100 1916—2016
Jubileumsmagasin Suldal Elverk 100 책r Utgitt av Suldal Elverk 2016 Produsert av Filter design & kommunikasjon Framsidefoto: Meister Fotografi Opplag: 1000 Trykk: Haugesund Bok & Offset
Leiaren 4 Historia 5 Lys er himlens gave 7 Tidsline 8 Krafttak 16 Indre liv 21 Kapteinen 22 Enquete 27 Skaper talent 32 Pukkverk i vekst 33 Viktig arbeidsplass 34 Bles liv i sentrum 35 Aktuelt fr책 elverket 36 Livsstilen p책 jobb 38 Framtida 43 Framtida 45 Betre flyt med fiber 46 Kvardag med spenning 54 Tilsette 56
Kraftfull jubilant Suldal Elverk kan i år feire 100 år som produsent og distributør av elektrisk straum. Arbeidet med straumprosjektet starta fleire år før brytaren kunne leggast inn. Det var eit framsynt heradstyre og den lokale sparebanken som var drivkrafta bak prosjektet. Det var bratte lier og lite hjelpemiddel å ta i bruk under bygginga av stasjon, røyrgate, dam og linjer. Likevel -etter mange arbeidstimar og mykje slit kunne endeleg anlegget settast i drift i 1916. I byrjinga forsynte ein berre gatelys i Sand sentrum. Sidan har nettet utvida seg, og etter kvart har alle grendene i Suldal fått straum. Eigaren av elverket har heile vegen vore kommunen. I starten var nok elverket ein utgiftspost. I dei seinare åra har dette endra seg og vi leverer i dag eit kjærkome utbytte til vår eigar. Hovudmålet til Elverket har heile tida vore å levere ei stabil straumforsyning. Kravet til oppetid har nok endra seg mykje i perioden. Då ein tidlegare vart utan straum i lengre periodar takla kundane dette utan store problem. I dag er det krise om straumen forsvinn. Vi har difor eit vaktlag som alltid er klare for å rette feil og få straumen attende så raskt som muleg. Våre tilsette står på for kundane og selskapet.
4 | Suldal Elverk 1916–2016
Det er ein lojal gjeng som trør til når det trengst. I periodar der uveret herjar og trea fell i bakken, er det godt å vite at vi har lokalkjende mannskap som veit kva dei held på med. Det er ikkje berre kravet til oppetid som har endra seg i perioden. Forbruket til kundane har auka og mange lokale småkraftverk er tilkopla. I regnfulle periodar eller i snøsmeltinga, produserer desse kraftverka så mykje straum at vi transporterer store mengder energi ut av kommunen. I tørre og kalde periodar er situasjonen totalt motsett. Å byggje og drifte eit nett som taklar desse situasjonane krev difor god planlegging og tilpassing av drifta. Det siste tiåret har Suldal Elverk og satsa på fiberutbygging. Eit godt breibandnett var viktig for å oppretthalde busetnad og tenestetilbodet i kommunen. Suldal Elverk tok sjansen og satsa på fiber. Satsinga har vore ein suksess. Sjølv med store investeringar, byrjar ein å sjå positive resultat på botnlinja til fiberavdelinga. I byrjinga av jubileumsåret, kopla vi til breibandkunde nr. 1000. Dette blei markert på høveleg vis. At vi skulle få over 1000 kundar, var det berre dei mest optimistiske som torde håpe på. Ser ein framover er det det
Våre tilsette står på for kundane og selskapet. Det er ein lojal gjeng som trør til når det trengst.
ikkje fritt for at det er skyer på horisonten. I 2016 vedtok stortinget ei ny energilov som gjer at selskapet må skilje ut nettverksemda. Vi merkar og eit press frå styresmaktene i retning av samanslåing til større einingar. Det er ikkje alltid at større einingar er til det betre. Vi har og mange fordelar som liten og lokal. Vi kjenner området og kundane våre. Som eit lite selskap kan vi raskt snu oss rundt og har kort responstid. Vi ynskjer difor å bestå som eige selskap, men samtidig samarbeide med andre for å effektivisere drifta. Vi håpar at kundane og innbyggjarane er nøgde med arbeidet vi gjer og set pris på å ha ein lokal leverandør. Vi lovar i alle fall å gjere vårt beste for å levere gode tenester til beste for Suldal og kundane i dei komande åra. Det fortener dei som torde satsa og stod i bresjen for over 100 år sidan. I magasinet kan du lese meir om historia og personane som er tilknytt bedrifta. God lesing.
Tor Bjarne Smedsrud, Elverksjef
Historia.
Suldal Elverk 100 책r | 5
Øvst: Lastebilen er av merke Fargo og tilhøyrde Alf Gauthun. Frå venstre Magne Bakka, Arvid Nielsen, Alv Guggedal, Ragnvald Helland, Alf Gauthun, og Buldog, som kom ifrå Ungarn og jobba på Elverket ein periode på 1950 talet. Nedst tv: Notis frå Stavanger Aftenblad, 5. oktober 1916. Biletet av krafstasjonen skal vera tatt i 1916, eigar av bilde er Tønnes Tollak Jakobsen. Nedst th: Hytta på Hiimsvatnet, frå venstre, Ragnvald Helland, Arne Karlsen, Anker Karlsen, Rasmus Mikkelsen.
6 | Suldal Elverk 1916–2016
«Lys er
himlens gave 1916 – lysåret! Bak alle store hendingar ligg det ei soge. Vi hoppar difor tilbake til 1913. Eit merkeår i suldalssoga og spesielt i sandssoga. Det var likesom noko kom i rørsle og fekk fart på seg dette året. Ein såg det alt når ein kom inn på Tunet ein kald februardag: «Kinemategrafforestilling ved Nordèn. Bra bilæte.» Nokre løgne remediar fekk bileta til å rulla over lerretet. Eller som det stod i eit blad: «De hoppede.» Du hendelse! På vegen frå Sand gjennom Suldal og, etter båttur over Suldalsvatnet, like opp til Røldal rulla ein automobil på prøvekjøring denne sommaren. Fælande fort, tykte Suldal heradstyre og sa noko seinare at det var «saare generende for bygdens almindelige færdsel, og folket har meget imod automobilkjørsel.» Men noko varsla ei ny tid. Ei ny tid krev opplysning. 1913 var året då Sand blei skulestaden i Ryfylke. Då starta Sand mellom-
skule, og dette året kom Ryfylke Folkehøgskule til Sand og skulle spreia opplysning i Grundtvigs ånd. Eg tykkjer eg ser Solheim og Hidle sit med elevflokken og syng grundtvigsongen «Er lyset for de lærde blot/ til ret og galt at stave?/ Nei, himlen under flere godt,/og lys er himlens gave.» Dei tenkte nok slik i Sand Herads Sparebank òg. Heilt på tampen av året gav banken Hiimsfossen med fallrettar til Sand herad. Rulla det i 1913, blei ikkje farten mindre året etter. Alt i januar starta heradstyret planlegginga av eit kraftverk, og snart var arbeidet med dambygging, røyrgate, kraftstasjon, stolpereising og leidningsnett i gang. Unna gjekk det når sterke karar med øvd handemakt tok i. Transporten gjekk med hestar når ikkje arbeidskarane sjølve heiv tunge bører på ryggen. Mørkret låg over Europa i dei tidene. Den vonde krigen rasa og
Mørkret låg over Europa i dei tidene. Den vonde krigen rasa og skapte mørke her heime òg. Men på Sand venta dei lyset.
skapte mørke her heime òg. Men på Sand venta dei lyset. To år og ni månader etter at heradstyret vedtok å starta planlegginga, stod kraftverket ferdig. Neimen om eg trur vi i dag hadde gjort eit kommunalt arbeid i den storleik så fort med våre kraftige anleggsog smarte datamaskinar. 16. september 1916 slo dei på brytaren i Sand kraftstasjon og sa: «Bli lys», og det vart lys. Den nye tida var komen! Du store under! Eg trur mange tenkte då: «Lys er himlens gave.»
Ingvar Olimstad
Suldal Elverk 100 år | 7
Suldal Elverk
historia frå 1916–2016
1913 28. februar: Sand Heradstyre vedtok at det skulle byggjast kraftverk på Sand. Ein var usikker på kor den burde ligge, det sto mellom Sandsfossen og Hiimsvassdraget.
1916
1914 12. januar: Sand Heradstyre vedtok planlegginga av kraftstasjonen skulle ta til. Det vart sett ned ein byggekomite.
Kraftstasjonen var ferdig, og straumen vart tilkopla på Sand for fyrste gong. Installert effekt 212kW.
1916
1918
Det første styret i elektrisitetsverket blei skipa, med Ordin Marvik som formann og Andreas Lunde og Kleng Skeie som medlemmar.
Vedtok ein at elverket skulle ta på seg å starte installasjonsverksemd. Noko som varte heilt fram til 1976.
1941 Elverket var blitt 25 år. Det vart produsert for lite kraft i forhold til behovet, men all opprusting vart lagt på is på grunn av krigen.
1913 27. desember: Sand Herads Sparebank hadde sikra seg fallrettar i Hiimsvassdraget og gav no Hiimsfossen til Sand Herad for odel og eige.
100-åringen 24. april 2016 fylte Ingrid Eikeland 100 år. Ho har sett ei enorm samfunnsutvikling, ikkje minst opplevde ho korleis det var å få lagt inn straum i eige hus.
8 | Suldal Elverk 1916–2016
Ingrid er fødd på garden Ropeid i 1916, ho budde hjå besteforeldre på Eide på Sand då ho byrja på skulen, seinare var ho i arbeid på Joagarden. I 1945 gifta ho seg med Ola Eikeland frå Vikedal, dei
1957 Linjearbeidet inn til Vanvik starta, og 28. november sette ein på straumen i Hylsfjorden for første gong.
1950 Kraftlinja frå Sand kraftstasjon og fram til Helganes sto klar, og elverket Suldal kommunale Elektrisitetsverk N, i nedre Suldal vart etablert.
1953 Etablerte samarbeid med Haugesund E-verk om levering av 1000kW. Ny transformatorstasjon blei bygd på Sand og sambandet Ropeid - Sand blei etablert i sjøkabel.
1946
1955
Eit år etter freden, blei det vedtatt at kraftverket skulle rustast opp til det ein då meinte var det maksimale, 1330kW.
Vart det søkt om statsstøtte for å bygge ut linjenett til Hylsfjorden, avtale med Sauda for levering blei ordna med sal av 350kW, og søknaden om statsstøtte vart innvilga.
