Kenneth og Lise tok tak i gammal kjærleik - hus frå 1950 fekk eit løft for framtida
Kenneth Lyng Karlsen og Lise Åsheim i Skånevik har bygd på og pussa opp for framtida. Dei takkar Vigor Bygg for resultatet. Les meir om Kenneth og Lise frå Skånevik, og Vigor Bygg med kontor i Etne.
Me byggjer alt for deg DU FINNER OSS PÅ MEIERIPLASSEN I ETNE
vigorbygg.no
Dette er Vigor Bygg Vigor Bygg sin «idè» og kundeløfte er: Saman skaper me store ting. Det er dette alle som arbeider i og for Vigor Bygg, kvart spikerslag skal følgja og gjera sitt beste for å levera. Det er også dette verdigrunnlaget som har resultert i at me i Vigor Bygg kan gleda oss over å vera ein aktør kundar anbefaler andre.
Vigor Bygg har fleire 10-års erfaring innan bl.a. dette: • • • • • • • •
Gode grunnar til å bruka Vigor Bygg • Du får alt «skreddarsydd» frå oss eller me teiknar dine tankar • Me meiner å ha dei beste snekkerlaga • Ein byggeprosess du vil lika å vera ein del av • Det blir som avtalt
Arkitektarbeid / tegnetjenester Søknadsprosessar Boligar som leiligheiter og hus Hytter Påbygg Forretningsbygg Rehabilitering og/eller fornying Leverandør av alle byggevarer
Systemhus
Distrikt
Vigor Bygg er ein del av Systemhus-kjeden. Slagordet til Systemhus er: - Vi bygger fremtiden. Me i Vigor Bygg veit at dette forpliktar, og me er forberedt på å levera nettopp det. Bygg for framtida.
Be gjerne om vår huskatalog på vigorbygg.no.
2
Me tek på oss oppdrag på heile Haugalandet i tillegg til Sunnhordland, Odda, Røldal og Seljestad. Og med kontor i Etne og Skånevik er oppdrag i Etne og Vindafjord kommunar naturleg for oss.
Me ser fram til å ta ein prat om dine planar. Helsing Vigor Bygg AS Kjetil Nedreskår Dagleg leiar
KJETIL NEDRESKÅR Dagleg leiar
HELGE NEDRESKÅR Prosjektleiar
JØRGEN HÅLAND Prosjektleiar
481 15 880 VIGOR BYGG kjetil@vigorbygg.no
957 29 370 helge@vigorbygg.no
451 37 516 jorgen@vigorbygg.no
Me leverer Systemhus Systemhus tek deg på alvor Systemhus har bygd over 50.000 boligar i Norge. Vigor Bygg er glade for å få bli ein av Systemhus sine forhandlerar, og gler oss til å presentera utvalget og oss sjølve. Systemhus er heile tida i forkant med tilpasningar som gjer kvardagen enklare for deg som kunde. Som eigar av eit Systemhus, bygd av oss i Vigor Bygg, vil du til ei kvar tid føla at du blir tatt vare på og fulgt opp. Me kan hjelpa deg i heile byggjeprosessen; tomtetilgong, energitiltak, tilpasningar av huset… Dette er noko av det som skal gjera det rett å velja oss. Me kallar det husbygging satt i System.
HUSTYPE AURORA - herskapeleg bestselgar
HUSTYPE MELBU - det perfekte familiehuset
VIGOR BYGG
3
Kenneth og Lise tok tak i gammal kjærleik - hus frå 1950 fekk eit løft for framtida Kenneth Lyng Karlsen er fødd i Bergen
Han kom til Etne som 2-åring etter sine første leveår på Setermoen i Nord-Norge. Fekk lærlingplass på SMV i 2007, noko som også resulterte i flytting frå Etne til Skånevik. Lise Åsheim har også mykje av skulda for det. I dag arbeider Kenneth hos Knudsen Dørfabrikk som driftsingeniør/-teknikar og Lise som sjukepleiar på Ølen Omsorgssenter, i tillegg til oppdrag som brannkonstabel på den frivillige brannstasjonen i Skånevik. No har dei også borna Lilly, Carmen og Luna. Dei kjøpte huset dei no bur i i 2011. Eit eldre hus begge såg potensiale i. Nært sentrum med 1,5 mål tomt, og like over vegen for skulen. Kort veg til læring, smiler Kenneth. Som gruppeleiar for Etne Framstegsparti er han svært oppteken av det.
Huset var av den gamle sorten
Lite kjøkken, svært liten gang og heller ikkje det store badet. Dei hadde nokre år pussa opp litt her og der før dei starta å tenkja «større» for nokre år sidan. Men kva skulle dei gjera? Riva og byggja nytt, selja huset og flytta eller pussa opp og byggja på?
Me gjekk først til eit byggjefirma med tankane våre, men fekk ikkje løysningar me kunne stemma ja til, seier Kenneth. Tenkte heile tida at me ville byggja i tradisjonell stil, legg han til. Etter ei stund tok dei kontakt med Kjetil Nedreskår i Vigor Bygg. Dei tok tak med ein gong og kom raskt opp med skisser og løysningar me likte, det er noko både Kenneth og Lise er svært glade for. Kjellaren i huset tok inn vatn frå elva periodar av året, og noko måtte gjerast. Det enda med at dei løfta heile det gamle huset 1,2 meter, og innreia først kjellaren til leilegheit. Etter å ha budd omlag 2 mnd hos svigermor flytta dei inn der under resten av bygginga.
