Suldal Vekst magasin

Page 1

Suldal Vekst AS

Spire Vekse Gro

suldalvekst.no


Elin Tjordal Haugen Reiselivsansvarleg og rådgjevar

Laila Steine Dagleg leiar og rådgjevar

2

Marit Larsen Prosjektkoordinator og rådgjevar


Me er Suldal Vekst Aktivt næringsliv gir godt bygdeliv Suldal Vekst er eit innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling i og for næringslivet i Suldal og Ryfylke.

Vårt hovudmål er å bidra til etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar i Suldal, og arbeida for auka lønnsemd og vekst i dei bedriftene som allereie finst. Suldal Vekst har eit formelt samarbeid med Suldal kommune, og er også del av det nasjonale næringshagenettverket til SIVA. Programmet er eit distriktspolitisk verkemiddel som er eigd av fylkeskommunar og kommunal- og moderniseringsdepartementet. Programmet skal føra til auka nasjonal verdiskaping. Suldal Vekst kan hjelpa deg og di bedrift med støtte i ein oppstartsfase eller til eit utviklingsprosjekt. Dette kan handle om hjelp og rådgjeving til utvikling av forretningsidear, marknads- og prosjektplanlegging, strategiarbeid, bedriftsutvikling og organisering av ulike utviklingsaktivitetar og arrangement. Næringshagen har eit stort nettverk av bedrifter og næringar, ulike kompetansemiljø, offentlege verkemiddelaktørar og forskings- og utviklingsmiljø. Me koblar gjerne bedrifter opp mot relevante støttespelarar og nettverk, som aktuelle fagmiljø, moglege investorar, styreressursar eller finansieringsordningar som t.d. Innovasjon og offentlege næringsfond. På den måten kan me hjelpa til med å finne den rette samarbeidspartnaren for deg og di bedrift.

3


Våre aksjonærar Suldal kommune SIVA Selskapet for Industrivekst SF Underbakke Holding AS Suldal Transport AS Suldal Næringsforening Gata AS Suldal Billag Holding AS Suldal Økonomi og Rådgiving AS KV Bygg Suldal AS Sparebanken Rogaland Norsk Stein AS Filter AS Ola Fisketjøn AS Lasse Eide Holding AS Block Berge Bygg AS Ryfylke Fjordhotel AS Jelsa Utvikling AS Suldalsposten AS Tveit Regnskap AS Rygjatun Eigedom AS Kulp AS Underbakke AS Ryfylke Fjordhage AS Ola Hauge OSA -BU Krambua Blomster AS Ryfylke Bok & It AS Sand Servicesenter AS Kon-Sul AS NAF AS Vinnarskalle AS Rainer W. Speth Tormod Skeie Tiramisu-reiser med Smak AS Andreas Drarvik Energihotellet AS Olav Lindseth MolsenHouse Productions Per Arne Fisketjøn Vatlandsvåg Handel AS Eirik Moe AS Mo Laksegard AS Helgevold Elektro AS Sand Sport AS Endre Kvæstad Astrid Brommeland Kjellaug Myhr

4


Innhald 2 Suldal Vekst AS 4 AksjonĂŚrar 5 Innhald 6 Velkomen 8 SPIRE 10 Bedriftsprofil: Beljo 12 Bedriftsprofil: AdmMit 14 Kommentar 15 Portrett 16 VEKSE 18 Bedriftsprofil: Kulp 20 Bedriftsprofil: Kon-Sul 22 Bedriftsprofil: KV-Bygg Suldal 24 Bedriftsprofil: Energihotellet 26 GrĂźndertips 27 Portrett 28 GRO 30 Bedriftsprofil: Mo Laksegard 32 Bedriftsprofil: Suldal Billag 34 Bedriftsprofil: Norsk Stein 36 Kommentar 37 Portrett 38 Ordliste 39 Kontakt og ressursar

Produsert av Filter design & kommunikasjon og Suldal Vekst AS Foto: Meister Fotografi Illustrasjon: Nenad Ignjatic Trykk: HBO Alle tal som er brukte i magasinet er 2015-tal.

5


6 6


Velkomen til verktøykassa vår Oppdraget vårt i Suldal Vekst er å gi bedriftene våre rom og verktøy til å Spire, Vekse og Gro! Difor er me som jobbar her oppekne av nyskaping, vekst og utvikling, og heltane våre er gründerane. Du veit dei som etablerer, skaper og også sikrar arbeidsplassar slik at du og eg faktisk har eit arbeid å gå til kvar dag, som gjer at me kan bu der me helst vil bu, og kan leva gode liv akkurat her. I verktøykassa vår har me fleire verktøy for å hjelpa til med utvikling av nye bedrifter eller for å skapa vekst i eksisterande bedrifter. Me har tilgang på profesjonelle forretningsutviklarar og rådgivarar, nettverk, kompetanse og investorar. Desse verktøya deler me gjerne med deg og di bedrift slik at du kan få hjelp til å veksa og utvikla deg vidare. Me treng fleire gode gründerar som skaper nye og lønnsame bedrifter. Og me treng vekst og utvikling i dei bedriftene me allereie har. På dei neste sidene inviterer me deg til å bli betre kjend med oss og med nokre av bedriftene våre. God lesning, og ta deg gjerne ein tur innom oss for å diskutere nye forretningsidear eller utviklingsplanar for deg og di bedrift!

Laila Steine Dagleg leiar

7


8


Spire Suldal Vekst ønskjer at fleire får realisert sine idear, slik at det blir fleire verksemder som kan veksa og gi arbeidsplassar i framtida.

