Etne Sparebank – Eit finanshus til teneste
Min og din sparebank Etne Sparebank er den minste alliansefrie banken i landet. Det skulle tilseie at me har nok av utfordringar med å drifte banken, for smådriftsulemper kan også me oppleva. For å bøte på det, samarbeider me med ei rekke bankar på blant anna felles innkjøp av it-tenester. For å lukkast i framtida må me bli knallgode på dei områda me har moglegheit til. Difor har me eit høgt fokus på den gode kundedialogen og den gode rådgjevinga me tilbyr. Me må skilje oss ut på ein slik måte at me vinn fram blant kundane når ein ser på kva totalleveranse du som kunde får. Det er då også viktig å ta med servicegraden me tilbyr når me blir målte på pris. Kundane i Etne Sparebank er representert med fleirtalet i generalforsamlinga og styrer såleis banken. Banken er altså «eigd» av lokalsamfunnet. Eigenkapitalen i banken er bygd opp igjennom snart 160 år. Lokalsamfunnet får avkastning på denne kapitalen gjennom verdiauke på eigenkapitalen slik at banken kan fortsetje å låne ut pengar lokalt. Men det mest synlege og kjekke er nok den sponsinga og gåveutdelinga som banken står for kvart år, til lag og organisasjonar. Vel du å handle lokalt, gjennom å nytta Etne Sparebank, er du med og byggjer verdiane vidare i staden for at overskotet av din handel går til andre delar av landet eller utlandet. Vårt slagord er «med heile vegen». Det er dette som skal skilja oss frå andre. Me gjer kvar dag vårt beste for å oppfylla dette kundeløftet. Me takkar alle kundar som har bygd opp banken, og meiner me er så gode at også andre bør prøva oss. Velkomen til Etne Sparebank Rune Ramsvik Banksjef
2
Historikk Den 19. oktober 1858 vart det sendt ut «indbydelse» til folket i Etne prestegjeld om å skipa ein sparebank og teikna seg for grunnfondstilskot. Den 18. juli 1959 vart det halde møte i landhandlar Christian Weltzins hus på garden Austrheim. Rundt bordet sat J.L. Weltzin (møteleiar), J. Dahl, Chr. Weltzin, O Kallestadbakken, H. Fosse, T. Fosse, Osmund O. Støle, Tollev T. Øen, Svend A. Vettestøe, Gudmund Vae, N. S. Fosse, Tollev Vae, Thor Fosse og Stein Vettestøe. Det var 14 «indskytere» som hadde tegna seg for tilsaman 83 Speciedaler som då skulle utgjera bankens grundfond. Planen for Etne Sparebank vart stadfesta ved kgl. Res. 18. april 1860, og banken var ein realitet.
Etne Sparebank kan framleis treffast «rundt bordet» Å sei at alt er som før passar ikkje for Etne Sparebank. Alle kjenner til dei store endringane heile samfunn har vore gjennom. Ikkje minst dei siste åra gjennom utvida kundetilbod, ny teknologi og fokus på å gi gode råd til kundar. I 1860 hadde Etne Sparebank ope for innskot og utlån kvar onsdag frå kl 9 til 12. I dag kan kundar utføra banktenester døgnet rundt. Skulle det vera behov for hjelp og gode råd står 17 tilsette med ulik kompetanse til tjeneste.
Etne Sparebank tilbyr i dag bl.a. dette: • Dyktige og engasjerte rådgjevarar
• Sparing gjennom ulike alternativ
• Ulike kontoar til ulike føremål
• BSU
og aldersgrupper
• Fondsforvaltning
• Innskot
• Aksjehandel
• Lån
• Forsikring
• Leasing
• Eigedomsmegling
3
Visste du at ...
Med dagens rentenivå et skatt og inflasjon opp renteinntektene på sparekonto. Med ein sparekapital på kr 100.000,- vil verdien av pengene gå ned kvart år med rundt kr 2.000,-
Etnefjellet. På veg frå Melkestølen over Nystølselvo opp mot Simlebu. Husk at Etne Sparerbank er med heile vegen.
4
Foto: Anne Mette Klungland
Dette får du som kunde hjå oss Eigedomsmegling Økonomiopplæring for 10. klasse 18-års dag Konfirmasjonsgåve
Leasing BSU
Førsteheimslån Lån til bil Lån til hus Forsikring
Bursdagsmarkering Fondsssparing Første klasse Sparegris Nyfødtgåve
Sparing Pensjonssparing og rådgjeving Mastercard
5
Sparing Det er aldri feil å spara. Men kva skal me spara i, og korleis? Alle veit, og er einige i, at det er lurt å spara. Me kan tilby sparing i «alle» former.
• Sparegris • Nokre hundrelappar på vår kongekonto pr månad • BSU (bustadsparing for ungdom) • Pensjonssparing Du vil ikkje angra på eit møte og ein god prat med ein av våre kunderådgjeverar. Det kan spara deg for mykje...
