Vindafjordbonden magasin

Page 1

BRITT RANDI HAR KJØTT PÅ BEINET

VIL VEKST I ØLEN

Vindafjordbonden inviterer til familiedagen Vil vekst i

Ølen lørdag 22. september

:

E T T E D Å S LES OG AN KJART EIT V KALST onden b Potet jold k S frå

EIVIND LIEN

Ein typisk Vestlandsbonde...

VAR UNGKAL s

i Vat trør til...

Ta heil e familie n med på VIL VEKST i Ølen, lørdag 22. sep tember

MØKKABLAD 2018 Eit framifrå magasin frå Vindafjordbonden

1 MØKKABLAD


VINDAFJORDBONDEN DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS

>>

>>

• at sauene i Vindafjord har 67600 bein

GARDSKILT

VIL VEKST

• 1 000 avlsgriser som får 26000 grisungar • 50 000 slaktegris/år

Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder. Ein utruleg kjekk dag, der me fyller Sjoargata for å visa litt av alt det Vindafjordbøndene har å tilby – frå maskinar til mat og dyr.

DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED

Eg håpar du kosar deg med magasinet og ynskjer alle velkommen til Vil vekst i Ølen 22. september.

>>

• 7 800 andre storfe

Me må visa igjen som andre bedrifter.

>> >>

Vindafjord er landets 4 største husdyrkommune med: • 3 200 mjølkekyr, som mjølkar 7600 mjølkekartongar kvar

Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppemøter, innlegg på facebook og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Utallige omtalar i media har også bidratt.

PROFILERING

HELSING

Andreas Lundegård, styreformann i Vindafjordbonden AS

Vindafjord bonden flyttar gard en sin til Sjoargata i Ølen. Opplev alt frå dyr, landbruksm askinar, leikar og sal av lokalmat. Set av dage n og bli delt idsbonde for nokre timar.

>> VISSTE DU AT:

AUKA STATUS OG OMDØMME

>>

Vil vekst Ølen lørda i 22. septem g ber

Forvaltar totalt eit areal på 620 000 dekar, med ei av Norges mest produktive hjortestammer. Vindafjord har eit produktivt skogsareal på 250 000 dekar og avvirkar mellom 10 000 og 20 000 m3 tømmer pr. år.

Brutto verdiskaping i landbruket i Vindafjord er om lag 400 mill. (det kan du få utruleg mykje fint for…), og Vindafjordlandbruket er hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord med 14% av alle sysselsette.

sign kst - de Ide - te : G E . L h R t A e V s NS R. Abel MAGASINA , Frank S A e l l a ne Vinnarsk belseth rd og Et ank R. A Vindafjo i r a d FOTO: Fr n a sst SJON: Hu en AS DISTRIBU jordbond f a d n i V : R A V I G UT

MEDLEMMER I VINDAFJORDBONDEN Det er desse medlemmene som er grunnlaget for at Vindafjordbonden AS eksisterer og kan gjera dei ulike tiltaka ein gjer.. 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19.

Osmund Birkeland Terje Kambe Trond Haugland Leif Bjarne Olsen Hans Ilstad Tjerand Selland Åsvald Imsland Andreas Eikeland Jakob og Borghild Eskeland Lars A.Lien Bård Arne Lunde Harald Velde Inga Steinsland Norleif Fjeldheim Henrik Nerheim Geir Tofte Kjell Thomas Kirketeig Harald Hetland Heidi og Eivind Lien

20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38. 39.

Harald-Olav Stuhaug Kari og Jan Idar Haugen Alf Egil Vaula Eivind Vik Wenche Torstveit Herlof S. Lærdal Magnar Helgevold Geir Olav Larsen Jørn Apeland Johannes Vestbø Endre Krakk Jørund Velde Severin Fatland Harald Eikanger Jan Byrkja Lars Henry Dagsland Kjartan Kalstveit Asbjørn Alendal Arild Eide Frode Grindheim

40. 41. 42. 43. 44. 45. 46. 47. 48. 49. 50. 51. 52. 53. 54. 55. 56.

Roald Haraldseide Torleif Stople Rune Ersland Ole Johan Vierdal Gunvor Bakke Magnus Frøyland Trond Skogen Gudmund K. Håkull Svein Sigurd Haraldseid Øyvind Haakull Trygve Meland Oddvar Kjærland Magnar Fjeldheim Marit Rimestad Johannes Hustveit Roy Erik Hetland Eva Lise og Andreas Lundegård 57. Per Arnvid Landa 58. Stein Øyvind Aase

59. 60. 61. 62. 63. 64. 65. 66. 67. 68. 69. 70. 71. 72. 73. 74. 75.

Karl Larsen Kjetil Skartland Elisabeth Nesheim Steinar Nesheim Jostein Sørhus Hege Sørhus Jostein Halvorsen Trond Berge Kjell Vidar Øglænd Jone Skartland Anita og Tore Øvregård Maria og Håvard Jæger Tveit Bengt Bådsvik Ingvild og Eirik Nesheim Arve Gramstad Bjørn Alvseike Knut Øvstedal

Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DET Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta.


HAR DU GAMLE TANKAR? Hentar du diesel frå ein gammal «nedgravd» dieseltank?

Knapphus Energi kan tilby nye dieseltankar med følgjande spesifikasjonar: - Dobbeltvegga (hindrar lekkasje) - Vann og partikkelfilter (alltid rein diesel) - Tilfredsstiller alle nye krav for lagring - 1.200 liter, 2.500, 3.500, 5.000 og 9.000 liter - Komplett tank med pumpe med automatpistol, telleverk og vann/partikkelfilter. Alt i eit låsbart skap på tanken.

Me tilbyr også alt innan smøreolje, kjemi og AdBlue. Kontakt gjerne Jarle på 98 48 86 88 for ein prat om tankane dine.

Energi knapphus.no

3 MØKKABLAD


KJARTAN ER EIN BONDE SOM BRENN FOR DEI HAN HAR RUNDT SEG.

KJARTAN

– Kven har sagt det skal vera lett? Kjartan Kalstveit bur og driv Kalstveit Gard i Skjold. Saman med kona Bente Helen Øren, tvillingane Sveinung og Kristine (20), Guro (18) og Jon Kristian (15). Mange har besøkt garden då potetene dei dyrkar og sel er godt kjende. Faren døydde i arbeidsulykke då Kjartan var 7 år

Han datt ned frå siloen då han skulle skunda seg å ta opp silo. Reidun, mor til Kjartan og dei 2 yngre søstrene hans, var brått og brutalt åleine. Det tok 2 sekund... Då Kjartan var 15 døydde også mora Reidun av sjukdom. Ein bonde er van med døden, men slike tak skal det sterk rygg til for å bera. Kjartan ser ut til å ha ein slik rygg. Besteforeldra til Kjartan flytta inn og var «fosterforeldre» det første året. Deretter fekk dei hjelp både av familie og andre til dei var gamle nok til å flytta for seg sjølve. Garden vart pakta av både framandfolk og onklane Åsmund og Øystein, til Kjartan kjøpte garden i 1994, 23 år gamal.

Produserer 280.000 liter melk

Det er melkeproduksjon Kalstveit Gard i hovudsak lever av. At dei alar opp 20-25 stutar i året er ein konsekvens av at nokre kalvar også er gutar. I tillegg svarer Kjartan at me har litt for mange kattar når me spør om det er andre dyr på garden. At sonen Jon Kristian har 4 sauer er noko han balar med.

MØKKABLAD 4

Skjoldapotet

Nokre bønder i Skjold etablerte for ein del år sidan begrepet «Skjoldapotet». Kjartan hadde også litt poteter på den tida som han selde frå garden, i samarbeid med Sevald Vestre. Dei har også i dag utsalg av poteter både frå Kalstveit Gard og Vestre Gard, som ligg ein kilometer lengre mot Haugesund. Kven som helst kan stikka innom desse gardane og kjøpa ein sekk eller to. Dei er med skrellet på. Kerrs Pink er sorten det blir solgt mest av, men den er også tyngst å dyrka. I tillegg har dei sortane Troll og Folva. Det kan bli utfordringar med dårleg potetvær, potetjord osv. Då hender det at dei må spe på med innkjøp av poteter som har dei same «verdiane» som sine eigne. Har mellom 15 og 20 mål poteter. Det blir nokre sekker og nokre gardsbesøk av det. Det er kjekt og interessant arbeid. Me er litt for små til at det blir den store timebetalinga, seier Kjartan. Dei seie så, svarer Kjartan når me spør om han alltid har hatt lyst til å overta garden. Kunne nok prøvd litt anna først, men slik vart det ikkje. Slik at eg i det minste kunne sjå kor godt eg kan ha det som bonde. Eg er også med i brannvesenet. Ein menig som spring når det skjer noko. Eg går jo her åleina, men trivest godt i eige selskap. Ser jo det at eg kan bli litt blind av å berre


EIT STYVINGSTRE HAR BLITT STORT. KAN OGSÅ I DAG VERA VIKTIG SOM FÒR.

TIL OG MED EI TRILLEBÅR KAN SETJA FARGE PÅ DAGEN

JON KRISTIAN HAR PRODUSERT BÅDE HUS OG HØNER. EIN GRÅTASS SKAPER STEMNING PÅ EIN GARD.

gå hos meg sjølv. Det er lettare å sjå «feila» hos andre bønder, smiler han. Er også ein av klubbrådgjevarane i Skjold 4h. Ser fram til haustfest der alle medlemmene stiller ut oppgåva dei har hatt dette året.

Likar godt å styra arbeidsdagen sjølv

Godt at arbeidet er allsidig. Kjøra traktor og mykje anna. Kan jo bli litt lei av og til av å gå i fjosen, men det er jo flott når det er dårleg vær. Blir mange timar og mykje rutinearbeid når eg har såpass mange kyr på melking. Har planar om ein ny og topp moderne fjos. Det er eit godt miljø mellom bøndene i Skjold. Første tysdag i kvar månad prøver me å få til ein bondelunsj. Der drøser me litt. Har også andre sosiale aktivitetar, og eg er også på ulike samlingar i Nortura, Vindafjordbonden og andre. Kjartan er ikkje spesielt flink til å ta seg fri seier familien. Nå er oppussing av naustet ved Skjoldafjorden eit prosjekt. Reiser også nokre helger til Snilstveitsøy ved Rosendal. Der har familien til Bente Helen ein eigendom. Har også ein plass på Hovden me kan reisa til av og til.

Me må jo ha mat, svarer Kjartan når me spør om han har tru på framtida.

Det er litt mørke skyer akkurat nå. Det er overproduksjon av det meste. Ingen automatikk at den norske bonden får

solgt alt han produserer. Også utfordringar når det gjeld melk, med f.eks. stor import av ost som kan slå ut. Ingen tvil om at Kjartan og den norske bonden er avhengige av det norske folk. Og det er meg og deg.

Kjartan anbefaler gjerne borna til å bli bonde

Men dei må vera interesserte nok. Det er meir krevjande nå enn når eg starta, seier Kjartan. Du må som regel ha meir volum for å få økonomi. Det er mindre marginar enn før og må treffa betre. Vera meir nøyaktig og vera endå meir «på» i alt du gjer og investerer i for å få nok inntekt. Krava til bonden er heilt klart blitt høgare, og det går an å bli matte av å te av alt dette papirarbeidet. At kona og borna engasjerer seg er svært viktig for alle bønder. Kona passer på at eg ikkje rotar for mykje i tunet, smiler Kjartan. Ho er også med på ulikt arbeid. Kjartan set stor pris på engasjementet frå familien. Han veit mykje om det å ikkje ha dei næraste rundt seg. Takk til Kjartan og alle andre som verkeleg står på for at Vindafjordbonden og landbruket er noko heile verda er stolte av.

5 MØKKABLAD


Vi satser på landbruk! Vi hjelper deg å få brikkene på plass! Vi kjenner godt utfordringene og behovene til landbruket, og tilbyr lokale rådgivere som kan treffe deg på gården eller på ett av våre lokale kontor.

Eiendomsmegling

Sparing og pensjon

Skadeforsikring

Personforsikring

Lokale kontor & egen landbruksrådgiver

Vipps

Driftskreditt

Kontakt oss på tlf 915 02 002.

Finanisering

Leasing

adsign.no

Alle prisar eks. mva. Gjeld t.o.m. 31. oktober

Velkomen til vèrlamkåring og Bondens marknad i Etne 29. sept.

E J N N A E P K M K I T KA U B K F I

NETTINGJERDE

IMPREGNERT GJERDESTOLPE

Tilbudspris gjeld ved kjøp av heil bunt

6X175 cm 264 stk pr bunt

7X175 cm 203 stk pr bunt

8X175 cm 150 stk pr bunt

PREMIUM ELEKTRISK 90cm x 50m

DRENSRØYR

20,80 24,-

PRAGMA

31,20

PRAGMA

75mm 6m pr/m

PRAGMA 110mm 6m pr/m 160mm 6m pr/m

15,20,56,-

FK BUTIKKEN ETNE

GOD

MØKKABLAD 6

DÅRLIG

996,-

Tilbudspris gjeld ved kjøp av heil kveil.