Går du rundt og drøymer om å starte for deg sjølv, eller har ein idé du treng å diskutere med nokon? Å vera gründer er til tider ein tøff, arbeidskrevjande og ofte einsam jobb – det er mange val som skal gjerast. Kva skal eigentleg til for å kunne realisera draumane dine? Me deler vår erfaring og våre verktøy med deg, og kan hjelpa til med rådgiving, etablerarkurs, nettverk, møteplassar, kontor og mentor. Kom innom oss - ingen spire og forretningside er for liten eller for stor til å ta kontakt – og dette kostar deg ingenting.

9


Det er tida som gjer at det blir skikkeleg produkt.

10


:Beljo ETABLERT I 2014 • LEIKETØYSPRODUSENT • 1 TILSETT

Terje Gundersen fekk ein god idè i sandkassen heime. No lanserer han sine eigne treleiker internasjonalt. Gründer * Terje Gundersen har alltid vore glad i å leike. – Det har gitt meg ein god kreativ bagasje, seier gründeren. Heime på Suldalsosen starta ideen om dei robuste treleikene i sandkassen då sønene var små. No er han klar for å lansere eit heilt nytt leiketøyskonsept for heile verda. Han satsar stort og viser til at marknaden hans ikkje har landegrenser. Leikekonseptet som omhandlar tre, plast og ei heilt unik magnetkopling, kalla Magnito-I-Lock system er heilt spesielt. Dei fire åra som har gått etter at han gjennomførte etablerarkurs * hjå Suldal Vekst har han brukt til å knyte nettverk, utvikle ideen, jakte på kapital og bygge opp bedrifta Beljo, som har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas. Terje har lært at ein må vere tolmodig skal ein utvikle noko. – Det er ikkje tvil om at ein kan bli både utolmodig og frustrert. Men det er tida som gjer at det blir skikkeleg produkt, tar ein snarvegar kan det slå negativt tilbake, trur gründeren som meiner det er eit av dei viktigaste råda til andre som vil utvikle noko, ting tar tid, og ein bør ikkje love for mykje for tidleg. – Kva er det som driv deg? – Eg vil skape noko, og eg vil ikkje stoppe med leiketøy. Denne magnetkoplinga kan brukast til så mangt. Motivasjonen er ikkje å bli rik, men å sjå at ein ide blir verkeleg. Draumen er å skape fleire arbeidsplassar, men i første omgang sin eigen. – Suldal Vekst er viktig for at ein skal klare å skape noko i Suldal, dei er viktige for å skaffe både nettverk og midlar til gründerane. Suldal Vekst er også viktig som diskusjonspartner og ikkje minst motivator når ting gjerne går litt trått, meiner Terje.

* definisjon i ordlista s. 38.

11


Foto: Suldalsposten

Det viktigaste er ĂĽ skape meirverdi for kundane.

12


:AdmMit ETABLERT I 2014 • UTVIKLAR ADMINISTRATIVE SYSTEM • 3 ÅRSVERK

Rune Furseth ville utvikle eit program som kunne effektivisere administrasjonen i bedrifter. Resultatet vart AdmMit. Rune Furseth er administrativ direktør i Suldal Transport, det var også gjennom transportfirmaet ideen om AdmMit starta, firmaet vart ein direkte spin-off * frå Suldal Transport. – Me såg behovet i Suldal Transport for å samle alle system i eitt felles system som dekka alle administrative behov. Mange system gjorde kvardagen for tungvint, seier gründeren som no har utvikla AdmMit, eit system som skal effektivisere kvardagen i både små og store bedrifter. – Når ein tilsett registrerer timar eller avvik, så blir dette gjort ein gong og i ettertid berre kontrollert og kvalitetsjekka. På den måten sparer ein administrasjonen for tid. Den unge bedrifta har allereie kundar som Diplom-Is, Veidekke og VT Gruppen på kundelista. – Eg trur me har eit stort potensiale til å skape vekst i mange bransjar, seier Furseth og viser til at det viktigaste for bedrifta er å skape meirverdi * for kundane sine. – Meirverdien kan kome på mange område, spart tid i administrasjonen, betre styringsverktøy eller lettare kommunikasjon mellom tilsette og leiing. Sjølv om det alltid vil vere risiko i samband med utvikling, og kanskje spesielt i ein bransje som dette, så har Furseth tru på at AdmMit vil vekse. I løpet av dei neste 10 åra er målet å bli 10 tilsette, og at ein har 100 kundar som brukar systemet i kvardagen. – Kva er din leiarfilosofi? – Det er å ha fokus på kvalitet og effektivitet i det daglege arbeidet, seier Rune som også ser at Suldal Vekst speler ei viktig rolle i næringsutviklinga. – Den viktigaste oppgåva deira er å informere næringslivet om kva moglegheiter som finst med tanke på utviklingsmidlar og støtte, samt investorar * og samarbeidspartnarar, slår han fast.

* definisjon i ordlista s. 38.

13


Gründertips Til deg som drøymer om å starta noko sjølv – her er 10 tips som kan hjelpa deg litt på vegen. 1. Gjer research!

Finn ut om det fins eksisterande produkt eller tenester, kva posisjon dei har i marknaden. Er det kundar og ein marknad som er viljuge til å betale? Fokuser på kunden frå dag ein – ikkje vent til produktet/tenesta er «ferdig» utvikla.

