I SVEIO

Page 1

Du kan stola på oss - i Sveio får du topp service og gode anbefalingar

GRETHE LIER ALNE

STIG RUNAR TVEIT

LILLIAN ROMMETVEIT

ÅSE KATLA

OLE CHRISTIAN MØLLERHAUG LARSSEN

Magasinet

i SVEIO Eit magasin for bedrifter og butikkar i Sveio

HER KAN DU LESA OM: - Ordførar Jorunn Skåden - Lillian Rommetveit (Sveio Auto) - Grethe Lier Alne (Sveio Blomster & Gaver) - Ole Christian Møllerhaug Larssen (Mx-sport og Fixia) - Åse Katla (Libris og Ringo) - Stig Runar Tveit (Kiwi)

- Søstrene Lye - Bjørn Storebø (Blink Hus Valvatne) - Ylva og Leif Kristian (Haugesund Sparebank) - Pur Grønn Frisør - Ditt apotek - Coop Extra - Rexton og SsangYong - Haugli Bakeri


Eg ynskjer meg skinnhanskar med mjukt fòr frå kaninpels... Jorunn Skåden skal gjera alle sine innkjøp av julepresangar i Sveio dette året. Men om dei som blir oppfordra til å kjøpa hanskane ho ynskjer seg må til byn veit me ikkje. At alle skal kunna finna gode julepresangar i Sveio er ho sikker på. At me for om lag 12 år sidan beslutta å byggja eit sterkt sentrum i Sveio var svært viktig. Med mange servicefunksjonar og eit godt handelstilbod. I tillegg til levande bygdar, gode industriområde, at me ligg sentralt til og aukande befolkning. Ikkje rart Jorunn er både smilande, engasjert og avslappa på ein gong. Framtida ser lys ut for Sveio meiner Jorunn. At me har godt samarbeidsklima både sør- og nordover er også viktig. Ho er sikker i si sak når spørsmålet kjem om heile det politiske miljøet ynskjer å styrka Sveio sentrum i framtida. Det er viktig at me først er gode på «å bu». Det gir igjen grunnlaget for auka handel. Ho inviterer ei bedrift ein gong i månaden til «lunsj med ordføraren». Då får eg vita masse og blir godt kjent med næringslivet. Mange seier at me har lite næringsliv, men slik eg ser det har me mykje næringsliv med stort og smått. Fint om me framsnakkar det me har. Næringslivet og butikkane er gjerne det viktigaste me har. Sveio veks for tida både når det gjeld befolkning, butikkar og bedrifter. Landbruket er også ein viktig del av denne positive utviklinga. Der skjer det mykje positivt. Jorunn har flott utsikt til kjernen av Sveio sentrum frå kontoret sitt, og gler seg over enkelte tidspunkt med utfordringar rundt parkering. Eg ser på det som ei glede, men også ei utfordring me må ha med oss i planane. Men der er fortsatt god parkering litt «bak» påpeikar ho.

DET ER MASSE I FOLK I SENTRUM Jorunn registrerer med stor glede at folk med barnevogner, skaterar og andre ofte oppheld seg i sentrum. Eg er glad for at me fekk gjort vedtaket om miljøgate, og nå stiller kommunen med julebelysning. Noko av belysninga blir i samarbeid med ulike sentrumsaktørar. Får me også til eit badeanlegg blir me endå meir attraktive smiler ho. Ingen skal vera i tvil om at ordføraren og Sveio kommune er på laget til dei som vil utvikla Sveio sentrum. Kultur er også svært viktig for oss. Ryvarden, Golfbanen og Fartein Valen sin komponistheim i Valevåg er våre fyrtårn. Det skjer mykje og me har mykje å tilby. Mange kontraktar i næringslivet er underskrivne på golfbanen legg ho til. Den har auka både statusen, tomteprisar og attraktiviteten for Sveio meiner Jorunn. Tydeleg stolt av Sveio. Ja heile Sveio. At Jorunn skal kjøpa alle sine presangar i Sveio er svært viktig for alle som driv handel. Alle veit at å driva butikk på mindre plasser kan vera utfordrande. Kvar einaste kunde er viktig. ME TAKKAR FOR EIN INSPIRERANDE SAMTALE OG SIT IGJEN MED BL.A. DETTE: 1. Sveio er i positiv utvikling på «alle» felt 2. Det blir satsa på og i Sveio sentrum 3. Handla alt du kan sentralt

God førjulstid Jorunn og alle andre som gjer sitt beste for Sveio og den lokale handelen! OM MAGASINET iSVEIO

2

Formål: Gi alle meir kjennskap til og kunnskap om det Sveio har å tilby innan handel, næring og ulike tilbod.

