Vil vekst magasin

Page 1

MØKKABLAD nr 2 2017

Eit framifrå maga sin frå Vindafjo rdbonden

Tøffe tider for humoristen

HILMAR

Vindafjordbonden inviterer til familiedagen Vil vekst i Ølen lørdag 23. september

: E T T E D S OGSÅ

LE

ARILD EIDE de bon

Yngre tsar a som s

INGA STEINSLAND Der Inga skulle tru...

MAGNAR M EI FJELDH

Ta heil e familie n med på VIL VEKST i Ølen, lørdag 23. sep tember

kje Har ik hatt alltid aks grisefl 1 MØKKABLAD


Vindafjordbonden

Det er viktig for alle, både enkeltpersonar og grupper/lag/firma, å bli verdsatt. Føla seg viktige. Dette er bra for rekruteringa, kor effektive me er og for mykje anna. Derfor Vindafjordbonden AS.

DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS >>

>>

AUKA STATUS OG OMDØMME

Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppe-møter, innlegg på facebook og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Utallige omtalar i media har også bidratt.

FORBETRINGSTAVLA

Forbetringstavla som gjer at den enkelte gard blir meir lettdreven og gir betre oversikt, motivasjon og økonomi.

>>

GARDSKILT

>>

PROFILERING

>>

Me må visa igjen som andre bedrifter.

Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder.

DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED

Eg håpar du kosar deg med magasinet og ynskjer alle velkommen til Vil vekst i Ølen 23. september.

HELSING

Andreas Lundegård, styreformann i Vindafjordbonden AS

Vil vekst i Ølen lørdag 23. september

Vindafjordbond en flyttar garden sin til Sjoargata i Ølen.

Opplev alt frå dyr, landbruksmaski nar, leikar og sal av loka lmat. Set av dagen og bli deltidsbonde fo r nokre timar.

LANDBRUKET I VINDAFJORD Det er drift på 420 gardsbruk som gir ca 700 årsverk. Jordbruksarealet pr. bruk er 196 dekar.

VINDAFJORD ER LANDETS 4 STØRSTE HUSDYRKOMMUNE MED: · 3 200 mjølkekyr

· 7 800 andre storfe · 16 900 sauer

· 1 000 avlsgriser

· 50 000 slaktegris/år Forvaltar totalt eit areal på 620 000 dekar, med ei av Norges mest produktive hjortestammer. Vindafjord har eit produktivt skogsareal på 250 000 dekar og avvirkar mellom 10 000 og 20 000 m3 pr. år. Brutto verdiskaping i landbruket i Vindafjord er om lag 400 mill., og Vindafjordlandbruket er hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord med 14% av alle sysselsette.

sign - de t s k . - te elseth Ide Ab tne : . G R og E ARLE Frank d V r S o N afj AS, SINA seth Vind MAGA skalle Abel dar i r . a R n Vinn Frank ssta den AS n : : Hu FOTO BUSJON fjordbo I a R d T n S i V DI VAR: UTGI

MØKKABLAD 2


P

ARILD, REBEKKA OG RESTEN AV FAMILIEN OG DYRA STORTRIVST PÅ EIDE GARD.

ARILD EIDE

• 4 på rodu ksj • C 00.0 0 Ei • 4 a 400 0 li de G on ar sla ter • 1 5 – kte mel d 5 s 50 g k k ri au yr o med s i å • 6 g kj ar ( e b r • 1 høn kt m eite påse et er ed pus t k • H att lam ser t ) ar, (Ei • 4 unde n de -5 flog Ronj n Ei a de) er

– ein yngre bonde som satsar

Arild driv Eide gard i Nedre Vats saman med kona Wenche, Rebekka (10), Jørgen (8) og Olava (4). Arild er oppvaksen 500 meter «neri bakken», og det var onkel Arne og kona som dreiv garden. Dei hadde ikkje born, så Arild og søskena var mykje på garden. Låg tidleg i korta at Arild skulle overta. Då Arild vart vaksen og utdanna tømrar, starta han eiga bedrift saman med kompisen Ivar Åserød. Etter nokre år fekk Arne kreft og døyde i 2007, og Arild og Wenche overtok garden. Dei hadde sett for seg at Arne skulle vera dreng i mange år, men slik vart det altså ikkje.