2. Lag ein god plan

God ide, men ingen plan? Få på plass ein plan som viser kvifor nettopp din forretningside skil seg ut og kvifor nokon skal betala for produkt eller teneste. Kva gjer at din ide har livets rett og korleis skal du gjennomføre? Korleis skal du tena pengar?

3. Gjer noko du kan

Du har større sjanse for å lukkast om du jobbar med noko du kan eller interesserer deg for.

4. Våg å satsa 5. Kapital og cash

Alle idear og selskap treng kapital for å kunne utvikla ideen og skape vekst. Eigne pengar, investorar eller begge delar? Det fins mange verkemidlar i oppstartsfasen – orienter deg om kva hjelp du kan få på vegen!

6. Nettverk

Bygg kompetanse og nettverk! Ikkje ver redd for å dela ideen din – ingen er gode på alt! Uansett kor bra ideen din er, vil du ha behov for å møta dei rette menneska som kan hjelpe deg å opna dei rette dørene.

7. Team

Få på plass eit team av menneske som utfyller kvarandre - fleire hovud tenkjer betre enn eitt. Etabler eit styre som utfordrar, stiller spørsmål, er konstruktive, men også kritiske. Rekrutter folk som inspirerer deg, som utfordrar deg og som trur på deg og ideen din – og gjerne som er betre enn deg!

8. Mentor

Få deg ein mentor! Ein som har erfaring innanfor det området du jobbar med eller har erfaring med ledelse, er gründer sjølv eller har erfaring på andre område du meiner du kan lære noko av. Mentoren skal stille deg gode spørsmål som får deg til å tenkja og som får fram det beste i deg, og er eit mykje betre alternativ enn familie og venner.

9. Tenk stort og gjerne internasjonalt 10. Stå på! Ha trua!

14

Å skapa ei ny verksemd er krevjande og ingen ni til fire jobb. Det vil bety mange og lange dagar for at du skal lukkast!

Våg å tenkje stort, men ta steg for steg. Store draumar og ambisjonar er ofte ein forskjell frå dei som lukkast eller ikkje. Dei fleste bedrifter blir bygde i små skritt, og du må ha kontroll på økonomien for kvart skritt du tar – ikkje heile reisa. Husk at 99,94 % av marknaden din er utanfor Norge – det er berre å pakke kofferten. Hald ut og tru på deg sjølv når du møter motstand og det er tøffe tider. Du må ha tru på ideen din heile vegen og sørgja for at dei rundt deg er med deg når det berre er oppoverbakkar. Hugs at ein god kaptein held stø kurs, sjølv når det står på som verst.


Veks via nettbutikk Ragnhild Roalkvam Starta opp med garnbutikk heime i kjellaren for 13 år sidan. Etter kvart flytta ho butikken til Sand og utvida med dameklede, smykke, sko og vesker. Driv i dag både fysisk butikk og nettbutikk. Tilsette: 2 – Kva er viktig dersom ein vil byggje opp ei bedrift som gründer? – Å vere gründer er ikkje berre ein dans på roser. Ein må ha både vilje og arbeidslyst. Det ligg mange arbeidstimer bak, både når det gjelder butikk og nettbutikk, – Korleis kan ein lukkast med nettbutikk? – Det er viktig å vere på heile tida, og skape gode relasjonar til kunden, ein må vere på servicesida heile tida. Skal du ha ein attraktiv nettbutikk må den fungere optimalt. Det kostar, men det er viktig. – Kva blir du inspirert av? – Eg blir inspirert av kundane og kan få tårer i augo av hyggelege meldingar. Det er og inspirerande vere på messer. – Kva eigenskapar bør ein gründer ha? – Ein bør vere blid, serviceinnstilt, ha pågangsmot, ikkje gi opp og ikkje minst bør ein elske jobben. Pengar er ikkje den rette motivasjonen, du må ha lyst til å skape noko. – Har du eit godt tips til andre som går med ein gründer i magen? – Har du lyst til å bli gründer må ein begynne å undersøke marknaden. Er det behov for den vara eller tenesta ein kan tilby, det er lurt å snakke med til dømes Suldal Vekst som kan gi gode råd. Av og til må en våge å hoppe før ein er klar, og satse på draumen. – Kva drøymer du om ? –Draumen er å kunne vekse, skape arbeidsplassar, og kunne hjelpe kvinner med råd og tips om klede. Eg drøymer også om å utvide både butikk og nettbutikk, også til utlandet. – Kva betyr Suldal Vekst for næringsutviklinga i Suldal? – Suldal Vekst betyr utruleg mykje. Eg hadde aldri vore der eg er i dag utan dei. Dei har kome med gode råd og bakka meg opp heile tida. Skal me ha eit aktivt næringsliv, er det viktig med slike motivatorar, som kan gi hjelp og støtte. 15


16


Vekse Bedrifter som veks har ofte ein plan for korleis dei vil at ei framtid skal sjå ut.

Dei veit kor dei skal og på kva måte dei skal komme dit. Ikkje minst er dei bevisste på kva bedrifta treng for å kunne veksa. Dei arbeider systematisk med utvikling for å gjera bedrifta best mogleg i stand til å skapa økonomisk vekst, anten det dreier seg om nye produkt, nye marknader, ny kompetanse, nettverk eller eigen organisasjon. Har di bedrift ambisjonar om bli større enn i dag? Ta eit steg til frå det som er relativt behageleg og trygt til ei framtid du ikkje heilt kjenner? Eller har bedrifta di møtt utfordringar i høve til endra marknadssituasjon? Kva potensial har bedrifta for å veksa? Ta gjerne kontakt med oss – me har verktøy for å få på plass ein vekststrategi for di bedrift.

