Vil Vekst magasin 2021

Page 1

20on2de1n D A L B A K MØK Vindafjordb frå

FJOSMOTAR

ifrå Eit fram

magasin

Er Vindafjordbonden opptekne av fjosmotar?

REGÅRD ANITA ØV

AKKE GUNVOR B

IK ÅDT DJUV BJØRG ÅG

E LIEN LARS ARN

LES OGSÅ OM: Steinar Aalvik, Wenche Torstveit, Smesvig Gård og Marte Breden Sal og service til eit moderne landbruk

1 MØKKABLAD

Vil vekst.


VINDAFJORDBONDEN DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS

>> AUKA

STATUS OG OMDØMME

Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppe-møter, innlegg på fjesbokå og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Ulike omtalar i media har også bidratt.

>> GARDSKILT

Me må visa igjen som andre bedrifter.

>> LANDBRUKET I VINDAFJORD Kvar morgon ruslar 420 bønder ut i fjosane sine, og i løpet av eit år utgjer dette om lag 700 årsverk eller 1,2 millionar timar med arbeid… Jordbruksarealet pr. bruk er 196 dekar.

>> VISSTE DU AT:

>> PROFILERING

Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder.

>> BONDEMARKNAD

Ein utruleg kjekk dag, der me fyller Sjoargata for å visa litt av alt det Vindafjordbøndene har å tilby – få maskinar til mat og dyr. Velkommen til marknad i Ølen, laurdag 25. september.

>>

DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED

Eg håpar du kosar deg med magasinet og får eit innblikk i alt det spanande Vindafjordbøndene driv med…

>> HELSING

Eivind Lien, styreleiar i Vindafjordbonden AS

Vindafjord er landets 4 største husdyrkommune med: • 3 200 mjølkekyr, som kvar mjølkar 7600 mjølkekartongar • 7 800 rautande kviger og stutar • at det finst 16900 sauehalar i Vindafjord • 1 000 avlsgriser • 50 000 slaktegris/år – tenkt kor mange koteletter det er…

Forvaltar totalt eit areal på 620 000 dekar. Vindafjord har eit produktivt skogsareal på 250 000 dekar og avvirkar mellom 10 000 og 20 000 m3 tømmer pr. år. Brutto verdiskaping i landbruket i Vindafjord er om lag 400 mill., og Vindafjordlandbruket er hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord med 14% av alle sysselsette. t - design EG: Ide - teks MAGASINANSVARL elseth. Ab R. , Frank Vinnarskalle AS ivate pr og th se el Ab FOTO: Frank R. driftar i be Husstandar og DISTRIBUSJON: Etne Vindafjord og jordbonden AS af nd Vi R: VA UTGI

MEDLEMMER MED LEMMER I VINDAFJORDBONDEN Det er desse medlemmene som er grunnlaget for at Vindafjordbonden AS eksisterer og kan gjera dei ulike tiltaka ein gjer..

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8.

Osmund Birkeland Terje Kambe Trond Haugland Leif Bjarne Olsen Hans Ilstad Åsvald Imsland

Andreas Eikeland Jakob og Borghild Eskeland

9. Lars A. Lien 10. Bård Arne Lunde 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21.

Harald Velde Inga Steinsland Norleif Fjeldheim Henrik Nerheim Geir Tofte Kjell Thomas Kirketeig Harald Hetland Heidi og Eivind Lien Harald-Olav Stuhaug Kari og Jan Idar Haugen Alf Egil Vaula

22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29.

Eivind Vik Wenche Torstveit Herlof S.Lærdal Magnar Helgevold Geir Olav Larsen Jørn Apeland Johannes Vestbø Endre Krakk

30. Jørund Velde 31. Severin Fatland 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38. 39.

Harald Eikanger Lars Henry Dagsland Kjartan Kalstveit Asbjørn Alendal Arild Eide Frode Grindheim Roald Haraldseide Torleif og Else Gurine Stople 40. Rune Ersland 41. Ole Johan Vierdal 42. Gunvor Bakke

43. Magnus Frøyland 44. 45. 46. 47. 48. 49. 50. 51. 52. 53. 54. 55. 56. 57. 58. 59. 60. 61. 62.

Trond Skogen Gudmund K.Håkull Svein Sigurd Haraldseid Øyvind Haakull Trygve Meland Oddvar Kjærland Magnar og Marit Fjeldheim Johannes Hustveit Roy Erik Hetland Eva Lise og Andreas Lundegård Per Arnvid Landa Stein Øyvind Aase Karl Larsen Kjetil Skartland Elisabeth Nesheim Jostein og Hege Sørhus Jostein Halvorsen Trond Berge Kjell Vidar Øglænd

63. Jone Skartland 64. 65. 66. 67. 68. 69. 70. 71. 72. 73. 74.

Anita og Tore Øvregård Maria og Håvard Jæger Tveit Bengt Bådsvik Ingvild og Eirik Nesheim Arve Gramstad Bjørn Alvseike Knut Øvstedal Henry Eike Steinar Nesheim Grethe Sørhus

75. Gurine Blikra 76. Trygve Espevold

77. Egil Otto Haakull 78. Gudrund Magrethe Dyrseth 79. Hanne og Johannes Lundal 80. Jarle Sørhus 81. Jens Dominikus Bjordal

Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DET Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta.


HØSTSALG! Fendt Rotana kombipresse

870.000 ekskl. mva

Maskiner på lager for rask levering, til gode høstpriser!

Fendt Slicer 313 TKC

Fendt Former 801 samlerive

229.000

230.000

ekskl. mva

ekskl. mva

HE-VA liftroller, 3 m. Eik engfornyer

Serigstad forhaustere FS/MK

125.000

Be om tilbud!

Tiproller 4,5 m med multiseeder

ekskl. mva

HE-VA Weeder 4,5 m. med multiseeder

195.000 113.900 ekskl. mva

ekskl. mva

MANGE TRAKTORER PÅ LAGER OG PÅ VEI INN TIL GODE HØSTPRISER!

Eiksenteret Haugesund Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal Tlf. 52 75 44 44

Stian Berge MF Tlf. 412 13 790

Arve Frantsen VALTRA Tlf. 957 60 549

Håkon Bjørke FENDT Tlf. 955 56 867


SAMARBEIDSPARTNERE TIL VINDAFJORDBONDEN:

AR HARALD OLAV STUHAUG I SANDEID SATS GODE GS TREN DÅ OG ET PÅ LANDBRUK DYRLEGAR.

VINDAFJORDBONDEN ER SVÆRT FORNØGDE MED DYRLEGANE Marte Breden er frå Bredebygden, ei lita grend som ligg ca 5 km frå Otta. Ho kjem frå gard, er utdanna veterinær, og ser for seg å overta garden ho har odel på. Dei driv i dag med litt «kønnproduksjon og littegrann gras». Til og med dyra blir sjarmert av den flotte dialekta til Marte. Ho er glad i storfe, men ser for seg geiter på garden. Det gror igjen ikkje minst på sætra, og det er noko Marte håpar geitene kan bremsa. Kulturlandskapet er jo svært viktig for Norge, og der gjer bøndene ein avgjerande jobb, legg ho til. Kva var det som lokka med Vindafjord?

Det er sjeldan med stillingar der dyrlegen kan jobba berre med produksjonsdyr i full stilling, seier Marte. Dei fleste plassane i landet er dette kombinertstillingar med smådyrpraksis. Då stillinga vart lyst ut kikka ho på kartet og fann Ølen, søkte, vart intervjua på skype og flytta 2. oktober 2017. Dei er 4 dyrlegar i Vindafjord og dei tre andre er Marthe Kryvi, Ellen Prytz og Anne Cecilie Berentsen. Vindafjordbonden er svært fornøgde med dei alle.

Dyrlegen er svært viktige for dyra og økonomien i landbruket

Gardbrukaren har eit heilt anna pågangsmot her enn heime. Dei har litt Jærbu i seg. Dei tørr å satsa, seier Marte. Mange fjos har svært moderne teknologi som bl.a resulterer

MØKKABLAD 4

i at sjukdommar kan fangast opp tidleg, og dermed får me jobba meir forebyggande, legg ho til. Ho synes også at folk her er meir opne og kontaktsøkjande enn heime i Gudbrandsdalen, og den gode kontakten mellom folk, bøndene, dei andre dyrlegane (også dei 3 i Etne), gjer at eg trivest svært godt og har blitt buande, og at eg fortsatt er her, seier Marte.

Ein typisk dag er at me møtes og har kontortid fra 8 til 10.

