Årsmelding 2020
1
Styret si vurdering
kunne Grannehjelpa feire «uteksaminering» av 11 Bygdemødre i 2020. Vi gratulerer!
Som for mange andre har koronapandemien i 2020 vore inngripande for all aktivitet i Grannehjelpa. Pandemien er som ein kile inn mellom menneske, og drepande for sosialt liv og grip soleis direkte inn i kjerneaktiviteten til Grannehjelpa og vårt mål om "møte mellom menneske". Då me 14. mars måtte «permittere» alle frivillige og innstille vesentleg aktivitet var dette særleg inngripande for drift av sentralen. Samtidig har 2020 framvist Grannehjelpa sin evne til fleksibilitet og tilpassing. Dei tilsette snudde seg raskt, tilpassa seg og utvikla nye aktivitetar innanfor dei nye rammevilkåra. Grannehjelpa var også raskt ute med å etablere interne rutinar for godt smittevern noko som gjorde oss i stand til, med unntak av den nasjonale nedstigninga i perioden mars - mai, å vere ope for publikum i heile 2020.
Økonomisk har Grannehjelpa klart seg godt i 2020. Driftstilskotet frå Kvam herad, kr 1 240 000, er avgjerande for kontinuitet og tryggleik. Administrasjonen har stor evne til å skaffe prosjektmidlar og finansiering av aktivitetar, noko som er vesentleg for utvikling av sentralen. Dette potensialet er likevel avhengig av at sentralen har eit visst økonomisk fundament. Styret takkar difor administrasjon og politikarar i heradet for tilliten, og også for godt samarbeid i utvikling og gjennomføring av fleire tiltak og aktivitetar. Utvikling over år med rammeverk, struktur og system for frivillige og aktivitetar og samarbeid med t.d. Norges Frivilligsentraler, gjer at Grannehjelpa no har gode verktøy for å følgje opp aktivitetar og frivillige. Styret i Grannehjelpa vil gi honnør til sine svært kompetente tilsette og ikkje minst til dagleg leiar! Både for kreativitet, evne til omstilling og gjennomføring og drift - og tolmod; det har vore mange planlagde aktivitetar i løpet av året som ein igjen på kort tid ein har måtta avlyse, t.d. KvammaVEKO og Ung Fritid. Styret er svært godt nøgd med måten oppgåvene er løyst på, og gjev ein stor takk til dei tilsette. Vi ser at Grannehjelpa utmerkar seg på fleire område!
Mange faste aktivitetar har vore innstilt i 2020, men nye har oppstått! Særleg utvikling av møteplassar på nett og nettbaserte grupper, har hatt stor auke. Prosjektet «Fellesskap for framtida» har til dømes vorte ein ny, viktig møteplass utvikla i samarbeid med andre lokale aktørar. Dette er møteplassar som vil ha sin plass også når samfunnet vert normalisert att.
Styret hadde gleda av å dele ut to Eldsjelprisar i haust; ein for 2019 og ein for 2020. Eldsjelprisen er ei anerkjenning for ekstraordinær frivillig innsats og spesielt viktig dette året. Det er dei frivillige som er hjarta i Grannehjelpa! Me takkar hjarteleg kvar i sær for året som gjekk, og vonar på eit godt og aktivt 2021 med plass til endå fleire frivillige!
Som ein av fire kommunar har Kvam gjennom Grannehjelpa gjennomført pilot 'Bydelsmødre går til bygda' i samarbeid med Bydelsmor Norge. Dette er eit integrering- og inkluderingsarbeid drevet for og av kvinner med minoritetsbakgrunn. Som den einaste av distriktspilotane 2
Styret 2020
Eit anna behov som raskt gjorde seg gjeldande var alternative sosial møteplassar. På Facebook vart gruppe «Møteplassen Grannehjelpa» etablert, med føremål å vera ei lågterskel og uformell møteplass for vener av Grannehjelpa. Sida var meint som ei pop-up arena som etter kvart skulle avviklast, men den er framleis i drift.
Kari Beate Mostad, leiar Frode Sandven, nestleiar Susanne Wærn van Hoek Geir Madsen Ragnhild Rykkje Camilla Gangdal Kristin Songe-Brandslet 1. vara Siri Moripen Øverland 2. vara Ann Charlotte Ellingsen 3. vara Yamen Boshas Aud Irene Mortensen (personleg vara for Ragnhild Rykkje) Lisbeth Oma (personleg vara for Kristin Songe-Brandslet)
Nasjonale og lokale smittverntiltak har gjort at organisasjonen har måtte utarbeide nye rutinar og retningsliner på fleire områder, både internt og retta mot frivillige og deltakrar på aktivitet. Grannehjelpa har lukkast med å implementerer og handle etter dei til ein kvar tid gjeldande tiltaka, og har stengt, innstilt, avlyst og opna opp i høgt tempo gjennom heile året. Både frivillige, deltakarar og tilsette har verkeleg lært å «snu seg rundt».
Innleiing 2020 vart «annleisåret»; året kor det trygge og føreseielege livet dei fleste av oss som bur i Norge lever og tek for gitt, vart snudd på hovudet. Rundt årsskifte høyrde me om dette viruset som råka Kina, men me forstod nok ikkje alvoret og i kva grad dette skulle påverke kvardagen vår her heime. Då Kvam herad kalla inn til krisemøte onsdag 11. mars, begynte me å ane kva som var i vente. Som ein føre-var-tiltak stengde Noreg ned, noko som sjølvsagt og råka Grannehjelpa. Medio mars vart all aktivitet i Grannehjelpa innstilt og kontoret vart stengt. Me visste det ikkje då, men det skulle ta to månader før me igjen opna dørene for publikum og dei tilsette kunne flytte ut av heimekontor og tilbake i Bondetun.
Annleisåret har utfordra alle som er knytt til Grannehjelpa til å gjera ting på andre måtar og tenke nytt både i planlegging og gjennomføring av aktivitet. Nye digitale møteplassar har sett dagens ljos, og aktivitetar i Ung Fritid og KvammaVEKO har vore gjort på nye måtar. Det har vore ekstra krevjande planleggingsprosessar grunna smitteverntiltak og usikkerheit kring gjennomføring, men det har og vore lærerikt. Det tette og gode samarbeidet Grannehjelpa har med ulike kommunale tenester og andre frivillige lag og organisasjonar har definitivt vore ei stor styrke dette året.
Ny behov vart raskt avdekka og Grannehjelpa fekk mellom anna ei sentral rolle med å organisere heimkøyring av mat og apotekvarer til personar i isolasjon og karantene. Det tette og gode samarbeidet Grannehjelpa og Kvam herad har hatt gjennom mange år, gjorde at me særs raskt kunne tilby denne ordninga. Kommunar og Frivilligsentralar over heile landet så til oss og kopierte i meir eller mindre grad vårt opplegg med rekruttering, registrering og oppfølging av frivillige og koordinering av tiltaket.
3
Nettverk og fagleg utvikling
Til tross for krevjande kvardagar evna me i 2020 å gjennomføre nye og til dels innovative prosjekt og aktivitetar; Tematreff i Torefjell, Bygdemødre og Whereby er begrep me ikkje kjende og brukte før 2020.
Grannehjelpa er med i fleire nettverk og organisasjonar: Nettverk Hardanger og Voss, Frivillig Vestland (interesseorganisasjon for frivilligsentralar i Vestland) og Norges Frivilligsentraler. Tidlegare styreleiar og varamedlem i Grannehjelpa Bjørnar Dagstad sat i styret til Frivillig Hordaland (no Frivillig Vestland) fram til oktober 2020.
ORGANISASJONEN Styret har hatt 5 styremøte og handsama 34 saker i 2020. I tillegg var styret og tilsette samla til strategisamling i januar 2020.
Nettverk Hardanger og Voss (samarbeidsorgan for frivilligsentralane i regionen) søkte og fekk innvilga tilskot frå Hardangerstiftinga til å arrangera konferanse for frivillige. Denne vart planlagd gjennomført i september, men vart avlyst i siste liten grunna lokalt smitteutbrot.
Generalforsamling Generalforsamling var sett til 20. mars i Gamleskulen på Norheim. Grunna koronasituasjonen vart det utsett. Generalforsamling var gjennomført som digitalt møte på Whereby 28. mai. Styreleiar Kari Mostad leia møtet. Det var 14 frammøtte med stemmerett.
Dagleg leiar gjennomført hausten 2020 grunnkurs i arbeidsmiljø hausten 2020 i regi av Bedrifshelse1.
Tilsette Grannehjelpa har i 2020 to fast tilsette, dagleg leiar Sidsel Haugen i 100 % stilling og frivilligkoordinator Rut Oppedal Rasmussen i 55 % stilling. Helena Rykkje var vore mellombels tilsett i 100 % stilling frå 1. august. Ho var og time vikar under frivilligkoordinator si sjukemelding i perioden medio mars til juni. Dagleg leiar har frå januar til juni hatt 20 % lønna studiepermisjon, og frå 1. september hatt 10 % ulønna studiepermisjon.
Lokaler
Styret meiner arbeidsmiljøet i Grannehjelpa er tilfredsstillande. Det har ikkje vore skadar eller ulukker i 2020. Stiftinga forureinar ikkje ytre miljø. Stiftinga Grannehjelpa diskriminerer korkje tilsette eller besøkjande, brukarar eller frivillige i høve til alder, kjønn, funksjonshemming, religion, kulturell bakgrunn eller seksuell orientering.
Grannehjelpa har gode kontor- og møtelokale sentralt i Norheimsund. Alle tilsette har eigne kontor, noko som gjev arbeidsro, sjølv om møterom og foajé er i bruk av andre. Møterom i 1. etasje har stort konferansebord og plass til inntil 15 personar. Møterom i 2. etasje har bord og stolar og kan møblerast etter behov. Det er god plass til 20, men ein har vore 40 personar der. Begge møteromma er utstyrt med projektor og lerret som kan nyttast til videokonferanse. For mindre møte vert sofagruppa i foajeen ein god møteplass.
Våren 2020 vart det gjennomført arbeidsplassvurdering for dei fast tilsette. Vurderinga vart gjennomført av Bedriftshelse1. Grannehjelpa søkte og fekk tilskot til dette frå Nav Arbeidslivssenter. Med bakgrunn i anbefalingar vart det kjøpt inn ergonomiske datatekniske hjelpemiddel til fast tilsette. 4
Frivillige
Grannehjelpa disponerer og hovudetasjen i Gamleskulen på Norheim og betalar straum og innbuforsikring. Eigar Kvam herad tek seg av vask i fyrste etasje ein gong i veka. Huset vert nytta til meir plasskrevjande aktivitetar som Internasjonal Kvinnegruppe, Kafé Norheim og ReDesign.