1952 Jelsa og Erfjord Ellag vart stifta, det vart bygd linje frå Kvaløy og fram til Jelsa, og i desember vart straumen sett på.
fekk to døtre. Ingrid bur i dag i sitt eige hus på Eide, ikkje så lett på foten, men hovudet er klart. I dag har ho besøk av dottera Olaug Eikeland Lunde, dette intervjuet er basert på ein samtale mellom
dei to. – Korleis var det å leve utan straum? – Me var ikkje vane med noko anna, det var likt for alle rundt oss, me sakna ikkje noko, men
innretta oss slik me hadde lært av foreldra våre. Me hadde parafinlampar og lykter, talglys og vedkomfyr. Me måtte planleggja arbeidet for å nytte dagslyset på den beste måten. Me sat gjerne Suldal Elverk 100 år | 9
1960 Etter at Kvilldal fekk straum vart forlenginga fyrst gjort til Våge, slik at Hamrabø og Lali fekk straum i 1960.
1974 1971 Hadde ein fått fram straum til alle faste husstandar i Suldal med unntak av fire gardar.
Starta ein opp med NVE Ulla-Førreanlegga, noko som gav elverket mange oppgåver både med nye byggefelt og anleggsplassar.
1965 1. januar: Kommunane Sand, Suldal, Jelsa og Erfjord blei slegne saman, og dermed også dei kommunale elverka.
1958 Røldal og Øvre Suldal Kraftlag vart etablert, og straumen vart slått på via utbygginga til Norsk Hydro på Nesflaten.
ei stund i skumring før me tende lampane, for å spare litt på parafinen. Då me skulle bake flatbrød, lefser og liknande i eldhuset måtte me ha småved for å få jamn varme og fin steik på bakverket, fortel Ingrid. – Butikkane hadde ope langt utover kveldane, og me gjekk til og handla etter me var fer10 | Suldal Elverk Sand 1916–2016
Det interkommunale kraftlaget RØSK vart oppløyst. Det private Jøsenfjord Ellag søkte om Suldal Elverk kunne overta forsyninga i Vadla, søknaden vart innvilga.
dige med arbeidet for dagen. Var det måneskin, kunne me vere seine – månen lyste godt opp langs Eidsvegen, det var ikkje veglys då. – Kva er det beste elektrisiteten har ført med seg? – Me fekk lampar, komfyr, vaskemaskin, fryseboks og kjøleskap og alt det andre elektriske utsty-
ret som gjorde det lettare å utføre arbeidsoppgåvene, me fekk ei betre oppbevaring av mat og mindre fysisk slit, meiner Ingrid. – Korleis var det for folk å få straum inn i husa? – På Eide fekk dei straum i 1916, meiner eg. Då berre til lys. Fekk tildelt ein viss mengde kW. Det var ei lys-
2005 Styret i Suldal Elverk gjekk inn for at fiber skulle vere eit satsingsområde.
1976 La ein ned installasjonsavdelinga i elverket.
2007 Første breibandskunde oppkobla. I 2016 vart kunde nummer 1000 oppkobla.
2010 Suldal Elverk gjekk over til å kjøpe konsesjonskrafta av Suldal kommune til marknadspris.
1989 Flytta elverket inn i nytt administrasjonsbygg på Sand, der Meling Bygg og Jernvare tidlegare var.
2016 Suldal Elverk feirar 100 år
100 år
”
Elverket har vore framsynte — ingrid Eikeland
pære eller lampe i husnova som lyste opp vegen til eldhus og fjøs. Inne i fjøset var det ei lyspære. I våningshuset blei det eitt lys i kvart rom. I stova ei lysekrune med fleire lyspærer. På sjølve Sand fekk dei tildelt noko meir straum. Etter ei utbygging av kraftstasjonen, fekk også Eide tildelt meir straum. Tidleg på 50–
talet fekk me komfyr og elektriske omnar. Heime på Ropeid fekk dei straum i 1954. – Det blei slutt på fylling av parafin og vasking av sota glas, og ikkje minst fekk me godt arbeidslys. Då komfyr og elektriske omnar kom inn, blei det mindre fyring med ved. – Kva har elverket betydd for
Sand og Suldal? Elverket har vore framsynte, dei såg behovet for straum og sette i gang utbygging. Det har og skapt mange arbeidsplasser, meiner Ingrid.
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Privat Suldal Elverk 100 år | 11
Frå venstre: Jakob Foss, Tomas Sand, Magne Ås, Ola Hiim, Ola Taraldsen, Odd Hiim, Johannes Valskår, Halvard Lalid, Johan Løvik, Lars Hiim.
Øvst: Viktig med god musikk til arbeidet. Nedst tv: På dammen Hiimsvatnet, truleg er ein av personane Bjarne Helland. Midten tv: Bernhard Foss i arbeid. TH: Skinnebanen er frå 1947, den var laga heilt fram til Hiimsvatnet.
14 | Suldal Elverk 1916–2016
Øvst: Fattnes i 1956, Alf Gauthun køyrer Fargo lastebilen. Resten av gjengen er ukjende. Midten tv: På Foldøy under leggjinga av ny sjøkabel, på biletet ser me frå venstre, Ole Hundebo og Trygve Eskedal, truleg er biletet tatt i slutten av 1970 talet. Nedst tv: 10.oktober var det storflaum i Sandselva. Nedst th: Fylkesingeniør Abel Tveten. Suldal Elverk 100 år | 15
KRAFTTAK Tidslinjene i krafthistoria er lange. Møt nokre av dei som var med på å byggje opp Suldal Elverk.
D
et ringer i dørklokka på Fargeriet. Den eine etter den andre av veteranane stig over dørstokken. — Det er alltid kjekt å treffast, seier Olav Vemund Stråpa og smiler til dei som sit rundt bordet, Kåre Vestbø, Gunnvor Haaranes Tjordal, Albert Nærheim, Trygve Eskedal og Oddvar Klungtveit. Og dei er så vidt starta på festsesongen, snart er det årets høgdepunkt, kvart år blir dei nemleg inviterte på julelunsj til elverket. Slikt blir det høgtid av, der kan ein få treffe gamle kollegar og kanskje høyre nytt frå den arbeidsplassen som prega liva deira i så mange år. Trygve Eskedal var ein av 14 mann som fekk arbeid i det nye Suldal Elverk etter at elverka i Jelsa og Erfjord, Sand, øvre Suldal og nedre Suldal vart slått saman til eitt 1. januar 1965. Då hadde han allereie lang fartstid i elverket i Jelsa og Erfjord. Til saman vart karrieren i kraftbransjen på heile 32 år.
16 | Suldal Elverk 1916–2016
— Du veit, dei arva meg, eg vart med på lasset då dei slo seg saman, seier Trygve og ler godt. Då han starta opp var dei fire montørar og ein elverksjef i det lokale elverket i Erjord og Jelsa, alle montørane vart med over til det nye selskapet. Dei har sine år i elverket dei andre og. Dei er samde i at det er ein arbeidsplass der få sluttar. Nokre har vore ute og lufta seg nokre år, både Albert og Oddvar har vore år vekke på Ulla Førre-anlegget og Olav Vemund brukte nokre år på etterutdanning. Men likevel, dei har alle vendt tilbake til elverket, både fordi det var ein spanande og variert arbeidskvardag, men kanskje mest fordi dei treivst så godt, og arbeidsmiljøet var så triveleg. Dei kjenner kvarandre godt. Dei veit dei andre tåler ein støyt og historiene frå arbeidskvardagen den gongen sit laust. — Det fortel mykje at folk har vore så lenge her, seier Gunnvor som sjølv arbeidde 19 år som rekneskapsmed-
Gunnvor Haaranes Tjordal og Oddvar Klungtveit meiner Suldal Elverk var ein god arbeidsplass.
Suldal Elverk 100 책r | 17
— Det er alltid kjekt å treffast, seier Olav Vemund Stråpa (t.v) og smiler til dei som sit rundt bordet, Kåre Vestbø, Trygve Eskedal, Albert Nærheim, Gunnvor Haaranes Tjordal og Oddvar Klungtveit.
arbeidar i elverket. — Det var godt me vart slegne saman den gongen i 65, det vaks seg til. Det var godt å bli fleire, seier Trygve.
”
Det var godt me vart slegne saman den gongen i 65, det vaks seg til. Det var godt å bli fleire — Trygve Eskedal
Straumen var viktig for folk i Suldal. Det er mest som eit tidsskilje å rekne når straumen kom. — Tenk, no er det 65 år sidan me fekk straum på Suldalsosen, mimrar Gunnvor. — Då hadde me hatt straum lenge, seier Oddvar med glimt i auga. Og sant nok, dei var tidlege med straum på Sand. Allereie i 1913 vedtok Sand Heradstyre at det skulle byggjast kraftverk, ein diskuterte lenge om den burde ligge ved Sandsfossen eller Hiimsvassdraget. Dei enda på Hiimsvassdraget og 16. september starta dei generatoren for første gang. Dei prøvekjørte maskina i 14 dagar før dei spenningsette linjene ned til Sand og gata fekk lys
18 | Suldal Elverk 1916–2016
30 september. Det var andre tider på 60-talet enn det er i dag. — Minnest de at me leigde skyssbåtar og ferje, me hadde nå vel to båtar sjølve og på Jelsa? Me vart nå i alle fall sjøsjuke, seier Olav Vemund og ristar på hovudet. Det dukkar opp mange spørsmål rundt bordet etter kvart. — Kva tid kom linja over til Vadla eigentleg? — Den kom i 1965, slår Albert Nærheim fast. Etter 26 år i elverket kan han si historie. — Ja, det var andre tider når far din styrte, seier Albert til Gunnvor. —Han fekk ikkje snakke med piloten eingong, han måtte snakke med mekanikaren som var mellommann, seier Albert og får liv i lattermusklane rundt bordet. Jo, noko har endra seg til det betre. No kan dei no snakke med piloten kven det måtte vere. Far til Gunnvor, Olav Berge Haaranes var driftsbestyrar i Suldal Elektrisitetsverk N frå 1950 til 1976. Det var tunge tak før helikopteret tok over jobben
med stolpereising og maskiner tok seg av å grave stolpehol og grøfter. Før var det handmakt som gjaldt, om det var aldri så tungt. — Det vart no tulla med at «på dei høgaste toppane står dei tynnaste stolpane», men det stemde jo, meiner Kåre. — Det var lettast å få opp dei tynnaste. Det var naturleg det. På garden Selland måtte ein køyre trafoen fram med hest for å få den på plass. Mange stadar var dei som budde der med sjølv, det vart lagt ned mange dugnadstimar i den langstrekte kommunen for å få straumnettet fram. Elverket har gått gjennom store endringar på desse åra. Frå 1918 og heilt fram til 1976 dreiv også elverket installasjonsverksemd. Det viste seg å vere dårleg butikk når fleire private aktørar kom på banen og ein fekk for lite folk til å drive den delen godt. — Men den største endringa er no innføring i datateknologi. Det er den største forandringa, både på godt og vondt, meiner Olav Vemund. — Og kommunikasjonen slår Kåre fast. — Me måtte gå innom folk for å låne telefon mange gonger, me visste kven som hadde telefon og me visste kven som lét oss få låne den. Men me måtte alltid ha nokre kronestykke i lomma slik at me kunne betale for oss. — Minnest de den første mobiltelefonen me fekk då? Olav Vemund ler godt av minnet. — Huff, den må då ha vore om lag 30 kilo. — Nei, den var no berre nokre og tjue. Det var nok du som var for svak, seier Albert og kikkar lattermild bort på den tidlegare kollegaen. Dei meiner tida har gått fort. I dag er det strengare krav til rapportering og dataføring. Tilsynsrapportane som dei på kontoret alltid skreiv tidlegare måtte montørane til slutt skrive sjølv. Det var mange stive fingrar som skulle gjere seg kjent med ei ny dataverd. Gunnvor veit det meste om korleis denne utviklinga har vore, ho delte kontor med Tori Fløgstad. Dei hadde ansvaret for sentralbord, kundeoppfølging og rekneskap. Endringane er mange. — Og tenk, i dag er mest fiber og data viktigare enn straumen for folk, seier Albert. Dei vil heller ha breibandet attende enn straumen. Samhald og lojale arbeidskameratar er viktige. Det var aldri eit nei å få når stormen råka som verst og
alle mann måtte på arbeid. — Det var hektiske tider mange gonger, i 1981 var me straumlause ein gong frå måndag til fredag. Då sat tidlegare elverksjef Anker Karlsen med ein telefon i kvart øyra, fortel Kåre. — Og det var institusjonane som vart sikra med straum først. Viss du budde rundt gamleheimen på Suldalsosen fekk du litt meir straum, seier Gunnvor og smiler.
