Norsk Folkehjelp Region Vest
Årsmøte 2012
ÅRSMELDING FOR 2011
Årsmøte i Norsk Folkehjelp 2011 vart halden på Scandic Airport Hotel på Kokstad. Det var 18 med røysterett til stades. I tillegg møtte regionssekretær, Åse V. Sælensminde. Gjester på møtet var: Anne Cathrine Seland, organisasjonssjef og Orrvar Dalby, konstituert generalsekretær. . Styresamansetjing i årsmøteperioden.
Regionsrådet i Norsk Folkehjlep Region Vest Leiar: Medlem: Medlem
Liv Mortensen Mellvin Steinsvoll Anne Mette Gottscahl.
Møteaktivitet i årsmøteperioden: Regionsrådet har behandla 24 saker i årsmøteperioden.. Det er holdt eit fysisk møte i rådet. Liv Mortensen og Jon Halvorsen har delteke på møte i Norsk Folkehjelp Askøy. Delegatsamling Delegatsamlinga i august samla 13 av 20 valte delegatar til landsmøte. Regionsrådet kalla inn til ei førebuande samling for delegatar frå region vest. Alle kostnader vart dekka av regionsrådet. Ei vellukka og viktig samling der ein fekk gjennomgått saker og fordelt oppgåver. Landsmøte 20 delegatar frå region vest møtte til Landsmøte på Lillestrøm. Våre delegatar var særs aktive i debattane. Stein Kristiansen og Rolf Simonsen gjorde ein god jobb frå dirigentbordet. Vi vil spesielt rosa ungdommen for engasjement og flotte innlegg frå talarstolen. Det vart vedteke viktige strukturelle endringar. Sentralt internasjonalt og Sentralt Samfunnsutval vart lagt ned. Ungdom vert todelt med ei gruppe for solidaritetsungdom og ei gruppe for sanitetsungdom. Våre å tillitsvalde er godt nøgd med dei vedtaka som vart gjort på dette landsmøte. Sjølve arrangementet var også særs vellukka. Ei stor takk til administrasjonen for flott jobb.
Anne Mette er ute å rekrutterer nye medlemmer- Jorge Dahl på talarstolen
Else Berit Støle
1
Mellvin Steinsvoll
Rolf Simonsen
Ingrid Rostad
Våre representantar i sentrale styre/utval etter Landsmøte 2011: Styret for Norsk Folkehjelp: Jorge Dahl styremedlem Fuad Yusuf Hulaiyel vara Solfrid Viset vara Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
Norsk Folkehjelp Sanitet
Ingrid Rostad
Børge Johnsen
medlem
leder
Liv Tørres vitja Hordaland 7-8 november kom Liv Tørres, vår nye generalsekretær saman med Anne Cathrine Seland, organisasjonssjef, på besøk til Hordaland. Mandag var det møte med laga i Bergensregionen og tirsdag var det frokostmøte i Folkets Hus. Liv heldt ei engasjert innleiing for laga og til deltakarane på frukostmøte. På frukostmøte vart det underteikna to avtalar om rasismefri sone.
Her er representantar frå AUF, Linn Kristin Engø og Fagforbundet v/ Ørjan Myrmæl, klar til å skrive under på avtale om Rasismefri Sone.
Rasismefri Sone. I oktober begynte Rasmus Laupsa Rasmussen arbeidet med Rasismefri Sone. Rasmus har jobba bra og har fått fleire avtalar i “boks”. Engasjementet varar fram til sumaren 2012. Han deler kontor med regionssekretæren. Samarbeidet på regionskontoret er godt
2
Dialogkonferanse på Sørmarka Desember 2011 var den årlege dialogkonferansen arrangert av styret i Norsk Folkehjelp. Dette er ein viktig møteplass mellom styret og lokale tillitsvalte. Leiarane i lag og regionar er målgruppe for konferansen. Frå region vest møtte 8 tillitsvalte.