Det er dei engasjerte menneska som tek samfunnsansvar som ER Grannehjelpa. Me samarbeider med einskilde frivillige og med frivillige som bidreg gjennom det laget eller den organisasjonen dei er med i. Kornasituasjonen gjorde at me i 2020 var tvunge til å gje mesteparten av våre frivillig fri, og det er ikkje registrert timar systematisk dette året.
Då kontoret vart stengt for publikum i mars, vart møterom og kjøken i 1. etasje og toalett vaske ned. Tilsette hadde høve til å vera på kontoret, med ikkje samstundes. Før me opna igjen medio mai vart lokala ommøblert for å handtere smittevernrutinar. Det vart utarbeidd nye interne rutinar for intern møteverksemd, utleige, vask og registrering av besøkjande. Alle møter vart t.d. gjennomført i felles areala, tilsette fekk ikkje gå inn på kvarandre sine kontor. Berre eit toalett var ope for publikum, og møterom og kjøken i 1. etg. vart låst av utanom opningstid. Korna-situasjonen gjorde at me i 2020 måtte avgrensa utlånet både i Bondetun og i Gamleskulen. Då me opne igjen i mai opna me og for utleige, men med klare avgrensingar i forhold til antall personar i dei ulike romma. Møterommet i 2. etasje i Bondetun har vore jamleg i bruk heile hausten. Kvam herad avdeling ROP har heile hausten vore i Gamleskulen 2-3 gonger pr veke. Bygdemødrene brukt og Gamleskulen til sine kurs.
For å skjerme dei som bur på institusjon, måtte me innstille all aktivitet der. Avstandsreglane gjorde det utfordrande å samle grupper innandørs, og ved fleire høve rådde nasjonale og/eller lokale myndigheiter frå å ha organisert aktivitet i det heile. Og 1:1 hjelp i form av turven, aktivitetsvenn, besøksven, følgjeteneste, praktisk hjelp og datahjelp var redusert sidan mars. Dette gjeld spesielt aktivitetar der tenestemottakar og/eller den frivillige har vore i risikogruppa. Mange av Grannehjelpa sine frivillige er sjølv i risikogruppa på grunn av alder, og på same måte som dei tilsette skal ha trygge arbeidskvardagar, skal og dei frivillige ha det. Det har vore viktig å i vare dette.
Grannehjelpa etablert dette året og nye digitale møterom på plattforma Whereby. Også her kunne ein låne gratis rom, og tilsette i Grannehjelpa stilte opp med opplæring og teknisk support. Dei strenge smittevernrutinar var nødvendige både for å ivareta publikum, gjester og frivillige men ikkje minst for å gje tilsette ein trygg arbeidskvardag. Det har vore situasjonar gjennom året som har vore utfordrande, og det har vore krevjande å «utøve» smitteverntiltaka i praksis. Ikkje alle gjester har forståing for tiltaka, og det har i nokon grad vore vanskeleg for tilsette å handtere dette.
5
Det har ikkje vore lett å halde kontakt med alle dei frivillige medarbeidarane våre dette året, og det planlagde medarbeidarsamlinga i august vart det ikkje noko av. Me har prøvd å oppdatere via e-post og sms, på nettsidene og Facebook og me er svært glad for tolmodet som vert vist oss.
Innskytarlag Grannehjelpa oppmoda og sine frivillige til å halde kontakten med kvarandre og med tenestemotakarar gjennom telefon og avstandsbesøk. Me veit at mange gjorde ei stor innsats i 2020, t Det har vore mykje ad-hock frivilligheit, til tross for utfordrande smittevernreglar.
Stiftinga Grannehjelpa hadde 31 innskytarlag pr 2020: Ungdomslaget Samhald Kvam Idrettsråd Kvam Høyrsellag Kvam Revmatikarlag Kvam Senioruniversitet Kvam herad LHL Kvam NFU Kvam Lokallag FFO Kvam Lions Club Norheimsund Norheimsund Indremisjon Norheimsund Kvite Band Norheimsund Pensjonistlag Øystese Pensjonistlag Oma Kvinne- og familielag Strandebarm Kvinne- og familielag Ålvik Kvinne- og familielag Øystese Kvinne- og familielag Vikøy Sokneråd Ålvik Røde Kors Besøksteneste Øystese Røde Kors Øystese Sanitetslag Fykse Sanitetslag Ålvik Sanitetslag Buspareklubben Lions Club Strandebarm Kvam Soge- og kulturminnelag Ålvik Pensjonistlag Arbeidstakarorganisasjonane Strandebarm Pensjonistlag
Samtidig har frivillig vært i sving gjennom KvammaVEKO, Ung Fritid, GranneLAG og i turgruppene, på språktreff og i prosjekta «Fellesskap for framtida» og Bygdemødre. Då me i mars fekk i oppgåve frå kommunen å koordinere heimkøyringa av mat og medisin, trengte me å knytte til oss frivillige under 65 år, og det var mange som stilte seg til disposisjon.
Faktisk melde det seg fleire enn det var bruk for, og det i seg sjølv visar ikkje berre til engasjement men og til vilje til å hjelpe til når det trengt. I tillegg til køyrehjelp, var det og mange som melde seg som telefonvenn.
