RETRO-BONDEN ANITA ØVREGÅRD MØKKABLAD 2019 Eit framifrå magasin frå Vindafjordbonden
BONDEMARKNAD I ØLEN
LES Terje n e Kleiv od
yreg Dr. D s. 12
Vindafjordbonden inviterer til Bondemarknad for heile familien
E: T T E D Å S OG GD VIKEBY Å VEKS P MELK
i Ølen lørdag 21. september (sjå baksida)
RE TO BRØDLDE DRIV VE N MASKI s. 8
s. 10
1 MØKKABLAD
VINDAFJORDBONDEN DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS
>> AUKA
STATUS OG OMDØMME
Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppemøter, innlegg på fjesbokå og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Ulike omtalar i media har også bidratt.
>>
GARDSKILT
Me må visa igjen som andre bedrifter.
>> PROFILERING
Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder.
>> BONDEMARKNAD
Ein utruleg kjekk dag, der me fyller Sjoargato i Ølen for å visa litt av alt det Vindafjordbøndene har å tilby – frå maskinar til mat og dyr.
>>
DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED
Eg håpar du kosar deg med magasinet og ynskjer alle velkommen til Bondemarknad i Ølen 21. september.
>> HELSING
Andreas Lundegård, styreleiar i Vindafjordbonden AS
>> LANDBRUKET I VINDAFJORD Kvar morgon ruslar 420 bønder ut i fjosane sine, og i løpet av eit år utgjer dette om lag 700 årsverk eller 1,2 millionar timar med arbeid… Jordbruksarealet pr. bruk er 196 dekar.
>> VISSTE DU AT:
Bondem i Ølen arknad 21. se lørdag ptembe r Vindaf j
flyttar ordbonden garde til Sj oargat n sin a i Øl en. Opplev alt fr å dyr landb leikar ruksmaskina , r, og sal av lok mat. S alet av da bli de ltidsb gen og onde f nokre timar. or
Vindafjord er landets 4 største husdyrkommune med: • 3 200 mjølkekyr, som kvar mjølkar 7600 mjølkekartongar • 7 800 rautande kviger og stutar • at det finst 16900 sauehalar i Vindafjord • 1 000 avlsgriser • 50 000 slaktegris/år – tenkt kor mange koteletter det er…
Forvaltar totalt eit areal på 620 000 dekar. Vindafjord har eit produktivt skogsareal på 250 000 dekar og avvirkar mellom 10 000 og 20 000 m3 tømmer pr. år. Brutto verdiskaping i landbruket i Vindafjord er om lag 400 mill., og Vindafjordlandbruket er hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord med 14% av alle sysselsette. t - design EG: Ide - teks MAGASINANSVARL elseth. Ab , Frank R. Vinnarskalle AS R. Abelseth k an Fr tveit / FOTO: Jan Nord bedriftar i Husstandar og DISTRIBUSJON: Etne Vindafjord og jordbonden AS af nd UTGIVAR: Vi
MEDLEMMER I VINDAFJORDBONDEN Det er desse medlemmene som er grunnlaget for at Vindafjordbonden AS eksisterer og kan gjera dei ulike tiltaka ein gjer.. 1. 2. 3. 4 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19.
Alf Egil Vaula Andreas Eikeland Anita og Tore Øvregård Arild Eide Arve Gramstad Asbjørn Alendal Bengt Bådsvik Bjørn Alvseike Bård Arne Lunde Eivind Vik Elisabeth Nesheim Endre Krakk Eva Lise og Andreas Lundegård Frode Grindheim Geir Tofte Grethe Sørhus Gudmund K. Håkull Gunvor Bakke Gurine Blikra
20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38.
Hans Ilstad Harald Velde Harald Hetland Harald Eikanger Harald-Olav Stuhaug Hege Sørhus Heidi og Eivind Lien Henrik Nerheim Henry Eike Herlof S. Lærdal Inga Steinsland Ingvild og Eirik Nesheim Jakob og Borghild Eskeland Johannes Vestbø Johannes Hustveit Jone Skartland Jostein Sørhus Jostein Halvorsen Jørn Apeland
39. Jørund Velde 40. Kari og Jan Idar Haugen 41. Karl Larsen 42. Kjartan Kalstveit 43. Kjell Thomas Kirketeig 44. Kjell Vidar Øglænd 45. Kjetil Skartland 46. Knut Øvstedal 47. Lars A. Lien 48. Lars Henry Dagsland 49. Leif Bjarne Olsen 50. Lundal Skjold 51. Magnar Helgevold 52. Magnar Fjeldheim 53. Magnus Frøyland 54. Maria og Håvard Jæger Tveit 55. Marit Rimestad 56. Norleif Fjeldheim 57. Oddvar Kjærland
58. 59. 60. 61. 62. 63. 64. 65. 66. 67. 68. 69. 70. 71. 72. 73. 74. 75. 76.
Ole Johan Vierdal Osmund Birkeland Per Arnvid Landa Roald Haraldseide Roy Erik Hetland Rune Ersland Severin Fatland Stein Øyvind Aase Steinar Nesheim Svein Sigurd Haraldseid Terje Kambe Torleif og Else Gurine Stople Trond Haugland Trond Skogen Trond Berge Trygve Meland Wenche Torstveit Øyvind Haakull Åsvald Imsland
Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DET Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta.
Omega Design
Stein til hagen? KANTSTEIN til plen, inngangsparti el.l.
PARKSTEIN Vekt pr stk: ca 3 kg Mål: 20 x 10 x 6 cm (L x B x H)
Vekt pr stk: fra 12 til 29 kg
Parkstein grå: kr 2,50 pr stk / 125,- pr m2
Fra kr 21,25 pr stk / 425,- pr m2
FORSKALINGSBLOKK Vekt pr stk: fra 25 kg Mål: 60 x 20 x 20 cm (L x B x H) Kr 19,90 pr stk / 166,- pr m2
Parkstein farget (bl.a.koks, rødmix): kr 2,70 pr stk / 135,- pr m2
FRA KR
FRA KR
2,50
FRA KR
21,25
pr stk
19,90
pr stk
pr stk
MINI TRØNDER STØTTEMUR
HELLER
Vekt pr stk: fra 12 til 26 kg Mini trønder kr 26,45 pr stk / 635,- pr m2
30 x 30 eller 40 x 40 cm Vekt pr stk: fra 11 til 30 kg Fra kr 14,50 pr stk / 160,- pr m2
Mini trønder rustikk kr 28,33 pr stk / 680,- pr m2
FRA KR
28,33
FRA KR
14,50 pr stk
pr stk
www.olenbetong.no ØLENSVÅG tlf 53 77 52 00 • HAUGESUND tlf 52 72 65 90 • mail@olenbetong.no
Ferdigbetong
Betongvarer
Betongelement
EIGEN BENSINSTASJON PÅ GARDEN PASSAR GODT TIL VOLVOTREFFET.
ANITA ØVREGÅRD – Det er berre å gønna på!
Gå for det du har lyst til og likar, seier Anita Øvregård. Som eit tips til andre som går svanger med ulike draumar. Oppvaksen i byggefelt i Skjold, men no retrobonde i Imsland. Det var under utdanninga på Haugaland Vidaregåande skule i Haugesund ho møtte Tore Øvregård. Då Anita var ferdig utdanna sjukepleiar, kjøpte dei seg hus i Haugesund. Hadde knapt flytta inn då førespurnaden kom om dei hadde lyst til å overta garden der Tore var oppvaksen. Melkekvoten var i ferd med å gå ut, og noko måtte gjerast. Tore kjørte langtransport også på den tida, og sa det var opp til Anita. Det var ikkje noko å tenkja på. Dei flytta til Imsland.
Det var ingen kyr på garden, men fjosen var i god stand
Dei bestillte ei heil besetning og gjekk i gong. Så var det til å malka då… Anita eller Tore hadde lite erfaring på dette. Det første året var det spannmalking. Har du lyst til noko så får du til det du vil, meiner Anita. Og me hadde kjempelyst, legg ho til. I år var Tore og Anita på Lillestrøm og mottok sølvtine for 15 år med elitemelk. Dei siste vekene før den siste innleveringa rauk melketanken og dei fekk i tillegg sjuke dyr. Mykje arbeid og ein god nabo vart redninga. Elitemelk i 15 av utdanninga i 2007 stå kva som skjer har også gjort at
MØKKABLAD 4
15 år står det respekt av. Agronomvar heilt avgjerande seier Anita. Å forog kvifor, kunna delta i diskusjonar osv. interessa for bondeyrket har auka.
Ein gard er bra for mange
I 2015 var Anita på eit møte der ho fekk opplysningar om at det var litt drahjelp å få til eit tilbud på garden for eldre og demente. Ei gruppe på opptil 6 personar kjem til Øvregård ein dag i veka. Dei kjem ikkje til dekka bord, men med god hjelp av Anita og ei frå kommunen lagar dei til frokost og middag. I tillegg til å gå tur, fiska og litt enkle tilpassa aktivitetar. Det handlar om å få auka livskvaliteten, gjennom meistring i eit godt miljø. Ho får mange gode tilbakemeldingar frå alle som er rundt.
Grovt flatbrød fra Øvregård
Anita er også viden kjent for sine knakande gode flatbrød. Noko ho starta med etter eit kurs som heiter Matsmia. Anita kjente med ein gong at dette var kjekt. Ho bakte når ho kom heim, men hadde ingen planar om å selja. I dag leverer ho til fleire butikkar, nokre restaurantar og står sjølv for salget på marknadar. Det har tatt heilt av, smiler Anita. Kurs i brødbaking tilbyr ho også.
Øvre etasjen i gamle-låven var slett ikkje i god stand
Borna fekk ikkje lov til å gå opp dit. Det meste som er der i dag er frå garden eller frå kjente. Ho tek også imot grupper både frå lokalmiljøet og større grupper som kjem gjennom buss-selskap. Då blir det servert suppa med flatbrød frå Øvregård, eller pizza. Dei besøkande kan også laga sin eigen pizza. Å steika sin eigen pizza i steinovnen er svært populært.
ANITA HAR MANGE ATTÅTNÆRINGAR
Anita er nå heime på heiltid og har funne sin måte å driva garden på
Klarer dei 25 år med elitemelk får dei melkespann. Må jo setja seg mål, seier Anita. Når det gjeld framtida har me planar om å byggja bakeriverkstad. Tore fortjener også ein skikkelige garasje, seier Anita. Tore tek seg av mykje av gardsdrifta når han er heime frå langtransporten, med kjøring mellom Stavanger og Rudshøgda. Me er eit svært godt team og jobbar godt i lag, seier Anita. Me forstår kvarandre.
Kva med interessa for Retro?
Alt me har er i «veteran-modus». Me køyrer gamle bilar, har gammalt utstyr og likar rett og slett «det gamla». Eg er jo oppvaksen på 70-talet og er sikkert påvirka av den tida. Det ser ut til å berre bli meir og meir. No når eg har passert 40 er eg også «tøff nok» til å gå i det eg vil og gjera slik eg vil. Det er ikkje berre utanpå me er «retro». Me er det også i sjela.
Volvotreff
Når ein malkar 365 dagar i året kjem me sjeldan vekk frå garden. Me hadde lyst til å reisa på biltreff, men fekk det ikkje til, seier Anita. Då fann me ut at me ville laga eit Volvotreff på garden. Me bygde ein enkel «BP-stasjon», som er midtpunktet i Volvo-treffet. Borna står i kiosken, og 40 bilar med 150 personar nyt stunda på garden. Volvoar frå Lista til Øystese tek turen. Det er eit ope arrangement, men dei som ikkje har Volvo må parkera på bygdahuset, smiler Anita.
Det er berre å gønna på om du har noko du har lyst til seier Anita
Det har tatt lang tid og det ligg mykje bak det ho driv med og det dei kan tilby på garden i dag. Ho er svært stolt av Rogaland Landbruk sin hederspris for 2018, men eg gjer jo berre det eg likar å gjera, seier ho.
Må du gå med kjole mamma. Kan ikkje du berre gå i vanlige klær?
Joda, borna har levert nokre kommentarar på at «alt» skal gjerast spesielt. Anita lever og åndar for «det gamle». Aspikk til frokost set ein spiss på kvardagen (Aspikk er denne «gelèen» som det er grønnsaker, egg, reker m.m. inni). Ikkje kvardagskost, men det er mykje «gammalt» det er viktig å ta vare på. Vindafjordbonden takkar Anita, Tore og borna for å krydra kvardagen for mange, og å opprettholda ein gard som kanskje ikkje er høgast prioritert i dagens «storsatsing». Ein melkekvote på 70.000 liter krev attåtnæring. Anita har laga sine eigne attåtnæringar.
Lukke til vidare, og takk til alle bønder som gjer det beste ut av det dei har!
5 MØKKABLAD
Din lokale elektriker Vi har lang erfaring med landbruksinstallasjoner og har gode løsninger både ved nynygg og rehabilitering. Det er du som eier av gården som har ansvar for at det elektriske anlegget er i orden. Husk at Mattilsynet kever gjennomføring av elkontroll, og avvik må lukkes. Vi hjelper deg!
• Landbruksinstallasjon • Rehabilitering • El-kontroll NEK 405 1/2/3 • Kontroll og drift av brannalarm 52 76 60 00 www.helgevold.com
Espen Steinsland, Jan Roger Mo, Mårten Håheim, Arve Vågen og Leif Harald Ramstad er blant våre dyktige folk på landbruksinstallasjoner.
• Kundeorientert • Lokal tilknytning
• Fremtidsrettet • Tilhørighet
adsign.no
Velkomen til vèrlamkåring og Bondens marknad i Etne 28. sept.