”
Ein gong gjekk det 40 trafoar på eit år, det er mykje — Oddvar Klungtveit
Det handlar og om alvor. Ingen er ute på jobb åleine. Det skal alltid vere to som vurderer kva som er rett å gjere. Ein har ikkje vore direkte redd, blir ein samd om rundt bordet, men likevel har det vore gonger som har vore tøffare enn andre. — Me har fått alle kurs me skulle ha og hatt mange gjennomgangar på tryggleik. Det har alltid vore viktig å vere best i klassen der, meiner Oddvar. Dei minnest godt det britiske jetflyet som skar av fjordspennet mellom Marvik og Jårvik 13. mars i
Veteranane i Suldal Elverk Gunnvor Haaranes Tjordal (68) Arbeidde som rekneskapsmedarbeidar frå 1991 – 2010
Olav Vemund Stråpa (67) Arbeidde i elverket frå august 1968 – mars 2013. Har arbeidd som lærling, elektromontør, eit par år ved Sand Kraftstasjon, i tillegg til nokre år som tilsynsingeniør og avdelingsleiar for sal og tilsyn. Tok etterutdanning som ingeniør frå 1973 – 1976.
Oddvar Klungtveit (66) Arbeidde i elverket frå juli 1967 til mars 2015, i denne perioden hadde han ein pause på Ulla Førre – anlegget frå 1976 til og med 1981. Arbeidde som overmontør.
Kåre Vestbø (70) Arbeidde i elverket frå 1976 til 2007. Arbeidde som driftsingeniør.
Albert Nærheim (79) Byrja i elverket i 1964, var på Ulla Førre-anlegget frå 1975 – 1985, arbeidde etter det i elverket fram til han slutta ved årsskiftet melllom 1999 og 2000.
Trygve Eskedal (83) Han byrja i elverket i Jelsa og Erfjord i 1963, og blei med over til det nye elverket i Suldal kommune i 1965. Han arbeidde som linjemontør fram til han slutta i 1994. Suldal Elverk 100 år | 19
Øvst tv: Olav Vemund Stråpa og Kåre Vestbø set pris på kaffi og drøs når dei treffest. Nedst tv: Gamle bilete engasjerer, Albert Nærheim og Gunnvor Haaranes Tjordal finn ut av det meste. Th: Historia i Suldal Elverk er mektig, då elverket vart 75 år vart det gitt ut eit jubileumshefte.
1967. Både pilot og fly kom frå ulukka utan skade og landa på Sola. Men dei som budde i Erfjord og Jelsa vart straumlause. To aggregat måtte ein leige frå Vegvesenet for å dekke det mest nødvendige av straumforbruket. — Det var dronninga i England som måtte betale det, men me fekk hundre prosent overtid på alle timane våre, seier Trygve og mimrar. Jo, det var ikkje alltid like fint vêr når ein måtte ut, som regel var det storm og uvêr som førte til straumbrot. Dei har hatt sine dagar med torevêr. Det er mest som ein skulle tru at det var mindre torevêr i dag enn før. Mindre torevêr og betre trafoar kanskje. — Ein gong gjekk det 40 trafoar på eit år, det er mykje, slår Oddvar fast. Men det har vore ein bevisst strategi at ein skal gjere mest mogleg for å hindre dei store øydeleggingane. Og når uhellet først er ute er det viktig at ein kan reparere sjølv. Bilparken har og endra seg betrakteleg. Albert minnest godt når styreformannen i elverket slo fast
20 | Suldal Elverk 1916–2016
at ein no truleg hadde køyretøy for all overskueleg framtid. Då hadde elverket ein motorsykkel, ein moped og ein bil. Det gjekk ikkje så lenge likevel før den første lastebilen var på plass. Dei høyrer debatten om større elverk. Om fordelane ein skal ha ved å slå saman fleire små elverk, men dei trur lite på det. Derimot har dei tru på at lokal kunnskap og kompetanse trengst i ein langstrekt kommune der naturen og uvêret stadig kan spele innbyggjarane eit puss. Nokre av karane rundt bordet meiner somme i elverket mest kan seie kor ulukka vil ramme når dei høyrer vindretninga på vêrmeldinga. — Eg trur ikkje distrikta blir prioriterte viss elverka blir ein del av større einingar, meiner Albert. Kommunesamanslåing lurer rundt eit hjørne er dei redde, og dei er ikkje skråsikre på om elverket her lokalt vil overleve hundre år til. Men dei håpar. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
Indre liv.
Suldal Elverk 100 책r | 21
KAPTEINEN Elverksjef Tor Bjarne Smedsrud (41) likar ikkje å vere langt frå kontoret. Iallfall ikkje når stormen herjar.
T
or Bjarne har nett stilt opp ved den ærverdige kraftstasjonen på Sand for fotografering. Han er audmjuk i blikket når han kikkar opp på den staselege bygningen, der krafthistoria er som spikra inn. Han opnar dei tunge dørene og beklagar bråket. Det er sjeldan stilt i ein kraftstasjon. Med sin litt uformelle stil klyv Tor Bjarne raskt opp trappa til andre etasje. Skjorte, dongeribukse og joggesko vitnar ikkje om ein toppleiar. Det er sjeldan han går med dress, og det er sjeldan han hevar røysta. — Somme vil påstå at du er lite autoritær? — Eg er klar over det. I militæret meinte dei og det, eg tok leiarutdanning og fekk høyre at eg kunne jobbe med å bli meir autoritær, fortel Tor Bjarne. — Men eg trur ikkje det er det viktigaste. Eg har bestemte meiningar, men eg prøver å formidle dei i ein omgjengeleg tone. Ein leiar kan ikkje alltid vere populær, slik er det berre. Tor Bjarne valde yrkesfag på vidaregåande for å unngå tysk. Det kan nesten sjå ut som at yrkesvegen var tilfeldig.
22 | Suldal Elverk 1916–2016
— Eg kunne ikkje fordra tysk, ikkje dei andre framandspråka heller for så vidt, seier han og ler. — Det var ikkje noko val, det måtte bli yrkesfag, men eg er no glad for det i dag.
Tor Bjarne lener seg framover i stolen. Ein kan ikkje vere bakpå skal ein utvikle noko, det har ingen hensikt.
Han hadde ein onkel som var elektrikar, og slik vart interessa for faget vekt. I dag les han meir Teknisk Ukeblad enn skjønnlitteratur. Det er kanskje ikkje så rart at han vart elverksjef likevel. Etter kvart vart det ingeniørstudier og i 2007 starta han i elverket som planingeniør. Så vart han utbyggingsleiar for breiband. Elverksjef har han vore sidan 2014. Det var ikkje berre enkelt å ta steget frå tilsett til leiar. Han måtte gå nokre rundar med seg sjølv før han bestemte seg for å bli sjef. Livet som familiefar og toppleiar veit han og ein del om. Som son av tidlegare rådmann i Suldal kommune, Bjarne Smedsrud, veit han litt om kva jobben kostar. — Eg sat jo nokre gonger i bilen som liten og venta på at far skulle kome, han skulle berre, og skulle berre før me kunne reise. Eg kjenner meg igjen, det er vanskeleg å legge vekk jobben, eg merkar det godt.
Elverksjef Tor Bjarne Smedsrud tok over eit velsmurt maskineri i 2014. Sjølv har han alle dei som klarer å skape noko i distrikta som førebilete. Suldal Elverk 100 år | 23
No har trebarnsfaren sjølv tre små som av og til må vente i bilen. — Ho eg er gift med har nok lyst til at eg skal skru av telefonen av og til på natta. Ho er lei av å bli vekt i tide og utide av driftsmeldingar på breibandsnettet. Men eg prøver å legge vekk jobben når eg er med borna.
”
Eg har ofte vondt av dei, og eg likar å vere tilgjengeleg. Det er ein tøff jobb å vere montør. — Tor Bjarne Smedsrud
Når stormen herjar tenkjer han på dei som skal ut på jobb. At dei tek tryggleiken på alvor, at dei ikkje gir seg i kast med noko åleine og at dei har det utstyret dei treng. Uroen slepp ikkje taket før arbeidet er over og det har stilna. — Eg har ofte vondt av dei, og eg likar å vere tilgjengeleg. Det er ein tøff jobb å vere montør. Det er viktige jobbar alle her på huset, men montørjobben er spesielt utsett.
Under: Det gamle voltmeteret som måler spenning vitnar om ei lang krafthistorie.