Har dei første 10 åra som bonde vore gode Arild?

Eg stortrivst. Like bra som eg hadde trudd. Det er dette eg vil driva på med, seier Arild klart og tydeleg med fast blikk. Det er ekstremt travelt i periodar, men også enkelte periodar der eg kan styra dagane sjølv. Arbeidet er svært allsidig. Noko av det eg likar best er at eg er heime når borna er ferdige med skulen og kan ta imot dei. Då kan dei vera heime og gjera det dei vil. Mange må jaga etter klokka, og kanskje unngår me litt av det. Slikt kan bety meir både på kort og lang sikt enn me anar.

Likar meg best når det er mykje som skjer

Arild er ein av mange som likar våren. Då går det i ett for ein bonde. Mykje kjekt arbeid. Han likar også godt morgon og kveldsstellet som fast rutine. Sprøyting av høymåla, gjerding og vasking av grishus er ikkje høgast prioritert, men må jo gjerast. I 2011 investerte Arild og Wenche i nybygg og mykje nytt utstyr. Dei fekk liggeavdeling, teknisk avdeling og sette inn melkerobot i fjosen. Bygd rundt eksisterande bygg. Skifta tak, bygde på eit kalvabygg og fekk ein meir fleksibel kvardag. Det var melk Arild ville satsa på, og det har vist seg å vera rett.

Kunne vore betre betalt for arbeidet

Arild synes det å vera bonde kunne vore betre betalt. Svært viktig også for rekrutteringa. Betalinga er ikkje så verst og mykje kan du gjera sjølv, men det andre bidreg med kunne godt vore litt betre. God økonomi er også viktig for å kunna få nok fritid,

få nødvendig utvikling osv. Arild klagar absolutt ikkje, men håpar på tilstrekkeleg økonomisk utvikling. Arild ønskjer seg bl.a. ei ny ungdyravdeling for å få betre og meir plass til dyra.

Vindafjord eit sterkt landbruksområde

Eg har samarbeid med fleire bønder i bygda og får hjelp om eg treng det. Men det minkar på bøndene som driv på heiltid. Første tirsdagen i kvar månad samlast me ein gjeng til bondelunsj. Det er voldigt sosialt. Der preikar me først og fremst litt sjit om samfunnet, men skulle nokon komma opp med noko fagleg og nyttig, tek me imot det også, smiler Arild.

Hjortajakt og litt fotball er bra

Når me kjem inn på fritid er Arild raskt frampå med at han er heldig med avløysaren. May Bente Stokkedal har vore der i mange år og gjer ein framifrå jobb. Stiller stort sett når det trengs. Borna og kona bidrar også så best dei kan. Rebekka synes det er kjekt å bu på gard. Renska og rydda for hunden og hønene er nokre av oppgåvene. Ho og dei andre er også med i fjosen av og til, og gjer ein god jobb. Arild og nokre kompisar er aktive i hjortejakta, og han sit også i styret i SK-Vats. Runde ballar er noko bønder har greie på.

Ser lyst på framtida

Arild ser lyst på framtida som bonde. Krisa kom ikkje for min del med denne «blå» regjeringa seier Arild, men det har nok noko med storleiker på garden å gjera. Dei har fått rydda litt opp i «tulletilskot» og andre saker. Men om vegen mot større gardar og «industri» er den rette, er Arild meir usikker på. Han anbefaler absolutt andre til å både starta som bonde og å satsa. Av og til finn me heil ved. Underteikna kjenner på seg at her har me truffe på heil ved. Arild er ein flott representant for bøndene i Vindafjord, og bidrar mykje i samfunnsutviklinga på ulike områder. Eide Gard er heilt klart på veg oppover i divisjonane. Me takkar for praten

3 MØKKABLAD


DER INGA SKULLE TRU AT INGA SKULLE BU...