I den tida kan bøndene melda inn behova sine og me tek oppdraga i tur og orden, informerer Marte. Vindafjord kommune pliktar å stille med døgnvakt, og for at det skal gå opp med bemanning av vakta er det viktig å ha eit godt


IG GJERR A NYS R M E E V J Å M K EN SO PÅ KV ALLE. GJELD

DT HAR GO MARTE . A R D DY LAG ME

FRISKE DYR KOSAR SEG I FJOSEN.

husdyrgrunnlag. Det er svært dyktige bønder i Vindafjord. at ho må lesa seg opp før ho opplever også at ho lærer av sine kollegaer.

mange kunnskapsrike og Marte kjenner av og til på besøker enkelte bønder. Ho mange bønder, og sjølvsagt

Sjå kvart dyr

Me ser at mange bønder kjenner dyra sine godt. Ofte aner dei at noko er på gong før me dyrlegar kan klara å finna kliniske teikn på sjukdom, seier Marte. Dyktige bønder både ser og kjenner dyra sine.

Ein plan på kva du driv på med er svært viktig

På spørsmål om kva som skal til for å lukkast med husdyr svarer Marte at det er viktig å ha ei hensikt og ein plan med det ein gjer, anten det er avlsarbeid, fôring eller andre aspekt av husdyrhaldet, og at ein ikkje gjer noko berre fordi det er slik det alltid har vore gjort. Det er ôg viktig å ta godt vare på speddyra og gje dei ein solid start, da dette er den neste mjølkekua eller avlsværen. For dyrlegar er det viktig å ha gode kollegaer å støtte seg på, både når det gjeld det faglege, men òg det mellommenneskelege. Det å kunne dele både positive og negative aspekt av dagen. I våre praksisgrupper er me heldige med at me er ein god kombinasjon av erfaring og ny kunnskap. Til dømes er det Ellen, som sit med eit hav av erfaringar, som eg ringer til når eg treng hjelp med ei vanskeleg diagnose, fortel Marte. Me utfyller kvarandre godt.

Det blir færre og færre gardar i Vindafjord, men heldigvis er det også nokon som satsar

Det at me er 4 dyrlegar som ikkje har sprengte dagar gjer jo også at me har meir tid til kvart dyr. (Betre oppfølging

aukar sannsynlegheita for ei vellukka behandling, noko som kan gje betre økonomi for bonden, legg Marte til. Dei har også faste avtalar om besetningsbesøk, der ein av dyrlegane f.eks. kjem innom for kontroll 1 gong månaden, og arbeider litt tettare på gardbrukaren og dyra. Dette er det fleire som etterspør, fordi dei ser at det gir resultat, legg ho til.

Mbryo sikrar gode dyr

Marte driv også med Mbryo-innlegg. Via Geno tilbyr ho ferdig nedfrosne befrukta egg frå svært gode foreldredyr, som kan leggjast inn i ei ku eller kviga som då vil fungera som ei surrogatmor. Dette gjer at f.eks. ei ku som ikkje har spesielt gode eigenskaper eller høg avlsverdi kan bera fram gi ein svært god kalv. På den måten får me raskare avlsframgong. Embryoet blir lagt inn etter brunsten, og på denne måten kan det òg fungere som ei reserveløysing for dyr som ikkje viser tydelege brunstteikn. Førebels tilbyr berre Geno embryo av NRF (norsk raudt fe)). Dette er berre eit par år gammalt, men brer om seg meir og meir. Interessa er heilt klart stor og aukande.

Vindafjordbonden set pris på å ha fått vore med Marte i fjosen til Harald Olav Stuhaug i Sandeid

Ein av bøndene som satsar, saman med neste generasjon. Han og dyra set stor pris på dyrlegane i Vindafjord, og den «prisen» går begge vegar. Vindafjordbonden takkar dyrlegane for deira engasjement, og er enig med Harald Olav og dyra når dei seier at Marte må bli i Vindafjord. Takk til Marte og dei dyktige dyrlegane i distriktet. SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

5 MØKKABLAD


Landbruk, hus, hobby, hage, kjæledyr, jakt, leiker og mykje meir...

Me har stort utval til heile familien

Etne, tlf. 51 77 11 30 Mandag –fredag: 8-18, laurdag: 9-15

bondekompaniet.no


Solceller

Produser din egen strøm

SPAR PENGER MED SOLCELLEPANEL FRA HELGEVOLD

Vi leverer komplette solcelleløsninger for alle typer bygg slik at du kan produsere din egen strøm. Ved hjelp av batteriløsninger kan strømmen lagres og benyttes ved behov. Vi har egne kunderådgivere innen faget som mer enn gjerne vil hjelpe deg. Finn ut mer på vår hjemmeside!

52 76 60 00

www.helgevold.com

Din elektriker fra A-Å

EL-kontroll

Gårdsalarm Service Elkontroll

AV OG TIL ER DET BEST Å LA FAGFOLK TA UTFORDRINGEN

En elkontroll fra Helgevold gir deg en sikkerhet mot driftstans, uforutsette kostnader og billigere forsikring. Fremfor alt, det ivaretar sikkerheten til dyr og anlegg. Husk på at KSL har krav til elkontroll. Kontakt oss i dag for en uforpliktende prat.

52 76 60 00

www.helgevold.com


FJOSMOTAR

– Eg må ha litt næring eg nå, elles så går eg ner i vekt. Ja slik opna samtalen Steinar Aalvik. Ein tenkjar, skribent og bonde i Etne. Me skulle snakka om fjosmotar før i tida, og i motebransjen er det jo også mykje snakk om vekt. Og er det noko bonden veit, så er det at vil ikkje dyra ha mjølet så ryke holdet. VIndafjordbonden har teke turen til Etne for å sikra seg historisk moteinformasjon. Eg har ikkje kalibrert meg på ei stond

Ein av grunnane til at Vindafjordbonden sitt magasin har bedt om audiens hos Steinar er at me veit han har stor kunnskap og ein humoristisk vri på det meste. Han meiner i tillegg at han er normal nok til eige bruk. Me legg raskt merke til at han tek eit spann med mjølk ut av kjøleskåpet og heller oppi ei mugga. Den vant mor mi på ein basar på Vossastrondi på 50-talet, minnest Steinar. Han er tydeleg oppteken av motar han Steinar, for slike mugger er på moten som aldri før, og passar godt til Steinar som er mjølkebonde.

Far min var samyrke-ideolog

Bønder har nok aldri vore svært opptekne av fjosmotar, meiner Steinar. Det viktigaste er nok at det er praktisk. Far til Steinar var samyrkeideolog, og då han sine siste leveår køyrde rundt i ein elektrisk rullestol med Fatlandcaps var det heilt hinsides all fornuft. Men faren var av den gamle gode skulen, der alt skal brukast opp før me reiser herifrå. Steinar tok sjølvsagt ansvar og fekk tak i ein Nortura-caps, sjølv om respekten for Fatland er stor.

Berretten har vore viktig for norsk landbruk

Før i tida var det mange bønder som brukte berret. Steinar syner oss fleire ulike måtar å bera berretten på. Ein for då dei skulle køyra å henta mjøl, ein når det var fjosarbeid og ein når det var dårleg vær. Det fine med berretten var også at den kunne trekka til seg mykje vatn før den sleppte vatnet nedover augene. Då kunne dei berre vri berretten som ei vaskefilla, så var den klar som ein svamp igjen.

Far min hadde ei dongeri-jakka det stod Berserk på

Faren brukte for det meste dongeri-bukksa, minnest Steinar. Hadde også dongeri-jakka då han gjekk i fjosen, men den vart fort skitten då han lente seg innåt dyra. Ein kjeladress av bevernylon er jo ganske tett, så dongri er nok bra for det pustar, seier Steinar. Sjølv brukar han stort sett berre kjeladressar. Ein til dels grøn der det står Felleskjøpet, ein heiter Tine og ein annan ber namnet til Nortura. Eg har også hatt ein der det stod VS då eg var ung og sprek. Vestlandske Salslag stod dei bokstavane for.

Støvlar med vernetå var feigt meinte dei gamle

Folk må læra seg å sjå seg for, sa dei då. Men eg går alltid med støvlar med vernetå, påpeikar Steinar. Før i tida gjekk mange med blå seilerstøvlar. Dei som mest ikkje har mønster under seg, og drog med seg lite skit. Støvlane hadde heller ikkje hælar og var då sjølvsagt glatte. Men brukarane av desse støvlane påpeikte nok ein gong; folk måtte læra å sjå seg for.

Besten hadde ein caps med nett på begge sider

Då fekk topplåket god lufting og han kunne produsera meir, meinte dei då. Steinar minnest også at enkelte bønder hadde caps som det stod Jermin for storfe på. Det var ikkje noko meir enn eit plagg dei hadde fått, men nyttig var det.

MØKKABLAD 8

Avskårne støvlar utan skaft, vart også brukt. Skar av då støvlane var slitne, slik at dei skulle vera lette å fara i. Steinar var på Håkonsvern og forsvarte landet i militæret, og ein gong fekk han i oppdrag av Kvammabesto å stikka innom ein butikk i Bergen dei kalla Muren. Tror det var nedi Strandgaten, legg Steinar til på forførande Bergensk. Oppdraget var å kjøpa fjossko. Gummistøvlar utan skaft. Støvlane frå Askim hadde ofte så god kvalitet på den tida at dei vart sendt inn for å få på nye solar. Ofte fleire gonger.

Strikkakofta var normalt

Førkel var også populært for damene. Det var på ein måte ein kjole med knappar framme. Og så gjekk jo dajen… Glidelåsane er jo berre ei herrsens plaga. Lagerfrakkar var også populært. Kontrolløren (produksjonsrådgjevar) som kom på garden for å sjekka mjølka gjekk ofte i ein lagerfrakk. Under hadde han ein blank og fin kjeladress. I lagerfrakken var det eit hål med ein ring av rustfritt stål som klemte litt rundt blyanten, slik at den ikkje datt ut. Sløydlæraren gjekk også i lagerfrakk, minnest Steinar. Kontrolløren den gongen var ofte med på heile kveldsstellet ein gong i månaden. No er dei kjappast innom ein gong i året. Det er løje med det kva me hadde råd til før når me var fattige, tenkjer Steinar.

Onkelen til Steinar, Nils Traa, gjekk ofte i dongeri-overall.

Kvar morgon stod han på ein liten høgde på garden med begge tomlane i reimane som gjekk over skuldrane. Han hadde nok styremøte med seg sjølv før han starta arbeidet. På eit tidspunkt var det som moteplagg å rekna. Strikkakofter var også kjent for mange. Mykje av dette er jo mote nå og kan slettes ikkje brukast i fjosen.

Steinar brukar hanskar, men det brukte dei lite før i tida.

Dei hadde ikkje tru på det før i tida. Eg har jo nesten ikkje trelar i nevane lenger, smiler Steinar. Meir som kontoristnevar. Før då grisen starta med å bita halar måtte dei smørja på tjøra, over kanten på spannet hang det ofte ein hanske. Då fekk den gjera nytten.

I dag er det mange som brukar grilldress

Å gå i grilldress heilt frå dyra vert fødde til kjøtet er ferdig grilla må jo vera heilt topp, flirer Steinar. Ein bonde var verkeleg stasen minst 1 gong kvart 4 år, og det var då dei skulle ned på skulen å stemma, seier Steinar. Det var ikkje noko pytt san det. Me avsluttar samtalen med ein prat rundt tresko, som også var mykje brukt. Eit opptrakskrav for å bli rekna for eit godt kjeringemne var at du måtte kunna gå i tresko i ein blaute garde å gje grisen.

Vindafjordbonden avsluttar denne artikkelen om Fjosmotar med å takka Steinar. Bønder med humor går aldri av moten.


SLIK BER DU BERRETTEN NÅR DU JOBBAR PÅ VARME DAGAR. SLIK BER DU BERRETTEN NÅR DU SKAL VERA BLANT FOLK.

RRETTEN NÅR SLIK BER DU BE KALDT. DET BLES OG ER

ANITA ØVREGÅRD IMSLAND

SLIK TØM ER DU BE RRETTEN FOR VATN .

Brukar for det meste Haugaland Avløysarlag sin kjeladress. Den er vannavstøtande og kan spylast.Går med fjoskjole på fine sommardagar fra Flor. Praktiske klær for damene med høge liv og stretsj.

BJØRG ÅGÅDT DJUVIK Sauabonde i Vikedal. Mest kjeladress.

LARS ARNE LIEN BJOA

Mest kjeladress. 2-delt går ikkje. Viktigast at plagget er praktisk og held skiten ute.

GUNVOR BAKKE SKJOLD

Har ein kvardagsinngong og der ligge avlagde kler, som treningsbukser etter jentene. Brukte kjeladress før, men slitsomt for skuldrene å få den på. Likar godt vest. LEG HAR EIT GUDDOMME STEINAR AALVIK VERA AL SK N HA E NG R LE PERSPEKTIV PÅ KO ÅR. 00 VERA 1 ELLER 10 BONDE. DET KAN ELA SP R FÅ M SO DEI DYRA DEI ER HELDIGE G. LA PÅ STEINAR SITT

SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

ANDRE TIPS:

Heng dressen på varmtvannstanken i melkerommet etter bruk. Herleg med tørr og varm kjeladress ein tidleg morgon.

Mange fjos har skotørkerar og/eller varmerist. Lonk i støvlane er stor stas. Ellen dyrlege likar også godt det. 9 MØKKABLAD

9 MØKKABLAD


WENCHE SOM BÆ NYT DAGANE RBONDE .

WENCHE LANDA TRYGT PÅ BAKKEN Wenche Torstveit bur nokre bær-raster frå fotball-banen i Vats, saman med Morten Helleberg. Ein kar frå Sola som ho har vore saman med heilt frå den tida dei begge var flymekanikerar og bl.a. hadde ansvar for at flya til Braathens Safe kom trygt opp og ned. Wenche hadde sine 5 fyrste leveår i Haugesund, men flytta til garden då faren overtok. I vaksen alder vart det Stavanger, der ho jobba som leiar for ein Eurosko-butikk, vore postbud, jobba i SFO og som flymekanikar. Ho har landa trygt på bakken og blir nok der. Wenche overtok drifta av heimagarden i 2010

Både Wenche og Morten syntes livet i Stavanger til tider kunne vera for hektisk, og draumen om «det gode liv» kom fykande. Dei såg for seg litt mindre «stress» der ein eller annan alltid skulle nå eit eller anna. Det vart eit større hopp for Morten, men bondeyrket var heller ikkje ukjent for han. Dei tok sjangsen og påstår at dei ikkje angrar. Og slik ser det også ut.

Avl både ute og inne

På garden er der 20 kyr som kvalvar kvart år, slik at om vinteren er det ca 45 dyr med stort og smått i fjosen. Etter at også dei har levd det gode liv blir dei levert til Nortura, som igjen leverer kjøttprodukt av svært høg kvalitet til oss alle. Dei brukar Limosin som avlsstut, noko mange meiner gi ein litt høagare kvalitet på kjøtet.

Wenche er også oppteken av polinatorane

Det betyr humler, bier og veps. Dyra held beiter og skog i hevd, slik at også polinatorane kan trivast, for dei trivst ikkje i høge «kratt». Wenche og Morten driv også med bringebær, og dei har merka både auka mengde og betre

MØKKABLAD 10

kvalitet etter at dei også auka livskvaliteten til polinatorane. Har også 2 bikuber og haustar honning dei sel til søte kundar. Eit godt biprodukt flirer Wenche. Litt vel tørr den tenkjer skribenten, men me tok den med.

Bærer frukter

Dei lurte på kva dei skulle ha som «attåtnæring» på garden, og valgte bringebær. Etter 10 år haustar dei ca 1000 kilo, men set nå ut 300 nye planter for å auka produksjonen. Dei får solgt alt dei produserer, og set pris på at mykje av dette er sjølvplukk. Det kjem ofte heile familiar som har med seg stolar, kaffi og nista. Dei har også lagt merke til at stadig yngre damer tek turen, som ofte nyttar bæra som «strø» på ein eller anna rett. Dette gir både inntekt og trivsel på garden.

Me har arbeid til 4-5 personar og lønn til 1

Du må lika å vera ut i all slags vær og lika å vera i aktivitet, meiner begge. Det er absolutt sure dagar som bonde, men når dyra trivest å du kan smugeta av nydeleg bringebær er du midt i det gode liv. Ferie i juli er heilt umogleg for bæra, men ei langhelg til Setesdalen med bobil smakar også godt. Begge er også svært takknemlige for det arbeidet kårfolket legg ned. Utan dei «gamle» blir kveldane kortare.


HØNEN E DAGAR HAR FRIE PÅ TU NET.

LIV? NDE O GODE DET IV SOM B ALT. L EIT NNEHOLDE I KAN

ÅR ME NÅR F E R FLEI EBÆR… BRING RENG KE EIR T ÆRINGSRI M A V N K 2 N ME EN EBÆR? BRING

SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

Har du nokre bringebær-tips Wenche?

