Randi og Leif Bjørnar heiar på Skånevik
Randi Aga Larsen og Leif Bjørnar Larsen flytta i påsken inn i nytt hus i Prestalio i Skånevik Der har dei fantastisk utsikt over Skånevik og Sunnhordlands-bassenget. Skal du ta bilde til prospektkort kan du heilt sikkert få nytta terrassen deira. For makan til norgesreklame skal du leita lenge etter. Sjølv om begge er oppvaksne i Skånevik greier dei fortsatt å gleda seg over det dei ser og opplever.
Bestefar til Leif Bjørnar er medskuldig Bestefar min var Skåneviks-patriot på sin hals, seier Leif Bjørnar. Han trykte opp eigne t-skjorter med Skånevik-songen som han gav til heile familien. Me har fått patriotismen tett «på brystet» for ei sei det slik, legg Leif Bjørnar til. Randi må berre nikka og setja to strekar under svaret. Som rekneskapsførar hos Tveit Regnskap i Etne likar ho seg best når ho kan det. Leif Bjørnar driv som tømrar og arbeider for det meste på oppdrag for Vigor Bygg og Tungesvik Bygg. Han legg til at han helst ikkje reiser ut av bygda på arbeid, men gjer også det om det trengs. Er du patriot så er du patriot. Nokre år i Haugesund og Stavanger måtte til Studiar førte dei vekk frå heimbygda nokre år. Men det har aldri vore tvil om kor dei skulle enda opp. Tryggleiken for borna er kanskje den viktigaste fordelen med å bu i Skånevik. Naturen er også fantastisk seier begge. Dei nevner også omgangskretsen som «topp 3». At dei fleste venene våre bur her har sjølvsagt stor betydning, nikkar dei begge. Til sjø og til snø på nokre minuttar Røldal og Korlevoll er jo berre ein kort koseprat unna, seier Leif Bjørnar. Det er heller ikkje meir enn nokre «knop» til vakre Sunnhordland. Eit område Norge reklamerer for over heile verda. Leif Bjørnar som har stått ein time i kø frå Harfsfjord til Tjensvollkrysset, veit å verdsetja «det frie». Festivalar og mange ulike arrangement er også noko dei set stor pris på. Sjølv om det for tida blir meir Pippi-festival enn blues for oss, smiler begge.
At Skånevik har attraktive butikkar og ulike tilbud i sentrum gjer at dei sjeldan treng å reisa så langt. Du får mykje av det du treng med eit smil på kjøpet. At Skånevik har eit stort og breidt næringsliv er det ikkje så mange som veit. Leif Bjørnar og Randi er imponert. Heile livet er bra i Skånevik Det er mykje dei kan trekka fram når det gjeld å bu eller å ha hytta i Skånevik. Under praten kom også hurtigbåten frå Bergen innom. Me kunne spasert om bord og vore i Bergen før me var ferdige med korrekturen. Eit fantastisk tilbud som også skaper liv i sentrum.
Me takkar Randi og Leif Bjørnar for praten, og kan lett rekna oss fram til at eit liv i Skånevik vil gå i pluss! Nokre tømmermenner etter ulike festivalar får me tåla. Velkommen til Bulyst Skånevik laurdag 25. mai, me feirar Skånevik og har visning på ledige tomter, hus og hytter. Er du interessert i hus og/eller tomt i Skånevik kan du kontakta Vigor Bygg og/eller Etne Tomteselskap. Er du interessert i hytta kan du kontakta Tungesvik Hytto.
PRESTALIO Vinnarskalle.no
Hovudsamarbeidspartnar:
Leif Bjørnar brenn for fotball og Randi for handball At begge nå er ute med den same skaden hindrar dei ikkje i å tenkja tankar om comeback. A-laget er fortsatt eit mål for Leif Bjørnar. Det var ikkje stas å stå på sidelinja under treningskampen mellom Etne og Skånevik, legg han til. Idrettshallen er viktig for både handball og mange andre aktivitetar seier Randi.
Med helsing Prosjektgruppa: Kjetil Nedreskår, Torgeir Tungesvik og Linda Bøthun. Prosjektleiar: Vinnarskalle as ved Frank Robert Abelseth