SÅ GODE VENER I INGA OG SAUENE. IKKJE DEI «BESTISSAR». UNGDOMMEN, MEN NÅ ER

Eg er veldig herifrå seier Inga når me spør om ho er oppvaksen på garden Steinsland på Bjoa. Eit stykke opp mot Dalen og heilt til endes på Steinslandsvegen. 7. generasjon legg ho til. Her bur Inga Steinsland saman med døtrene Siri (10), Kari (8) og ein bonde frå Høle i Sandnes. Ein arbeidssam og triveleg kar som nå er blitt sambuar. Godt bondeemne som kan brukast til alt flirer Inga. Trygg på at han endå ikkje er komen heim frå jobben på Etne Betong.

Først og fremst ein sauagard

Inga er fulltidsbonde og driv med sau. Nå har me vidareutvikla garden og fått 5 høns, smiler Inga. Til saman legg dei eit egg om dagen. Blir nok ikkje rik på dei heller legg ho til. Eg har 2 årsverk med sau i følge staten sine utrekningar. Det blir ei årslønn på det. Du må lika å arbeida og lika å bruka lite penger legg ho til. Eg er referansebruk for Nibio som gjennomfører ei driftsgransking av Norsk landbruk. Registrerer alle timar, så eg har god oversikt over tidsforbruket. Ligg på 4.300 timar i året.

Den store interessa har ikkje alltid vore der Eg var ikkje med på meir enn eg blei tvinga til under oppveksten seier Inga. Men har alltid visst at eg ville overta. Ingen trudde på det når eg var yngre. Overtok garden i 2006, etter å ha utdanna seg til agronom på Stend jordbruksskule i Fana, jobba som heiltidsavløysar på Bjoa 1-2 år, arbeid på kjærestegard i Hjelmeland eit par år og solgt sitt eige «Steinslandskjøt» når ho

MØKKABLAD 4

flytta heim rundt 2004. Håpte det kunne bli ei tilleggsinntekt når ho kom heim, men når jentene kom og ho overtok garden var det dugnadsarbeidet over.

Du virkar blid og engasjert. Kva er det som driv deg?

Jo takk. Det er nok litt dette med at eg er odelsjente. Ligg nok ei forventning rundt det. Garden er blitt dreven i fleire 100-år og no er det eg som har stafettpinnen. Av og til om våren, når lufta står og dirrer, sit eg på ein liten fjellknaus over garden. Der ser eg på garden samtidig som eg ser for meg at dei før meg står bak og ser det same som meg. Då lurer eg av og til på om dei er fornøgde med det dei ser. Inga har lyst til å gjera sin del av arbeidet. Trur eg er på rett hylle, og driv med noko som verkeleg er interessant og som gir ekte livsglede. Å vera bonde er slik eg ser det å vera litt «Herre» på eigen gard. Eg bestemmer korleis dyra skal ha det, korleis det skal sjå ut, kva som skal vekse osv. Må ta konsekvensen av eigne beslutningar. Det er stor stas å sjå når ting utviklar seg slik du håpte, som avl, landskap og mykje anna.

Eg er forferdeleg dårleg på fritid

Inga er engasjert i ulike bondeorganisasjonar og lokalmiljøet. Leiar i Bjoa Bondelag, styremedlem i Vindafjordbonden og varamedlem for styret i Rogaland Bondelag. I fritida går Inga bl.a. på Yogafarmen på Bjoa. Ryggen får litt drahjelp der. Burde vore meir sosial, seier ho med alvorlege


SEG MED INGA. RONA OG SHIRA KOSAR

E T. EIT SYN MANG INGA OG SPANNE DEN . NE UE SA T NS LIKAR. IKKJE MI E OGSÅ NOKO MANG GRØNE VEGGEN ER IGJEN. BØNDER KJENNER

trekk i det smilande ansiktet. Trivest godt i eige selskap men det kan vera einsamt å vera bonde. Er litt på nettet, gjerne før dagen startar for alvor, noko som i det minste er litt sosialt. Sjølv burde eg nok bli meir strukturert for å ta steg vidare. F.eks. legga inn «kose- og fritid».

Heilt klart eit familiebruk

Under sauesanking må både foreldre, søsken, søskenbarn, hundane, hønene og andre vera med. Sauene går på Hardangervidda, og kjem ned ikkje langt får Vøringsfossen. I dag er ca 500 sauer til fjells og ca 400 på garden. Bordercolliane Rona og Shira hjelper til. Har litt lite jord og dyr, så i framtida er nok det viktigaste å driva endå betre.

Kva ville du sagt til «statsministeren»?

Dei må verdsetja bonden høgare og gi han den betalinga han fortjener. Eg er også litt usikker på om me faktisk har nok god mat i framtida, og då er det viktig at me så langt me kan er sjølvforsynte. Må ta vare på kompetansen og ikkje minst jorda. Har ein far på 78 år som arbeider 100% på garden, både dugnad og som avløysar, og er svært viktig for at eg greier å leva av garden. Dette fortel litt om kor mykje det blir satsa på landbruket i dette landet.

Kva driv ein sauabonde med til dagleg?

Eg har f.eks. 11 kilometer med gjerde, må stella og hausta 228 dekar fulldyrka jord, 532 dekar innmarksbeite som skal

EIT VERKTØYSKAP PÅ MANG EIN GARD SER GJERNE SLIK UT.

KAR Å KOMA TIL GARDS SMA ALLTID GODT.

gjødslast og stellast, 6 bygningar som skal vedlikehaldast, mange maskinar som skal fungera og vedlikehaldast. I tillegg kjem 6 mnd med dyrestell og inneforing. Lamminga tek også dag og natt i ein god månad. Sauesankinga tek åleine borti 60 dagsverk. At sauene skal inn og behandlast, stellast, kontrollerast og sorterast er også ein viktig del av jobben. Beiterydding og veding høyrer også med... Det er nok nå Inga. Vil du som les ha god norsk mat frå dyr som har fått godt stell, flott kulturlandskap, arbeidsplasser i små bygdesamfunn og liv og røra i lokalsamfunnet? Då skal du heia på Inga og Norsk landbruk og kjøpa varer deretter. Takk til Inga, alle generasjonar og ulike gode hjelperar. Framifrå representantar for bøndene, Vindafjord og Norge!

garden: nen på o j s k u d Pro au 340 lams

1. ca jøt ar nn med k .500 dek 2. 12 to g ull kap på 1 s pr år. d k n g a 0 g l 0 e r 0 u 3. 2. så 365 t kult g i o e r r i e g r e g s 4. Produ er pr da på 5 høn t sunt med egg. g g e 1 . e 5 s er d Heldigvi

5 MØKKABLAD


TIDA. Å TENKJA PÅ FOR HILMAR HAR MYKJE AV OG TIL. GODT Å BENKA SEG

N. HILMAR OG MOPEDE T SYN EIT KJENT OG KJÆR . ET KT RI ST I DI

ER» I KVARDAGEN Å NYTA «SMÅ GLED E, EIT STORT AN TT KA ER VIKTIG. EI GOD HISTORIE STYKKE NORGE OG EDER SEG OVER. GL AR LM HI MØKKABLAD 6 ER NOKO


EG Å MOR MI VAR PÅ SJUKEHUSET NÅR EG BLEI FØDDE VETT DU... Itte ei veka sa mor mi atte eg måtte vara med him å få nåken å leka med, seier Hilmar. Når me kom heim låg der 7 andre gutar å venta. Ei stund seinare kom det ein til. Me var ni gutar, så konne far min spela spiss. Då eg fekk mor mi te å stå i mål så var det komplett, flirer Hilmar. Mykje liv i huset. Om vinteren gjekk me skiturar i måneskin på bøane, kasta snøball og gjekk på skeiser. Det er ikkje så mange skispor på bøane no lenger seier Hilmar. Dei må vel ha nokon som kan trekkja dei opp bakkane smiler han. Om sommaren var jeppa på pinne ein populær aktivitet. Nokre skulekompisar kom på besøk for å leika, og når dei var forne var det gjerne gøyma og leita i huset eller rundt nåvene. Det var stor stas når eg fekk mi eiga lommelykt, minnes Hilmar. Kappspringing var også noko dei dreiv med på garden. Ein med stoppeklokka, og resten på jakt etter rekorden. Me sat oss ikkje sjuke slik som enkelte gjer i dag, legg han til.

