Ut på tur? Les meir om Reiseteam og Suldalsbussen

Page 1

UT PÅ TUR?

- les meir om Reiseteam og Suldalsbussen

Reisebyrået Jessica Velde // 455 06 602 jessica@reiseteam.no

Per Arne Fisketjøn // 455 06 601 perarne@suldalsbussen.no

1


På jakt etter turar med glimt i auga?

Per Arne Fisketjøn Lang erfaring i turbuss og reiseliv

Suldalsbussen vart stifta i 2018, men har sitt utspring frå det 99 år gamle busselskapet «Suldal Billag», som same året vart nedlagt fordi dei ikkje lenger fekk oppdraget med skule- og rutedrift i Suldal. Per Arne tok då med seg turdelen i selskapet og danna Suldalsbussen AS. Med Ryfylke og Haugalandet som sitt geografiske utgangspunkt, men med heile verda som turområde. Suldalsbussen legg vekt på topp moderne bussar, der gjestene skal føla seg trygge og komfortable «Det skal ikkje stå på utstyret», flirer Per Arne. Me vil alltid ha fokus på god service, der gjesten føler seg velkommen om bord, og kanskje får litt meir enn det dei hadde forventa, legg han til.

Ein buss med glimt i auga!

2


Terje Søndenå

Jessica Velde

Litt om sjåførane Sjåførane har lang og god erfaring med hovudfokus på sikkerheit og behageleg kjøring. Samt høg fokus på service og humor. Som oppvaksen på plasser med smale vegar med mykje vinter, er det godt med den erfaringa på mange av våre vegar, seier Per Arne.

Suldalsbussen står alltid klare for å kjøra deg og dine kor det måtte passa Ingen jobb er verken for liten eller stor. I tillegg til bussbehov, lagar me og turar der alt eller deler er inkludert. Med gode avtalar med fleire hotellkjedar, dei fleste ferjerederier inn og utanlands, diverse reisebyrå, samt buss-kollegar rundt om i heile landet, kan me skreddarsy turar du får tårer i augene av.

Reiseteam

- eit reisebyrå som tilbyr pakkereiser til enkeltpersonar og gruppereiser Det ligg mykje positivt i «å reisa på tur» Sterke og gode opplevingar i inspirerande omgjevnader. Ekstra sterkt blir det for mange når me reiser saman med andre. Kanskje med jobben, klubben, foreininga, storfamilien, vener… Les meir om Reiseteam på side 4.

Reiseteam AS er eigd av Suldalsbussen AS.

VÅRE BUSSER: Reg.nr.

Årsmodell

Antall seter

Bussinformasjon

Merke

SD92664

2019

49 + 1 + 1

Fullturist: WC,Wifi, kaffi,kjøleskap

Volvo 9900 HD

SD92665

2019

53 + 1 + 1

Fullturist: WC,Wifi, kaffi,kjøleskap

Volvo 9900 HD

SD72214

2014

52 + 2 + 1

Fullturist: WC,Wifi, kaffi,kjøleskap

Setra 516 HD

RK76915

2014

20 + 1

Gode seter, god bagasjeplass

Mercedes cubi sprinter 519cdi

AS60202

2019

49 + 1 + 1

Langrutebuss med rullestolheis

Setra 415 UL

EC24040

2021

7+1

Limousin, heil elektrisk

Mercedes ECV

SD78828

2015

2+1

Varebil

VW Transporter 3


ReiseTeam

- eit reisebyrå som tilbyr pakkereiser til enkeltpersonar og gruppereiser lokalt, men også over heile verda.

Det er mange som ønskjer å reisa på tur og finna på noko nytt og spanande. Men kor skal me reisa og kva skal me gjera? Å reisa på tur… Det ligg mykje positivt i «å reisa på tur». Sterke og gode opplevingar i inspirerande omgjevnader. Ekstra sterkt blir det for mange når me reiser saman med andre. Kanskje med jobben, klubben, foreininga, storfamilien, vener… Per Arne har i mange år tilbudt turar i alle slag gjennom Suldal Billag og no Suldalsbussen. Alt frå ferdige pakketurar til Ski-VM og dansegalla på Storefjell, til turar der kundane har laga opplegg og innhald sjølv. Jessica Velde har i snart 20 år tilbudt uforgløymelege turar for tusenvis av kundar gjennom sitt arbeid for reisebyrået GoTo BergHansen og Escape Travel. 4

Ferdige pakkaturar og temareiser, eller skreddersydd til ditt behov Mange har reist mykje dei siste åra, også i eigen regi. Og mange tenkjer nok «kva skal me finna på no»? Det er her Jessica og Per Arne, gjennom si lange og breie erfaring skal hjelpa til. Med alt frå det heilt enkle reiser og «event» i nærmiljøet, til reiser og opplevingar det vil gå gjetord om. Det kan vera klasseturar, firmaturar, skuleturar, idrettsreiser og mykje meir. Med venleg helsing ReiseTeam

Jessica & Per Arne (ReiseTeam er eit reisebyrå som tilbyr pakkereiser til enkeltpersonar og gruppereiser etter behov, og er eigd av Suldalsbussen AS)


Kva seier kundane om Suldalsbussen Jostein Grindhaug (trener for FKH)

- eg anbefale ikkje noge uten at eg meina det… Det besta med Suldalsbussen er sjåførane, seier Jostein Fantastiske til å få folk til å føla seg velkomne. Og ingenting er så samansveisande for eit «lag» som å kjøra buss. Suldalsbussen peise på som me i FKH, men aldri på kompromi med sikkerheita. Det er også heilt greit at det er jysla flotte og skikkelige bussar, med gullskrift til og med. Eg har anbefalt Suldalsbussen til «månje», og eg anbefale ikkje noge uten at eg meine det. Heia FKH

Jan Erik Kristensen (Rektor på Gullingen Leirskole) - det er jo bare å se på bussene. Det oser kvalitet.

Det viktigaste for Gullingen Leirskole i valg av bussselskap er at det er trygt Sjåførane kjenner godt til både Haugalandet, Ryfylke ja også resten av landet. At elevar og lærerar kjem trygt fram er det viktigaste av alt. Du kan jo berre sjå på bussane. Det osar kvalitet. At det er god stemning er også viktig. Elevar og lærerar som blir skyssa med Suldalsbussen er svært fornøgde. Ta Suldalsbussen til Gullingen Leirskole du også.

5


Inger Rossebø (avdelingsleiar i SR-Bank Haugesund) - me kosar oss og forlenger livet på turar med Suldalsbussen

Den viktigaste årsaka til at eg og mine venner reiser på turar med Suldalsbussen er servicen Stemmer det at ein god latter forlenger livet, så kjem me til å leva lenge. Me fortel vitsar, syng og ler mykje og inkludere alle. Den atmosfæren Suldalsbussen skaper gjer noko med oss alle, og me blir ein stor gjeng. Eg anbefaler alle å bli med på turar med Suldalsbussen.

Kristoffer Velde (måltjuv på FKH)

- eg vil vurdera om eg skal bruka «eg kjøre Suldalsbussen» som sjekkereplikk… Det er ein flott atmosfære rundt heile Suldalsbussen vil eg sei. Eg storkose meg på tur med Suldalsbussen. Eg ha endå ikkje brukt «eg kjøre Suldalsbussen» som sjekketriks, men det vil eg absolutt vurdera om det skulle gå litt trått på damefronten. Serveringa er også topp på Suldalsbussen. Du får alt frå pizza til bombom. Ingen tvil om at sjåførane er gode bussar. Det er mykje betre å sitja der enn på benken. Eg vil anbefala Suldalsbussen til alle andre lag.

Suldalsbussen ønskjer også å vinna alle «kampar». Sikta på vinkelen Kristoffer, der er det alltid ledig. 6


Tore og Nils

- gode bussar har do på midten… Mi beste oppleving med Suldalsbussen er frå då me reiste til ski-VM i Falun i 2015. Det var stort, seier Tore. Det er ei god og personleg stemning på Suldalsbussen, legg Nils til. Han har også lagt merke til at dei legg musikken etter den årgangen som er på bussen. Og det skaper jo ei god stemning, legg han til. Det er berre godlåt, smiler Tore. I tillegg har dei flinke sjåførar legg Tore til. Dei fylgjer vegen mesteparten av tida, påpeikar Nils med glimt i auga. Begge er også enige om at dei finaste damene reiser med Suldalsbussen. Det er ikkje tvil om det seier Nils. Det som gjer at Suldalsbussen utmerkar seg er at dei har gode sjåførar, god reiseleiing og god stemning seier Nils. Han legg til at det hjelper at det også berre er gode bussar som er om bord. Ja, og så har dei do på midten, legg Tore til. Det må bli gode turar av slikt. Prøv du også.

John Steinar Pedersen (Dagleg leiar Multi Industrier) - arbeidsfolkå blei øvegidde kor flotte bussane var

At Suldalsbussen har sikre og gode kjøretøy og gode sjøførar er det viktigaste for oss At me får arbeidsfolkå våre trygt fram og tilbake. Første gongen dei såg bussen blei dei heilt øvegidde kor flotte an var. Topp komfort på alle vis. Og ein tur te Oilers-kamp i Stavanger tar meg jerna ein gong te…

7


UT PÅ TUR?

Vinnarskalle.no

Me tilbyr store og små opplevingar og ser fram til å reisa saman med deg og dine...

Reisebyrået Jessica Velde // 455 06 602 jessica@reiseteam.no

8

Per Arne Fisketjøn // 455 06 601 perarne@suldalsbussen.no

Felles kontaktopplysningar til begge selskapa: 52 79 04 00 // post@reiseteam.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.