“Sparing er slett ikke dumt. Spesielt ikke når foreldrene har gjort det for en.” – Winston Churchill
6
Fond Korleis få best avkastning på pengane? Det veit me mykje om, men heller ikkje våre tilbod og rådgjeverar kan gi alle garantiar. Gjennom vårt eigarskap i Heimdal-fondene har me den ekspertisen me treng både til småsparera og profesjonelle. Ulike pakkar og plasseringar basert på kva du som kunde ønskjer deg.
Heimdal Fondene Etne Sparebank er medeigar i Heimdal Fondene. Eit lokalt forankra fond med hovudkontor i Stavanger. Gjennom Heimdal Fondene kan me tilby tre ulike fond. Eit med låg risiko, eit med middels og eit med litt høgare risiko.
Jakob Hatteland er også ein av investorane i Heimdal Fondene. Me i Etne Sparebank er glade for å ha fått han og andre lokale aktørar med oss. Blir du den neste?
For meir info, sjå heimdalfondene.no
Rune Ramsvik, Per Magne Ludvigsen, Jakob Hatteland og Øyvind Thorstensen. (Foto Monica Nesheim)
Visste du at ...
Set du av 500,- kroner i månaden i 40 år, har du spart 240.000,-. Med sparing i aksjefond som historisk har gitt 8 % årlig avkastning, ville dei ha vakse til ca kr. 1.7 millioner.
7
Dei tilsette – den viktigaste ressursen Folk i dag har ofte stor kompetanse både på bruk av den nye bankteknologien og dei ulike spareformene som fins. Dei tilsette i Etne Sparebank har utdanning og kursing, og arbeider kvar dag med dette for ulike kundar. Me tilbyr gjerne også deg vår kompetanse.
Dei tilsette
Denne lærdommen og erfaringa skal koma alle våre kundar til gode. Gjennom trening, erfaring og ulike sertifikat som finansrådgjevar skal me heile tida vera i stand til å gi deg gode råd og hjelp inn alle «banktjenester» og forsikring. Paul Rune
Her er våre dyktige og engasjerte medarbeidarar:
8
Anne Grete Hilt
- Kunderådgjevar privat
Anne Mette Klungland
- Kundesenter
Aud Laila Lunde Frøland
- Kunderådgjevar privat
Berit Johansen
- Kunderådgjevar privat
Bjarte Dagestad
- Kunderådgjevar privat
Eli Gravelsæter
- Kunderådgjevar privat
Elin Hegerland Hjelvik
- Kunderådgjevar privat
Haldor Gravelsæter
- Kunderådgjevar næring
Iren Lindvik
- Compliance/Interne funksjonar
Karin Ramstad
- Kundesenter
Signe Ellen Fjæra
- Kunderådgjevar næring
Sigrid Løvereide
- Kundesenter
Ole Mæhle
- Kunderådgjevar forsikring
Wenche Åsbø Eikemo
- Kundesenter
Rune Ramsvik
- Banksjef
Paul Rune Velde
- Ass.banksjef/avd.leiar kunderetta avd.
Wenche Vik Thorson
- Avd.leiar interne funksjonar
Anne Mette Berit
E
e – den viktigaste ressursen
Ole Bjarte
Wenche T.
Rune
Haldor Karin
li Elin
Wenche
Iren
Aud Laila Sigrid
Signe Ellen
Anne Grete
Foto. Svein Egil Ă˜kland
9
Spira – Etne Sparebank sitt gåvefond Gjennom generasjonar har Etne Sparebank delt ut gåver og sponsormidlar for mange millionar kroner, til glede for ulike lokalmiljø og enkeltpersonar. Mange meiner det er heilt naturleg at bankar og andre bidreg med kroner til ulike tiltak og aktivitetar, men slik me ser det er det ikkje sjølvsagt. Det er dei som er kundar hjå oss som set oss i stand til å dela ut desse gåvene og inngå ulike sponsoravtalar. Går du inn på Spira på vår nettside, www.spirafondet.no, vil du få ei oversikt over noko av det me har gitt pengar til, og der kan du og søkja om du har eit prosjekt.
Her er nokre eksempel på det Etne Sparebank har gitt pengar til: -
Turveg over Fikse mellom Ølen og Etne Løypemaskin Skytebanen på Fikse Ny kunstgrasbane i Etne Ballbingar Lysløype på Opheim
Her er nokre av dei me har sponsa: -
Etne Idrettslag Etne Jeger- og Fiskeforening Etne Karateklubb
-
Etne Musikklag Etne Skulekorps Etne Røde Kors Etne Skyttarlag Etne KFUK-KFUM Vindafjord Turlag
Her er nokre av dei som har fått ungdomsstipendet SKILLS & PRO: -
Sander Nesheim Fuglestein Bård Bjørnevik Skogen Thomas Lien Hans Kristian Åsheim Havreberg
Etne Sparebanke gleder seg over eit aktivt lokalmiljø, og ser fram til å bidra meir.