Hilmar har alltid vore glad i dyr og gardsdrift

Skulle me ha klær og mat måtte me hjelpa til sa alltid far min. Ikkje like kjekt å pittla steidn, men slik var det. Hilmar vart agronom på Tveit Jordbruksskule, og etterpå var det Hærens Jegertropp i militæret. Først på Evjemoen og til slutt Porsangmoen ved Lakselv. 72 timars marsj utan mat gjorde inntrykk. Eg vart mann etter det, seier Hilmar ettertenksomt. I 1980 var faren blitt pensjonist og Hilmar overtok garden. Dei 7 eldste hadde flytta ut etter tur. Melkekyr og ungdyr er det Hilmar har hatt på garden. Å stella dyra har Hilmar alltid likt svært godt. For han har det i stor grad vore sjølve livet.

Ikkje kjekt når presten støtt kom på døra

Hans er 3. generasjon og tek det på alvor. Gjer sitt beste 4 av brørne til Hilmar er døde. Ein under arbeid, ein i brann, ein som drukna på fiske når han var 22 og ein av hjertestans. Det var tungt for Hilmar, mora som budde heime med Hilmar og dei andre brørne. Dyra og arbeidet på garden var godt å ha også då.

Tøffe tider for Hilmar

For om lag 2 år sidan kom Mattilsynet på døra og stengte drifta. Dei var ikkje fornøgde med bygningar og enkelte andre «punkter». Dette var eit svært hardt slag for Hilmar, og han slit fortsatt med å finna seg sjølv. Mange netter med lite søvn, tunge tankar og lange dagar har resultert i at Hilmar har det slitsomt. Breivik gjorde heller ikkje alt rett men fekk tilgong på alt av forsvarerar han kunne tenkja seg. Ein mann som har gjort sitt beste for dyra kunne også tenkt seg denne hjelpa... Hilmar føler seg heilt overkjørt og makteslaus. Saknet etter dyra og livet rundt tærer på. Men han kjempar fortsatt, og set pris på om nokon kan hjelpa.

Hilmar – ein humorist

Mange ser nok på Hilmar som ein bygdeoriginal med glimt i auga og humoren som ein del av sjela. Korleis ser du på

dette Hilmar? Eg vett ikkje. Eg vil ikkje dømma meg sjøl. Det får andre avgjera. Men eg har alltid vore sosiale og likt å snakka med folk. Hadde eg ikkje vore så sosiale i denne tida hadde eg nok vore i grava seier han. Han flirer litt rundt begrepet bygdeoriginal, men likar at enkelte kallar han for humorist. At Hilmar ofte er eit innslag på revyen i Ølen er heilt ok. Men det må ikkje bli noko tulleskap. Privatlivet til folk har dei ikkje noko med. Eg likar nok best historiar som er litt på kanten flirer Hilmar. Han fortel om han fra Våjen som for ein del år sidan var ute å køyrde mopeden i kaldt vær. Han stakk innom butikken til Johannes Heggen og spurte om å få kjøpa ei lang ullunderbukse fordi han fraus på knallerten. Dei to damene bak disken vart raudare i ansiktet enn tomatene frå Finnøy, medan dei to karane tok seg ein god latter. Men gift er meg med ein å køyra for tretoppane.

du ikkje Hilmar? Nei, men då vil eg samanlikna traktor som er avskilta. Den kan vera like god det. Stemninga i hagen til Hilmar stig no over Og tretoppane i hagen til Hilmar er høge.

Kva brukar du dagane til Hilmar?

