Møkkablad 2020

Page 1

02de0n 2 D A L B A MØKK Vindafjordbon

RESPEKT

asin ifrå mag m a r f t i E

frå

Vindafjordbonden leverer råvarer som fortjener respekt og framifrå behandling

: E T T E D Å LES OGS og Gerd f Rol a ag har l tel” o “ku-h s. 4

KJELL VIDAR ØGLÆND

SAUASANKINGT ER LIVE s. 10

DU VIL IR GE A? RT OVE 4 s.

ELAND JR. LILL EVA DALE OG JAKOB ESK JORDBONDEN DAF VIN HAR STOR RESPEKT FOR N. SJO DUK OG NORSK MATPRO dei skal Enkelte tek av seg lua når som dei så, medan Jakob er ein av te sis den s» tek på seg litt «finsta . nga nki esa dagen under sau rådgjeverar Det er mange aktørar, frå som skal ri, kte innan foring til sla t. duk pro t god til for å få eit sitt! ra gje l ska n nde dbo Vindafjor

1

s. 8

Sal og service til eit moderne landbruk

Vil v1eMØKKABLAD kst.


VINDAFJORDBONDEN DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS

>> AUKA

>> LANDBRUKET I VINDAFJORD

STATUS OG OMDØMME

Kvar morgon ruslar 420 bønder ut i fjosane sine, og i løpet av eit år utgjer dette om lag 700 årsverk eller 1,2 millionar timar med arbeid… Jordbruksarealet pr. bruk er 196 dekar.

Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppe-møter, innlegg på fjesbokå og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Ulike omtalar i media har også bidratt.

>> GARDSKILT

Me må visa igjen som andre bedrifter.

>> VISSTE DU AT:

>> PROFILERING

Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder.

>> BONDEMARKNAD

Ein utruleg kjekk dag, der me fyller Sjoargata for å visa litt av alt det Vindafjordbøndene har å tilby – få maskinar til mat og dyr. Diverre gjer korona’n det uråd å arrangere i år, men me kjem sterkt att neste år!!!

>>

DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED

Eg håpar du kosar deg med magasinet og får eit innblikk i alt det spanande Vindafjordbøndene driv med…

>> HELSING

Eivind Lien, styreleiar i Vindafjordbonden AS

Vindafjord er landets 4 største husdyrkommune med: • 3 200 mjølkekyr, som kvar mjølkar 7600 mjølkekartongar • 7 800 rautande kviger og stutar • at det finst 16900 sauehalar i Vindafjord • 1 000 avlsgriser • 50 000 slaktegris/år – tenkt kor mange koteletter det er…

Forvaltar totalt eit areal på 620 000 dekar. Vindafjord har eit produktivt skogsareal på 250 000 dekar og avvirkar mellom 10 000 og 20 000 m3 tømmer pr. år. Brutto verdiskaping i landbruket i Vindafjord er om lag 400 mill., og Vindafjordlandbruket er hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord med 14% av alle sysselsette. t - design EG: Ide - teks MAGASINANSVARL seth. , Frank R. Abel Vinnarskalle AS ate iv pr og Abelseth FOTO: Frank R. iftar i dr be og ar nd Hussta DISTRIBUSJON: Etne Vindafjord og jordbonden AS af nd Vi R: VA GI UT

MEDLEMMER MED LEMMER I VINDAFJORDBONDEN Det er desse medlemmene som er grunnlaget for at Vindafjordbonden AS eksisterer og kan gjera dei ulike tiltaka ein gjer.. 1. 2. 3. 4 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19.

Alf Egil Vaula Andreas Eikeland Anita og Tore Øvregård Arild Eide Arve Gramstad Asbjørn Alendal Bengt Bådsvik Bjørn Alvseike Bård Arne Lunde Egil Otto Haakull Eivind Vik Elisabeth Nesheim Endre Krakk Eva Lise og Andreas Lundegård Frode Grindheim Geir Tofte Grethe Sørhus Gudmund K. Håkull Gudrun M. Dyrseth

20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38. 39.

Gunvor Bakke Gurine Blikra Hanne og Johannes Lundal Hans Ilstad Harald Hetland Harald Eikanger Harald Velde Harald-Olav Stuhaug Heidi og Eivind Lien Henrik Nerheim Henry Eike Herlof S.Lærdal Inga Steinsland Ingvild og Eirik Nesheim Jakob og Borghild Eskeland Jarle Sørhus Jens Dominikus Bjordal Johannes Vestbø Johannes Hustveit Jone Skartland

40. 41. 42. 43. 44. 45. 46. 47. 48. 49. 50. 51. 52. 53. 54. 55.

Jostein Halvorsen Jostein og Hege Sørhus Jørn Apeland Jørund Velde Kari og Jan Idar Haugen Karl Larsen Kjartan Kalstveit Kjell Thomas Kirketeig Kjell Vidar Øglænd Kjetil Skartland Knut Øvstedal Lars A. Lien Lars Henry Dagsland Leif Bjarne Olsen Magnar Helgevold Magnar og Marit Fjeldheim 56. Magnus Frøyland 57. Maria og Håvard Jæger Tveit 58. Norleif Fjeldheim

59. 60. 61. 62. 63. 64. 65. 66. 67. 68. 69. 70. 71. 72. 73. 74. 75. 76. 77. 78.

Oddvar Kjærland Ole Johan Vierdal Osmund Birkeland Per Arnvid Landa Roald Haraldseide Roy Erik Hetland Rune Ersland Severin Fatland Stein Øyvind Aase Steinar Nesheim Svein Sigurd Haraldseid Terje Kambe Torleif og Else Gurine Stople Trond Skogen Trond Haugland Trond Berge Trygve Meland Wenche Torstveit Øyvind Haakull Åsvald Imsland

Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DET Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta.


ALDRI MER TOM DIESENTANK Gjennom bruk av vår Soolo web/app-løsning får du full kontroll over tanknivåene uansett hvor du er – på din egen mobil. • Kontrollpanel med full oversikt over dine tanker • Alarmfunksjon varsler ved lavt nivå eller stor variasjon • Bestill påfylling rett fra kontrollpanelet på mobilen • Full historikk og statistikk

Soolo gjør deg og din bedrift mer effektiv

Ved å kombinere loT medmoderne databehandling oppnås en helt ny grad av overblitt og optimal logistikk.

Komplett oversikt over nivået i tanken

Knapphus Energi leverer alt av dieseltanker. Fra små tanker med 12v pumpe til å ha på lasteplanet, til store tankanlegg med kort-automater som gir firmaet ditt kontroll over hvem som fyller hva, hvor og hvor mye. På den måten får firmaet full kontroll over forbruket ned på maskin/utstyr og bruker. Med Soolo på tanken har du full kontroll over nivåer, forbruk, bestille leveranser, se historikk og statistikker. Smart nivå-målesystem og tank-overvåkning som gjør jobben.

Vi har også ADR godkjente flyttbare anleggstanker med pumper. Vi legger listen for kvalitet høyt på de tankene vi leverer, og spekteret vårt med drivstoff-tanker og ADblue tanker dekker alle behov.

Spar transport, tid og penger med kunnskapen om tanknivå, optimale ruter, tidspunkt og andre tiltak basert på moderne databehandling av informasjon fra sensorar i tanken

www.knapphus.no

Kontakt vår salgssjef Bjørn tlf: 971 01 907 eller på mail: bjorn@knapphus.no for tilbud

vinnarskalle.no

Energi


GERD OG ROLF ER OPPTEKNE AV AT DYRA SKAL HA DET GODT.

GERD OG ROLF HAR LAGA ”KU-HOTEL”

Gerd Garpestad er oppvaksen på gard i Stokkadalen i Vats. Ho hugsar godt då ho i 10-års alderen var med mora i fjosen for å mjølka, det var stas. Ho starta hos Fatland hausten 1981, då fekk ho jobb i kjellaren og spretta vember og salta skinn. No er ho formann for pakke-avdelinga. Rolf Garpestad er ekte Ølensbu, oppvaksen på ein gard på Ryo. Far til Rolf kjøpte garden, som Gerd og Rolf no eig, i 1963. Gerd og Rolf overtok garden på 90-talet. Rolf jobba lenge inne hos Fatland og som dyretransport-sjåfør. Dei 10 siste åra har han arbeidd for Hustveit & Skeie, men transporterer fortsatt varer for Fatland.

«Vil dåkke kjøpa garden min,» spurte naboen Johannes, Heggebø under eit «fjøsmøte» Me takka ja med ein gong, seier Gerd. Ein mjølkekvote på 100.000 liter fylgde med. Det vart mykje og tungt arbeid med mjølking og stell i to fjøs, og noko måtte gjerast.

Nedlegging eller satsing? Det spørsmålet er det mange bønder som har diskutert over eit glas mjølk. Dei bestemte seg for å satsa. Me har 320 mål dyrka mark + utmark som me eig sjølv, og det er ein alt for fin gard til å leggja ned, seier begge samstemt. Det var heilt klart grunnlag for større drift.

At me er 2 om det er nøkkelen til at me ville satsa

Det første dei gjorde når tanken om satsing kom opp var å besøka ulike gardar i lokalmiljøet, for å sjå kva dei hadde gjort. Deretter gjekk turen til Jæren for å sjå på

MØKKABLAD 4

eit anlegg som er svært likt det dei nå har bygd. Me bestemte oss der og då seier Rolf. Fjøssystemer hadde levert heile pakken til fjøset på Jæren, og Rolf og Gerd bad Fjøssystemer om prispå mjølkeklar fjøs. Det vil seie graving, støyping, bygg, mjølke-robot, matter, måkerobot, forskyvar, båsar og mykje anna. Dei er svært nøgde med alt, og ting har blitt slik dei vona, og kanskje endå litt til.

Det er mykje enklare med stiing nå

Mjølkinga gjer seg sjølv. Det er litt meir utearbeid, men mykje mindre innearbeid. Me er også mykje meir fleksible på tidene nå. Men går alt smertefritt undrar me? Det var ein gong mjølkeroboten stod mange timar, men det er det einaste tilfellet me har hatt med større feil, seier Gerd. Det at Fjøssystemer nå har fått servicefolk på denne sida av fjorden gjer det også mykje tryggare, legg dei til. Gerd stikk alltid innom fjøset når ho er ferdig for dagen hos Fatland, men stort sett er alt i orden. Dei investerer fortsatt i utvikling og betring, og har heile tida noko på gong.


ØKKEN FJØSKJ HA. MÅ EIN EIN SELFIE ER ALLTID KJEKT.

FJØSSY ST TIL GO EMER HAR B ID DE DAG AR FOR RATT OG DYR A. GERD

Det ser bra ut så langt for mjølkeprisen

Me har fått auka kvotar fordi det har vore for lite mjølk i det siste. Forbruket har auka mykje dette året. Covid19 er nok ein del av årsaka til det. Mjølk er noko av det sikraste og jamnaste. Kvaliteten på mjølka er like god sjølv om det nå er «robotar» som styrer.

Alt blir målt gjennom «halssmykket» til kua

Kor mykje ho går, temperaturen, kor mange gonger ho mjølkar, feitt, protein, celletal, kvalitet, kor mange liter osv. Alt blir målt, og jurbetennelse har det knapt vore noko av. Me har spart ein del på dyrlegekostnader seier Rolf. Det er også ein fordel at kyrne blir mjølka 3 gonger i døgnet. Roboten tar av ein og ein spene etterkvart som spenane blir tomme. Då blir det ikkje tom-mjølking.

i Nordfylket. Gerd og Rolf serverer litervis med skryt til både Kjartan og Fjøssystemer, men Kjartan legg til at det bøndene gjer er det viktigaste.

Er denne satsinga å tilrå andre bønder?

Ja, skal dei med gamle fjøs driva vidare så er dette heilt klart ein god veg å gå. At me skal ha mat er sikkert. Og denne «koronaen» har nok gitt folk nokre tankar om å vera sjølvforsynte. Kvar liten hageflekk er jo tatt i bruk til diverse produksjonar.

Men det som imponerte «skribenten» aller mest var kor fint, reint og ryddig det var

Det er vel berre snakk om timar før dei flyttar inn i fjøset på heiltid. Dyra virkar svært harmoniske, har god plass og ser ut til å nyta livet. Det blir god mjølk og god folkehelse av slikt! Takk til Gerd, Rolf, Fjøssystemer og alle andre som bidreg til god norsk mat og dyrevelferd.

Fjøssystemer leverer over heile landet

Me snakkar 20 komplette fjøs i året, + robotar som blir montert i eksisterande bygg, berre i distrikt Vest seier Kjartan Grønsdal. Ein av 2 servicemenn for Fjøssystemer

5 MØKKABLAD


Vi satser på landbruk! Vi hjelper deg å få brikkene på plass! Vi kjenner godt utfordringene og behovene til landbruket, og tilbyr lokale rådgivere som kan treffe deg på gården eller på ett av våre lokale kontor.

Eiendomsmegling

Sparing og pensjon

Skadeforsikring

Personforsikring

Lokale kontor & egen landbruksrådgiver

Vipps

Driftskreditt

Kontakt oss på tlf 915 02 002.

Finanisering

Leasing

Alle prisar eks. mva. Gjeld t.o.m. 30. september

120 X 170 CM

BÅSMATTE RM21S KPL

RM21S gir kyr i båsfjøs en komfortabel bås som er myk å stå og ligge på. Matta er laget av en førsteklasses gummiblanding som gjør at den holder formen og har lang levetid. Tykkelse 21 mm

1 284,(1584,-)

GRESS- & RYDDESAG

Alle FK oljer

STIHL FS 410 C-EM

(1732,-)

UTEN VERN Str: 35-48.

399,(479,-)

-20%

LEVERES MED: AutoCut 46-2 Sirkelsagblad 200/20

1 432,-

MYK VERNESKO

MED HÆLREIM, STR. 35-48 Myk og behagelig vernesko med hæl i ventilerende kvalitetslær belagt med PU for høyere slitestyrke. God demping. Vernetå EN 345 SB E.

5992,-

(7832,-)

FK BUTIKKEN ETNE

Tlf. 53 77 11 30 Mandag–fredag: 8-18 Lørdag: 9-15

Alle prisar eks. mva. Gjeld t.o.m. 30. september

479,-

(559,-)

adsign.no

E J N A N P E K M K I T KA U B K F I

120 X 200 CM


Din lokale elektriker Vi har lang erfaring med landbruksinstallasjoner og har gode løsninger både ved nynygg og rehabilitering. Det er du som eier av gården som har ansvar for at det elektriske anlegget er i orden. Husk at Mattilsynet kever gjennomføring av elkontroll, og avvik må lukkes. Vi hjelper deg!

• Landbruksinstallasjon • Rehabilitering • El-kontroll NEK 405 1/2/3 • Kontroll og drift av brannalarm • Solceller

Espen Steinsland, Jan Roger Mo, Mårten Håheim, Arve Vågen og Leif Harald Ramstad er blant våre dyktige folk på landbruksinstallasjoner.

52 76 60 00 www.helgevold.com


ND SKJER KJØT KJELL VIDAR ØGLÆ E BØNDER FOR MANGE DYKTIG OG JEGRAR.

xx

MØKKABLAD 8


KJELL VIDAR ØGLÆND – er steikje god til å skjera kjøt

Kjell Vidar er oppvaksen på ein gard på Hiksdal, men bur no saman med kona Elisabeth på garden Tveit Søndre på Hustveit i Ølen. Dei kjøpte garden 1.8.2000 og Kjell Vidar har no vore bonde i 20 år. Samtidig som han har fylt 50, utan at det er noko å rauta heim om. Tveit Søndre betyr forresten «ein åpning i skogen» får me forklart. Eg har alltid hatt stor interesse for dyr og gardsdrift

Jakt og kjøt er det han brenn ekstra for. Gjekk jordbruksskule og har jobba både hos Fatland og Nortura. Etter 24 år i bransjen starta han for seg sjølv i 2014, med skjering av kjøt. Han hadde då sysla med tanken om å laga til eit lokale der han i det minste kunne skjera litt hjort. Han fekk mattilsynet på plass til å sjå på kva meir han måtte gjera for å skjera eigne dyr og kanskje også for andre. Eg har jo mange års erfaring og fagbrev som kjøtskjerar, legg Kjell Vidar til. Lokala vart ordna på beste vis.

Kjell Vidar er født «aktiv»

Kjem eg inn ein fredag rundt kl 18 er det nesten slik at eg lurer på kva meir eg kan finna på, smiler Kjell Vidar. Oppdrett av lopper er også viktig om du skal driva «business» med kjøtskjering, salg av eigne produkt og vera mjølkebonde på same tid. Det ser ut til at han har fått ein passe dose med lopper. 90 storfe med stort og smått, og ein mjølkekvote på 230.000 liter krev også sitt. Kjell Vidar trives svært godt med dette mangfaldet som bondeyrket gir, mange bønder gjer det. Sjølv om det er mange utfordringar med å vera bonde, då kvaliteten på været, graset, foret osv. er viktig for at alle dyra skal ha det godt, og produsera mjølk og kjøt av beste kvalitet.

Gjekk litt på kurs gjennom Matsmia

Der traff eg fleire som hadde lyst å selja eige kjøt, og at eg då kunne skjera for dei. Dette med småskala-produksjon er populært no for tida, og Kjell Vidar har vore og er ein viktig samarbeidspartner for at desse «lokale merkevarene» har kome på bordet. Han har bygd eit eige viltmottak, som vil bli EFTA-godkjent av Mattilsynet. Eg tenkjer også på å kjøpa dyr som eg igjen kan selja vidare til butikkar og private.