Utgjevar, tekstar,design, produksjon og distribusjon: Vinnarskalle AS


DANIEL Mekanikar

SIGVE Bilklargjerar LILLIAN Dageg leiar SANDRA Lærling mekanikar

Sveio Auto - med bilen i sentrum

MARIUS Verksmeister/ Kundemottak

Eg har alltid vore ei gutajenta seier Lillian. Opprinneleg frå Tysvær men bur nå på eit småbruk på Nordskog i Sveio. Utdanna lastebilsjåfør, og kjørte lenge lastebil. Jobba også ein periode hos Anker og har alltid hatt bil som hobby. Starta som bilselgar på Sveio Auto i 2011. KJEKT Å BLI SATT PRIS PÅ AV SVEIBUEN Lillian har dei to siste åra fått tillit som dagleg leiar på Sveio Auto. Leiar for fleire mannfolk og ei jente som går i lære som mekanikar. Spanande har det vore, men eg likar meg svært godt legg ho til. At Lillian bryr seg litt ekstra merkar du tidleg i samtalen. Myten om «lure bilselgerar» blir knust etter nokre få minutt. Her får du rett bil og omsorg på kjøpet. Slett ikkje uvanleg at folk bestiller service på bilen i kassakøen på butikken. Me får mange gode tilbakemeldingar frå Sveibuen, og skal gjera vårt aller beste for å fortjena meir.

DEI ER OGSÅ MEDLEM AV BILVERKSTAD-KJEDEN SJEKKPUNKT OG SKAL VERA SJARMERANDE GODE PÅ BL.A. DETTE: - Vedlikehald og reperasjonar av alle biltypar - Eu-kontrollar - Dekkhotel og salg av nye dekk - Serviceavtalar - Firmaavtalar - Leigebil - Vasking og reingjering av bilar - Kundepleie og oppfølging

Sveio Auto kan i tillegg til bruktbilar også tilby heilt nye bilar i merket Ssang Yong. 4 ulike modellar - både familiebil og varebil er produsert så langt. Lillian tek gjerne ein prat om kvifor du bør velja ein Ssang Yong.

iSveio takkar Lillian og gjengen for eit kjekt besøk, og vil anbefala alle å overlata «alt» rundt bil til denne gjengen. Broom broom...

ANBEFALINGAR: 1. Nyvaska og nypolert bil er alltid stor suksess 2. DAB - ypperleg julepresang 3. Gavekort på Sveio Auto post@sveioauto.no - 53 74 77 77

3


LIN HEGE ENGE GRETHE LIER ALNE

Blomsterpikene i Sveio

LINDA HØVRING JOHANNESSON

Det er Sveio-jenta Grethe Lier Alne som er det dei kallar dagleg leiar for Sveio Blomster & Gaver. Som er tilknytta Interflora. At Lin Hege Enge, Vivian Skaren Oa og Linda Høvring Johannesson er med, gjer berre buketten endå bedre, for å ikkje sei finare. At dei blomstrar heile året er det mange som får glede av. Gjennom fine og «rette» planter, bukettar og oppsatsar. I tillegg til gåver i ulike variantar, og gode tips med på kjøpet. At dei har vunne fleire prisar innan blomsterdekorering er synlege bevis på at dei kan det dei sjølv trur dei kan. INTERESSA FOR BLOMAR ER AUKANDE Raude roser er fortsatt «inn» blant menn, men damene kjøper ikkje det om dei får velja sjøl. Då blir det gjerne kvite eller lilla roser, og kanskje tulipanar. Husk også at orkideen treng meir vatn enn du trur, legg dei til. Tipsar også om at ei grøn plante renskar lufta på soverommet. Då slepp ein å snakka ut om det som «forureinar» stemninga:) Til vanleg går det mykje i kvitt og lilla, og no er me nett ferdige med den oransje-perioden, som er hausten.

Til jul er det mykje kvitt og rødt. Kvitt og lilla startar alle helgen og fortset inn i advent, før det går over kvitt og rødt. Fargerikt blir det om du lyttar til tipsa frå desse damene. Alle på butikken skryt mykje av Sveibuen og meiner mange er svært lojale og passar på å bruka dei lokale butikkane. Me blir satt pris på nikkar dei bekreftande til kvarandre. At me kursar oss og held oss oppdaterte skal koma kundane til gode legg dei til. Mange har nok fått med seg at dei loddar ut ein bukett kvar fredag til stor glede for mange. Me er sikre på at dei som stikk innom desse damene for ein blomstrande handel, har vunne uansett.

ME UTFØRAR BLANT ANNA DETTE: 1. Her får du flotte bukettar og dekorasjonar laga av fagpersonar

4

2. Pynta i kyrkja til gravferder og bryllup, og leverer alle blomar og det som skal til. Me leiger ut vasar og lysestakar

53 74 03 64 / Sveio.blomster@interflora.no

3. Du kan jo leiga ein blomsterdekoratør til å pynta på trappa...

4. Me sel gåveartiklar frå Norsk Design - merket heiter MENT og er designa og blir produsert i Norge (same pris hos oss som på deira fabrikkutsalg)


CHRISTOFFER HABBESTAD

OLE CHRISTIAN MØLLERHAUG LARSSEN

MARIUS KNUTSEN

Ole starta på golvet Ole Christian er oppvaksen på Tittelsnes, men er nå busett i Sveio sentrum. Han starta i Kiwi-systemet når han var 18 år og vart til slutt butikksjef. Når han såg Sveio senter søkte etter folk til å driva MX-sport og Jernvarebutikken Fixia, slo han til med ein søknad det må ha vore vanskeleg å seia nei til. Ole har i mange år sjølv spelt fotball på 2. laget til Sveio i 7. divisjon. Det er stort sett den same gjengen som tidligare spelte under Valestrand I.L. Christoffer Habbestad og Marius Knutsen arbeider også i butikken, og ingen av dei klarer å bli einige om kven av dei som er best i fotball. Men god peiling på fotballsko har dei. I tillegg skal me vera gode på tur & fritid, sko, fiske og bekledning legg Ole til. Me er blitt svært godt mottekne i Sveio påpeikar han. Skal me stoppa litt av handelen til by`n må me også vera flinke

og ha rett utvalg. Når det gjeld jernvarebutikken Fixia skal den vera god på bl.a. maling fra Norsjø, i tillegg til vanlege forbruksartiklar innan jernvare. Gjengen bak og i butikkane har tru på eit veksande Sveio, og det pirra Ole Christian å skapa noko «her heime». Om Sveibuen i tillegg gjer sitt for bruka dei lokale butikkane, kan dette svinte gå godt. Magasinet iSveio kan anbefala både karane og butikkane.

ANBEFALINGAR: MX-SPORT 1. Fiskestang. Sveio har mange flotte fiskevatn. 2. Ullundertøy frå Kari Traa, Devold eller Aclima. 3. Joggesko. Stort utvalg til vaksne og born. (Så kan du med godt samvit hiva innpå med julemat.)

FIXIA 1. Div. pynteartiklar - Lys og varme til jul 2. Maling. Kvite tak til jul kanskje? 3. Verktøy og/eller ulike verktøysett er alltid ein slager under juletreet.

Gavekort er også eit kjempegreit alternativ, dette kan brukast i både sporten og jernvaren.

96 90 00 50 / sveio@mx-sport.no

5


ÅSE KATLA HELENE FØRLAND VIKSE

Åse søkte og fekk jobben

Åse Katla har lenge jobba på Ark bokhandel på Amanda, men vart nysgjerrig då ho såg at dei ville ha «drivar» til bokhandel og leikebutikk på Sveio senter. Ho møtte for mange år sidan ein kar frå Sveio, og har nå budd her i 10 år. Medeigar i butikken er ho også blitt.

Åse er levande engasjert i alt det ein bokhandel kan tilby. Eg brenne for detta, legg ho til. Det er trygt å gå til folk som brenn for det dei driv med, det blir god handel av slikt. Helene Førland Vikse og Hanne Henanger Lønning er også i arbeid i butikken. Alle er så glade i jobben sin at dei til og med stikk innom når dei har fri. Dei påpeikar også den gode kjemien som er mellom betjeninga, og at det forhåpentligvis slår ut på butikken og kundane. Me skal vera ein levande butikk som rullerer, kan gi tips og råd om bøker, kontorrekvisita og ikkje minst vera «lekne». Dei er ein del av både

Libris og Ringo-kjedane, og det forpliktar. I tillegg er butikken Sveio kommune sin turistinformasjon. Berre det å vera «turist» i denne butikken er ei oppleving det er verdt å bruka tid på. Alle legg til at dei skal vera gode på anbefaling. Det skal vera eit av deira fortrinn, i tillegg til å skaffa «alt» og dette med byting. Me som skriv dette kan heilt klart anbefala desse trivelige damene, den flotte butikken og deira kunnskap.

ANBEFALINGAR: BØKER VOKSNE 1. Kaninjegeren av Lars Kepler 2. Brennende skip av Jon Michelet 3. To Søstre av Åsne Seierstad

6

BØKER BARN/UNGDOM 1. Kan Doktor Proktor redder jula 2. Marcus & Martinus 3. Miss Peregrine og øyas hemmelighet – ungdom

SPEL 1. Spinderella - årets barnespel 2. Ryktet går 18+ 3. Alias Kvinner mot menn

96 91 34 44 / sveio@libris.no

LEIKER 1. Selfie Mic 2. Babblarne 3. Lego City Superpack 3 in 1


Søstrene Lye er verdt eit besøk At søstre kan trivast ilag med både seg sjølve og andre er det mange som har bevist. Men Søstrene Lye må no vera noko utanom det vanlege vil me tru. Det ser ikkje ut til at dei kan gjera nok saman. Med mora på slep i tillegg. Forstå det dei som kan. Det starta med at «mamma» Kari Janne Lye stod utan jobb i 2011. Ho hadde då jobba som blomsterdekoratør og salg av interiør i 20 år. Marlene, ei av søstrene, var læring på den tida, men fekk besøk av «bien». Befruktninga sat som eit skot og ho tok ut permisjon. Dei hadde lenge diskutert dette med å ha eigen butikk, og etter at både Marlene og Rebekka var ferdige med sin permisjon trong alle arbeid. Tankane resulterte i butikken Søstrene Lye i Etne, som Karoline også var med å starta. Med fokus på blomar, interiørartiklar og «snoperier» som gjer heimen og hytta lunare og koseligare. SVEIO SENTER SØKTE ETTER INTERIØRBUTIKK Rebekka og «mamma» såg annonsa i april og starta Søstrene Lye i Sveio i september. Dei andre søstrene var i Oslo med Interflora, og visste ikkje noko før det var bestemt.

No gjer alle sitt aller beste for at kundane skal finna noko personleg innan interiør og gåver, i tillegg til Sandnes garn. Kjennemerket til Søstrene Lye skal også vera innpakninga. Den skal vera personleg og alle skal lett sjå kor «gåva» er kjøpt. Søstrene Lye er slik - personlege. Me får masse skrøyt frå Sveibuen, hyttefolk og andre som er innom seier Rebekka. At det betyr mykje ser me på ansikta deira. Skal gjera vårt aller beste for å vera oppdaterte og fornya oss slik at alle skal finna noko som treff dei eller den dei skal kjøpa til. Du treng ikkje flytta inn til Søstrene Lye, men dei set personleg pris på om du stikk innom.

ANBEFALINGAR TIL JULEPRESANGAR: 1. Bloomingville 2. Lea Design 3. Nicolas Vahè - mattilbehør

53 74 24 25

Kos deg med ferske bakervarer i Sveio • MØTEMAT • PÅSMURT

• NYBAKTE BRØD

KONTAKT - 94 19 60 76 Man- fre: 9.00 - 18.00 Lørdag: 9.00 - 16.00

• NYDELIGE KAKER

• FERSKE BAKERVARER

- nå ska me kosa oss...

7


Pur grønn frisør startet i Kirkegaten i Haugesund i 2011, med et ønske om å skape en frisørsalong der det er godt å være for våre kunder og oss selv. Våre salonger er de eneste sertifisert grønne salongene på Haugalandet, men vi har godt selskap av et stadig økende antall i hele Skandinavia.

EXTRA LAVE PRISER

Grønn frisør betyr at vi tilbyr behandlinger og produkter uten allergifremkallende og helseskadelige kjemikalier. Vi har miljøet i tankene i den daglige driften og alt vi serverer av kaffi, te, snacks er selvsagt økologisk eller fairtrade, I våre nye, flotte lokaler i Sveio Senter vil våre dyktige frisører gi deg sin fulle oppmerksomhet, litt velvære og egenpleie i en hektisk hverdag. Du som klipper eller farger deg hos oss før jul får økologisk hårkur med massasje tilpasset ditt hår eller din hodebunn.

Velkommen til en grønn og skjønn opplevelse! For timebestilling: purgronnfrisor.no eller 53 74 33 98

Gaver det settes pris på En smakfull jul

32

Jul hos Ditt Apotek

Jul hos Ditt Apotek

for

fra 59,-

Gavetips til henne

COSMICA HÅND & FOT GAVESETT Foot Cream 100 ml og Hand Cream 75 ml.

DECLARÉ GAVESETT Happy Shower Gel 100 ml og Hand Cream 30 ml.

APOTEKETS RØKELSE Kongerøkelse av beste kvalitet, laget etter gammel oppskrift 30 ml.

COSMICA HÅND & FOT GAVESETT Foot Cream 100 ml og Hand Cream 75 ml.

DECLARÉ GAVESETT Happy Shower Gel 100 ml og Hand Cream 30 ml.

APOTEKETS RØKELSE Kongerøkelse av beste kvalitet, laget etter gammel oppskrift 30 ml.

99,-

99,-

59,-

99,-

99,-

59,-

Gavetips til de minste

Ikke glem å pusse tennene – etter all godterispisingen

3 for 100,-

VICHY IDEAL BODYLOTION GAVESETT

SCHOLL GAVESETT

AVÈNE HAND & LEPPE GAVESETT

Vichy Ideal Body Serum-Lotion 200 ml og Ideal Body Spa Dusjgelé-krem 100 ml.

Gavesettet inneholder Scholl Velvet elektrisk fotfil og Scholl Velvet Smooth Intense Serum.

Avène Hand Cream with Cold Cream 75 ml og Avène Care for sensitiv lips 4 g.

229,-

449,-

129,-

FROZEN ROYAL SISTERS BATH SET

STAR WARS REBEL BATH SET

LYSENDE LUE MED REFLEKS

Inneholder to friske og velduftende shower gels med motiv av Elsa og Anna, lipbalm med Frozen motiv og en stilig tiara.

Badesett med dusjsåpe 30 ml, badebombe og klut.

God og varm lue i 85% akryl og 15% refleksgarn, med en enkel innebygd lykt. Lykten, som lades i USB-porten på datamaskinen din, er kraftig og lyser opp. X-Cap Reflective.

149,-

99,-

299,-

på Sensodyne tannkrem

Fra 52,- pr stk


elen

Du finn det du treng og meir til på Sveio senter!

Treng du ein plass å bu?

tikkar innan andre ord: Alt alt i Sveio! Me vil ntrum, og ser fram d, og eineståande ng på senteret!

Bjørn Storebø starta med hammar og spiker, og tok fagbrev som tømrar november for 30 år sidan. Prøven bestod i å kle handicap-toalettet på Stord flyplass med baderomspanel og lister, noko han greidde med glans. november Etter ei tid reiste han i militæret, og jobba etter det som kjøkkenselgar november i butikken til Valvatne på Stord. I dag er dette XL Bygg Valvatne.

frå 4. 10.-12. ... 25. og 18. desember Når brua kom mellom Sveio og Stord flytta han til Sveio. 4 år seinare opna Valvatne Bygg AS salgskontor der. I dag ... 15. desember sel Bjørn og Valvatna husdrømmen til mange ulike kundar. Frå sommaren 2015 til sommaren 2016 leverte Valvatne 19.-23. desember heile 9 bueingar i Sveio!

Han arbeider 3 dagar på Sveio-kontoret og dei 2 andre på å butikkane. Stord. Det er korte avstandar til både Stord og Haugesund

for dei som bur i Sveio. Han trives godt i Sveio, og gledar seg over sentrum med lokale butikkar, golfbanen og at Sveio blir fleire.

Blink Hus Valvatne har flotte utsiktstomter til sals i Sveio sentrum, og gjennom sitt medlemskap i Blink Hus og si 116-år lange historie, skal nok alle få drømmehuset. Dei skal få ein engasjert seljar om dei vel å prøva oss, smiler Bjørn. Me trur han på det. Eg møter mange av mine kundar på butikken kvar dag, og vil helst ha eit smil frå alle, legg han til. Du har alt å vinna på å snakka med Bjørn om du treng ein plass å bu.