Alle prisar eks. mva. Gjeld t.o.m. 30. september
E J N A N P E K M K I T KA U B K F I Alle FK oljer
IMPREGNERT GJERDESTOLPE
DRENSRØYR
6X175 cm
21,60 25,60
PRAGMA
32,-
PRAGMA
Tilbudspris gjeld ved kjøp av heil bunt
264 stk pr bunt
7X175 cm 203 stk pr bunt
8X175 cm 150 stk pr bunt
-20%
Tilbudspris gjeld ved kjøp av heil kveil.
75mm 6m pr/m
PRAGMA 110mm 6m pr/m 160mm 6m pr/m
15,21,-
KUTTERSPON 30 KG ÅMLI
72,-
56,-
(82,40)
FK BUTIKKEN ETNE
GOD
DÅRLIG
Tlf. 53 77 11 30 Mandag–fredag: 8-18 Lørdag: 9-15
Alle prisar eks. mva. Gjeld t.o.m. 30. september
Vi satser på landbruk! Vi hjelper deg å få brikkene på plass! Vi kjenner godt utfordringene og behovene til landbruket, og tilbyr lokale rådgivere som kan treffe deg på gården eller på ett av våre lokale kontor. Kontakt oss på tlf 915 02 002.
Eiendomsmegling
Skadeforsikring
Sparing og pensjon
Personforsikring
Lokale kontor & egen landbruksrådgiver
Vipps
Driftskreditt
Finanisering
Leasing
ER OG MARTIN BØVRE GØRAN SPARTVEIT PÅ NE RA KE NI KA E ME TO AV DEI DYKTIG IN SK MA E LD VE
xx
. VELDE JØRN B S A D OG DRIV HARAL ØDRE SOM VER. R M B A FR O TO NDRE KVARA
MØKKABLAD 8
VELDE MASKIN
– Ein varebil til 5.000 og ein skiftenøkkel Asbjørn Velde vaks opp på eit deltidsbonde-småbruk i Øvre Vats med 6 kyr. Det var minstekvoten den gonger. Faren starta som bonde i 1980, og dreiv den type gard som stort sett er borte i dag. Asbjørn, som er yngst av 3 brødre, tenkte aldri på å driva gard. Ei teknisk interessa gjorde sitt. Meg å broderen som driva detta
Kunden er også bevisst på ein heilt annan måte. At dei er litt yngre og har høgare kompetanse krev mykje av oss. Me blir bl.a. utfordra på å hjelpa til med å halda driftskostnadane nede, der «nedetid» ikkje er bra. Kva prosess er det du leverer rundt dette med «ballar»?, spør ofte kunden. Det er ikkje godt nok å «berre» levera utstyret. Asbjørn klarer ikkje sjå nokon nedgong i landbruket. Då må du vilja det, seier Asbjørn. Og det er nok alltid nokon som vil det.
Er det liv laga? Kva vil markedet sei?
Er det å driva for seg sjølv det rette?
På same tida som Velde Maskin starta trekte Valtra sine traktorar ut av Felleskjøpet
Kva er viktig for å lukkast som bonde i framtida?
Asbjørn starta Velde Maskin i 2002. Han er utdanna bilmekanikar og jobba nokre år i Kristiansand og Haugesund. Eit opphald på Westcon og litt lastebilsjåfør står også på CV`en. Han var 24 då han kjøpte ein varebil til 5.000, litt verktøy og gjekk i gong. Varebilen vart mykje godt heimen til Asbjørn den første tida. At broren Harald er med er svært viktig for Asbjørn. Det er det mange som lurer på når dei vurderer å starta for seg sjølv. I starten var tilbudet alt innan sveisog reperasjon til landbruket, anlegg og bil. Etter eit år vart Leif Arne Kallestadbakken ansatt som lærling, og er der enno. Det er stor stas for Asbjørn. Han kan ikkje skrøyta nok av dei tilsette.
Velde Maskin fekk kontrakt på service og seinare salg av Valtra sine traktorar. Det har betydd mykje. Då starta jobben med å byggja butikken rundt det varemerket.
Men 1. september 2016 kl 09.10 fekk Asbjørn telefon om at importselskapet trakk sin aktivitet ut av Norge. Då var grunnlaget på gyngande grunn for Velde Maskin. Då var me i klemmå. Så grevligt, seier Asbjørn. Kikkar lenge og vel i betonggolvet. Me var litt nede for telling nokre dagar der, kan du sei. Så ville tilfeldigheitene det slik at den Tyske traktorprodusenten Claas var på jakt etter salgskanal. Dei hadde jobba litt med Claas tidligare, og ein avtale vart signert. Du må aldri sei noko stygt om ein traktor. Før du anar det sel du han sjølv, flirer Asbjørn.