17


For meg er det viktig ĂĽ vere ein synleg leiar.

18


:Kulp ETABLERT I 2009 • DRIV BISTRO OG CATERING • 17 TILSETTE

Terje Bjørndal vil gjerne formidle matglede. Difor har han bygd opp Kulp Bistro. – Eg vågde å satse. Me som er kokkar vil jo helst berre lage god mat, me er ikkje så opptekne av bedriftsutvikling, der treng me ofte hjelp. Men målet har heile tida vore å servere lokal, ekte og ærleg mat, slår Bjørndal fast. I løpet av dei siste sju åra har han satsa sterkt, og Kulp er blitt ein stor arbeidsplass. – Kva er ditt beste råd til andre gründarar? – Ikkje høyr på pessimistane! Bygg vegen stein for stein og ikkje drøym om millionar dei første åra. Til no er det ryktet som har vore Kulp sin største marknadsføringskanal, i tillegg til at bistroen er blitt profilert i fleire magasin. – Kor viktig er det å finne nye marknadar og nye produkt? – Det er viktig. Kulp har kanskje vokse litt raskt dei siste to åra. Og me merkar at me blir meir kjende utanom kommunegrensene. Me har opplevd nokre voksesmerter, så det er viktig å førebu seg på den veksten som kjem. Suldal Vekst har vore ein god støttespelar i denne fasen,med rådgjeving, forretningsutvikling * og mentor *. – I leiarrolla di må du og vere mentor? – Ja. Og det er viktig å være ein synleg leiar. Å være til stades for dei tilsette. Det nyttar ikkje berre å trekke seg tilbake på kontoret, sjølv om ein mange ganger blir tvinga til det. Bjørndal er oppteken av lokale råvarer og ynskjer å inspirere andre til å bli glad i å lage mat. Det er viktig å føre matkunnskap vidare, også til barn og unge. Han er klar på at Suldal Vekst speler ei viktig rolle i næringsutviklinga. – Den viktigaste oppgåva deira framover trur eg er å tilrettelegge for at ein får nødvendig kunnskap som bedriftsleiar etter kvart som ein veks, meiner han.

* definisjon i ordlista s. 38.

19


Viktig at dei tilsette deltek i drifta for ĂĽ oppnĂĽ utvikling.

20


:Kon-Sul ETABLERT I 1987 • TVERRFAGLEG KONSULENTFIRMA • 10 TILSETTE

Dagleg leiar i Kon-Sul, Espen Vestbø vil styrke bedrifta via fagleg utvikling og kompetanse. – Me har fleire ulike fagretningar, mitt mål er at me skal ha eit solid fagmiljø som kan dekke prosjektering av bygg og anlegg, seier Vestbø som sjølv har bakgrunn som ingeniør. Vestbø meiner det er viktig at dei tilsette deltek i drifta for å oppnå utvikling, i Kon-Sul får blant anna alle tilsette sjansen til å kjøpe seg inn i bedrifta. I tillegg til hovudkontoret på Sand har Kon-Sul også kontor på Hjelmeland og i Sauda. – Me håpar det vil gi oss fleire store og lojale kundar, fortel Vestbø som ikkje er redd for å ta store steg, og som meiner risiko er naudsynt for å oppnå utvikling. Bedrifta har brei erfaring med ulike prosjekt innan arkitektur, kommunalteknikk, byggjeteknikk og planarbeid. – Då eg tok over leiarjobben i Kon– Sul var det allereie eit stort steg for meg sidan eg ikkje hadde formell leiarerfaring frå før. Det vil som regel gå godt, så lenge ein er klar for å arbeide hardt og har litt tru på seg sjølv. – Kva skal til for å vekse? – Eg er heldig som har eksterne styremedlemer, dei brukar eg aktivt for å få tilbakemelding og rådgjeving. Framover blir det særs viktig med god rekruttering av nye medarbeidarar. – Har du eit tips til andre unge bedriftsleiarar? – Skaff deg gode rådgjevarar, eit godt styre * er ein god stad å starte. Og ikkje ver redd for å spørje. Hiv deg ut på djupt vatn, men hugs redningsvest. Vestbø deltok nyleg på Vekstprogrammet *, i regi av Suldal Vekst. Programmet innebar fire samlingar med leiing som tema. – I ein hektisk kvardag var det bra å få sett av tid til leiarspørsmål. Både for å kunne utvikle bedrifta, men og meg sjølv, meiner han.

* definisjon i ordlista s. 38.

21


Me har jobba strategisk for ĂĽ bygge opp eit godt leiarteam.

22


:KV-Bygg Suldal ETABLERT I 2004 • BYGGEFIRMA • 23 TILSETTE

KV– Bygg Suldal er i ferd med å etablere seg som eit leiande byggefirma i regionen. Dagleg leiar, Cecilie Jelsa meiner at fagkompetanse og lagspel skal styrke bedrifta. – Me har jobba strategisk den siste tida for å bygge opp eit godt leiarteam. Det er ein styrke for oss at me har fleire å kaste ball med, både med tanke på byggjeleiing og marknadsføring, slår ho fast. Bedrifta bygger hus, hytte, næringsbygg og offentlege bygg. Dei har også lang erfaring med restaurering og rehabilitering av gamle hus. KV– Bygg Suldal gjekk nyleg frå kjeda Mesterhus og over til Norgeshus. – For oss har det vore gunstig å ha kontor i Næringshagen på Garaneset, her er mange bedrifter og mykje kompetanse samla. Det er god nettverksbygging *, meiner Jelsa. – Kva er din leiarfilosofi? – At dei tilsette skal ha ein solid og trygg arbeidsplass å gå til, seier Jelsa og viser til at bedrifta framleis har mål om å vekse. – Me vil bli eit stabilt byggefrma med ein stab på om lag 20– 25 tilsette. Me ynskjer å utvikle ein del bustad– felt i kommunen, og prøve å jobbe oss inn i områda mot Sauda. Bransjen slit litt i Rogaland nett no, så me må vere førebudde på at det også kan skje i Suldal. Difor må me ta større marknadsandelar for å oppretthalde den staben me har i dag, slår ho fast. Cecilie Jelsa meiner Suldal Vekst er profesjonelle og har fokus på både utvikling av eksisterande bedrifter samt gründarar og nye etablerarar. – Dei er også engasjerte i dei store spørsmåla som innfartsvegar, kommunikasjon og samarbeid på tvers av kommunegrensene, seier ho og viser til at det også er imponerande å ha etablert seg som ein næringshage i SIVA– programmet. – Suldal Vekst har vist stor interesse for vårt firma. Som ei av målbedriftene, føler me at me både blir sett og tatt vare på. Dette har også resultert i vekst i både omsetnad og bemanning. Dei har lært oss å tenkje lenger fram i tid, lage strategiplan *, og har gitt gode råd til meg som leiar. * definisjon i ordlista s. 38.

23


Me ynskjer ĂĽ vere ĂŚrlege og autentiske i kommunikasjonen vĂĽr.

24


:Energihotellet ETABLERT I 2007 •HOTELLDRIFT • 13 TILSETTE

Energihotellet har etablert seg som ei designperle av eit distriktshotell. – Me ynskjer å vere ærlege og autentiske i kommunikasjonen vår, me er trygge på at me har noko unikt å selje her, seier Olav Lindseth som driv Energihotellet saman med kona Gunhild Moe. – Reiselivsproduktet vårt er øvre Suldal, me er opptekne av å formidle staden og kulturen her i ein uformell stil. – Kva er leiarfilosofien? – Fridom under eige ansvar, me prøver å formidle at å feile er noko av det viktigaste du gjer, så lenge du ikkje gjer same feilen opp igjen. – Eg trur den viktigaste rolla til Suldal Vekst vil vere å fungere som ein katalysator i forhold til dei som ynskjer å styrke bedrifta si, enten gjennom å effektivisere, utvikle eller utvide, seier Lindseth og peikar på at dei sjølve har hatt god nytte av Suldal Vekst, gjennom målbedriftsavtale * og i prosessar opp mot Innovasjon Norge. Han dreg også fram rolla næringshagen har hatt i utviklingsarbeidet av reiselivsproduktet «Discovery Route», som er eit av få prosjekt * i bedriftsnettverksordninga til Innovasjon Norge innafor reiseliv. – Suldal Vekst har også bidratt til å løfte fram «arkitekturrundturen» Sauda-Røldal-Suldal, denne har nå fått turistveg-status og er prioriterte område langs Nasjonal Turistveg Ryfylke, sett frå Statens Vegvesen si side. Med opphavlege 60-talsmøblar frå Sven Ivar Dysthe, gullpeis, slåande utsikt over Suldalsvatnet og ein særprega arkitektur teikna av Geir Grung skil hotellet seg kraftig frå andre distriktshotell. – Me prøver alltid å vise fram heilskapen i den særprega arkitekturen på Nesflaten, både driftssentralen til Hydro som ligg her, hotellet og dei særprega bustadane i Kilen der blant anna flatt tak er eit kjennemerke. Arkitekturen her oppe ber preg av ein unorsk materialbruk med mykje betong og store vindauga, det handlar om å ta naturen inn i bygningane, seier Olav. Dei siste åra har paret investert mykje pengar og tid i ei utbygging som har gitt hotellet 15 nye rom og nytt konferanserom. Og det stoppar ikkje her, vidare utbyggingsplanar ligg klare, planar dei håpar å realisere i løpet av få år. Nyleg vart også hotellet ein del av hotellkjeda De historiske, og dei har nyleg blitt medeigarar i Dampen Gjestehus på Nesflaten. * definisjon i ordlista s. 38.

25


Vekst i Skattkammeret Ja, det er det som er vårt oppdrag i Suldal Vekst. Suldal kommune sitt slagord set standarden, og målet er: - Verdiskaping - Arbeidsplassar - Busetting

Foto: Roar Larsen, Strandbuen

- Trivsel i alle bygder Der er ei rekkefylgje her, som ikkje er tilfeldig. Då slik at dei tre nederste fullt og heilt er avhengige av at det som står øvst, er på plass. Og tenk kor flott: me har eit Skattkammer å ause av, som grunnlag for dette! Naturen, ressursane der, opplevingar, jordbruket, sjøen, kulturen, store bedrifter, gigantar i energiproduksjon, lista kan gjerast veldig lang, ja lengre enn dei fleste kan vise. Om eg nå skulle spørje kva som er viktigaste skatten i kista, kva svarer du? Truleg vil mange ulike svar komme. Mitt svar er: Suldølen! Og då spesielt dykk frå Erfjord, Jelsa, Sand, Ropeidhalvøya, Vanvik, osv. Har eg gløymt nokon, seier du? Langt ifrå! For det er nå noko særs med dykk frå sjølve Dalen! Suldal er stor i utstrekning og det bur folk spreidde rundt i store delar av kommunen. Dette er også ein skatt å ta vare på og blankpusse, så han kan skine ! Me ynskjer kvarandre lykke til med oppdraget og innsatsen. Helsing Audun Rake Styreleiar