Ring og bestill på 53 74 01 11

. Levert 2016.

rmundshaugen

2MB på Gje d på Gjermundshaug bestilling 52 70Del 32av20 en. LevertTlf. 2016.

Arkitekt-tegna busta

- nå Tlf.ska butikkme i Sveiokosa 941 96 076oss...

Valvatne Ringvegen 5412 Stord Stord – Tlf. Tlf. 53 53 40 40 20 20 70 70 Ringvegen 12 12, 5412 Sveiogata 66 5550 Sveio Tlf. 98 28 99 39 www.valvatne.no

www.valvatne.no 1900-2015 FAGFOLK I 115 ÅR

9


Det e berre detta eg kan... Stig Runar Tveit er oppvaksen på Kvalvågnes og er nå butikksjef på Kiwi i Sveio. Det var han også på Kiwi Vormedal og Avaldsnes. Dei bygde hus i Sveio, og slo til når tilbudet om butikksjef i Sveio kom. Det er mykje arbeid og krevande, men det er berre detta eg kan, smiler Stig Runar. Men det er mindre arbeid nå. Før måtte me bestilla 4.500 varer i veka, men nå går det automatisk. Nå bestille me kanskje 100 varer, og sparer 10-12 arbeidstimar. Han legg også til at samboaren er butikksjef for Kiwi, så praten om daglige varer slepp dei ikkje unna på fritida heller. Noko av det Stig Runar har tatt seg tid til er fotball. Starta på A-laget som 16 åring, og har nå avrunda som 37 åring. Som ung spelte eg spiss, men keeperen vår vart skada så eg måtte i mål. Så blei eg der. Han tek seg god tid når han skal fortelja om kvifor folk skal bu i Sveio. Me klatre på tabellen, og har masse å tilby. Du kan få kjøpt tomt og hus «overalt» og me har masse natur og

aktivitetar å tilby. Når eg budde vekke sakna eg sjøen, naturen og litt plass rundt huset. Sjølv kosar han seg bl.a. på golfbanen. Den er unik også som spasertur nevner Stig Runar. KVA MED HANDELEN I SVEIO? Sveio har eit bra utvalg og fantastisk service. Me har i det siste fått fleire nye butikkar, og eg heier alt eg kan på alle som driv butikk i Sveio. Men vær tålmodige anbefaler han. Eg synes Sveibuen er flinke til å handla lokalt, legg han til. Håpar også at folk frå Ekrene og Valevåg føler seg heime og handlar i Sveio. Me trenge alle. Om det å driva dagligvarebutikk er det einaste du kan Stig Runar, vil me påpeika at det kan du godt:)

STIG RUNAR SINE ANBEFALINGAR TIL JUL: 1. Frukt & grønt (hjertesaka til Stig Runar) 2. Pinnakjøt (har masse forskjelligt) 3. Ferdigbakte julekaker Alt dette blir putta opp i ein pose saman med god kundeservice

10

kiwi.sveio@kiwi.no


Ylva og Leif Kristian - småforelska i Sveio Å ha ein bank å gå til blir nok aldri det same som «før». Mykje blir ordna i skya, men noko vil alltid vera viktig å prata om over bordet. Bl.a. å få gode råd til alt rundt personleg økonomi. Forsikring, skal me spara i fond, pensjonssparing, mindre og større innkjøp... Det er dei gode råda Haugesund Sparebank ynskjer å gje Sveibuen, og dette var ein av fleire årsaker når dei lot seg overtala av ein ivrig, dåverande ordførar ved namn Ruth Eriksen. Sparebanken Vest la ned sitt kontor, og fordi Sveibuen så tydeleg viste at dei ville ha bank, åpna Haugesund Sparebank kontor i Sveio i april 2015. Ryktene seier at det var kø den første tida. Sveibuen meinte tydeligvis det dei hadde sagt. TO DYKTIGE FINANSRÅDGJEVARAR Leif Kristian Hagenes er finansrådgjevar. Kjem frå Stord, men er i dag busett i Haugesund. Han har ein master i økonomi med spesialisering i finans og klar til å hjelpa den enkelte med totaløkonomien gjennom breidderådgjeving. Som tidlegare fotballspelar veit han at dei fleste ballane må rett i mål. Ylva Berg Vermundsen kom til Haugesund for å studera økonomi og administrasjon for 18 år sidan. Ho må tydeleg også ha studert noko anna, for ho er her fortsatt saman med sin familie. Ylva har også bakgrunn som gjeldsrådgjevar i NAV og arbeid i annan bank. Kontoret i Sveio skal dekka fullt spekter for sine kundar, det er årsaka til at avdelinga er «utstyrt» med to finansrådgjevarar. Haugesund Sparebank sin visjon - lokal, nær og personlig passar godt til desse to. At banken er lokal og kan bestemma