Tlf. 53 77 11 30 MAN–FRE: 8-18 LØR: 9-15

-15% på eindel FK oljer

(1136,-)


SLIK BLIR DU SKOGENS KONGE!

Saudaveien 7478 // 5576 Øvre Vats // Tlf: 52 76 58 61 // firmapost@traktor-maskin.no // www.traktor-maskin.no

CHALLENGE ACCEPTED!

KJØRETØY ALLE I VINDAFJORD OG ETNE HAR GLEDE AV

SPORTSMAN 570 SP EPS

SPORTSMAN 570 6X6 EPS

RANGER XP 900 EPS

GENERAL 1000 EPS DELUXE

PRIS FRA

PRIS FRA

PRIS FRA

PRIS FRA

99.875,- *

139.875,- *

179.875,- * 235.875,- *

POLARIS SPORTSMAN 570 fra kr 79.875,- inkl. mva Saudaveien 7478 // 5576 Øvre Vats // Tlf: 52 76 58 61 // firmapost@traktor-maskin.no // www.traktor-maskin.no *Pris ink. mva. Levering- og monteringskostnader kan tilkomme.

WWW.POLARISINDUSTRIES.NO

7 MØKKABLAD


DYR OG RNAVN BÅDE MED EIVIND ER PÅ FO SORG. OM ENG PLEIE OG UTSTYR. ALLE TR

xx

NO SER EG ATTER SLIKE FJELL OG DALAR...

TELL DYRES OG GOD T D O G YKJE GIR M . MELK

MØKKABLAD 8


EIVIND LIEN

– Ein typisk Vestlandsbonde? Eivind Lien er født og oppvaksen på Lien Gard på Lio langs Hiksdalsvegen i Ølen. Me snakkar 5. generasjon. Overtok garden i 2008, etter faren Erling Lien. Driv garden på fulltid, men noko tilleggsarbeid må til. Jobba tidligare i 100% stilling i Vestskog som skogbruksleiar, og etter ei tid gjekk han ned i 60% stilling. Frå 2011 har han vore fulltidsbonde.

160.000 liter melk

Det er melkeproduksjon Lien Gard og familien på 4 driv med på garden. I tillegg til Eivind er det kona Heidi, Ragnhild (18 og russ i Ølen) og Erling jr. (16) som er gardbrukarar. Erling jr. tek dette året Naturlinja på Øksnevad Vidaregåande skule. Med lappen på moped og traktor trygt i «mobildekselet» er han klar for det meste på garden. Nokre kalvar og stutar er med på kjøpet. Tidligare hadde dei også litt gris. At ungdommen har 2-3 sauer er noko ein kvar gard må ha.

Det er mykje fokus på å byggja nytt

Eg moderniserte ein del då eg overtok. Bygde også ny gjødselskumme dette året. Blir kjekt med god plass. Har utvida med litt leigejord nå. Det er ofte ei utfordring for Vestlandsgardane, det er ikkje berre å byggja ut, det rundt må stå i stil. Eivind har også brøytinga til Opheim. Blei nokre timar av det denne vinteren, og det er ei god tilleggsyting. Eg er fortsatt involvert i skog, legg han til. Dei to neste dagane skal eg ha kurs i bruk av motorsag for Haugaland Kraft. Har også litt takseringsarbeid for skogselskap. Dersom eg «berre» skulle hatt melkekvoten ville det vore ei utfordring å få det til å gå rundt. Har og eit steinbrudd som enkelte forsyner seg av.

Som bonde er ein ofte bunden til ulike tider og periodar

Har prøvd å få til eit vanleg familieliv. Avløysarar er viktige her. Fritida går stort sett til skyting, der heile familien er involvert. Reiser ein god del på stevner, nesten kvar helg i sesongen. Trives godt i det miljøet. Fleire generasjonar kan delta på same stevnet. Svært familievenleg og sosialt. Det er også spesielt at gutar og jenter konkurrerer i same klasse. Svært bra for miljøet og litt unikt. Skribenten mistenkjer snart Eivind å vera like interessert i skyting som i gardsdrift.

Dei som ikkje blir fulgt opp sluttar heilt klart oftare

Eivind er svært oppteken av at familien oftast mogleg skal vera saman. Ikkje berre i snakket, men også i praksis. Men det gjeld nok både rekruttering til skytemiljøet og til bondeyrket. Fikse skytebane har resultert i god rekruttering, kjem det klart og tydeleg frå Eivind. Då må foreldra kjøra og blir der kanskje for ein kopp kaffi. Då blir det lettare eit miljø, slik at foreldra blir engasjerte og positive. At me også følgjer borna opp om dei interesserer seg for gardsdrifta er like viktig.

Eivind vaks opp med gardsdrift. Har aldri vore tema at eg ikkje skulle overta. Har alltid tenkt at det skal eg. Eg hugsar bl.a. godt at foreldra mine alltid var heime når eg kom frå skulen.

Det er mykje snakk om volum volum volum

Alt blir dyrare og det er ein kamp for å få ting til å gå rundt. Fordelen oppi denne dalen er at det er fleire bønder som driv på heiltid. Då har me eit miljø, og det er viktig for meg. Mange seier at det kan vera einsamt å vera bonde, men det er mykje opp til oss sjølve. Dei politiske rammene er for det meste ok, men krava til oss som bønder blir strengare. Det kan fort gå ut over lommeboka. Papirmølla er heilt klart større og meir krevjande. Mange slit nok litt der. Det praktiska er det kjekkaste. Eg har det kjekkast som bonde når naturen spelar på lag, at det er travelt, men ein får gjort det ein skal likevel. Variert praktisk arbeid er kjekt. Både dyr, traktor og maskinar. Dukkar alltid opp noko som ein må løysa på ein eller annan måte. Då kan også det å vera oppfinnar og kreativ koma til bruk. Må kunna vera fleksibel på når ein kan få gjennomført planane.

Alle må vera meir bevisste på miljø

Også bøndene kan bli betre på miljø. Er overbevist om at me er på rett veg og at mykje har skjedd. Stadig strengare krav til gjødsling osv. Grøne beiter og ikkje berre skog kan bli ei stor utfordring framover. Å rydda litt skog resulterer gjerne «berre» i at det veks dobbelt så mykje neste år. Det kan igjen resultera i at fleire bønder kun utnyttar dei beste beitene og resten gror igjen. Det same gjeld leigejord. Dei grøne flekkene me har må vera basert på aktiv beiting. Då må det liggja nokre kroner i andre enden av beitet.

Eg har stor sans for dette med å satsa på lokal og kortreist mat

Sjølv om det fortsatt er slik at i Frankrike der syklar dei til slaktaren, mens me i Norge køyrer Tesla`en til billigbutikken... Der er vel slik i Norge at me brukar 70% av kjøtet frå dyra til kjøttdeig, mens Frankrike brukar 10%. Eivind er sjølv kortreist. Produsert og oppvaksen på garden. Har også vist seg god i avl. Slike folk er dyrebare både for lokalmiljøet og Vindafjordbonden. Eivind, familien og garden er god norgesreklame. Sjølv om Eivind som Vestlandsbonde må tilpassa seg dei ressursane han har rundt seg. Han har truffe blink også der.

Takk Eivind, og hels familien. 9 MØKKABLAD


VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR Her er nokre av dei som verkeleg bryr seg og bidrar til det gode landbruket Vindafjord har i dag. Vindafjordbonden treng slike «vener» for å gjera ulike tiltak, som dette magasinet, arrangementet Vil vekst m.m. TAKK TIL DEI SOM BIDRAR.

GA NÅR GUTANE TEK STYRIN EN». TT LÅ «S GRASET BLIR

MANDIUS HAR PRODUSERT ENDÅ EIT «EGG» MED FÒR PÅ EIN GARD I ØLENSVÅG.

SKINEN ALF KØYRER RAKEMA . MED TRYGGE HENDER

MØKKABLAD 10


UNGKALVAR i Vats trør til

«Naboen var ein slaur. Han plukka ikkje stein med nevane» Eit utsagn det godt går an å

flira av. Det vart også sagt med glimt i auga og eit smil om munnen. Mykje har skjedd med utviklinga innan landbruket dei siste åra. Nokon vil fortsatt gjera det på gamlemåten, men mange bønder har også innsett at dei ikkje kan ha alt utstyret sjølve, og at tida ikkje strekk til. Spesielt for dei som går i fullt arbeid i tillegg til garden. Vaskevik Maskinstasjon, som er eigd av Nils Inge Stokland (far til Mandius og Martin) og Eirik Haraldseid, tilbyr ulike tjenester som rundballepressing og gjødselsspreiing. 7.000 ballar blir det i 2018, men det er eit heller dårleg år. Det er bl.a. desse 4 «ungkalvane» som me her skriv om som utfører fleire av oppdraga Vaskevik Maskinstasjon får.