26


Satsar på utviding Sølve Myrvang Overtok Sand Servicesenter AS i 2003, båt - og bilverkstad, bensinstasjon, butikk, båtsal - og vinterlagring. Tilsette: 7

– Kva er viktig for å oppnå vekst i bedrifta? – Det viktigaste er å ha eit stort nettverk, og sjølvsagt at me kan yte god service. – Korleis arbeide for stadig å treffe nye marknadar? – «Ingen» har råd til å marknadsføre seg til suksess, jungeltelegrafen er truleg den viktigaste kanalen vår. – Kva framtidsplanar har du? – I løpet av dei neste åra er målet at me kan bygge på ein etasje over butikken. Me har eit stort behov for personalrom og kontor, så det hadde vore kjekt å fått på plass. – Korleis ser bedrifta ut om fem år ? – Det siste halvåret har me både kjøpt bygningar og oppgradert bensinstasjonen med nye pumper og teknisk utstyr. Ei innvestering på omlag fem – seks millionar, truleg er me i ferd med å ta ut marginal utnytting av dei ressursane me har tilgjengleg. – Kva er din leiarfilosofi? – Det må vere å gjere seg sjølv overflødig, noko som ikkje er lett i ei lita bedrift. Det sosiale på jobb er også viktig, me må trivast ilag. – Kva betyr Suldal Vekst for næringsutviklinga i Suldal? – Arbeidet med å gjera dei unge kjent med næringslivet i kommunen er vanskelig å måla, men er utrulig viktig og framtidsretta. I tillegg er kurs og kompetanseløft viktige tiltak som er lett å få til gjennom Suldal Vekst. Sist, men ikkje minst er det viktig med den verdiskapinga som kjem frå bedrifter som Suldal Vekst fylgjer opp og hjelper.

27


28


Gro Bedrifter som gror er bedrifter som gjerne har eit solid feste i marknaden.

Dei har ei god og trygg utvikling og har fokus på å sikra og styrka posisjonen bedrifta allereie har, gjerne med mindre variasjonar i produkt eller i tilsvarande marknadar bedrifta allereie har. Er di bedrift i ein fase der ein har fokus på å vidareutvikla lønnsemda til bedrifta, byggja kompetanse, halda god aktivitet og byggja sterkare lojalitet hjå dei viktigaste kundane? Suldal Vekst kan bidra med nyttige nettverk, forretningsutvikling, styrekompetanse, mentorordning og kompetanse du har behov for.

29


Ein mĂĽ ikkje vera redd for samarbeid.

30


:Mo Laksegard ETABLERT I 1991 • REISELIVSAKTØR • 4 ÅRSVERK

Bjørn Moe på Mo Laksegard har bygt opp eit internasjonalt reiselivsprodukt rundt laksen og lågen. – Ein må ha eit sterkt produkt for å kome langt ut. For oss har laksen vore hovudpersonen. Atlantisk laks i verdsklasse gir deg fort sjansar til å nå fram i marknaden og er eit unikt produkt. I tilegg til at me har ei fantastisk flott elv der me kan fiske laks så har me vore utruleg heldige med produktet Laksesafari som me opplever folk frå mange deler av verda har som eit av opplevingsmåla sine når dei reiser til Noreg. Han meiner nøkkelen til nettverksbygging og internasjonalisering * er samarbeid. – Ein må ikkje vera redd for samarbeid. Sjå i utgangspunktet på ein såkalla «konkurent» som ein samarbeidspartner, og ein som vil hjelpe deg vidare, dersom du er villig til å vere open og dele dine suksessar og erfaringar. Så må ein sjølvsagt velje dei som ein veit vil arbeide mot dei same måla. – Å vera aktiv i dei viktigaste reiselivsorganisasjonane er og viktig. Me er heldige som har eit sterkt Suldal Vekst som bidreg og løftar reiselivet lokalt og knyter band innan reiselivet nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å ha Innovasjon Norge på toppen av reiselivsorganisasjonane, har me nå fått ein kjempesterk organisasjon for vestlandet i NCE Tourism som er med og løftar reiselivet ut i verdsmarknaden. Det har vore turistar på garden sidan 1981. I dag er Mo Laksegard ei stødig bedrift med overnatting, matservering, fiskekort og sal av aktiviteter som elverafting og laksesafari. – Laksen gav grunnlag for drifta den første tida. Gode år med mykje laks gav mot til å bygge ut, og i 1991 stod nye bygg klare. Så kom krakket i laksestammen i Suldalslågen, og når laksen minka drastisk utover 90-talet forsvann også fiskarane. Me freista oss mot grupper for kurs og konferanse. Etter kvart utvikla me ulike aktivitetstilbod som «teambuilding». Me har og fått kjenne nedgongen i oljebransjen, men har greidd å kompensera det med auke i den private marknaden. Det er viktig for oss samstundes å halde fast på gode tilbod til Ferie/Fritidsmarknaden, og vere med å utvikle den, fortel Bjørn Moe. * definisjon i ordlista s. 38.

31


Det er viktig å bygge bedrifta stein på stein, men ein bør og tenkje litt stort.

