke moglegheitene, slik som bøndene i Sømna gjer med si biogassatsing, noko som vil vere godt for miljøet og for lommebøkene deira. Og som vi i Felleskjøpet gjer ved å teste ut elektriske vogntog, med økonomisk støtte frå Enova, på dei kortaste rutene våre i Trøndelag der vi i prinsippet kan lade på fabrikkane våre mellom kvar tur.
Vi ønskjer å gjere vår jobb slik at vi «tek vare på framtida» på best mogeleg måte. Ein del av dette er å heie på dei av dykk som går i front gjennom å dele ut Landbrukets berekraftspris på årsmøtet i april.
I dette nummeret skal vi og lese meir om kvinner i tillitsvaldstillingar i landbruket og om eigarmøta som no føregår.
Ansv. redaktør: Marianne Blindheim Eriksen marianne.blindheim.eriksen @felleskjopet.no, tlf. 907 83 297
Redaktør: Eva Olssøn eva.olsson@felleskjopet.no, tlf. 959 40 503
Journalister: Eva Olssøn
Håvard Simonsen
Karstein Brøndbo
Sigbjørn Vedeld
Postadresse: Samvirke
Felleskjøpet Agri Postboks 469 Sentrum, 0105 Oslo
Layout: Nucleus AS
Trykk: Ålgård Offset
Foto forside: Karstein Brøndbo
Redaksjonen avsluttet: 07.03.2023
Neste nummer utkommer: 24.04.2023
TILLITSVALGTE I FELLESKJØPET
STYRET:
Styreleder:
Anne Jødahl Skuterud, 2022 Gjerdrum, tlf. 481 11 576
Styremedlemmer:
Arne Elias Østerås, 2334 Ilseng, tlf. 954 28 305
Elisabeth Holand, 8370 Leknes, tlf. 958 91 167
Grim Erik Gillestad, Sunnfjord, tlf. 906 34 501
Else Horge Asplin, Nesbyen, tlf. 901 79 321
Erling Aune, Skogn, tlf. 995 79 977
Karl-Oskar Fosshaug, 9360 Bardu, tlf. 901 23 466
Thor Johannes Rogneby, 2850 Lena, tlf. 958 34 814
Ansattvalgte:
Ann-Lisbeth Lieng, FKA Bodø, tlf. 912 46 127
John Arild Leirnes, FKA Bergen, tlf. 970 19 646
Hans Petter Dyrkoren, FKA Nedre Ila, tlf. 926 45 496
Frank Gjøran Fandin, tlf. 993 63 210
Årsmøtets ordfører:
Anders Eggen, 7224 Melhus, tlf. 906 03 562
PRISER: Annonsepriser oppgis på forespørsel. Samvirke er produsert av Felleskjøpets kommunikasjons- og markedsavdeling.