24 | Suldal Elverk 1916–2016
Han har opna døra til kontoret. Han beklagar rotet, men påpeikar at han faktisk har rydda. Han måtte det sidan beina på kontorpulten brått knakk saman. Om det var på grunn av dårleg kvalitet på bordbeina eller dokumenttyngda skal vere usagt. Frå skrivebordet har han utsikt over fjorden. Ein fjord som har stilna etter at ferja slutta å gå. — Eg veit ikkje heilt kva eg tenkjer om at ferja har slutta å gå. Som sandsbu tenkjer eg det er litt trist, men som elverksjef meiner eg det er bra. Beredskapen blir betre i heile kommunen når ein har ein døgnopen veg. — Og for å rekruttere gode tilsette er me avhengige av å vere ein del av eit attraktivt samfunn, det må vere eit fritidstilbod, og ikkje minst jobb til den ein har med seg heim. Og kven veit? Kanskje sentrum på Sand blir styrka av dette, seier Tor Bjarne og lener seg framover i stolen. Ein kan ikkje vere bakpå skal ein utvikle noko, det har ingen hensikt. Han tok over eit velsmurt maskineri. Dyktige tilsette, ei breibandsutbygging som er sjeldan godt utvikla, og ei kundegruppe på straum i kommunen
som nesten er hundre prosent. Elverket har gått godt, og gitt eigaren Suldal kommune ei fast og jamn inntekt over tid. Når produktet er godt er også forventningane høge. — Beredskapen er viktig hjå oss. Me ser at mange forventar at me har kort responstid og yter litt ekstra service. Både når det gjeld straum og breiband. Eg likar det, likar at me er på heile tida, sjølv om det sjølvsagt ikkje må bli for mykje. — Mange er avhengige av breibandet, mange brukar jo hytta som kontor på fredagar og måndagar, det er blitt deira andre bustad. elverksjefen
Er det ikkje telefonar, så er det ivrige spørsmål på Facebook. Når kjem straumen attende? Kor er feilen? Og kva gjer de? — Facebook er blitt ein god kanal for oss, det er lettvint å svare der, og du når mange. Den som ser meldinga først, og veit noko om saka tar ansvar og svarer. Det er ei god ordning. God informasjon løyser mykje i slike situasjonar. — Me har jo og dei tilfella der folk ringer og seier dei ser elverkbilar som står i vegen, men ingenting som skjer. Då er det kanskje ein som ventar på forsterkningar, dei skal ikkje gjere noko åleine. Det kan vere vanskeleg for mange å forstå, seier Tor Bjarne. Det som kan vere vanskeleg er å prioritere mellom dei som har mista straumen. Først kjem sjukeheim og aldersheimar, helse og liv er naturleg å prioritere. Når det er gjort går ein ofte etter Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine prioriteringar i forhold til kva kundar som får størst konsekvens dersom dei ikkje får straumen attende. Hjørnesteinsbedrifta Norsk Stein står høgt på den lista. — Me får bot rekna ut frå kven som er utan straum. Eller rettare sagt så blir det sett eit tak på kor mykje me kan tene neste år. Difor må me prioritere, og rette opp feil etter kva kundar som blir råka. Store bedrifter og hotell er blant dei som står høgt på NVE si liste. — Men me tar og andre omsyn. Dersom me les i Suldalsposten at det skal vere eit arrangement på eit bygdehus så legg me ikkje straumstansen til nett då om det lar seg gjere. Ein må ha litt lokalkunnskap og lojalitet skal ein ta slike val.
Tor Bjarne Smedsrud Aktuell
Tok over jobben som elverksjef etter Egil Bakke i 2014. Har sjølv arbeidd i elverket sidan 2007.
Drøymer om
Det gode hyttelivet når den nye hytta blir ferdig.
Les
Mest aviser og faglitteratur. For tida har det gått mykje i forskrifter og rettleiingar til desse. Har og lest ein del i jubileumsboka «kraften» som Hydro gav ut. Synes det er spennande å sjå bilde frå både Røldal Suldal og Ulla Førre utbygginga.
Høyrer på
Ofte det som siv opp frå rommet til 13 åringen i kjellaren. Er eigentleg altetande, men ser at Take Me to Church (Hozier) og We Are the People (Empire of the Sun) er mest spelt på min Spotifykonto i 2015.
Førebilete
Generelt personar som klarer å skape noko, spesielt i distrikta og dei som bidreg i det frivillige arbeidet. Har sansen for historia bak starten av Norsk Stein og kva den bedrifta betyr for Suldal.
Suldal Elverk 100 år | 25
Tor Bjarne er stolt over elverket han leier, og meiner framtida blir spanande.
”
Dersom me les i Suldalsposten at det skal vere eit arrangement på eit bygdehus så legg me ikkje straumstansen til nett då om det lar seg gjere. Ein må ha litt lokalkunnskap og lojalitet skal ein ta slike val. — Tor Bjarne Smedsrud
Ein lokalkunnskap som raskt kan forsvinne dersom det blir kommunesamanslåing og større einingar. — Uansett kva som skjer må me ha montørar i bygda, men dei administrative jobbane står i fare skulle ein bli slått saman. Eit forslag som ligg i Stortinget til behandling krev at ein må skilje breiband og straum frå kvarandre i ulike selskap. Skulle det gå gjennom kan det bli tøft for små elverk som i Suldal.
26 | Suldal Elverk 1916–2016
Han er ikkje pessimist, men trur 2016 og dei neste åra kan bli like spanande, og by på like mange utfordringar som dei hundre åra elverket har eksistert. Han likar utfordringar. Om det er på jobb, eller privat. Som fotballtrenar likar han seg i elden, der det skjer, der kampen blir avgjort. — Eg gjer det fordi eg likar fotball. Og fordi eg vil fylgje borna mine. Den eine sonen min har eg vore fotballtrenar for frå han gjekk i første til sjette klasse. Eg blir veldig godt kjend med vennene deira. Eg likar å vere trenar.
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
Folk flest
Kva betyr elverket for Suldal?
Helen Moen Gjuvsland Byggjeleiar for Sandsfjordbrua — For Sandsfjordbru-prosjektet har Suldal Elverk betydd positivt engasjement for prosjektet i form av nødvendig lokalkunnskap og fleksibilitet i byggefasen. Foto: Anja Kristin Bakken, Statens vegvesen
Jan Merland Utbyggar i Fjellbergskardet — For oss i Fjellbergskardet Hyttegrend har Suldal Elverk vore makalause. Dei har alltid stilt opp, og løyst alle dei problema me har støtt på i utbygginga. Dei kan ikkje levere den billigaste straumen, men det er ei heilt anna sak.
Agnes Oppistov Lykkebø Leder Prosjekt og teknisk støtte, Røldal-Suldal, Hydro — Slik eg kjenner elverket betyr det sikker straumforsyning til heile kommunen. Dei kjenner området, har god beredskap og dyktige medarbeiderar. Dei er ein aktiv bidragsytar til utbygging av breidband, noko som kanskje er ekstra viktig og utfordrande i ein kommune som er såpass vidstrakt. Elverket betyr og trygge og sikre kompetansearbeidsplasser. For oss i Hydro Energi på Nesflaten er dei ein god samarbeidspartnar. Foto: Privat
Foto: Magnar Riveland
Torkel Myklebust Dagleg leiar Ryfylke IKS og tidlegare ordførar i Suldal kommune
Leiv Einar Drarvik Leiar i Hylsfjorden grendeutval — Det betyr lokalt styre og lokal kompetanse samt moglegheiter for Suldal kommune til å ta ut overskotet og bruke det til andre formål.
— Suldal Elverk betyr først og fremst at me har viktig kunnskap og mange spanande kompetansearbeidsplassar i eigen kommune. I tillegg er elverket ein viktig del av Suldal sin kultur og historie, og i dag ein ikkje så reint liten «sparegris». Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland
Foto: Privat Suldal Elverk 100 år | 27
Bernhard Foss skøyter DKBA høgspentkabel.
28 | Suldal Elverk 1916–2016
På biletet tv. ser me øvst Steffen Nese, nedst fv. Trond Erfjord og Oddgeir Tengesdal. Alle foto er tatt på Sillafjedle mellom indre Eiane og Vadla.
Suldal Elverk 100 år | 29
Her ser me riving av det gamle administrasjonsbygget til Meling og byggjing av nytt administrasjonsbygg til Suldal Elverk pĂĽ same tomta. Bileta er truleg tatt i tidsrommet 1989 - 1991.
30 | Suldal Elverk 1916–2016
Øvst: Biletet er tatt i Hamrabø. Bak bilen er Terje Bråtveit, Oddvar Klungtveit, Odd Haugsland, Kjell Nordmork, Håkon Grimestad og th. Erik Mathisen. Midten nedst Trond Erfjord og Ole Jan Herabakka til høgre. Nedst tv: Jostein Kråkedal, personen til høgre er ukjend. Suldal Elverk 100 år | 31
Bak frå venstre: Hallvard Bakka, Daniel Berge Espe, Tobias Mathisen, Gisle Jordebrekk, Magnus Søraas, Yujiro Indo, Jørgen Lund og leiar i fotballgruppa Svein Øystein Berge. Framme frå venstre: Trenar Tommy Espe, Jonas Overskeid, Ole Marius Tveiten, Jone Odden, Lars Veggeland, Eskil Fisketjøn, Mohamed Ibrahim Dawud, Pelle Tijhus og Bjørn Wigestrand.
Kva betyr Suldal Elverk?
SKAPER TALENT Over: Det betyr mykje for Suldalsgutane at dei har gode sponsorar. Suldal Elverk er ein av dei.
Ein kjem langt med idrettsglede og treningsvilje. — I tillegg er me glade me har gode sponsorar som kan løfte oss opp, seier leiar i fotballgruppa i Suldal Idrettslag, Svein Øystein Berge. Det er ettermiddag på Suldalsosen. Lyskastarane på den nye kunstgrasbanen blir tente. Ut av varme bilar kjem unge fotballtalent med hanskar, huve og jakke. Det er kaldt å trene ute på vinteren, men og heilt nødvendig. Svein Øystein står allereie klar på sidelinja, han treng ikkje vere her, men ofte finn
32 | Suldal Elverk 1916–2016
han vegen ned til treningsbanen likevel. Det kan jo hende ein av spelarane eller trenarane har eit spørsmål, då er det godt å vere på plass. — Det er meiningsfylt dette, å fylgje ungdommane slik, eg hadde ikkje halde på viss ikkje. Og mange av dei har talent, seier han og nikkar mot gutelaget Suldalsgutane, som no slår seg laus på banen både med og utan ball. — Dessutan har eg jo barnebarn som trenar her, det er ekstra kjekt, seier Svein Øystein som kan fortelje at han og kona gjerne legg sommarferien til Dana Cup i Danmark. Den frivillige idretten er heilt avhengig av gode
Kva betyr Suldal Elverk?