32


:Suldal Billag ETABLERT I 1919 • TRANSPORTBEDRIFT • 35 TILSETTE

Per Arne Fisketjøn ser ikkje kommunegrenser når han tenkjer vekst for Suldal Billag. Dagleg leiar, Per Arne Fisketjøn meiner det er viktig å bygge bedrifta stein på stein, samstundes som ein vågar å tenkje litt stort. – Det viktigaste eg kan gjere som leiar er å få dei tilsette med på laget, slik at dei eig dette like mykje som eg gjer, seier han og meiner dei tilsette er bedrifta sine viktigaste ambassadørar. – Har du ikkje gode folk som kan service kjem du ikkje langt, du kan kome med så fine bussar du berre vil viss du ikkje kan ta deg av passasjerar, slår Per Arne fast. – Me må også hugse på at me har hjul på verksemda, me må ikkje tenkje kommunegrenser når me tenkjer vekst, meiner han og viser til at Suldal Billag allereie i dag har tilsette både i Oslo, Skien og i Egersund som køyrer for dei. Suldal Billag er i dag ein av dei leiande aktørane i regionen, både på turbuss og rutebuss. Dei har i dag bussruter i både Suldal, Hjelmeland og Odda. Turkøyring i eigen regi er også blitt ein stor aktivitet. I tillegg driv selskapet eigen bilverkstad. Likevel er det rutebussen som er ryggmargen i selskapet, og Per Arne er spent på framtida, og om dei små selskapa kan konkurrere mot dei større som stadig kjem meir på banen rundt lokale anbod. – Dersom me kjem i posisjon til å vinne framtidige anbod må me vekse på rutebuss. Veksten på tur må kome etter behov, men slik det er per i dag er me store nok på antall turbussar i forhold til resten av organisasjonen. Han er godt nøgd med Suldal Vekst som samarbeidspartnar. – For meg er Suldal Vekst veldig viktig fordi dei lagar til kurs og temamøter for heile næringslivet i Suldal. Det er også viktig for oss at dei alltid stiller opp når me har nye forretningsidear *, og som turbuss-aktør er me sjølvsagt veldig interessert i korleis reiselivet utviklar seg og har tett kontakt med Suldal Vekst om dette.

* definisjon i ordlista s. 38.

33


Me mĂĽ drive der ressursen er.

34


:Norsk Stein ETABLERT I 1987 • PUKKVERK • 200 TILSETTE

– Det er ikkje vekst i seg sjølv som er viktig, det er vidareutvikling av bedrifta og å vere førebudd på endringar som er viktig, seier produksjonsdirektør, Odd Hotvedt. Bedrifta på Jelsa er i dag det største pukkverket i Europa. I anlegget blir det årleg produsert om lag 10 millionar tonn steinmateriale som blir skipa i båt og i stor grad går til betong og asfalt, og til byggeindustrien elles i Nord–Europa. – Det er potensiale for vekst, men det er utvikling i marknaden * i Europa som er avgjerande for det. Vekst utan forankring i marknadsutviklinga og grundig vurdering av risiko kan vere farleg. Produksjonsdirektøren har tru på å bygge best mogleg kompetanse * i verksemda, og han meiner styret er viktig. – Det betyr sjølvsagt alt. Det er eigaren gjennom sitt styre som skal styre bedrifta. Om 10 år håpar Hotvedt Norsk Stein er ei solid bedrift som er klar for å møte nye endringar. – Me må drive der ressursen er. Det er også viktig å drive i ein kommune som forstår kor viktig det er å legge til rette for industri, det gjer Suldal. Den største ulempa er at det kan vere vanskeleg å rekruttere rett arbeidskraft og kompetanse i distriktet. – I Europa endrar etterspørsel, marknad og økonomi endrar seg heile tida. Å tenkje nye marknadar er ein del av kvardagen vår. Odd Hotvedt er klar på kva oppgåver som blir viktige for Suldal Vekst framover. – Det er å gi råd og støtte til bedrifter og enkeltpersonar som har realistiske planar om å etablere seg eller utvide verksemda si i kommunen. Både dei som tar kontakt sjølv, og dei som Suldal Vekst finn fram til. – Å finne og behalde dyktige og motiverte medarbeidarar er framleis både det største potensialet og den største utfordringa for å skape vekst og utvikling på Norsk Stein. I dag er me også konkurransedyktige i forhold til våre europeiske konkurrentar, på grunn av svak norsk kronekurs. Dette vil derimot ikkje bestå for alltid, og me må difor stadig betre kostnadsstrukturen vår. Ein stor del av omsetnaden vår er knytta til store infrastrukturprosjekt i Europa, noko som særs ofte er avhengig av det generelle økonomiske klimaet og statleg finansiering. Dr. Oliver Patsch, Administrerande direktør i Norsk Stein * definisjon i ordlista s. 38.

35


Kommentar Det er viktig å ha eit selskap som Suldal Vekst for å leggja til rette for både nye etableringar, og for vekst og utvikling i eksisterande næringsliv. Ei anna viktig oppgave Suldal Vekst har er at dei har vertskapsrolla for kommunan, der drift av heilårs turistkontor, marknadsføring og reisemålsutvikling inngår. Det er også viktig å ha ein SIVA næringshage fordi det gir etablerarar og eksisterande næringsliv eit nettverk, med profesjonell hjelp til mellom anna å finna fram i verkemiddelapparatet og til å utvikla idear.

