Nytt kjøkken? - Då skal du snakka med Hildegunn og Ragnhild
LES OM: Eva og Svein Erik frå Odda fekk nytt kjøkken
BLINDLEIA / Oliven: En klassisk og tidløs modell med rette endekanter og profilerte detaljer. Dette er en allsidig og stilren modell som også egner seg godt med omramming og fremtrukket sokkel.
Hildegunn
Ragnhild
BESØK OSS I ODDA
O D DA
– dei gode stundene
KJØKKEN • BAD • GARDEROBE • VASKEROM
Nytt kjøkken og nydeleg utsikt. Ikkje rart dei nyt dagane…
EVA OG SVEIN ERIK KOKAR GODT I LAG HEILT PÅ TOPPEN AV ODDA i Ragdevegen 167, bur Eva Hansen og Svein Erik Øyna, saman med jentene Ida og Mia. Eva, Ida og Mia undrar me? Ja, tre bokstavar og med a-ending kan eg greia, flirer Svein Erik. Eva flytta frå Danmark til Odda då ho var 4 år fordi faren var svært interessert i natur og jakt. Dei skulle vera der eit år, men ho er her enno. Eva jobbar i Rabben Barnehage, medan Svein Erik leitar etter lys i tunnelen gjennom sitt arbeid som tunneldrivar.
DEI SER LYST PÅ DET EVA OG SVEIN ERIK Dei har vore saman i 20 år. Budde først i Skare, deretter i kjellaren til foreldra til Eva som bur tre hus lengre nede. Det måtte bli Skare eller Ragde. Etter ei stund spurte dei rett og slett huseigaren om han ville selja huset. Det enda med at Eva og Svein Erik kjøpte ei leilegheit berre eit lite steinsprang lengre nede, og deretter byta dei bolig i 2007. På solsida av Odda legg Eva til med eit smil. Jentene Ida og Mia likar seg også godt på “Ragde”, og utsikta gjer at dei har full kontroll over heile Odda.
HAR SNAKKA OM NYTT KJØKKEN SIDAN ME FLYTTA INN I 2007 Kjøkkenet som var i huset då dei overtok var velholdt og fint brukt. Eva innrømmer likevel at ho har tenkt på nytt kjøkken heile tida, men bestemte seg tidleg for at dei kunne venta til ungane hadde “klatra frå seg”. At ho har smugkikka på mange ulike kjøkken og løysingar i desse åra er noko ho har kost seg med. Mange gode tips og mykje inspirasjon å henta både gjennom interiørblad, besøk hos andre og i ulike kjøkkenbutikkar.
KVA VAR VIKTIG VED VALG AV NYTT KJØKKEN? God benkeplass var noko me sakna. Maskinar til toast, smoothie, kaffi m.m. tok mykje plass og stod ofte i vegen. No har me også fått store skuffer som gjer at me ser kva me har. I dei gamla skapa stod det mange “snurre-piperier» for å sei det slik. Har også valgt 2 innebygde kjøleskap, og det har vist seg å vera svært bra. Valgte også steikeovn og dampovn. Eva er litt overraska over at ho stort sett alltid brukar både steikeovnen og dampovnen når ho lagar middag. Mykje mat blir betre i dampovn og det er kjekkare å eksperimentera.
SVEIN ERIK SINE PANNEKAKER TRENG INGEN DAMPOVN Jentene Ida og Mia likar også å baka. Boller og ulike kaker set lukt og godstemning i heile huset. Men kun noko dei sjølv likar, flirer jentene. Har dei lyst på pannekaker er det Svein Erik som må i ilden. Han likar også å laga nokre favorittar til middag, og ser fram til å prøva ulike steiker i dampovnen. Me vart advart av fleire mot å kjøpa integrert kaffimaskin. Argumenta var at den berre vart brukt i starten og at det var noko “herk” å reingjera den. Begge kan bekrefta at integrert kaffimaskin har blitt ein stor suksess. Eva smiler godt når ho kan fortelja at det er Svein Erik som tek seg av reingjeringa. Det er han som tek tabletten, smiler ho. Dei valgte også sjalusiskap til Kenwood’en. Der står den saman med Moccamasteren, godt skjult og lett å henta fram. Inni skapet er der også straum og dei er klare til bruk.
DET ER MANGE TING DU IKKJE HAR TENKT PÅ FØR DU SNAKKE MED FOLK SOM HAR PEILING Eg sa vel at ho fekk bestemma alt, men eg hadde nokre meiningar, seier Svein Erik om valg av kjøkken. Det var bra at me var grundige og fekk god hjelp. Ragnhild på Knapphus Kjøkkensenter Odda må vel vera lei av oss etter mange ulike teikningar og forslag. Dei valgte svart kjøkken, men dei første tankane var kvite. Dei vurderte også ei stund å blanda, men alt passar til svart, legg Eva til. Benkeplata vart bestilt kvit, men dei endra heilt på slutten. Valgte også å ha “kjøkkenbordet” i stova for å få god plass til matlaginga.
DET ER MYKJE KJEKKARE Å LAGA MAT NO Kanskje skulle me hatt fleire overskap? Det er ikkje mykje Eva og Svein Erik kan komma opp med når me spør om det er noko dei saknar i det nye kjøkkenet. Men fleire overskap kan me evt. få seinare legg Eva til. Det var Svein Erik og broderen som monterte, så då er det jo ikkje noko å klaga på der heller. I tillegg til å vera svært fornøgde med hjelpa dei har fått av Ragnhild på Knapphus Kjøkkensenter Odda, har dei også vore innom Knapphus eit par gonger. Me har fått svar på alt me har spurt om, og hadde ikkje visst om mykje av det me har valgt utan profesjonell hjelp, seier Eva. Å få eksperthjelp lokalt frå nokon som bryr seg har vore heilt topp for gjengen på toppen av Ragde. Me takkar for praten og gler oss over at det no er blitt andre boller på toppen av Ragde.
Teknisk vegg med både steikeovn og dampoven.
Ventilator på vegg
Dampovn med innstillingar som gjer at den kan ordna det meste sjølv.
xl-skuffer som gir god plass og oversikt.
To kjekke damer som kosar seg på det nye kjøkkenet.
God plass til både kokken og det som skal brukast.
Vinnarskalle.no
KOM INNOM FOR EIN KOSELEG KJØKKENPRAT
ME KAN ORDNA ALT
Teikning, riving, fjerning, golv, tak, elektrisk, vatn, snekkerarbeid...
Er dette ditt nye kjøkken?
30%
På alle kvitevarer frå AEG og SIEMENS ved bestilling av kjøkken innan fredag 10. mai
KURS
SIEMENS sin spesialist kjem på besøk torsdag 23. mai. Du vil få tips og lærdom innan damp, steik, kombi, kaffemaskin m.m
Kurset startar: kl. 17.00 og 19.00 (Varer maks 2 timar)
Påmelding til 488 92 042
KOKANDE VATN RETT FRÅ KRANEN Kom innom å sjå noko du verkeleg vil få gleda av.
20%
Du får på Quooker ved kjøp før 10. mai.
O D DA
– dei gode stundene
knapphus-kjokkensenter.no Eitrheimsvegen 8, 5750 Odda, 52 76 70 70 Åpent: Mandag, tirsdag, onsdag og fredag: 10.00 - 16.00. Torsdag: 10.00 - 18.00