10
Unge
lovande
Visste du at ...
Over halvparten av alle born i Noreg er forsikra pĂĽ ein eigen barneforsikring. Etne Sparebank tilbyr ein av marknadens beste barne- og ungdomsforsikring via Frende forsikring.
Foto. Etne Idrettslag
11
Eigedomsmegling Etne Sparebank tilbyr sal og kjøp av eigedom i samarbeid med Eiendomsmeglar A. «Me i Eiendomsmegler A kjenner markedet etter mange års erfaring og kan tilby deg markedets beste salgsgaranti – Ingen salg, ingen rekning og ingen bindingstid.» Eiendomsmegler A er ein komplett stab som kan tilby: - Erfarne og svoltne meglarar - Fagleg tyngde - Eigen Haubo-meglar - Avdeling innan prosjekt, næring og utleige - Eigen oppgjersavdeling Vidar er den som i hovedsak handterer eigedomsmeglinga for våre kundar. Han har lang erfaring og kjenner distriktet og våre kundar godt.
Vidar Opheim - eigedomsmeglar
Visste du at ...
12
Ved å bruka meglar når du langt fleire kjøparar enn om du sjølv annonserer. Får du inn ein ekstra budrunde kan det bety fleire hundre tusen i forskjell på prisen.
Leasing Etne Sparebank tilbyr leasing gjennom vårt eige selskap Brage Finans. Leasing betyr at Brage kjøper og eig det utstyret verksemda di treng, og leiger det tilbake til deg mot ei avtalt månadsleige over eit avtala tidsrom. Kvifor binde eigenkapital eller lånekapasitet? Leasing av driftsmidlar, bilar osv. frigjer driftskapital som gjev verksemda di større handlefridom.
Fatland konsernet er den største privateigde kjøttverksemda i Norge, med 4,3 milliardar i omsetnad i 2016. Dei gjer heile tida store investeringar til glede for både produsentar og kundar. Konsernet har vald å nytte Etne Sparebank sin samarbeidspartnar, Brage Finans AS, på leasing og er godt nøgde med det. I tillegg til konkurransedyktige vilkår gjev også banken delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, noko CFO i Fatland-konsernet, Tor Magnar Kambe (t.v.) synes er positivt.
Foto. Svein Egil Økland
13
Forsikring på 1-2-3 Gjennom vårt eigarskap i Frende Forsikring kan Etne Sparebank tilby forsikring på «alt». Vår kunnskap rundt forsikring skal vera din tryggleik for at du får den forsikringa du treng, den oppfølgjinga du ønskjer og ein pris som er rett.
Frende Forsikring er på nytt kåra til årets kundesenter, i tillegg til å vera best på reiseforsikring, dyr og fleire andre forsikringar.
Du kan bl.a. forsikra dette: • Bil, båt og kjøretøy • Hus, innbo og verdiar • Uførheit, ulykke og sjukdom • Reise og fritid
Me skal tilby deg: • Gunstige og stabile prisar • Ingen grunnpremie • Lojalitetsbonus • Totalkundeprogram Etne Sparebank har nøkkelen til rett forsikring.
Visste du at ... Mange har full kasko på bilen, men ikkje på inntekta si. Å bli ufør utan forsikring kan vere like ille for økonomien som å totalskade bilen, uten kasko, kvart år frem til pensjonsalder. Torer du ta sjansen å vera utan forsikring?
14
Lån
Dei fleste av oss tek opp lån når me skal gjera eit større kjøp. Kva lån me tek, når, kor mykje, kor lenge osv. kan bety mykje. Våre kunderådgjevarar kan dette med lån, og du skal få den behandlinga du fortener.
• Bustadlån • Førsteheimslån • Bustadkreditt • Billån (Brage Finans) • Forbrukslån • «Him te Etne»-lånet • Fastrentelån
Visste du at ... Bilde frå Fitjafeltet i Etne. Tomt kan du ordna gjennom Etne tomteselskap. Kontakt Vindafjord tomteselskap for tomter i Vindafjord. Lån kan sikkert me tilby.
Mange vel å nytta seg av dyre kredittkort til å finansiera forbruk som møbler og feriar. Totalprisen kan då bli svær dyr til slutt. Me i Etne Sparebank er løysningsorienterte, og saman kan me finna gode og alternative løysningar.
Foto Svein Egil Økland.
15
vinnarskalle.no
Med heile vegen Etne Sparebank har «med heile vegen» som slagord og kundeløfte. Kvar dag skal me gjera vårt beste for å vera nettopp det.
Takk til deg som er kunde, og velkomen som ny. Foto: Anne Mette Klungland