Teater-Kino-Galleri-Bibliotek-Symjehall-Idrettshall
April 2010
www.førdehuset.no
DRAGETRENEREN Am. animasjon. 1t. 38 min 7 år Regi: Peter Hastings Norsk tale med m.a. Alexander Rybak, Helge Jordal, Kjersti Sandal Frå studioet som laga "Shrek", "Madagaskar" og "Kung Fu Panda" kjem no filmen ”Dragetreneren” Her vert vi tekne med til den mytiske vikingtida, fylt av ville dragar og spanande eventyr.
Folkofonen STEVnemøte 21. og 22. april
Hvem er redd BFO: Vårkonsert for Virginia Woolf? Solist: Eldbjørg Hemsing 28. april
6. mai
FolkJazzScena: Folkofoni og STEVnemøte I april byr Førdefestivalen på ein konsertserie med Ole Hamre, denne mannen som er meir kreativ gal enn dei fleste når det gjeld musikk, rytme og ikkje minst instrument. I vår presenterer FolkJazzScena to av kreasjonanen hans: FOLKOFONI og STEVnemøte. FOLKOFONEN er eit lyd og bilete-orgel av menneskestemmer. Alle typar folk, frå Jens Stoltenberg til Megafonseljaren på hjørnet, ser inn i videokameraet og syng ein lang tone. Dei ulike tonane med tilhøyrande person vert aktivert på storskjerm av Ole Hamre, i samspel med nokre av Norges finaste musikarar. Lyden av menneske i sorg, glede, arbeid og leik vert her forvandla til musikk. Ole Hamre viser stadig at han har eit godt lag med born og unge. Han tek born på alvor, og med STEVnemøte har han laga ein barnekonsert der folketonar vert presenterte på ein ny, spennande og underhaldande måte - i samspel med born på scena. Medverkande: Ole Hamre - perkusjon med meir, Per Jørgensen - trompet og vokal, Harald Dahlstrøm - tangent, Kato Ådland - gitar og vokal, Ole Ludvig Kruger - trommer og perkusjon. Framsyninga vart ein stor suksess då den første gong vart framført på Bajazz hos Bergen Jazzforum i 2009. Sjå også www.fordefestival.no og www.førdehuset.no
Førdehuset, festsalen Folkofoni onsdag 21. april kl 20.00 STEVnemøte torsdag 22. april kl 19.00 STEVnemøte i samspel med kor frå Førde kulturskule Bergen Filharmoniske Orkester I år kan vi glede oss til vårkonsert i Førdehuset med Bergen Filharmoniske Orkester! Eldbjørg Hemsing er solist i Max Bruchs eviggrøne fiolinkonsert. Ho er kjent frå TV som prisvinnar i Virtuos og den europeiske finalen i «Unge Musikere». Konserten vert innleia med ein av dei symfoniske dansane til Grieg, og her kan vi lett kan høyre preget av norsk folkemusikk. Dirigent Ole Kristian Ruud og orkesteret avsluttar med ein av Jean Sibelius sine mest populære symfoniar som gjorde komponisten til finsk nasjonalhelt etter urframføringa.
