NORSK FOLKEHJELP STRAND OG FORSAND STYREMØTE I NORSK FOLKEHJELP STRAND OG FORSAND 13.01.10 KL. 19.00 PÅ FOLKEHJELPSHUSET, JØRPELAND Til stades: Jørn Geir Tvedt, Ole Skår, Thor Egil Siem, Kristine Notvik, Espen Brekke, Tove Mihle Strand, Rune Søyland, Kirsten Oaland, Frode Sandvik, Bergliot Lekven. Forfall: June Therese Notvik, Kjell Kristian Berge, Stine Nilsen Berge. Sak 1/10. Rapportar Laget: felles juleavslutning med graut, ca 40 stk Skeisekveld i Botsheia. Sanitet: Sporkjøring i lysløypa i Dalen, Liarvatnet, Selemork, Leitet, golfbanen, Bjørheimsbygd, Tau skule, Mølleparken, Meltveitgarden, Holta og Vinddalen. Har i tillegg målt ein del isar. Julebord Vertar på nyttårskonsert. Vareteljing på G-sport Sanitetssamlingar Vaktlagsmøte Vaktene i Lyngsheia er i gong. Resultat frå kurset i Søk og Redning før jul: 14 tok prøven, 9 bestod Ungdom: hadde to møte før jul Nyttårsfeiring i Lyngsheia onsdag til søndag, 4 stk var med Mini: var mange med på grautkvelden før jul. Har hatt eit møte etter jul. Huset: har hatt to lekkasjar i kjellaren, er lekkasje på kranar, nye er bestilt. Er bestilt ny varmtvannsberedar. Jørn Geir tek seg av listing på kjøkkenet. Sak 2/10 Årsmøtet • Manglar noko til årsrapporten. Espen og Rune gjer ferdig forslag som blir lagt ut på nettet innan 3. februar • Annonsering i Strandbuen. Rune tek seg av det. Prøver å få inn den første no på fredag. • Rekneskapen: Tove, Rune og Espen set seg godt inn i tala. Dei har hatt eit møte med Ole Næss og John Erevik i TF Regnskap for å få betre orden på diverse postar. • Handlingsplanen. Rune og Espen gjer ferdig den. Treng innspel frå gruppene. • Årsberetningen. Rune skriv den. • Eventuelle saker må vera styret i hende innan 3. februar. • Saklista til årsmøtet må og på nett innan 3. februar. Andre saker til årsmøtet: • Arbeida vidare med tilsetting? Står ikkje noko tidsbegrensing i vedtaket, men styret vel å fremja saka på ny igjen, med eitt års verknad. • Endra styret sin samansetnad? Er styret blitt for stort? Er nå 12 faste medlemmer og 2 varamedlemmer. Styret foreslår at nytt styre skal vera samansett slik: leiar, nestleiar, økonomileiar, sekretær og 2 styremedlemmer. I tillegg 1 styremedlem for sanitet, 1 for Bolten og 1 for ungdom. • ”Norsk Folkehjelp ved et veiskille”. Rune, Ole, Espen og Kristine arbeider vidare med dette og har eit forslag til årsmøtet. Sak 3/10 Innkomne skriv • Jarle Helgøy : Oversikt over vaktlag i Lyngsheia Mellarveien 3 Telefon 51 74 87 50 Lyngsheia vakthytte 971 81 456 4100 Jørpeland Telefaks 51 74 78 53 24 timer vakttelefon 971 72 739 E-post: strand@folkehjelp.no Hjemmeside: www.folkehjelp.no/strand
Bankkonto 3205.30.10023 Org.nr. 881 481 782
• • •
Strand kommune: svar på søknad om tilskot til kulturarbeid (haustkurs i Farsund), fekk kr. 1600,NF sentralt: Forvarsel om at det blir krav om politiattest for alle medlemmer over 15 år som har eit ansvar for barn og unge i NF. Gjeld frå 01.04.2010. Det må lagast ei liste med aktuelle namn frå vårt lag. Styret ordnar dette etter årsmøtet. Regionen: Protokoll frå AU-møte
Sak 4/10 Aktivitetskalenderen Onsdag 20. januar: Strand kommune arrangerer aktivitetskveld i Dalen. For ungd over 13 år. Kommunen stiller med buss og mat/drikke. NF og speidarane ordnar med aktivitetar. Ronny Bø stiller med musikkanlegg. Startar kl. 18.00 der oppe. Me får ikkje pengar for dette, rein dugnad (positiv reklame!). Tysdag 19.januar: me ordnar med banar, løyper m.m. Tek det som ei sanitetssamling, møter i Dalen kl 18.00. Sak 5/10 Eventuelt - Gule sider. Er ordna opp i telefonnummer m.m. Kostar kr. 2493,- Betaling av mat for vaktlaga i Lyngsheia. Til nå har dei som er på vakt spleisa på maten. Diskusjon om laget skal betala maten for vaktlaga. Bør i tilfelle leggjast føringar for kva som kan handlast inn/ kor mykje som kan brukast. Argument imot: Me vil heller bruka desse pengane til noko anna, t.d. turar. Vaktlaga føler seg friare til å handla det dei ønskjer viss dei betaler sjølv. Konklusjon: Me held fram som før. - Bossordning: Tidelgare avtale med Rymi er sagt opp. Me har no ein stor dunk der me betaler etter vekt. Kan kasta oppi det me vil. Blir tømd annankvar mandag. - Takstar for utleige av ”Huset” bør aukast. Nå: Nede: 1500,- både dag og kveld, Salen oppe 750,Ny pris salen nede, til selskap: 2000,-. Ellers som før. - Post: Økonomiansvarleg får nokre purringar uten at ho har sett den første rekningen. Kvar forsvinn posten? Dei som tek inn posten må ikkje leggja han på bordet, men sortera han inn i posthyllene! Evt. tomme konvoluttar må kastast, ikkje bli liggjande på bordet. Må bli kvitt Rogalands Avis, den tek mykje plass i postkassen når posten ikkje blir teken inn kvar dag. Jørn Geir tek kontakt med RA. - korte fristar på invitasjonar, dugnadar m.m. Oppfordrar folk til å gå inn på heimesida ofte, sjekka aktivitetskalenderen. Men ein del ting er det korte fristar på og vil vera det. - Oppfordring til alle: svar så tidleg du kan på meldingar med spørsmål om dugnad o.l. Det er frustrerande for den som skal organisera noko når folk ikkje svarer før siste kvelden eller kanskje same dagen som noko skal skje. - Espen er invitert til Oslo 23. januar, der han skal vera med på ei vurdering av saniteten i Norsk Folkehjelp.
Bergliot Lekven
Mellarveien 3 Telefon 51 74 87 50 Lyngsheia vakthytte 971 81 456 4100 Jørpeland Telefaks 51 74 78 53 24 timer vakttelefon 971 72 739 E-post: strand@folkehjelp.no Hjemmeside: www.folkehjelp.no/strand
Bankkonto 3205.30.10023 Org.nr. 881 481 782