Plassering er viktig. Litt slak nedoverbakke slik at dei ikkje blir ståande i for mykje vatn. Luft mellom buskane slik at dei får tørka likar dei godt. Klipp vekk dei «råtne» kvart år,og la det stå igjen 5-7 «skudd» i kvar busk. Over 2 meter høge treng dei heller ikkje bli. Dei mørkelilla bæra kan smaka best, men dei litt lysare gir meir stivelse i syltetøyet.

Wenche tok vinterlandbruks-skulen dette året og er nå agronom

For å lukkast og trivast som bonde er kunnskap viktig. Morten påpeikar også at dei er oppflaska med Lean (kvalitetssikrings-prosedyrar) gjennom flyindustrien og prøver å ta med seg noko av det i gardsdrifta. Å vera effektiv og strukturert er svært viktig for alle bedrifter. Mange bønder tenkjer nok på korleis dei skal få det gode liv der også økonomien smakar «godt nok». Wenche og Morten har funne sin måte å vera bønder på. Dei gleder seg sjølve og sine, men også svært mange andre.

BÆR 1000 KILO BRINGE WENCHE HAUSTAR IR. ME T DE IR BL E ÅR I ÅRET. TIL NEST

Vindafjordbonden takkar for innsatsen og håpar at også fleire kan bli bønder på sin måte.

11 MØKKABLAD


SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

ON ÅR MED PRODUKSJ ETTER SNART 100 L. TI MÅ M RD KVA SO VEIT SMESVIG GÅ . AR KK BU OG AR TAKK ME SOM FÅR NYTA

SNART 100 ÅR GAMLE AGURKER OG TOMATER

LANDET BÅDE GEIR, MARTIN OG KÅRE GIR AGURKER OG NÆRINGSRIKE OG SMAKFULLE GE LOKALE MAN TIL G LEG TOMATER. I TIL INVESTERINGAR. ALE LOK OG ER ASS SPL ARBEID

MØKKABLAD 12 MØKKABLAD 12


SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

ENGS FOR Å DRIVANDE FOLK TR HUSA. IV DR I SKAPA LIV

Martin Wølstad Reed kjem fra gard i Stavanger med tradisjonar innan gartneri som går 98 år tilbake i tid. Utviklinga gjorde at Stavanger kommune tok bit for bit av garden, der deler av garden gjekk til Oljemessa. Noko som gjorde det utfordrande å driva slik dei ville. Studiegarden i Skjold er til salgs

Dette var teksten i ei annonsa Martin og kona Ruth Kirsten les i 1970. Det vart for fristande og dei kjøpte garden. Kåre, Geir og Siri var 13, 14 og 17 år den gongen. Kåre, som i dag er dagleg leiar kan ikkje minnast anna enn at det gjekk fint. Sjølv om enkelte ferjeturar til Skudenes som helgependlarar det fyrste halve året fortsatt gir bølger i magen. Geir er den som tek seg av alt utstyret og søstera er med på det meste. Det er Kåre og Geir som i dag eig Smesvig Gård AS, men Martin er fortsatt med frå tidleg morgon til når tomatene og agurkane vil ha nattefred.

Kunden heiter BAMA

Ein kan lika det eller ikkje, men dei fleste veit at det er nokre få store aktørar som styrer matmarkedet i Norge. Smesvig Gård produserer ca 2,4 millionar tomater og 1,8 millionar agurkar i året, og 99% av dette blir solgt til Bama som leverer til Norgesgruppen, som igjen leverer til Kiwi, Spar, Meny og enkelte andre. Kvar september presenterer Kåre og andre gartneri i landet kor mykje dei ser for seg å produsera til neste år, og deretter «godkjenner» Bama om dette er ok eller ikkje. Det er mange fordeler med eit slikt system, men også litt skummelt, seier Kåre.

Det handlar om å forvalta jorda og plantene rett

Dei haustar agurkar kvar dag, og har nyleg investert i meir lys, noko som gjer at dei kan produsera agurkar heile året. Agurkplantene må skiftast 5 gonger i året, og tomatplantene 1 gong i året. Tomatene blir hausta mandag, onsdag og fredag. For deg som visste dette frå før blei nok dette agurknytt, men slik er det nå berre med den saken.

Pandemien har gjort godt for norsk landbruk og norsk mat

Smesvig Gård opplever gode tider, og salget av norsk mat går opp. Det er sjølvsagt kjekt, for det er krevjande for alle bønder då alt levande må stellast alle dagar og alle timar i døgnet. Kåre et 2 kilo tomater kvar dag, og det er ikkje berre for å testa. Det er rett og slett snop etter hans meining. Alt dei produserer går til Bergen og Oslo, mens

våre lokale butikkar blir betjent av Asko, som held til i Stavanger. Dei får sine produkt frå Finnøy og sør-fylket.