Førdehuset, torsdag 6. mai kl 19.00 2
Hvem er redd for Virginia Woolf? Den Oscarnominerte regissøren Petter Næss står i spissen for eit kunstnarisk stjernelag når Riksteatret set opp eit av etterkrigstidas mest kjente teaterstykke. Anette Hoff, Ingar Helge Gimle, Nils Jørgen Kaalstad og Marian Saastad Ottesen er alle kjent frå TV, film og teater. No får dei bryne seg på kvarandre i denne styrkeprøva av ei forestilling - med spesialskriven musikk av Nils Petter Molvær. Med svik og sex, jævelskap og humor, krig og fest har Hvem er redd for Virginia Woolf? vorte verdas mest kjende nachspiel. Fasaden revnar, livsløgna sprekk, og linja mellom hat og kjærleik er syltynn når ekteparet George og Martha inviterer det yngre paret Nick og Honey heim på fuktig etterfest. Hvem er redd for Virginia Woolf? var ein av regissør Petter Næss si fyrste teateroppleving, og ein utløysande faktor i valet hans av karriere. - Stykket er ei perfekt foreining av full krig og full fest. Det er fascinerande kor grusomme menneske som elskar, kan vere mot kvarandre. Denne attkjenninga i stykket gjorde meg nysgjerrig på mennesket, og var ei inspirasjonskjelde tidleg i livet til at eg ville jobbe med teater, seier Næss. Hvem er redd for Virginia Woolf? vann både Pulitzerprisen og Tony Award. Filmversjonen med Elizabeth Taylor og Richard Burton i hovudrollene vann Ca 2 t. 15 min. inkludert pause. heile fem Oscar i 1966. Sjå biletserie og ein filmsnutt på YouTube, eller les gjennom programmet på nettsidene våre, lenkjer finn du på www.førdehuset.no
Førdehuset, onsdag 28.april kl 19.30 Rabattar ved kjøp i billettluka (Førdehuset/Servicetorget): ♦ Gruppe >=5 ♦ Honnør, student ♦ Firdakort ♦ Teatrets vener ♦ Utdanningsforbundet ♦ Bygdekvinnelaget ♦ Bokklubb medlemar ♦ Tilsette ved sjukehuset ♦ Tilsette ved høgskulen 3
Dragetreneren
-
Noregspremiere
Am. animasjon.2D 1t. 38 min. 7 år. Regi: Peter Hastings Norsk tale: Alexander Rybak, Helge Jordal, Kjersti Sandal, Ida Elise Broch, Knut Joner m.fl.Bli med til den mytiske vikingtida, fylt av ville dragar og spanande eventyr. Vi møter den unge viking-guten Hikken, som ikkje heilt passar inn med dei andre vikingane. I landsbyen har dei ein lang tradisjon med heroiske dragedreparar, som det blir forventa at Hikken skal tre inn i. Men når han møter sin første drage blir livet hans snudd på hovudet. Filmen er basert på boka til Cressida Crowell
Valentine`s Day Am. komedie. 2t. 05 min. (A) U/V. Med Bradley Cooper, Anne Hathaway, Jessica Biel, m.fl. Det er den dagen i året då kjærleiken skal blomstre meir enn vanleg. For travle par og single i Los Angeles gir dagen prestasjonsangst. Kva om den ekte kjærleiken ikkje er så ekte? Og finst det noko slikt som den perfekte partnaren? Gjennom små historier møter vi menneske med små og store forventningar til Valentine`s Day.
Alice in Wonderland Am. eventyr/familiefilm/fantasy. 1t. 48 min. 11 år. Regi: Tim Burton Med: Johnny Depp, Anne Hathaway, Helena Bonham Carter, Stephen Fry, Alan Rickman. ”Tim Burtons skrudde eventyrunivers glimter magisk av både skrekk og skjønnhet” V.G.(5) 19-årige Alice (Mia Wasikowska) kjem attende til den merkelege verda ho møtte første gong då ho var barn. Alice legg ut på ei fantastisk reise for å finne sin sanne skjebne og sette ein stoppar for The Red Queen sitt terrorvelde