3 traktorar i eit byggefelt Det er ikkje alle byggefelt som har 3 traktorar. Stokkafeltet har det, og Martin sin traktor er ein av dei. Den brukar eg mest til å kjøra til Knapphus å kjøpa pølsa, flirer han. Alle 4 gjorde det før. Køyrde avgarde med kvar sin traktor og samlast på ulike plasser for å preika sjit om samfunnet, pølser og litt om kjeringemne. Men traktor er ein «turnoff», påpeikar Alf. Jentene tenner ikkje på det for å sei det sånn, legg han til. Dei andre smiler og kikkar bekreftande ned i jorda. Ny traktor hjelper heller ikkje, legg dei til. Nå er det bilen dei brukar når dei skal møtast. 40 kilometer i timen går når alternativet ikkje er bil, men ikkje ellers. Det blir lange dagar, men også litt film

Sommaren er høgtid for maskinarbeid rundt omkring på ulike gardar. Det går noko cola og sjokolade i traktoren for å sei det slik, seier Mandius. Gutane kan også samlast for å sjå film i ein kjellar av og til. Det blir nokre avbrudd med maskinpreik i dei fleste filmar, i tillegg til at Mandius sovnar, kommenterer Martin. Landbruksmessa er også noko dei likar å reisa på. At dei er ein gjeng med same interesser gir mykje.

For mange bønder er ungdommen på eigen gard og desse «leigeungdommane» svært viktige.

Ivrige, dyktige, interesserte og kan bidra når som helst. Dei fleste bygdar har slike ungdomsmiljø. I Etne ser ein også slike «samlingar» med ungdommar på traktor. Det er alltid nokon som kan irritera seg over traktorar på vegen, men mange set også stor pris på jobben desse karane gjer. At dei er viktige for levande bygdar er det ingen tvil om.

Stian Andrè Gullhaug • • • • •

20 år og mekanikar Bur i Isvik Hageby Håpar å overta Gullhaug gard Alltid vore interessert i gardsdrift Blitt kjent med dei andre og starta i det små. Så har det balla på seg • Må ofte ta «drittjobbane»

Alf Halsnes

• 19 år og landbruksmekanikar • Traktorentreprenør på si med steinplukking og raking som spesialitet (brukar gjerne ferien til slikt arbeid) • Har investert ein del i utstyr og kjøre når det trengs • Har lyst på gard, mens damå har lyst på syden • Er litt «potet» når det gjeld arbeid

Mandius Stokland

• 19 år og lærling til anleggsmaskinførar • Kjem frå gard i Vaskevik i Nedre Vats med 250 storfe (60 melkekyr) og 480.000 liter melk • Kan godt sjå for seg framtida på garden • Driv mykje med rundballepressing • Skikkeligt utstyr er litt av greiå

Martin Hognaland

• 16 og går automatikarlinja på Åkra • Bur på Stokkafeltet i Vats • Sjåfør og blir med på det meste når det trengs • Bur i nærleiken av garden til Mandius og fekk interessa der

Martin Stokland, bror til Mandius, er også med i gjengen og fast sjåfør på slåmaskinen. Han var beordra av til syden av kjærasten den dagen intervjuet skulle gjerast.

Desse ungdommane er ingen slaurar, og pass på at me ikkje bidrar til «turnoff». Vindafjordbonden takkar alle ungdommar som bryr seg og engasjerer seg i landbruket. Bygdane og landet treng det.

11 MØKKABLAD


GJERNE BRITT RANDI GÅR NÅR DET STØVLANE AV SEG TERING ND HA ER KK SI D GJEL T. MA K RS AV GOD NO

T KLARE HARDANGERLAM SNAR DE L TI NG RI VE FOR LE HISTORISKE HOTEL

OLT AV Å BRITT RANDI ER ST RTURA OG NO AV L VERA EIN DE EN ND BO RD JO AF ND VI

MØKKABLAD 12


BRITT RANDI STOKKEVÅG – Er oppvaksen på garden Springstein på Velde i Øvre vats

Bur i dag på Sørstranda i Etne, og er gift med Per Rune. Torstein (16) har reist til jordbruks-