Også i år var det innsamling til 1. mai aksjonen til Norsk Folkehjelp. Mange av medlemmene våre engasjerte seg for å få mest mulig i bøssene denne dagen. Vi takkar alle lag/medlemmer og ikkje minst LO medlemmer for innsats og gjevarglede. I år går pengane til flyktningar i Palestina og Libanon. I region vest vart det samla kr. 62 982,-
Nystarta lag i region vest: Folkehjelp Sunnfjord
Norsk Regionssekretæren vart kontakta av LO i Førde og Omland våren 2011. Dei ynskte å starta arbeidet med å oppretta eit lag i Sogn og Fjordane. Det var eit førebuande møte på Jølster mottak der regionssekretær deltok. Oppstartsmøte var 8. juni der regionssekretær og leder for flyktningeseksjonen, Trygve Augestad deltok. Det var bra frammøtte på møtet. Det vart valt eit styre for laget som fekk namnet: Norsk Folkehjelp Sunnfjord. Laget har hatt fleire aktivitetar i Førde og har arrangert MOD kurs på Jølster Mottak. Regionssrådet ser fram til godt samarbeid vidare og ynskjer det nystarta laget lukka til med godt folkehjelpsarbeid..
219 millionar til TV – AKSJONEN Det var travle dagar i haust både for tillitsvalte, medlemmer og administrasjonen. Det var kjekt å vera med på ein slik stor aksjon. Aksjonen vart ein unik mulighet for synleggjering av laga våre. TV-Aksjonen 23 oktober gav eit flott resultat og vi vil takke alle som på ein eller annan måte var involvert.
3
I eit forrykande uvær var medlemmer på stand for å informere om Norsk Folkehjelp sitt minearbeid og om TV – Aksjonen. Her var det vaffelsteiking, minedemonstrasjon og førstehjelpsundervisning ved Musikkpaviljongen Bergen. Medlemmer frå NF Bergen, NF Sanitet Haukeland og utsendte frå hovudkontoret gjorde sitt beste, i storm og regn, for å informere publikum om TV- aksjonen og Norsk Folkehjelp..
Struktur I region vest er vi særs nøgd med ordninga som vi har hatt dei siste to åra. Eit råd på tre personar som har ansvar for politikk, økonomi, årsmøte og ei samling for regionale tillitsvalde. Regionssekretæren ordnar det praktiske i god dialog med regionsleiar. Regionsrådet vil rå til at det vert sendt ny søknad om dispensasjon frå vedtektene slik at ein kan fortsette med denne arbeidsforma.
Økonomi: Regionsrådet har ein tilfredsstillande økonomi. I mange år har det vore gitt eit aktivitetstilskot på kr. 50 000,- frå sentralt til regionane. Dette tilskotet har vore eit godt bidrag til at regionen kan subsidiere laga på regionale samlingar. 2011 vart ikkje tilskotet delt ut, noko som førte til at regionen gjekk med underskot i 2011. Skal regionen oppretthalde aktivitetsnivået må slike tilskot fortsette. I vår region er det store kostnader når ein skal møtast, dei aller fleste laga våre har dårleg økonomi. Vi fryktar at laga våre ikkje prioriterer regionale samlingar og konferansar om dei må dekke opphald frå lags kassen.