6
AKTIVITET
kvart rom. I tillegg til interne møter og eigne aktivistar, har møteromma vore brukt av andre frivillige lag og organisasjonar. Helena har utarbeidd instruksar for bruk, og har i tillegg hjelpt mange både med å komme seg inn i møterom, og forklare korleis det heile virkar. Det vart gjennomført fleire «kurs» hausten 2020, i tillegg til at mange fekk 1:1 opplæring på kontoret og vi telefon.
Grannehjelpa er ein av 467 frivilligsentralar i Noreg. Sentralen vert drifta i tråd med eigne vedtekter og har som føremål å styrkja den frivillige innsatsen i Kvam, og å stimulera grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid gjennom å driva frivilligsentral. Strategiplan for 2019-2021 gjev føringar for tiltak og aktivitet i inneverande periode. Grannehjelpa har ikkje høg deltaking som einaste målsetjing. Fokus ligg på å leggja til rette for gode møte mellom menneske. Deltaking i aktivitet er difor ikkje systematisk registrert. Dei største «publikums-magnetane» KvammaVEKO og Bornas Verdsdag vart ikkje gjennomført i 2020. Samtidig var det ekstra mange born som nytta seg av tilboda i Ung Fritid i sommarferien og haustferien. Me har i noko grad under smittetrygge forhold organisert 1:1 hjelp som følgeteneste, turven, leksehjelp, handlehjelp og datahjelp. Det har i 2020 vore sett i gang nye prosjekt og tiltak, og andre, som t.d. språktreff har delvis vore gjennomført digitalt. Dei regelmessige aktivitetar på eldreinstitusjonar i Strandebarm, Norheimsund og Øystese, som vert gjennomført i samarbeid med einskilde frivillige og med lokale frivillige lag og organisasjonar har det vore svært lite av etter den nasjonale nedstenginga i mars. Også Kafe Norheim og ReDesign har vore sett på vent dette året.
Facebook fekk og ei utvida rolle i 2020, og gruppa «Møteplassen Grannehjelpa» vart raskt etablert. Me hadde behov for ei uformell stad å møtast når kontoret måtte stengjast for publikum. Gruppa har vore meir og mindre i aktiv bruk gjennom året, men spesielt i periodar når lokale myndigheiter har frarådd organisert aktivitet har «møteplassen» vore viktig. Me er takksame for alle som har bidrege med bilete, tankar og andre «underhaldningsinnslag» der.
Digital møteplassar Få hadde forstått kva me meinte, om me i januar 2020 sa «me møtast på Whereby», eller, «Vert du med på tematreff i Torefjell i kveld?», eller, «de kan gå inn i Solhaug». I desember derimot, var dette meldingar som i aller høgste grad ga meining. Tilsette i Grannehjelpa har nytta digitale møterom i fleire år, men pandemien gjorde at me i 2020 og flytta aktivitetar ut på denne arenaen. Me gjekk frå å disponere gratis møterom med inntil 4 brukarar til å abonnere på ein business versjon med 10 møterom med inntil 50 brukarar i
Samfunn og miljø KvammaVEKO «Veko» er ei markering av Verdsdagen for psykisk 7
Eldsjelprisen
helse, og vart planlagd gjennomført for 7. gong. Tema i 2020 var «Spør meir». Arbeidsgruppa var dette året samansett av representantar frå Grannehjelpa, Kvam herad og Mental Helse Kvam, ein god «miks» mellom frivillige og tilsette. Kvam hadde eit smitteutbrot heilt i starten av pandemien, men var lenge forskåna for ytterlegare smitte.
Eldsjelprisen 2020 vart delt ut på FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid, 5. desember. Prisen vert gitt til ein initiativrik person, lokal organisasjon eller gruppe som har gjort ein bemerkelsesverdig innsats for lokalsamfunnet. Det kom inn 14 nominasjonen innan fristen.
Me valte difor å satsa på å gjennomføra KvammaVEKO. Planlegging» var ekstra krevjande i og med at alle aktivitetar måtte tilpassast dei til ein kvar tid gjeldande smitteverntiltak frå nasjonale og lokale myndigheiter. Av dei 8 programpostane vart 3 gjennomført i veke 41 grunna lokal ned-stenging. Ei av tiltak som vart gjennomført, var i samarbeid med Helse i Hardanger. Me valde å utsette nokre aktivitetar til veke 45, men også då vart me «råka» av ei lokal smittesituasjon som gjorde at me ikkje fekk gjennomført.
Sidan det ikkje vart delt ut pris i 2019, valde styret i Grannehjelpa dette året to prismottakarar: Anna Aksnes og Mats Byrkjeland. Anna Aksnes fekk prisen for fordi ho på ein førebiletleg og inspirerande måte står på for samfunnet rundt seg. Mats Byrkjeland Mads Byrkjeland får prisen for appen Postkassetrimmen, eit knakande godt initiativ og ein god ide som har fått hundrevis av Kvemmingar og andre til å traska og trø på kjente og ukjente stadar. Prisen vart delt ut av ordførar Torgeir Næss under ei høgtidleg og «korona-venleg» seremoni på rådhuset.
Strøsand Dei to Lions-klubbane i Norheimsund og Strandebarm køyrde ut strøsand til eldre og uføre og dette året. Grannehjelpa har bidrege med «ordremottak og vidareformidling». Dette er eit langvarig samarbeid som me set stor pris på. Gratisprinsippet er viktig for oss som arrangør; økonomi skal ikkje vera eit hinder for deltaking. Me rettar difor ein stor takk til alle som sponsa «veko» gjennom å kjøpe annonsar og gje tilskot. Ubrukte midlar frå 2020 er overført 2021.
Nytt i 2020
Korona - Handlehjelp
Grannehjelpa fekk ei sentral rolle med å organisere heimkøyring av mat og apotekvarer til personar i isolasjon og karantene, i samarbeid med Kvam herad og matvarebutikkar 8
Barn og unge
i heile kommune. For å kunne handtere dette innanfor gjeldande personvernlovgjevnad og smitteverntiltak vart det utarbeidd nye instruksar og rutinar, og ein måtte rekruttere og registrere frivillige i dette systemet. Allereie 16. mars, under ei veke etter nedstenginga var me operative og i desse første vekene av pandemien var det mange som fekk hjelp gjennom tilbodet. Kommunar og Frivilligsentralar over heile landet så til oss, og mange tok kontakt på telefon og epost for å få meir informasjon. Nytt i 2020
Ung fritid i Kvam Born og unge i alderen 11-18 år fekk tilbod om ti gratis aktivitetar 3 veker i sommarferien og fire aktivitetar i haustferien.
Plukkposen
«Plukkposen» er ein bosspose som kan gjenbrukast, og Grannehjelpa søkte og fekk innvilga tilskot til innkjøp av 300 poser frå Sparebankstiftinga Hardanger. Same veke som posene vart levert stengte Noreg ned. Til tross for dette har om lag 250 av dei funne nye eigarar i løpet av 2020.
Alle aktivitetar måtte gå føre seg innafor Kvam, og gjennomførast på ei smittesikker måte. Dette gjorde planleggingsprosessen var krevjande, men me enda opp med å kunne tilby ungdommane våre eit attraktiv og trygt program som mange var med på. Pool-party i Hardangerbadet, Paintball på Stuve, familiedag på Fartøyvernsenteret, LAN-party og innandørs aktivitetspark i idrettshallen i Norheimsund var alle godt besøkt.
Målet var å motivere dei som er ute å går tur, til å ha med seg ei plukkpose og dermed bidra til eit reinare nærmiljø. Den er enkel å ha med seg; Ein kan feste den på buksa, på beremeisen eller ein kan bera den som sekk på ryggen. Me håpar dette skal gjera det både enkelt å morosamt å halde lokalsamfunna vårt reint for boss.
Tiltaket er eit samarbeid mellom Kvam herad, Grannehjelpa og lokale frivillige organisasjonar. Ein EKSTRA takk til alle dei einskilde frivillige som stilte opp både i sommarferien og haustferien og til Lions Club Norheimsund for tilskot.
Takk til Hardangerstiftinga som gjorde til at me kunne gje vekk posene gratis.
9
Gatefeiing
arrangert Grannelag; middag for seniorar på Thon Hotel Sandven. Mars, april og september falt ut på grunn av koronasituasjonen. Me opplevde at færre meldte seg på etter april. Noko av årsaka skuldast nok frykt for å verta smitta, men større avstand rundt og mellom borda gjorde det vanskeleg å delta i prat, og opplevinga av det gode sosiale samvære fall vekk. I november arrangerte med gratis bingo under middagen, og klarte med det å «lokka» nokon fleire med.
I sommarhalvåret administrerer Grannehjelpa ungdom til gatefeiing i Norheimsund frå mai til oktober. Dette har me gjort i ei årrekkje. I 2020 delte 6 ungdomar i alderen 13-16 på oppgåva. Tiltaket er initiert og finansiert av Norheimsund Næringslag. Nytt i 2020
Påskeegg, aktivitets pakkar og julehelsing
Koronasituasjonen har vore utfordrande for oss alle, og ekstra vanskeleg for nokon. Grannehjelpa tok før påske og før jul initiativ til å handle inn påskeegg og julehelsingar. Dei 185 påskeegga og 100 julehelsingane var finansiert gjennom tilskot frå Lions Club Norheimsund, Lions Club Strandebarm, Oma Kvinne- og familielag, Øystese Kvinne- og familielag, Øystese Sanitetslag og Sparebanken Vest. I tillegg til dei hundre julehelsingane, gjorde pengegåver frå fleire lokale verksemder det mogleg å handle inn og gje vekk julemiddagar til fleire familiar.
Fotalaget, Karatrakk og Trakkatrimmen Grannehjelpa koordinerte tre turgrupper; Fotalaget, Karatrakk og Trakkatrimmen. Kvar gruppe har eigne frivillige turleiarar som kvar veke, i all slags vêr, tek turglade vaksne med på tur i nær heile kommunen. Trim og mosjon er viktig, men det sosiale aspektet er minst like viktig. Kvam Turlag er ein god samarbeidspartnar og bidreg mellom anna med tilskot til annonsering og kjøp av naudsynt utstyr.
I april lyste Gjensidigestiftinga ut midlar til påskeaktivitet for sårbare familiar, og Grannehjelpa søkte og fekk innvilga tilskot på kr 50 000,- tysdag i påskeveka. Same dag handla me inn aktivitetsskapande ute- og inne leiker i lokale butikkar. Alle innkjøp vart gjort av Grannehjelpa i tett samarbeid med ulike tenester i Kvam herad. Tilsette i Kvam herad delte ut gåvene og meldte i etterkant om glade og takksame mottakarar.