Byggeprosessen gjekk fint, men det er jo ikkje alt som er like lett å løysa Nå har dei fått 2 romslege bad. Mange jenter i huset gjer at det er ei god investering å ha 2 bad, flirer Kenneth. Etter å ha budd i eit hus med få og små rom var begge einige om at dei skulle
4
VIGOR BYGG
ha mange rom. Og det har dei fått. 8 soverom er resultatet, der eit av dei blir brukt til kontor. Gjestene skal også få eigne rom når dei kjem på besøk. Det totale boligarealet er nå omlag 280 kvm, der 80% er av nyare standard. Huset har fått ei skikkeleg levetidsforlenging, seier Kenneth stolt.
Dette kan vel kallast framsteg, seier Kenneth. Me er også glade for at Vigor Bygg råda oss til å laga «kjellaren» om til utleige. Me hadde ikkje hatt behov for den plassen sjølv.
Kva er viktig for å lukkast i ein byggeprosess? Det beste tipset me kan gi er å planlegga godt og tidleg, seier dei begge. Å sjå ting tidsnok er ofte avgjerande. Då er det også viktig å ha dyktige fagfolk som har erfaring med «å sjå», seier Kenneth. Handla lokalt av dyktige fagfolk er noko dei begge er opptekne av. Heile byggeprosjektet er gjennomført av Vigor Bygg, kjøkkenet er frå Knapphus Kjøkkensenter og kvite askedører frå Knudsen Dørfabrikk. Det må vel vera godkjent distriktspolitikk seier ordførarkandidaten Kenneth. For oss med lån til pipa er ikkje eigedomsskatten noko eg er glad for, seier Kenneth. Ein svært usosial skatt som me ønskjer å fjerna, legg han til.
Me har fortsatt ting me ønskjer å gjera
Som terrassar, fasadearbeid og gjerde rundt eigedomen. Eit gammalt hus som opplever ny kjærleik, med skifer på taket og greier. Kenneth og Lise takkar Vigor Bygg for at dette vart vellukka. Mange gjer store fornyingsprosjekt, og mange syt nok med å setja i gong. Med god planlegging, oppfølging og gode samarbeidspartnerar kan resultatet blir svært bra, seier Kenneth. Me i Vigor Bygg takkar for eit svært interessant oppdrag, og tek gjerne på oss fleire framtidsretta oppdrag innan hus og anna «bygging». Om du skal ha funky-hus eller restaurera. Me skal gjera vårt beste for å skapa fleire slike historiar – bygd på kjærleik til faget vårt.
Kenneth og Lisa nyt dagane i sitt gamle og nye hus.
Utestova og kjøkkenet er «rom» og samlingspunkt for gode stunder. Me i Vigor Bygg er glade for å vera ein del av dette byggeprosjektet.
VIGOR BYGG
5
Næringsbygg og offentlige bygg
Vigor Bygg har levert mange ulike bygg til næringslivet og det offentlige. Alt frå store kontorbygg, brannstasjon til Etne kommune, bårehus til Torvastad Kirke, butikklokale til Europris i Etne, kontor- og produksjonslokale til Haugli Bakeri, redskapshus til bønder og mykje meir. Kontakt oss uansett kva bygg du har behov for.
Haugli Bakeri sitt kontor- og produksjonslokale i Haugesund
Etne kommune sin brannstasjon
Bårehuset til Torvastad Kirke 6
VIGOR BYGG
Bolighus me har levert
Kva hus har du lyst på? Valga er svært mange. Tradisjonelt eller «funky». Bestiller du vår huskatalog frå Systemhus eller går inn på nettsida, kan du sjå mange svært ulike men alikevel gjennomtenkte husmodellar. I tillegg kan me sjølvsagt teikna forslag bygd på dine personlege innspel. På bilde under ser du nokre av dei husa me har bygd i det siste.
Herskapeleg hus med plass til «heile verda».
Moderne «funkyshus» etter teikning frå ein av våre arkitektar, i tett samarbeid med kunde.
Moderne men også «tradisjonelt» hus bygde etter kunden sitt behov, tomt og solforhold. VIGOR BYGG
7
Me byggjer akkurat det du ønskjer deg
moderne bolig>> Eit hus levert i Etne
er ein av våre unge >> Magnus og “moderne” tømmermenn
Jørgen og Roar tek dine teikningar på alvor - Sjølv om det ikkje ser slik ut her :)
Det skal vera ein fordel for deg å ha Vigor Bygg i ryggen…
Små eller store byggjeplanar? - Vigor Bygg og Eivind tek alle bygg på alvor.
ME BYGGJER FRÅ KARMØY TIL HAUKELI, INKL. SUNNHORDLAND 481 15 880 // kjetil@vigorbygg.no // vigorbygg.no 8 VIGOR BYGG
Vinnarskalle.no
Vigor Bygg - saman skapar me store ting!