En helt vanlig dag på jobben No. komedie/drama. 1t. 25 min. (A) U/V. Spelefilmen "En helt vanlig dag på jobben" byggjer på tidlegare Se & Hør-journalist Håvard Melnæs si bok med same namn. Dette er den spanande og sanne historia om ein ung journalist i det største sladrebladet her til lands, som bytta ut høge ideal med feit løn og tvilsame arbeidsmetodar. Heilt sidan H. Melnæs var liten drøymde han om å bli journalist. Han ville fortelje historier som kunne forandre verda, avsløre maktmenneske og forsvare den lille mann. Det gikk ikkje heilt som han hadde ønska, men ein slags journalist vart han. 4
- Storsalen To. 01. kl. 16.00 Må.05. kl. 16.30 Ty. 06. kl. 18.00 On. 07.kl. 19.00 To. 08.kl. 18.00 Su. 11. kl. 16.30 Ty. 13. kl. 18.00 On. 14. kl. 18.30
- Lisjesalen To. 01. kl. 20.00 Må. 05. kl. 20.15 Ty. 06. kl. 18.30 On. 07. kl. 18.30
- Lisjesalen Ty. 06. kl. 21.00 To. 08. kl. 18.30
- Storsalen -/ -Lisjesalen To. 01. kl. 18.15 Må. 05. kl. 18.45 On. 07. kl. 21.00 To. 08. kl. 20.45 Su. 11. kl. 18.00
En ganske snill mann
- Lisjesalen No. komedie. 1t. 52 min. (11) U/V. Regi: Hans Petter Moland. Med: Stellan Skarsgård, Bjørn Floberg, Fr. 09. kl. 22.00 Gard B. Eidsvold, Bjørn Sundquist, Jannike Kruse... Su. 11. kl. 20.00 Ulrik er ein ganske snill mann. Han har drepe nokre Ty. 13. kl. 20.45 menneske, lemlesta litt. Når ein arbeider som krimiOn. 14. kl. 19.00 nell er det ein del av jobben. Etter at han er ute frå To. 15. kl. 20.45 sitt siste fengselsopphald oppsøker han son sin. Ein bra mann, med utdanning, sambuar og framtid. Sam- Fr. 16. kl. 20.30 Su. 18. kl. 19.15 buaren har lite til overs for den drapsdømde svigerTy. 20. kl. 18.30 faren. Familien hennar driv ikkje med slikt. Dei driv med planteskule, og så har dei nokre prinsipp. Ulrik er ein ganske snill mann - men kor snill kan han bli?
Green Zone
- Storsalen Am. action/thriller/krigsfilm 1t. 55 min. 15 år. Regi: Paul Greengrass. Med: Matt Damon, Jason Isaacs, Fr. 09. kl. 22.30 Brendan Gleeson, Greg Kinnear. I denne filmen Su. 11. kl. 20.45 møter vi ein soldat som går uvanleg langt for å Ty. 13. kl. 20.15 avsløre ein konspirasjon som har greiner langt inn i On. 14. kl. 20.45 eit land på veg inn i ein krig. Året er 2003 og den amerikanske offiseren Roy Miller og inspektørteamet To. 15. kl. 20.00 leitar etter våpen som skal vere ein stad i den Irakiske ørkenen. Dei dreg frå det eine bakhaldsåtaka til det neste i leitinga etter kjemiske våpen
Til Huttetuenes land – norsk versjon Am. eventyr/drama/familiefilm. 1t. 42 min. 7 år. Max er ein vilter og kjenslevar gut. Etter eit raseriutbrot der Max blir sendt på rommet sitt utan middag, bestemmer han seg for å flykte. Han hamnar hjå "Dei Ville"; nokre store, rare skapningar i eit aude landskap. Først tenkjer dei på å ha Max til middag, men med fabulerande evner klarer han å overbevise huttetuene om at han er den nye kongen deira, og at han skal gjere dei lukkelege. Men som hjå familien til Max, er huttetuene sine liv òg prega av gleder og sorger. Max innser at alle har sitt å stri med..
Crazy Heart Am. drama. 1t. 52 min. (TA) U/V- OSCAR for beste mannlege hovudrolle - Jeff Bridges for beste originale song "The Weary Kind" - Ryan Bingham og TBone Burnett I Crazy Heart spelar Jeff Bridges hovudrolla som den semitragiske, romantiske antihelten Bad Blake. Bad er ein nedkjørt countryartist som har hatt alt for mange ekteskap, alt for mange år på turnè og alt for mange drinkar alt for mange gonger. Likevel kan han ikkje motstå freistinga å få hjelp frå Jean (Maggie Gyllenhaal), en musikkjournalist som oppdagar mannen bak artisten.