Hovedkundane er landbruket rundt oss
Teoretisk har me 18 kommunar me arbeider i. Landbruket rundt oss er svært vitalt. Unge, villige, kunnskapsrike pådriverar som går for nye trendar og verkeleg satsar. Det er ingen som går baklengs i dette området. Tonen er optimistisk og framover-retta.
Nøkkelen til at Velde Maskin har klart seg er å ha dei rette arbeidsfolk
Det er ein tøff bransje, små marginar og mykje press. Sesong-problematikken er bl.a. ei utfordring. Å halda tritt med utviklinga er krevjande. Ein traktor i dag er noko heilt anna enn i går. Før kunne ein bilmekanikar sei at ein traktor var enkel og ein bil var avansert. I dag er det gjerne motsatt.
Me har jo lagt ein del ner… Kva skal eg sei om det då… Det kostar tid og krefter. Du skal vera motiverte. Det er mange gode grunnar til å gi seg. Men me likar å vera med og konkurrera mot dei store og etablerte. Det går sjølvsagt mindre tid til jobben nå, ein familie skal også ha sitt. Det handlar om folk. Å laga det rette miljøet.
Det er viktig at «senior» på garden, som er i ferd med å gi seg, ikkje er bremseklosse i for stor grad, meiner Asbjørn. Generasjonsskifte og gardsoverdraging er i enkelte tilfelle ei utfordring. Det er mange gode grunnar til å ikkje bli bonde, og dei som lurer på å satsa treng som regel ikkje fleire. Dei treng å bli heia på, men likevel få gode råd. At bønder kan samarbeida og støtta kvarandre er også viktig. Spre kunnskap, glede og motivasjon er avgjerande for mange.
Kva med framtida til Velde Maskin?
Me har store planar. Me er små men ønskjer å auka på vår måte. Har stor tru på oss sjølve og det me kan og tilbyr. Salg av traktorar og landbruksutstyr vil fortsatt vera viktig. Til neste år ser me bl.a. for oss å utstyra våre mobile operatørar med nye bilar og innhald som verkeleg kan bidra til at me kan løysa fleire utfordringar i endå større grad. Det er nok ikkje berre Velde Maskin og dei andre dyktige maskin-leverandørane som nyt godt av det framoverlente landbruket i Vindafjord og Etne. Desse leverandørane er også viktige for landbruket. Vindafjordbonden takkar alle som gjer sitt beste for landbruket. Så får me vanlige gjera vårt med å kjøpa det som blir produsert og gle oss over traktorar i vegen :)
9 MØKKABLAD
Jo
d tlan r a k d S gval aksen påd n I v Jonet og opp Vikebyg slekta
• Fu stei n l • Fø ltidsb Halv orse onde dt o n i Vi g opp vaks keby • 41 e g n d 8 • Be .000 l iter stef aren melk som e k v bruk ar eit jøpte kvote bure garde (35 • Fr n is mål amf utma ings slak oring r k) av o • Sa t ksar lg a til v okse n kalv okre k vige ar t - og il l iv
i d re i kkje • Fø rtland r vo n om i a Ska h e rden daud vote • Ga svarte lkek e si m re er leng 00 lit 0 . 0 • 32
VIKEBYGD BLIR STERKARE PÅ MELK
Far og son satsar på melk
Jostein innrømmer at det er viktig for satsinga at sonen Haakon kan og vil. Haakon er i dag fôringsrådgivar hos Tine, og er også dagleg med i drifta på garden. For 2 år sidan investerte Jostein i ein rein melkefjos (påbygg) med melkerobot, automatisk fôringsanlegg og det som høyrer til. Før den tid hadde han ein lausdrift-fjos frå 1986 med melkestall. Far til Jostein var den første på Haugalandet med lausdrift, og Haugesunds Avis presenterte han som «databonden» den gongen. Ein liten kraftfôrstasjon var bakgrunnen for overskrifta. Jostein flirer godt av dette i dag.
Investeringa er ein suksess
Men det er meir fjosarbeid enn før. No er det også 40 kyr på båsen mot 18 på lausdrift. Dette året håpar Jostein på opp imot 11.000 liter pr ku mot ca 9.500 på lausdrift. Utan at fjosen treng vera avgjerande. Kvart einaste dyr må passast på for å få fullt utbytte. Teknikken må også «stiast». Dyr som har det godt produserer godt seier Jostein. Då Jostein overtok drifta i år 2000 var det 3 kyr igjen på garden, og kvoten var 57.000 liter. No er det 7 melkebønder igjen i Vikebygd mot litt over 20 då Jostein overtok. Men produksjonen er høgare i dag.
MØKKABLAD 10 MØKKABLAD 10
Eg var som ein villrev i eit kontorlandskap med tamrev
Jone sat for det meste på kontoret i Stavanger i sin jobb i oljå. Han vart svært raustlaus då han såg ein traktor ein fin haustdag på R-44. Då sa Jone til seg sjølv: Eg skal eg ikkje vera her. Eg skal vera bonde eg. Og slik vart det. Han samanliknar kontorlandskapet sitt med eit «bur» fullt av tamrev, der han sjølv var villreven. Han måtte ut! Men ringer Siemens kan det vera han tek nokre turar «ut». I 2012 kom naboen «stegande» og sa at han hadde hatt nok senabetennelse. Jone kjøpte garden og dreiv den paralellt med jobben i oljå. «Drengen» vart ansatt same året, og jobbar fortsatt fulltid. I 2014 pensjonerte far til Jone seg, og då kjøpte han også himagarden. Deretter delte Jone og ein nabo endå ein nabogard, slik at han nå har ein gard som består av 2,5 «gamle gardar». I 2016 slutta Jone jobben i oljå og vart fulltidsbonde.
Nå er det eit påpygg på den eine fjosen som er under oppføring
Desse ulike oppkjøpa har resultert i at Jone sit med 3 fjosar, og nå rustar han opp den eine med eit tilbygg til melkerobot og lausdrift. 320.000 elitemelk skal leverast. 44 båsplasser står snart klare. Det er melk og kjøt som er hovedproduksjonen på garden. Jone og Jostein har svært lik produksjon. Til og med vannseng står på menyen når kyrne skal på båsen.
LBY AN TI L K E N I JO ENG T E VANNS I DEN NY E KYRN N. FJOSE
Kva med melka nå når Jarlsberg sin ost ikkje lenger blir eksportert til utlandet?
Internasjonale reglar gjer at Tine ikkje lenger får lov til å subsidiera osten for eksport, og då blir osten for dyr for utlandet. Noko som resulterer i at det trengs mindre melk. Fordelen med kvoteregulering på melkeproduksjon gjer at melkebøndene i fellesskap kan redusera produksjonen. Det betyr at melkebonden slepp å gå i fella med overproduksjon, og dei ulempene det medfører. Men det som kan trua det norske melkemarkedet, er den stadig aukande importen av meieriprodukter. Ost og yoghurt er dei største produkta her. F.eks. Tysk sjokolademelk kan også bli ein stor konkurrent etterkvart. Særleg import over den tollfrie importkvoten som var tenkt til spesialostar for å gi forbrukaren eit større utvalg i ostedisken, men blir misbrukt til import av mengder med rimeleg industriost. Me må huska på at kvar gong politikerane våre kjøpslår med EU og deler ut større importkvotar, tar dei av dei rundt 100 000 norske arbeidsplassane landbruket står for.
Nå skal Jone få på plass den nye fjosen og deretter leva det gode liv med arbeid 7 til 15 Ein ny, lys og luftig fjos blir stor stas både for folk og dyr. Men kva er det gode liv Jone? Det er fortsatt mykje å gjera på garden. Vedlikehold av hus og løer, skogsarbeid, nydyrking, grøfting, muring, fiksing... Jone refererer til Per Fugelli og «det må være godt nok» og mindre «jag» når me stiller det spørsmålet om det gode liv.
Det er heilt klart optimisme i landbruket i Vikebygd
Yngre folk som vil og kan. På dei fleste gardane skjer det noko stort sett heile tida. Dette er inspirerande og me løftar kvarandre inn i framtida. Stikk i døra, og har eit medlemsmøte i Vikebygd Bondelag i ny og ne. Dei som driv med melk møtes også gjennom Tine sine produsentmøter. Det er fleire bønder i Vikebygd som satsar, og 4 bønder som nå har nye fjosar.
Oljå eller landbruket Jone? Kva er dine anbefalingar til ungdommen?
Du skal tjena godt for å trivast i ein jobb du mistrives med. Den kom spontant frå Jone. Dei kan hiva millionar etter deg. Trivsel er det viktigaste, og eg trives som bonde og med den kvardagen det gir. Du arbeider for deg sjølv og ser og får nytte av alle forbetringar du gjer. Men du skal søren meg vera engasjerte, strukturert og dyktig for å få god økonomi. Begge takkar også familie og andre som gir avgjerande hjelp i kvardagen. Det set dei stor pris på. Bøndene i Vikebygd inspirerer kvarande, men også resten av Vindafjord og landet nyt godt av det. Jostein og Jone er to slike bønder. Takk og lukke til vidare.
11 MØKKABLAD
TERJE KLEIVEN – Nå som Dr.Dyregod Terje er ein ekte industriarbeidarson
Født og oppvaksen i Øvre Årdal i Sogn- og Fjordane. Eg er eit produkt av sosialdemokratiet, flirer Terje. Faren tok dei tidleg med på politiske arrangement der Trygve Lie, Gerhardsen, Bratteli, Brundtland & Co. hadde ordet i si makt. 1. mai var like stort som 17. mai i Årdal. At han sjølv, via ulike bygdalister og kommunestyret i Vindafjord i 2 periodar, skulle enda opp i Høgre, var meir tilfeldig. Gjer di plikt og krev din rett, sa Gerhardsen. Det er viktig og ein av grunnpilarane også for Høgre, legg Terje til.
Ingenting som tyda på eit legekall
Terje søkte fleire studier og fekk fleire ja. Litt tilfeldig vart det lege. Første del i Bergen og andre delen i Trondheim. Han kom i lag med Anne frå Hundvåg under studiet i Trondheim. Så vart det turnustjeneste i Lærdal og Sogndal, og militærtjeneste i Bodø. Var også kommunelege i Leirfjord ved Sandnessjøen eit år. Så vart det Skjold hausten 94. Dei hadde då fått 3 gutar og delte ei stilling som kommunelege. Den fjerde karen kom året etter.
Har jobba som fastlege i Vindafjord mesteparten av tida, og er nå også kommuneoverlege
Ein dag dukka Endre Knutsen opp på kontoret og sa at Terje burde kjøpa garden hans. Terje takka ja der og då, og informerte kona så best han kunne. Me får ta dei sjangsane som byr seg seier Terje. Dei flytte til garden på Otertong i 2015.
Bonden Terje? Ja, den kom litt ut av det blå
Terje var mykje med bestemor si i Jostedalen som då hadde geiter. Terje likte og huskar godt 5-6 år der han fekk vera med på stølen. I 2015 kjøpte Terje ei besetning på 16 kasjmir-geiter frå Sogndal. Ein bukk var med på kjøpet slik at det kunne bli avl. Vart også med på eit pilotprosjekt med elektronisk gjerde. Ein klave geitene går med som gir lyd når dei nærmar seg grensa. Geitene har mykje betre hørselssans enn syn. Dei ser stort sett berre svart/kvitt og ca 50 meter. Han leiger også ut nokre geiter til Haugaland Kraft som skal beita under linjene. Geitene rundbarkar småskogen, noko som gjer at den ikkje kjem opp igjen. Dei er effektive beitedyr. For tida er det ca 85 geiter på garden. Alar dei opp til 8-10 kilos slaktevekt, og kjøtet blir solgt gjennom Reko-ringen eller privat. Sunt og godt kjøt, med mykje Omega-3 legg Terje til. Nokre seier til og med at det er like mykje Omega-3 i geit som i laks. I tillegg til å vera eit magert kjøt.
Geitekjøtet er det kjøtet folk et mest av i heile verda
Me har ingen stor tradisjon for geitekjøt i Norge. Det er mange som kjem frå eller har budd i utlandet som kjøper kjøtet. Det er svært miljøvenleg å produsera.
MØKKABLAD 12
Det er lite «kosttilskot», lever stort sett på det dei finn på garden og i naturen. Litt tørrhøy om vinteren går med. Det er lite å dra med seg frå lege til dyrlege, smiler Terje. Han driv lite «helbredelse» på flokken. Det er også strenge krav til dokumentasjon og korleis dyr skal behandlast, så dyrlegen blir brukt til det. Men dyrehelsa er Terje svært oppteken av. Terje er også nestformann i Norsk Kasjmir-geit lag. Der jobbar dei mykje med utvikling og salg av ulla.
Det er viktig at også deltidsbonden kan overleva
Både for busetnad, landskapspleie, miljø og næringslivet. Det har stor verdi. Å ha bærekraftig matproduksjon blir nok svært viktig litt fram i tid. Det er mange menneske på jorda som skal ha mat. Folk er også meir opptekne av bærekraft enn før. Ein familie på shopping-tur i Polen sjekka alle «lappane» på alle klær. Det var borna som sa at «dette plagget kan eg ikkje kjøpa, fordi det ikkje er bærekraftig». I utlandet er kjøt i mange område ei eksklusiv vara. I f.eks. Zurich kan ein kilo kjøttdeig kosta 400,kroner. Det blir ikkje taco der kvar fredag. I Frankrike syklar dei gjerne til kjøttbutikken, mens me i Norge kjører «Porchen» til Kiwi…Det er viktig at me kan unna oss eit «hellig måltid» av og til. Då kan det å vera lokal-produsert kjøt og andre produkter med ei historie bak.
Kva er di oppfatning av landbruket i Vindafjord?
Eg veit nok for lite, men mitt inntrykk er at det er mange svært flinke bønder og mange veldrevne bruk. Eg er berre ein enkel småbrukar, smiler Terje. At det er fleire unge som vil og satsar er svært bra.
Kva er neste steg Terje?
Ja her er det alltid eit neste steg, smiler han. Har fått godkjent eit bygg i sjøkanten der det skal bli stort kjøkken og «strandkafe» for folk flest. I tillegg til Glamping (glamorous camping) som ein del av tilbudet om gardsturisme. Båtar og besøk frå ulike plasser, private og bedrifter, er planen. For tida er det også venteliste på geiter som skal brukast til nedbeiting.
Budeia er sikra
Anne er også positiv og klar. Gutane meiner at faren grev pengane ned i bakken. Det viktigaste er at me har det kjekt når me er her, seier Terje. Det er svært viktig å ha ei positiv fritid. At Endre tilbydde oss garden var eit lykketreff. Må ikkje sitja å tveka og tenkja for og imot for lenge. Då er det ikkje mykje som skjer. Både Terje og geitene ser ut til å stortrivast. Vindafjordbonden set pris på at Terje og andre bønder engasjerer seg og skaper interesse for Norsk landbruk.
KJØT, ULL OG SKINN ER NOKO AV DET TERJE OG GARDEN KAN TILBY.
13 MØKKABLAD
VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR Her er nokre av dei som verkeleg bryr seg og bidrar til det gode landbruket Vindafjord har i dag. Vindafjordbonden treng slike «vener» for å gjera ulike tiltak, som dette magasinet, arrangementet Vil vekst m.m. TAKK TIL DEI SOM BIDRAR.
Bondemarknad Over 20 lokale matprodusentar tilbyr sine godsaker i Sjoargato i Ølen lørdag 21.09 kl. 11-15 Du får kjøpt også fla frå Øv tbrød regård
HØSTSALG! Traktorer på lager for rask levering Ta kontakt for tilbud! Gunstig finansiering via AGCO Finance
LEASING UTEN FORSKUDD:**
LEASING UTEN FORSKUDD:**
5 år 3.770,- + mva. pr. mnd. 7 år 2.800,- + mva. pr. mnd.
5 år 4.230,- + mva. pr. mnd. 7 år 3.142,- + mva. pr. mnd.
205.000*
230.000*
ekskl. mva
KUHN FC3160 slåmaskin 3,10 meter arbeidsbredde. Vedlikeholdsfri slåttebjelke! LEASING UTEN FORSKUDD:**
ekskl. mva
KUHN GA 8731 2-rotor samlerive. Arbeidsbredde 7,70 til 8,60 m. med hydraulisk justering av høyde og bredde. LEASING UTEN FORSKUDD:**
5 år 2.299,- + mva. pr. mnd. 7 år 1.707,- + mva. pr. mnd.
5 år 1.094,- + mva. pr. mnd. 7 år 813,- + mva. pr. mnd.
125.000*
59.500*
ekskl. mva
ekskl. mva
Fendt Slicer 3060 med stengelbehandler. 3 meter slåttebredde * Priser gjelder kun maskiner på lager
Massey Ferguson RK421 1-rotor samlerive. Arbeidsbredde 4,20 meter
** Med forbehold om godkjent kredittvurdering
Eiksenteret Haugesund Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal Tlf. 52 75 44 44
Johne Håland Tlf. 917 37 027
Stian Berge Tlf. 412 13 790
Arve Frantsen Tlf. 957 60 549
VINDAFJORDBONDEN INVITER
ER TIL
Bonde-marknad LØRDAG 21. SEPTEMBER
GRAT
Kl. 11.00 - 15.00 Sjoargato - Ølen
Salg IS INNG av gr illma ONG t
HER KAN DU OPPLEVA:
• Levande dyr • Fjoslukt • Salg av lokale matvarer • Grisapreik • Aktivitetar for store og små • Gammalt og nytt utstyr • Bondeleikar kl. 13.00 Kappestrid mellom drivande bønder
BONDE-MARKNAD SALG AV LOKAL MAT Arrangør:
Ein u og tr vanleg iv dag eleg fo heile r fam ilien Dele :-) r av Sjo
R D STO ALLTI ING PÅ STEMN MARKNAD BONDE
• 20 lokale produsentar tilbyr sine godsaker!
bli s arga te t arra ngt und o vil ngem er ente t.
LØP OG KJØP :)
Vil vekst. Kvalitet og tradisjon sidan 1951
- eit reklamebyrå som gir vekst
VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR: MØKKABLAD 16
Vinnarskall.no
5582 ØLENSVÅG
Sal og service til eit moderne landbruk