Medlemsutvikling: Det har vore ei god medlemsutvikling i regionen. Regionsrådet delte ut vervepremie til det laget som rekrutterte flest frå nyttår og fram til 1. juni. Norsk Folkehjelp Nesset vann klart med 21 % auke. I tillegg til NF Nesset var det fleire lag som gjorde ein god innsats. Kr. 2500,- gjekk til Norsk Folkehjelp Ålesund med 18 % auke og Norsk Folkehjelp Askøy med 14% auke. Rekrutteringa heldt fram utover sumar og haust. Målsettinga for 2011 var
15 % auke i alle lag. Dette målet har region vest klart. Det har vore gjort ein framifrå jobb blant tillitsvalte og medlemmer, -kjempeflott resultat med 20% auke i medlemsmassen. 4
Lag NF Askøy NF Bergen NF Nesset NF Nordmøre NF Sanitet Haukeland NF Sunnhordland NF Ålesund og Omegn NF Sunnfjord NF Os NF Region Vest
Nye 82 81 41 10 106 16 36 12 4 16
Medlemstall 201 346 179 67 427 69 84 37 39 106
Auke 41 % 23 % 23 % 15 % 25 % 23 % 43 % 32 % 5% 15 %
23% auke= 400 nye medlemmer i region vest
Kollektive medlemmer:
Norsk Folkehjelp Region Vest har 8 kollektivt tilslutta foreiningar: 1. Norsk Arbeidsmannforbund Region Vest 2. Norsk Sjømannsforbund Region Vest 3. Bergen og Omland Handel og Kontor 4. Fagforbundet Fjell 5. Fagforbundet Vestnes 6. Fagforbundet Stranda 7. Fagforbundet Sunndal 8. Fagforbundet Volda
Representasjon: (fram til årsmøte 2012) TV-aksjonen i Hordaland/Sogn og Fjordane TV-aksjonen i Møre og Romsdal Fylkeskonferansen i LO i Møre og Romsdal Fylkeskonferanse i LO i Sogn og Fjordane Fylkeskonferanse i LO i Hordaland Møta under er årsmøta i 2012 Årsmøte i NF-Askøy Årsmøte i NF Bergen Årsmøte i NF- Ålesund Årsmøte i NF- Sanitet Haukeland Årsmøte i NF- Sunnhordland Årsmøte i NF-Nesset Årsmøte i NF- Nordmøre Årsmøte i NF Sunnfjord
Åse Vaksinen Sælensminde Mellvin Steinsvoll Åse Vaksinen Sælensminde Åse Vaksinen Sælensminde Åse Vaksinen Sælensminde
Åse Vaksinen Sælensminde Åse Vaksinen Sælensminde Liv Mortensen og Åse Vaksinen Sælensminde Jorge Dahl Liv Mortensen og Åse V. Sælensminde Liv Mortensen og Åse V. Sælensminde Jorge Dahl og Åse Vaksinen Sælensminde 5
Sentrale styre og utval: Styret i Norsk Folkehjelp:
Anne Kari Knutsen, - etter Landsmøte 2011 Jorge Dahl
Solidaritetsungdomsstyre:
Solveig Igesund var leiar i sentralt ungdomsutval fram til Landsmøte. Ingrid Rostad er medlem, og vart attvald på Landsmøte i det nye styret.
Sentralt Sanitetstutvalg
Inge Tangedal fram til landsmøte. Etter Landsmøte vart Børge Johnsen ny leiar i sanitetsutvalet. Yngve Træland – utvalet vart lagt ned på landsmøte Johnny Delet, Ingebjørg Tangedal og Mellvin Steinsvoll- utvalet vart lagt ned på landsmøte
Internasjonalt utval: Samfunnsutval:
Vedtektskomiteen i Norsk Folkehjelp
Mellvin Steinsvoll
Sluttord Regionsrådet synest ordninga med regionsråd har fungert godt. Vi er godt nøgd med arbeidet som laga og medlemmene våre utfører lokalt. 2011 har vært eit år med høg aktivitet både lokalt og sentralt. Det har vore og er ein del utfordringar knytt til lokale lag. Desse utfordringane må vi ta tak i, også i 2012. Vi vil også rosa vår nye styrerepresentant i styret for Norsk Folkehjelp for å involvera lag og regionsstyre i saker som skal opp i styret. Vi takkar alle tillitsvalte og medlemmer for godt samarbeid i året som har gått. Samarbeidet og arbeidsform i regionsrådet har fungert godt. . Forholdet til regionskontoret er godt. Regionssekretæren gjer ein særs god jobb for å få arbeidet i regionen til å fungere.
Bergen 23.mars 2012
_____________________ Anne Mette Gottschal.
__________________________ Liv Mortensen, leiar
_____________________ Mellvin Steinsvoll
6