Foto: Lasse Berre

Gerd Helen Bø Ordførar i Suldal (SP)

Næringshagene er spesielt viktige innenfor segmentet små og mellomstore bedrifter. Det gjøres mye godt arbeid i næringshagene, og vi ser at innovasjonsaktiviteten har økt betydelig. Dette skaper arbeidsplasser og bærekraftig næringsliv for framtiden, og grobunn for optimisme for fremtiden. Espen Susegg Administrerande direktør i Siva

Næringshagene tilbyr kompetanse på det som kreves for å etablere og drive egen virksomhet. De regionene som er så heldige å ha en næringshage har et fortrinn for lokal næringsutvikling. Jeg tror denne kombinasjonen av å kunne arbeide selvstendig og samtidig være en del av et sosialt og faglig arbeidsfellesskap tiltaler mange. Solveig Ege Tengesdal Fylkesordførar i Rogaland (KrF)

36


Vil skape arbeidsplassar Sverre Underbakke Driv med eigedomsutvikling på Sand blant anna gjennom firmaet Underbakke AS. Har fleire styreverv, er investor og er dagleg leiar i Fonnafly som har base på Sand. Tilsette: 6

– Kva er motivasjonen din for å arbeide med næringsutvikling i lokalsamfunnet? – Eg ynskjer å skape noko i kommunen, målet er å lage fleire arbeidsplassar og få vekst i samfunnet. Det er ikkje nødvendigvis eiga vinning som driv meg i arbeidet. Eg vil gjerne vere med å legge til rette for at andre skal lukkast. – Kva må til for å få til ei suksesshistorie i næringslivet? – For å få til noko må ein vere dyktig og ha hellet med seg, ein skal aldri undervurdere flaksen si rolle i næringsutviklinga. Eg er god til det eg held på med, men reint fagleg kan eg litt om mykje. Då må ein stole på at fagfolk ein har med seg får lov til å gjere jobben sin skikkeleg. – Kva er din leiarfilosofi? – Som alle andre så vil eg gjerne gjere meg sjølv overflødig, eg har ikkje klart det heilt ennå. Men det er viktig å dyrke fram dei gode eigenskapane hjå dei tilsette, og eg er ikkje oppteken av roller, eg er meir oppteken av å få jobben gjort. – Kva betyr Suldal Vekst for næringsutviklinga i Suldal? – Eg meiner dei bør knyte det lokale næringslivet saman med det formelle nettverket, for å få inn både eksterne midlar til bedriftene, men og kompetanse som er nyttig å bygge vidare på.

37


Ordliste SIVA INNOVASJON NORGE NORGES FORSKNINGSRÅD

Eit statleg selskap med formål å auke innovasjon i næringslivet, bidra til å utvikle distrikta, og profilere norsk næringsliv og Norge som reisemål. Eit regjeringsoppretta råd som skal finansiera og fremja norsk forsking.

SKAPE.NO

Gir rettleiing og opplæring til etablerarar i Rogaland og er eit partnerskap mellom fylkeskommunen og kommunane i fylket.

GRÜNDER

Ein person som starta eit selskap, og som svarer for deler av eller heile risikoen i selskapet.

ETABLERARKURS SPIN-OFF MEIRVERDI INVESTOR FORRETNINGSUTVIKLING MENTOR STYRE

Systematisk og tilpassa opplæring for etablerarar. Avleggjar frå eksisterande bedrifter. Verdiane som ei vare får i kvart ledd frå produsent til forbrukar. Ein person som kjøper eigarandeler i bedrifta di. Sjå og utnytte moglegheiter med hensikt å forbetre eller skapa nye aktivitetar og verksemder. Ein person med erfaring, kunnskap og nettverk som skal motivera og stimulera til utvikling i bedrifta di. Ei gruppe personar som leiar ein organisasjon eller bedrift. Styremedlemmene blir valde av eigarane.

VEKSTPROGRAM

Eit bedriftsutviklingsprogram i næringshagen for bedrifter med fokus på vekst.

NETTVERKSBYGGING

Finne ressursar og potensial i andre menneske og skape vinn-vinn situasjonar.

STRATEGI MÅLBEDRIFTSAVTALE PROSJEKT FORRETNINGSIDE KOMPETANSE MARKNAD INTERNASJONALISERING SKATTEFUNN 38

Selskapet for Industrivekst SF- statleg selskap som legg til rette for utvikling av nytt næringsliv i Norge.

Ein langsiktig plan for å nå eit mål. Ein avtale mellom bedrifta og næringshagen om utviklingsoppgåver bedrifta har behov for på kort og lang sikt. Ei utviklings- og/eller arbeidsoppgåve med ein bestemt start og slutt – tidsavgrensa. Kort beskriving av kva bedrifta di skal gjere og tene pengar på. Kombinasjon av kunnskap og adferd som gjer deg i stand til å uføre ei oppgåve på ein rett måte. Der du finn kundane som vil betale for produkta eller tenestene dine. Tilpassing av produkt og tenester til marknader i andre land og kulturar. Skattefrådrag for kostnader til forsking og utvikling.


Kontakt, lenker og ressursar Telefon: 52 79 06 00

www.altinn.no

E-post: post@suldalvekst.no

www.skape.no

Nettside: suldalvekst.no

www.etablerer.no www.innovasjonnorge.no

NĂŚringsparken pĂĽ Garaneset

www.skattefunn.no

Sandsvegen 134

www.valide.no

4230 Sand

www.siva.no www.suldalkommune.no

39



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.