1 minute read

Det var ein gong ei flaggermus i Urnes stavkyrkje

I 2017 blei det oppdaga flaggermuslort i Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn. Det blei sett i gang undersøkingar som viste at lorten kom frå ei flaggermus av arten brunlangøyre.

Dette funnet skapte mykje oppstyr! Fagfolk kom for å undersøkje kva som hadde skjedd. Aviser skreiv om saka. Kvar var flaggermusa, og kva hadde den gjort?

Det viste seg at flaggermusa hadde tissa på ein stolpe inne i kyrkja. Forskarar undersøkjer om dette kan ha skadd treverket i den verdfulle kyrkja, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Med utgangspunkt i denne saka har Fortidsminneforeininga laga barnemaskoten Fortimus og forteljinga «Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter». Den gamle Urnesløva vaknar til live og gir flaggermusa eit viktig oppdrag. Ei lita «vikingbie» blir ein god hjelpar.

Dette er historia om å ta godt vare på kulturminne og naturen dei er ein del av.

Kva gjer ein med ei freda flaggermus som gjer skade i eit freda og umisteleg kulturminne?

This article is from: