Verk Randonee klubb annonse 2019

Page 1

Verk Randonee-klubb

Verk Randonee-klubb er for alle som ønskjer å gå på ski utanom vanlege løyper. Om det er på høge toppar eller ein bakke bak huset bestemmer du sjølv. Me vil inspirera, tipsa og rådgi alle som enten kan mykje om dette eller som ønskjer å vita meir.

Er du klar for ein topp tur når snøen kjem?

Topptur-kveld VERK inviterer, i samarbeid med Sport1 Etne, alle interesserte til Topptur-kveld i kaféen på Etne Senter, torsdag 5. desember kl 19.

Påmelding Send uforpliktande påmelding på SMS til 922 38 351 Du kan også melda deg på hos Sport1 Etne.

Vinnarskalle.no Vinnarskalle.no

VERK Randonee-klubb på tur til Omnatind i Kvinnherad 2019. Melderskin ligg opp «knausen» til høgre.

Program • Randonee og topptur gjer noko med oss

Frank R. Abelseth fortel om VERK Randonee-klubb, sine turar og erfaringar, kånå og andre mindre viktige saker.

• Georg Gåssand – frå Os til Røldal for å gå til topps

Georg er flytta til Røldal og er kanskje den som går flest randoneeog toppturar i heile Norge. Han vil fortelja oss om sine opplevingar, gi oss mange tips til turar i Røldal og Haukeli, og sikkert litt om klær og utstyr.

• Tommy Stokke frå Fischer

Dette blir heilt topp!

Han vil visa fram og fortelja oss om utviklinga og gi oss tips til valg av sko og utstyr

• Visning og prat rundt utstyr

Besøk i butikken til Sport1 Etne. Drøs og enkel servering.

Lik oss idag og bli med i trekning av gavekort til kr 3.000,-

verk-randonee.no

Alle som deltek denne kvelden får 20% på alt i butikken – til seg sjølv og andre.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.