sjølv, er heller inga ulempe for lokale kundar. Visjonen har me i ryggmargen og det er den me lever etter, påpeikar dei begge. Banken trives svært godt saman med Sveibuen, men ein veit også at fleire nye kundar må til for å styrka grunnlaget for framtida. SER POSITIVT PÅ SVEIO At dei blir satt pris på er viktig, men at Sveio kommune er i framdrift er viktigare. Fleire innbyggjarar, stor utbygging, nye butikkar, stor industrisatsing og utvikling av Sveio sentrum blir lagt merke til. Banken tilbyr også minibank for innskot og uttak, tilgjengeleg heile døgnet. Her kan du også ta ut Euro. Kontoret er åpent mandag (10-15), onsdag (10-17) og fredag (10-15). Om desse finansrådgjeverane er like opplagde som på bilde heile tida vil me i magasinet i Sveio ikkje garantera, men sjangsen er stor:) TIL SLUTT BLIR DEI UTFORDRA Å SEI 3 TING OM SVEIO: - Sveibuen (positive, kjekke å prata med, ser ut til å vera lojale mot Sveio, engasjerte) - Naturen og friluftslivet - Stort mangfold av lag- og foreiningar, og mange er engasjerte i fleire Me takkar for god og viktig informasjon, og ser fram til gode råd når pengane er brukt opp på julepresangar - kjøpt i Sveio.

11


Kjenner du

REXTON?

Fin å sjå på, kjekk å vera samen med, frekk i kjøringa, kan dra 3.500 kilo og er verdt kvar krona. Det er SsangYong sin bilmodell Rexton me snakkar om. Du vil nyta kvar meter:)

SSangYong har bilar det er verdt å bli nærare kjent med

eisen

REXTON

TIVOLI

Pris fra: 369.900, varebil

Pris fra: 309.900

N

motor, 4x4 ns automat, eter, nytt design.

311.898,– eks mva

*

377.145,– eks mva

2.2 liter Euro 6 diesel / 4x4 / 178 hk / 400 dreiemoment Tilhengervekt 3500kg / Fås som både varebil og personbil Forhandler: Kongsbil AS

XLV

Adresse: Industriveien 23,2212 Kongsvinger

Telefon: 62 81 58 50

Nett: www.kongsbil.no

Pris fra: 349.900

1.6 liter Euro 6 bensin- og dieselmotorer / 4x4 / 115 hk 300 dreiemoment / Tilhengervekt 1500 / Bagasjerom 720 liter

LEIDAR

bruk 0,72 l/mil. startleie,

1,6 liter Euro 6 dieselmotor / 4x4 / 115 HK 300 dreiemoment / Tilhengervekt 1500

RODIUS

Pris fra: 439.900, varebil

2.2 liter Euro 6 diesel / 4x4 / 155hk / 360 dreiemoment Tilhengervekt 2000kg Fås som både varebil / 7 seters personbil CLASSIC VAREBIL

Fra kr 275.774,–

PREMIUM VAREBIL eks mva

Fra kr 324.185,–

Lillian og dei andre på Sveio Auto inviterer deg og dine til prøvekjøring. Demobilar står klar både hos Sveio Auto og Etne Auto. Leasing fra kr 2.495/mnd

Forhandler: Kongsbil AS

eks mva

Leasing fra kr 3.095/mnd

Adresse: Industriveien 23,2212 Kongsvinger

Leiteveien 14 - 5550 Sveio - post@sveioauto.no - 53 74 77 77

Telefon: 62 81 58 50

VAREROM 225 x 106 x 118 cm varerom med plant gulv

Nett: www.kongsbil.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.