Mona elskar Skånevik
”
Kva får nokon som er født på Karmøy og bur i Haugesund til å elska Skånevik? Eg kan stilla opp i reklamen fordi eg ynskjer at alle skal få med seg kor kjekt og fint me har det i vakre Skånevik, seier Mona. Ho er politiutdanna og jobba eit tiår på Karmøy og i Haugesund før ho starta som leiar i konfliktrådet, med blant anna oppfølging av ungdommar som ikkje er på rett spor. Ein jobb ho brenn for, der ho også ser kor viktig det er at alle får ein god start og får prata ut «ansikt til ansikt» med berørte partar.
Ei fantastisk bygd som har litt av alt Skånevik byr på alt. Buss og båtar til heile verda, skog og fjell, fotballbanar og skatepark, dyr og leikeplassar, badestrand, pøb, kjekke butikkar, Larsen Bakeri, hotellet… Eit lite sentrum å gå til set dei også stor pris på. Festivalar og ulike arrangement gjer at det alltid skjer noko kjekt i Skånevik. Dei trekk også fram Skånevik Fjordhotel som ein viktig del av bygda. Mona arrangerte slektstreff i Skånevik i 2018 og inviterte metalist Vidar Hansen (tidligere politikollega) inn på show, for både slekta og bygdafolket på House of blues. At det er litt varmare i Skånevik om sommaren er også noko dei likar. Kort avstand til ulike skianlegg er endå eit pluss. Det kjekkaste er atmosfæren Me slappar av, nyt livet og gjer det me har lyst til seier Mona. Som eksempel nevner ho bedriftscupen i fotball som «Bryggo» er med på.
Hovudsamarbeidspartnar:
Enkelte av dei som har hytter driv også firma, og er med å sponsar. Konfliktrådet kan ikkje sponsa, men stiller opp med gratis mekling og gjennopprettande prosessar flirer Mona. Ho legg til at ho endå ikkje har gjort nytte for seg i cupen på dette feltet. Butikkane har fantastisk service Sjølv om Mona bur midt i handelsbyen Haugesund nyt ho å rusla rundt i butikkane i Skånevik. Dei er «superhyggelige» legg ho til. Skånevik kan nytast heile året, påpeikar ho. Me likar oss så godt at me til og med har vurdert å byggja i Prestalio, men ungane og me likar oss så godt på bryggå. 110 overnattingsdøgn i året beviser trivselen. Bror til Mona har også kjøpt seg hytta i Skånevik. Ein av naboane, Anne Haraldseid frå Haugesund, stakk også innom. Ho kan bekrefta «alt» og er også ei av dei som skaper liv i bygda.
Me takkar for praten og «skrøyten», og håpar Mona og bryggegjengen får mange gode dagar i Skånevik. Velkommen til Bulyst Skånevik laurdag 25. mai, me feirar Skånevik og har visning på ledige tomter, hus og hytter. Er du interessert i hus og/eller tomt i Skånevik kan du kontakta Vigor Bygg og/eller Etne Tomteselskap. Er du interessert i hytta kan du kontakta Tungesvik Hytto.
Vinnarskalle.no
Skånevik Bluesfestival har skulda Ho er gift med Bjørn Magne Snørteland som arbeider som elektrikar. Eit oppdrag hans arbeidsgivar fekk på Skånevik Brygge skapte spenninga til Skånevik, som han under arbeidstida fekk eit ekstra godt inntrykk av. Han likar også godt musikk og gjesta i fleire år Skånevik Bluesfestial. Bobil vart utprøvd eit år i 30 grader, så det året Def Leppard spelte vart det bestemt. Me kjøper hytta!
PRESTALIO
Med helsing Prosjektgruppa: Ørjan Mortveit Tveiten, Kjetil Nedreskår, Torgeir Tungesvik og Linda Bøthun. Prosjektleiar: Vinnarskalle as ved Frank Robert Abelseth