PUKKVERK I VEKST Bergverksbedrifta Norsk Stein på Jelsa bruker ein tredjedel av straumforbruket i Suldal. Noko som gjer dei til Suldal Elverk sin største kunde. Produksjonsdirektør Odd Hotvedt er ikkje i tvil om kor viktig elverket er for at bedrifta skal sikre ein god produksjon utan store avbrot. — Heilt sidan starten her ute i 1987 har elverket stilt opp og sytt for å bygge ut nettet etter kva kapasitet me har hatt behov for, seier Hotvedt. Norsk Stein vart skipa i 1987. Anleggstida for Nord-Europas største vasskraftanlegg Ulla-Førre 1974-1988 gjekk då mot slutten. Anleggsutstyret vart selt, og ein del av dette vart kjøpt av Norsk Stein og nytta som produksjonsanlegg frå starten, seier Hotvedt som var med å skipa Norsk Stein. Slik byrja industrieventyret Norsk Stein. Bedrifta på Jelsa er i dag det største pukkverket i Europa. I anlegget blir det årleg produsert om lag 10 millionar tonn steinmateriale som blir skipa i båt og i stor grad går til betong og asfalt, og til byggindustrien elles i Nord-Europa. Norsk Stein er i dag ein del av
— Me er veldig godt nøgde med responstida og servicen som elverket viser, det gir oss tryggleik på at dei kan levere til avtalt tid, seier produksjonsdirektør Odd Hotvedt.
konsernet Mibau Stema Group som har nærare 50 salsterminalar i Nord-Europa. Pukkverket krev mykje straum, og ikkje minst stabil straumforsyning. Dersom straumen forsvinn kostar det bedrifta opp til hundre tusen kroner i timen i tap. — Det er klart det viser raskt igjen hjå oss dersom straumen forsvinn, meiner Hotvedt. — Me er veldig godt nøgde med responstida og servicen som elverket
sponsorar, slik er det også for Suldalsgutane. Ein av dei som bidreg til økonomisk vekst i laget er Suldal Elverk. — Me er veldig glade for å ha gode sponsorar som stiller opp. Me kunne ikkje reist på Dana Cup eller vore med i kretsseriar viss me ikkje hadde hatt desse med oss. Suldal Elverk sin logo viser godt igjen rundt banen, og ikkje minst på drakter og overtrekksdressar til gutane. — Det kostar å drive med idrett, på grunn av sponsorane våre kan me blant anna sponse over-
viser, det gir oss tryggleik på at dei kan levere til avtalt tid. Me ser og stor nytteverdi i at fiberen er på plass, me er heilt avhenginge av eit stabilt og godt nett. I tillegg leiger me høgspentelektrikar av elverket, det er ein kompetanse me ikkje har sjølve. — Er det noko du gjerne skulle sett var annleis? — Det måtte vere ei billigare nettleige, men me veit at elverket ikkje kan gjere stort med den prisen. Me er rett og slett for få til å dele utgiftene på nettet, slår Hotvedt fast.
trekksdressane som spelarane må kjøpe, seier Svein Øystein. Trenar Tommy Espe har samla heile gjengen for å ta lagbilete. Suldalsgutane består av ungdommar mellom 14 til 16 år, frå heile kommunen. No har idrettslaget også fått på plass suldalslag for jenter 16. Svein Øystein gler seg over at kommunen og no har fått eit jentelag, som mange har arbeidd lenge for å få på plass. — Me er veldig glade me no har ein ny kunstgrasbane å trene på, det forlengar sesongen vår ute, og gjer treningsforholda mykje betre, seier Svein Øystein. Suldal Elverk 100 år | 33
Kva betyr Suldal Elverk?
VIKTIG ARBEIDSPLASS Suldal Elverk har eit solid anker hjå den kommunale eigaren. Både rådmann Øyvind Valen og ordførar Gerd Helen Bø (Sp) er samde om at elverket er ein sentral lokal samfunnsaktør. — Elverket er ein viktig kompetansearbeidsplass i kommunen, meiner den nyvalde ordføraren. Noko rådmann Øyvind Valen stemmer i. — Alle arbeidsplassar her er viktige, og spesielt kompetansearbeidsplassar. Det er godt me har eit lokalt elverk, ikkje minst når det kjem til beredskapsdelen, meiner han. Ordføraren meiner straumforsyning er ei viktig oppgåve, og ei oppgåve ho gjerne ser forblir på lokale hender. Trass i dette er det fleire som no arbeider for samanslåing av mindre elverk til større selskap. Ei stortingsmelding der ein rår elverka til å dele seg i to sjølvstendige selskap, eit for straum og eit for nett, er også ute på høyring og skaper noko uro om framtida til mindre, sjølvstendige elverk. — Det er ein tryggleik at det er lokale folk som jobbar i elverket, dei har kort responstid og ein veit at dei kjenner både geografien og dei som bur rundt
34 | Suldal Elverk 1916–2016
omkring i kommunen. Eg håpar elverket forblir i kommunalt eige, seier ordførar Gerd Helen. Elverket og kommunen har ei lang historie saman. I januar 1965 vart kommunane Jelsa, Sand, Erfjord og Suldal slått saman til Suldal kommune. Samstundes vart elverka i Jelsa, Erfjord, Sand, Øvre Suldal og Røldal og nedre Suldal slått saman til eit elverk. I ettertid har elverket fungert som eit godt reiskap for kommunen, både i utbygging av straumnett, og no sist fiberbreiband.
Kommunen har sikra ei utbygging av stamnettet for fiber. Stamnettet skulle i utgangspunktet føre fiber mellom kommunen sine eigne institusjonar, og opna dørene for ei utbygging til private kundar. — Eg veit ikkje om innbyggjarane i Suldal veit kor heldige dei er. Sjølv bur eg i eit byggefelt i Vikebygd der det er om lag 20 hus, og me har ikkje breiband. Det finst ikkje slike felt i Suldal i dag som ikkje har breiband. Me har ei ekstrem høg dekning i forhold til folketalet, slår rådmann Øyvind Valen fast.
Både ordførar Gerd Helen Bø (Sp) og rådmann Øyvind Valen er samde om at Suldal Elverk er ein viktig kompetansearbeidsplass i kommunen.
Kva betyr Suldal Elverk?
- Elverket her er lokalt, dei har god kunnskap om kva som trengs i sentrum og dei er framtidsretta, seier sentrumsleiar Marit Larsen.
BLES LIV I SENTRUM Sentrumsleiar Marit Larsen går med raske skritt gjennom gata på Sand. Ho varmar seg på ein kaffikopp i handa medan kulden bit godt. I dag kjem Ryfylkebussen og Ryfylkealliansen på besøk med gode ryfylkeprodukt som skal friste kundane på torget. Marit er klar, ho tar imot bussen, dirigerer parkeringa og riggar til som best ho kan. Sentrumsleiaren vil gjerne skape eit lite samfunn med puls, god handel og
mange aktivitetar. Det krev mykje straum. — Elverket er uvurderlege for eit lite samfunn som oss. Det er aldri noko problem når me kontaktar dei, om det gjeld lys eller lyd, seier Larsen. Ho går gjennom gata på Sand og ser opp mot dei tente julelysa som elverket heng opp kvart år. — Det er viktig at me kan hjelpe kvarandre for å gjere sentrum best mogleg, meiner Larsen . Ho er tilsett i Suldal Vekst, som prosjektkoordinator, der ein del
av jobben er å arbeide med Sand sentrum på vegner av Sandsgruppa som er ein organisasjon for butikkar og bedrifter i sentrum. Sentrumsleiaren har ansvaret for den årlege festivalen Ryfylkedagane, i tillegg til mange kampanjar og aktivitetar i løpet av året. I tillegg har prosjektkoordinatoren ansvar for den årlege yrkesmessa som blir arrangert annakvart år i Suldal og i Sauda, eit arrangement som også treng mykje straum. — Dei store arrangementa våre krev mykje straum og god logistikk. Ein må vite kven som treng 230 volt og kven ein må rigge 400 volt til, mange av dei som skal ha stand i dag krev meir straum enn ein gjorde før. Elverket her er lokalt, dei har god kunnskap om kva som trengs i sentrum og dei er framtidsretta. Det er viktig for oss, meiner sentrumsleiaren og hevar fram elverket som ein viktig samfunnsaktør som er godt forankra i lokalsamfunnet. — Det er jo ein god arbeidsplass, du veit, det er ingen som sluttar på elverket. Me mistar mykje god og lokal kompetanse, ikkje minst på fiber, dersom elverket skulle forsvinne som lokal aktør. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
Suldal Elverk 100 år | 35
Alltid beredt
AKTUELT frå elverket
Skiftar ut målarar I løpet av 2019 skal alle straummålarar hjå privatkundar bytast ut. Automatiske straummålarar vil gjere det enklare for kunden, som slepp å lese av straumen sjølv. Dette blir også eit verktøy for nettselskap ved at dei får informasjon ved straumbrot. Kunden vil i tillegg få betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket. Målaren registrerer kontinuerlig kunden sitt straumforbruk.
Klimautfordringar Klimautfordringane blir stadig større, og vèret skaper fleire vanskelege situasjonar for dei som arbeider med straum, nett og linjer. Suldal Elverk tar dette på alvor og tar stadig nye grep for å auke kompetanse og betre rutinar slik at ein blir betre til å møte dei nye utfordringane.
Tryggleik Samfunnsaktør – lys og fiber Suldal Elverk tar samfunnsansvaret på alvor. For elverket er det viktig at ein kan spele ei rolle i lokalsamfunnet, om det er som utbyggar av breiband i ein kommune med lange avstandar, som leverandør av julebelsyning i gata på Sand, eller som sponsor av idrett og kultur. Om lag nitti prosent av innbyggjarane i Suldal kommune har no tilgang til fiber, og mange lokale idrett – og kulturtiltak blir støtta av Suldal Elverk, slik tar elverket ei aktiv rolle i samfunnsbygginga.
36 | Suldal Elverk 1916–2016
I Suldal Elverk set ein tryggleik på jobb høgt. Alt arbeid rundt straum, nett og linjer kan vere farleg dersom ein ikkje tek omsyn til risikoen som ligg i jobben. For Suldal Elverk er det viktig at ein alltid har ein oppdatert og god beredskapsplan, som ein lett kan navigere etter i vanskelege situasjonar.