Eg likar å følgja med i media. Ellers krev det sitt å stella huset, dei 7 kattane, laga mat, klippa plen, halda mopeden vedlike og andre daglege oppgåver. Når eg er rundt omkring pratar eg med folk eg kjenner, går litt på besøk og får enkelte besøk. Eg set også pris på å få bu i eit fritt og godt land. Sjølv om eg meiner at me skulle tatt endå betre vare på landbruket. Eg må jo også kikka litt på damene, smiler Hilmar. Eg likar godt damer, ja kanskje litt for godt flirer han. Dei må vera strame i halsen, ha eit fint ansikt og gitarrumpa påpeikar han. I ungdommen var det mange jenter som fekk seg ein mopedtur bak på «knallerten» til Hilmar. Ei av desse jentene viser seg å vera kona til skribenten. Hilmar har lova å ikkje sei noko om kva som skjedde «etterpå», så det må nok skribenten akseptera. Om han likar det eller ikkje. Eg har ikkje mista håret og ikkje blitt grå, påpeikar Hilmar. Legg også til at han ofte blir bedt opp til dans, medan fleire av kompisane sjølv må stå for det. Skulle ei litt yngre be opp Hilmar er kompisane raskt frampå med at «ho er for ung for deg». Avensjuka meiner Hilmar, og kosar seg berre med tanken.

Det er triveleg å snakka med Hilmar

Men dei ulike historiane set sitt preg. Eit menneske er både noko du ser og noko du ikkje ser. Hilmar er eit slikt menneske. Eit som er verdt å sjå. Takk Hilmar for god norsk mat, stell av kulturlandskap og mange gode historiar med glimt i auga gjennom mange år. Alle bygdar treng slike fargeklattar som deg. Og pass godt på knallerten:)


RTEN. M ER OFTE PÅ FA MAGNAR FJELDHEI D BORNA... R FOTBALLKAMPA ME I JOBB, TRENING, L TI UK BERRE I BR MELKESPANNET ER AR R FAMILIESAMLING DE UN R TA AKTIVITE

GODE GODT OG RETT STELL GIR AVLSGRISER

T ER BORDE Å P A R BEIN NOKO FO IKKJE R... MAGNA

MØKKABLAD 8


MAGNAR FJELDHEIM

- har ikkje alltid hatt griseflaks Magnar er født på Fjeldheim i 1964.

Ein ærverdig gard som ligg solvendt, god tilgang til vatn og ligg litt i høyden. Frå gamalt av ein storgard, som etter kvart vart delt inn i 4 gardar. Magnar overtok Fjeldheim gard i 1987, berre 22 år gammal. Med faren som god hjelpar men også som skeptikar til Magnar sine ulike draumar.

Eit bryllup i Sandeid gjorde susen

Søster til Magnar skulle i 1993 gifta seg i Sandeid kyrkje. Magnar fekk Marit frå Nærbø som borddama, og etter eit halvår vart dei eit bondepar. I 1994 var Magnar oppteken med å seia nei til EU, men Marit flytta til Fjeldheim i 1994. I dag er dei foreldre til Maria (21), Magdele (20), Gjert (17),xx Solveig Terese (14) og Gabriel (13). Å gå til bords med Magnar kan få gode konsekvenser:)

Avlsbesetning på gris

Fjeldheim Gard leverer mordyr til andre svinebesetningar i Rogaland. Dei er blant landets aller største på denne typen produksjon. Ei purka er 50% landsvin og 50% yorkshire. Du får eit betre mordyr med denne blandinga enn om du kjører einspora, seier Magnar. I tillegg leiger dei ut beite til sauer, har litevetta jordbær (3 mål) og har grasproduksjon. Det blir født 4.000 grisungar som er berekna på avl, men ca halvparten er jo gutar.

Magnar frå Fjeldheim til Aker Brygge

I 1998 var grishuset ferdig bygd, EU var avklart og børsen var låg. Magnar hadde tjent nokre kroner og investerte 100.000 i aksjer. Grisene hadde knapt fått i seg frokosten før desse pengane hadde auka til 1. million. Når du har fått litt penger og hatt litt flaks var det mange som ville gi meg råd for vidare satsing. Det meste traff og pilene peika oppover. Eg var på ulike samlingar med «finanseliten» i Bergen, Stavanger og Oslo. Aker Brygge var ein fristande møtestad kan du sei. Eg var 2-3 dagar i Oslo i veka og fekk jobb i eit forvaltningshus. Ryktet om han som tjente raske penger gjekk og eg fekk mange tilbod.

I 2000 sprakk bobla...

