2 minute read

Utnytt gjødsla betre med variabel tildeling

Next Article
Rundballepakkere

Rundballepakkere

Jamnare vekst, mindre legde og er meir berekraftig enn å gjødsle ein fast mengde på heile skiftet

Jamnare vekst

Variasjonane på eit skifte visar seg ofte i avlinga og kan observerast både i løpet av vekstsesongen, under innhaustinga og på avlingskarta i etterkant. I mange tilfelle betyr dette at det tilførast feil mengde innsatsmiddel på fleire område innanfor eit skifte, der gjennomsnittet ikkje er representativt. Anten blir det tilført for mykje eller for lite av til dømes gjødsel. Variabel tildeling er når ein varierer fordelinga av gjødsel innanfor eit skifte, etter korleis variasjonane inne på skiftet ser ut. Dette gjev ein jamnare vekst, mindre legde og er meir berekraftig enn å gjødsle ein fast mengde på heile skiftet.

Fleire variasjonar å ta av

Ved å nytte variabel tildeling kan ein sørgje for at ein større del av skiftet får korrekt gjødselmengde, og difor får ein utnytta både gjødsla og jordas potensiale betre, noko som og er meir økonomisk. For å finne variasjonen på skiftet kan ein blant anna ta posisjonsbestemte jordprøver som visar korleis jorda varierer i pH, jordtype, moldinnhald og innhald av næringsstoff. Ein kan og nytte satellittbilete, dronefoto og data frå andre sensorar, slik som Yara N-sensor for å finne variasjonen i veksten. Når ein skal variere gjødselmengda når ein nyttar ein Geospread er det vanleg å ta utgangspunkt i variasjonen av biomasse på skiftet eller tidlegare registrert avling.

Frå variasjon til tildelingsfil

For å køyre med variabel tildeling må ein først lage ei tildelingsfil. Denne fila lastast inn på terminalen i traktoren og ved hjelp av ISOBUS samarbeider Geospread, terminalen og GPS-en om å variere mengda gjødsel som spreiast, etter mengdene som er oppgitt i tildelingsfila. For å lage ei tildelingsfil nyttast program som CropSAT, Atfarm, CropMAP eller John Deere Operations Center. Kva program som skal nyttast avhenger av kva du skal bruke som grunnlag for tildelinga. CropSAT og Atfarm nyttar satellittbilete og krev ingen innsamling av data som avling eller jordprøver for å kunne nyttast.

Ikkje ver redd for å prøve

Om ein ønskjer å ta i bruk variabel tildeling må ein hugse på at det krevst noko forarbeid. Tildelingsfilane må lagast på pc-en og ein må først bestemme seg for kva som skal styre variasjonen på fila. Ein kan anten velje mengder på trinna sjølv, eller leggje inn ein middelverdi og la programmet bestemme dette for deg, avhengig av program ein vel å bruke. Når ein har laga sjølve fila må ein sørgje for å laste den ned som rett filtype og at den ligg på ein eventuell minnepenn i ein slik mappestruktur at terminalen din vil kunne kjenne igjen fila. Det kan vera lurt å byrje med å teste ut variabel tildeling på nokre få skifter den første gongen, for å hauste erfaringar og bli meir komfortabel med gongen i det før ein byrjar med variabel tildeling på all jorda si. Ein Kverneland Geospread skal ein ha i mange år, så ein kan fint ta seg tida til å lære seg å utnytte maskina gradvis betre, frå gong til gong.

This article is from: