Jau.
No gjer eg da - No berre hiv eg meg i da
KJØKKENDAGAR I ODDA
BESØK OSS I ODDA
Torsdag - fredag og laurdag 19., 20. og 21. april med langope.
- dei gode stundene
KJØKKEN • BAD • GARDEROBE • VASKEROM
FJORDAKÅNA FRÅ LOTHE FEKK NY ARBEIDSPLASS Eli Karin Lothe kjem opprinneleg frå Ulvik. Kjærleiken blomstra, og i 1978 flytta ho til garden Brekke, der Magne Lothe regjerte. I 1982 flytta dei inn i nytt hus. Bygda Lothe ligg ca 5 km frå Utne mot Jondal. Dei driv med frukt, og fram til 80-talet også sauer. Garden har vore i familien heilt tilbake frå 1500talet, og sonen har overtok i januar. Dei tre vaksne døtrene bur i Odda. Eli Karin arbeidde som reinhaldar i mange år, har delteke i gardsarbeidet og gjort sitt beste for at også dei fire borna skulle blomstra. Ein mann krev jo også litt stell, får me vita med eit smil med på kjøpet. HADDE TENKT PÅ NYTT KJØKEN LENGE, MEN DET ER JO LITT PENGAR Eli Karin held gamle tradisjonar ved like vil mange sei. Ho ser på kjøkenet som sin arbeidsplass. Hadde lenge tenkt å fornya, noko både døtrene og Magne var einige i. Dottera Marit hadde kjøpt nytt kjøken av Knapphus Kjøkkensenter og var svært fornøgd seier Eli Karin. Eg og Magne køyrde avgarde, og det var ikkje vanskjele og koma til Ragnhild og Hildegunn på Knapphus Kjøkkensenter i Odda, legg ho smilande til. Eg ville ikkje ha kvitt kjøken, men kva skulle eg ha i staden? Dei hadde fått inn ei ny utstilling dagen før me skulle ta dei siste detaljane og då var eg solgt. Eg likte både fargen, modellen og knottane. DETTA KONNE IKKJE BLI BETRE Når naboane kjem er eg stolt av kjøkenet mitt. Knapphus Kjøkkensenter reiv og fjerna alt. Frå golv til tak. Storleiken på rommet er som før, men det virkar mykje større no. Var dårleg utnytting av plassen før. Fantastiske arbeidsfolk. Pliktoppfyllande og svært dyktige. Gjorde alltid så godt dei kunne, legg Eli Karin tydeleg til. Eg synes alt er berre så fint. Eg har jo fått meg ein heilt ny arbeidsplass. Må klypa meg i armen. No vil både eg og alle andre vera på kjøkenet heile tida. Dette skulle eg ha gjort for lenge sidan. At alt dette kunne bli gjort utan at ho og Magne trong styra og organisera med noko var viktig for dei.
Magne synes også det er fint og kjekt. Han er ikkje så veldige med matlaging, og er helst ute og jobbar. Men han var med å bestemma. I det minste fekk han jo kjøra bilen til Odda, ler ho. HAR DET BLITT BETRE MAT MED NYTT KJØKEN, LURER SKRIVAREN Jau. Nei... Eg veit ikkje eg. Men det er mykje kjekkare og raskare å laga mat no. Eg lagar eplemos, kirsebærsylta og plommesylta til husbruk svarar ho, då me spør om dei nyttar noko av frukta til eige bruk. No skal eg og badnabadne baka kråtakaker i vinterferien. Det gler me oss til. OGSÅ BADET VART NYTT FRÅ TOPP TIL TÅ Alt er tatt frå bunnen. Dei er så flinke til å finna gode løysingar både for kjøken og bad seier Eli Karin. Gode skap og skuffer, og ei flott dusjløysing. No er det lett å halda reint både folk og bad, flirer ho. Ho tårer nesten ikkje nevna at det vart levert feil vaskeplata til badet. Eg grua meg til å seia i frå til dei kjekke folka, men dei var til og med lika blide då. Da vart ordna med ein gong. DET VAR JO IKKJE SÅ SKOMMELT ALIKAVEL Å stå fram i reklame kan for mange opplevast som skommelt. Det tykte også Eli Karin då ho fekk spørsmålet. Kjekt å gjera noko igjen for den gode behandlinga me har fått. Vil jo at Knapphus Kjøkkensenter skal greia seg godt dar inne i Odda, legg ho til. No skal dagane nytast med strikking, matlaging og besøk. Ei fjordakåna veit å gjera dagene gode både for seg sjølv og andre. Kor Magne gøymde seg då fotografen dukka opp er det ingen som veit. Men ein god prat og nokre tips om stell av frukttrær fekk me. Ansvarlig for montering og snekkerarbeid er Knapphus Kjøkkensenter i samarbeid med Roar Orrestad AS. Knapphus Kjøkkensenter takkar for eit svært godt samarbeid og god servering. Å gleda ei fjordakåna og ein fruktbonde gjer me gjerne igjen.
Nye løysingar gjer at dagens kjøkken er lettare å finna fram i.
Ei fjordakåna veit å stella godt med besøkande...
Eli Karin og Ragnhild er begge opptekne av trivelege og effektive kjøkken.
FØR
ETTER
Vinnarskalle.no
KJØKKENDAGAR I ODDA
Torsdag 19. kl. 10-20, fredag 20. 10-20, laurdag 21. 10-16
Er dette ditt nye kjøkken?
ME KAN ORDNA ALT
Teikning, riving, fjerning, golv, tak, elektrisk, vatn, snekkerarbeid...
40%
På alle kvitevarer fra AEG ved bestilling av kjøkken innan fredag 27. april
KURS
AEG sin spesialist kjem på besøk torsdag 19. april. Meld deg på følgjande “timeskurs”: kl. 13.00 - damp kl. 14.00 - steike kl. 15.00 - kombi (steik/damp) kl. 16.00 - damp kl. 17.00 - kombi (steik/damp)
EIT FARGERIKT KJØKKEN? Fredag 20. april
Fargerike i Odda blir med oss og gir tips om trendar, fargar og produktråd mellom kl. 13.30 og 16.30.
Påmelding til 488 91 180
knapphus-kjokkensenter.no Eitrheimsvegen 8, 5750 Odda, 488 91 180, ragnhild@knapphus-kjokkensenter.no Åpent: Mandag - tirsdag: 10.00 - 16.00, ondag: Internt arbeid, torsdag: 10.00 - 18.00, fredag: 10.00 - 16.00