Beredskapsvakta er operativ heile døgeret, og heile året. Det er ei overordna vakt, og ein montørvakt «på» til ein kvar tid. Unntaket er ferietider og høgtider, då er det ein overordna og to montørvakter i beredskap. Dette fordi ein må sikre at ein har nok mannskap til å ta det som måtte hende, og fordi mange tilsette er på reis i desse tider, og kan vere vanskelege å mobilisere. Elverket tek på seg all reperasjon som er nødvendig for at kunden skal få straumen tilbake att. Det kan vere tre over linjer, sikringsbrot, lause klemmer med meir. Ein blir kalla ut både dag og natt, men nokon gonger må elverket vente på dagslys for å kunne lokalisere feilen, med kundens «velsigning». Og andre gonger må vi venta på at vèret blir betre. Dette for å oppretthalda tryggleiken for montørane, som er veldig viktig. Av og til er ikkje kunden einig med våre beslutningar, men tryggleiken kjem alltid først. Vi er og behjelpelege over telefon viss kunden har eit teknisk problem med det elektriske anlegget. Er du blitt straumlaus er det berre å ringe til vakttelefonen som er «på» året rundt. Nummeret finn du på vår nettside www. sev.no.
Småkraftverk Det er 32 småkraftverk i Suldal kommune. Dette er grøn kraft som er ei veldig positiv energikjelde. Suldal Elverk har ansvaret for å transportere krafta som blir produserte i småkraftverka på linjenettet, i tillegg har dei gått inn på eigarsida på to av kraftverka, nemleg Steine kraft og Økstra kraft.
Siri Bråtveit gledde seg stort over ungdomsstipendet ho fekk i 2013. (Foto: Privat)
Ungdomsstipend styrkar talent Kvart år deler Suldal Elverk ut eit ungdomsstipend som skal gå til ungdom som har utmerka seg innan idrett eller kultur. Stipendet er på 25 000 kroner. Siri Bråtveit er ein av dei som har fått stipendet, ho meiner det var
både kjekt og veldig stas å motta stipendet. — På den tida var eg dokumentarfilmstudent, og stipendet gav meg moglegheit til å investere i utstyr og programvare som eg elles ikkje ville
hatt sjans til å kjøpe. Dette var med på å gi meg større fridom i val av filmprosjekt under studietida, som igjen gav meg betre føresetnadar for å utvikle meg som dokumentarist og filmskapar i studietida. I tillegg ligg det jo også ei annerkjenning i det å få tildelt eit stipend som dette, som kjem godt med når ein er i ei etableringsfase, meiner Siri som kjem frå Bråtveit i Suldal. Så langt har desse fått stipendet: Vebjørn Nerheim (2012) , Siri Bråtveit (2013) , Ingvill Odden (2014), og Glenn Tore Løland (2015) .
Køyretøy i utvikling På bilde poserer Målfrid Mikkelsen ved sida av Tempo Villjers tre-hjularen som elverket kjøpte i april 1956. Før det fortalde Oddvar Klungtveit at elverket hadde to vanlege trøsyklar som dei brukte, syklane hadde reklameskilt under stanga som det stod Sand Elektrisitetsverk på. Bilparken hjå elverket har endra seg stort med tida, i 1973 kjøpte dei lastebil, det var eit stort framskritt for elverket då dei fekk lastebil med kran, bilen var ein Mercedes, 1973-modell. I slutten på 1970-talet blei det kjøpt ein større lastebil og utover på 1980-talet kom det fleire større lastebilar.
Suldal Elverk 100 år | 37
Livsstilen på jobb Det er få som sluttar i elverket. Dei fleste blir arbeidstida ut. Det handlar om kaffipausen, vennskapet og arbeidsdagen.
N
år vinden bles og stormen legg tre over linjene handlar det berre om ein ting; at folk skal få straumen attende. Kvile kan ein gjere ein annan gong. Geir Egil Nordmark (54) og Jakob Vetrhus (65) klatrar opp i kvar si mast med stødige og raske steg. Der oppe kan dei nyte utsikta over Bogsfjorden. Nede på bakken står Sven Ingvar Botnen (50) og sender opp det dei måtte trenge av utstyr. — Me skifter på å vere oppe i mastene og vere her nede. Me må kunne klatre alle saman, det gir oss ein ekstra tryggleik, seier energimontør Sven Ingvar.
Montørane kjenner kvarandre godt, både på godt og vondt som dei lattermildt seier sjølve. I dag er dei i Bogsund i Erfjord, eit nytt bustadfelt som er under planlegging krev oppdaterte og nye straumlinjer. Kommunikasjonen flyt mellom stolpane, det er nesten som dei les kva dei andre vil utan at dei treng setje så mange ord på det. — Passa deg i toppen nå, seier Sven Ingvar til Geir Egil. Hugs på at det er spenning der. Tryggleiken er viktig. Ein må stole på både seg sjølv og utstyret, slår Jakob fast. Ein kan ikkje bli usikker og redd der oppe i høgda, då set ein både seg sjølv
Suldal Elverk 100 år | 39
Matpausen er viktig for karane i elverket. Her blir mange store problem løyste. Fv: Sven Ingvar Botnen (50), Jakob Vetrhus (65) og Geir Egil Nordmark (54).
”
Dette er ingen jobb for den som har høgdeskrekk. — Jakob Vetrhus
og arbeidskameratane i fare. — Dette er ingen jobb for den som har høgdeskrekk, seier Jakob og klatrar sjølvsikkert i den 10 meter høge stolpen. Dei høgaste mastene kan kome opp i både 15 og 16 meter. Dei har fått bilen så godt dei klarer ut av den smale vegen i Bogsund. Denne dagen er vêret kaldt og fint, då er det gode arbeidsdagar som montørar. Dei legg ikkje skjul på at det er hakket verre å reise ut i storm, regn og snø. Dei kjenner det ekstra godt når dei har vakt, då fylgjer ein spesielt godt med på vêrmeldingane. Sist var det stormen Nina som
40 | Suldal Elverk 1916–2016
herja, når ekstremvêret kjem ruskande og trafoane ryk er det naturleg å kvi seg litt ekstra for å rykke ut. — Men eg har aldri vore redd på jobb. Når me er ferdige er jobben gjort, eg tenkjer ikkje over det etterpå. Me er berre glad straumen er på plass igjen, meiner Jakob. — Og det er godt med friperiodane etter at ein har hatt vakt, då kan ein ta seg inn igjen, seier Sven Ingvar. Jakob reiste ut på sjøen som 16-åring. Etterpå har det blitt arbeid både på Ulla-Førre og hjå Statnett. Likevel har han kome attende til elverket. Han trivst med jobben og med arbeidsmiljøet, seier han medan han er på veg ned frå masta. Det var tilfeldig for dei to andre og at dei nettopp skulle hamne i elverket. Sven Ingvar er eigentleg bilmekanikar, men skoga for elverket under linjene, og etter kvart vart
det energimontør som yrkesveg. Geir Egil gjekk på elektrolinja på den vidaregåande skulen i Sauda, og slik vart det naturleg med elverket. — Eg var vekke eit par år, men trega og kom attende, fortel Geir Egil, som peikar på at elverket har endra seg mykje sidan han starta i 1981. Både han og Sven Ingvar har fått gullklokke for lang og tru teneste i bedrifta. Mykje har endra seg på dei åra. — Viss me skal gjere noko utan maskiner i dag, grave ei grøft til dømes, så blir me slitne med ein gong. Me er ikkje vane med det lengre, seier Sven Ingvar og ler. Det var andre tider når ein måtte vinsje mastene på plass, i dag tar helikopteret seg av det. For ikkje å snakke om at ein meir og meir legg straumkablane i bakken, samstundes med trekkerøyr for fiber. Om det ikkje blir lagt fiber med eingong vil ein lett kunne blåse kabelen gjennom etterpå.
— Men dei er mykje betre enn oss på data, slår Sven Ingvar fast. Ingen er usamde i det. Når timane skal førast på nettbrettet, og alle rapportar skal skrivast kan det kome godt med. Alt skal dokumenterast og rapporterast inn, seier montørane og lener seg litt tilbake. Det kan somme gonger bli litt mykje, vedgår dei. — Me må uansett vere flinke til å gjere jobben attraktiv for dei unge. Det er ein fri og god jobb, slår Sven Ingvar fast. Dei har ikkje tru på større elverk, dei meiner ein vil miste mykje av den lokale kunnskapen og den
Kommunikasjonen flyt mellom stolpane, det er nesten som dei les kva dei andre vil utan at dei treng setje så mange ord på det.
Karane stoppar opp og legg ned arbeidet, det er tid for matpause. Dei plar ete inne i bilane, men i dag tar dei maten ute, til ære for fotografen. Skjeva og termos er på plass. Alt er som det skal, her blir mange verdsproblem løyste, fortel Geir Egil. Sven Egil nikkar, jo, tenk om dei som styrte og stelte berre kunne høyrt litt betre etter på kva ein kom fram til i matpausen. Karane ler godt, vel vitande om at mange gode tankar er blitt tenkt over ein matbit. Men ein skilnad er det på dei tre som sit skulder ved skulder. Jakob ristar på hovudet medan Geir Egil og Sven Ingvar begge finn fram rullingsen etter maten. — Nei, røykt har eg aldri gjort. Og ikkje skal eg byrje heller, seier Jakob og gliser til dei to andre. Dei ser at det kan vere vanskeleg å rekruttere til montøryrket. Det er slett ikkje alle yrket passar for, men triveleg er det å ha med seg lærlingar og få lov til å lære frå seg. Somme er likevel litt for redde når dei skal klatre til topps i masta. — Det er nesten som om lærlingane verkar yngre enn me gjorde då me byrja, seier dei med ettertanke.
Suldal Elverk 100 år | 41
Tori Fløgstad meiner elverket er ein viktig arbeidsplass i kommunen, og håpar det kan bestå utan å bli ein del av større einingar.
gode beredskapen dersom einingane blir for store, og ikkje minst vil ein truleg miste arbeidsplassar. Då vil Suldal bli ein utkant, og neppe prioritert, slår dei fast. — Men det er vel heller tvilsamt at me består slik me er i dag om 20 år. — Då er me truleg blitt ein del av noko større, meiner karane. Tru på større einingar har heller ikkje Tori Fløgstad (54) som tar seg av kundekontakten i elverket. Ho byrja i 1982, i ei tid der ein arbeidde på skrivemaskin og sende diskettar til Stavanger med posten. Ho har sett den utrulege utviklinga, ikkje minst korleis arbeidsområdet til elverket har blitt større. No handlar det ikkje berre om straum til innbyggjarane i kommunen, det handlar minst like mykje om breiband og straum til hyttene.