Og turgruppene vart innstilt i mars, men medio mai vart dei starta opp att med klare smitteverntiltak og retningsliner både for turleiarar og deltakarar. Mykje ansvar vart lagt på turleiarane, og utan deira vilje og evne til å stå på til tross for koronatiltak, hadde 2020 vore eit endå meir trasig år. Takka turleiarane sitt engasjement har mange fått både trim for kropp og mat for sjel.
Vaksne og seniorar GranneLAG Kvar siste onsdag i månaden har Grannehjelpa 10
Høyrselhjelpa
påmelding. Dei to siste vart gjennomført med henholdsvis 6 og 20 deltakarar.
HLF Kvam sine likepersonar har òg dette året gitt tilbod om høyrselhjelp til publikum, med opphald i mars, april og mai. Laget har lageret sitt hos Grannehjelpa, og ein kan kjøpe batteri og anna utstyr i opningstida. Laget har òg gått til innkjøp av teleslynge som vert lånt ut gratis. Laget har ellers Grannehjelpa som fast møteplass for sine møte. HLF Kvam gav i 2020 kr 17 000,- i gåve til Grannehjelpa.
Fellesskap for framtida Nytt i 2020
Våren 2020 søkte me og fekk innvilga tilskot på kr 200 000,- frå Helsedirektorat til prosjektet «Fellesskap for framtida». Målet med prosjektet var å få fleire seniorar som bur i eigen heim i Kvam til å bli meir aktive gjennom å delta i sosiale fellesskap på digitale møteplassar. Dette skulle me gjera gjennom å skape opne lågterskel tilrettelagde interaktive aktivitetstilbod med variert og tilpasse innhald på Whereby. Kvam herad var med i prosjektgruppa med folkehelsekoordinator og bilblioteksjef.
Fredag i friluft Nytt i 2020
Siste fredag i oktober inviterte Grannehjelpa til «Fredag i friluft» i Øystesebygda. Korona-hausten hadde vore noko «traurig», og me hadde bruk for å gjera noko kjekt i lag. Dei var ikkje vanskeleg å be – Oddvar Soldal og Leif Sandven – då me spurte om dei kunne tenkje seg å gaide kvar sin tur. Oddvar frå sentrum rundt Svartabrue—Steinhus—Skårdalen og tilbake til sentrum, og Leif tur retur sentrumLundanes.
Frå august til oktober vart det brukt mykje tid på opplæring, noko som betalt seg då me starta med «Tematreff i Torefjell». Kvar veke frå 15. oktober kunne ein klikke seg inn å få ei time med «program» med lokalt innhald; Bokpresentasjon, matlaging, trening, quiz, turpresentasjon og høgtlesing. I serien «Kor vart da tå deg» hadde me besøk av Frank Kjosås og Valgerd Svarstad Haugland.
Førti seinorar meldte seg på aktiviteten som vart avslutta med varm lunsj på Hardangerfjord Hotel. Fleire av deltakarane uttrykte at det var svært positivt at Grannehjelpa arrangerte denne type tiltak. Nytt i 2020
Lunsj i lag
I november og desember prøvde me oss på ei ny aktivitet i samarbeid med lokale aktørar: Lunsj i lag. Bak tiltaka lå ei tanke om sosiale møteplassar i smittetrygge og føreseielege omgjevnader. Me planla tre lunsjar; i Kabuso, på Bjørketeigen Gard og Thon Hotel Sandven. Den første vart avlyst grunna låg 11
Prosjektet har engasjert frivillige i «alle endar»; dei har rekruttert deltakarar, marknadsført tiltaket og ikkje minst stått for program.
2020 var og året me skulle inviterer til sommarfest for eldre på institusjon for 10. gong. Me hadde booka oss inn på det ny-opna Hardangerfjord Hotel for å markerer 10 års jubileet, og søkt og fått tilskot til festen frå Iversens legat. Og ikkje nok med det, Russen 2020 valde å gje overskotet får salet av Kvammagampen til festen. Me satsar på det vert fest i 2021, og har sjølvsagt overført ubrukte midlane.
Integrering og inkludering Språktreff Kvar tysdag sidan 2017 har Grannehjelpa arrangert språktreff i samarbeid med biblioteket i Norheimsund. Dette har vore ein god møteplass for mange, både for Kvemmingar med minoritetsbakgrunn som vil læra å snakka betre norsk og for Kvemmingar med norsk bakgrunn som har lyst til å koma i kontakt med innvandrarar.
Programmet vert i hovudsak vore marknadsført på Facebook, og ei «side-effekt» av det er at og fleire har teke i bruk det medie. Tiltaket vert vidareført i 2021, sjølv om prosjektmidlane vart brukt opp i 2020.
For eldre på institusjon Grannehjelpa koordinerer aktivitetar på fleire eldreinstitusjonar i kommunen. Tiltaka vert gjennomført i tett samarbeid med ulike lag og organisasjonar, tilsette på institusjonane og einskilde frivillige. Det har i svært liten grad vore gjennomført aktivitet på institusjonane dette året. Dei som bur der er ekstra sårbare, og dei strenge smitteverntiltaka har ikkje gjeve rom for besøk av frivillige.
Det er rundt 10 frivillige knytt til språktreffet. I ein periode opplevde me at det var dalande interesse for aktiviteten, og me valde å utvida treffet til og å omfatta leksehjelp. Fleire valde å nytte seg av dette tilbodet. Også denne aktiviteten var råka av korona, og treffa i mars vart avlyst. Men allereie 21. april valde me å flytte treffa til en digitale plattforma Whereby. Stovegjestene har i nokon grad vore på besøk på Mikkjelsflaten hausten 2920, og frivillige har ordna med varer til handlevogna på der. M følte oss veldig heldige då me i desember fekk ha songstund på to avdelingar på Toloheimen.
