
3 minute read
Nasjonal kartografisk rapport - norway.cartography.no
from Posisjon 2023-4
by GeoForum
Tekst: Terje Midtbø
Geoforum har mange funksjonar. Mellom anna står det i vedtektene § 1-2, punkt j) at Geoforum skal «delta i nordisk og annet internasjonalt arbeid». I samband med dette har Geoforum medlemskap i organisasjonar som FIG (landmåling, geomatikk generelt), ISPRS (fotogrammetri og fjernmåling og ICA (kartografi). Nærmare bestemt står ICA for «Internatio nal Cartographic Association. ICA har generalforsamling kvart 4de år, og i samband med dette er det eit sterkt ynskje frå ICA at dei nasjonale medlemsorganisasjonane lagar ein rapport over kartografisk aktivitet i landet dei siste 4 åra. Alle rapportane frå dei ulike landa er tilgjengeleg som PDF på: https:// icaci.org/national-reports/ februar
Sidan det til no ikkje har eksistert ein fast mal for kva som skal vere med i dei nasjonale rapportane vil den som studerer dette fort finne ut at rapportar frå dei ulike nasjonane har ulik framtoning. I Noreg er følgjande framgangsmåte nytta for å lage rapporten: Basert på deltakarar ved kartutstillinga ved Geomatikkdagane, annan kartografisk aktivitet i Geoforum (t.d kartografikurs) og generell kjenskap til kven som produse rer kart i Noreg, har Kristoffer Kristiansen og underteikna ei liste over «interessentar». Utpå vårparten kvart 4de år har dei heldige som står på lista fått epost med førespurnad om å skrive nokre setningar om eiga bedrift eller institusjon, samt å sende oss eit par døme på kart eller kartprodukt dei har laga i løpet av den siste 4-års perioden. Det har såleis vore opp til den enkelte bedrift/institusjon om dei vil bidra til rapporten, samt kva dei vil bidra med.
Vi får sjølvsagt ikkje respons frå alle. Men mange bedrifter stiller opp og leverer sitt bidrag. Dette har vore nok til at vi har fått eit rimeleg representativt utval av kva som er gjort innan kartografi og visualisering i landet. På web-sida norway.cartography.no finn ein årets rapport, både på web-format og som PDF. I tillegg kan ein her også finne PDF av dei 3 førre 4-års periodane. Det er mange gode døme på kart å bla igjennom her. Noreg ligg trass alt på topp i verden når det gjeld å lage attraktive kart! Viss det er lesarar av Posisjon som lagar kart og som ikkje har fått spørsmål om å kome med bidrag til rapporten......ta kon takt for å kome med på lista. Så vil det kome ein førespur nad når neste rapport skal lagast i 2027!