skulen på Voss og Sunniva (18) går på idrett i Ølen. Har også eit lite småbruk i Etne der dei driv med bringebær og sau. Nesten eit tonn med bringebær krev sitt. Skal me levera kvalitet krev det arbeid, seier Britt Randi. Prøver også å halda meg i form. Nokre turar til Olalia og treningssenter er viktig. Er i tillegg på skuddhold i Etne Skyttarlag, og er med i styret og i ungdomsgruppa. Starta med at Torstein ville prøva skyting når han var 10 år. Då kunne jo eg også like godt skyta mens eg venta. Me reiser litt på stevner. Blinken kan vera ei utfordring, men kjekt er det. Britt Randi trivdes svært godt i fjosen i oppveksten, og utdanna seg til agronom. Seinare har ho lagt til økonomi og leiing gjennom BI, og sit med svennebrev og mesterbrev i slakting. Starta som sommarhjelp på «Vest Ro», og fekk fortsetja utover hausten. Mykje fordi slakteriet i Haugesund vart nedlagt og at avdelinga i Sandeid fekk tilført ekstra volum. Britt Randi har også arbeidd som kvalitetsleiar og avdelingsleiar.

Starta som fabrikksjef i 2013

Då var ho også sjef for avdelinga i Granvin. Det betyr at Britt Randi har vore på same plassen i 26 år. Det skjer nye ting, og eg blir dratt med i ulike prosjekt innan Nortura. Det gjer at eg får nye utfordringar heile tida. Kva med framtida til Nortura Sandeid? Me kan ikkje gjera anna enn å produsere gode resultat, slik at me heile tida er på høgde med dei beste, svarer Britt Randi. Me skal heile tida ta dei beslutningane som tener bonden. Nortura er oppbygd slik. At leiinga i Nortura gjer betraktningar rundt kva som er det beste for bonden er heilt naturleg og viktig. Me har fokus på trivsel, utvikling og kvalitet – der økonomien må ligga i botn. Det er utruleg kva me kan få til om folk trives. Har ein svært dyktig gjeng som gjer at framtidstrua på Nortura Sandeid er sterk.

60 fast ansatte

Frå veke 35 kvart år kjem det 60 sesongarbeiderar. Ein del av desse kjem frå lokalmiljøet, ein gjeng frå Litauen og nokre skjærerar frå Polen. Stort sett dei same folka kvart år. Ein dag opplæring så er det full fart. Dei kjem med det same smilet kvart år og er ein del av gjengen her, og reiser igjen veke 45. Arbeider mykje på dei vekene, og det er eit godt teikn at dei kjem igjen på det 10. året.

8. største fabrikken i Norge rekna i slaktevolum

10.200 tonn fordelt på 65.000 gris, 12.000 storfe og 100.000 småfe. Om hausten slaktar me 250 småfe, 90 gris og 25 storfe i timen. På det jamna slaktar me på 1 linja men om hausten på 2. Dyra kjem i hovudsak frå Nord-Rogaland og Sunnhordland, i tillegg til Voss og Hardanger. Kjem også 40-50 storfe frå Telemark kvar veke. Området blir større. Endring i fabrikkstrukturen til Nortura er noko av årsaka.

Kvaliteten på dyra kan variera, det er mykje opp til bøndene sjølve

Me får inn svært mange rasar, med ulike kvalitetar og oppbygning. I bratt terreng kan det vera greiast å ha «lette rasar». I Telemark driv dei litt meir med det me kallar «Urfe». Eit samlebegrep for dei gamle rasane. Slaktet blir i stor grad levert til Nortura Forus og Egersund. Og til andre som bestiller. I Egersund produserer dei kjøttdeig, og på Forus pølser. Dei edle delane frå dyra går til butikkar gjennom avdelinga på Forus som biff, kotelettar, bacon og anna «snadder».

Nortura Sandeid tek også vare på ein del frå kjøtet

Lam frå Hardanger går under begrepet «Hardangerlam», og går til De historiske hotel. Kokkane frå dei ulike hotella har vore hos oss og sett på skjæring av desse lamma. Dette har slått til og er aukande. Litt meir eksklusivt. Det er også fleire og fleire av «våre» bønder som tek seg av salget sjølv under eige merke og set sitt preg på det.

