3 minute read

4 tips til knakende gode sommerbøker!

Boktips fra biblioteket i Hemsedal

Ultraprosessert av Chris van Tulleken

Det er mykje snakk om ultraprosessert mat om dagen. Men kva er det eigentleg? Og korleis kan det påverke helsa vår? Har du lyst til å setje deg inn i temaet er dette boka for deg. Forfattaren av boka er sjølv lege og han går gjennom den siste forskinga om ultraprosessert mat, på ein lettfatteleg og interessant måte. I tillegg til teorien har han også prøvd det i praksis: når han skreiv boka testa han eit kosthald der 80% av maten han åt var ultraprosessert, slik mange i dag eter. Då fekk han sjølv kjenne på kroppen kva konsekvensar det ga.

Arvejord av Maria Turtschaninoff

Ei myr, en skog, en gård, en mann og hans pågangsmot, og etter hvert alle hans etterkommere. Det starter med ei nyrydning en gang på 1600-tallet. Soldaten Matts er den første som slår seg ned ved myra i Østerbotten. Han lever nær naturen, tar hensyn til både det han ser og det han bare aner. Boka følger folket på gården helt fram til vår tid.

–Dette er romanen for deg som liker historiske romaner, gjerne med et langt tidsperspektiv. Her er det gården og naturen rundt som er «hovedpersonen», som er det trygge stedet gjennom århundrer med sult, konflikter, krig, sykdom – og heldigvis også kjærlighet, glede og omsorg. God bok!

The farmer’s wife av Helen Rebanks

Boka «Sauebondens liv» av James Rebanks har vore populær. I «The farmer’s wife» fortel kona Helen si side av historia.

Helen vaks opp på ein gard i The Lake District og drøymde om eit anna liv. Men ho fann kjærleiken med ein bonde i same område og saman driv dei i dag ein gard med sauer og kyr. Vegen dit var lang og i denne boka fortel Helen om både sitt kvardagsliv i dag og korleis ho enda opp der. Livet på ein gard er krevjande og med en stor familie å ta vare på i tillegg er det ikkje vanskeleg å fylle dagane. Det er til tider både tungt og overveldande, synes Helen. Likevel kjenner ho på ein takksemd over at livet blei som det blei.

–Dette er ei ærleg og varm forteljing om eit liv på den engelske landsbygda.

Kråka og den utrolige haiketuren av Frida Nilsson

Kråka er ei kråke, ikkje ulik Kråka i Mamma Mø-bøkene. Han bur i Sverige, men veit han vart fødd på norskegrensa. Og no vil han ta med menneskevenen sin, Ebba, for å leite etter kråkeforeldra sine i Norge. Dei skal haike, er planen, og bestikke sjåførane med kokosbollar og saft. Men dei må ta i bruk både dressin og flåte for å koma til Norge, og ferda går langt frå knirkefritt.

–Denne boka er hyggeleg og humoristisk. Passar godt som høgtlesing for barn 6-10 år.

Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime. Helsing Anne Berit, Camilla, Sønnev og Lissy

Opningstidene våre er tysdag kl. 13-17, onsdag kl. 13-20, torsdag kl. 13-17, fredag og laurdag kl. 11-14

This article is from: