Balahaugen Horisont i Sandeid

Page 1

BALAHAUGEN HORISONT i Sandeid - Ein smart plass å bu

Balahaugen Horisont

1


2

Balahaugen Horisont

Sandeid er ei vakker bygd

Økland foto

VELKOMMEN TIL SANDEID Sandeid er ei vakker bygd innerst i Vindafjorden. Vil du på sjøen kan du gå ut på nedsida av huset, og vil du til mektige fjell og villmark kan du gå ut på oppsida av huset. Du kan også ta hurtigbåten direkte til Stavanger sentrum om du vil det på enkelte dagar. Sandeid var tidlegare ein del av Vikedal formannskapsdistrikt, men blei skilt ut får Vikedal 1. januar 1923, og hadde då 558 innbyggerar. Sandeid var sjølvstendig kommune fram til 1. januar 1965 då den vart slått saman med deler av Skjold, Vats, Imsland og Vikedal til den nye Vindafjord kommune.

Balahaugen Horisont

I 2006 vart Vindafjord slått saman med Ølen kommune, og navnet på den nye kommunen vart Vindafjord. Kommunen har pr 1.1.2020 ca 8.700 innbyggjerar. Sandeid har hatt ei positiv utvikling i folketalet frå 876 personar i 1965 til 1.048 i dag.


Garden Bala med Balahaugen i bakkant. Maleriet er frå 1930.

SANDEID HAR I DAG BLANT ANNA DETTE TILBODET: • Ein attraktiv barnehage med dyktig personale og god uteplass. • Skule med godt uteområde frå 1. tom 7. klasse. Ungdomsskulen er i Vikedal. • Aktivt idrettslag med ulike tilbod med engasjerte foreldre og leierar. • Ungdomslag som bl.a tilbyr teater for små og store. • Miniatyrskytebane. • Skatepark. • Stall og ridebane. • Skianlegg og turområdet på Fjellstøl, med turløypa sommar og vinter til Olalia (inkl. lysløypa). • Shell bensinstasjon. • Coop Prix-butikk og Byggmix med svært godt utvalg og stor kunnskap. • Idrettsanlegg med kunstgrasbane for 7-er fotball. • Svært flott natur til turbruk og moglegheiter for mange toppturar. • Badeplassar og nær tilgang til sjø og fiske. • Kyrkja med ulike tilbod. • Eit rikt og aktivt kulturliv på ulike områder for alle aldersgrupper. • Kort avstand til Etne, Ølen, Ølensvåg, Haugesund og andre plasser med. handelstilbod og eit svært variert og rikt næringsliv med jobb-moglegheiter. • Eit stort og godt jordbruk som også er viktig for dei som vil bruka den brukarvenlege og spektakulære naturen i og rundt Sandeid. • Mange arbeidsplassar i ulike sektorar.

Sandeid er utan tvil ein smart plass å bu

Balahaugen Horisont

3


4 4

LITT OM BALAHAUGEN Balahaugen har i alle år vore “juvelen” for mange i Sandeid. Står du på toppen har du utsikt over heile bygda og i alle himmelretningar. Ikkje rart folk busette seg her også for mange år sidan. • Svært god utsikt i mange retningar. • Lett tilkomst. • Kort avstand til naturen, idrettsplass, samfunnshus og kyrkja. • Solrikt og mykje vær. Du kjenner at du lever.

• Ein variert busetnad med mange trivelege folk i ulik alder. • Leikeplassar. • God og sikker gang- og sykkelveg til sentrum og heile bygda.

Balahaugen er skapt for å bu og leva - og testa ut i 1000-vis av år...

SPOR ETTER LANGHUS Utgravingar på området viste spor etter Langhus på om lag 100 m2. Huset hadde to inngongar og eldstad inne. Balahaugen Horisont er 10 einebustadar bygd saman som eit “Langhus”, med ulik storleik og innhald. Alle er tilrettelagt med ulike smart-hus løysningar, då først og fremst innan moglegheiter for all moderne teknologi. Både for å skapa tryggleik for dei som treng det, og tilgong til “horisonten” for dei som ønskjer det. LITT OM LANGHUS I Norge starta ein med å byggja langhus omkring 2000 år f. Kr, og fortsatte fram til rundt 155 E.Kr. Dei eldste husa, som vart bygd i bronsealderen og førromersk jernalder, hadde antakeleg ei levetid på 30-50 år. I Norge er husa som regel mellom 20 og 30 m lange, men det fins eksempler på hus med inntil 80 meters lengde. Dei er vanlegvis inntil 8-9 m breie. Langhus er som regel stolpebygde, noko som vil sei at bærekonstruksjonen består av vanlegvis parstilte jordgravne trestolpar, og har likheitstrekk med grindverk frå nyare tid. Dei nederste endane av stolpane har i enkelte tilfeller blitt brent slik at dei ikkje så lett skulle råtna etter at dei var blitt satt i jorda. Dette er noko som kan sporast som kullrester i stolpehola etter huset, og som kan brukast som dateringsgrunnlag. Veggene består som regel av eit felttverk av kvister med leirklining, ei blanding av leire, halm og kumøkk.

Balahaugen Horisont Balahaugen Horisont

Dette kan ein under arkeologiske undersøkingar finna rester av hvis leirklininga har blitt utsatt for varme, som for eksempel ved husbrann. På sørvest- og vestlandet vart husa bygd med låge steinmurar, noko som ein som regel ikkje finn på Austlandet. I enkelte tilfeller kan ein finna kulturlag innafor bygningen. Desse laga består av rester etter menneskeleg aktivitet og kan fortelja oss mykje om korleis menneska i husa levde. Husa kan vera inndelt i 2 til 5 langsgåande “skip” adskilt av stolperekker. Dei kan også vera inndelt i lengden, slik at ein del av huset var for menneske og ein for husdyr. Dette kan påvisast ved fosfatanalysen, i det mengden med fosfat i jorda aukar betrakteleg i områder kor husdyra oppholdt seg. Det var gjerne ein eller fleire ildstader i huset. Ved desse vart det sannsynlegvis laga mat, samtidig som dei fungerte som varmekilder. Truleg vart røyken frå ildstadane leia ut gjennom ljorer i taket, slik ein ser i seinare bygningar frå middelalderen.


Utsikt ut fjorden mot Stavanger.

Lyse, opne og praktiske leilegheiter.

Frå stova og kjøken i ei av leilegheitene i Balabakken (underetasjen).

Eg vil heim. Der eg kan vera meg sjølv og nyta kvart eit sekund. Det er slik alle vil ha det. Ein heim som er meir enn 4 vegger, plassert på ein tilfeldig stad. Balahaugen Horisont kan bli ”din heim”. Bad Himmelblå med skjult løysing for vaskemaskin og tørketrommel

Balahaugen Horisont Balahaugen Horisont

5 5


6 6

LITT OM BALAHAUGEN HORISONT Balahaugen Horisont er 10 leilegheiter som er topp moderne, ligg svært fint til og er klar for alle horisontar.

LITT OPPLYSNINGAR OM “LANGHUSET” BALAHAUGEN HORISONT: • 10 leilegheiter i 2 ulike storleikar. (Himmelblå som er 131 m2 og Balabakken som er 63 m2). • Målgruppa er både dei som vil etablera seg og dei som vil ha noko mindre og meir lettstelt enn ein einebustad. • Frå 63 m2 med kjøkken, stova, bad, soverom, bod og eigen hage/ uteplass til under 2 mill. • 131 m med tre soverom, terrasse, bod og carport til under 3 mill. 2

• Opparbeida og beplanta inngongsparti. • Kan lett oppgraderast til Smarthusløysningar, inkl. velferdsteknologi, der du via sensorar kan styra alt frå varme, lys, dører og mykje anna via din eigen mobiltelefon. • Flott opparbeida og beplanta felles uteområde. • Sameige for etablering og drift av fellesområde, utvendig vedlikehald og forsikringar.

KVALITETER: • Ståande buerkledning. Malt 1- mellomstrøk.

• Parkett, 3-stavs Vestheim eik mix.

• Antrasittgrå vindu.

• Listverk: Moderne glattkantlist kvit tak/ vegg, golvlist og karmlist.

• Murfasaden: Cembrit Betongplater naturgrå.

• Designbelegg på bad og vaskerom.

• Terrasserekkverk: Glasrekkverk.

• Vegghengt toalett, dusjdører og kvit servantseksjon med speil og skuffer.

• Tak: Tekka. Mono asfaltbelegg.

• Baderomsplata 3091-HG Denver White.

• Malte ytterdører og boddøre.

• Klart til walk-in closet/innreiing (Himmelblå.)

• Moderne kjøkkeninnreiing frå Knapphus Kjøkkensenter.

Balahaugen Horisont Balahaugen Horisont


Balahaugen Horisont - landleg, moderne og sentralt

KVA LIGG I BEGREPET ”SMARTHUS”? Kort fortalt er det smarte løysningar for framtidas elektriske kvardag. Systemet som er valgt er standardisert , fleksibelt, funksjonelt, sikkert og energieffektivt. Smarthus-teknologi handlar først og fremst om at det må vera enkelt, skapa tryggleik og komfort. Kva du til slutt vel å “kobla til” er opp til deg, men det kan vera bl.a. dette: • Digitalt tilsyn.

• Sensorstyrt heime/borte/natt funksjon kan styrast frå soverom. • Alarmar/digital tryggleiksalarm med “bevegings-sensor” og ulike varslingar, kan koblast opp mot familie eller heimetjeneste. • Elektronisk dørlås med ulike tilgongar, registrering, varsling osv. • Varmepakke med full styring, heime/borte/ natt funksjon.

• Lysstyring.

FINANSIERING Alle boligane i Balahaugen Horisont er bygd i energiklasse B. Det betyr at du i dei aller fleste bankane kan få “Grønt boliglån”. Eit lån som ofte ligg minimum 0,25% under andre lånevilkår. Du sparer altså både på energiforbruk og på renta.

Balahaugen Horisont er ein smart plass å bu.

Balahaugen Horisont

7


8

PLANTEIKNINGAR

HIMMELBLÅ 1/2: A-B-C-D-E

BALAHAUGEN HORISONT

1. ETASJE

2. ETASJE

SNITT

Himmelblå 2. etasje

Himmelblå 1. etasje

Balabakken

Balahaugen Horisont


PLANTEIKNING

BALABAKKEN: A-B-C-D-E

FASADE MOT SØR A

B

C

D

E

HIMMELBLÅ 2 HIMMELBLÅ 1 BALABAKKEN

Me har kalla dei øverste leilegheitene for Himmelblå 1/2 A-B-C-D-E, og dei i underetasjen for Balabakken A-B-C-D-E.

Balahaugen Horisont

9


UTEOMRÅDET Dette er eit utemiljø der alle kan trivast!

Herlige Hager er ei bedrift som held til i idylliske

Her kan du sitja på benkene og nyta den

Nedstrand. Dei tilbyr design og oppbygging av

flotte utsikta over Sandeidfjorden eller invitera

utemiljø med fokus på framtidsretta uterom.

familien til bålpannekos omgitt av grøne planter og blomstereng. Kvar leilegheit får ein skjerma

Eit flott uteområde skal gi auka livskvalitet,

uteplass der det er valgt kvalitetsmaterialer

vera sosialt og inspirerande – og det er det som

med minst mogleg vedlikehald. Uttrykket er

er tanken bak fellesområdet på Balahaugen

gjennomført og heilheitleg.

Horisont. I tillegg til ei frodig og blomsterrik beplantning med vekt på å auka det biologiske mangfaldet og eigna biotop for bier og sommarfuglar – er det også ein stad for avslapning og rekreasjon.

10 Balahaugen Horisont


Kjøken i Himmelblå

Kjøken i Balabakken

KJØKEN Kjøkenet er modellen Færder frå Strai Kjøkken - levert og montert av Knapphus Kjøkkensenter Hurra! Eit kjøken med svanemerke! Færder er ein moderne og tidlaus modell med kvit, glatt og stilrein overflate og solide kantlister. God kvalitet, gode løysningar, lett å halda reint og brukarvenleg. Husk lokale råvarer som torsk frå Sandeidsfjorden når du skal nyta horisonten på Balahaugen. DESSE KVITEVARENE ER MED: • Electrolux stålfarga steikeovn med bl.a. 8 steikefunksjonar, pop-ut bryterar og varmluft • Elektrolux induksjon koketopp med bl.a. fasettslipt glas, touch-betjening og booster på 2 av sonane • Elektrolux heilintegrert oppvaskmaskin med bl.a. 5 program, Airdry tørkesystem og 49 dB • Electrolux 60 cm veggmontert ventilatorhetta i stål med bl.a LED-belysning og opp mot 600 m3/t • Electrolux 178 cm helintegrert kombiskap med bl.a. Low-frost i frys og kapasitet på 202/75 liter

Balahaugen Horisont - landleg, sentralt og moderne

Balahaugen Horisont 11


Velkommen til

Sol ute sol inne…

Eit tiltrekkande uteområde (Illustrasjonsfoto).

VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR:

salg@balahaugenhorisont.no balahaugenhorisont.no

12 Balahaugen Horisont

- resultat kan kjøpast!

• Forretningsutvikling • Merkevarebygging

Utbyggjar – Bala Invest AS

Prosjektansvarleg – TG Bygg AS

• Salgskontakt Markedsføring– TG

Me tek atterhald om faktafeil, skrivefeil og endringar på teikningar/bilder.

Bygg AS

Prospektet er levert av Vinnarskalle

Kontakt Thomas Gausvik for ein boligprat på 481 14 989


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.