Lene Røgelstad og Vidar Tendal er glade i Skånevik
Snart skal dei også bidra til auke i folketalet Begge er frå Skånevik, men har dei siste 6 åra utdanna seg og arbeidd i Bergen. No har dei kjøpt tomt og skal byggja hus i Skånevik. Lene har fått jobb på apotek på Husnes, medan Vidar allereie har starta i ny jobb på MOWI (tidligare Marine Harvest) i Skånevik. Me er ikkje byfolk Me likar å ha god plass, og ha det godt og fritt rundt oss, er begge einige om. Når dei no flytter tilbake er det også for å koma nærare familien. Me har alltid likt oss godt i Skånevik, smiler dei.
Vidar er ein «handyman» Vidar ser fram til stor garasje og god plass til verktøy og «mekking». Det har vore eit stort sakn i Bergen. Begge gler seg også til turar på sjø og til fjells.
Her har me alt me treng både barnehage, skule, fleire butikkar og eit godt aktivitetstilbod.
Vil du på sjøen i Skånevik går du ut på nedsida av huset, og vil du til fjells går du ut på oppsida av huset. Dei anbefaler sterkt andre å bu i Skånevik. Dette er verkelege ein fin plass å bu, eller ha hytta, både for små og store. Det er godt og trygt å veksa opp her. Ungane kan gå eller sykla åleine til skulen og fritidsaktivitetar, legg dei til.
Skånevik er ei bygd med liv i Skånevik er full av ildsjeler som lagar til ulike treningar, aktivitetar og mykje anna som er kjekt å vera med på. Kvar sommar er det for eksempel bluesfestival for dei vaksne ei helg, og deretter pippifestival for ungar ei anna helg. Eit levande sentrum med koselege butikkar som verkeleg bryr seg er også av høg verdi. I Bergen kjenner me ikkje naboene og snakker ikkje med så mange. I Skånevik bryr folk seg om kvarandre. Skånevik har også mange og varierte arbeidsplassar, seier Vidar. Alt frå handverkarar til ingeniørar og servitørar. Er ein villig til å pendle har ein enda fleire mogelegheitar. Ferje til Kvinnherad og båt til Stord gir god tilgang til distriktet. For Lene som skal arbeida på Husnes og mora hennar som arbeider på Valen er dette avgjerande.
Velkommen til Bulyst Skånevik laurdag 25. mai, me feirar Skånevik og har visning på ledige tomter, hus og hytter. Skulle du som les dette vurdera flytting til Skånevik tek du kontakt med Vigor Bygg og/eller Etne Tomteselskap. Ynskjer du hytta kan du ta kontakt med Tungesvik Hytto.
PRESTALIO Vinnarskalle.no
Hovudsamarbeidspartnar:
Å bu borte nokre år gjer ofte at ein ser litt klarare verdiar ein ikkje har sett når ein var midt oppi det. Nokre år på utsida har gjort godt for Lene og Vidar. Men no gler dei seg til å koma heim. Det er ikkje berre sommarfuglar dei har i magen. Velkommen heim!
Med helsing Prosjektgruppa: Kjetil Nedreskår, Torgeir Tungesvik og Linda Bøthun. Prosjektleiar: Vinnarskalle as ved Frank Robert Abelseth