Modige frivillige og deltakarar våga seg ut på denne nye arenaen og treffa har gjennom heile 2020 vore digitale i dei periodane me ikkje har fått lov til å møtast fysisk.
12
Nytt i 2020
Saman på nett
Frivilligsentralene og Bibliotekene i Klepp og i Kvam søkte og fekk innvilga kr 148 000,- frå Gjensidigestiftinga til prosjektet «Saman på nett» som hadde som mål gje innvandrarar tilgang til språktrening, sosial møteplassar og kurs på den digitale plattforma Whereby. Korona-situasjonen skapte nye moglegheiter for samarbeid på tvers av fylkesgrenser, noko som har vore til stor inspirasjon og motivasjon for både tilsette, frivillige og deltakarar.
Tilskot frå Bydelsmor Norge på kr 105 000,gjorde at Grannehjelpa kunne frigjere ressursar og Rut har vore prosjektansvarleg. Prosjektet var godt forankra i Kvam herad, både hos politisk og administrativ leiing. Kommunen frigjorde ressursar som sto for fagleg innhald på mange av kurskveldane. Prosjektet er basert på frivillig deltaking og består av ei kursrekkje som gjer innvandrar kvinner kunnskap om tema innafor samfunn, helse og oppvekst. Ei Bygdemor skal ein vera brubyggjarar mellom det offentlege og sårbare kvinner og deira familiar, alt basert på frivillig arbeid.
Kvam og Klepp har gjennomført eigen aktivitetar tilpassa lokal forhold, og me har hatt fellesprogram som har ovre opne for alle. Lokalt var me tidleg ute med å bruke Whereby til språktreff og leksehjelp, og me har brukt ressursar på opplæring. I november og desember hadde målgruppa tilbod om fire ulike føredrag med tema mat, helse, korona og trening. Mange frå Klepp deltok, men veldig frå frå Kvam. Prosjektet vert avslutta våren 2021.
Dei 11 kvinnene som gjennomførte kurset kjem frå seks ulike land; Thailand, Litauen, Eritrea, Somalia, Kongo og Syria. Desse ressurssterke kvinnene har vore aktivt deltakande både på kurset og i fritida og me håpar at dei kan bidra til å gjera Kvam til ein betre stad å bu og å vera ei døropnar for dei nye som flytter til kommunen.
Bydelsmødre går til bygda Nytt i 2020
2020 var året då 11 kvinner med innvandrarbakgrunn i starten av desember fekk diplom og tittelen Bygdemor. I juni inviterte Bydelsmor Norge Grannehjelpa og Kvam saman med Grong, Levanger og Drammen med i pilotprosjektet «Bydelsmødre går til bygda».
Det var utfordrande å arrangera kurs i koronatida, og det har krevd mykje tilpassing og tålmodigheit frå alle partar. Digitalt møterom på Whereby har vore nytta når fysisk møte ikkje har vore tilrådd. 4. desember var Bygdemødre og føredragshaldarar invitert til høgtidleg overrekking av diplom på Thon Hotel Sandven. 13
ØKONOMI
Varaordføraren Frode Nygård stod for sjølve overrekkinga. Grunnleggjaren av Bydelsmor Norge Nasreen Begum og seniorrådgjevar Ine F. Andersen hadde gledd seg til å vera tilstades, noko som ikkje lot seg gjera grunna korana. Dei var med digital på storskjerm.
Styret meiner at årsrekneskapen gjev eit rettvist bilete av stiftinga sine eigendelar og gjeld, finansielle stilling og resultat. Stiftinga Grannehjelpa hadde i 2020 grunnfinansiering frå Kvam herad.
Nøkkelpersonprosjektet Parallelt med kurset, deltok bygdmødrene også i «Nøkkelpresonprosjektet» som hadde som føremål å informera og spreia kunnskap om Covid-19. Me hadde ei bolk med koronainformasjon på kvar kurskveld i tillegg til zoom-kurs lagt opp av Bydelsmor Norge sentralt. I kursforløpet la me også stor vekt på førebygging av smitte og hadde god opplæring i praksis om korleis smittevernreglane skal overhaldast.
Sentralen fekk i 2020 eit overskot på kr 228 044,-. Det var budsjettert med eit underskot på kr 32 400,-. Avviket skuldast i hovudsak prosjektmidlar frå Helsedirektoratet, Bydelsmor Noreg, Gjensidigestiftinga, samt refusjon av sjukepengar. Årsrekneskap for 2020 er sett opp under føresetnad av fortsett drift. Styret meiner føresetnaden for å halda fram med drifta er til stades.
MARKNADSFØRING
Dagleg leiar fører Grannehjelpa sin rekneskap i Vekstra Hardanger og Voss AS sitt system Duett. Vekstra står for lønnsutbetaling og utrekning av offentlege avgifter. Hardanger Revisjon AS reviderer rekneskapen.