Er smaken på tomaten og agurkane frå Smesvig Gård betre enn andre?

Nei det er dei kanskje ikkje, smiler Kåre lurt. Men forholda er gode for matproduksjon i Skjold og Vindafjord. Mange stikk innom å kjøper frå «lagerbutikken», og der finn dei ferske produkt. All produksjon som skal ut i butikk er jo innom både ein og fleire kjøler, og det er jo ikkje heilt ideelt for smaken. Tomater skal jo helst ikkje under 10 grader, men slik er det berre når varene skal fraktast rundt. Me snakkar om små smaksnyansar som kanskje berre «ypperstepresten» kjenner forskjellen på. Men produkta til Smesvig Gård har fått ein oppvekst dei kan vera stolte av, og det kjennes på smaken. Dei høyrer av og til at folk helst vil ha tomater frå Spania om sommaren, men sannheten er at dei ikkje dyrkar tomater i Spania om sommaren. Då er det for varmt.

Smesvig Gård er ei stor bedrift

5 personar i familien har sitt arbeid på garden. I tillegg kjem 17 dyktige arbeidsfolk frå Polen, som arbeider 3 månaders skift. Me er svært fornøgde med dei påpeikar Kåre. Garden er på 260 mål, sjølv om dei nyleg «mista» 40 mål til den nye vegen gjennom Skjold. 18.000 m2 produksjon under tak seier sitt. 60 sauer passar på at utearealet blir halde ved like, og gir jo også nokre kroner i utviklingskassen.

Vindafjord og Norge treng folk som satsar på landbruk og matproduksjon

Smesvig Gård er ein av mange gardar som produserer norsk mat av svært høg kvalitet. Vindafjordbonden veit at dette er krevjande, men er svært takksame for den jobben Kåre og Geir og alle dei andre har gjort og gjer. Det minste me andre kan gjera er å heia og kjøpa produkta.

Agurknytt eller ikkje. Smesvig Gård er verdt nokre ord og hipp, hipp hurra! SAMARBEIDSPARTNER TIL VINDAFJORDBONDEN:

13 MØKKABLAD


MØKKABLAD 14


Å kunna arbeida på eit kjøkken som verkeleg er praktisk og inspirerer, er for mange nesten like viktig som sjølve råvarene.

Me har forførande, smakfulle, inspirerande og effektive kjøkken der alle kan møtast til dekka bord.

Me takkar Vindafjordbonden og Etnebonden for framifrå råvarer.

Utstilt på Knapphus: Knapphus kjøkken og Strai kjøkken Knapphus - 52 76 70 70

Anne Mai Kjøkkendesigner 909 81 990

Tore Kjøkkendesigner 916 76 583

Utstilt på Karmøy (Bygnes): Sigdal og Strai kjøkken Karmøy - 52 84 51 33

Øyvind Kjøkkendesigner 908 61 959

Utstilt i Odda: Strai kjøkken Odda - 488 91 180

DØNN landbruk, betong designet til landbruksformål

Vinnarskalle.no

God mat treng eit godt kjøkken!


VINDAFJORDBONDEN INVITER

ER TIL

Bonde-marknad LAURDAG 25. SEPTEMBER

GRAT Salg IS INNG av gr illma ONG

Kl. 11.00 - 15.00 Sjoargato - Ølen

t

HER KAN DU OPPLEVA:

• Levande dyr • Fjoslukt • Salg av lokale matvarer • Grisapreik • Aktivitetar for store og små • Gammalt og nytt utstyr • Bondeleikar kl. 13.00 Kappestrid mellom drivande bønder

R D STO ALLTI ING PÅ STEMN MARKNAD BONDE

Arrangør:

SAUAKÅRING: Stor kåring av sau for bønder i Vindafjord. Kom å sjå!

SALG AV LOKAL MAT • 20 lokale produsentar tilbyr sine godsaker! LØP OG KJØP :)

Sal og service til eit moderne landbruk

VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR:

Ein uvanl eg og triv el dag for h eile famil eg ien :-) Deler av Sjoargato stengt un der arran vil bli gemente t.

Vinnarskall.no

Vil vekst.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.