Britt Randi har stor respekt for bøndene

Gjer ein svært god jobb sjølv om dei heile tida får nye utfordringar og ikkje minst krav. Dei er flinke til å følgja opp. Leverer høg kvalitet, noko me følgjer godt med på. Våre kundar vil også ha høg kvalitet. Eg har arbeidd her i 26 år og det er forskjell på kvaliteten nå og når eg starte. Eit aktivt og godt rådgjevingsapparat er viktig. Nye fòringsmåtar og anna forskning på kva som er lurt er viktig. Utviklinga går den rette vegen. Nokre bønder vil nok måtta slita med å halda tritt med alt. Skal du ha arbeid utanom garden kan det vera utfordrande. Britt Randi er ikkje i tvil om at det er det sterke landbruksmiljøet som gjer at me har både Nortura Sandeid og Fatland i distriktet. Dette utgjer svært mange arbeidsplassar og store ringvirkningar for oss alle. Vindafjordbonden takkar for praten og omvisninga, og set pris på at Britt Randi og gjengen gjer så god jobb at slakteria blir ein stor og sterk aktør også i framtida. For å leva av bringebæra kan du vel ikkje Britt Randi?

n neskape k e r s n n Samfu a Sandeid: Nortur

for

jenester erk rer og t v a s v r å v a 5 1 p • 1 kjø lionar i ar jennom • 45 mil verandør e l r e bonden g d n l u i t m o r n e gjen r kron milliona • Kr 368 gerar) dyra ndar (ei kjøp av u k m o s randørar tekter, ønder nderleve katteinn u s • 2002 b s i , o h r a k n sver llio g sektor • 288 år e 136 mi offentle t t i e e d k l r a r e n i v u g s mm a 203 år • Totalt r 682 ko finansier ser elle s a l p s m som kan i e 8 sjukeh er. eller 11 ageplass h e n r a b e l yse AS a l n a n u a m 13 MØKKABLAD kom konomisk amfunnsø Kilde: S


REDSKAPER PÅ LAGER FOR OMGÅENDE LEVERING KUHN BKE 230

m/hammerkniver Eikpris:

47.000,ekskl. mva

KUHN TB 181

KUHN TB 211

Eikpris:

Eikpris:

ekskl. mva

ekskl. mva

m/hammerkniver

66.000,-

Eiksenteret Haugesund

Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal – Tlf. 52 75 44 44 Stian tlf. 412 13 790 – Johne tlf. 917 37 027 – Gunnar tlf. 901 32 513

m/hammerkniver

73.900,-


Leasing

Lokalbanken

Etne Sparebank tilbyr leasing gjennom vårt eige selskap Brage Finans. Leasing betyr at Brage kjøper og eig det utstyret verksemda di treng, og leiger det tilbake til deg mot ei avtalt månadsleige over eit avtala tidsrom. Kvifor binde eigenkapital eller lånekapasitet? Leasing av driftsmidlar, bilar osv. frigjer driftskapital som gjev verksemda di større handlefridom.

Fatland konsernet er den største privateigde kjøttverksemda i Norge, med 4,3 milliardar i omsetnad i 2016. Dei gjer heile tida store investeringar til glede for både produsentar og kundar. Konsernet har vald å nytte Etne Sparebank sin samarbeidspartnar, Brage Finans AS, på leasing og er godt nøgde med det. I tillegg til konkurransedyktige vilkår gjev også banken delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, noko CFO i Fatland-konsernet, Tor Magnar Kambe (t.v.) synes er positivt.

Foto. Svein Egil Økland

V innarskalle.no

– noko for di bedrift?


VINDAFJORDBONDE

N INVITERER TIL

VIL VEKST LØRDAG 22. SEPTEMBER

Kl. 11.00 - 15.00 Sjoargato - Ølen

GRAT Salg IS INNG av gr illma ONG t

HER KAN DU OPPLEVA:

• Levande dyr • Fjoslukt • Salg av lokale matvarer • Grisapreik • Aktivitetar for store og små • Gammalt og nytt utstyr • Bondeleikar kl. 13.00 Arrangør:

Kappestrid mellom drivande bønder

• Auksjon av brukt kl. 14.00 Ølen brukthandel

Ein u v og tr anleg ive dag leg fo heile r fam ilien Sjoa :-) rg

R D STO ALLTI ING PÅ STEMN EKST VIL V

Sertifisert leverandør

El-kontroll

ata er ar vil bli st e rang eme ngt ntet .

und

NEK 405 1/2/3

5582 ØLENSVÅG

Kvalitet og tradisjon sidan 1951

MØKKABLAD 16

Betongelement – Ferdigbetong Røyr og kummar

Sal og service til eit moderne landbruk

Vinnarskall.no

- eit reklamebyrå som gir vekst


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.