42 | Suldal Elverk 1916–2016
— Mange har jo store og flotte hytter som dei brukar meir eller mindre som sin bustad nummer to, seier ho og viser til at behovet for eit godt breiband stadig blir større. Tori har ansvaret for kundekontakt, bestillingar og fakturering. Vegg i vegg sit Asne Hagen som arbeider med rekneskap. Tori har vore med lenge, og meiner også framtida blir spanande. Om det skulle bli ei samanslåing ein gong, og ein fekk større elverk er ho redd det er administrative jobbar som forsvinn først. — Det er ein viktig arbeidsplass i bygda dette, og det er godt me er lokalkjende og kan vere så tett på kundane som me er. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
Framtida.
Suldal Elverk 100 책r | 43
Det er lange linjer i Suldal Elverk si historie
44 | Suldal Elverk 1916-2016
Framtida Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida, lyder eit kjent ordtak. Skal ein likevel prøve, kan ein ta utgangspunkt i nå-situasjonen til den ein skal spå om. Suldal Elverk kan i år feire 100 års jubileum. Det var utvilsamt framsynte personar som stod i fronten for etableringa av selskapet. Elverket har ein god eigar i Suldal kommune. Kommunen set krav til årlig avkastning, men har latt selskapet utvikle seg sjølvstendig. Det er ein gjeng motiverte og framoverlente medarbeidarar og den økonomiske situasjonen er god. Men kva med framtida? Slik eg kan skjønne vil ikkje produktet vi leverer gå av moten. Det vil også trengast straum og breiband i framtida. Men som i mange andre bransjar er konkurransen aukande. Det er stadige krav om auka effektivitet. Myndighetene stiller og store krav til organisering, rapportering og dokumentasjon på utført arbeid.
I desse dagar skjer det store endringar i rammevilkåra for bransjen. Nye lover pålegg energiselskapa å skilje ut nettdrifta i eigne selskap. Spørsmålet er då om dei skilde selskapa er store nok til å overleve som sjølvstendige selskap. Og det er eit spørsmål kven som skal eige selskapet i framtida. Som vi alle veit, er det for tida ein diskusjon om den framtidige kommunestrukturen. I matbransjen har kortreist og lokal mat fått eit kvalitetsstempel. På tilsvarande måte kan ein lokal straum og breibandsleverandør stå for kvalitet. Ingen kjenner kundane betre enn dei som møter dei i butikken eller andre samanhengar. Det er ikkje smart å koma med kvite løgner eller skjulte krav når ein risikerer å møte kunden dagleg. Det at leverandøren er tilgjengeleg, og ein veit kven ein skal spørje har ein verdi. Dersom den lokale leverandøren og klarer å ha konkurransedyktige priser
og løysingar på høgde med dei store aktørane har ein fått i både pose og sekk. Slik tenkjer Suldal Elverk. Det var utvilsamt framsynte personar som stod i fronten for etableringa av selskapet
Vi ynskjer å samarbeide med andre om leveranse av gode produkt og få rabattar grunna store innkjøp. Felles IT program og lisensar innan alliansar kan vera eit alternativ for å få ned kostnadene. Dersom kunden kan halde seg til den lokale aktøren, men få nasjonale og korrekt prisa produkt bør valet vera enkelt. På den måten kan ein oppretthalde viktige lokale arbeidsplassar i bygda og samstundes få god service og kvalitet. Om Suldal Elverk lykkast med denne satsinga kan bedrifta kanskje feire nytt jubileum om 100 år?
Hans Eide, Styreleiar
Suldal Elverk 100 år | 45
Betre flyt med fiber Nettet er blitt vårt viktigaste reiskap, både privat og på jobb. Fiberutbygginga i Suldal har gjort kvardagen lettare for mange.
O
m lag nitti prosent av befolkninga i Suldal har no tilgang til fiberbrei-
Øvst : Jon Eriksen Vold (tv) og Knut Foss flyttar på levande fisk. Nedst: Johan Haugsland i traktor, Mathias Elisson og Linus Svendsson i karet, Bjarne Aarhus observerer frå karkanten.
46 | Suldal Elverk 1916–2016
band. — Det er ei ekstrem høg dekning, samanlikna med mange andre kommunar, ikkje minst når ein veit kor spreidd busetnad kommunen har, meiner rådmann i Suldal kommune, Øyvind Valen. Rådmannen viser til at Suldal kommune, som eigar av Suldal Elverk, har sikra ei utbygging av stamnettet for fiber. Stamnettet skulle i utgangspunktet føre fiber mellom kommunen sine eigne institusjonar, og har opna dørene for ei utbygging til private kundar. — Me starta med kommunikasjon mellom dei fleste skulane i kommunen. Sand, Suldal, Jelsa, Erfjord og Nesflaten. Siste skulen er nå Vanvik oppvekstsenter som blir kopla opp før jul. Når me hadde dette stamnettet fann me ut at vi kunne utnytte dette til å levere fibertenester til innbyggjarane, seier elverksjef Tor Bjarne Smedsrud.
Ettter at styret i Suldal Elverk i 2005 gjekk inn for fiber som satsingsområde, vart det i 2006 tilsett ein eigen leiar for breibandsavdelinga. Dermed vart det etablert avtalar med Suldal kommune og Haugaland Kraft om bruk av fiber og innhaldstenester frå Alltibox. Samarbeidet fungerer slik at Suldal Elverk forheld seg til Haugaland Kraft som igjen samarbeider med Alltibox sentralt. — Fiberen frå Haugaland kjem over Vindafjorden, og går i land i Finnvik. Slik hadde det seg at vår første kunde kom i dette området. I åra etter har me gradvis bygd ut nettet, og befinn oss no i ein epoke der me snart ikkje har store planar om større utbyggingar i rein breibandsregi. Der me likevel byggjer ut straumnettet tar me sjølvsagt med fibertrekkerøyr, seier Tor Bjarne. Det er full aktivitet i Kilavågen denne kalde vinterdagen. Dei som sorterer stamfiskane har kledd seg godt. Inne i produksjonshallen blir fisken stroken,
Suldal Elverk 100 책r | 47
”
Det er viktig for oss å ha eit lokalt elverk som kjenner oss og har kort responstid, ikkje minst sidan det er kritisk for kvaliteten av rogna dersom straumen skulle forsvinne. — Bjarne Aarhus
Bjarne Aarhus har vore med på rogneventyret i Suldal i 20 år
om lag 600 fisk blir stroken kvar dag, noko som gir seks millionar levande rognkorn. Inne i dei lyse og luftige kontorlokala er det varmt og godt, kaffien er nykokt og utsikta imponerande. — Me må sitje oppe på kontoret mitt, der er utsikta endå betre enn her nede i møterommet, seier dagleg leiar Bjarne Aarhus og smiler medan han nikkar utover fjorden. Oppe i andre etasje møter me Sigurd Kilane som arbeider som biologisk controller i Grieg Seafood Rogaland og Erfjord Stamfisk. Dette må vel kallast ein naturleg yrkesveg for Sigurd, han er sonen til Øystein og Hilda Kilane som var med på å starte Erfjord Stamfisk i 1987, med
andre ord har han fått næringa inn med morsmjølka. Med seg i administrasjonen har dei og produksjonssjef land Terje Bremnes. Erfjord Stamfisk er med sine om lag 30 tilsette ei hjørnesteinsbedrift i Suldal kommune. For dagleg leiar Bjarne er det heilt avgjerande at bedrifta har tilgang på eit godt breiband. Etter at bedrifta vart ein del av konsernet Grieg Seafood går mykje av den daglege kommunikasjonen internt via skjerm og videokonferanse. — No er me blitt ein del av ein mykje større organisasjon, og det er heilt nødvendig å ha god kommunikasjon i kvardagen. No slepp me å reise så mykje for møter, og arbeidsdagen blir meir effektiv, meiner Bjarne og viser til at bedrifta no har hatt eit stabilt og godt breiband i om lag tre år. Erfjord Stamfisk har spesialisert seg på sal av levande stamfisk og rogn til oppdrettsnæringa. Målet er å oppretthalde høg kompetanse innan avl og produksjon av stamfisk og rogn. Det blir produsert stamfisk i minst fire ulike anlegg i to fjordbasseng. — Ute på anlegga er det også viktig at me har gode kommunikasjonar, ikkje minst har me videosending frå kvart anlegg live, der ser me korleis fisken oppfører seg under mating, om foret blir ete opp og om fisken ser frisk ut. Med så store mengder
48 | Suldal Elverk 1916–2016
for er det viktig for oss at alt går godt, seier Bjarne og viser til at bedrifta står for 20 prosent av det som blir produsert av rogn på marknaden, når det kjem til stamfisk står oppdrettsbedrifta i Erfjord for heile 30 prosent av produksjonen. — Me har hatt ei sterk utvikling sidan eg byrja her, i 1996 produserte me 20 millionar befrukta rognkorn, no er me oppe i ein produksjon på 130 millionar. Me er også den einaste bedrifta i marknaden som har hatt produksjon kvart år sidan 1987, på grunn av gode rutinar er me godt skjerma mot smitte og sjukdom, ikkje minst sidan me brukar bil og ferje framfor brønnbåtar til å frakte smolt og fisk, meiner dagleg leiar. Norsk oppdrettsnæring har ein eksportverdi av laks på 50 milliardar kroner, noko som dagleg gir 14 millionar måltid verda over. Laksen med opphav i Erfjord har ein eksportverdi på om lag 10 milliardar kroner og gir tre millionar måltider pr dag. Sidan dei leverer rogn mest heile året er Erfjord Stamfisk også avhengig av ein stabil og god forsyning av straum. Rogna må oppbevarast under åtte varmegrader for å ikkje bli øydelagd, dermed må dei kjøle vatnet til rogna ned på sommaren og varme det opp på vinteren. — Det er viktig for oss å ha eit lokalt elverk som kjenner oss og
Øvst: Bjarne Aarhus målar opp rogn før levering, Hanna Jakobsson og Atef Abdou sorterer rogn i bakgrunnen. Nedst: Befrukta rogn med auge. Klar til levering.
ERFJORD STAMFISK Starta opp av lokale gründerar i 1987. Er i dag ein del av Grieg Seafood-konsernet som har lakseproduksjon i Noreg, England og Canada. I Erfjord har dei spesialisert seg på levande stamfisk og rogn av laks til oppdrettsnæring. Har ein omsetnad på om lag 150 millionar kroner årleg og om lag 30 tilsette. Brukar breiband til intern – og ekstern kommunikasjon via videokonferanse og overføring av video i realtime. I tillegg er bedrifta ein stor straumkunde.