- Storsalen -/ - Lisjesalen Su. 11. kl. 18.30 Ty. 13. kl. 18.30 To. 15. kl. 18.30 Su. 18. kl. 17.00
- Storsalen -/ - Lisjesalen Fr. 16. kl. 21.00 Su. 18. kl. 18.30 Ty. 20. kl. 21.00 Seniorfilm On. 21.00 11.00 On. 21. kl.... 5
Asfaltenglene
- Storsalen -
No. spenning. 1t. 22 min. 7 år Born/Ungd. Det er ferie og 12-åringane Maja, Rikke og Ohna driv dank Su. 18. kl. 16.30 Ty. 20. kl. 18.00 på Ohnas familierestaurant Saigon House. Dei har To. 22. kl. 18.30 store ambisjonar om å ikkje løfte ein finger denne sommaren, men så dukkar politiet opp og finn narkotika gøymt i restauranten sitt kjølelager. Saigon House vert stengd og storebroren til Ohna vert arrestert. Jentene veit at han er uskuldig men han kan ikkje sleppast ut av fengsel før narkotikaligaen er avslørt - Asfaltenglene tek saka.
Yohan barnevandreren No. drama/fam.film. 2t. 06 min. 7 år. Regi: Grete Salomonsen. Med m.a. Robin Daniel, Mathilde Berg, Dennis Storhøi, Aylar Lie, Alexander Rybak, Alejandro Fuentes. 10 år gamle Yohan vert tvungen ut på vandring til dei rikare gardane for å bli gjetar og passe buskapen mot ulv og bjørn og truande menneske. Filmen er tru mot historiske fakta om barnevandringane på Sørlandet på slutten av 1800-tallet. Mot alle odds lukkast Yohan i å overleve, sjølv om utgangspunktet er fattigdom og mange utfordringar.
Kurt Josef Wagle og legenden om Fjordheksa No. komedie. 1t. 22 min. 11 år Regi: Tommy Wirkola Med Stig Frode Henriksen, Kristoffer Joner, Cecilie Mosli, Bjørn Sundquist. Er fjordheksa berre bygdeovertru eller kan det stemme at Satans brur bur eit stykke inn i skogen ved Grytefjord? Har Tordenskjold funne seg sjølv eller nokon heilt andre? Desse og fleire andre spørsmål får svar av videoopptaka til Kurt Josef Wagle sin leiteaksjon. Tordenskjold Wagle har gått seg vill i skogen, og den urolege faren Kurt Josef fryktar at han har forvilla seg inn på territoriet til det den overtruiske bygda kallar for fjordheksa.
Precious Am. drama. 1t. 51 min. 15 år. Precious har ikkje fått nokon tjuvstart i livet. Trass sine seksten år er ho gravid for andre gang. Ho bur i ghettoen saman med mor si, ein hatefull trygdemisbrukar. Det einaste lyspunktet i livet hennar er skulen, men nå ser det ut til at ho må slutte på grunn av graviditeten ... Likevel er Precious ein film med eit sterkt håp. Nokre menneske let seg rett og slett ikkje knekke! Regi: Lee Daniels Skuespillere: Gabourey Sidibe, Mo"Nique, Paula Patton, Mariah Carey 6
- Storsalen -/ - Lisjesalen Frå 21.04
- Storsalen Frå 23.04
- Lisjealen Frå 23.04
Førde bibliotek i april:
Symjehallen
Lån bøker raskt og enkelt!
Born under 10 år i følgje med vaksne. Sesongkort? Ta med bilete. Sal av klippekort
I april får Førde bibliotek utlånsautomat. Har du dårleg tid og ikkje treng hjelp frå bibliotekpersonalet, kan du enkelt ordne utlånet sjølv! Du scannar lånekortet ditt og det du ynskjer å låne; bøker, lydbøker, tidsskrift m.m. Til slutt kan du få ut ei kvittering med det du har lånt.
Tysd.— fredag
familie 18.00 - 20.00 vaksne 20.00 - 21.00
Laurdag
vaksne 10.00 - 11.30 familie 12.00 - 15.00
Søndag
familie 15.00 - 19.00
Vassklie 38 m, stupebasseng, 25 m basseng med 28 0C, barnebasseng, leiker til vassleik. Vi sel badeartiklar som antiklor-shampo, symjebriller, armvinger og badebleier.
Ulånsautomaten vert ståande i nærleiken av skranken. Vi håpar dette vert eit positivt tiltak som alle våre lånarar vil setje pris på. Vi er sjølvsagt tilstades som før og hjelper dei som treng det!
Lesestund Måndag 19. april kl. 10.30 (NB! Ny dato) Lesestund for dei minste. Temaet denne gongen vert ”Vennskap”. Bibliotekar Anne Sagen les og fortel. Passar best frå 3-6 år.
Billettbestilling, telefon 57 72 19 00 i opningstida til Servicetorget og Resepsjonen i Førdehuset. Henting av tinga billettar og sal av billettar: Servicetorget (Førde kommune), Sentrum Sør 08.00 - 15.30 Måndag - fredag Førdehuset, resepsjonen når det er kino / bading / konsert eller teater Måndag 12.00 - 16.00 Tysdag-fredag 12.00 - 21.00 Laurdag 12.00 - 15.00 Søndag 15.00 - 21.00 Førde Bibliotek 11.00 - 16.00 Måndag og fredag Tysdag, onsdag, torsdag 11.00 - 20.00 Laurdag 11.00 - 15.00 Kunstsenteret Tysdag, onsdag, fredag Torsdag Laurdag Søndag
Med atterhald om eventuelle feil og endringar i programmet
tlf. 57 72 19 36 11.00 - 16.00 11.00 - 18.00 12.00 - 15.00 15.00 - 18.00
7
Marit Helen Akslen - ”Nettverk av skjortesnippar” Marit Helen Akslen er frå Ålesund, men er no busett i Sykkylven. Ho vart utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen i år 2000 og har i dei seinare åra vekt vesentleg merksemd, både nasjonalt og internasjonalt med sine originale tekstilarbeid.
Kunstnaren nyttar klede eller delar av klede som ho set saman, ofte til monumentale, store vegginstallsjonar. Den kvite herreskjorta står sentralt i mange av arbeida, der ho kan nytte snippar, lommar eller mansjettar. Gjennom val av klede og korleis ho nyttar dei ønskjer kunstnaren å fokusere på tema som kjønn, sosiale skilje, makt og maktmisbruk.
Kunstsenteret, 25. mars - 30. mai
Det skjer i Førdehuset
Billettar 57 72 19 00
25.3 - 30.5 Marit Akslen - Nettverk av skjortesnippar - tekstilutstilling Kunstsenteret 10.-11.4
Volleyballturnering - Førde Volleyballklubb
Idrettshallen
14.4
Senioruniversitetet - Oljeressursane utanfor kysten av Sogn og Fjordane - danning og utvinning
Lisjesalen
15.4
Volleyballmeisterskap for ungdomdomsskular
Idrettshallen
17.4
Matias Orheim - Ekstra framsyning (førehandssal FH)
Førde kyrkje
Frå 17.4
Vestlandsutstillinga
Festsal/Utstillingssal
19.4
Lesestund på biblioteket, for dei mellom 3-6 år
Førde bibliotek
21.4
Seniorfilm: „Crazy Heart“
Lisjesalen
21.4
FolkJazzScena: FOLKOFONI
22.4
FolkJazzScena: STEVnemøte
28.4
Hvem er redd for Virginia Woolf?
30.4
„Iron Man 2“ - Noregspremiere
6. mai
Bergen Filharmoniske Orkseter, solist:Eldbjørg Hemsing Kinosalen
7. mai
Riksteatret: AliBaba og de førti røverne
Ole Hamre m.fl.
Festsalen
Ole Hamre m.fl.
Festsalen
Riksteatret
Kinosalen Kinosalen Kinosalen
Møte-/kurslokale i Førdehuset: Kva skjer i tida framover? Leige lokale til møter/kurs: 57 72 19 00 Sjå kalenderen på www.fordehuset.no Servering til møter/kurs: 57 72 19 99 8