Grannehjelpa nyttar fleire gratiskanalar til marknadsføring: Facebook, lagsportalen til Kvam herad, www.frivillig.no, e-post og oppslag. I tillegg vert det annonsert i lokalavisa når økonomien tilet det. Lystavlene i vindaugo gjev auka merksemd kring aktivitetane, og me registrerer at mange stoppar opp og les plakatane. Ein frivillig hengt opp plakatar på plakatavlar i Norheimsund område. Gjennom året har det vore fleire artiklar i Hordaland Folkeblad, og me set pris på det gode samarbeidet med lokalavisa.
Grannehjelpa har ikkje eigne midlar til aktivitet, me må søkja tilskot for å få gjennomført tiltak og arrangement. Me har søkt og fått økonomisk stønad frå fleire lokale frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv. Me har òg fått stønad hos Sparebanken Vest, Hardangerstiftinga, Hordaland Fylkeskommune, Gjensidigestiftinga, Helsedirektoratet og Kvam herad til konkrete prosjekt. Me takkar kvar og ein for viktige bidrag! 14
Resultatrekneskap 2020 og budsjett 2021 Budsjett 2021
ÅRSREKNESKAP 2020 Resultatsammendrag
2020
2019
Salgsinntekter Tilskot Sum driftsinntekter
37 828 1 738 710 1 776 538
60 181 1 535 520 1 595 701
3100 3110 3410 3415 3430 3431
Lønnskostnader Andre driftskostnader Sum driftskostnader
943 218 611 996 1 555 214
924 638 553 301 1 477 939
3620
221 324
117 762
5 420
5 559
226 744
123 321
Driftsresultat Annen renteinntekt Årsresultat Avsatt til annen egenkapital
226 744
123 321
EIENDELER Omløpsmidler Fordringer Andre fordringer Sum fordringer
31 837 31 837
16 580 16 580
Investeringer Odin rentefond
28 012
28 012
1 188 486
809 411
Sum omløpsmidler
1 248 335
854 003
Sum eiendeler
1 248 335
854 003
Lønnskostnad Lønn til ansatte Avsatt til lokale forhandlingar SUM LØNNSKOSTNAD
Balanse EGENKAPITAL OG GJELD Egenkapital Stiftingskapital Annen egenkapital Sum egenkapital
12 000 845 492 857 492
12 000 618 748 630 748
GJELD Kortsiktig gjeld Leverandørgjeld Skyldig offentlige avgifter Annen kortsiktig gjeld Sum kortsiktig gjeld
15 889 74 662 300 292 390 843
27 164 52 483 143 607 223 255
1 248 335
854 003
Sum gjeld og egenkapital
943 217 943 217
Driftskostnadar Husleige 120 000 Lys og varme 65 782 Reinhald kontor 18 173 Div kostnader kontor Driftsutgifter gamleskulen 8 575 Inventar og utstyr 4 602 Datautstyr 14 582 Programvare, årleg vedlikehald 10 216 Reparasjon og vedlikehald 2 415 Revisjonshonorar 19 125 Reknskapshonorar 17 809 Kontorrekvisita 20 020 Trykksak 11 953 Aviser, tidsskrift, bøker o.l. 2 195 Møte, drift aktivitet 38 770 Kurs, konferanse 14 769 Arrangement i regi av Grannehjelpa 120 078 Annen prosjektkostnad Telefon 16 298 Datakommunikasjon Porto 1 976 Bilgodtgjersle, oppgåvepliktig 4 989 Reisekostnad, ikkje oppgåvepliktig 229 Annonsering og marknadsføring 52 563 Kontingent 4 000 Gåver, fradragsberettiget 9 894 Forsikringspremie 11 849 Bank- og kortgebyr 3 966 Annan kostnad 17 166 SUM ANNEN DRIFTSKOSTNAD 611 996 8050 Renteinntekt 39 8051 Annan finansinntekt 5 381 SUM FINANSINNTEKT 5 420 Sum inntekter 1 781 958 Sum kostnader 1 555 213 ÅRSRESULTAT 226 744
6300 6340 6360 6390 6490 6540 6551 6553 6620 6701 6705 6800 6820 6840 6860 6870 6890 6891 6900 6907 6940 7100 7140 7320 7410 7420 7500 7770 7790
Balansesammendrag
Bankinnskudd, kontanter
Rekneskap
Vedteke 17.02.2021 2020 Salgs- og driftinntekter Saglsinntekt diverse 12 828 Refusjon MVA Driftstilskot Kvam Herad 1 240 000 Tilskot diverse 13 650 Tilskot øyremerka 457 070 Gåver 27 989 Tilskot VOX Annen leieinntekt 25 000 SUM SALG- OG DRIFTSINNTEKTER 1 776 538
15
Budsjett 2021 15 000 100 000 1 240 000 50 000 150 000 20 000 25 000 1 600 000
1 141 000 20 000 1 161 000
130 800 80 000 20 000 1 000 5 000 10 000 8 000 18 000 4 000 20 000 18 000 12 000 3 000 2 500 80 000 10 000 125 000 17 000 2 000 6 000 2 000 40 000 5 500 8 000 11 000 4 000 642 800 200 5 000 5 200 1 605 200 1 803 800 - 198 600
Du finn oss i Sandvenvegen 1B i Norheimsund På nettsidene våre www.grannehjelpa.no finn du mellom anna informasjon om alle aktivitetane våre. Her kan du og melde deg som frivillige. Og, sjølvsagt er me på Facebook Kom gjerne innom oss i Grove for ein prat, eller ring eller sende epost. Telefon 901 22 688 | 913 66 184 | 480 72 456 Epost post@grannehjelpa.no
16