Eg skjer og pakkar også for mange av dei som sel varer gjennom Rekoringen

Er kjøtet frå desse lokale bøndene så godt som me her lokalt trur? Ja det vil eg seie. Kvalitet vil sjølvsagt variera litt, men stort sett er det svært god kvalitet. Vindafjordbonden takkar for det.

Eg er borti noko av det dyraste kjøtet me har i Norge

Det heiter Wagyu. Ein Japansk rase av storfe. Dei edlaste delene blir prisa til rundt 1.600,- kr pr kilo. Det betyr at eit heilt dyr blir prisa til godt over 100.000,-. Er det kjøtet så godt eller er det bygd på ein myte? Eg vil sei det er så bra, seier Kjell Vidar. Det vart stille i fjøset ei lita stund nå. Me såg oss rundt, men såg ingen kvite dukar der dette no skulle blitt servert… Det er absolutt skilnad på kvaliteten på ulike dyr. Ein kylling er nok «A4» og lik, men andre dyr kan variera mykje. Det er vankeleg å få det heilt likt.

Så det betyr altså litt kva dyr et, kva beite dei går på, kva for og stell dei får osv.?

Ja det er det ingen tvil om. Skal du ha deg ein god biff bør det vera litt fett på den. Det gir meir smak. Skal du steika eit magert kjøttstykke må du passa på å halda på kjøttsafta. Før du steiker er det viktig at kjøtet har ein god temperatur i seg. Altså romtemperatur. La det gjerne liggja på kjøkenbenken i 5-6 timar før steiking. Med ein gong kjøtsafta kjem opp på oppsida må du snu, og gjerne før. La kjøtet då kvila litt samstundes som du lar temperaturen på steikepanna gå ned. Då kan du ta kjøtet av og på panna ein 5-6 gonger. La også kjøtet kvila før du serverer. Mmmm…

Kva med framtida Kjell Vidar?

Eg har auka mengda med 30 % dette året, så eg har trua. No er også gardsbutikken fysisk på plass, og blir nok opna før jul. Det er no kjekt å sjå kva eg kan få til, svarer Kjell Vidar når me spør om kva som driv han. Skal han kobla av er ski- og fjellturar med kona og familien, i tillegg til jakt, det han prioriterar. Har du mykje å gjera er det også avkobling å få det gjort, legg han til. Den må me tenkja litt meir på… Me treng slike folk som kan ta hand om noko av det som blir produsert. Bøndene og dyra fortenar det. At Kjell Vidar tek ut opptil 18-19 ulike produkt frå eit dyr fortel sitt. Vindafjordbonden takkar for praten og ønskjer lukke til vidare i livet. Håpar det blir «fett».

9 MØKKABLAD


ANDREA S SANKER SINE AR PÅ ETTER J SAUER. AKT

SAUASANKING ER LIVET Andreas Lundegård og Jakob Eskeland Jr. (i samdrift med Jostein Sørhus) er 2 av mange bønder i distriktet som kvart år hentar sauer heim frå ulike fjellhyller.

Desse 2 karane utgjer Kjelavik Beitelag saman med Jarle Nesse frå Fosen (Karmøy) og Karl Henrik Lien frå Sveio. Det er plass til 600 sauer på området som ligg på andre sida av vatnet for Haukeliseter. Tidlegare var det 15 eigerar og 1.500 dyr på same området. Dei hadde fleire salteplasser då, og sauene var ofte noko mindre. Området er å rekna som eit godt område, men kan også vera eit «skårfestebeite». I fjor måtte sauene i større grad leita etter godt gras, og då kan dei gå på avgøymde plasser. Det er svært viktig å få gode beiteområde. Solforhold, gode urtevekster osv. har mykje å bety. Den botaniske samansetninga er viktig for sauene, vekta og nettoen.

Både Andreas og Jakob er oppvaksne med sau

I 13-års alderen var Andreas såpass lei av sau at han meinte at dei aldri meir skulle ha sau på garden. Men det er noko med dette med å ha sau og tradisjonen rundt sauasanking. Startar ofte torsdag kveld med planlegging over kven som går kvar, så er det full sanking fredag og laurdag. Søndag er sauene på «storahegnå». Derifrå blir dei ført over til mindre hegner, blir skilt og blir sendt heim. Slaktebilane kjem søndag og tidleg mandag.

MØKKABLAD 10 MØKKABLAD 10

Kvar av dei 4 bøndene skal stilla med 4-6 hjelperar

Alf Egil Vaula og Jone Tveit er to av hjelperane til Andreas. Dei 2 hadde gått ilag og same ruta fredagen, men Jone var svært lite fornøgd med at Alf Egil fekk godkjent 24,97 km av sin mobil, medan Jone fekk opp 19,31 km. Det kan bli amper «bræking» av slikt. Det blir ofte rundt 20 km kvar dag, noko som gir rom for om lag 7 melkerullar. Eva Lise, kona til Andreas, varta opp med ei kjøttsuppe fredags-kvelden som gjorde at alle fekk ei god avslutning på dagen, i den gamle varmestova på Vågslid. Maten, chipsen, sjokoladen og «sjitpreiken» er kanskje det viktigaste av alt. Ungdomen som slutta seg til laget såg også ut til å kosa seg, i lukta av tørking av sure sokkar og klær. Ei god fjøslukt er heilt klart å føretrekkja.

Jakob. Kvifor driv du med dette?

Eg er oppvaksen med sau på fjellet. Har ingen gode minner, men eg jaktar jo etter dei gode minnene, flirer Jakob. Denne må du sjå på Då må det vera pengane, undrar me? Eg har 20 sauer til fjells, ikkje skriv det, eg skjemmest av det. Å gå til fjells er kjekt. Eg likar ikkje sau men eg likar imagen og statusen det gir, legg han smilande til. Dei er også gode beitepusserar.


GNAGS Å MÅ TI R-PLASTER L

L E SKA SAUEN RAST TIL SORTE TRANSPORT RETT

Sauene burde vore levert søndag

Prisen går ned på mandag. Det kostar dette beitelaget ca 10.000 kroner. Kjedane bestemmer når kjøtet skal seljast, og dei vil ha tidlege leveransar. Det betyr også at dei lamma som går på heimabeite kan leverast først, og gir best pris. Det burde absolutt vera dei som er til fjells som burde gitt best pris, seier karane rundt bordet. Fjellbeiting gir gode råvarer og god smak. Smaken på hjortakjøt har også endra seg meiner mange. Tidlegare gjekk dei i villmarka, men nå er dei mykje oftare på eit vanleg beite.

Det er alltid ein kamp om å få høgast snittvekt

Det er ikkje kjekt å ha «kattungar» når du skal samla dei inn. I år er beitet godt. Når det er masse snø kjem det nytt gras heile tida. Sauene føl ofte snøkanten, for der kjem dei friskaste og beste skota. Dette året kunne dei lett gått 2-3 veker til. Snitt slaktevekt er hos oss ca 21 kg, seier Andreas.

Jakob er utad svært roleg og avbalansert

for nokre år sidan skulle dei samla sau, men sauene ville ikkje gå dit me ville. Ikkje uvanleg for sauer frå Vindafjord. Sauene som Jakob og hans gjeng hadde tak på tok plutseleg ut i feil retning. Johanne, søster til Jakob, og svigerfar hans burde etter Jakob si meining forstått dette tvert, og gått opp å sperra dei. Jakob gav klar og tydeleg beskjed om kva han meinte om deira «inkompetanse og framferd» over radionettet. Då fekk mange i beitelaget sjå ei heilt anna side av «snilleJakob». Det er nok mange som får fram «sauen i seg» når det er sanking.

Men det er når dei kjem i kontakt med sau du ser personlegdomen til «bonden». Andreas kan fortelja at

11 MØKKABLAD


JAKOB E EILIV SKELAND JR . JANSSE FOUGNER JA , KNUT ESK ELAND NSSEN, N OG J PÅ SAU LANGHE OHANNE ANNE E LLE, BETALI SANKING, O ESKELAND. ESKELAND G KANS NG UND DET ER KJE VE ER BOG NTAR E KJEKT EN? I

KOR ER SAUENE MON TRU?

Dette skjedde ved Litledalstjønn, som der og då fekk navnet «Olmavatnet». Det blir mang ein god latter av slikt.

Det skjer mykje interessant over radiosambandet, flirer Andreas

Sjølv ikkje ukjent med å gå «olme» i enkelte situasjonar rundt uoppdregne sauer. Som då Andreas fekk spørsmålet «fryser du Andreas» over sambandet. Nei da, eg har kånå med meg… Ja, ja. Det er ikkje alt me treng snakka om over «eteren» Andreas.

Sau er ikkje nokon god business for tida

Nokre seier det at bonden lever av kua men for sauen, det er mykje i det. Er nok mange bønder som får spørsmål om kvifor dei held på med sau. Men det er jo ingen tvil om at det er mykje rundt drift av sau, og dyr generelt. Du koblar også godt av når du er til fjells. Der går det også an å lyga på seg nokre tunnellar når telefonsamtalane har vore lange nok.