FINNVIK Hallvard Finnvik i Finnvik var ein av dei første som fekk breiband i kommunen. Sidan 2008 har han og familien hatt tilgang på det hurtige nettet. Breibandet forenklar arbeidskvardagen til Hallvard, både som bonde og takstmann i Tveit Rekneskap.
FIBER Om lag nitti prosent av befolkninga i Suldal har no tilgang til fiberbreiband. Utbygginga i Suldal starta då kommunen ynskte fiber mellom sine institusjonar, i ettertid opna dette dørene for utbygging til private kundar.
Suldal Elverk 100 år | 49
Hallvard Finnvik og borna Mikal (14) og Daniel (11) er godt nøgde med å ha fiber i hus.
50 | Suldal Elverk 1916-2016
har kort responstid, ikkje minst sidan det er kritisk for kvaliteten av rogna dersom straumen skulle forsvinne, slår Bjarne fast. Hallvard Finnvik som bur i Finnvik på Ropeidhalvøya var ein av dei første som fekk breiband i kommunen, allereie i 2008 kunne han ta det nye nettet i bruk. Han set pris på at dei no har eit raskt og stabilt nett som gjer både den administrative delen av gardsarbeidet lettare, og gir han sjansen til å jobbe heimanfrå som takstmann i Tveit Rekneskap. — Me hadde berre ei dårleg ISDN – linje og knapt nok NRK og TV2, så overgangen då me fekk breiband var som natt og dag, seier Hallvard medan sønene
Mikal (14) og Daniel (11) finn fram nettbretta sine. Søster Marita (17) er ikkje heime denne dagen. Sjølv om far har sett nokre restriksjonar på kor lang tid dei får vere på nett, så er det viktig med ein dagleg dose av youtube, spel eller filmar. Bilspel til dømes, verkar til å vere ekstra kjekt. — Dei er miljøskadde, seier Hallvard og ler. Vel vitande om at hans eiga interesse for bilsport ser ut til å smitte over på den yngre garde, eldstesonen har allereie fått sin første bil og er klar for juniorklassen i bilcross. Då er det kanskje og godkjent med litt ekstra tid på nettbrettet. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
Biletet er frå på kontoret i gamle kommunehuset (Banken) i bankbakkjen som elverket overtok frå tidleg i mellomkrigsåra rett etter kommunesamanslåinga. Frå venstre ser me Sigurd Botnen, Olav Berge Haaranes og Anker Karlsen. Sigurd var medlem i elverkstyret ein periode.
Kraftkarar Olav Berge Haaranes og Anker Karlsen var viktige i oppbygginga av Suldal Elverk. I Stavanger Aftenblad i desember 1950 skriv Johan Veka dette om karane i artikkelen: Nytt ljos skin i Nedre Suldal: «Suldal har fått elektrisk ljos. På føremiddagen om onsdag slo dei straumen på. Eg trur driftstyrar Anker Karlsen på Sand sette kross i almanakka då. Sette kross attmed 20 desember 1950, mens han sto der i kraftstasjonen i Sand. Og eg trur det var dei i Suldal og som gjorde det. Eg trur Olav Berge – Haaranes og sette kross i almanakka – telefonstyraren, teknikaren, formannen i Suldal e-nemnd frå 1946, formannen i byggjenemda frå 24 september 1947. Då Suldal heradstyre (…) samrøystes gjekk med på å gå saman med Sand når det galdt elektrisitetsforsyninga i Nedre Suldal. Anker Karlsen byrja å jobba på Sand Elektrisitetsverk som elverksjef rett etter krigen i 1946. Olav Berge Haaranes var driftsbestyrar i Suldal Elektrisitetsverk N frå 1950 – 1976.
Suldal Elverk 100 år | 51
Øvst fv: Aasne Hagen og Tori Fløgstad i administrasjonen på Sand. Nedst tv: Asbjørn Grønås er plansjef i elverket. Th: Olav Johan Bråtveit i triveleg prat med Oddgeir Tengesdal. Nedst th: frå venstre Kristian Steine, Oddgeir Tengesdal og Ørjan Solbakken.
52 | Suldal Elverk 1916–2016
Øvst: Ane H Foldøy blei fiberkunde nummer 1000 hjå Suldal Elverk. Direktør i Haugaland Kraft Fiber, Jan Håland (t.v.), Ane H Foldøy, elverksjef Tor Bjarne Smedsrud og breibandsleiar Ørjan Solbakken. Nedst t.v: Geir Egil Nordmark og Jakob Vetrhus likar seg i høge master. Suldal Elverk 100 år | 53
Kvardag med spenning Dei er unge og dei vil gjerne ha ein spanande arbeidsplass. Lærlingane i Suldal Elverk blir tatt godt vare på.
S
iri Svellingen Skogseth (20) har så vidt byrja å prøve seg som lærling som energimontør, målet er å få fagbrev før ho set kursen mot studiar og målet om å bli elektroingeniør. Men først skal ho bli mor. Hardangerjenta fann kjærleiken i Suldal og dermed blir det ein naturleg stopp i læreløpet. Ho kjem frå elektrolinja på vidaregåande og er godt nøgd med å få læreplass i nettopp elverket. — Eg likar dette, å få ein variert kvardag. Det er ei bra bedrift, det er mange som er misunnelege på meg for denne læreplassen. Eg gler meg til å klatre i stolpane, seier ho og ler. — Men eg har og respekt for jobben, ikkje minst når dei rykkar ut i allslags vêr, seier Siri som kjem frå ein klasse på vidaregåande der berre tre av elevane var jenter. Ho bestemte seg tidleg for å bli elektrikar, ein jobb også faren har. Oddgeir Tengesdal er avdelingsleiar drift og har saman med overmontør Kristian Steine ansvaret for lærlingane i elverket. Han meiner dette er ein god måte å rekruttere god og stabil arbeidskraft på. — Energibransjen er ikkje stor, så det er viktig for oss å rekruttera ungdomen til vårt fag. Det er
54 | Suldal Elverk 1916–2016
ikkje alltid lærlingane får fast tilsetting hjå oss rett etter læretida, men berre det å bidra til at dei får eit elektrofagbrev er med å styrkje energibransjen. Dei er alltid velkomne til å søkje jobb hjå oss, når me treng nye medarbeidarar, seier Oddgeir. Han har og stor sans for løpet som Siri planlegg, med først å ta fagbrev før ho studerer vidare til elektroingeniør. Både Siri og Oddgeir skryt av samarbeidet og ikkje minst oppfølginga dei får frå det lokale opplæringskontoret, Rytopp. Hans Sæther er opplæringskonsulent i Rytopp og jobbar tett med leiing og lærlingar i elverket. Han meiner elverket er viktig som lærebedrift, ikkje minst for å rekruttere gode fagarbeidarar innan energimontørfaget. — Suldal Elverk har stor breidde innan sitt område, og høg kompetanse hjå dei tilsette. Dette gjer at lærlingane her kan lære det meste innan fagområdet. Elverket stiller og med lærarkrefter for lærlingane, for teoridelen av læretida. Dette er og noko som energimontør-lærlingane ved Hydro Energi og Statkraft drar nytte av, fortel Hans. Han meiner lærlingen hjå Suldal Elverk får ei god og brei forståing for faget, sidan elverket både produserer straum og har ansvaret for straumnettet. — Bedrifta har og ansvar for utbygging av fibernettet i kommunen. Denne type kompetanse er med på å sikre eksisterande og nye arbeidsplassar, meiner opplæringskonsulenten. Han peikar også på at lærlingen vil møte utfordringar som å jobbe tett saman i eit team der det ikkje er rom for avvik, å kunne klatre i høge stolpar og klare å arbeide i høgda. — Grundig sikkerheitsopplæring er viktig, sidan dette er arbeid som kan få alvorlege konsekvensar for andre og seg sjølv om ein ikkje gjer ting rett. Michael Mollatveit er også lærling som energimontør i elverket. Tjuefemåringen er frå Sauda, men bur no på Sand. — Eg trivest veldig godt som lærling i elverket, det er både mykje variert arbeid og utfordrande opp-
— Det er mange som er misunnelege på meg for denne lærlingplassen. Eg gler meg til å klatre i stolpane, seier lærling Siri Svellingen Skogseth (20).
gåver, noko som eg syns er kjekt. Arbeidskollegaene er kjekke å jobbe med, eg jobbar ute så å seie kvar dag, så frisk luft må ein vere glad i, meiner Michael. Han valde elverket som lærebedrift sidan han hadde høyrt mykje fint frå andre som har hatt læreplassen sin her. Og om det blir mogleg vil han gjerne halde fram i elverket, også etter at læretida er over. — Den største utfordringa med å jobba i elverket er kanskje det at
det er mykje fysisk tungt arbeid, mange lovar og forskrifter som ein må følgje. Og at det ikke alltid er plussgrader og sol, seier Michael og smiler.
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi
Suldal Elverk 100 år | 55
Tilsette i elverket i 1978/1979 Bak fv: Einar K. Larsen, Gunerius Natland, Bernhard Foss, Trygve Eskedal, Ragnvald Helland, Sigurd Holmen, Steffen Neset, Olav Vemund Stråpa, Ole Hundebo, Helge Værvågen, Kåre Vestbø, Arne Karlsen, Rasmus Mikkelsen. Framme f.v.: Bjarne Helland, Heidi Natland, Anker Karlsen, Målfrid Mikkelsen, Martin Eide.
56 | Suldal Elverk 1916–2016
Tilsette i elverket i 2016 Bak f.v.: Mike Weissgerber, Erik Mathiesen, Arne Risa, Oddgeir Tengesdal, Tore Vik, Bjarte Helland, Nils Bleskestad, Terje Bråtveit, Terje Norheim, Asbjørn Grønås, Jakob Vetrhus, Leiv Fuglestein, Olav Johan Bråtveit, Geir Egil Nordmark, Lars Koltveit, Ørjan Solbakken. Framme f.v.: Halvor Hoås Nerheim, Tor Bjarne Smedsrud, Liv Krokedal, Svein Losnegård, Siri Svellingen Skogseth, Kristian Steine, Tori Fløgstad, Sven Ingvar Botnen, Aasne Hagen. Ikkje tilstades: Odd Haugsland, Michael Mollatveit, Aslak Moe og Rolf Bersås.
Suldal Elverk 100 år | 57
Styret i Suldal Elverk 2016: Hans A Eide Nina Østebø Berit Vestersjø Harald H Løland Aasne Hagen Oddgeir Tengesdal Kjell Egil Sandvik Arild Vaage
Styreleiar Nestleiar Styremedlem Styremedlem Vald av tilsette Vald av tilsette Varamedlem Varamedlem
1916—2016