Då blir det som ein snøball som rullar ned heile bakken. Den veks og tek gjerne med seg alt som står i vegen før den kjæsjar i betongveggen. Slik vart det hos meg, seier Magnar. Han måtte slå seg personleg konkurs og det var usikkert om dei fekk driva garden vidare. Prosessen gjekk i 3 år før me fekk kjøpa garden tilbake frå «markedet» til markedspris. Då var det tilbake til start. I dag har Magnar kjøpt seg ut av alle misligholdte krav og er nå «fri mann», som kan eiga det han vil. Det har vore tøffe tider, men ei svært lærerik erfaring med mange

spanande opplevingar. Måtte bygga stein for stein, men eg gjekk jo tilbake til noko eg meinte eg kunne og som eg sjølv hadde kontroll over, legg han til. Kva med jantelova Magnar? Jo takk. Den har eg fått helsa på og blitt godt kjent med smiler han. Underteikna har lyst til å leggja til at Magnar har prøvd på noko han ikkje fekk til. Det er lov, og landet er heilt avhengige av at nokon prøver. Og ingen får til alt. Det er mykje me ikkje får til berre me lar vera å prøva...

Kva 3 saker vil du be landbruksministeren prioritera Magnar? 1. Styrka importvernet. Det gjer alle land. Må ha nok forsyningsgrad og eigen matproduksjon. 2. Verna om dyrka jord.

3. Markedsregulering og balanse i markedet. Må ha gode moglegheiter til å utvikla landbruket også på bygdane gjennom små og mindre gardar. Viktig for trivsel, turisme, busetting osv.

Har du gode dagar på Fjeldheim gard Magnar?

Å driva gard er mykje arbeid. 5 ungar tek også tid. Men kjekt er det. Magnar er også stolt over at han har lært seg å kråla etter å passert 50. Ironman får nyta godt av det. Trening har også gjort meg betre i ryggen påpeikar han. Samtidig er det ei fin avkobling og gir overskudd. Miljøet i triatlon-klubben i Haugesund er også bra, med folk herifra og derifra.

Nokre tankar om framtida?

Nå er det viktig å halda den produksjonen eg har på høgast mogleg nivå. I tillegg har eg planar om å dyrka meir jord og eit maskinhus. Meiner det er ei god investering for framtida også for neste generasjon. Jord kan bli ei knapphetsvara. Har også stor tru på grønnsak- og bærproduksjon. Mange i Vindafjord har moglegheiter, dersom dei har jord som er solvendt. Eg hadde ikkje bygd opp eit kyllinghus eller grisehus dersom eg skulle starta frå botn av i dag. Er eg usikker på om konjunkturane treff eller ikkje. Bønder må ha litt kremmarånd. Ikkje vera for godhjerta å kjøpa alt fra alle som vil selja noko. Eg har eit stort nettverk over heile landet, der me utveksle tips og erfaringar. Det har eg stor nytte av. Viktig å omgi seg med optimistar.

Magnar er medlem av Vindafjordbonden

Bønder som Vil vekst. Han har meiningar, mot og stadig nye planar. Slike bønder vil me gjerne ha fleire av.

Takk Magnar 9 MØKKABLAD


VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR Her er nokre av dei som verkeleg bryr seg og bidrar til det gode landbruket Vindafjord har i dag. Vindafjordbonden treng slike «vener» for å gjera ulike tiltak, som dette magasinet, arrangementet Vil vekst m.m. TAKK TIL DEI SOM BIDRAR.

MEDLEMMER I VINDAFJORDBONDEN Det er desse medlemmene som er grunnlaget for at Vindafjordbonden AS eksisterer og kan gjera dei ulike tiltaka ein gjer.. 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. 34. 35.

Andreas Eikeland Anita og Tore Øvregård Asbjørn Alendal Bengt Bådsvik Eva Lise og Andreas Lundegård Alf Egil Vaula Arild Eide Bård Arne Lunde Borghild og Jakob Eskeland Eivind Vik Elisabeth og Steinar Nesheim Endre Krakk Frode Grindheim Geir Tofte Geir Olav Larsen Gunvor Bakke Gudmund K. Håkull Harald Eikanger Hege og Jostein Sørhus Herlof Sigurd Lærdal Harald Olav Stuhaug Heidi og Eivind Lien Harald Hetland Henrik Nerheim Harald og Camilla Velde Hans Ilstad Inga Steinsland Ingvild og Eirik Nesheim Jone Skartland Jostein Halvorsen Johannes Hustveit Jan Byrkja Jørund Velde Johannes Vestbø Jørn Apeland

36. 37. 38. 39. 40. 41. 42. 43. 44. 45. 46. 47. 48. 49.