MØKKABLAD 12

MANDIUS STOKLAND, GURO SELSVIK STENDAL, SONDRE HELGEVOLD OG MATTHEW WILSON TEK EIN PUST I BAKKEN.

Eg har nokre sauer av rasen svartfjesar heima

Dei er lurare enn meg, seier Jakob. Avlsmålet må vera at sauene skal vera dummare enn eigaren, legg han til. I Jakob sitt tilfelle bør dette gå greit, slik me ser det. Når det gjeld Andreas fekk han beskjed om at dette lammet må vera ditt. Det «kakkla» så mykje. Ja, ja.

Det vart ein kald dag med sanking laurdagen

Skribenten fekk vera med på sanking laurdagen. Ein tur på om lag 20 km, med alt frå solgløtt til stiv kuling og sludd, slik er det å vera bonde. Det var imponerande å sjå kva arbeid som blir lagt ned og kor godt «fenalåret» har det i oppveksten. 4-5 hundar gjorde også ein stor jobb. Du får, om mogleg, endå meir respekt for Vindafjordbonden og norske landbruks-produkt når du ser kor godt dyra har det, og kor viktig del av naturen dei er.

3 x 3 hurra for Vindafjordbonden og norsk matproduksjon!


NORSKPRODUSERTE SKINN SIDAN 1951 - Me tar i mot skinn for beredning - Hentar returskinn på dei fleste slakteri - Velg kun ut dei beste råvarene til beredning

Salg av alle typar skinn og lær, engros-detalj

FABRIKKUTSALG I ØLENSVÅG, VELKOMMEN! MA N- TO R 10 -16 / FR E 10 -17 / LØ R 11 -14

BJOAVEGEN 187 - 5582 ØLENSVÅG TLF. 52 76 50 00 - GRANBERGGARVERI.NO

Til høsten lanserer vi Dønn, en produktserie støpt til alle formål

13 MØKKABLAD


VIL DU GEIR OVERTA? - Viss ikkje vil eg selja.

Ja dette spørsmålet får mange bønder frå sine foreldre. Det kan vera vanskeleg både å stilla og svara på det. Geir måtte igjen stilla spørsmålet til seg sjølv og kona Ingebjørg. Svaret vart ja. Geir Magne Gjerde er oppvaksen på andre sida av elva i Vikedals-dalen, der du kan køyra over brua til Mo eller rett fram til Roaldkvam. Ca 4 km frå Vikedal sentrum. Det er mor til Geir som kjem frå garden, medan Bjørn (far til Geir) måtte vassa over elva for å oppleva bonderomantikk med Karen. Bjørn og Karen overtok garden etter sine foreldre då Geir var 12-13 år. Han var ofte på garden til besteforeldra då han var liten. Frå 1981 til 1997 dreiv dei med smågrisproduksjon og foringsdyr (12-14 stk). I 1997 var det overproduksjon på smågris, så dei la ned produksjonen etter å ha nytta seg av kompensasjonsordninga som vart oppretta. Det var nokre ungdyr igjen fram til Geir og Ingebjørg overtok i 2002. På den tida var det «svart» og dødt på mange gardsbruk i Vikedals-dalen, minnest Geir. Det var lite satsing og optimisme å spora, legg han til. Han kjente også tidleg på tanken om enten å satsa eller leggja ned. Eit besøk på ein Jærgard i 2004 skulle gi inspirasjon til å satsa på kjøtproduksjon av storfe.

Det økonomiske var heilt klart ei utfordring

Sjølv den dag i dag er det mange bønder som må ha jobb ved sida for å greia ei investering i ny fjøs og/eller produksjonsutstyr. Det er vel ikkje godt nok for norsk matproduksjon at det er slik? Det som vart til god hjelp var at båthavna i Vikedal skulle byggjast ut på same tida. Det blei tatt ut mykje stein frå garden til Geir og Ingebjørg, og dermed stod tomta klar.

Me bygde ny fjøs i 2005, og sist gong det var bygd ny fjøs i Vikedals-dalen var i 1981

Geir har fortsatt stor interesse for dyr og gardsdrift, og kjøttproduksjon har heile tida vore «greiå». Ingebjørg har ikkje pusja på, men blei nok litt inspirert i prosessen. Ho skulle sleppa å stia dersom me bygde nytt og fekk automatisert, smiler Geir. Eit godt triks for alle dei som treng større båt, robot til plenen osv. No har dei 12-15 ammekyr som går på beite om sommaren med kalv og stut. Eit flott skue forresten for oss som køyrer forbi slike gardar. Dei har også om lag 120 oksar i fjøset til ei kvar tid. Geir flirer litt når han fortel oss at bøndene får ulike klassar og pris på kjøtet dei leverer, men er imponert over at slakteria alltid får topp kvalitet ut i andre enden i alle mulige innpakningar… Det er ikkje alt me skal forstå Geir!

Kor mykje kan ein bonde greia?

Full jobb på dagtid, barn, levande dyr, traktor og utstyr som treng stell, trening, slåtten… Må du vera arbeidsnarkoman for å vera bonde i dag, undrar me? Det er nok

MØKKABLAD 14

viktig å ha ein passe dose adrenalin i kroppen ja, svarer Geir. Eg har funne min måte å gjera ting på, og ofte må 80% vera godt nok. Å finna denne balansen er nok ei utfordring for mange bønder. Skal du levera 100% er det toppidrett seier Geir, og då kan det fort gå ut over andre viktige ting i livet. Som volleyball-kampane til døtrene.

Nå må du vera ein flink bonde for å få det til

Tidligare kunne du nok ha ei ok inntekt utan å leggja alt for mykje i det. Eg leiger også litt ekspertise som er til god hjelp. Våren og sommaren tek Geir litt fri frå Vikedal Mur & Anlegg for å vera meir bonde. Det er sjølvsagt viktig at den betre halvdel i det minste er positive til drifta. Utan det er det ikkje mange som kan driva gard. Automatisering er viktig. Der har me alltid investert, også for å få vekk dei timane me kan. kan.

No er det godt med gardsdrift i Vikedals-dalen All jorda er i drift. Då mor og dei dreiv var det 40-50 som dreiv med mjølk, og no er det vel 8-10 stk i heile Vikedal. Men det blir nok produsert like mykje mjølk.

Første bud for dei som vil bli bonde er at dei må ha interessa

Økonomien er ikkje på Aker Brygge nivå, men absolutt til å leva av. Geir lot seg inspirera av Karstein og Lars Krokedal. Dei såg framover heilt til livets slutt, kvar einaste dag. Du har ikkje gleda av pengene før du har brukt dei opp, sa dei alltid. Deira tilråding var å hoppa i det. Det er imponerande av så gamle folk å fortsatt vera innovative og ha vilje til å satsa, meinar Geir. Ja ofte skal det ikkje meir til enn «kjøyr på» frå andre og dyktige bønder, for å inspirera og skapa nysatsing.

Det er ingenting som gjer at eg ikkje kan tilrå ein av våre til å overta

Men ei stor interessa må liggja i botn. I enkelte jobbar er det berre å slutta om du ikkje trivest, men har du først investert som bonde kan det vera ei utfordring å hoppa av på dagen, for å seie det slik. At Geir har lete seg inspirera av positive bønder er bra. Han er sjølv ein slik positiv kar og bonde, som seier ja og bidrar. Vindafjordbonden er glad for slike bønder. Og du Geir er ein av dei!

Lukke til vidare.


IRMASJON ER EIN DAGEN ETTER KONF T. AV GOD NORSK MA GOD DAG. RESTER

VÅRE VÅR E SAMARBEIDSPARTNERAR Her er nokre av dei som verkeleg bryr seg og bidrar til det gode landbruket Vindafjord har i dag. Vindafjordbonden treng slike «vener» for å gjera ulike tiltak, som dette magasinet, arrangementet Vil vekst m.m. TAKK TIL DEI SOM BIDRAR.

GEIR H ER G AR OG ODT LAG.

15 MØKKABLAD


MØKKABLAD 2020

Eit framifrå mag asin frå Vindafj ordbonden

HØSTSALG!

. Vil vekst

840.000 ekskl. mva

MF Kombipresse RB3130F

Maskiner på lager for rask levering, til gode høstpriser!

240.000 ekskl. mva

85.000

Fendt Slicer 313 TKC

Fendt Twister 601 DN

ekskl. mva

189.000

Be om tilbud!

ekskl. mva

Seringstad forhaustere FS/MK

Joskin 4000 liter vakum/jet

195.000

225.000

Tipproller 4,5 m med multiseeder

Rekord 9400 liter kombi/jet

ekskl. mva

ekskl. mva

Eiksenteret Haugesund Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal Tlf. 52 75 44 44

Stian Berge MF Tlf. 412 13 790

Arve Frantsen VALTRA Tlf. 957 60 549

Håkon Bjørke FENDT Tlf. 955 56 867

vinnarskalle.no

MANGE TRAKTORER PÅ LAGER OG PÅ VEI INN TIL GODE HØSTPRISER!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.