50. 51. 52. 53. 54. 55. 56. 57. 58. 59. 60. 61. 62. 63. 64. 65. 66. 67. 68. 69. 70. 71.

Kjell Thomas Kirketeig Kjell Vidar Øgland Kari og Jan Idar Haugen Kjartan Kalstveit Kjetil Skartland Karl Larsen Lars Henry Dagsland Lars A. Lien Leif Bjarne Olsen Magnar Helgevold Magnus Frøyland Magnar Fjeldheim Maria og Håvard Jæger Tveit Marit Rimestad

Norleif Fjeldheim Osmund Birkeland Ole Johan Vierdal Oddvar Kjærland Per Arnvid Landa Roald Haraldseide Rune Ersland Roy Erik Hetland Stein Øyvind Aase Svein Sigurd Haraldseide Severin Fatland Terje Kambe Trond Haugland Tjerand Selland Torleif Stople Trond Berge Trond Skogen Trygve Meland Vidar Viland Wenche Torstveit Øyvind Haakull Åsvald Imsland

Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DET Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta. MØKKABLAD 10


STRAI MALT EIK PROFIL

GOD NORSK MAT FORTJENER GODT NORSK KJØKKEN Vindafjordbonden produserer mat av beste kvalitet. Vi leverer gjerne kjøkkenet. Sammen blir dette dei gode stundene.

STIKK INNOM

Se over 50 utstilte modeller. Husk også at vi tilbyr alt fra idèer og tegning til rivning, fjerning og montering av kjøkken.

KJØKKEN - BAD - GARDEROBE - VASKEROM Knapphus Kjøkkensenter AS - 52 76 70 70 post@knapphus-kjokkensenter.no - knapphus-kjokkensenter.no

VIL VEKST PÅ ØLEN SENTER

MX SPORT:Klær og sko til sauesankinga HANDELSHUSET:Fine klær til fjos og fest ØLEN BOK OG PAPIR:Kjøp koffert og ta ferie TO HUMLER:Bli den finaste du veit SPAREBANK 1 SR BANK:La pengane spira og gro APOTEK 1:Helse og velvære COOP EXTRA:Mat frå gardar til gards SKOHJØRNA:Sko til kvardag og fest ØLEN FRISØRSALONG:Om du skal i fjosen eller i losjen ØLEN BLOMSTER:Det er mange som fortjener ein blomst Åpningstider: Fredag: 10.00 - 18.00

Lørdag: 10.00 - 16.00

Eit senter som spirer og gror :-)

vinnarskalle.no

Du tar deg av kokingen og gjestene.


VINDAFJORDBONDE

N INVITERER TIL

VIL VEKST 23. SEPTEMBER KL. 11.00 - 15.00 Sjoargato - Ølen

GRAT Salg IS INNG av gr illma ONG t

HER KAN DU OPPLEVA:

• Levande dyr • Fjoslukt • Salg av lokale matvarer • Grisapreik • Aktivitetar for store og små • Gammalt og nytt utstyr • Bondeleikar kl. 13.00 Arrangør:

Kappestrid mellom drivande bønder

• Auksjon av brukt kl. 14.00

Ein u v og tr anleg ive dag leg fo heile r fam ilien Sjoa :-) rg

Ølen brukthandel

R D STO ALLTI ING PÅ STEMN EKST VIL V

ata er ar vil bli st e rang eme ngt ntet .

und

- eit reklamebyrå som gir vekst

Du kjem fortare fram med Medvind i ryggen

5582 ØLENSVÅG

Kvalitet og tradisjon sidan 1951

MØKKABLAD 12

Betongelement – Ferdigbetong Røyr og kummar

Sal og service til eit moderne landbruk

Vinnarskall.no

Medvind24.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.